Handlingsplan for forsking 2012-2014



Like dokumenter
Innledning Mål og strategier Målområde 1 Kvalitet på forskning og fagutvikling... 4

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/511 STYRESAK: 076/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK. Styret tar saka til orientering.

Handlingsprogram for

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

Strategiplan for Apoteka Vest HF

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Sølvi Lerfal SAKA GJELD: Fagleg rapportering 2014

Status og strategi for forskning i Helse Sunnmøre. Fagdirektør Odd J. Veddeng

Referat frå møte nr. 51, 20. februar 2013

Omfang HMR løyver inntil 1,5 million norske kroner til føremålet for Ein kan søkje om maks nok per prosjekt per år

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

Styresak. Arkivsak 2013/189/ Styresak 047/13 B Styremøte

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Forskningsstrategi for Diakonhjemmet Sykehus

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

Forskning og innovasjon i Helse Midt- Norge. Trygghet Respekt

FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Innkalling til møte i Brukarutvalet for Helse Møre og Romsdal HF 24. mars 2014

Regional strategiplan for forskning og utvikling i Helse Midt-Norge RHF

HELSE MIDT-NORGE RHF STYRET

Handlingsplan for formidling SV-fakultetet

Forslag til vedtak: FU- tek saka til orientering og sender den til leiargruppa for Helse Møre og Romsdal til orientering og endeleg vedtak.

Strategi for innovasjon i Helse Midt-Norge

DATO: SAKSHANDSAMAR: Anne Kristin Kleiven/Marit Solheim SAKA GJELD: Internrevisjon av forskingsaktiviteten i Helse Vest

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

FORSKNINGSSTRATEGI FOR VESTRE VIKEN

Klinikk PHA handlingsplan for forskning i perioden 2015:

Tenesteavtale 7. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Styresak. Styresak 014/06 B Styremøte

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

Forskningsstrategi Helsefak, UNN og Helse Nord hvor møtes de? John-Bjarne Hansen Prodekan forskning Det helsevitenskapelige fakultet

Samarbeid om IKT-løysingar lokalt

1. Innledning Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN) sin visjon er: Det er resultatene for pasienten som teller! Vi gir den beste behandling. Det er l

Forsknings- og utviklingsstrategi Sykehusapotekene HF

Om tilrettelegging for forskning i habilitering -fra et lederperspektiv

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

1. Kort om grunnlag og føremål:

Strategiplan for FoU

Det medisinske fakultet. Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet R-SAK RÅDSSAK Fakultetsrådet. Dekanus. Revidert strategi for DMF

Styret Helse Sør-Øst RHF 31. januar Styret tar regionale delstrategier for for forskning og innovasjon til etterretning.

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Referat frå møte nr. 62, 18. september

Versjon: 1.0. Handlingsplan. Brukarmedverknad i Helse Møre og Romsdal. Godkjent: Dato:

Strategi for forskning i Helgelandssykehuset

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane

STRATEGI FOR FORSKING OG INNOVASJON I HELSE FØRDE

Overordnet strategi for St. Olavs Hospital

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Innkalling og sakliste

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Strategi for forskning i Helse Midt-Norge

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Referat frå møte nr. 55, 28. november 2013

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Forskrift for bruk av betegnelsen Universitetssykehus (FOR nr 1706):

Delavtale Samarbeid om kunnskap og kompetanse

Hjelp. Felles retningslinjer for utarbeiding av Individuell plan mellom Helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Avtale om partnarskap

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Forskningsstrategi

FORSKING OG INNOVASJON Strategi

HELSE MIDT-NORGE RHF

FORSKNINGS- OG UTVIKLINGSSTRATEGI

Strategi for utdanning og kompetanseutvikling i Helse Midt-Norge RHF Forslag til handlingsplan med mål og tiltak

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

RHF enes erfaring med brukermedvirkning i tildeling av regionale midler. NSG Tove Klæboe Nilsen, forskningssjef Helse Nord RHF

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

Utlysing av FoU-midler for å styrke klinisk samarbeid mellom Helse Midt-Norge og Høgskolene.

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

RHF-enes strategigruppe for forskning

colourbox FoU-eining for samhandling i samarbeidsavtalene

DATO: SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen/Bjørn Ivar Bø Tiltak for å auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar i regionen

Strategisk plan Institutt for framandspråk

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

på vegne av barn og unge

Styret Helse Sør-Øst RHF 25. april 2013 SAK NR REGIONAL STRATEGI FOR FORSKNING OG INNOVASJON, HELSE SØR-ØST

Kombinasjonsstilling mellom høgskule og sjukehus

Arkivkode: 023 Arkivsak: 2008/2047 Dato skrive: Sakshandsamar: Mai-Liss Larsen Godkjent av: Jon Bolstad RISIKOVURDERING I HELSE FØRDE

Regional delstrategi for forskning i Helse Sør-Øst

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

RAPPORT FRÅ FORPROSJEKTET KREFTBEHANDLING I KOMMUNEN

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

INNKALLING TIL MØTE I FORSKNINGS- OG FORMIDLINGSUTVALGET

Rekruttering av helsepersonell fra Polen. Arve Varden Direktør medisinsk klinikk Helse Førde

Transkript:

Handlingsplan for forsking 2012-2014 Handlingsplan for forsking i Helse Møre og Romsdal HF 2013 1

Innleiing Handlingsplanen tek utgangspunkt i Helse Midt-Norges forskingsstrategi og Helse Møre og Romsdals Strategi 2015. Vi har brukt malen frå Helse Midt Norges utkast til handlingsplan, med mål, strategi og tiltak. I starten av kvart kapittel er det referert til den regionale forskingsstrategien (markert med raster), og deretter kjem forslaga om mål og tiltak for Helse Møre og Romsdal. Nokre av måla er generelle, andre mål er konkrete tiltak som vi ønskjer på plass snarast mogleg. Dei generelle måla er markerte som kulepunkt, dei konkrete tiltaka er markerte med. Forskingsutvalet oppdaterer og endrar planen i samband med budsjettarbeidet kvar haust. Sist gjennomgått på møte i Forskingsutvalet i Helse Møre og Romsdal 7. november 2012. Innhald: Handlingsplan for forsking... 1 2012-2014... 1 Innleiing... 2 Hovudutfordringar ved forsking i Helse Møre og Romsdal... 3 MÅL, STRATEGI OG TILTAK.... 3 1.1. Kvalitet og forskningsaktivitet.... 3 1.2. Ressurbruk... 5 1.3. Infrastruktur for forskning... 7 1.4. Organisering... 7 1.5. Forskningsforvaltning... 8 1.6. Forskningsformidling.... 9 1.7. Innovasjon... 10 Handlingsplan for forsking i Helse Møre og Romsdal HF 2013 2

Hovudutfordringar ved forsking i Helse Møre og Romsdal. Eit lite helseforetak kan ikkje greie å bygge opp gode forskingsmiljø innanfor mange fagområde. Difor vil vi lokalt bygge forskingsnettverk på tvers av faggrensene, og elles legge til rette for deltaking i regionale, nasjonale og internasjonale nettverk. Det er svært vanskeleg for forskingsprosjekta i Helse Møre og Romsdal å nå opp i konkurranse om eksterne forskingsmidlar som til dømes frå Samarbeidsorganet i Helse Midt-Norge eller Norges Forskningsråd. Det kan være fleire grunnar til dette, men det er vanskeleg for enkeltforskarar frå mindre sjukehus å konkurrere med store etablerte forskingsgrupper ved universitetessjukehus. Dette gjeld både i forhold til utarbeiding av prosjektsøknader, det å finne gode veiledarar som engasjerer seg til fulle i prosjekta, og i forhold til å ha eit miljø der ein kan arbeide med forsking. Helse Møre og Romsdal har allereie tilsette veiledarar for å hjelpe forskarar med prosjektsøknader og andre relaterte forskingsspørsmål. No arbeider ein også med å etablere større tverrfaglege forskingsgrupper innan ulike klinikkar og fagområde, gjennom utlysing av infrastrukturmidlar i tillegg til forskingsprosjektmidlar. På denne måten ønskjer ein å stimulere til, og tilrettelegge betre for forsking i Helse Møre og Romsdal. Ein ønskjer også på sikt å verte meir konkurransedyktige ved tildeling av eksterne forskingsmidlar. Siste åra har vi sett at forskarane som har fått tildelt midlar frå Helse Møre og Romsdal har vanskar med å få brukt dei som planlagt. Nokre avdelingar slit med å kunne gi forskingsfri fordi ein ikkje har vikarar som kan gå inn i det daglege arbeidet som forskarane har i klinikken. Ein vonar no at etablering av større forskingsgrupper skal gjere det enklare å lage systemer for forskingsfri i avdelingane. Ein vil også gå i dialog med avdelingar som ikkje søker om infrastrukturmidlar for å finne fram til tiltak som kan gjere det enklare å kombinere forsking og klinisk virksomheit Mål, strategi og tiltak. 1.1. Kvalitet og forskningsaktivitet. Forskningen i HMN skal holde et høyt nasjonalt nivå generelt og høyt internasjonalt nivå innen utvalgte områder. Forskningsaktiviteten i Helse Midt-Norge RHF skal i løpet av perioden øke til minst 450 ISI registrerte publikasjoner pr år, ved at alle HF øker sin aktivitet med 10 % hvert år. Foretaksledelsen har ansvar for å ivareta eksisterende forskningskompetanse og videreutvikle denne. Strategi 1.1.1 Forskere skal konkurrere om forskningsmidler ut fra kvalitet, relevans og prosjektets gjennomførbarhet. HMN skal sette av midler til bestemte strategiske formål, med høye krav til kvalitet og gjennomførbarhet. Handlingsplan for forsking i Helse Møre og Romsdal HF 2013 3

Mål og tiltak i Helse Møre og Romsdal. Byggje opp infrastruktur til forskingsstøtte med veiledarar, kurs og opplæring, nettverk for forsking, programvare, kontorplassar etc. Årleg avsetjing av forskingsmidlar over budsjettet til Helseforetaket i samsvar med retningslinene frå Helse Midt-Norge RHF. Saman med tildelte midlar generert frå artikkelproduksjon og midlar frå lokale forskingsfond, skal midlane brukast til: o Postdoc-stipend. o Støtte til forskings- og utviklingsprosjekt. o Støtte i samband med søknader om PhD-stipend, regionale postdoc-stillingar og større søknader om forskingsstøtte. o Infrastruktur for forsking. Forskingsprosjekt med medisinskfaglege-, sjukepleiefaglege- psykologiske- og andre tema knytt til aktivitetane i helseforetaket, skal ha likeverdig anledning til å få stønad til forskingog utvikling frå helseforetaket. Helse Møre og Romsdal vil legge vekt på å sikre kvinneperspektivet i relevante forskingsprosjekt, og ønskjer at forskingsgrupper skal ha med både menn og kvinner Det er ønskjeleg med minst eitt forskingsprosjekt som involverer helse- og/eller sosialsektoren i ein eller fleire kommunar. Det er ønskjeleg å alltid ha minst eitt forskingsprosjekt der samhandling med kommunehelsetenesta er del av problemstillinga. Minst eitt forskingsprosjekt skal innebere samarbeid med ein eller fleire av høgskulane i Møre og Romsdal. Kvalitetssikring av tildeling av omsøkte midlar skal skje ved hjelp av vitskapleg komite med kompetanse som er høveleg for prosjektsøknadene ein får inn. Tilby opplæring i utvikling av prosjekt frå ide til protokoll. Tilby frikjøp for deltakarar i kurset. Tilby opplæring til forskarane i bruk av den nasjonale forskaradatabasen Cristin. Tilsette statistikar i 20% stilling. Tilsette forskingsassistentar der det er tenleg. Strategi 1.1.2 Forskningsmiljøene i lokale foretak må styrkes slik at aktiviteten kan øke med 10 % årlig. Ved rekruttering av leiarar på ulike nivå, og til kliniske stillingar skal ein også legge vekt på vitskapleg kompetanse. Helse Møre og Romsdal HF skal krediterast når foretaket har støtta forskaren/forfattaren. Alle skal bruke Helse Møre og Romsdal HF som adresse, eventuelt med klinikk- og/eller avdelingstilknyting i tillegg. Helse Møre og Romsdal skal oppnå minst 13 publikasjonspoeng i 2013 etter rapporterte resultat i Cristin. Samarbeid med personal om veklegging av vit. kompetanse Det bør gjevast støtte til postdoc- eller PhD-stipendiatar i samla minst to årsverk i 2013. Minst to mastergradsoppgåver skal presenterast på regionale, nasjonale eller internasjonale konferansar kvart år. Minst 50 presentasjonar på regionale, nasjonale- og internasjonale fagkongressar og seminar i 2013. Handlingsplan for forsking i Helse Møre og Romsdal HF 2013 4

Strategi 1.1.3 HMN skal prioritere forskningssvake områder og tverrfaglig forskning med betydning for klinisk praksis. Helse Møre og Romsdal vil stø forskarar med interesse for forskingssvake område, og støtte eventuelt samarbeid med nasjonale og internasjonale nettverk innanfor området. Strategi 1.1.4 Andelen helsepersonell som utdannes og rekrutteres til forskning skal øke. Helse Møre og Romsdal vil og vurdere å stø forskarar fram til PhD-grad med lokale forskingsmidlar. Helse Møre og Romsdal vil leggje til rette for at tilsette kan søkje PhD-stipend via samarbeidsorganet mellom Helse Midt-Norge og NTNU. Helse Møre og Romsdal vil legge til rette slik at PhD-stipend kan kombinerast med utdanningsstillingar og kliniske stillingar. Avdelingssjefar må legge til rette for at kompetansen til personale med PhD og mastergrad blir brukt i forskings- og fagutviklingsprosjekt som er viktige og nyttige for avdelinga og fagområdet. Helse Møre og Romsdal skal tilby ulike typer kurs for forskingsinteresserte i foretaket. Det skal leggast til rette for å ha forskingsnettverk i knytt til alle dei fire sjukehusstadane. Det skal tilretteleggast for samarbeid mellom nettverka. Minst 12 PhD-kandidatar knytt til Helse Møre og Romsdal bør vere under utdanning. Av desse bør minst 3 arbeide med tema knytt til psykisk helsevern, og minst 2 ha anna enn medisinskfagleg bakgrunn. 2 4 PhD-kandidatar knytt til Helse Møre og Romsdal skal disputere årleg. Helse Møre og Romsdal vil ha minst 10 personar i kombinerte stillingar med høgskule og universitet i løpet av 2013. I løpet av 2013 skal FoU-seksjonen arbeide for at Helse Møre og Romsdal avklarer lønnsplassering for høgskuleutdanna personale med mastergrad, og for tilsette med doktorgrad, som arbeider i klinikken. 1.2. Ressurbruk. Det skal settes av 3 % av RHFs totale inntekt til forskning og innovasjon på regionalt nivå og tilsvarende på lokalt nivå. Helse Midt-Norges andel av eksterne forskningsmidler skal øke. Strategi 1.2.1 For å nå målet om 3 % av total inntekt, må det foretas en årlig opptrapping ut over lønns- og prisjusteringer. Ifølgje forskningsstrategi for Helse Midt-Norge skal det fram til 2013 gjerast ein opptrapping slik at 3% av budsjettet i Helse Midt-Norge skal avsettast til forskingsformål. Det vert forventa at foretakene innrettar seg slik at forskingsaktiviteten er på venta nivå. I oppdragsdokumentet 2012 for Helse Midt Norge er eit av måla formulert slik: Det er sikret transparens og god dokumentasjon i håndteringen av det øremerkede tilskuddet til forskning i helseforetakene. Handlingsplan for forsking i Helse Møre og Romsdal HF 2013 5

For 2011 utgjorde den samla særfinansieringa til forsking frå Helse Midt-Norge til Helse Nordmøre og Romsdal og Helse Sunnmøre 13,9 MNOK. Av desse vart ca. 7 MNOK avsett i budsjettet. Midlane vart tildelt ulike forskingsprosjekt, og totalt vart det brukt ca. 4 MNOK av bevilginga. For 2012 var særfinansieringa frå Helse Midt-Norge på 15,5 MNOK. Imidlertid vart berre 9 MNOK avsett i budsjettet. Av desse vart ca. 8,5 MNOK benytta. For 2013 er 10,5 MNOK av ei særfinansiering på 19,4 MNOK frå helse Midt-Norge avsett til forsking. Utlysing av infrastrukturmidlar og etablering av større forskingsgrupper, saman med videreføring av pågåande aktivitetar vil krevje eit auka behov for ressursar til forsking, men aktivitetsnivået må avpassast til dei økonomiske rammene. Forutsett at ein nyttiggjer seg heile beløpet som er avsett for 2013 vil ein arbeide for at ein større del av særfinansieringa til forsking frå Helse Midt-Norge vert avsett i budsjettet for 2014. Etablering av større tverrfaglege forskingsmiljø gjennom tildeling av infrastruktumidlar Syte for opplæringssystem for forskingsinteresserte. Utvikle gode system for tilrettelegging for forsking i avdelingane. Legge til rette med kontorplassar og utstyr for forsking. Legge til rette for vikarar som kan gå inn i stillingane til dei som har forskingspermisjon Strategi 1.2.2 Det skal utarbeides strategier for økt ekstern finansiering av forskning. Helse Møre og Romsdal skal systematisk gjere kjent moglege nasjonale og internasjonale program der forskarar kan søke midlar. Forprosjekt i samband med gode søknader til eksterne nasjonale og internasjonale midlar for aktuelle søkarar bør støttast av foretaket. Helse Møre og Romsdal skal, i samarbeid med Enhet for anvendt klinisk forsknings ved NTNU (AKF), syte for å utvikle søkarkompetanse for internasjonale program, og syte for at den søkarkompetansen kan brukast av alle interesserte i foretaket. Strategi 1.2.3 Bruken av regionale forskningsstipend og forskerstillinger skal være i tråd med føringer i oppdragsdokumentet og regionale satsninger. I hovudsak skal prioritering av strategiske forskingsområde i Helse Møre og Romsdal vere i samsvar med oppdragsdokument og prioriterte satsingsområde i helseforetaket. Handlingsplan for forsking i Helse Møre og Romsdal HF 2013 6

1.3. Infrastruktur for forskning. Regionale forskningsnettverk skal etableres og videreutvikles i takt med behovet. Det skal utvikles en regional infrastruktur som sikrer økt forskningsaktivitet, god faglig kvalitet, godt samarbeid, god ressursutnyttelse og økt konkurranseevne. Det skal settes av ressurser til arealer, utstyr og drift. Strategi 1.3.1 Regionale forskningsnettverk skal bidra til å samle forsknings- og utviklingskompetansen i færre, men større og mer slagkraftige enheter. Parallelt med dette arbeidet må nasjonalt og internasjonalt samarbeid formaliseres og styrkes. Forskarar frå Helse Møre og Romsdal skal oppmuntrast- og gjevast støtte til å kunne delta i regionale, nasjonale- og internasjonale forskingsnettverk innanfor sine område. Informere om kva støtte som er mogleg å få frå Enhet for anvendt klinisk forsking og forskingspoliklinikken i Trondheim Helse Møre og Romsdal HF vil styrke forskingssamarbeidet med høgskulane, kommunane og fylkeskommuna i Møre og Romsdal fylke. Strategi 1.3.2. Alle HF skal delta i en regional infrastruktur for forskning, som skal styrkes. Syte for at forskarane kjenner til og har tilgang til regional infrastruktur og programvare. Hjelpe forskarar med å få tilrettelagt naudsynt programvare som ikkje er med i tilbodet frå Helse Midt-Norge RHF. Informere om HUNT-data, data frå andre regionale kvalitetsregister, og lokale kvalitetsregister som egnar seg til forsking. Informere om kjernefasiliteter som er tilgjengelege for alle i Helse Midt-Norge Sikre at det finst tilgjengelege og tenlege lokale for forskarar i Helse Møre og Romsdal. 1.4. Organisering. Forskning skal prioriteres på lik linje med øvrige lovpålagte oppgaver. Lederopplæring i helseforetakene skal inkludere kunnskap om forskning. Strategi 1.4.1 Ansvaret for forskningen skal ligge i styringslinja. Klinikk- og avdelingssjefar må syte for- og rapportere om forsking på lik line med andre lovpålagde oppgåver. Alle forskingsprosjekt skal ha ein prosjektleiar som har kontakt med og rapporterer både til avdelingssjef, klinikksjef og leiinga i Helse Møre og Romsdal. Forsking- og utvikling skal vere tema i leiarutviklingsprogramma i Helse Møre og Romsdal HF. FoU-seksjonen i Helse Møre og Romsdal skal syte for at det finst tilgjengeleg veiledningskompetanse i Helse Møre og Romsdal. Handlingsplan for forsking i Helse Møre og Romsdal HF 2013 7

Strategi 1.4.2 Alle HF skal ha forskningsutvalg og forskningsenhet for å ivareta forskningen. Strategi 1.4.3 RHF skal ha opprettholde et regionalt forskningsutvalg bestående av representanter fra lokale forskningsutvalg, representant fra RHF ved medisinsk direktør, brukerrepresentant, og representanter fra høgskolesektoren og universitetet. Forskingsutvalet skal rapportere til direktør. Forskingsutvalet skal ha medlemmer frå ulike avdelingar og yrkesgrupper i foretaket, ein representant frå Brukarutvalet for å ivareta brukarane sine interesser, og ein medlem frå universitet eller høgskule. Der er ønskjeleg at mange i forskingsutvalet har forskingskompetanse. Forskingsutvalet arbeider med forskingsstrategiske oppgåver, og fordeler midlar frå dei sentrale forskingsfonda i Helse Møre og Romsdal. Leiar for forskingsutvalet skal vere medlem i det regionale forskingsutvalet. 1.5. Forskningsforvaltning. Forskningsforvaltningen skal være forutsigbar i forhold til fordeling av ressurser og personell, og skal foregå i tråd med regionale prioriteringer. Forskningen skal holde en høy etisk standard og følge vedtatte deklarasjoner. Kjerneverdiene trygghet, respekt og kvalitet skal ligge til grunn for all forskning, og skal prege alle møter mellom forskere, deltakere og brukere av spesialisthelsetjenesten. Det skal årlig rapporteres på forskningsaktivitet og det skal være systemer for internkontroll av forskning. Strategi 1.5.1. Forskningsforvaltningen skal foregå i henhold til relevante lover og bestemmelser og i samsvar med strategiske føringer. Bevisstheten omkring betydningen av forskning skal økes. Der forskingsresultat bør føre til endring i klinisk praksis, skal det etablerast system for å implementere ny klinisk praksis og endra tenestetilbod. Retningsliner for forskingsforvaltning skal gjennomgåast og eventuelt reviderast av FoUseksjonen og forskingsutvalet årleg.. Det skal opprettast eintydige prosedyrar for ansvarsfordeling, søknader, godkjenningar og rapporteringar om forsking i Helse Møre og Romsdal. Strategi 1.5.2 Etablerte kvalitets- og forskningsregistre for sykdommer og andre endepunkt skal kvalitetssikres, vedlikeholdes og utnyttes til forskning. Mål og tiltak i Helse Møre og Romsdal HF Oversikt over Helse Møre og Romsdals kvalitetsregister skal vere tilgjengeleg på intranett. Helse Møre og Romsdals personvernombod for forsking skal halde ved like oversikta, og skal kontaktast ved interesse for å bruke kvalitetsregistera til forsking.. Linkar til informasjon om forskingsbiobankar skal vere tilgjengelege på intranettsida til Helse Møre og Romsdal. Handlingsplan for forsking i Helse Møre og Romsdal HF 2013 8

Strategi 1.5.3 For å sikre tillit mellom forskere, forsøkspersoner og brukere av spesialisthelsetjenesten må forskerne være bevisste i forhold til forskningsetikk. REK skal konsulteres aktivt. Veiledarar skal vere medvitne om etikk i forsking. Helse Møre og Romsdal skal med jamne mellomrom tilby kurs om etiske problemstillingar i forsking. Alle prosjektbeskrivelsar og søknader skal ha med krav om etisk vurdering. Strategi 1.5.4 HFene skal i perioden dokumentere at de har systemer for oppfølging og monitorering av forskningsprosjekter. Oppnådde resultater, progresjon og kvalitet skal ses i forhold til ressursbruk. Handlingsplan for forsking skal rullerast i strategiplanperioden (2010 2014), og sjåast i samanheng med regional- og lokal strategi. Styret i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge RHF skal årleg ha rapportar om forskingsaktiviteten. Forskingsutvalet skal ha årleg rapport om aktivitet, ressursbruk og resultat i alle forskingsprosjekt som har motteke støtte frå Helse Møre og Romsdal. Helse Møre og Romsdal skal ta i bruk regionalt skjema for e-rapport så snart det er tilgjengeleg. 1.6. Forskningsformidling. Formidling av forskningsresultater til pasienter, ansatte i HF, brukerorganisasjonene, befolkningen og beslutningstakere skal styrkes gjennom egne kommunikasjonsstrategier ved hver institusjon. Leiarar og forskingseininga skal legge til rette for lokal formidling av forskingsresultat i form av foredrag, plakatar, posterar o l. Plan for formidling skal vere med i alle prosjekt som får støtte frå forskingsutvalet i Helse Møre og Romsdal. Forskingsformidling skal vere del av forskingsopplæringa som Helse Møre og Romsdal tilbyr. Helse Møre og Romsdal skal årleg ha minst 10 lokale kronikkar og oppslag med utgangspunkt i- og om forsking i Helse Møre og Romsdal. Beskrivelse av prosjekt som har fått støtte frå Helse Møre og Romsdal, doktorgradsprosjekt, oversikt over publiseringar, rapportar o l skal gjerast tilgjengelege via Helse Møre og Romsdals inter- og intranett. Helse Møre og Romsdal skal ha eigen forskingsdag årleg. Handlingsplan for forsking i Helse Møre og Romsdal HF 2013 9

1.7. Innovasjon Helse Midt-Norge skal bidra til nye produkter og løsninger som gir mer helse pr. krone og som kan gjøre sektoren i stand til å møte store fremtidige utfordringer. Strategi 1.7.1. Utvikle en bevisst holdning til forskning med innovasjonspotensiale og etablere rutiner for å understøtte innovasjon i forskning. Strategi 1.7.2 For å bidra til høyere aktivitet innen innovasjon og næringsutvikling må antall innovasjonsprosjekter øke, for eksempel innen IKT og medisinsk-teknisk utstyr. Mål og tiltak i Helse Møre og Romsdal HF Forskingsutvalet skal stille spørsmål om innovasjonspotensiale i alle prosjekt som søkjer om støtte. Forskingssjef er innovasjonsansvarleg og deltek i regionale og nasjonale innovasjonsnettverk. NTNU Tebhnology Transfer Office skal involverast i alle identifiserte prosjekt som kan ha innovasjonspotensiale Forskingsutvalet skal ta stilling til om det skal etablerast et eige apparat med tilhøyrande budsjett for å legge betre til rette for utviklings- og innovasjonsprosjekt. Handlingsplan for forsking i Helse Møre og Romsdal HF 2013 10