17. mai program 2014. Rossland Skule



Like dokumenter
1814 det utrulege året

1814 det utrulege året

1814 det utrolige året

17. mai Grunnloven vedtatt -Norsk selvstendighet -Fra dansk til svensk union

Merkedatoer i Foto: Svein Grønvold/NTB scanpix

1814 det utrolige året

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

1814 DET UTROLIGE ÅRET

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Til deg som bur i fosterheim år

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

1,0 pt stroke 0,7 pt stroke 0,25 pt stroke MAI PROGRAM

Jon Fosse. For seint. Libretto

Velkomne til jubileumsfeiring. Det er triveleg å sjå så mange feststemte barn og vaksne frå heile kommunen i folketoget.

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

1814 og Grunnloven av Dag Kristoffersen

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

17. mai Hjellestad 2016

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

HI Norge Selvstendighet, statsdannelse og nasjonsbygging

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Omveltingane hadde både

Brukarrettleiing E-post lesar

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Atle Næss. I Grunnlovens hus. En bok om prinser og tjenestejenter, riksforsamlingen og 17. mai. Illustrert av Lene Ask

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Av professor dr. juris Ola Mestad, leiar av Forskingskomiteen for grunnlovsjubileet

Brødsbrytelsen - Nattverden

Kunnskaper og ferdigheter

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

17. mai. i Båtsfjord

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas


Teknikk og konsentrasjon viktigast

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

/

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV.

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Velkommen til Madlaleiren!

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

6. trinn. Veke 24 Navn:

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Velkommen til Madlaleiren!

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Plassebakken Barnehage

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS


Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Velkommen til Madlaleiren!

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

1 Kva blei den fredsavtalen kalla som gjorde at Danmark måtte avstå Noreg til Sverige?

I SPORENE ETTER 1814-gRUNNLOVEN Hvorfor feirer vi den 17. mai?

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

17. mai 2019 HÆGELAND

Brukarrettleiing. epolitiker

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Transkript:

17. mai program 2014 Rossland Skule

Gratulerer med dagen! Årets 17. mai feiring startar med eit brak, som så mange gongar før er levert av Rune Ingebrigtsen frå Io. Vi samlast i toget med smil om munnen, og etter prosesjonen vil vi på skuleplassen sørgja for leik og underhaldning for store og små. Også i år stiller Jan Atle Tvedt frå Sansetunet, med både kunnskap og kokkekunst, og saman med vår eigen gjeng på kjøkenet, og ivrige kakebakarar i bygda elles, vil vi sei oss sikker på at det vil vera noko for ein kvar smak i kafeen. Sjølv om programmet er tradisjonelt og kjent, er det likevel ei litt spesiell 17. mai feiring i år. Vi feirar 200 års jubileet for Noregs Grunnlov. Vi har i det høvet sett oss litt tilbake, og rundt om i kafeen vil ein finna bilete frå Rossland og omeign, ifrå år som har gått. Kanskje ser du noko eller nokon du kjenner igjen? Årets talar er ein som mange i bygda kjenner, og som kjenner bygda godt; Gunnar J. Furubotten. I tospann med konferansier Rune Brekkhus er vi trygge på å bli losa trygt gjennom dagen. Vi håpar at så mange som råd, kjem og delar feiringa av Nasjonaldagen med oss, og dei mange frivillige som gjer dagen mogleg, gjennom bidrag av ulike slag. Velkomen til 17. mai feiring på Rossland! Med venleg helsing Kjetil Io og alle i arrangementskomiteen. Idrettslaget NHIL Rossland Skulekorps Songkoret Vågen Takk til: Ungdomslaget Framsteg Strilongane og alle andre som har hjulpe til Ansvarleg for foto, layout og redigering: Per Stian Kjendal. kjendal@online.no

Kjapp & sunn sommermat #Tinassommer Mandag-fredag 8-22 Lørdag 8-20 KIWI Frekhaug

17. mai programmet Rossland skule 07:00 Morgonsalutt 11:30 Oppmøte på skuleplassen Velkomst v/ konferansier Rune Brekkhus Songkoret Vågen syng Allsong nasjonalsongen Oppstilling av folketoget 12:00 Salutt Toget går frå skulen, om omsorgsbustadane, til NHIL klubbhus ved Leirdalen Ved klubbhuset vil det verta underhaldningsinnslag Rossland skulekorps spelar i toget 13:00 Bodar og kafeteria åpnar Leikar og aktivitetar for liten og stor startar Det vil verta utstilling av gamle bilete i kafeteriaen 14:00 Song med Strilongane 14:15 Årets 17. mai tale ved Gunnar J. Furubotten 15:15 Utfordring til neste års 17. mai komité 15:30 Premiering 16:00 Avslutting

Ja vi elsker Skrevet av Bjørnstjerne Bjørnson (1832 1910) og tonesatt av Rikard Nordraak (1842 66) 1. Ja, vi elsker dette landet, som det stiger frem, furet, værbitt over vannet, med de tusen hjem. Elsker, elsker det og tenker på vår far og mor og den saganatt som senker drømme på vår jord. 2. Dette landet Harald berget med sin kjemperad, dette landet Håkon verget, medens Øyvind kvad; Olav på det land har malet korset med sitt blod, fra dets høye[h] Sverre talet Roma midt imod. 3. Bønder sine økser brynte hvor en hær drog frem; Tordenskiold langs kysten lynte, så den lystes hjem. Kvinner selv stod opp og strede som de vare menn; andre kunne bare grede, men det kom igjen! 4. Visstnok var vi ikke mange; men vi strakk dog til, da vi prøvdes noen gange, og det stod på spill; ti vi heller landet brente enn det kom til fall; husker bare hva som hendte ned på Fredrikshald! 5. Hårde tider har vi døyet, ble til sist forstøtt; men i verste nød blåøyet frihet ble oss født. Det gav faderkraft[t] å bære hungersnød og krig, det gav døden selv sin ære og det gav forlig. 6. Fienden sitt våpen kastet, opp visiret fór, vi med undren mot ham hastet; ti han var vår bror. Drevne frem på stand av skammen gikk vi søderpå; nå vi står tre brødre sammen, og skal sådan stå! 7. Norske mann i hus og hytte, takk din store Gud! Landet ville han beskytte, skjønt det mørkt så ud. Alt hvad fedrene har kjempet, mødrene har grett, har den Herre stille lempet, så vi vant vår rett. 8. Ja, vi elsker dette landet, som det stiger frem, furet, værbitt over vannet, med de tusen hjem. Og som fedres kamp har hevet det av nød til seir, også vi, når det blir krevet, for dets fred slår leir.

Holme Tlf: 56176101 Melandsvegen 4, Åpnningstider: Man,Tirs,Fre: 9.00-16.30 Ons,Tors: 10.00-19.00 Lør: 9.00-14.00 Vi har åpen pub hver helg hele året fra 21.00-02.00 Vi arrangerer firmafester, blåturer, jubileer mm. Vi serverer alt fra enkle retter til tre retters middag i flotte lokaler. Vi har og catering. Kontakt oss på post@sjoslaget.no eller tlf.94837755

Grunnlovsjubilet 1814-2014 1814 - det utrulege året norske bilanda Grønland, Island og Færøyane fylgde ikkje med, dei skulle framleis liggja under Danmark. I Noreg hadde det vore ein del misnøye med regjeringa under Napoleonskrigane. Mange næringsdrivande hadde nær kontakt med England og likte ikkje å verta dregne inn i krigen på sida til Napoleon. Men Kielfreden kom som eit sjokk. Bergen rundt 1800 med utsikt mot Nordhordland 1. Eit samfunn av bønder Det norske samfunnet i 1814 var eit bondesamfunn. Dei fleste bøndene åtte litt jord sjølve. Det fanst storbønder sjølvsagt, men i det store og heile var bøndene i Noreg meir like enn i noko anna land i Europa. Noreg hadde ingen adel å snakka om i 1814. Dette skilde det norske samfunnet frå dei fleste andre europeiske landa. Byane var òg smålåtne. I alt budde det berre 900 000 menneske i Noreg. Berre ti prosent av dei budde i byar. Bergen var den største byen, med 18 000 innbyggjarar. I Christiania, som vart hovudstad i 1814, budde det kring 10 000 menneske. Christiania hadde fått det fyrste universitetet i Noreg i 1811. Eliten Det var særleg to grupper som utgjorde det vi kan kalla eliten i Noreg. Den eine gruppa var handelspatrisiatet, dei store næringsdrivande. Det var ikkje så mange av dei, men somme kunne vera rett så velståande. Den andre gruppa var dei statlege embetsmennene: Frå amtmenn (fylkesmenn) og høge offiserar til prestar, futar og sorenskrivarar lenger nede i samfunnet. I Noreg hadde det vore lite politiske opposisjonsrørsler og krav om sjølvstende. Ved inngangen til 1814 var det få eller ingen nordmenn som såg føre seg ein sjølvstendig norsk stat i oversynleg framtid. 3. Carl Johan Det var to store motspelarar i det dramaet som gjekk føre seg i Noreg i 1814. Den eine var Carl Johan (1763 1844). Han var eit ekte eventyr frå den franske revolusjonen. Han heitte opphavleg Jean-Baptiste Bernadotte og var son av ein advokat i Sør-Frankrike. Bernadotte var ein uvanleg dyktig soldat og steig hurtig i gradene i den franske revolusjonsarmeen. I 1804 nådde han toppen: Han vart utnemnd til marskalk av Frankrike. Bernadotte vart vald til tronfylgjar i Sverige i 1810. Han tok namnet Carl Johan. Kongen av Sverige var gammal og sjukeleg, og den nye tronfylgjaren greip taumane med éin gong. Då svenskane valde Carl Johan til tronfylgjar, var det av di dei ynskte å alliera seg med keisarriket til Napoleon mot Russland. Russland hadde teke Finland frå svenskanei 1809, og vona var at ein allianse mellom Sverige og Frankrike kunne bringa Finland attende. Eit uventa trekk Men Carl Johan gjorde ikkje det svenskane hadde venta. Han vende seg mot den gamle venen sin Napoleon og førte Sverige med i krigen mot Frankrike. Bytet som lokka, var Noreg. Carl Johan grunnla eit nytt dynasti i Sverige. Den noverande svenske kongen er ein direkte etterkomar av den franske revolusjonssoldaten. 2. Freden i Kiel Freden i Kiel I Europa var det ei dramatisk tid. Ut av den franske revolusjonen var det sprunge krigar som hadde rasa nærast ubrote i over tjue år. Men i 1814 gjekk Napoleonskrigane mot slutten. Sverige mot Danmark og Noreg Ein brei allianse av statar var i ferd med å sigra over den franske keisaren. Danmark-Noreg var hamna på feil side i krigen, på sida til taparen Napoleon. Svenskane derimot høyrde til den sigrande alliansen. Sverige hadde hatt lyst på Noreg i lang tid. Hausten 1813 gjekk svenske troppar til åtak på Danmark sørfrå og truga med å renna over heile Jylland. Den danske kongen Frederik 6. bad om fred. Fredsavtale Den 14. januar 1814 vart det underteikna ei fredsavtale i Kiel. Noreg vart overdrege frå Hans Majestet Kongen av Danmark til Hans Majestet Kongen av Sverige. Dei gamle Christian Frederik 4. Christian Frederik Den andre store motspelaren var Christian Frederik (1786 1848). Han var arving til den dansk-norske trona og fetteren til kong Frederik 6. Christian Frederik høyrde til dynastiet Oldenburg, som hadde styrt Danmark og Noreg i nesten 400 år. I mai 1813 var krigssituasjonen vanskeleg, og den 26 år gamle Christian Frederik vart send til Noreg som statthaldar. Christian Frederik var ein sjarmerande mann, entusiastisk og lett å få oppglødd. Han hadde hatt norske vener og rådgjevarar lenge. Som statthaldar vart han raskt populær i Noreg, og han gjekk med det same i gang med å knyta nye kontaktar. Christian Frederik viste seg òg raskt

som ein dyktigare politikar og administrator enn nokon hadde trudd. 5. Opprør mot svenskane Christian Frederik nekta å godta Kielfreden og freista reisa eit opprør i Noreg. Han fekk sterk respons i den norske eliten og sikra seg støttemellom dei militære. Våren 1814 var det knapt nokon i Noreg som ikkjegav tilslutnad til oppstanden. Tidspunktet for opprøret var tenleg. Carl Johan var oppteken med krigen mot Napoleon nede i Europa og var ikkje budd til å henta det bytet som Kielfreden hadde gjeve han. under kampen. 7. Falsen og Sjølvstendepartiet Den tonegjevande fløya på Eidsvoll var tilhengjarane av Christian Frederik. Dei slutta heilt opp om reisinga mot svenskane og kalla seg Sjølvstendepartiet. Motstandarane kalla dei Prinsepartiet. Den mest framståande i Sjølvstendepartiet var sorenskrivaren Christian Magnus Falsen (1782 1830). Falsen var pågåande og hissig, svært effektiv i medgang, men vanskeleg å ha med å gjera i motgang. Han hadde ein romantisk vyrdnad for bondestanden. Notabelmøtet Opprøret til Christian Frederik retta seg mot Kielfreden og mot svenskane. Men i den utovervende propagandaen var ikkje målet å koma attende til den dansk-norske heilstaten. I staden vart kampen reist for Noregs sjølvstende. Opphavleg hadde Christian Frederik tenkt å lata seg utropa til norsk einevaldskonge i kraft av den gamle arveretten til trona. Men denne tanken fekk liten tilslutnad. Den 16. februar vart det halde eit privat møte på Eidsvoll mellom den danske prinsen og ei utvald gruppe norske stormenn. Møtet er seinare vorte kjent som Notabelmøtet i 1814. Der gjekk Christian Frederik med på å lata seg velja til norsk konge. Det vart avgjort at det skulle kallast inn til ei riksforsamling som skulle velja kongen. Denne forsamlinga skulle òg vedta ny grunnlov for Noreg. Folkeeiden Etter dette møtet viste Christian Frederik seg som ein framifrå politisk taktikar. Han ferda ut ei forordning om dette: På ein ekstraordinær bededag skulle norske menn samla seg i kyrkjene og velja utsendingar til Riksforsamlinga. Rett før valet måtte alle sverja ein eid. Dei måtte «sverge å hevde Norges selvstendighet og våge liv og blod for det elskede fedreland». Ingen kunne nekta å sverja slik eid. Dermed kunne Christian Frederik visa til at heile folket stødde opprøret hans. Riksforsamlinga Den 11. april kom 112 menn saman i ei grunnlovgjevande forsamling, ei riksforsamling. Dei møttest på ein herregard i Eidsvoll, seks mil nord for Christiania. Garden høyrde til Carsten Anker, ein næringsdrivande som var ein av dei næraste norske rådgjevarane til Christian Frederik. Herregarden var ikkje spesielt stor og luksuriøs i europeisk målestokk, og mange av representantane måtte innkvarterast under tronge og primitive tilhøve. 6. Kven sat på Eidsvoll? Av dei 112 medlemene av Riksforsamlinga var 33 valde spesielt mellom dei militære. Dei andre var valde som representantar for landdistrikt og byar. Embetsmennene dominerte forsamlinga, med ein dryg halvpart av medlemene. Men ingen av dei høyrde til dei mest framståande embetsmennene i Noreg. Ei handfull av medlemene var store bruks- og godseigarar, og 14 var kjøpmenn. Christian Frederiks valreglar hadde sytt for at bøndene vart godt representerte, i alt var nærare ein tredjedel av forsamlinga bønder. Eit land utan leiarar Mange av eidsvollsmennene var særs unge. Gjennomsnittsalderen for Riksforsamlinga var 42,8 år. Ei slik nasjonalforsamling ville vore utenkjeleg i dei fleste andre landa i Europa kan henda med unnatak av Frankrike i visse periodar under revolusjonen. Men om vi ser bort frå høvestalet mellom gruppene, var Riksforsamlinga eit spegelbilete av det norske samfunnet i 1814. Noreg var, som ein historikar har sagt det, «et land uten topper, uten ledere». Leiarane måtte skapast Christian Magnus Falsen Grunnlovas far Falsen hadde vore med på å skriva eit viktig utkast til grunnlov for Noreg. Gjennom dette utkastet, og gjennom den leiande rolla han hadde på Eidsvoll, er han vorten kalla «Grunnlovas far». Men han var samstundes tilhengjar av ei sterk kongemakt, og i nyare historieskriving er han òg vorten døypt «Kongemaktas forsvarar». Ein annan leiar for Sjølvstendepartiet var professor Georg Sverdrup (1770 1850). Sverdrup var oppteken av kulturen frå antikken. Han var ein sterk motstandar av eineveldet og av ein union med Sverige, men han var ikkje heilt framand for tanken om ei norsk sameining med Danmark igjen. 8. Wedel og Unionspartiet I den andre hovudfløya på Eidsvoll var dei meir forsonleg innstilte til svenskane, og dei var skeptiske til Christian Frederik. Av motstandarane vart dei kalla Svenskepartiet, seinare har dei vorte heitande Unionspartiet. Den sjølvskrivne leiaren for Unionspartiet var grev Herman Wedel Jarlsberg (1779 1840), ein av dei heilt få adelege i Noreg. Wedel Jarlsberg var truleg den representanten på Eidsvoll som hadde størst politisk røynsle og innsikt. Sidan 1809 hadde han hatt kontakt med svenske krinsar, og han hadde arbeidd for ein norsk union med Sverige.Men mykje tyder på at ein slik union fyrst og fremst var eit middel for Wedel. Målet var å verta kvitt eineveldet som politisk system. Wedel og Wergeland Då Christian Frederik reiste opprørsfana mot Kielfreden, måtte Wedel og tilhengjarane hans liggja lågt i terrenget.

Frekhaug Trevare AS har overtatt og som kjent flyttet inn i det gamle Samvirkelaget på Rossland, bedriften har 5 ansatte og vi synes det er en flott plass å ha vår arbeidsplass. Her har vi utstilling på 125m2 i tillegg til våre kontorplasser. Vi har vinduer, dører, trapper og foldedører som du kan se utstilt hos oss. Vi kommer gjerne hjem til deg og tar mål og vi samarbeider med flere gode tømrere som kan montere. Våre åpningstider er hver dag fra 08.00 til 17.00, torsdag til 19.00 og lørdag 09.00 til 15.00. I tillegg kan du ringe oss når som helst på 976 50 930. Vi anbefaler også at du ser på våre hjemmesider www.frekhaugtrevare.no eller www.lacuna.no Vi har også en rekke spennende og spesielle produkter, blant annet er vi hoveddistributør for danske Lacuna foldedører. Her selger vi foldedører gjennom en rekke forhandlere i hele Norge. Videre har vi Svarre produkter, ett unikt dør og vindussystem der hele yttersiden er dekket av herdet glass, noe som gir en spenstig arkitektonisk fasade. Trenger du innvendige dører med spesielle mål eller utførelse, så har vi også dette. Ta turen innom og se vår utstilling, eller kontakt oss på tlf 976 50 930 eller på mail: jostein@frekhaugtrevare.no svein@frekhaugtrevare.no endre@frekhaugtrevare.no arvid@frekhaugtrevare.no Vi har holdt sammen siden tenårene da vi møttes i fabrikken for 30 år siden. Meland Elektro AS Mjåtveitflaten 45 5918 Frekhaug Mob. 91 30 92 89 Tlf. 56 17 87 00

Men på Eidsvoll markerte dei seg sterkt. Dei meinte at ein union med Sverige ikkje var til å koma frå, det var den einaste løysinga som var realpolitisk mogleg. Samstundes mistenkte dei Christian Frederik og tilhengjarane hans for å arbeida for at Noreg på sikt skulle verta knytt til Danmark att. Ein av dei viktigaste tilhengjarane Wedel hadde var presten Nicolai Wergeland (1780 1848), far til Henrik Wergeland. Mens svenskehatet var ei viktig drivkraft i opprøret til Christian Frederik, var hatet mot danskane eit framståande karaktertrekk hjå Wergeland. 9. Hovudprinsippa i Grunnlova På Eidsvollsforsamlinga var det mange synsmåtar på kva slag forfatning Noreg burde ha. Men eineveldet hadde få eller ingen opne tilhengjarar. Den grunnlova som vart vedteken, innebar eit drastisk brot med den gamle ordninga. Eliten på Eidsvoll var intellektuelt oppdregen i København. Men København i 1790-åra var ein stad der nye og framande tankar vart diskuterte blant intellektuelle, og mange var vortne gripne av desse nye tankane. Folkesuverenitet, maktfordeling og fridom Den 17. mai 1814 underteikna alle representantane på Eidsvoll ei ny grunnlov for den sjølvstendige staten Noreg, og dei valde Christian Frederik som konge. Dei viktigaste ideane i Grunnlova var radikalt tankegods som fekk gjennomslaget sitt i den amerikanske sjølvstendekrigen og den franske revolusjonen. 10. Norske særtrekk i Grunnlova Den norske grunnlova var svært demokratisk, samanlikna med dei fleste av forfatningane i samtida. Røysteretten var knytt til eigedom. Men grensene var sette lågt: Nærare halvparten av alle vaksne menn fekk røysterett. Ingen ville gjeva kvinner røysterett i 1814. Stortinget Den nye nasjonalforsamlinga fekk namnet Stortinget, eit namn som tok opp det gamle norske ordet ting. Dei to avdelingane i Stortinget fekk namna Odelstinget og Lagtinget. Også dette var ord som spela på gammal norsk historie. At embetsmennene hadde ei sterk stilling, kom fram på to måtar i Grunnlova: Alle embetsmenn fekk røysterett, og ein embetsmann kunne avsetjast berre etter lov og dom. Bøndene fekk sitt ved at odelsretten vart skriven inn i Grunnlova. Odelsretten vart sett på som noko særnorsk og som grunnlaget for det frie norske bondesamfunnet. Paragraf 2 Eit skjemmande trekk ved Grunnlova var paragraf 2. Paragrafen nekta jødar å koma inn i riket og konstaterte at jesuittar og munkeordenar ikkje skulle tolast. Spesielt skjemmande verka paragrafen av di han skulle ha innehalde ein generell passus om religionsfridom i Noreg. Men denne passusen forsvann under handsaminga, truleg ved ein rein glipp. Berre unnataka vart ståande att. Riksforsamlingen på Eidsvoll Nokre hovudprinsipp Folkesuverenitet. Makta skulle i siste instans liggja hjå folket. Eidsvollsforsamlinga oppfatta seg sjølv som eit uttrykk for dette prinsippet: Som representantar for folket skulle dei gjeva Noreg eit nytt politisk system. Maktfordeling. Makta i staten skulle vera delt. I den dansknorske heilstaten hadde kongen vore eineveldig. No måtte den nye kongen, Christian Frederik, dela makta med ei folkevald forsamling. Makta til kongen skulle vera iverksetjande, dei folkevalde skulle fyrst og fremst gjeva lover, skriva ut skattar og løyva pengar. Kongen skulle sjølv utnemna ministrane sine. Fridom for individa. Alle norske borgarar vart garanterte visse rettar. Viktigast av desse rettane var ytringsfridomen. Norske borgarar vart òg garanterte rettstryggleik. Førebilete Eidsvollsforsamlinga hadde hatt ei rekkje framlegg til grunnlover å arbeida med, og desse framlegga hadde mange utanlandske førebilete. Det førebiletet som fekk mest å seia, var den franske grunnlova av 1791. Carl Johan XIV 11. Stormaktene avgjer Sommaren 1814 måtte det sjølvstendige Noreg føra ein krig mot Sverige. Carl Johan var attende frå krigen mot Napoleon. Og no var han fastrådd på å sikra seg Noreg. Krigen vart ført halvhjarta frå norsk side, og enda med hurtig svensk siger. Christian Frederik vart sett på som feig i enkelte krinsar, det var mange i Noreg som ville kjempa til siste mann.

Åpningstider Mandag - Tirsdag 10:00-17.00 Onsdag- Fredag 10:00-19:00 Lørdag 9:00-16:00 Frekhaug Bilsenter AS, Mjåtveitflaten 1 5918 FREKHAUG Tlf 56 17 79 00 Faks 56 17 78 40

Inga støtte Men våren og sommaren 1814 var saka i røynda avgjord av stormaktene i Europa. Utsendingane frå Christian Frederik fekk inga støtte til opprøret. Stormaktene hadde gjeve garantiar til svenskane og til Carl Johan, og desse garantiane stod fast endåtil for Storbritannia, som i grunnen hadde stor sympati for den norske reisinga. Noreg skulle gå inn i ein union med Sverige. Mossekonvensjonen Den 14. august underteikna Noreg og Sverige ei avtale om våpenstillstand i Moss. Avtala innebar at Noreg godtok ein union. Men Kieltraktaten vart ikkje nemnd, og avtala innebar òg at Carl Johan var viljug til å tinga om den nye norske grunnlova. Denne avtala er kjend som Mossekonvensjonen. Entusiasmen Christian Frederik hadde for det norske opprøret slokna på si side fort. Han vart sjuk og deprimert. Den 10. oktober 1814 abdiserte han formelt som konge av Noreg. Christian Frederik vart seinare konge av Danmark, under namnet Christian 8. (1839 1848). 12. Forsvaret av Grunnlova hausten 1814 Hausten 1814 vart det kalla inn til ekstraordinært («omframt») storting. I røynda var det tale om ei ny grunnlovgjevande forsamling. Det omframme stortinget skulle tinga med Sverige om vilkåra for union. Taudraging Det vart intens taudraging, prega av dyktig manøvrering frå norsk side. Resultata vart svært gode for nordmennene. Svenskane gav opp å trumfa gjennom vilkåra i Kielfreden. Den nye unionen mellom Noreg og Sverige vart laus. Rika skulle ha sams konge, men Noreg fekk fullt indre sjølvstyre. Ei ny norsk grunnlov vart vedteken den 4. november. Denne var ei lett revidert utgåve av 17. mai-grunnlova. Visse endringar var naudsynte av omsyn til unionen, men desse endringane var berre med på å svekkja kongemakta. Sidan kongen kom til å sitja i Stockholm, kunne han til dømes ikkje føra jamleg kontroll med den norske regjeringa i Christiania. 13. Indre vokster eller fridomen i gåve? Historikarane i Noreg har vore usamde om korleis hendingane i Noreg skal forklarast. To tradisjonar har stått skarpt mot kvarandre i godt og vel hundre år. Den eine tradisjonen legg vekt på at dei grunnleggjande føresetnadene for fridomen og sjølvstendet var lagde innanom Noreg, gjennom indre vokster og mogning i hundreår. Den andre tradisjonen vil leggja hovudvekta på stormaktspolitikk og på maktspel. I ei spissformulering har historikaren Jens Arup Seip (1905-1992) skrive at nordmennene fekk fridomen i gåve i 1814. Det er ikkje vasstette skott mellom desse tradisjonane. Ingen vil nekta for at ei rekkje ulike element må vera med i ei overordna forklaring på hendingane i 1814: Element knytte til eit internasjonalt, storpolitisk spel, så vel som element knytte til indre nasjonal vokster i Noreg. Grunnlovskonservatismen Om det har vore usemje om å forklara hendingane i 1814, har det derimot vore stor semje i Noreg om å ta vare på Grunnlova. I 1820- og 1830-åra gjorde Carl Johan fleire forsøk på å endra Grunnlova. Men Stortinget sa blankt nei. Desse framstøytane frå kongen vart oppfatta som urettkome press frå kongemakta og frå Sverige. Det utvikla seg snart ein prinsipiell grunnlovskonservatisme i Noreg: Grunnlova måtte ikkje rørast. Enkelte endringar er rett nok gjorde med åra. Det illgjetne forbodet mot jødar vart oppheva i 1851. Men den norske grunnlovskonservativismen er vorten tradisjon. 14. Den moderne staten Den moderne norske staten vart skapt i 1814. Det politiske systemet er rett nok vorte reformert ei rad gonger, det er vorte utvikla i demokratisk retning. Særleg er to reformer viktige. I 1837 vart det innført eit lokalt sjølvstyre i kommunane. I dag er det eit omfattande kommunalt sjølvstyre i Noreg. Attåt storting og kommunestyre finn vi dessutan fylkeskommunale forsamlingar, fylkesting. I 1884 var det eit politisk systemskifte, og vi seier gjerne at frå då av var parlamentarismen innført som politisk system i Noreg. Det innebar at kongen ikkje lenger kunne utnemna regjeringa si som han ville, etter 1884 har regjeringa vore avhengig av å ha oppslutnad i Stortinget. Røysteretten Dessutan vart røysteretten gradvis utvida etter 1884. Alle vaksne menn fekk røysterett i 1898, alle kvinner fekk røysterett i 1913. I 1905 reiv Noreg seg laus frå Sverige og valde sin eigen konge. Korkje lova om det kommunale sjølvstyret eller innføringa av parlamentarismen førte med seg grunnlovsendringar. Fyrst i 2007 kom parlamentarismen formelt inn i Grunnlova. Men Noreg har halde på grunnlova si frå 1814 den eldste forfatninga i Europa som framleis gjeld. Wilhelm Frimann Koren Christie Han som leidde dei norske tingingane hausten 1814, var stortingsrepresentanten Wilhelm Frimann Koren Christie (1778 1849). Christie var jurist og hadde delteke på Eidsvoll, utan å gjera spesielt mykje av seg. Men i tingingane om hausten viste han seg som ein diplomat av høg internasjonal klasse. Den norske grunnloven