Delprosjekt (A3)planstrategi og plansamordning Møtereferat Referat frå møte 29.09.17 om vidare framdrift for delprosjektet planstrategi og plansamordning Dato / tid: Fredag 29.09.17 Referent: Ingunn Stette Stad: Skodje rådhus Inviterte: Haram Hege Gjøsund Per Langnes Kommuneplanleggar Leiar stab - støtte Sandøy Sol Slinning Avd.ingeniør tekniske tenester Skodje Ingunn Stette Frode Helland Kommuneplanleggjar Teknisk sjef Ørskog Liv Marit Nystad Kommuneplanleggar Ålesund Anne Mette Liavaag Liv Kjersti Finholt Ole Søvik Strategi- og utv.sjef Kommuneplanleggar Verksemdleiar plan og bygning Hovudtillitsvald Arne Neumann Ålesund TV AFAG Forfall: Kopi til: Liv Marit Nystad, Anne Mette Liavaag Anne Berit Støyva Emblem, prosjektkoordinator Tema for møte denne dagen var: 1. Kartelegging - planstrategiar og viktige pågåande planprosjekt. Liv Kjersti og Arne la fram oversikt over kva kommunane har av planar og kva planarbeid som er prioritert. Målet er å få oversikt over kva som er likt/ og ulikt. Alle kommunane må gå gjennom tabellane, for å sikre at desse er fullstendige. Jf. vedlagde lister. Neste fase vil omfatte ei vurdering av dei planprioriteringane som er gjort, i høve til måla intensjonsavtelen. Det må vidare gjerast ei vurdering av ev andre planar som trengs, for å nå måla som er sett for nye Ålesund. Liv Kjersti og Arne arbeider vidare med dette, og gjev oss ei statusoppdatering i neste møte 27.10. Nye Ålesund kommune
2. Digitalisering - Per orienterte om arbeidet med digitaliseringsstrategi for E-kommune Sunnmøre, og informerte om status og forventa framdrift i delprosjekt IKT og digitalisering. Det er store forventingar til kva kommunane/og den nye kommunen skal få til innanfor dette feltet. Det er i delprosjet IKT og digitalisering arbeidd med kartlegging, herunder å skaffe ei oversikt over kva som må vere oppe å gå 01.01.2020. Grunnstrukturen må naturlegvis på plass først, og dei store fagsystema som sak/arkiv og økonomi/lønn peikar seg særleg ut. Delprosjektet ønskjer tett dialog med dei andre gruppene og det vil bli lagt opp til dialogmøte(workshop) med delprosjektleiarane og representantar frå fageiningane i løpet av hausten. Sjå elles Per sin presentasjon, som ligg ved. 3. Arbeidsgruppe politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarmedverknad, er ein viktig samarbeidspart for vårt delprosjekt. Mads orienterte om status og framdrift i gruppa som han er administrativ leiar for. Det vil fram mot jul bli klart kva slags politiske styringssystem som vert valt for den nye kommunen. Mads vil ta kontakt med delprosjekt for planstrategi og plansamordning, når politisk organisering har landa og det er tid for å drøfte plan- og styringssystem i ny kommune. Val av heilskapleg plan- og styringssystem heng tett saman med val av administrativ og politisk struktur. Det er nyleg tilsett prosjektleiar(ny rådmann), og det er forventa at val av administrativ styringsstruktur vert avklara om ikkje altfor lang tid. Arbeidsgruppa ønskjer tett dialog, for å kunne gi si tilråding jf. mandat frå Fellesnemnda. Mads tok avslutningsvis ein gjennomgang av Prosjektportalen, som skal nyttast av delprosjektet m.a. til styring og oppfølging av prosjektet, samt til dokumentdeling. Alle i gruppa har fått oversendt innloggingsinfo. Det har vore nokre utfordringar for nokre av brukarane. Bed om at dei som ikkje kjem seg inn tek kontakt med Jan Arve Valderhaug i E-kommune. Det er ikkje mykje av gruppa sin aktivitet som ligg inn pr. i dag, men dette vil betre seg i løpet av månaden(oktober). 4. Andre tema: Ole og Ingunn set opp eit forslag til framdriftsplan, med aktivitetar og milepelar. Prosjektkoordinator har sett ein frist til 17.10, då rådmennene skal ha dette til handsaming i sitt møte denne dagen. Det er eit tydeleg behov for å diskutere arealbruksspørsmål, m.a. knytt til problemstillingar og utviklingsspørsmål i kommunane, herunder arealbruk jf. pågåande kommuneplanarbeid. m.a. i Haram og Skodje. Det er viktig for omlandskommunane å legg til rette for ein arealbruk i overordna plan, som står seg også inn i nye Ålesund. Det at vi får nye grenser og eit større areal, gjev nye mogelegheiter og utfordringar som vi både ser- og ikkje ser. Det på tide å drøfte korleis regionen kan utviklast gjennom ei samordna tenking omkring arealbruk i nye Ålesund og omland, herunder sjå på kva som kan vere fortrinna til dei ulike delane av regionen. Det ligg føre politiske målsetjingar om ei «samordna planlegging for utvikling av by og 2
omland». Drøftinngar omkring dette tema kan gjennomførast på fleire måtar, men øvelsen bør vi gjere saman med Region Ålseund, der også Sula og Giske er representert. Både kommunane og Fylkeskommunen har i sine planstrategiar prioritert utarbeiding av samordna (klima), areal og transportplan. Arbeidsgruppa ønskjer, saman med Region Ålesund, å invitere Møre og Romsdal fylkeskommune til eit drøftingsmøte. Det bør også avklarast nærare om fleire enn administrasjon frå kommunar og fylkeskommune bør delta i eit slikt arbeidsmøte. Arbeidsgruppa er eininge i at dette møtet bør planleggast godt. Forslag til dato for planleggingsmøte vert sendt i løpet av veke 41. Det vart elles diskutert om vi skal legge fram ei sak forl fellesnemnda om statusen i planstrategiarbeidet, for å holde nemnda orientert. Dette må avklarast med prosjektkoordinator/prosjektleiar når vi kjem så langt. For ordens skuld ligg også forløpig framdriftsplan, basert på møteplan for 2. halvår ved. Endringar sidan sist er merka med blå farge. Resultatmål: Fase Dato: (oppstart) Tema: Ansvar: Delprosjektet skal førebu arbeidet med ny planstrategi for Ålesund kommune 2020-2023. Herunder kartlegge gjeldande planar og pågåande planprosjekt, og etablere oversikt over mål og strategiar som gjeld for dei ulike kommunane. nosituasjon 29.09.17 Ny status pr 27.10.17 Gjennomgang - gjeldande planar og planprosjekt jf. kommunane sine planstrategiar, samt øvrige samarbeid innanfor området. Det skal gjerast ei vurdering av dei planprioriteringane som er gjort, i høve til måla intensjonsavtelen. Det skal gjerast ei vurdering av kva planar som trengs, for å nå måla som er sett for nye Ålesund. Liv Kjersti og Arne Liv Kjersti og Arne 29.09.17 Per 3
Delprosjektet skal sørgje for at det er teke i bruk nye dialogformer, og nye digitale plattformer som opnar opp for ei sterkare medverknad og samhandling mellom den politiske leiinga, kommuneadministrasjon, innbyggarar, frivilligheit og næringslivsaktørar. nosituasjon * Gjennomgang informasjon frå arbeidet med felles digitaliseringsstrategi (Til inspirasjon https://www.tu.no/artikler/na-kan-alleoslos-planer-projiseres-pa-denneenorme-3d-modellen/366311 ) Haust 2017 Delprosjekt IKT og digitalisering inviterer til dialogmøte(workshop) med delprosjektleiarane og representantar frå fageiningane i løpet av hausten. Ingunn Delprosjektet skal sørgje for at innovasjon og nyskaping pregar heilskapleg styringssystem, herunder planar og prosessar, og bidreg til auka kunnskap og kompetanse i organisasjonen og i samhandling med innbyggarar og samfunn. no 29.09.17 og 27.10.17 Status og muligheiter jf. * og ** Planar og øvrige styringssystem skal bidra til at organisasjonen når sine målsetjingar om ei fleksibel, effektiv, føreseieleg, fagleg forsvarleg og (tverrfageleg)samordna planlegging og forvaltning, til beste for kommunen sjølv, innbyggarar og øvrige samarbeidspartar. no 27.10.17 **Info m.a. via Skype. Vi ønskjer å lære av andre, til eksempel nye Asker, Bærum og Stavanger. Når det gjeld val av plan- og styringssystem, er nye Ålesund langt på veg i same situasjon som andre etablerte større kommunar. Ny rapport er lagt fram med erfaringar frå samanslåinga av nye Sandefjord(utarbeidd av Telemarskforsking/Deloitte, som m.a. ligg under: http://www.ks.no/fagomrader/samfunn- og- Alle bidreg med forslag til aktørar til møtet. (Foreløpig møteplan bør avklarast innan 29.09.17) 4
demokrati/kommunereformen/erfaringerfra-nye-sandefjord-kommune/ ) Arbeidsgruppe for planstrategi og plansamordning skal kome med si tilråding til val av heilskapleg planog styringssystem, basert på val av politisk og administrativ organisering i den nye kommunen. no 29.09.17 Vinter 2017 Gruppa ønskjer i første omgang dialog med Mads, som er koordinator for arbeidsgruppe politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarmedverknad Det vil fram mot jul bli klart kva slags politiske styringssystem som vert valt for den nye kommunen. Mads vil ta kontakt med delprosjekt for planstrategi og plansamordning, når politisk organisering har landa og det er tid for å diskutere val av plan- og styringssystem i ny kommune. Ingunn Ingunn/Mads Delprosjektet har ansvaret for å kalle inn til samarbeidsmøte med andre relevante delprosjekt, for å sikre eit heilskapleg plan og styringssystem(dette gjeld i første rekkje rådmannen og arbeidsgrupper for økonomi, politisk og administrativ organisering). no 27.10.17 Gruppa ønskjer tidleg dialog med ny rådmann, dersom dette er mogeleg. Gruppa ønskjer tidleg dialog med relevante delprosjekt. I første rekke Arbeidsgruppe for administrativ organisering. Ingunn Delprosjektet skal sørgje for at nye Ålesund kommune har eit fungerande plangrunnlag 2019 Alle 5
innan 01.01.2020, i dette ligg å foreslå overgangsføresegner som skal vedtakast av fellesnemnda før ny kommune er etablert. Delprosjektet skal sørgje for godt samarbeid og samordning av planar og planprosessar der dette er hensiktsmessig, i overgangsperioden fram til 01.01.2020. no Heile perioden Samordning og tilpassing av planarbeid så langt det let seg gjere. Ev revisjonar av planstrategiar? Alle Foreløpig framdriftsplan henta frå forslag til mandat: 6