Tokke kommune Møteinnkalling Til medlemene i Administrasjonsutvalet Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Dato: 01.10.2014 Tid: 09:00 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet snarast råd. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling. Orienteringssak: Rådmannen orienterar om prosessen rundt ei eventuell samanslåing av helseetaten og omsorgsetaten. Kjell Magne Grave Leiar Marit Seltveit Konsulent
Saksliste Utvalssaksnr 14/116 14/117 14/118 14/119 14/120 14/121 PS 14/20 PS 14/21 Innhald Referatsaker Lena Nørstrud - Oppseiing av fast stilling som badevakt ved f.t. kulturhuset Randi Aamot - Aksept av 11,95% vikariat som assistent/fagarbeider for tida ved Høydalsmo barnehage i tida 150814-311214 Knut K Buer - Aksept av tilsetjing som næringskonsulent etter timeliste for tida ved plan, næring og kulturetaten Kirsten Drenth - Aksept av 17,7% tilsetjing som pleieassistent for tida ved omsorgsetaten i tida 011014-310315 Borghild L. Stahl - Oppseiing av stilling som kulturkonsulent Gunn Evensen - Oppseiing av stilling som bibliotekar ved f.t. Tokke folkebibliotek Politiske saker Vidareføring av 50% fast stilling som bibliotekar ved f t Tokke bibliotek Omgjøring av hjelpepleierstilling til sjukepleierstilling Lukka
Tokke kommune Arkiv: 080878 Saksnr.: 2014/1563-3 Saksbeh.: Siv Ella Bekk Direkte tlf.: 35075205 Dato: 22.09.2014 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Administrasjonsutvalet 14/20 01.10.2014 Vidareføring av 50% fast stilling som skulebibliotekar ved f t Tokke bibliotek/vest-telemark vidaregåande skule Saksdokument: Saksutgreiing: Gunn Evensen som har vore tilsett i ei 50% fast stilling som skulebibliotekar ved f.t. Tokke bibliotek/vest-telemark vidaregåande skule, har sagt opp stillinga og sluttar 27.11.14. Denne skulebibliotekarstillinga er fordela på Vest-Telemark vidaregåande skule, Dalen og Tokke bibliotek. Stillinga omfattar arbeid med handsaming av skulebok-utlånet ved Vest-Telemark vgs og service retta mot lærarar og elevar ved skulen, samt fast arbeidstid knytt til skulen. Samstundes skal vedkomande gå inn i turnusen på Tokke bibliotek og serve skulens brukarar også her. Laurdagsvakt inngår i stillinga. Signal som er motteke frå den vidaregåande skulen er at dei vil prioritere dette med skulebibliotek frametter også, slik at ein vonar stillinga kan lysast ut. Dersom stillinga ikkje vert lyst ut, er konsekvensen redusert opningtid ved Tokke bibliotek. Rådmannen si tilråding: 50% fast stilling som skulebibliotekar ved f.t. Tokke bibliotek/vest-telemark vidaregåande skule vert vidareført og lyst ut.
Tokke kommune Arkiv: 400 Saksnr.: 2014/1436-1 Saksbeh.: Niina Laaksonen Direkte tlf.: 35075501 Dato: 22.08.2014 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Administrasjonsutvalet 14/21 01.10.2014 Omgjøring av hjelpepleiarstilling til sjukepleiarstilling Saksdokument: Saksutgreiing: Omsorgsetaten har til saman 7,5 årsverk fordela til 12 personar som jobbar i så kalla nattevakt stilling. Personalet er fordela fylgjande; Omsorgssenter Helsesenter 1 hjelpepleiar per vakt 2 hjelpepleiarar per vakt 1 sjukepleiar per vakt Omsorgsetaten tar brukarar mot frå sjukehuset rett etter ferdigbehandlingsdato (samhandlingsreforma). Dette gjer at brukarar er i dårligare tilstand og det krevjar meir frå personalet. I dag er det ein sjukepleiar som har fagleg ansvar over alle brukarar i omsorgsetaten (både på institusjon og i heimeteneste). Ønsket situasjon hadde vore to sjukepleiarar på vakt. Med dette hadde det vore to personar på natt med høgskole utdanning. Vurdering av ein bruker hadde fått ennå betre fagleg forsvarlighet. Det er alltid mulig også å kontakte legevakt med medisinske spørsmål men det er ikkje samma som sjukepleiarfagleg vurdering. Dette hadde også gitt mulighet til sjukepleiar å rykke ut til heimebesøk. I dag er det hjelpepleiarar som rykker ut. Ein annan grunn til ynske å gjere om stillinga er økonomisk konsekvens ved fråvær. Ved ferie, sjukefråvær og eventuelle permisjonsdagar må det alltid være sjukepleiar som har bakvakt. Denne ordninga er dyr. I tillegg kommer det kostnader ved eventuell utrykking til helsesenteret. Når ein sjukepleiar har baktvakt får vedkomande utbetalt 2,25 timar per natt. De fleste sjukepleiarar har stor stilling. Dette resulterer at som regel blir baktvakt 100 % overtid. I tillegg til dette er minimums kompensasjon ved utrykking minst 2 timars lønn. Om
sjukepleiaren må bruke meir tid enn to timer får vedkomande utbetalt etter brukt tid. Bakvakt får også kr 100,- ved kvar einaste telefon vedkommande mottar. Tom 20.8.2014 har etaten hatt til saman 99 vakter kor det har vore enten bakvakt eller ein sjukepleiar som har tatt ekstra vakt. Obs. De fleste sjukepleiarar har stor stilling som utgjer at ekstra vakt blir overtid. I periodar er det også vanskelig å få sjukepleiarar ta bakvakter på natta på grunn av belastinga dette skapar. Timelønn til ein sjukepleiar med 10 års ansiennitet; timelønn 227,25 arb.gjevar avgift 107,03 til saman 334,28 Dette vil si at kostnadene per natt med bakvakt er; Bakvakt kr 835,70 Bakvakt med 100 % overtid kr 1 671,40 eventuell utrykking minst kr 768,50 (inkl kompensasjon per mottatt telefon) telefonkontakt kr 100,- per telefon Det er umulig å si kor mye kvar bakvakt kostar på grunn av at det varierer med antall utrykkingar og telefonar per natt. Som regel er baktvakt uansett overtid. Om vi tenker at etaten har tom 20.8 i år hatt 99 bakvakter så kan man si at detta har kosta til kommunen ca 165 000,- tils nå. I tillegg kommer kostnader ved utrykking og telefonar. Antall bakvakter varierar frå år til år men ordninga er uansett dyr. Forskjellen mellom timelønn til ein hjelpepleiar og sjukepleiar med 10 års ansiennitet er Sjukepleiar kr 334,28 Hjelpepleiar kr 293,80 Kr 40,48 per time Dette vil si at ved omgjøring av ein 80 % hjelpepleiarstilling til sjukepleiarstilling (156 vakter per år) kostar til kommunen Per natt 9,5 timar x 40,48 = kr 384,60 156 vakter per år x kr 384,60 = kr 60 000,- Etatssjefen vurderar at ein ledig 80 % hjelpepleiar stilling kan bli gjort om til sjukepleiarstilling for å få betre faglig forsvarlighet. I tillegg reduserar dette ein del kostnader etaten har med bakvaktordninga. Saka er drøfta både med fagforbundet og NSF.
Det ideelle situasjon hadde vore å gjere om også to 54 % stillingar. Det er fast ansatte hjelpeleiarar som jobbar i desse stillingane og alle de trivas godt på nattarbeid. Det er ikkje aktuelt å gjøre om de stillingane i dag. Rådmannen si tilråding: 1. Ein ledig 80 % hjelpepleiarstilling på natt blir gjort om til sjukepleiarstilling.