HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201002984-38 Arkivnr. 146.65 Saksh. Ekerhovd, Per Morten, Ottosen, Stein, Sandved, David Aasen Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 05.04.2011 STATSBUDSJETTET 2011 KAP 1429 POST 72 - TILDELING AV TILSKOT TIL FREDA OG VERNEVERDIGE BYGNINGAR, ANLEGG OG MILJØ SAMANDRAG Saka gjeld fordelinga av midlar frå Statsbudsjettet 2011, kap. 1429, post 72.2, 72.4, 72.5, 72.9 og 73 til tiltak i Hordaland. Hordaland fylkeskommune ser midlane som eit viktig verktøy for å gjennomføre den regionale kulturminnepolitikken. Ordninga i 2011 vart lyst ut av Hordaland fylkeskommune som søkte Riksantikvaren om midlar frå Miljøverndepartementet til vidare fordeling i Hordaland. I 2011 står det til rådvelde kr 2.734.306,- til fordeling. Kr 200.000,- vert halde attende til strakstiltak, og at i saka vert kr 2.534.306,- fordelt til omsøkte tiltak. Førehandstilsagn på 1.000.000,- vert førebels ikkje handsama. FORSLAG TIL VEDTAK 1. Kultur- og ressursutvale ber Miljøverndepartementet om at postane til kulturminnevern i Statsbudsjettet kapittel 1429, post 72.2, 72.4, 72.5, 72.9 og 73 i vert stilt til rådvelde for regionale folkevalde organ. 2. Kultur- og ressursutvalet ber om at det vert utarbeidd eigen sak som greier ut status for freda kulturminne i Hordaland og trongen for ein handlingsplan for freda kulturminne i privat eige med framdrift og oversyn over kostnader. 3. Kultur- og ressursutvalet fordeler kr 2.534.306 frå budsjettpost 400.650.07 slik: 1 Bergen Kronstad hovedgård kr 1.115.000 2 Bergen Brødretomten kr 150.000 3 Bergen Sophies Minde kr 434.306 4 Bergen Kalfarlien 18 kr 150.000 5 Bergen Reperbanen Sandviken kr 300.000
6 Jondal Oppgangsag, Herand kr 40.000 7 Kvinnherad Baroniet Rosendal kr 85.000 8 Ullensvang Haldorstabbur kr 50.000 9 Ullensvang Broch-huset, stikkrenne kr 10.000 10 Voss Bottolfsløa kr 200.000 4. Avslag post 72.2 1 Bergen Maaseskjæret 2 Bergen Skuteviksboder 16 3 Kvinnherad Fjelberg gamle prestegård 4 Osterøy Havrå, gnr. 68 bnr. 9 5 Osterøy Havrå, gnr. 68, bnr. 2 6 Ullensvang Agatunet, Damhuset, gnr. 64 bnr. 21 5. Avslag post 73, brannsikring 1 Bergen Sophies Minde 2 Bergen Brødretomten 3 Kvinnherad Fjelberg gamle Prestegard 4 Ullensvang Agatunet, Johanstova og Lensmannsgården 6. Fylkesrådmannen får fullmakt til å fordeling av midlar opp til kr 200.000 til strakstiltak. Tildelingar skal rapporterast til Kultur- og ressursutvalet. 7. Dersom nokre av tiltaka ikkje let seg gjennomføre i tråd med føresetnadene for tildelinga, skal det leggjast fram ny sak til politisk handsaming. Paul M. Nilsen Anna Elisa Tryti Vedlegg. Brev frå Riksantikvaren datert 25.02.2011 Brev frå Riksantikvaren datert 1.3.2011 Tabell med omtale av søknadane og vurdering av dei 2
FYLKESRÅDMANNEN, 23.03.2011: Saka gjeld fordelinga av midlar frå Statsbudsjettet 2011, kap. 1429, post72.2, 72.4, 72.5, 72.9 og 73 til tiltak i Hordaland. Bakgrunn: Bevaring av kulturminne med nasjonal kulturminneverdi er avhengig av at det vert ført ein tydeleg politikk. Statlege, fylkeskommunale og kommunale organ former gjennom eigne planar, tiltak og vedtak heilskapen i den nasjonale kulturminnepolitikken. Som regional kulturminnestyresmakt er fylkeskommunen sett i ei nøkkelrolle med ansvar for å handtere feltet. Hordaland fylkeskommune har på basis av statlege føringar (lovverk, føresegner, meldingar mv) og eigne politiske mål forma ut ein tydeleg regional kulturminnepolitikk basert på regionale særtrekk og føremoner, jf fylkesdelplan for kulturminnevern (1999-2010). Det er eit viktig prinsipp at gjennomføringa av politiske målsettingar er knytt saman med økonomiske verkemiddel. Øyremerkte løyvingar til kulturminnevern frå kapittel 1429 i statsbudsjettet har i mange år vore eit viktig verktøy andsynes private eigarar av faste kulturminne i Hordaland og gjeve rammer for mange tiltak. Løyvingane er av dei viktigaste verkemidlane for å nå dei nasjonale målsettingane i kulturminnevernet, jf Stortingsmelding nr 16 (2004-2005) Leve med kulturminner. Ordninga vert administrert av direktoratet for kulturminnevern, Riksantikvaren, på vegne av Miljøverndepartementet. Hordaland fylkeskommune søkjer kvart år Riksantikvaren om midlar til tiltak på freda kulturminne. Mellom dei viktigaste målsettingane i Stortingemelding nr 16 (2004-2005) er å setje freda kulturminne frå nyare tid i vanleg vedlikehaldsstand innan 2020. Midlar frå kapittel 1429 i statsbudsjettet er difor i stor grad øyremerkte tiltak for å nå dette målet. Saman med eigne fylkeskommunale løyvingar og midlar frå Norsk kulturminnefond er desse midlane av dei viktigaste verkemidlane for å gjennomføre nasjonal politikk på feltet. Fylkeskommunen, som regional kulturminnestyresmakt, sit i ei nøkkelstilling gjennom sitt forvaltingsansvar etter kulturminneloven, ved å ha direkte kontakt med eigarar, og gjennom å utvikle regionale kompetansenettverk som kan handtere desse kulturminneverdiane, jfr. td. høyringsutkast til Regional plan for museum (2011-2015) Musea i samfunnet, sak 8/11 i kultur- og ressursutvalet. I tidlegare år har tildelinga til enkeltprosjekt vore gjort av Riksantikvaren etter førebuing av fylkeskommunane som lyste ut ordninga. Å ha sekretariatsansvar for ordninga samstundes som fordelinga vert gjort av statleg organ, har skapt avstand mellom den fylkeskommunale politikken og verkemidla på statsbudsjettet. Å ha eit tydeleg regionalt handlingsrom, mellom anna ved å få større ansvar for å fordele øyremerkte midlar frå statsbudsjettet til kulturminnevern er eit omsyn som har vore handsama i politiske organ i fylkeskommunen ved fleire høve. Sjå mellom anna vedtak gjort av Hordaland fylkeskommune om fordelingsrutinene ved Norsk kulturminnefond på Røros som forvaltar vesentlege delar av dei nasjonale midlane til feltet, jf sak 83/09 i kultur- og ressursutvalet og sak 165/09 i fylkesutvalet: Fylkesutvalet ber om at departementet klargjer tilhøvet mellom fondet sin tildelingspraksis og dei regionale styresmaktene sine mål på kulturminnefeltet. Same syn kan leggjast til grunn når det gjeld fordelinga av midlar frå statsbudsjettet kap 1429 til kulturminnevern. Basert på ansvaret som regional kulturminnestyresmakt og eigne politiske målsettingar bør fylkeskommunane kunne få større ansvar for forvaltinga av tilskot. Regionreforma har som siktemål at ansvar i fleire avgjerdsprosessar skal flyttast vekk frå staten til folkevalde organ i fylkeskommunar og kommunar. I 2011 er difor fordeling av større delar av midlane frå kapittel 1429 lagt til fylkeskommunen. Det er ei føremon om ansvaret for alle postane i framtida vert gjort tilsvarande slik at fylkeskommunane får stilt til rådvelde ei generell ramme frå Miljøverndepartementet og Riksantikvaren og at vidare vedtak om fordeling av desse postane vert gjort av fylkeskommunen gjennom politisk handsaming i eigne organ, jf meldingssak 62/10 i kulturog ressursutvalet. 3
Innstilling: Kultur- og ressursutvale ber Miljøverndepartementet om at postane til kulturminnevern i Statsbudsjettet kapittel 1429, post 72.2, 72.4, 72.5, 72.9 og 73 vert stilt til rådvelde for regionale folkevalde organ. Regionale retningsliner I tråd med fylkesdelplan for kulturminne 1999-2010 skal kulturminna sikrast "...som varig kjelde for helse, trivsel og mogeleg næringsverksemd". Strategidelen av planen set som hovudmål at ein skal forvalta kulturarven i Hordaland slik at ein sikrar ei berekraftig utvikling og at kulturminne og kulturmiliø vert verna som dokumentasjon av fortida og ressurs for framtida. " Dette er i samsvar med nasjonale mål slik det mellom anna går fram av St.prop. nr.l 2005-2006: "Mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal forvaltast og takast vare på som bruksressursar, og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø skal takast vare på i eit langsiktig perspektiv. " Regionale styresmakter har eit sjølvstendig ansvar for å løyve midlar til kulturminnetiltak. Dersom ein ser situasjonen i Hordaland samla er det likevel trong for meir pengar enn det ein har rådd over i eigne budsjett i fylkeskommunen. Statlege midlar frå kapittel 1429 i statsbudsjettet har difor i mange år vore eit regionalt handlingsrom andsynes private eigarar av faste kulturminne i Hordaland og gjeve rammer for mange tiltak. Kultur- og idrettsavdelinga administrerer første del av prosessen. Søknaden vert så sendt til Riksantikvaren som frå 2011 fordelar midlane anten som rammeløyving til fordeling i fylkeskommunen eller til enkelttiltak. Statlege retningsliner: Midlar frå kap 1429 veft fordelte med klår henvisning til statlege retningsliner. Retningsliner for regional tildelingspolitikken er gjeve i løyvingsbrev frå Riksantikvaren dagsett 25.02.11, sjå eigen meldingssak, og i forventingsbrev, Prioriteringer for kulturminneforvaltningen 2011, til Hordaland fylkeskommune frå Riksantikvaren, meldingssak 1/1 2011 i kultur- og ressursutvalet. Midlar frå kap 1429 veft vidare fordelte med klår henvising til statlege retningsliner, jfr. St.prp. nr.37 (2008-2009) og lnnst. S. nr. 13 9 (2008-2009) samt vedtak i Stortinget nr.217. Tilskotsmidlane frå Miljøverndepartementet er sentrale verkemiddel for å nå Stortinget sine mål innan 2020, jf Stortingsmelding nr 16 (2004-2005). Nasjonale resultatmål for kulturminne skal mellom anna nåast gjennom høg framdrift i ti bevaringsprogram: freda kulturminne i privat eige, samiske kulturminne, stavkyrkjene, verdsarven, tekniske og industrielle kulturminne, brannsikring av historisk trebebyggelse, fartøy, ruinar, bergkunst og utvalde arkeologiske kulturminne. Løyvingane kjem frå fleire postar på Statsbudsjettet sitt kapittel 1429. Post 72.2 er øyremerkt freda bygningar og anlegg, post 72.4 går til kystkultur, 72.5 til kulturmiljø, 72.9 til verdsarv og 73 til brannsikring. Tilskota skal i utgangspunktet dekka meirkostnader der antikvariske omsyn krev tiltak ut over det som er vanleg. Kulturminnestyresmaktene har eit særskilt ansvar for å støtte eigarar av freda kulturminne som har gått ut av vanleg bruk - mange er dessutan store og med kostnadskrevjande vedlikehald. Det er rimeleg at eigarar av slike anlegg får ekstra tilskot. Utfordringar i Hordaland: Hordaland har eit stort utval av freda kulturminne frå nyare tid og behova knytt til bevaring og utvikling av desse er omfattande. Basert på statlege retningsliner og eigne mål sett i fylkesdelplan for kulturminnevern 1999-2010, har Hordaland fylkeskommune dei siste åra retta innsatsen sin inn med spesiell vekt på programmet for istandsetting av freda kulturminne i privat eige. Ein har eit brukbart oversyn over behov og vidare prioriteringar av prosjekt i programmet som etter planen skal vera avslutta innan 2020. Basert på tilstandsregistrering av desse eigedommane i 2009 er behova talfesta og kostnadsrekna. Registreringane syner omfattande trong for tiltak på desse kulturminna og at ein treng å styrkje den praktiske kompetansen innan byggjenæringa. 4
Statlege midlar til feltet har ikkje hatt ein auke som svarer til behova, jfr. brev frå Riksantikvaren dagsett 25.02.2011: Riksantikvaren må ta til etterretning at tildelingen for 2011 var uendret også nominelt, noe som medfører en reell nedgang i forhold til forventet lønns- og prisøkning. Direktoratet håper imidlertid på en økning i årene fremover, men dette er og blir en politisk satsing for regjeringen. Riksantikvaren understreker viktigheten av at fylkeskommunene gir egne tilskuddsmidler til istandsetting av fredete bygninger. Ikke minst er dette viktig i et verdiskapingsperspektiv, og vi håper at flere av fylkeskommunene vinkler sine utviklingsmidler mot dette. Ein går ikkje vidare inn på detaljar i saka, men det er klårt at dersom tilskotsvolumet ikkje vert endra er det ikkje truleg at ein kan nå målet om istandsetting av desse kulturminna innan 2020. Både aktivitet og midlar til dette feltet bør difor aukast monaleg og vere basert på ei god forståing av behova i Hordaland. Innstilling: Kultur- og ressursutvalet ber om at det vert utarbeidd eigen sak som greier ut status for freda kulturminne i Hordaland og trongen for ein handlingsplan for freda kulturminne i privat eige med framdrift og oversyn over kostnader. Handsaming av ordninga i 2011: Tilskotsordninga vart lyst ut av Hordaland fylkeskommune med frist for søknad 1. november 2010. Etter gjennomgang av tiltaka vart oversyn sendt av administrasjonen pr.31.12.2010 til Riksantikvaren. I brev dagsett 25.02.2011 og, sjå eigen meldingssak, gjorde Riksantikvaren vedtak om følgjande rammeløyving og fordeling av stønad til enkelttiltak i Hordaland i 2011: Post 72.2. Freda bygg og anlegg og 72.4 kystkultur: Omsøkte tiltak: kr 13.766.750,- Løyving: kr 700.000,- I tillegg ga Riksantikvaren i 2010 førehandstilsegn på : kr 1.000.000,- Udisponerte midlar: kr 1.034.306,- Til fordeling: kr 2.734.306,- Udisponerte midlar frå 2010: Udisponerte midlar frå ikkje-igongsette tiltak p å post 72.2 og rentemidlar for 2010 utgjer til saman kr 1.034.306,- Desse vert førte til styrking av post 72.2 der trongen for midlar i 2011 er vurdert til å vere størst. Post 72.4, Kystkultur: Omsøkte tiltak: kr 0,- Løyving: kr 0,- Til fordeling: kr 0,- Midlar frå post 72.4 kan i særskilte høve nyttast til ikkje-freda bygningar og anlegg som er i fredingsklasse. Hordaland fylkeskommune har ikkje motteke søknadar for kulturminne med ein slik vernestatus. Post 72.5, Kulturmiljø: Omsøkte tiltak: kr 3.516.000 Løyving: kr 1.756.000 5
Riksantikvaren har i brev dagsett 25.02.2011 gjort vedtak om slik fordeling av posten: Havrå, v/ Museumssenteret i Hordaland: kr. 1.220.000,- Havrå, v/ Geir Sundal: kr. 200.000,- Lyngheisenteret på Lygra, v/ Museumssenteret i Hordaland: kr. 336.000,- Post 72.9, Verdskulturminnet Bryggen, Omsøkte tiltak: kr 19.828.783,- Løyving: kr 10.078.000,- Midlane vert fordelte i tråd med vedtak i sak 13/11, Rammetilskot for Prosjekt Bryggen, og lagt fram for kultur- og ressursutvalet i eigne meldingar. Post 73, Brannsikring Omsøkte tiltak: kr 2.337.000,- Løyving: kr 1.000.000,- Riksantikvaren har i brev jf. brev dagsett 11. mars 2011 løyvd kr 1.000.000,- til brannsikringsprosjektet i Bergen under leiing av Bergen kommune. Førehandstilsegn 2012: Løyving: kr 1.000.000,- Førehandstilsagnet vert ikkje handsama før i slutten av 2011 då ein har betre oversyn over kva tiltak som vil gå vidare i 2012. 6