NORDDALSAKADEMIET. SEMINAR 15.09.2010 TEMA: Når mamma og pappa sliter, hvordan kan vi hjelpe barnet?



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Minnebok. Minnebok NYNORSK

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA


TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Jon Fosse. For seint. Libretto

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Info til barn og unge

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane


SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Informasjon til elevane

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Om å høyre meir enn dei fleste

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for Rosa september 2014

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

OK, seier Hilde og låser.

Psykologisk førstehjelp i skulen

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

6-åringar på skuleveg

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Valdres vidaregåande skule

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Velkomen til Mork barnehage

mmm...med SMAK på timeplanen

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Månadsplan for Hare November

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Elevundersøkinga 2016

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

FANTASTISK FORTELJING

Det nödvendiga samtalet hur ger vi vi allvarliga besked til patienter och närstående?

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

6. trinn. Veke 24 Navn:

Kvinne 30, Berit eksempler på globale skårer

Metodiske verktøy ved kursleiing

Plassebakken Barnehage

Frå novelle til teikneserie

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

HAR DU BARN ELLER UNGDOM SOM PÅRØRANDE? Når nokon i familiaen blir alvorleg sjuk

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Brukarrettleiing E-post lesar

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

Barn som pårørende fra lov til praksis

Psykologisk førstehjelp i skulen

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Historie ei ufarleg forteljing? Historiebruk, historieforståing og historiemedvit som tilnærming i historieundervisninga. Ola Svein Stugu

Lisa besøker pappa i fengsel

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Transkript:

NORDDALSAKADEMIET SEMINAR 15.09.2010 TEMA: Når mamma og pappa sliter, hvordan kan vi hjelpe barnet? Knut (7) og Ola (3) var til samtale på kontoret. Vi prata om at mamma og pappa ikkje lengre var kjærastar og ikkje budde i lag. Kunne dei minnest noko om korleis det var da dei budde i lag alle fire heile tida? Knut fortalte han hugsa dei krangla mykje og at dei ikkje slutta sjøl om han sa stopp til dei. Vi prata ei stund omkring dette og eg spurte så: Tenkjer du at nokon har skulda for at mamma og pappa flytta frå kvarandre? Knut tenkte seg litt om og sa så: Krangelen har skulda. TERAPEUTEN At man, naar det i Sandhed skal lykkes En at føre et Menneske hen til et bestemt Sted, først og fremmest maa passe paa at finde ham der, hvor han er. Dette er Hemmeligheden i al Hjælpekunst. Enhver, der ikke kan det, han er selv i en Inbildning, naar han mener at kunne hjelpe en Anden. For i Sandhed at kunne hjælpe en Anden, maa jeg forstaae mer end han men dog vel først og fremmest forstaae det, han forstaaer. Naar jeg ikke gør det, saa hjælper min Mer-Forstaaen ham slet ikke. Vil jeg alligevel gøre min Mer-Forstaaen gjældende, saa er det, fordi jeg er forfængelig eller stolt, saa jeg i Grunden i stedet for at gavne ham egentligen vil beundres av ham. Men al sand Hjælpen begynder med en Ydmygelse; Hjælperen maa først ydmyge sig under Den, han vil hjælpe, og herved forstaae, at det at hjælpe ikke er at være den Herskesygeste men den Taalmodigste, at det at hjælpe er Villighed til indtil videre at finde seg i at have Uret, og i ikke at forstaae hvad den Anden forstaaer. Kan Du ikke det, saa kan Du heller ikke hjælpe ham. (Søren Kierkegaard, Samlede Værker; Bind 18, Synspunkter for min Forfatter-Virksomhed, Andet Afsnit, Capitel 1 A. 2. Gyldendal 1964) Uansett kor mykje teoretisk kunnskap vi tilegner oss så vil alltid vår grunnleggande forståelse av oss sjølve og andre i stor grad vere det som bestemmer kva vi vel å tenkje og seie i ulike situasjonar. Det er erfaringsramma vår eller vår måte å tenke om som utfordres i møtet med andre menneske. Erkjennelsen av at barn kan ha det vanskeleg når foreldra har det vanskeleg og at det ikkje automatisk er slik at ved å hjelpe de vaksne så hjelper ein barna, er ein utfordring for terapeuten. Vår erkjenning, vår viten og våre erfaringar gir oss kunnskap vi ønsker å videreformidle til foreldra slik at dei kan begynne å handle slik vi meiner er best for barn vi brenner etter å hjelpe og vere til nytte og har dei beste intensjonar og hensikter. En intersubjektiv etablert kontakt med et barn som er i en vanskelig og lidende posisjon, gjør oss lett til omsorgspersoner eller propagandister for barnet. Dette kan komme til å støte eller underkjenne den/de som barnet er knyttet til ( ) Vi vil overbevise dem om hva de bør gjøre, eller vi begynner å kompensere for de oppgaver som ligger til foreldransvaret. (Haldor Øvreeide, fokus vol. 29 Universitetsforlaget 2001 s. 32)

På eit tidspunkt i våre samtalar med vaksne som har barn, dukkar det opp spørsmål eller undring om korleis barna har det når foreldra strever. Foreldre treng ikkje streve mykje før barna oppdagar det. Det egentlige bruddet starter gjerne flere år før det faktiske bruddet. Barna har vært i familien hele denne perioden da det ikke var lett. Barn reagerar forskjellig, har forskjellig varheit og søsken kan vere ulike i forhold til dette. Foreldre er ulike i forhold til korleis dei handterer eigne vanskar i forhold til barna. Terapeuten må forsøke å finne ut korleis dette er for akkurat desse foreldra og korleis det kan vere for barna deira. Kan terapeuten vere til hjelp/nytte i forhold til dei vaksne og i forhold til barna? Terapeuter har ein idé om å vere til hjelp og ønsker å vere til hjelp for menneske i deira livssituasjon. Kan dette fange terapeuten i hennar eiga forståing av klientens situasjon og bidra til at terapeutens motiv styres av hennar eiga forståing Dersom terapeuten ynskjer å forstå foreldras forståing og kome med sine bidrag ut frå dette, betinger det at terapeuten har tid og ro til å følgje foreldra der dei er. Det kan vere smertefullt for terapeuten både følelsesmessig og fagleg å tenke på at barna kanskje ikkje ivaretas godt nok slik dei vaksne har det akkurat nå. Terapeuten kan dele dette med foreldra og saman med dei forsøke å finne ut kva som kan vere til hjelp for nettopp deira barn i denne situasjonen. Kan det vere til hjelp og nytte for barna å komme til samtale? Kan foreldra formidle til barna at dei har deira støtte til å snakke med terapeuten om det vanskelegaste og uansett kva dei fortel vil ikkje foreldra oppfatte det som eit svik mot dei? Som terapeut kan vi ha ein tanke om at berre foreldra får høre kor vanskeleg barna har det så kan dette bidra til at dei beveger seg. Terapeuten kan kome med barnas utsagn/sitere barna der ho meiner det er strategisk lurt for å bevege foreldra i ein retning hun tenkjer er bra. Men var det på denne måten barna hadde tenkt at deira utsagn skulle brukes? Er dette i tråd med barnas forståing av å bringe attende til foreldra? Det kan vere ein fare dersom vi lager system der vi alltid skal snakke med barna. Ei automatisering kan svekke vår bevisstheit i forhold til kvifor vi skal snakke med barn. Kva er det som får meg til å tenkje at eg skal be om å få snakke med eller seie ja til å snakke med nettopp desse barna til nettopp desse foreldra i nettopp denne situasjonen? Barnet Vi ynskjer ikkje at barn skal lide og det er vanskeleg for oss å leve med ei erkjenning av at vi er årsak til barns liding. Eit sterkt beskytterinstinkt kan vekkes til live hos både foreldre og terapeut og bidra til at vi handlar for raskt på barns vegne. Dersom foreldra ikkje er i stand til å vere til stade i eller forhalde seg til det vanskelege for barna, så må i hvert fall terapeuten det. Det inneber at terapeuten må være til stade i barnas forståing og lære deira forståing å kjenne. Kan hende vi ikkje kan gjere meir enn det for en enkelte barn. Dersom trykket på barna berre kan lette ved at foreldra beveger seg vidare så er det grenser for kva terapeuten kan gjere. Barna er følelsesmessig knytt til foreldra sine og avhengig av dei ikkje av terapeuten.

Barns tilknytning til foreldrene vil nesten alltid være sterkere enn relasjonen til en ny person, uansett hvor godt denne leser og gir barnet signaler på at dets behov forstås. (Haldor Øvreeid, fokus vol. 29 Universitetsforlaget 2001). Det er mogleg å spørje barn om kva dei tenkjer om å kome til samtale, har foreldra prata noko om det at dei skulle hit og kva har dei prata om. Vaksne kan tenkje og seie til barn at det som er vondt og problematisk blir betre om ein snakkar om det. Slik kan det vere for vaksne, men er det automatisk slik også for barn? Det bør ikkje være ukjent for vaksne at det kan bli verre før det kan bli betre og at det kan vere ille ganske lenge. Når vi i starten av samtalen snakkar om dette kan vi finne ut om foreldra har formidla det vi trudde vi var einige om skulle formidlast. Dersom det viser seg at foreldras forståing av dette ikkje er i samsvar med vår forståing, så blir det vårt ansvar som terapeut å ikkje undergrave det foreldra har formidla. Terapeuten må finne ein måte å integrere sitt eige på slik at dette også blir klart for barna Barna kan be terapeuten gje vidare til foreldra tankar og følelsar dei har gitt uttrykk for i samtalen, eller vi kan spørje barna om lov til å gje det vidare. Terapeuten må da gjere sitt beste for å tileigne seg barnets forståing av kva som skal vidareformidlast, på kva måte og i kva for ein samanheng. Terapeuten må ta ansvar for at dette blir gjort på beste måte og i tråd med barnets forståing. Kva gjør at barnet vil snakke med terapeuten? Nokre foreldre er åpne overfor barna om at dei går og snakkar med nokon for å få hjelp. Foreldra kan som ein del av dette fortelje barna at dei også kan bli med dersom dei ynskjer eller at dei også er inviterte. I ein slik kontekst kan ein håpe at det vil vere svært få føringar frå foreldra i forhold til barna at barna kan føle seg relativt fri til å seie det dei måtte ynskje eller ha behov for å seie. Vi skal likevel vere merksame på at det kan vere sterke underliggande føringar også i familiar som tilsynelatande verkar åpne og greie. Når barn blir informerte om at dei har moglegheit til å snakke med nokon og kjenner seg fri til å gjøre det, kan dei benytte seg av moglegheiten seinare. Eit foreldrepar var til mekling ved kontoret om våren. Dei vart informert av meklar om at barna deira, to døtre på 13 og 11 år, var velkomne hit dersom dei ønska det. Foreldra informerte dei om dette og barna takka nei. Etter ca. 6 mnd. ringte mor og sa at den eldste hadde bedt henne ta kontakt og ordne samtaletid for henne. Hun gjekk jamnleg til samtalar i omtrent eit halvt år. To år etter meklinga ringer mor igjen fordi den yngste dattera hadde bedt henne kan du ringe det kontoret på Otta for nå vil eg også dit og snakke. Denne jenta har gått til samtalar periodevis dei siste 2-3 åra. Dersom forholdet mellom foreldra er prega av konflikt og/eller svært såre og vonde følelsar aukar truleg sjansen for at det legges føringar for barna. Det treng ikkje vere bevisst frå foreldra eller uttalt. Lik vaksne søker barn å forstå samanhengar i tilværet og gjer seg sine eigne tankar om korleis foreldra har det, kvifor det er slik og kva som kan vere til hjelp.

I ytterste konsekvens kan barn bli utsett for truslar i forhold til kva dei kan seie i samtalar. Dersom vi insisterer på å få snakke med barn og konfliktnivået mellom foreldra er høgt, kan dei vaksne kjenne det som dei ikkje har anna valg enn å gi samtykke til samtalen. Det kan da bli maktpåliggende for dei at hemmelegheiter om familiære forhold ikkje blir røpa og dei bruker dei midler dei meiner trengst for å sikre at barna ikkje røpar noko. Gjennom skole, media og internett kan barn være godt informerte om barns rettigheiter jfr. Barnekonvensjonen og Barnelova. Dei kan ha fått ei forståing av at dei som barn har rett til hjelp når de har det vanskeleg og at dei bur i eit land som påberoper seg å verne om barn og deira rettar. Nokre barn kan ha urealistiske forventningar til kva hjelpere kan hjelpe dei med. Vi kan som hjelpere ikkje underkjenne det faktum at foreldre tar viktige avgjersler for barn til dei er både 16 og 18 år gamle. Foreldra Foreldre er ikkje like og foreldre kan ha ulike tankar, følelser og meiningar i forhold til felles barn og i forhold til seg sjøl som foreldre. I vanskelege livssituasjoner knytt til parforholdet og/eller foreldreskapet vil foreldre vere ulike. Nokre foreldre vil vere i stand til i stor grad å skille sin eigen og barnets/barnas situasjon og vere klar over at dei kan komme til å ha eigne agendaer gjennom barna. Desse foreldra ønsker gjerne at barnet/barna skal ha moglegheit til å snakke med nokon annan, gjerne en terapeut, for at det skal vere barnet sitt eige som skal få plass og kome fram. Foreldre som har denne bevisstheiten og greier å regulere følelsene sine i tråd med dette, er gjerne også i stand til å ha ulike innfallsvinklar til kva som truleg er barna sitt beste. Ei mor sa til meg ein gong i forbindelse med samlivsbrot Det er som om ein gløymer barna, nei ikke gløymer da, men som om ein blir heilt fylt av sitt eige og ikke evner eller orkar å sjå barna ein orker ikkje setje grenser eller noko av det som var sjølvsagt før. Når ein blir så fylt av sitt eige, blir rammene ein tenkjer innafor begrensa og gjerne rigide. Ein søkjer teikn, uttaler og bevis på det som samsvarer med sitt eige og som støtter dette. Foreldre som har det slik kan håpe og ynskje at barna skal kome med uttaler som underbygger det dei sjølve ynskjer og meiner. Dei kan kome til å gi meir eller mindre tydelege signal til barna om kva dei ynskjer, kva som vil vere godt for dei å høyre barna formidle også til andre. Barn er instinktivt vare på vaksne sine behov og spesielt foreldra sine. Det kan føre til at barn ut frå sin ståstad seier og gjer det dei trur er viktig og riktig for å imøtekome båe foreldra og sikre ein god nok relasjon til båe. Dersom dette blir for vanskeleg, kan dei måtte velge mellom foreldra: enten den dei trur ikkje vil greie seg utan deira støtte eller den det blir mest truande å ikkje støtte. Barn skal ikkje inviterest til samtalar i tide og utide for å tilfredsstille foreldre eller terapeuters behov. Som terapeuter skal vi vere velbegrunna i det vi foretar oss i forhold til barn dei kan ikkje påleggjes ansvar for å beskytte seg sjølve slik vaksne kan. Barn er ikkje informasjonskjelder vaksne skal kunne ause av for så å bruke det til å fremje eigen angenda uansett om dei er foreldre eller terapeutar.

Å møte barn bør bety å stille seg åpen og til disposisjon for det som måtte kome. Det kan innebere at barn fortel om det som er vanskeleg for dei, men det kan også bety å prate om alt og ingenting. Vi må vise barn kven vi er og kva vi kan tåle før dei kan vite kva dei kan ta sjansen på å seie. Ei 11 år gamal jente var til samtale saman med foreldra sine, som ikkje budde i lag. Vi snakket om kva som var lurt å seie og gjøre i ulike situasjonar og kva som kan vere sårande: Jenta : Men det bryr meg ikkje Eg : Ok, kanskje eg ikkje forsto deg heilt rett i stad for da tykte eg du sa at det vart vanskeleg for deg. Jenta : Eg høyrer det som vert sagt, men det bryr meg ikkje. Eg : Så det læraren skriv i attendemeldinga si eller det nokon seier kan vera sårande, men du bryr deg ikkje om det? Jenta : Ja. Ein må vera ein stein (ser på mor) Eg : Ein må vera ein stein. (litt pause) Kva kan ein vera om ein ikkje er ein stein? Jenta : Da kan ein vera eit lite, skjørt skjel. Eg : Har du vore eit lite, skjørt skjel nokon gong? Jenta : (tenkjepause) Ja, ein gong. Eg : Kan du seie kva tid det var? Jenta : XX (eit damenavn) Eg : Så da XX kontakta barnevernet den gongen og det som skjedde etterpå da var du eit lite, skjørt skjel? Jenta : (nikkar) Eg : Var det fleire i familien som kjende seg som eit lite, skjørt skjel da tru trur du mamma kjende seg som eit skjel? Jenta : Nei, ho er berre stein ho (ser på mor) Eg : Så ho er berre stein. Jenta : (ser på mor og nikker) Eg : Enn pappa da kva er han? Jenta : (ser på far) Han er nesten berre eit skjel Eg : Så pappa er nesten berre eit skjel og mamma er berre ein stein. Enn veslebror da? Jenta : Ingen av delane. Han er berre ein idiotisk gnom ein plagsam, idiotisk gnom. Eg : Så mamma er berre stein, pappa er nesten berre eit skjel og veslebror ein plagsam, idiotisk gnom. Jenta : Ja Eg : Kva tenkjer du eg er da? Jenta : (ser på meg og tenkjer litt) Du er midt i mellom. Eg : Så eg er litt stein og litt skjel? Jenta : Ja Forforståinga og forståinga? Barn som veit at vi snakkar med foreldra deira, kan også la vere å fortelle ein del ting fordi de faktisk trur at vi veit. Når vi gir til kjenne noko vi veit om t.d. familien deira så kan dette gjere at dei trur vi kjenner hele historia slik dei kjenner ho og oppfattar ho. Gjennom samtalar med foreldra kan vi ikkje unngå å danne oss ei forståing av situasjonen og vi kan kome til å tolke eller gjette oss til det som er uklart eller manglar i

samanhengen. Så tenkjer vi kanskje at barna kan supplere dei vaksne sine historier og vår forståing av dei vaksne sine historier, men barn har krav på at vi møter dei mest mogleg åpne og utan forforståing slik at dei kan formidle sine eigne historier og vi må vere nysgjerrige på deira forståing som om vi aldri hadde høyrt om noko som ligna, som om vi er dei uvitande som likevel vil tåle kva for historie som helst. Dersom vi set ord på våre tolkingar eller tru så kan barn lojalt følgje oss i dette utan at dette samsvarar med deira forståing, tankar eller følelsar. Den beste gardering i forhold til å unngå at vår forforståing blir forståinga, er truleg å vere klar over at dette kan skje. Vi treng kollegaer og rettleiere som kan hjelpe oss med viktige innspel til best mogleg navigering i dette farvatnet. Vi treng hjelp til å sjå oss sjølve. Ein klient sa til meg ein gong Eg treng å kome hit fordi eg treng nokon som stiller meg dei ekle spørsmåla. Venninnene mine er for einig og støttande. Terapeuten treng óg å bli stilt ein dei ekle spørsmåla. III INVITASJONEN Med invitasjon tenkjer vi her fyrst på korleis samtalen kjem i gang, reint praktisk, frå samtalen som idé og til vi er i gang i samtalerommet. Det er i dei aller flest sakene dei vaksne og ikkje ungane som tek kontakt med oss. Det er dermed dei vaksne som definerer problemet og gjev si framstilling av situasjonen.. Vi har nokre vurderingar omkring når vi skal invitere barn og når ikkje. I utgangpunktet inviterer vi barn når foreldre ynskjer det og vi også tenker det er ein god idé. Vi inviterer også barn når vi tenker det er bra for dei, og foreldra er eller blir samde med oss om at det er bra. Når inviterer vi ungar og når ikkje - Vi tenkjer dei høyrer sjølvsagt med fordi : 1. Dei er likeverdige medlemmar av familien. Som slike er dei vel informerte om det som skjer i og med alle familiemedlemmane. Å ikkje kunne sette ord på det som skjer i samtale med dei det gjeld, vil føre til at dei gjet på kva som skjer. Dei forestillingane dei da får vil kunne vere vanskelegare å leve med enn det som verkeleg gjeld. Vi vil heller vere her enn å vere att heime hjå bestemor. Da hadde vi ikkje visst kva de snakka om, sa Ida(10) og Lene(12) ved slutten av samtala der mor og far hadde både grete og vore sinte på kvarandre. Heime hadde jentene høyrt krangel mellom mor og far i seine kveldstimar og hatt det vondt med det. Nå var dei tilfredse med at vi(terap.) var i lag med dei når problema skulle snakkast om. 2. Dei har behov for å ta del i samtala ut frå sine forutsetningar og få svar på det dei lurer på i viktige spørsmål for familien. På den måten kan dei skape si meining i situasjonen. Meining blir til ved møte og samtale med dei viktige andre. (Ref.teori.)

Vi vurderer i kva grad ungar skal vere med der 1. Kommunikasjonen mellom foreldra er dominert av krangel, sterk negativ omtale av den andre og mangel på teikn til løysing av problema. 2. Tema er utruskap, traumatiske opplevingar eller store psykiske problem. Det må vere grunna i behov for å få svar på spørsmål dei går med åleine, og avlastning for kjensle av skuld ungane kan gå med når familien har det vanskeleg. Tema til avklaring med foreldra. Kontakt Vi er avhengige av å få ein god relasjon til foreldra og ha deira tillit for å kunne ha ei god samtale med ungane. Det er oftast foreldra som formidlar invitasjonen, og det er derfor viktig av vi nøye avklarer kva vi skal ta opp dersom foreldra ikkje vil vere til stades. Spørsmålet om foreldra vil ha fullt innsyn i samtalen i form av eit referat må også bli bestemt på forhånd.. Dette er best om det kjem frå både foreldra og oss, og at det sjølvsagt samsvarer! Avklaring I aukande grad gjev foreldre uttrykk for at dei treng samtaleparter for å ta opp vanskar dei har med ungar. Det er ikkje lett å finne rette arenaen. Dei er usikre på om helsestasjon eller skule er rette plassen. Dørstokken hjå barnevernet er svært høg, og da kjennest det for mange lettare å ta det opp med oss, sidan dei nå likevel er her for å få hjelp i parforholdet. Skuldkjendsle for at dei med sine problem og konfliktar legg bører på barna er også tema. Ved samlivsbrot kjem ein del foreldre med ynskje om at ungane skal kome til oss og snakke. Vi oppfattar det som dei tenkjer ein type kvalitetsikring. Dei er usikre på om ungane går med tankar og spørsmål dei ikkje kjem fram med. Foreldra kjem ikkje i kontakt med dei slik som før, og er redd dei skal ta skade av skilsmissa. Nokre lyer foreldra og kjem hit om dei ikkje ynskjer det sjølve. Retten ungane har til å halde seg tause om dei kjenner det er best, er viktig å formidle gjennom foreldra, og kan gjere det enklare for dei å bli med på forslaget om samtale. Rettleiing Foreldre kan ha ulike ynskje for samtalen her. Det hender den eine seier nei til at ungane skal kome hit i det heile. Dette speglar gjerne foreldrekonflikten som pågår. Mange slike førehandsdrøftingar med foreldre er ei blanding av parterapi ved konflikter, individuell støtte til ein av foreldra til å klare og stå i situasjonen, foreldre-rettleiing og motivering/støtte til å ta ungane sine innspel på alvor. Vi meiner det er sentralt å hente fram hensynet til ungane som samlande interesse for foreldra der dei vil avslutte forholdet og ynskjer minst mogleg kontakt med den andre. Samværsavtaler på papiret som ikkje er tufta på at foreldre vil forplikte seg på dei, har ingen verdi. Vi som terapeutar må også vere klåre på kva som er vårt ansvarsområde utan å formidle avvising. Det er viktig å ikkje ta frå foreldra ansvar dei har innan foreldreoppgavene, men vere med i drøftingar omkring korleis dei kan løyse sine dilemma. Tausheitsplikta Ei drøfting kring informasjon om tausheitsplikta vår mellom dei som er tilsette ved arbeidsplassen er eit viktig forarbeid. Vi treng basis i ein felles kultur. Vi må likevel tilpasse

det til den enkelte situasjon. Fyrst og fremst må vi klargjere det overfor foreldra. Dei skal kjenne sine rettar og grenser. Det vanskelegaste er å tilpasse forklaringa til alderen til ungen. Om dei ikkje forstår kva vi vil ha sagt, kan det føre til usikkerheit og kanskje tausheit. Møtet på venterommet. Kontakta som oppstår ved det fyrste møtet på venterommet er ein viktig start. Vi viser oss fram, og vi ser dei, - viser oppmerksomheit. Vi formidlar oss sjølve i desse møtepunkta, ja, inviterer til kontakt. Vi må vere ekte, oss sjølve og samtidig ikkje ha ein kommunikasjonsform som er for forskjellig frå deira. Enkelt kvardagsspråk utan vaksne ord og uttrykk! Korleis dei opplever oss, får noko å seie for korleis samtalen kan fungere. I ei lita ordveksling omkring praktiske ting kjem vi litt nærare kvarandre. Det kan vere kva drikke dei kan tenke seg, om ungane vil ta med nokre leikesaker frå hyllene i venterommet og kort informasjon om eitt eller anna. Utforsking av einvegsspegel, mikrofonar og anna utstyr kan vere gode hjelpemiddel til å bli betre kjent også! Dei kan ta oss inn utan å sjølve vere i fokus.. IV SAMTALENE Kome i gang. Er det lov å seie stygge ord der? Spørsmålet vart stilt til mor før familien skulle reise til kontoret til samtale. Eit svært sentralt spørsmål for ein seks-åring. Ein del av problema for denne ungen var nemleg stygge ord som vart sagt heime når vanskane tårna seg opp for dei vaksne. Korleis kan ein snakke om slikt utan å ta nokre av slike forbodne ord i munnen? Kven er vi? Kva går an her? Ungane har mange spørsmål, og ein del av desse vågar dei seg kanskje ikkje fram med. Det gjeld at vi raskt kjem til saka. ( Tausheitsplikta vår må vi også gjere greie for. Om vi har samtalt med foreldra om dette på forhånd, treng vi å klargjere det overfor ungane anten forelda er til stades eller ei. Eks.: Til Per (10): Mor har sagt at ho ikkje treng å vite kva du har sagt her. Du bestemmer sjølv kva du vil snakke om og om det er noko du vil ho skal vite av dette. Om eg treng å snakke med andre som arbeider med barn om noko av det vi snakkar i lag om, vil eg seie det til deg fyrst. Vi må sikre oss at Per forstår innhaldet i det vi seier om tausheit, utan at det blir ei hovudsak. Samtidig må vi også sikre oss at kontakta med Per er der. Vi har hatt litt kontakt alt før vi går inn i samtalerommet. Nå er det tid for å gå vidare. Eks. på spørsmål til alle, så den som vil kan svare: De har kanskje snakka i lag heime om kvifor de skulle hit i dag? ) Avhengig av svaret finn vi ein tråd å fylgje. Det kan vere at barnet ikkje har noka klar oppfatning om kvifor det skal vere med hit sjølv om foreldra har snakka med dei heime. Vi som er i lag akkurat nå må finne ut kva som er viktig å snakke om i dag, og kanskje framover ei tid. Dette må vi finne ut aller fyrst. Tidleg i samtalen er det også viktig å formidle håpet om at det som er vanskeleg nå kan bli betre etter kvart. På den eine sida skal vi ta imot bekymring og problem, og prøve å forstå desse. På den andre sida skal vi nytte dei høva vi får til å vise fram at vi høyrer om noko dei

får til på ein bra måte, utan at vi avviser problema. Å få fram kva både ungane og andre i familien har gjort som vi ser som mestring, er viktig å fylgje opp. Nokre ungar er tause, og må få vite at det er i orden: Om du ikkje har lyst til å spørje om noko eller seie noko, er det heilt greit. Det er fint om du høyrer på kva mor og far snakkar om i lag med meg. Om du vil seie noko, kan du gjere det når du vil! Om ungar forblir tause i møtet mellom foreldra, dei og oss, har dei fylgt med og kan kome tilbake til det dei synes er viktig seinare. Samtale, å skape noko i lag. Lill(7)og Lisbet(4) kom i lag med mor og far etter ei hending der bestefar hadde vorte svært sint ein dag dei hadde vore åleine hjå besteforeldra. Jentene hadde ikkje forstått samanhengen og trudde han var sint på dei. Nå ville dei ikkje vere åleine der lenger. Mor og far hadde flytta frå kvarandre for vel eitt år sidan. Dei hadde ikkje klart å finne ein god måte å hjelpe jentene med dette etterarbeidet. Dei ville at vi skulle snakke med jentene deira. Vi var to terapeutar i møte med familien. Jentene fann kvar sitt foreldrefang, og heldt seg stort sett der, med kvart sitt kosedyr i hendene. Dei ville ikkje svare på spørsmål frå verken foreldra eller oss. Kosedyra ville heller ikkje seie noko til oss, eller vere i lag med dei som sat i hyllene på venterommet. Etter ein god halvtime tok dei nokre korte turar ut på venterommet, med døra på gløtt inn til oss. Det kunne vere slik fordi venterommet var tomt for klientar. Foreldra forklarte kva som hadde skjedd, kva dei trudde bestefar hadde tenkt, kva han var lei seg for nå og kva han gjorde for å få det til å bli i orden att. Det var ikkje tvil om at dei to små fylgde med og tok del på sin måte. Mor og far hadde ulik måte å vere til hjelp på for jentene. Desse ulike måtane snakka vi om for å få fram kva dei gjorde som dei håpa var bra for jentene. I staden for å underkjenne den andre sin måte, håpa vi å vise korleis dei begge prøvde å gje den beste hjelpa dei hadde. Spesielt oppmerksamme var jentene når vi spurte foreldra kva dei trudde jentene tenkte omkring konkrete hendingar, og korleis dei hadde det i dei ulike situasjonane. Dei smilte og fniste litt av og til når vi gjetta noko. Hadde vi gjetta heilt feil? Vart det ikkje så alvorleg og farleg lenger når vi kunne tenke slik om dette? Det var etter denne fasen at dei glei ned av fanget og tok seg ein tur ut til dei andre leikesakene. Vi tenker at viktigare enn orda og innhaldet i samtalen, var det at mor og far møttest for å ta godt vare på jentene. Viktigare enn orda var også stemninga som etter kvart laga seg, med ro, velvilje og humor. Ved siste kontakt sa foreldra at det nå gjekk greit med bestefar og jentene, dei overnatta og alt var tilbake til det vanlege. Dei syntes også at dei som foreldre hadde hatt nytte av samtalene. Fleire samtaler med foreldre og barn liknar på denne. Barna tek del på ulik måte med uro eller stille observasjon. Dei har ikkje ord å bruke i denne sammenhengen. Deira måte å vere på der og da viser om dei kjenner dette hjelper eller ikkje. Om vi skal invitere til samtale med barnet åleine om det ikkje er avtalt med foreldra på forhånd, er det utviklinga i samtalen som bestemmer. Alder på barnet og tema som kjem fram er med å gje oss idéar om kva vi vil foreslå. Svært ofte er det nettopp dette å skape eit rom for å snakke om noko vanskeleg som blir viktigast. Barn fell til ro og kan vere meir opptekne

med leiken når dei observerer at mor og far klarer å snakke om det som uroar familien. Kirsten Padkjær seier det er viktig kva vi gjer i lag med barn, men enda viktigare er det korleis vi gjer det. (Kurs Vettre 2006?) Kroppspråk, tonefall, ja, stemninga mellom oss er med å skape det rommet som samtalen kan utvikle seg i. Som terapeuter har vi hovedansvaret for lage det mogleg å få til ein god prosess. Ikkje berre ord. (Kva vil passe?) HEJ si sak. Foreldra hadde vore til fleire meklingstimar. Konfliktnivået var svært høgt og det var svært vanskeleg å kome fram til noko særleg om noko som helst. Dei spurde om eg kunne prate med dotter deira på 8 år. Eg hadde fleire samtalar med Åse gjennom nokre månader. Sjette samtalen var det far som følgde Åse til kontoret. Huset var seld og mor hadde fått seg arbeid nokre mil unna og flytta dit. Åse bodde hos far, men nokon endeleg avtale var ikkje i hamn. På venterommet hadde Åse funne seg 4 hand-dokker: ei dame, ein mann, ei jente og ein gut og desse vart med inn i samtalerommet. Far sat att på venterommet. Dette vart dokkenes time. Åse spela fleire dramatiske scenar med dokkene og prata med dokkestemme. Eg skjøna det slik at eg skulle halde meg unna å stille spørsmål eller kommentere noko særleg. Dokkene hamna ei etter ei i ulike vanskelege situasjoner der dei trongde hjelp, trøst og pleie. Dei brakk foten, dei svima av, dei slo hol i hovudet alle unntaken dokkejenta. For ho hjalp, trøsta og redda dei andre. Ein gong det passa slapp eg gjennom med eitt spørsmål. Da vende eg meg til dokkejenta og spurde om ho som var så flink til å ordne med så mykje kunne spørre Åse om korleis ho hadde det. Dokkejenta spurde (med dokkepipete stemme) Åse som svara dokkejenta (med si eiga vanlege stemme) og dokka sa til meg (med dokkestemme) ho er lei seg fordi mamma n har flytta. Måten det var sagt på var kort og bestemt. Eg tolka det som ein beskjed om å ikkje komme nærare dette med fleire kommentarar eller spørsmål. Etter nærare 40 minutter laga vi ei seng til dokkene og Åse la seg på golvet. Da eg spurte bekrefta ho at ho var sliten. Med kroppsspråk og måte å tale på heldt ho meg på den avstanden eg trur var naudsynt for ho. Å insistere på å kome nærare inn på ho i denne situasjonen trur eg ville vore svært uheldeg. Eg visste ikkje noko om korleis faren ville greie å ta hand om ho etterpå eg visste berre at han var svært fylt av ei stor konflikt med mor. Uten en tilgjengelig omsorgsperson vil det være etiske betenkeligheter med å gi barnet en dialogisk åpning til å vise sine tilstander og behov, uten at vi kan eller har legitimitet til å gjøre noe med det, annet enn å moralisere over andre. (Haldor Øvreeide, fokus vol. 29 Universitetsforlaget 2001 s. 31). Små skritt. Lars(10) var mørkredd og ville ikkje vere åleine i huset berre ei lita stund sjølv om det var lyse dagen. Mor og far bestilte time for å snakke om dette. Dei hadde ein del andre bekymringar også i samband med at dei hadde skilt lag for vel eit år sidan. Dei lasta seg og situasjonen dei var oppe i for å skape problema for Lars. Han kunne bli problemet, da det var

han som var den ytre årsaken til at dei nå kom hit. I samtale med foreldra utan Lars til stades, snakka vi om korleis vi skulle unngå dette. Dei kom fram til at dei ville seie til Lars korleis det var, at dei hadde vanskeleg for å snakke i lag og derfor ville ta opp vanskelege saker her. Så var ikkje Lars åleine om å ha problem, og ingen var eit problem! Ved fyrste møte kan det vere godt å samle eit usamd foreldrepar i eit arbeid med å liste opp på ei tavle kva gode og utfordrande sider dei ser ved barnet dei er foreldre til. Korleid opplever dei barnet sitt i kvardagen? Kva ynskjer dei for barnet sitt? Her må vi hjelpe dei til å vere konkrete! Korleis vil dei handle for å sette fine målsettingar ut i livet? Kven? Når? Er det mogleg at dei kan gå i lag om dette? Kva ville vere til hjelp for å få det til? (Hafstad og Øvreeide 1998 s. 160)??? Anna litt.? Løysingsfokusert..: Kor nyttig var dette problemet for familien? Lars fekk i alle fall mykje oppmerksomheit frå foreldra. Dei vart nøydde til å ha meir kontakt med kvarandre. På den andre sida behøvde det ikkje handle om dette i det heile. Kunne han ha vorte skremt over noko/av nokon utan at han ville seie det, - eller var klar over korleis dette hekk i hop? Vi samtalte om korleis dette var for alle i familien. Kven kjende mest plage ved det dette? Minst plage? Når var han ikkje mørkredd? Når var han mest mørkredd? Eg lurte på om det var slik at om ein var mørkredd, kunne ein ikkje sjølv gjere noko for det. Kunne mor og far gjere noko? Alle funderingane våre verka til å gje han lyst til å prøve sjølv kva han kunne for å tøye desse banda noko. Eg kjende likevel på om eg ved dette var med å legge ansvaret på guten i staden for foreldra. Mor og far hadde ein del samtaler åleine, og eg la fram dette for dei. Var det noko han hadde behov for som vi vaksne ikkje fekk tak i? I samtalene der alle 3 tok del, snakka vi om kva som var vanleg å vere redd for når ein var heilt liten, litt større og også så store som vi vaksne var. Noko var det upraktisk å vere redd for, som å gå i kjellaren for å hente seg is i fryseren! Målet var å normalisere situasjonen. Lars greip eit uttrykk som kom frå ein av oss om at han ville bruke små skritt for å kome ut av denne plaga. Da hadde vi eit utgangspunkt for å lage ein plan. På flipovertavla hadde vi laga ein skala som viste kor bra det var nå, og kor bra han ville det skulle bli. Planen vart konkretisert ved at han laga tidsetappar og forklarte kva han ynskte skulle vere delmåla. Han vart ein ivrig observatør til sin eigen framgang, dei konkrete små endringane han gjorde. Eit par samtaler hadde han åleine, og bestemte kva mor og far skulle få del i. Dei hadde frå starten sagt at han fekk bestemme kva dei skulle få vite. Lars var tilfreds med det han hadde oppnådd på dei forskjellige etappane. Han opplevde å vere i mål for det han hadde planlagt. Nå var det greit! Mor og far heldt fram med samtaler om andre bekymringar dei hadde som foreldre. Mor og far har ansvaret (Kutte ut?) Eva (17) budde på hybel medan ho gjekk vidaregåande skule. Livet vart så vanskeleg for henne at ho gjorde eit sjølmordsforsøk. Venninnene fekk henne med til familiekontoret. Til å begynne med var venninnene med i samtalene. Etter kvart var det berre ei av dei, og til sist kom ho åleine. Ved å ha med venninnene hadde ho heile tida eit oppdatert nettverk i kvardagen. Eit par av dei budde også på hybel. Mange tema om skulen og kvardagen der kom fyrst, og det låg langt inne å fortelje kva som uroa henne det meste av tida. Ho tenkte mykje på korleis foreldra hadde det heime. Det var vanleg med høglydt klangel når dei trudde at

ingen av ungane høyrde på. Ho hadde passa på mor i mange år, for ho hadde opplevd fleire gonger som lita at faren hadde øvd vold mot mor. Nå kunne ho berre vere heime i helgene. Tanken om at ho ikkje orka å leve lenger, at det var betre om ho ikkje var, dukka nå opp kvar dag. Smått om senn dukka fleire bekymringar frå familielivet opp. Tankane om at ho ikkje orka leve kom meir sjeldan fram. Det ho gledde seg over, det ho fekk til, dei ho var glad i fekk større plass. Vendinga vart svært tydeleg da ho ein dag starta med: Eg har tenkt på at dette med mamma og pappa er noko dei må ordne opp i sjølve. Eg kan ikkje hjelpe dei! Når alt er ille ( Ingen ting er bra om dagen. Har ikkje vore det på LENGE. Endeleg kan Harald fortelje til nokon korleis han har det.) HJELPEMIDLER Det finnes mange ulike hjelpemidler/verktøy ein kan velge å bruke eller velge å ikkje bruke i samtaler med barn. Vi har forsøkt å skaffe oss ei oversikt over kva for verktøy vi har i verktøykassa her på kontoret og kva for erfaringar vi har med bruken av dei. Hvordan-har-du-det-skjema (HHDD) Dette er eit av dei første reiskapene vi fikk i vår verktøykasse. Dette blei utforma av psykolog Per Midtstigen i forbindelse med prosjektet Barns stemme når voksne er i konflikt. Det består i utgangspunktet av 6 ark med svært enkle strekteikningar. Arka fylles ut av barnet saman med terapeuten, utan foreldre til stades. Ark 1: teikning av ei vaksen kvinne, ein voksen mann og eit barn. Ark 2: teikning av ei vaksen kvinne og eit barn. Ark 3: teikning av ein vaksen mann og eit barn. Ark 4: teikning av tre barn, to sparkar ein ball mellom seg Ark: 5: teikning av eit barn. Ark 6: blankt ark. Vaksenpersonane har noko diffuse ansiktsuttrykk, på barnet er det ikkje noe ansikt. Nederst på alle arka er det teikna 6 smilefjes med ulike uttrykk: lengst til venstre på arket eit sint uttrykk, neste med tårer, neste rett strekmunn, neste smilefjes og lengst til høgre smilefjes med solstrålar rundt. Til ark 1 seier vi: her er ei teikning av deg, mamma og pappa. Kva for eit av fjesa tykkjer du passer best når du tenkjer på deg sjølv, mamma og pappa?. Til ark 2: her er ei teikning av deg og mamma. Kva for eit av fjesa o.s.v. Til ark 3: her er ei teikning av deg og pappa. Kva for eit av fjesa o.s.v. Til ark 4: her er ei teikning av deg og vennene dine. Kva for eit av fjesa o.s.v. Til ark 5: her er ei teikning av deg når du ikkje er saman med nokon. Kva for eit av fjesa o.s.v. Til ark 6: her er det ikkje teikna noko. Her kan du teikne eller vise kva for eit av fjesa som passar best for deg slik du har det akkurat nå?. Barnet får velge om det vil teikne ansikt på barnet, sette pil fra nederst på arket til/fra barnet eller kryss ved eit ansikt. Det hender barnet vel midt mellom to fjes eller to forskjellige fjes og beskriver når dei ulike fjesa passar. Erfaringane med HHDD-arka er hovudsakleg at barn liker dei fordi dei er så enkle, det er lite prestasjon knytt til å fylle ut. På den andre sida opplever vi også at enkelte barn velg det fjeset dei tenkjer passar oss/foreldra. Dei veit kva for fjes som kan kome til å bli etterfølgt av spørsmål dei ikkje ønsker å gå nærare inn på.

For terapeuten er arka enkle å finne fram og dei kan enkelt utvides ved at dei kan være teikning av for eksempel deg, mamma og mammas kjæreste/sambuar eller noko anna som passar det enkelte barnet. 03.02. In My Shoes Det var HHDD-arkene som gjorde oss særskilt merksame på dataprogrammet In My Shoes da det blei presentert på ein work-shop på verdenskongressen i familieterapi på Island i 2006. Det som fanga vår merksemd var nok likskapen det hadde med HHDD-arka. Dataprogrammet bruka av terapeuten og barnet saman, utan foreldre til stade. Programmet består av strekteikningar av personar i ulik størrelse med ulike etniske trekk samt ulike situasjonar som kan defineras til ulike stader. Programmet startar innleiingsvis med at barnets navn og alder skrives inn. Deretter definerer barnet ulike følelser knytt til ulike smiley-face - uttrykk og knytter disse til ulike situasjonar. Vidare defineres barnets bustad(ar), ulike personar og situasjonar knytt til dette og dei ulike følelsene. Her kan også skole og evt. barnehage defineres inn. Programmet har også ein modul som omhandlar smerte og ulike smerteopplevingar knytt til kroppen. Utskriftsversjonen er svært detaljert i forhold til alle bevegelser og pauser som er gjort undervegs. Det gis rom for at både barnet og terapeuten kan skrive inn snakke- og tenkebobler og at terapeuten kan gjøre eigne merknader. Programmet kan brukes på barn, ungdom og vaksne. Det er spesielt utviklet mhp barn, unge og sårbare vaksne. Kontoret har kjøpt rettigheitene frå England til å selge programmet og halde kurs i Norge. Erfaringane med In My Shoes er at det fungerer godt som eit ledd i ei informasjonsinnhenting og dokumentasjon av denne. For nokre barn fungerer det også godt mhp å kome i gang med samtaler og gå inn i ulike situasjonar. Dersom programmet brukes i ei samtalerekke kan ein få fram evt. endringar knytt til ulike situasjonar. Mange barn kan oppleve det som ei lette at blikka hovudsakleg kan være vende mot dataskjermen. Nokre barn kjeder seg svært raskt og blir uinteresserte, vil bli ferdig raskast mogleg. For terapeuten krevst at ein har ein lap-top tilgjengeleg der ein kan oppbevare konfidensielle opplysningar. Nokre terapeutar opplever det som svært nyttig i alle fasar av kontakten og samtaler med barn, at dei får prata med barn om ulike tema på ein grundigare og vidare måte enn dei opplever å få til ved hjelp av andre tilnærmingar. Andre terapeuter synes det går for sakte på enkelte områder og dermed blir ei hindring for å kome til saken, at det blir for skjematisk og hindrar ein naturleg dynamikk. Programmet må brukes jamnleg for å halde den programtekniske kunnskapen ved like og oppnå optimal nytte. Livets elv Dette er ein alternativ måte å fortelle ei historie på i fellesskap med barn, foreldre og terapeut. Det er nokre reglar som gjeld for alle når historia blir fortalt: alle har rett til si eiga historie, livet er ikkje det som hende, men det du hugsar og måten du hugsar det på, ingen kan bestemme kva ein annan har følt, opplevd eller oppfatta. Heile samtala kan filmast og familien får filmen i etterkant, eller det kan teiknest av eller fotograferast og gis til familien.

Taulengder med ulik farge leggjest på golvet og symboliserar det enkelte familiemedlem. Det er ofte naturleg å starte med far og mor sine tau og så leggje til barnas etter kvart som dei kjem inn i familien. Ulike typer symbol som heile/brustne hjerter, smiley-face med ulike uttrykk, gavepakkar, flasker, dyrefigurar, dokker, nøkler, lås o.lign. kan nyttast. Etter kvart som historia blir fortalt vert det lagt symboler på tauet. Kvar familiemedlem velgjer for seg. Tauene kan variere i kor nært eller langt frå kvarandre dei ligg. Når historia kjem til dagens dato kanei sjå attende og kommentere eller snakke om det ein ser. Vidare kan alle snu seg slik at historia ligg bak og tau utan symbol ligg framfor: kva for ønsker, håp og tro har kvar for framtida. Erfaringane med Livets elv er at dei fleste barn stykkjer dette er ein spennande måte å fortelje historia på. Nokre vaksne kan være reserverte gjennom heile samtala, men svært mange tør opp og lar seg engasjere. Dei fleste gir attendemeldingar om at dei opplever dei får eit anna perspektiv når historia bokstaveleg talt ligg framfor føttene deira. Dei fleste er ikkje opptekne av å ha ein filmversjon av samtalen. Av praktiske grunner har vi stort sett gått over til at terapeuten teiknar av eller tar bilde av historia og sender til familien. Måten har vist seg eigna også for parsamtalar. For terapeuten kan dette være ein befriande form for samtale ved at alle kan bevege seg noko rundt og samtidig ha fokus på noko felles. Det krev at terapeuten gir den enkelte det rom som trengs for å finne sin måte innafor rammene. Det kan være nødvendig å minne om reglene undervegs. Det kan komme til sterke følelsesuttrykk og enkelte deler av historia kan bli svært sterk å få synleggjort på denne måten. Teikne hus Nokre barn har flytta mykje rundt omkring og/eller det har vore hyppige utskiftingar i husstandsmedlemmer. Dette kan vere tilfelle for både mor og fars hushald om dei ikkje bur i lag. For å finne samanheng i eige liv kan det for desse barna vere eit nyttig hjelpemiddel å teikne hus. Dette må gjøres saman med ein eller båe foreldra. Flip-over eignar seg godt, eit eller to hus per ark. Teikn eit enkelt husomriss. Teikn strekteikningar av kvinner, menn, jenter, guter og gjerne også dyr. Start gjerne med sjukehuset/den staden barnet vart fødd. Kvar var sjukehuset, kven kom på besøk o.s.v. Kvar gjekk ferda frå sjukehuset, kven budde i det huset du kom til. Kva for andre andre hus har kome til etter kvart og/eller kven har budd i dei ulike husa eller kven har flytta ut og inn av same huset. Heng husa opp etter kvarandre i rommet og føy til eller trekk frå etter kvart som historia kjem på plass. Det bli få eller mange hus. For nokre barn er det naturleg å teikne fars hus og mors hus slik det/dei er nå. Nokre barn fortel detaljert korleis huset ser ut både utvendig og innvendig. Nokre barn vil gjerne teikne sjølve, andre liker at terapeuten teikner og dei instruerar. Nokre utfordrar også foreldra til å delta. Erfaringen med å teikne hus er at for dei barna som liker dette så fortel dei ofte om små episodar eller det kjem setningar innimellom som får terapeutører til å spisse seg. Nokre barn blir svært detaljerte i teikningane kanskje for å unngå at vi går vidare til noko vanskeleg eller fordi dei ventar på at vi skal forstå eit eller anna viktig.

Nokre barn blir sitjande å betrakte teikningane og nærmast nikke til den nye oversikta over eige liv der det heng på rad og rekke og nokre gonger er det slik for foreldra også. Dette er ei lett tilgjengeleg samtaleform. Det er berre å legge vekk ambisjonane om å vere ein god teiknar. Barn er overberande og hjelper oss gjerne dersom det blir for gale. Dei tykkjer ofte det kan være morosamt om du spør om det for eksempel bor mus i kjellaren og så teiknar du den også. Kaninar, hestar o.s.v får ofte sine eigne hus eller mus og fuglar får sine eigne hus inne i huset. Dyr er ofte svært viktige for barn og må få sin rettmessige plass. Nettverkskart/genogram Nokr barn kan greie å teikne nettverkskart eller genogram på eigahand saman med terapeuten, andre vil trenge at ein eller båe foreldra er med. Erfaringen med å teikne nettverkskart/genogram saman med barn er at dei enten får synleggjort kor god oversikt dei har over familien og andre dei forheld seg til i kvardagen og korleis forhaldet er mellom dei ulike personane - eller at dei får på plass det dei ikkje hadde oversikt over og blir meir klar over på kva måte ting heng saman. Dette er lett tilgjengeleg for terapeuten. Ein må passe på at barnet ikkje oppfattar det som noko vi forventar dei har oversikt over slik at dei trur dette er noko dei blir vurdert ut frå. Dersom det er viktig for barnet eller vi meiner det er viktig for vår del, sørger vi for å finne ut av det gjennom foreldra. Barnet i midten Skriv barnets navn og dato midt på flip-overarket og teikn gjerne en sirkel rundt. Etter hvart som de snakkar saman noterer du det som blir sagt rundt sirkelen og teiknar streker mellom utsagn som har samanheng med kvarandre. Når samtalen er over står samtalen synleg for både barnet og terapeuten. Dersom noko frå samtalen skal refererast til foreldre eller andre, kan dette markerast med ei anna tusjfarge enn den du har skrive med og det som evt. ikkje skal seiast med ei tredje farge. Erfaringen med å synleggjøre samtala på denne måten er at spesielt ungdom gir uttrykk for at det gir dei ei god oversikt og at dei ser samanhengar som øker forståinga for eigen situasjon. Det gir dei også ein følelse av tryggheit og kontroll at vi synleggjør det som skal bringast vidare. Det forutset at barnet kan lese såpass godt at det ikke blir eit strev å følge med på kva som blir skrive. Dette er eit lett tilgjengeleg hjelpemiddel og det gir god anledning til kontroll på at du har forstått riktig og moglegheit til å finpusse korleis du skal bringe noko vidare. Skalaspørsmål På for eksempel ein skala 0-10 eller ei søyle 0-100 der 0 er for eksempel heilt borte og 10 eller 100 er det aller værste/meste. Dette kan brukast til å spørre om korleis det var da problemet starta, korleis det var da dei kom til samtale første gong, korleis det er i dag, korleis trur/håpar dei det skal bli. Kva verkar på at det beveger seg opp/ned/bortover i den eine eller andre retninga. Dette kan brukast om forhald som direkte angår barnet sjøl eller vurdering deira av for eksempel ein eller båe foreldra.

Erfaringen med skalaspørsmål er det enkelt synleggjør ei utvikling i ei eller anna retning og moglegheiter for å snakke om dette. Dei kan delast opp og vera svært konkrete og detaljerte om det verkar nyttig. Dei fleste barn over eit stort aldersspenn fattar ganske fort poenget. Det er enkelt tilgjengelig for terapeuten. Eit ark og ein penn er det som trengst. Teikne Nokre barn likar å teikne og teiknar gjerne på oppfordring ei oppgave dei får. Andre barn likar best å teikne fritt. Andre barn liker ikkje å teikne i det heile tatt. Erfaringen er at det er svært ulikt kor lystne barn er på å teikne. Snakke med barna om det dei har teikna og be dei forklare. Terapeuten kan få mange interessante opplysningar på denne måten, men kan også falle for freistinga å tolke inn sine eigne teoriar. Rollespill/drama Å dramatisere/rollespille noko som har hendt evt. med barnet som regissør, er noko enkelte barn likar godt. Dette kan også brukast om noko som skal skje, som eit ledd i ein førebuingsprosess. Situasjonen kan spelast flere gonger med alternative utsagn og handlingar. Erfaringen er at for dei barna som liker dette fungerar det godt. Dei tykkjer det er artig, det gir følelse av meistring og kontroll. Samtidig foregår ei bearbeiing og/eller førebuing. Det er enkelt å arrangere. For terapeuten kan det være utfordrande å gi frå seg noko av kontrollen ved å la barnet ta regien og få tildelt ei rolle. Terapeuten må likevel behalde såpass kontroll at det ikke ber heilt galt av stad og korrigere for det som kan bli for gale. Leik På venterommet har vi nokre leiker. Det hender at barn begynner å leike med desse før samtalen startar. Nokre gonger passer det at leikene blir med inn i samtalerommet og kan brukes aktivt vidare i samtalen. Eit anna alternativ er at terapeuten eller barnet sjølv finn passande leiker etter at samtalen er i gang. Erfaringen med å bygge vidare på noko barnet allereie er i gang med eller viser interesse for, er positive. Det kan virke bekreftande på barnet om vi legg merke til hva dei leikar med og anser det som såpass verdifullt at vi bringer det med vidare. Terapeuten kan også her få tildelt roller og bli utfordra på å hive seg uti det. Det kan også vere mogleg å kome i posisjon til å snakke med barnet via dokka/bamsen/dinosauren. Lett tilgjengelig, det er berre å gripe moglegheiten. Bamse på heimebesøk Hos oss har vi ein ganske stor, kvit teddybjørn på venterommet. Nokre barn fell for denne og tek han med seg inn i samtalerommet. Denne hjelper innimellom barna til å fortelje. Det hender han blir med barna heim og fortel kva han har opplevd, sett og høyrt når han kjem attende til kontoret saman med barnet.

Erfaringen med bamse på heimebesøk har vist seg å kunne bli svært interessant. Den bamsen kan innimellom fortelje om litt av kvart og bli et utgangspunkt for vidare samtaler med barnet. Men det kan også skje at bamse ikkje har opplevd noko som helst, i hvert fall ikkje som han vil fortelje om her. For terapeuten handlar det om å gripe sjansen når han byr seg forutsatt at det bur ein bamse på kontoret. Bekymringsdokker fra Guatemala Dette er 2-4 cm store dokker laga av trespon med tøystykker/surra tråd rundt. Dei ligg i små skrin av høvelspon. Iflg. legenden kan små barn i Guatemala fortelje ein bekymring per dokke når dei legg seg om kvelden og leggje dokkene under hovudhodeputa si når dei vaknar har dokkene fjerna alle bekymringane. Vi har delt ut mange slike skrin på kontoret. Vi lovar ikkje at dei tek bort bekymringar, men fortel legenden og seier kanskje dei kan hjelpe noko. Erfaringen med bruk av bekymringsdokkene er at dei fleste barn blir svært glad over å få dei og de held dei gjerne løynde for søsken, men fortel om dei til foreldra. Foreldre har gitt attendemelding om at barnet har tilbudet dei å låne ei dokke når dei har sett mor/far lei seg. På den måten kan dokkene bli noko barnet føler dei kan hjelpa med. Det kan også hende at barn fortel terapeuten kva slag bekymringar dei har fortalt dokka. Eit svært takknemleg hjelpemiddel. Skriftlege og munnlege forteljingar På kontoret har vi bøker som for eksempel Even og skilsmissen av Kirsti Haaland, Sinna mann av Gro Dahle og Svein Nyhus. Vi har også ein perm Det var en gang av Nancy Davis, oversatt til norsk av Åse Caspersen og Gunhild Odland. Dei fleste av oss har minne om bøker vi har lese for eigne barn eller blitt kjent med på andre måtar som kan høve godt å lese for barn vi har kontakt med på kontoret. Vi kan gjerne dikte ei historie eller ei forteljing der og da til barnet vi sit saman med lage ei historie vi trur vil appellere til akkurat dette barnet. Eller vi kan lage ei forteljing saman med barnet, gjerne mens barnet teiknar eller vi teiknar saman. Erfaringen med å lese eller lage forteljingar er at dersom dei har ein klangbotn i barnet så kan det bli en måte å fortelje om seg sjølv på utan å tape ansikt eller kjenne seg som ein forrædar. Kanskje blir det mogleg for barnet å nærme seg eit vanskeleg tema utan å føle seg usikker på om alt vil briste, samtidig som det blir mogleg for barnet å finne ut korleis vi reagerar på forteljinga. For terapeuten er det berre å benytte høvet som byr seg. Det er rimelig at barn ønsker å sjå oss an før dei kan velge å dele vanskelege ting med oss. Merete Holmsens museteikningar I Merete Holmsens bok Samtalebilder og tegninger en vei til kommunikasjon med barn i vanskelige livssituasjoner følger 18 bilete av ein musunge i ulike situasjonar saman med andre mus eller aleine. Biletene har rivekant og kan enkelt tas ut av boka.

Erfaringen med bruk av desse musebiletene er at ein del barn likar å lage historiar om denne musungen historiar som verkar temmelig fri for koplingar til deira eige livssituasjon eller nettopp historiar nært samanfallande med deira eige situasjon. Lett tilgjengeleg for terapeuten. Det kan kanskje bli fristande å tolke vel mykje dersom ein ikkje stiller spørsmål til barnet undervegs for å få ei tjukkere historie. Det kan vere ein kunst å akseptere at barn vi veit har det vanskeleg, også kan lage forteljingar som ikkje nødvendigvis må vere relatert til deira eiga liv. David Kvebæks trefigurer Trekofferten inneheld 21 menneskeliknande trefigurar i tre ulike størrelser og to ulike fasongar. Figurane er raude, blå eller trekvite. Dei passar godt til konkretisering av nettverkskart kven symboliserar figurane og kvar står dei i forhold til kvarrandre. Har dei endra posisjon i forhold til kvarandre korleis kunne du tenkje/ønske deg dei skulle stå i forhold til kvarandre o.s.v. Erfaringen med bruk av figurane er at barn kjapt ser moglegheiten til å figurera sine betraktningar. Figurane er enkle å flytte rundt. Det inneber også at det er mogleg å heilt uforpliktande prøve seg fram ifht kva ein meiner, trur, tenkjer, kjenner er riktig. For terapeuten er figurane lett tilgjengelege og enkle å bruke. VII OPPSUMMERING Den fyrste del av historia til dette familievernkontoret er full av parhistorier og trua på at barn fekk den hjelpa dei hadde bruk for ved at mor og far kom til samtale. Som ofte når ein ny tanke dukkar opp, tek den over for det som var før. Nå skulle vi alltid invitere med ungane! Pendelen har roa seg litt meir på midten ved at vi nå snakkar om korleis ungane har det og kva dei treng når mor og far strevar i parforholdet. Der det er store konfliktar, prøver vi å få mor og far med på tanken om at ungane treng nokre å snakke med om korleis det er å vere dei nå om dagen. Foreldre er nesten utan unntak letta over å kunne snakke også om dette. Der barna gjev foreldra sine attendemeldingar direkte i fellessamtaler eller gjennom oss frå eigen samtale, kjem nye perspektiv inn på korleis livet i familien blir opplevd. Det kan bli ei sterk motivering til endring mot meir samarbeid og mindre kamp for eigne interesser hjå foreldra. Familievernkontor står i ei eiga stilling samanlikna med andre instansar som er etablert spesielt for å ta vare på barn, som BUP og Barneverntenesta. Vi er lette å kome i kontakt med sidan vi ikkje har krav om henvisning, og det er mogleg med kort ventetid når det hastar å få hjelp. Vi kan derfor bli oppsøkt t.d.i saker der foreldre er negative til kontakt med barneverntenesta. Utfordringa er at vi kan vere med å dra ut tida før nødvendige tiltak blir sett i verk til beste for ungane. Det er alt reist kritikk mot familievernet for å vere seine med eller unnvike å melde saker til barnevernet. Vi treng å granske oss sjølve og kulturen på kontoret i forhold til korleis vi

vurderer situasjonane. Eit sentralt spørsmål er om vi tek meir hensyn til sterke foreldre enn barnet som dei kanskje ikkje vil ha med hit. Det kan vere tilfeldig kvar ein familie vender seg med eit problem. Vi treng å vere vakne i forhold til å hjelpe dei med å finne rette hjelpa, og det er ikkje alltid hjå oss. Da er det viktig å få til ei overføring som kjennes som hjelp, ikkje som avvisning (Negativt: De passar ikkje her.) Om dei sjølve ynskjer det er vi med klientane våre til ein annan instans. Slik tek vi også imot nye klienter om det er ei hjelp. Samarbeid med BUP, Barneverntenesta, Helsestasjonar og psykiatritenestane i kommunane har vorte meir vanleg, og bygger ned stengsler som vi hadde meir av tidlegare. Familiane gjev oss som regel lov til å ta kontakt med annan instans ved behov. Der fleire er inne som hjelparar, har dei og vi som regel nytte av at vi møtes alle for å få oversikt over kva som trengs av tiltak og kven som bidreg med kva. Vi ser som oftast at dette gjev større kjensle av å ha kontroll over eige liv og større tryggheit for dei som treng støtte ein periode. Vi er ofte dei som ber håpet gjennom kneiker i familien. Det er eit viktig bidrag for ungane som tek stort ansvar for familien, spesielt når livet er vanskeleg. På same tid er vi i kontakt med familien i ein svært kort periode i deira liv. Det er ei glede å vere til hjelp, men vi treng å gle oss langt meir ovar at dei kan gå vidare på ein betre måte utan vår hjelp.