Møteprotokoll Utvalg: Nasjonalparkstyret for Reinheimen Møtested: Valldal Dato: 26.06.2017 Tidspunkt: 10.00-16.00 Følgende faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Representerer Per Magnus Berdal Leder Bjarne Eiolf Holø Nestleder Mariann Skotte Medlem Marit Nauste Medlem Elias Sperstad Medlem Svein Blankenborg Medlem Kari Ramen Medlem Følgende medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Magnhild Vik MEDL Aud Hove MEDL Merknader Øystein Andreassen, vara for Aud Hove møtte ikkje. Aud Hove sendte sine innspel til sak 21/17 og sak 23/17, på e-post 23.06.17. Det vart ikkje kalla inn vara for Magnhild Vik pga. varsel om forfall stutt tid før møtet. I forkant av møtet i Valldal vart det gjennomført ei synfaring på toppen av Trollstigplatået. Opphaveleg plan om å gå Kløvstigen vart amputert grunna dårleg vêr. Fra administrasjonen møtte: Navn Stilling Kristine Sørlie Nasjonalparkforvaltar Ingvild Øyjordet Nasjonalparkforvaltar Thomas Rødstøl Statens Naturoppsyn Underskrift: Vi bekrefter med underskriftene våre at det som er ført på de sidene vi har signert i møteboka, er i samsvar med det som ble vedtatt på møtet. Per Magnus Berdal sign. Kari Ramen sign.
Saksliste Utvalgssaksnr ST 17/17 ST 18/17 ST 19/17 Innhold Lukket Arkivsaksnr Godkjenning av protokoll og innkalling - Val av ein representant til å skrive under protokoll saman med styreleiar Referatsaker Referatsak Basestasjon for naudnett, ROL089 Horrungen, i Reinheimen nasjonalpark Til orientering - Reinheimen nasjonalpark - Verma kraftverk - Bomløsning for anleggsvei - Allmennhetens tilgang til statsalmenningens områder Finndalen landskapsvernområde -maskinell rydding langs Finndalsvegen - Finndalsvegen og Finndalen beite- og bruksrettlag Rapport - Oppfølging av antatt ulovlig forhold - Reinheimen nasjonalpark - Ulovlig oppsatte utedo / uthus ved gjeterhyttene i Trihøa og ved Nørdre Berget Tafjord-Reindalen landskapsvernområde - Dispensasjon 2017 - Nedgraving av strømledning på Reindalssetra - Jan Erik Dale Delegerte saker DS 28/17 Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde - Dispensasjon - Motorferdsel - 2017 - bruk av helikopter for transport av grus til Muldalsvegen - Magnar Dyb DS 29/17 Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde - Dispensasjon - Motorferdsel 2017 - Ekstraflyging med helikopter for transport av personaltoalett til Reindalsseter - DNT-ÅST DS 30/17 Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - 2017 - Bruk av helikopter - Kartlegging av store fjellskred og ustabile fjellpartier - Norges geologiske undersøkelse ( NGU ) ST 20/17 Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - Motorferdsel - 2017 - Bruk av drone i forbindelse med ettersanking av sau - Ulvådalen Sausankelag ST 21/17 Reinheimen NP - Dispensasjon - Utsetting av jaktbu i Furuholslia i Brøstdalen - Verma beitelag v/ Harry Brude 2016/6581 2017/3970 2016/2122 2017/3566 2017/516 2017/2854 2017/3270 2017/3775 2017/925 2016/8231
ST 22/17 Lordalen landskapsvernområde - Dispensasjon - Inngjerding av hytte 157/1/4 - Ivar Belle ST 23/17 Finndalen landskapsvernområde - Dispensasjon - Oppsetting av gjerde rundt hytte på Breistulen - Kåre Johan Haugen v/ Torbjørn Haugen ST 24/17 Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde - Dispensasjon 2017 - Bygging av ny utedo ved Jakobselet, Reindalseter - Ålesund-Sunnmøre Turistforening ST 25/17 Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - Motorferdsel - 2017 - Bygging av nye bruer ved Pyttbua, flytting av sti mellom Pyttbua og Veltdalshytta /Torsbu - Ålesund-Sunnmøre Turistforening ST 26/17 ST 27/17 ST 28/17 Reinheimen - besøksstrategi - vedtak om oppstart og prosjektplan Nasjonalparkstyret for Reinheimen - Årsrapport 2016 Eventuelt 2017/2624 2016/6183 2017/3520 2017/3200 2017/2347 2017/3791 ST 17/17 Godkjenning av protokoll og innkalling - Val av ein representant til å skrive under protokoll saman med styreleiar Ingen merknader til innkallinga. Kari Ramen vart vald til å skrive under protokoll saman med styreleiar. ST 18/17 Referatsaker Basestasjon for naudnett, ROL089 Horrungen, i Reinheimen nasjonalpark: Nasjonalparkstyret ved styreleiar og styremedlem Elias Sperstad, har 10.05.17 sendt brev til Motorola Solutions Inc., for å peike på erfaringar med basestasjon, og utfordringar i forkant av planlagt utbetring av installasjon. I brevet er det mellom anna peika på at transport, lagring av drivstoff til aggregat skal gjerast forsvarleg og ikkje føre til utslepp og forureining. Nasjonalparkforvaltar fekk varsel frå SNO 19.06.17 med fotodokumentasjon, om diesellekkasje frå ein tank utanfor basestasjon på Horrungen. Forvaltar tok same dag kontakt med Motorola og bad om at dei rydda opp. Motorola beklaga forholdet og svarte at dei skulle rydde så snart som mogleg. 22.06.17 kom det svar på e-post frå Motorola om at dei hadde vore på Horrungen, og at ca. 30-40 l diesel hadde runne ut av tanken, og at den nå var frakta bort frå området. Motorola meiner at lekkasjen er eit resultat av hærverk, og har meldt forholdet til politiet, v/lensmann i Lom og Dombås. Ein meir detaljert rapport vil komme i løpet av veke 26.
Rapport Oppfølging av antatt ulovlig forhold Reinheimen nasjonalpark Ulovlig oppsatte utedo/uthus ved gjeterhyttene i Trihøa og ved Nørdre Berget. Nasjonalparkstyret ser på oppføring av nye utedoar ved gjetarbuene utan at det er søkt om, som eit alvorleg brot på vernereglane. Nasjonalparkstyret skal følgje opp brot på vernereglane, jf. styret sine vedtekter: pkt. 8.5 Brot på naturmangfaldlova/verneforskriftene, rapportar og melding til politiet Styret har som forvaltningsstyresmakt eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at alle brot på verneforskriftene som styret får kjennskap til blir rapportert/meldt til politiet dersom det er grunn til å anta at forholdet er straffbart. Kopi av melding til politiet/rapport, samt avgjerd frå politiet skal sendast Fylkesmannen og Miljødirektoratet. Der administrative sanksjoner er aktuelt jf naturmangfoldloven kap. IX, skal styret sende over ein rapport om forholdet til Fylkesmannen - med kopi til Miljødirektoratet. Det vart óg vist til veileder M-617 2016 om Oppfølging av ulovlege forhold i verneområder, der det står at forvaltningsmyndigheta for verneområdet har primæransvaret for å følgje opp brot med pålegg og stans. Styret ber om at forvaltar følgjer opp saka for at styret skal kunne vurdere å gje pålegg om retting og stans etter NML 69. 2016/6581 Nasjonalparkstyret meiner at lagring av diesel på Horrongen ikkje har vore tilfredsstillande, men styret vil avvente vidare handling til rapport frå Motorla Solutions Inc. føreligg. 2017/3566 Styret ønskjer ikkje å melde forholdet til politiet, men vil følgje opp saka, jf. 69 (retting og avbøtande tiltak). Referatsakane vart teke til etterretning. Referatsak Basestasjon for naudnett, ROL089 Horrungen, i Reinheimen nasjonalpark Til orientering - Reinheimen nasjonalpark - Verma kraftverk - Bomløsning for anleggsvei - Allmennhetens tilgang til statsalmenningens områder Finndalen landskapsvernområde -maskinell rydding langs Finndalsvegen - Finndalsvegen og Finndalen beite- og bruksrettlag Rapport - Oppfølging av antatt ulovlig forhold - Reinheimen nasjonalpark - Ulovlig oppsatte utedo / uthus ved gjeterhyttene i Trihøa og ved Nørdre Berget - Lordalen beitelag Tafjord-Reindalen landskapsvernområde - Dispensasjon 2017 - Nedgraving av strømledning på Reindalssetra - Jan Erik Dale
ST 19/17 Delegerte saker Delegerte saker vart teke til etterretning. DS 28/17 Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde - Dispensasjon - Motorferdsel - 2017 - bruk av helikopter for transport av grus til Muldalsvegen - Magnar Dyb 2017/2854 DS 29/17 Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde - Dispensasjon - Motorferdsel 2017 - Ekstraflyging med helikopter for transport av personaltoalett til Reindalsseter - DNT-ÅST 2017/3270 DS 30/17 Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - 2017 - Bruk av helikopter - Kartlegging av store fjellskred og ustabile fjellpartier - Norges geologiske undersøkelse ( NGU ) 2017/3775 ST 20/17 Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon - Motorferdsel - 2017 - Bruk av drone i forbindelse med ettersanking av sau - Ulvådalen Sausankelag 2017/925 Samrøystes som innstillinga. Med heimel i verneforskrift for Reinheimen nasjonalpark 4 og naturmangfaldlova 48, får Ulvådalen Sausankelag dispensasjon til eit prøveprosjekt med bruk av drone i forkant av ettersankinga 2017. Dispensasjonen er gjeve med følgjande vilkår: - Dispensasjonen gjeld to flygingar avgrensa til beiteområdet. - Det skal ikkje flygast nær dyr, hekkeplasser og hilokalitetar. - Det skal haldast avstand til eventuelle turfolk som er i området. Ulvådalen sausankelag har ansvar for å informere om at det skjer filming med drone dersom det er andre turfolk i området. - SNO v/ Thomas Rødstøl skal ha melding seinast dagen før kvar flyging, mob: 91547617. - Nasjonalparkforvaltninga skal ha ein kortfatta rapport/e-post om opptaksområde, samla omfang av flyging samt ei evaluering av prosjektet for vurdering av framtidig nytte. Rapporten skal sendast nasjonalparkforvaltar ved avslutning av opptaksperioden, seinast 31.desember 2017. ST 21/17 Reinheimen NP - Dispensasjon - Utsetting av jaktbu i Furuholslia i Brøstdalen - Verma beitelag v/ Harry Brude 2016/8231 Bjarne Eiolf Holø la fram følgjande forslag til vedtak:
Med heimel i verneforskrift for Romsdalen landskapsvernområde 4 og naturmangfaldlova 48, får Verma beitelag dispensasjon til plassering av flyttbar åtebu i Furuholslia i Brøstdalen i Romsdalen landskapsvernområde Grunngjevinga for dispensasjon er å opne for ei mest mogleg effektiv lisensfelling av jerv. Mellombels utplassering av åtebu vil ikkje påverke verneverdiane i vesentleg grad. Omsynet til kulturlandskapet føresett fortsatt gode vilkår for beitebruken i området. Dispensasjonen er gjeve med følgjande vilkår: - Dispensasjonen gjeld for lisensfellingsperiodane 2017/18, 2018/19 og 2019/20. - Åtebua skal ikkje vere større enn 2 x 2,5 m. Bua skal berre nyttast i samband med lisensfelling av jerv. - Åtebua skal transporterast inn og ut i den tida vegen er open for motorisert ferdsel. - Det vert gjeve løyve til inntil fem turar med snøskuter for utkjøring av åte pr. sesong. Forslaget frå Bjarne Eiolf Holø vart samrøystes vedteke. Med heimel i verneforskrift for Romsdalen landskapsvernområde 4 og naturmangfaldlova 48, får Verma beitelag dispensasjon til plassering av flyttbar åtebu i Furuholslia i Brøstdalen i Romsdalen landskapsvernområde Grunngjevinga for dispensasjon er å opne for ei mest mogleg effektiv lisensfelling av jerv. Mellombels utplassering av åtebu vil ikkje påverke verneverdiane i vesentleg grad. Omsynet til kulturlandskapet føresett fortsatt gode vilkår for beitebruken i området. Dispensasjonen er gjeve med følgjande vilkår: - Dispensasjonen gjeld for lisensfellingsperiodane 2017/18, 2018/19 og 2019/20. - Åtebua skal ikkje vere større enn 2 x 2,5 m. Bua skal berre nyttast i samband med lisensfelling av jerv. - Åtebua skal transporterast inn og ut i den tida vegen er open for motorisert ferdsel. - Det vert gjeve løyve til inntil fem turar med snøskuter for utkjøring av åte pr. sesong. ST 22/17 Lordalen landskapsvernområde - Dispensasjon - Inngjerding av hytte 157/1/4 - Ivar Belle 2017/2624 Samrøystes som innstillinga. Med heimel i verneforskrift for Lordalen landskapsvernområde 3, pkt. 1.3 bokstav j), får Ivar Belle dispensasjon til å gjerde inn eit avgrensa areal framfor si hytte, 157/1/4, i Lordalen landskapsvernområde. Tiltaket skal hindre at beitedyr nyttar uteområdet inntil hytta. Dispensasjon er gjeve med følgjande vilkår: Det kan gjerdast inn eit areal på inntil 100 m2, og 50 løpemeter gjerde. Gjerdet skal vera festa i bygg på festetomta i minst ein ende. Det skal brukast tradisjonelt gjerdemateriell som skigard, stakitt eller steingjerde. Gjerde skal ikkje stenge for fri ferdsel for folk og dyr etter faste stigar/råk. Nasjonalparkstyret for Reinheimen kan be om at gjerdet blir fjerna.
ST 23/17 Finndalen landskapsvernområde - Dispensasjon - Oppsetting av gjerde rundt hytte på Breistulen - Kåre Johan Haugen v/ Torbjørn Haugen 2016/6183 Samrøystes som innstillinga. Med heimel i verneforskrift for Finndalen landskapsvernområde 3, pkt. 1.3 bokstav j), får Torbjørn Haugen dispensasjon til å gjerde inn eit avgrensa utanfor si hytte 159/1/9 på Breidstulen i Finndalen landskapsvernområde. Tiltaket skal hindre at beitedyr nyttar uteområdet inntil hytte og uthus. Dispensasjon er gjeve med følgjande vilkår: Det kan gjerdast inn eit areal på inntil 100 m2, og 50 løpemeter gjerde. Gjerdet skal vera festa i bygg på festetomta i minst ein ende. Steingjerdet skal ikkje fjernast eller øydeleggjast. Det skal brukast tradisjonelt gjerdemateriell som skigard, stakitt, steingjerde eller einergjerde Det skal sikrast fri ferdsel for folk og dyr etter faste råk. Nasjonalparkstyret for Reinheimen kan be om at gjerdet blir fjerna. Dispensasjon gjeld i høve til verneforskrift. Ein gjer merksam på at dispensasjon også må avklarast med grunneigar, og Finndalen fjellstyre. ST 24/17 Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde - Dispensasjon 2017 - Bygging av ny utedo ved Jakobselet, Reindalseter - Ålesund- Sunnmøre Turistforening 2017/3520 Elias Sperstad kom med innspel om at bygget må definerast som uthus med utedo for å vera i samsvar med storleik og bygget sin funksjon for lagring av ved. Sekretariatet rettar opp tekst i saksutgreiing og vedtaket. Innstillinga frå forvaltar, men retting i tekst til uthus med utedo vart samrøystes vedteke. Med heimel i verneforskrift for Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde 4 og naturmangfaldlova 48, får Ålesund-Sunnmøre Turistforening dispensasjon til bygging av nytt uthus med utedo ved Jakobselet i Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde. Dispensasjonen er gjeve med følgjande vilkår: - Bygget skal ha dimensjonane som går fram av skisse; 3,7m x 2,9m, total storleik 10,7m2. Høgde 1,8 m frå toppen av grunnmur til under rafta. - Bygget skal plasserast som det framgår av skisse og så nært som mogleg som eksisterande utedo.
- Utforming av bygget skal vera i tråd med lokal byggeskikk i området (retningsliner for Norddal kommune). Det skal påførast same farge som hovudbygget på Jakobselet. Taket skal ha ei matt overflate som ikkje blenkjer. - Frist for gjennomføring av tiltaket inkludert riving og opprydding er i løpet av juni 2020. Etter denne fristen fell løyvet bort. Vi gjer merksam på at Statens naturoppsyn (SNO-Reinheimen) vil kontrollere at tiltaket er gjennomført i samsvar med vedtaket. Tiltaket må òg avklarast med Norddal kommune. ST 25/17 Reinheimen nasjonalpark - Dispensasjon -Motorferdsel - 2017 - Bygging av nye bruer ved Pyttbua, flytting av sti mellom Pyttbua og Veltdalshytta /Torsbu - Ålesund-Sunnmøre Turistforening 2017/3200 Det vart lagt fram forslag om at nasjonalparkforvaltar får fullmakt til å fastsette endeleg plassering av bruer, og ny stigtrasé under synfaring. Innstillinga og forslaget om fullmakt til forvaltar vart samrøystes vedteke. Med heimel i verneforskrift for Reinheimen nasjonalpark 3 pkt. 1.2 b) og pkt. 1.3. d) og f), får Ålesund-Sunnmøre Turistforening dispensasjon til bygging av nye bruer ved Pyttbua. Det blir samstundes gjeve løyve til flytting av stig mellom Pyttbua og Veltdalshytta/Torsbu. Tiltaket gjeld omlegging av ei eksisterande fotturrute, og vil i seg sjølv ikkje medføre ekstra trafikk innan verneområdet. Dispensasjonen er gjeve med følgande vilkår: - Forvaltar får fullmakt til å avgjera endeleg plassering av bruer og ny stigtrase i felt under synfaring. - ÅST skal stå som eigar og er ansvarleg for framtidig vedlikehald av bruene og stigane. - Frist for gjennomføring av tiltak inkludert opprydding er juni 2020. Etter denne fristen fell løyvet bort. Det blir gjort merksam på at Statens naturoppsyn (SNO Reinheimen) vil kontrollere at tiltaket er gjennomført i samsvar med vedtaket. *Bru: - Plassering av bruene skal følgje fastlagt plassering gjort under synfaring sommaren 2017. - Utforming og brukonstruksjon skal vera i samsvar med vedlagt prosjektskisse. - Utforming og materialval skal utførast med vekt på omsyn til naturmiljøet og tilpassing til landskapet. - Bruene skal vera i tråd med håndboka Naturvennleg tilrettelegging DN 2006. - Alle restar etter dei gamle bruene skal demonterast og fraktast ut. - Tiltakshavar må ha ein gjennomføringsplan som sikrar at samla transport og øvrig miljøbelastning blir redusert til eit minimum. *Stig: - Trasé for stig skal følgje oppmerking gjort under synfaring sommaren 2017.
- Arbeid med opparbeiding av stigen skal følgje retningslinjene i merkehandboka til DNT. - Merkinga på dagens stig skal fjernast. Det er viktig med god merking der den nye stigen tek av frå dagens trase slik at fotturistar berre nyttar ein stig. Med heimel i verneforskrift for Reinheimen nasjonalpark 3 pkt. 6.3. b), får Ålesund-Sunnmøre Turistforening dispensasjon til motorferdsel med helikopter for transport av materiale inn og uttransport av rivingsmateriale. Dispensasjonen er gjeve med følgjande vilkår: - Det blir gjeve dispensasjon til tre turar/retur med helikopter. - Transporten skal samordnast med ÅST sin varetransport. - Tidspunkt for transport og opplysning om kjøretrasé skal varslast SNO v/ Thomas Rødstøl på SMS, mob. 915 47 617, seinast dagen før gjennomføring Tiltaket må òg avklarast med kommunen og grunneigar. ST 26/17 Reinheimen - besøksstrategi - vedtak om oppstart og prosjektplan 2017/2347 Samrøystes som innstillinga. Nasjonalparkstyret for Reinheimen vedtek å starte opp arbeidet med besøksstrategi for Reinheimen, og godkjenner vedlagde prosjektplan for gjennomføring av arbeidet. Arbeidet skal vera i tråd med vegleiar M-415 2015 for besøksforvaltning i norske verneområde frå Miljødirektoratet. Prosjektplanen fungerer som eit arbeidsdokument der innspel frå lokalsamfunna og reiselivet undervegs i prosessen vil vera viktige for utfyllande prosjektmål. Besøksstrategien skal innehalde: Kunnskap om: - dei besøkjande, brukarinteresser - reiselivet og lokal verdiskaping - naturverdiar og sårbarheit Mål og strategiske val Avklaringar politikk og kunnskap Tiltaksplan Arbeidet skal byggje på følgjande prinsipp: dersom det er motstridande målsetting mellom ivaretaking av verneverdiane, tilrettelegging for besøk og lokal verdiskaping, skal omsynet til verneverdiane vege tyngst. Arbeidet skal organiserast på følgjande måte: Styringsgruppe - Nasjonalparkstyret for Reinheimen Prosjektleder - Ingvild Øyjordet, Nasjonalparkforvaltar Prosjektgruppe - Nasjonalparkforvaltarar Kristine Sørlie og Ingvild Øyjordet Arbeidsgruppe - Forvaltarar, Statens naturoppsyn, adm. faggruppe (kommunane og besøkssenter nasjonalpark) Referansegruppe - Fagleg rådgjevande utval for nasjonalparkstyret Ressurspersonar/organisasjonar Miljødirektoratet, Fylkesmannen i Oppland og Møre og Romsdal, lokale organisasjonar, prosjektgrupper
ST 27/17 Nasjonalparkstyret for Reinheimen - Årsrapport 2016 2017/3791 Nasjonalparkstyret tykkjer det er positivt og nyttig at det vert utarbeidd ein årsrapport for arbeidet i nasjonalparkstyret, og ønskjer at det vert vidareført. Samrøystes som innstillinga. Nasjonalparkstyret for Reinheimen tek Årsrapport for 2016 til etterretning, og ber om at årsrapporten vert publisert og synleggjort på nasjonalparkstyret si nettside. Årsrapporten 2016 skal også sendast til rådgjevande utval og administrativt fagutval til orientering. ST 28/17 Eventuelt - Skjøtselsavtaler i Reinheimen går ut i 2017. SNO har gjort ei vurdering av skjøtselsarbeidet, jf. rapport 2015. - Orientering frå styreleiar om gjennomført synfaring på Slettvikane 22.06.2017. - Orientering frå forvaltar om oppretting av facebookside formål. Nasjonalparkstyret ber om at forvaltar gjer ei vurdering av skjøtselsavtalene i løpet av hausten 2017, for evt vidareføring.