saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 15.05.2015 33889/2015 Håkon Slutaas Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 02.06.2015 Fylkesrådmannens tilråding 04.06.2015 Fylkesutvalet 29.06.2015 Regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion - Ny høyring av miljømål Bakgrunn Regional plan for Møre og Romsdal vassregion var på høyring i perioden 1. juli 2014 31. desember 2014. Det kom inn 56 innspel til planen. Det er stor oppslutning om forvaltningsplanen og formålet ved den. Dei fleste fråsegn tek opp: Miljømålfastsetting. Manglande ressursar og kunnskapsgrunnlag. Kost-nytte vurderingar av tiltak er ikkje gjennomført. Medverknad er ikkje godt nok ivaretatt. Vedlagt høyringsrapport går igjennom fråsegn med kommentarar. Handlingsprogram til forvaltningsplan er og vedlagt. Normalt sendar ein ikkje handlingsprogram på høyring, men Miljødirektoratet har bedt særskilt om det. Om vassregionmyndigheit: Møre og Romsdal fylkeskommune er vassregionmyndigheit for Møre og Romsdal vassregion og fylkestinget skal vedta regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion. Dette inneberer at fylkeskommunen har ansvar for å koordinere arbeidet etter vassforskrifta og ferdigstille regional forvaltningsplan. Møre og Romsdal fylkeskommune er planmyndigheit. Om planen og verknaden av denne: Planen fastset miljømål for elvar, bekkar, innsjøar, grunnvatn og kystvatn. Den er sektorovergripande og skal bidra til å styre og samordne vassforvaltning og arealbruk på tvers av kommune og fylkesgrenser. Kommunar, regionale organ og statlege etatar er forplikta til å leggje miljømåla til grunn for planlegging og verksemd. Godkjent regional plan vil inngå i grunnlaget for sektormyndigheitene si saksbehandling. I sektormyndigheitene si saksbehandling vil det bli gjort ytterlegare avklaringar og konkrete vurderingar av fordelar og ulemper ved dei enkelte tiltaka. Her kan det bli lagt vekt på andre omsyn enn dei som er lagt vekt på i plana.
Om miljømål i planen: Vassforskrifta legg opp til at det blir sett miljømål for alle vassførekomstar. Det generelle målet er at vassførekomstane skal oppretthalde eller oppnå god tilstand innan 2021. Både økologisk tilstand og kjemisk tilstand må vere god for at vassforekomsten skal få betegnelsen «god miljøtilstand». Når ein vassforekomst har ein miljøtilstand dårlegare enn «god» må tiltak settast inn. For vassforekomstar som allereie oppfyller kravet om «god tilstand», skal det ikkje gjerast inngrep som reduserer vasskvalitet. Ein vassforekomst som står i fare for å ikkje oppnå god miljøtilstand i 2021 stå oppført som ein vassforekomst i risiko. Grunnvatn har miljømålet god kjemisk og god kvantitativ tilstand. Enkelte vassforekomstar blir omtala som sterkt modifiserte vassforekomstar (SMVF). Dette gjeld til dømes vassdrag utbygd for kraftproduksjon. Her er det ikkje mogleg å oppnå god tilstand utan at dette vil gå vesentleg ut over samfunnsnytta og -interessene desse vassdraga representerer i energiforsyning, verdiskaping, og klimaomsyn jf. regional energi- og klimaplan. Her er det ikkje hensiktsmessig å sette mål om god tilstand. Her vil målet vere summen av realistiske miljøforbetrande tiltak. Dette miljømålet heiter «godt økologisk potensial» (GØP). Dersom arbeidet skulle vise at det er umogleg eller svært kostnadskrevjande å nå målet om god tilstand eller godt potensial, gir forskrifta høve til å utsette måloppnåinga til seinare planperiodar eller vedta mindre strenge miljømål. Om prioriteringar: I utgangspunktet skal tiltak for å oppnå miljømål prioriteras ut i frå ei kost-nytte analyse, der dei tiltak som gir mest nytte i høve kostnadane bli prioritert. For sterkt modifiserte vassførekomstar, skal kost-nytte vurderingar ligge til grunn ved miljømålfastsettinga. Ein har ikkje fått inn kost-nytte vurderingar ved innspel til tiltak i denne omgangen. Miljømåla skal vere oppnådd innan fristane sett i 4-6 i vassforskrifta. Forvaltningsplana la opp til at dei aller fleste vassforekomstane når målet om god miljøtilstand eller godt potensial innan 2021. Det er likevel ein del usikkerheit knytt til dette. Vassforskrifta stiller detaljerte krav til kunnskapen om vassforekomstane våre. Denne kunnskapen er i dag mangelfull. Ressursar til overvaking og kartlegging har ikkje vore tilstrekkeleg. Derfor er miljøtilstand- og risikovurdering av vassførekomstar i stor grad gjort på fagleg skjønn. Rettleiing og avklaringar frå sentrale myndigheiter har vore uklare og seine. 304 vassforekomstar sto som kandidatar (moglege) til sterkt modifiserte vassførekomstar. På bakgrunn av eit dårleg kunnskapsgrunnlag og sein rettleiing, valde vi å ikkje utpeike endeleg sterkt modifiserte vassførekomstar med miljømål i denne omgangen. Berre omlag 50 av 304 blei vurdert. Vi vurderte det som betre å ta ein reell gjennomgang av desse i planperioden, for å sikre at miljømål blir fastsett på eit godt nok kunnskapsgrunnlag. I brev av 17. november 2014 frå Klima- og miljødepartementet og Olje- og energidepartementet blir det presisert det at alle vassførekomstar skal ha individuelle miljømål. Vassforekomstar kan ikkje stå som kandidat til sterkt modifisert vassforekomst, men må utpeikast endeleg som sterkt modifisert eller naturleg, og få konkrete miljømål.
I uttale til forvaltningsplan frå NVE og Miljødirektoratet blir følgjande forhold framheva: Miljømål er det essensielle i plan Alle vassførekomstar må ha individuelle miljømål Sterkt modifiserte vassførekomstar må utpeikast og få konkrete miljømål. Vurdering På bakrunn av brev frå Klima- og miljødepartementet og Olje- og energidepartementet av 17. november2014, samt fråsegn frå mellom anna Miljødirektoratet og NVE, vurderte arbeidsutvalet til vassregionutvalet 3. april 2015 at miljømål må fastsettast for alle vassforekomstar. Dette inneber utpeiking av sterkt modifiserte vassforekomstar og utarbeiding av konkrete miljømål for desse. Miljømål i plana er av vesentleg betyding for plandokumentet, og ei endring av desse blei vurdert som vesentleg. Desse må derfor ut på ny høyring. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har saman med NVE og Miljødirektoratet utarbeidd forslag til miljømål, desse blei oversendt vassregionmyndigheita 17. april 2015. VRM hadde møte med regulantar 11. mai2015 og miljømåla blei endeleg fastsett i møte i arbeidsutvalet til vassregionutvalet 21. mai 2015. Sterkt modifiserte vassførekomstar: I vedlegg 1 er det opplista vassforekomstar som er utpeika som sterkt modifiserte vassforekomstar i denne planperioden. Status gjeld berre ein planperiode, og vassforekomstane vil få ei ny vurdering ved rullering av planen. Totalt 195 vassforekomstar har fått status som sterkt modifisert av om lag 300 kandidatar. 108 vassforekomstar av kandidatane er sett som naturlege med miljømål om god tilstand. 3 vassdrag er priortert: Aura/Eira (Aurareguleringen) Surna, Folla-Vindølavassdragene Svorka/Bævra Desse er plukka ut i rapport frå NVE og Miljødirektoratet som visar god miljøeffekt vegd opp mot kostnadar, samt faglege vurderingar av NVE og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Miljømålfastsettinga er realistisk ut i frå dagens utgangspunkt og kunnskapsgrunnlag. I 128 av dei 195 vassforekomstane vurderer vi at miljømålet allereie er oppnådd med dagens tiltak. Der det ikkje er spelt inn konkrete tiltak i denne planperioden er miljømålet sett lik dagens tilstand. Dette inneber at ein i planperioden må ta ein grundigare gjennomgang av kunnskapsstatus og tiltak før nye miljømål skal settast i neste planperiode. Usemje om miljømål: Miljødirektoratet og NVE er samde om at miljømål GØP 2021 skal settast i vassdraga Aura/Eira (Aurareguleringen) Surna, Folla-Vindølavassdragene Svorka/Bævra Miljødirektoratet vurderer at disse vassdraga kan oppnå god økologisk tilstand i neste planperiode (god økologisk tilstand i 2027). NVE meiner dette ikkje er realistisk.
Miljømålet skal vere GØP i denne planperioden for desse vassdraga, og forvaltningsplanen gjeld fram til 2021. Derfor blir miljømålet sett til GØP i planperioden fram til 2021. Miljømålet for neste planperiode blir vurdert i plan for 2021-2027. Sektormyndigheitene vil i høyringsbrev bli bedt om å gje innspel på dette, og eventuelt å grunngi betre sine forslag for miljømålfastsetting i 2027. Utsatt miljømål i planperioden: For nokre vassforekomstar vil det vere urealistisk å oppnå miljømålet om god tilstand i planperioden (2016-2021). Desse kan få utsatt frist til neste planperiode (2027). Vassforekomstar med utsette fristar er oppført i vedlegg 2. Desse får miljømål lik dagens tilstand i denne planperioden. 183 vassførekomstar har fått utsatt frist frå å oppnå miljømålet om god tilstand i 2021 grunna ingen innspel til tiltak eller miljømål. Det er derfor ikkje forventa at desse skal nå miljømålet god tilstand innan 2021. 11 vassførekomstar har fått utsatt frist grunna miljøgiftsproblematikk På Søre Sunnmøre gjeld dette Botnavika og Haddalsvika i «den grøne korridor». I Nordre Sunnmøre har vassførekomsten Roald hamn i Giske fått utsatt frist. Her har Kystverket planar om utdjuping av hamna. Det vil ikkje vere hensiktsmessig å setje i gang tiltak her før muddring er utført. Indre og ytre Åsefjorden og Aspevågen har fått utsatt frist på bakgrunn av kunnskapsmangel. På Søre Nordmøre er behov for utsett frist for opprydding i forureina sjøbotn i følgjande vassforekomstar: Tingvollfjorden-Raudsand, Tingvollfjorden ved Angvika, Sunndalsfjorden, Sunndalsfjorden- Sunndalsøra, Kristiansund indre hamn. Dette skuldas at det ikkje er tilstrekkelig kunnskap til å vurdere om det er behov for opprydding i forureina sjøbotn på nåverande tidspunkt. Naturvernforbundet krev stans i deponering av massar i sjø i kystvassforekomsten Elnesvågen i Romsdal. Viss ikkje vil dei klage planen inn til ESA. I utkastet som føreligg har denne vassforekosmten fått utsatt frist til 2033. (Dette grunna sjødeponiet til Omya Hustadmarmor Elnesvågen AS). Det er forventa drift i 60 100 år som omfattar sjødeponi. Det er ikkje forventa at god tilstand kan oppnåast i denne planomgangen. Miljømålet om god tilstand i 2033 er også forventa å måtte endrast i neste planrullering. Vassforekomsten vil også kunne bli vurdert som ein sterkt modifisert vassførekomst. Det er problematisk å sette miljømålet GØT 2033, da dette kan skape ei forventning om ei tilstandsbetring som ikkje er realistisk. Miljødirektoratet som sektormyndigheit er ansvarleg for utredning av realistiske tiltak og miljømål. Vi har ikkje fått inn forslag frå miljødirektoratet, men munnleg har ein avklart at GØT 2033 bør setjast. Mindre strenge miljømål er det ikkje høve til å foreslå utan statlege føringar. Ein har heller ikkje grunnlag for å vurdere om vassførekomsten kan klassifiserast som SMVF. Dette er det sektormyndigheita som må utgreie, i dette tilfelle Miljødirektoratet. 9 vassforekomstar med gyroproblematikk har fått utsatt frist i Driva-regionen. Dette skuldast at det ikkje er forventa at den planlagde gyrobehandlinga vil ha effekt før i neste planperiode. 74 grunnvassførekomstar står i risiko for å ikkje oppnå miljømålet om god kvantitativ og kjemisk tilstand. Desse får utsatt frist med bakgrunn i kunnskapsmangel.
Mindre strenge miljømål: Det er berre unntaksvis og etter nasjonale føringar ein kan nytte mindre strenge miljømål etter vassforskrifta. Dette betyr at ein vassførekomst aldri vil oppnå god tilstand eller godt økologisk potensial. I Møre og Romsdal vassregion er det føreslått mindre strenge miljømål for totalt 22 vassførekomstar. Grunnlaget for dette er nasjonale føringar gitt i brev av 17. november 2014 av Klima- og miljødepartementet og Olje- og energidepartementet. I vassførekomstar der det er vurdert som svært urealistisk å oppnå eit fungerande økosystem. til dømes i vassdrag som er tørrlagt, bør mindre strenge miljømål nyttast. Alle 19 vassførekomstar er knytta til regulerte vassdrag og er i stor grad tørrlagt. Tabell over vassførekomstar finnast i vedlegg 3. Om kost-nytte vurderingar: VRM har ikkje fått inn kost-nytte vurderingar når tiltak er blitt foreslått. Det er heller ikkje gjort i vurderinga av SMVF, der sektormyndigheitene har gjort ei fagleg skjønnsmessig vurdering av realistiske tiltak. Forvaltningsplanen legg opp til at ansvarleg sektormyndigheit skal ta ei grundigare vurdering av tiltak og miljømål før iverksetting av eventuelle tiltak. I dette inngår ei kost-nyttevurdering. Om kostnytte vurderingar i forvaltningsplan skriv Miljødirektoratet følgjande i brev av 15. april 2015: Dette er overordnede regionale planer, og ikke enkeltsaksbehandling av tiltak. Tiltaksprogrammene skal kun inneholde forslag til typer av tiltak, og ikke ha et detaljeringsnivå som foregriper sektormyndighetenes påfølgende saksbehandling av det enkelte tiltak. Tiltaksprogrammet skal kun inneholde et overslag over kostander, mens en mer konkret vurdering av fordeler og ulemper vil komme i sektormyndighetenes påfølgende saksbehandling av det enkelte tiltak. Godkjente forvaltningsplaner skal legges til grunn for sektormyndighetenes arbeid, men vedtak om gjennomføring av enkelttiltak treffes først av ansvarlig myndighet i påfølgende saksbehandling etter relevant lovgivning. Det er adgang til å fravike planene, men ved rullering av planen må det begrunnes hvorfor tiltak ikke er iverksatt.» Om høyring: Ein vurderer endringane i miljømåla som vesentlege endringar i planen. Desse må derfor ut på ny høyring. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i samarbeid med NVE og Miljødirektoratet gjort ei prioritering av miljømål i regulerte vassdrag. Dette fører til endringar i delkapittel om miljømål. Dette blir derfor sendt ut på høyring. Etter plan- og bygningslova er høyringsperioden minimum 6 veker. Desse dokumenta vil leggast ut på høyring i slutten av juni. På grunn av ferieavvikling vil vi la høyringsfristen gå til 15. september. Handlingsprogram 2016: I høve til Plan og bygningsloven 8 1 skal alle regionale planar ha eit handlingsprogram. Handlingsprogrammet viser kva oppfølging plana krev og utpeikar ansvarleg organ og samarbeidspartnarar for gjennomføringa av den. Normalt legg ein ikkje desse ut på høyring, men Miljødirektoratet ønskjer at dette blir gjort. Det er mest hensiktsmessig at dette blir gjort saman med dei andre dokumenta.
Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune legg følgjande dokument ut på 2 gangs høyring i perioden 1. juli 2015 15. september 2015: Delkapittel 3.7 i forvaltningsplan: Prioriteringar i arbeidet Delkapittel 5.3 i forvaltningsplan: Sterkt modifiserte vassførekomstar Delkapittel 5.4.1 i forvaltningsplan: Utsette fristar 9 Delkapittel 5.4.2 i forvaltningsplan: Mindre strenge miljømål Vedlegg 1 i forvaltningsplan: SMVF i Møre og Romsdal vassregion i planperioden 2016-2021 Vedlegg 2 i forvaltningsplan: Utsette fristar i Møre og Romsdal vassregion Vedlegg 3 i forvaltningsplan: Mindre strenge miljømål i Møre og Romsdal vassregion. Handlingsprogram for regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion 2016 Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Bergljot Landstad regional- og næringssjef Vedlegg 1 Delkapittel 3.7: Prioriteringar i arbeidet 2 Delkapittel 5.3: Sterkt modifiserte vassforekomstar 3 Delkapittel 5.4.1 og 5.4.2: Utsatte fristar og mindre strenge miljømål 4 Vedlegg 1 i forvaltningsplan: Sterkt modifiserte vassforekomstar i Møre og Romsdal vassregion i planperioden 2016-2021 5 Vedlegg 2 i forvaltningsplan: Utsatte fristar i Møre og Romsdal vassregion i planperioden 2016-2021 6 Vedlegg 3: Mindre strenge miljømål i Møre og Romsdal vassregion i planperioden 2016-2021 7 Handlingsprogram 2016 8 Høyringsrapport