Søknad Søknadsnr. 2013-0108 Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013 Prosjektnavn BlideBolstad - "Hus treng folk - folk treng hus" Kort beskrivelse Å auke befolkningstilvekst i bygda, med hovudfokus på barnefamiliar, få utflytta ungdomar tilbake og ta imot innvandrarar frå Nederland og andre som har lyst å busetja seg i bygda. For å få til dette må me og jobbe med marknadsføring og omdømebygging av bygda. Prosjektbeskrivelse Det er eit sterkt ynskje i bygda å snu den negative folketalsutviklinga og få bygda til å veksa att. Bygda må difor marknadsførast og vi må jobba med omdømebygging. Som ein start har vi alt hatt eit bygdemøte med Humørbonden Geir Styve og vi ynskjer å setja ned ei eiga gruppe som arbeider med marknadsføring. Bygda har mange attraktive kvalitetar og ligg ideelt til som eit knutepunkt langs Vossebanen 50 min frå Bergen og 25 min frå Voss, og har potensiale til å ta del i forventa folketalsvekst i Bergensområdet. Bygda har hatt nedgang i folketalet og særleg barnetalet dei siste 5 åra, hovudsakleg fordi Jernbaneverket har hindra utviding av byggefeltet og dermed tilflytting. Folk har ikkje vore klar over at det faktisk er mange tomter som kan byggjast på, men det er no opna opp for ei avgrensa utbygging. For å få fleire innbyggjarar til bygda har vi i fyrste omgang starta eit samarbeid med Placement, som er eit profesjonelt rekrutteringsfirma av nederlendarar, tyskarar og belgiarar. Vi skal og arbeida for å få utflytte bolstingar tilbake, samt marknadsføre bygda for barnefamiliar som kan ynskja å bu landleg i pendlaravstand til Bergen og Voss. Viser til meir detaljert omtale i søknadsvedlegg Blide Bolstad. Kontaktopplysninger Funksjon Navn Adresse/poststed Mobil Søker / Prosjekteier Kontaktperson Prosjektleder Bolstadøyri Ungdomslag Rongavegen 140 5723 BOLSTADØYRI Bolstadøyri Ungdomslag Rongavegen 140 5723 BOLSTADØYRI Bolstadøyri Ungdomslag Rongavegen 140 5723 BOLSTADØYRI 93293190 93293190 93293190 Mottatt offentlig støtte tidligere: Ja 1)Kraftfondet i Voss kommune i 2012 kr 150 000 til engasjement av Placement 2) Liv OGLyst. Søkte i 2012 om å bli med i treårig prosjekt til LivOGLyst, men nådde ikkje opp, Men fekk status som assosiert medlem. 3)Kraftfondet i Voss kommune gav i 2012 tilsagn om årleg eienandel på 30 000 pr år dersom vi fekk tilsagn om LivOGLystmidlar - 1 -
4) Kraftfondet i Voss kommune Vi søkjer no i 2013 parallelt med denne søknaden om del av eiegenandel til prosjektet på kr 100 000. ( Dugnadstimar og lokale midlar kr 50 000)Vi tar atterhald om tilsagn frå Kraftfondet. Spesifikasjon Bakgrunn Mangel på byggeklare tomter, nedgang i folketalet og spesielt få barnefamiliar og til slutt vedtaket om flytting av barneskulen og barnehagen til nabobygda medførte at bygdefolket snudde seg rundt og engasjerte firmaet Placement som arbeider med rekruttering av familiar frå Nederland til bygde Norge. Bygda fekk støtte med kr 150 000 frå kraftfondet i Voss kommune og kom i gang frå november 2012. 6 stk frå bygda saman med ordførar, og to frå administrasjonen i Voss kommune deltok på skandinavisk messe i Nederland i januar 2013.Dei første to familiane kjem på besøk allereide no i mars. For å vera betre budd på oppgåva som står framfor oss med mottak av nye tilflyttarar, har vi skipa Bolstadøyri grendalag som er ein paraplyorganisasjon som samordnar aktiviteten i dei andre laga i bygda og organiserer kontakten med interesserte tilflyttarar. ( Søknaden går no i namnet til Bolstadøyri Ungdomslag fordi vi har ikkje mottatt org. nr enno. Det kan ettersendast om mogeleg) Arbeidet med å rekruttera Nederlendarar og utflytte Bolstingar krev imidlertid ein del økonomiske midlar om vi skal ta imot desse på ein god og vellukka måte. Vi søkte i 2012 om eit treårig LivOGLyst prosjekt. Kraftfondet i Voss kommune stillte garanti om eigenandel i tre år på 30 000 pr år, dvs 90 000 i tre år. Vi nådde diverre ikkje opp og fekk ingen midlar. Men vi hadde ein god søknad og vart tatt opp som assosierte medlemer utan midlar, men med mogelegheit til å delta på arrangement til LivOGLyst. Då vi ikkje har hatt tilgang til midlar, har diverre ingen hatt høve til å delta. Prosjektmål A) Inkludering av innvandrarar frå Nederland til Bolstad ( Placement) Bygda treng ekstra ressursar for å kunna ta imot dei nye innflyttarane på ein god måte. Vi ynskjer inspirasjonskveldar for å læra av andre som har lukkast gjennom foredrag og studieturar. Vi ynskjer å få på plass innandørs og utandørs gode uformelle møteplassar (kafe, grillplass ved strandsona, Villmarksleir og fjellturar). Det er også eit mål å leggja til rette for etablering av nye arbeidsplassar spesielt med tanke på nederlendarane. B) Utviklingsprosjekt retta mot ungdom Det fins eit basis tilbod for barn og unge i bygda, men ein konkurrerer med større tilbod på Voss og Dale. Det er eit mål å få til eit større og meir variert tilbod lokalt når bygda spesielt når vi får fleire barn og ungdomar. Ei anna målgruppe er vi ynskjer å få tilbake er utflytta ungdomar under utdanning eller i etableringsfasen. c) Tilflyttingsprosjekt Oppfylging avtale med Placementprosjektet Målet er å gjennomføra avtalt eigeninnsatsen i prosjektet til Placement, som det ikkje er løyvd midlar til av kommunen. Dette gjelde reiseutgifter i samband med messer, arrangement i Nederland informasjonsarbeid overfor bygdefolket. Det viktigaste er kanskje marknadsføringsmateriell til messe og interesserte tilflyttarar og heimeside Forankring Kommuneplan for Voss 2011-2020 om bygda: - 2 -
«Utvikle Evanger og Bolstad som attraktive buområde for m.a. pendlarar frå Bergensområdet.» Kraftforndet i Voss kommune har finansert rekrutteringsprosjektet med Placement. Ordføraren og tre frå administrasjonen i Voss kommune saman med 6 stk frå Bolstadøyri grendalag var med på Placement si Skaninaviske messe i Nederland januar i år. Orføraren har vore ein god ambassadør for prosjektet Lokal og regional forankring. Vi er oppmoda om å søkja Kraftfondet i Voss kommune om eigenandel til prosjektet. Dei skal ikkje ha møte før i april, men har forstått av Bulyst kontakt at vi han ta atterhald om godkjenning av midlar der når vi søkjer. Vi søkte om LivOGLyst midlar i 2013 ( tre årig prosjekt) og fekk då tilsagn frå kraftfondet om eigenandel. Vi hadde i fylgje tilbakemeldingar ein god søknad, men nådde diverre ikkje opp, men fekk i staden status som assosiert medlem av LivOGLyst 2013 utan midlar.( Utan midlar har vi diverre ikkje hatt høve til å delta på LivOGLyst- arrangement så langt) Vår kontakt i Voss kommune er Næringskonsulent Iril Schau Johansen mob: 47 02 63 47 e-post iril.schau.johansen@voss.kommune.no Prosjektorganisering Prosjektet er organisert av Bolstadøyri grendalag som vart stifta 01.02.2013 Grendalaget er ein paraply organisasjon og koordinator mellom dei andre laga i bygda : Bolstadøyri Ungdomslag, Bolstadøyri Turnlag og Kvinne og Familielaget. BULYST på Bolstadøyri 2013 vert organisert under grendalaget sitt styre som vil vera styringsgruppe. Fordi vi ikkje har mottatt org nr frå Brønnøysundregisteret sinnan fristen står Bolstadøyri Ungdomslag som formell søkjar og vi brukar deira organisasjons nr. Leiar i Bolstadøyri Ungdomslag er Magnar Helland e-post adr magnar.helland@hotmail,com Styret i Bolstadøyri Grendalag Astrid Rongen, leiar Grethe Marie Finsrud (Bolstadøyri Kvinne og familielag) Magnar Helland ( Bolstadøyri Ungdomslag) Turid Seim ( Bolstadøyri Turnlag) Svein Mykkeltvedt ( økonomiansvarleg) Hanne Siri Bolstad (Styremedlem) Velkomstgruppa består av : Bjarne Bolstad Maya Mykkeltvedt Roar Andersen Dag Bolstad BULYST-prosjektet på Bolstadøyri 2013 vert organisert under grendalaget. Grendalaget sitt styre vil vera styringsgruppe. - 3 -
Kontaktperson i Voss kommune; Næringskonsulent Iril Schau Johannesen Samarbeidspartnere 1)Voss Kommune ved næringskonsulent Iril Schau Johansen mob: 47 02 63 47 e-post iril.schau.johansen@voss.kommune.no Lokalt samarbeider vi med 2)Bolstadøyri Turnlag. Leiar Torbjørn Hjørnevik 3)Bolstadøyri kvinne og familielag. Leiar Anny Forthun 4)Bolstadøyri Ungdomslag, Magnar Helland Alle som bur i bygda er automatisk medlemer i Bolstadøyri grendalag, sjå vedlegg vedtekter Aktiviteter A) Inkludering av innvandrarar frå Nederland til Bolstad ( Placement) Bygda treng ekstra ressursar for å kunna ta imot dei nye innflyttarane på ein god måte. Vi ynskjer inspirasjonskveldar for å læra av andre som har lukkast gjennom foredrag og studieturar. Vi ynskjer å få på plass innandørs og utandørs gode uformelle møteplassar (kafe, grillplass ved strandsona, Villmarksleir og fjellturar). Det er også eit mål å leggja til rette for etablering av nye arbeidsplassar spesielt med tanke på nederlendarane. 1) Besøksopplegg for nye innvandrarar ca 5 familiar 2) Bli kjent -arrangement for innvandrarar 3) Inspirasjons kveldar med foredrag med eksterne innleiarar 4) Studietur til andre bygder som har fått det til 5) Arrangement: Kafe, villmarksleir, fjellturar 6) Delta i LivOGLyst arrangement som assosierte medlemer 5) Leggja til rette for etablering av nye arbeidsplassar, lokale, B) Utviklingsprosjekt retta mot ungdom Det fins eit basis tilbod for barn og unge i bygda, men ein konkurrerer med større tilbod på Voss og Dale. Det er eit mål å få til eit større og meir variert tilbod lokalt når bygda spesielt når vi får fleire barn og ungdomar. Ei anna målgruppe er vi ynskjer å få tilbake er utflytta ungdomar under utdanning eller i etableringsfasen. 1) Påsketreff og juletreff for utflytte ungdomar i utdannings og etableringsfasen 2)Spørjeundersøking om kva ungdomen meiner skal til for at dei skal få lyst å flytta tilbake 3)Idemyldring med turnlaget, Ungdomslaget og Kvinne og familielaget om aktivitetstilbodet og trivselstiltak for barn og unge 4)Arrangement, aktivitetar spesielt spesielt retta mot barn og unge i bygda c) Tilflyttingsprosjekt Oppfylging avtale med Placementprosjektet Målet er å gjennomføra avtalt eigeninnsatsen i prosjektet til Placement, som det ikkje er løyvd midlar til av kommunen. Dette gjelde reiseutgifter i samband med messer, arrangement i Nederland informasjonsarbeid overfor bygdefolket. Det viktigaste er kanskje marknadsføringsmateriell til messe og interesserte tilflyttarar og heimeside 1) Kurs velkommen hit v/ Placement - 4 -
2) Informasjons og kontaktdagar i Nederland i april og oktober. Møte med aktuelle tilflyttarar til Norge 3)Lokale informasjonsmøte for bygdefolket 4)Marknadsføring av bygda. Utarbeida betre marknadsføringsmateriale om bygda sine kvalitetar, bustadar og tomter, brosjyrer, posters rollups og lignende 5) Ny heimeside Målgrupper Barnefamiliar, utflytta Bolstingar,innvandrarar frå Nederland og andre som har lyst å flytta til Bolstad. Målgruppa for prosjektet er også bygdefolket sjølve. Vi må bli gode til å ta imot nye innbyggjarar, bli gode til å byggja eit godt omdømme og vi må bli inspirert og motiverte til å skapa gode møteplassar ute og inne. Resultat Resultatet vil vera å få fleire unge familiar i bygda. Bygdefolket vil bli betre til å ta i mot nye tilflyttarar, bli betre til marknadsføra bygda og driva med positiv omdømebygging. Vi vil bli betre til å leggja til rette og skapa gode møteplassar ute og inne og det sosiale miljpet, samhaldet og identiteten til bygda vil bli styrka. Vaksne og born vil få større omgangskrets, vener og leikekameratar lokalt. Det blir større befolkningsgrunnlag for lokale aktivitetar som kan konkurrera med tilbod på Voss og Dale Effekter Mange av Nederlendarane som ynskjer å flytta til bygdenorge er ressurssterke folk med god utdanning og fleire ynskjer å starta si eiga verksemd. Det kan bety større skatteinntekter for kommunen og fleire arbeidsplassar. Auka folketal betyr og fleire statlege overføringar. Voss manglar ingeniørar og helsepersonell og prosjektet på Bolstad kan bidra til å avhjepa rekrutteringsproblem både på Voss og regionalt.bygda har eit stort tomtepotensiale og ligg gunstig til ved Vossebanen. Bygda vil kunna ta del i den forventa folkeauken i bergensregionen og sidan vi har jernbanen, vil ein folkevekst her ikkje belasta vegnettet i Bergen. Tids- og kostnadsplan Tidsplan 2013: Gjennomføra tiltak slik omtala i Søknadsnotatet sjå vedlegg Oppfølging av BULYST - prosjektet Blide Bolstad etter 2013 1)Søkja kraftfondet i Voss kommune om forlenging av Placement prosjektet i 2014, då mange av dei aktuelle tilflyttarane treng lenger tid til å ta det store valet å flytta til Norge, dei skal skaffa seg jobb og gjerne selja å huset sitt i Nederland. 2)Søkja på nytt om LivOGLyst-midlar 3)Jobba saman med nye tilflyttarar om å få til nye aktivitetar og arbeidsplassar 4)Jobba med å finna fleire hus for utleige og næringslokale for dei som vil starta eiga verksemd 5) Jobba med opparbeiding og tilrettelegging av tomtefeltet på Bolstad ca 20 tomter - 5 -
Kostnadsplan Tittel 2013 2014 2015 2016 2017 SUM Inkludering av innvandrarar frå Nederland 120 000 120 000 Slyttrapportering 10 000 10 000 Tilflyttingsprosjket. oppfylgjing av Placement 120 000 120 000 Utviklingsprosjekt retta mot ungdom 50 000 50 000 Sum kostnad 300 000 300 000 Finansieringsplan Tittel 2013 2014 2015 2016 2017 SUM Bulystmidlar 150 000 150 000 Dugnad, lokale midlar 50 000 50 000 Voss kommune, kraftfondet 100 000 100 000 Sum finansiering 300 000 300 000 Geografi 1235-Voss Vedleggsliste Dokumentnavn Filstørrelse Dato Avtaledokument med Placement 2012-2013.pdf 1 957 086 08.03.2013 Blide Bolstad BULYST på Bolstad 7.3.2013.pdf 1 024 292 08.03.2013 Kraftfondvedtak LivOgLyst Bolstad 2013.docx 16 928 08.03.2013 Ledige hus på Bolstad.pdf 464 666 08.03.2013 Vedtak i kraftforndet 30.10.2012.pdf 92 988 08.03.2013 Vedtak Liv og Lyst om ass medl.pdf 1 372 202 08.03.2013 VEDTEKTER FOR BOLSTADØYRI GRENDELAG.docx 18 633 08.03.2013-6 -