HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 201103659-3 Arkivnr. 712.T07 Saksh. Engum, Hans-Christian, Taule, Eva Katrine R. Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 10.11.2011 OPPSTART OG ORGANISERING AV REGIONAL PLAN FOR SUNNHORDLAND SAMANDRAG I regional planstrategi for Hordaland 2010-2012 er det vedtatt å starte opp arbeidet med Regional plan for Sunnhordland. Gjennom planprogrammet skal ein fastsetje føremålet med planen, organisering, opplegg for medverknad, framdriftsplan og behov for utgreiingar og analyser. Planprogrammet dannar grunnlaget og rammene for arbeidet med sjølve planen. Føremålet med å utarbeida eit planprogram er å auka innsynet og medverknaden i planlegginga på eit tidleg stadium. Fylkesutvalet fastset organiseringa omkring utarbeidinga av eit planprogram. Det vert etablert eit politisk kontaktutval med ein representant frå fylkesutvalet og to representantar frå kommunane for å sikre god politisk forankring. Det vert også etablert ein programkomité som vil bestå av administrative representantar frå fylkeskommunen, kommunane og statlege etatar. Programkomiteen får mandat til å utarbeide forslag til planprogram som skal leggjast fram for Fylkesutvalet til godkjenning. FORSLAG TIL VEDTAK: 1. Fylkesutvalet vedtar oppstart av arbeidet med Regional plan for Sunnhordland. 2. Fylkesutvalet oppnemnar ein politisk representant.....til å sitje i politisk kontaktutval saman med to representantar frå kommunane. 3. Ein programkomité får i oppgåve å utarbeidde eit forslag til planprogram. Komitéen skal knytte til seg eit sekretariat og skal ha følgjande representasjon: Hordaland fylkeskommune - leiar Fylkesmannen i Hordaland Fiskeridirektoratet Statens vegvesen Mattilsynet
Kystverket Kommunane Fylkesrådmannen kan justera samansettinga av programkomitéen etter behov. Paul M. Nilsen Fylkesrådmann Jan Per Styve Regionaldirektør 2
FYLKESRÅDMANNEN, 25.10.2011: Bakgrunn Fylkestinget vedtok i desember 2010 Regional planstrategi 2011-2012. Strategien omhandlar kva regionale planoppgåver som skal startast i perioden. Revisjon av Fylkesdelplan for Sunnhordland er eit prioritert planarbeid. Gjennom Hordaland fylkeskommune sitt delegasjonsreglement har Fylkesutvalet fullmakt til å utarbeida forslag til og vedta planprogram for regionale planar. I tillegg kan dei utarbeide forslag til regional plan. Det er Fylkestinget som regional planmyndigheit som skal vedta ein regional plan etter plan og bygningslovas 8-4. En regional plan etter plan og bygningslova er regional planmyndigheit (fylkeskommunen) sitt planverktøy for å utforme regional politikk innanfor prioriterte områder. I brev av 29. april 2011 vart Samarbeidsrådet i Sunnhordland, kommunane i regionen, i tillegg til kommunane Kvam, Jondal og Vindafjord, og sentrale statlege etatar, gitt høve til å kome med innspel til organiseringa av arbeidet med planprogrammet for Regional plan for Sunnhordland. Alle partane stilte seg i hovudsak bak det forslaget som fylkesrådmannen sendte ut. I samband med pilotprosjekt for differensiert strandsoneforvaltning, er det satt i gong eit interkommunalt planarbeid mellom Sunnhordlandskommunane inkludert Fusa kommune. Dette arbeidet har blitt ytterlegare aktualisert etter at regjeringa vedtok retningslinjer for differensiert strandsone-forvaltning. Her vart alle kommunane i Sunnhordland flytta til den minst strenge kategorien som ei prøveordning fram til 2014. Då skal plasseringa av desse kommunane vurderast på ny. Dette arbeidet bør sjåast i samanheng med den regional planen. Kva saka gjeld Denne saka vert lagt fram for å oppnemne politisk representant og organisere arbeidet med planprogram. Føremål med planarbeidet I planstrategien for Hordaland 2010-2012 er planutfordringane omtalt slik: Planen er ein delrevisjon av gjeldande Fylkesdelplan for Sunnhordland. Sjøområda i Sunnhordland bind regionen saman på ein unik måte. Den langstrakte og varierte kystlinja inneheld alt frå store, relativt urørte, kystlandskap til tunge industriområde med maritim verksemd. Sjøen er framleis ei viktig samferdselsåre. Friluftsliv knytt til sjø er svært utbreidd både for lokalbefolkning og tilreisande. Bruken av strandsona har vore omstridd og det er starta eit strandsoneprosjekt i regionen som skal kartleggje og utvikle felles normer. Akvakulturnæringa har eit tyngdepunkt i området og ei eiga Hardangerfjordforskrift er utvikla for å styre vidare etablering i området. Det er for kort tid sidan gjennomført omfattande arealanalysar av potensialet for næringsutvikling innan akvakultur. Det er behov for å revidera arealplanane på grunn av nye utfordringar. I planprogrammet må ein sikre god koordinering mellom planprosessane, særleg i høve til Regional Transportplan, Regional næringsplan og Forvaltingsplan for vassregion Hordaland. Føremål med planarbeidet er å sikre ei berekraftig forvaltning av sjøareal og strandsone i Sunnhordlandsregionen og utvikle eit langsiktig samferdselsnett med trygge farleier, gode ferje - og hamneområde og eit tenleg vegtransportnett. Formelle rammer Et arbeid med ein regional plan består i hovudsak av to fasar: 1. Utarbeiding av planprogram 2. Utarbeiding av plan For regionale planar krev plan og bygningslova at det blir utarbeidd eit planprogram. Hovudgrunngjevinga for planprogram er å leggja til rette for opne demokratiske prosessar der det er mogleg med medverknad frå berørte grupper og organ på eit tidleg stadium. Gjennom planprogrammet skal 3
ein utdjupe føremålet med planen, fastsetje organisering, opplegg for medverknad og framdriftsplan. Planprogrammet dannar grunnlaget og rammene for arbeidet med sjølve planen. Planprogrammet skal og stadfeste kva for utgreiingar og analysar som er naudsynt for å gjennomføre planarbeidet. Dette dannar grunnlaget for arbeidet med sjølve planen. Det skal og vurderast om planen utløyser krav om konsekvensutgreiing etter forskrift om konsekvensutgreiingar. Ei slik utgreiing skal beskrive planens verknad for miljø og samfunn, og planprogrammet må i så fall definere kva slags tema som skal utgreiast. I tillegg skal planprogrammet gjere greie for kva slags kunnskapsgrunnlag som er naudsynt for å utarbeide planen. Dette kan vere kunnskap om befolkningsutvikling, transportmønster, rutebåtstruktur, oversikt over konsesjonar for havbruk etc. Ein oppdatert oversikt over kjent kunnskap er viktig både som grunnlag for konsekvensutgreiing og som generelt plangrunnlag. Organisering av arbeidet med planprogram Regionale planar skal verte utforma i samarbeid med involverte kommunar. Kommunane skal vere aktivt inne i prosessen med utarbeiding av høyringsutkast til både planprogram og endeleg plan. For å forankre prosessen godt både regionalt og lokalt, er det viktig at sentrale aktørar er med og legg premissane allereie i arbeidet med planprogrammet. Fylkesrådmannen har som eit første steg i prosessen sendt brev til kommunane i planområdet og forslått ei organisering av arbeidet med planprogram. Jondal er positiv til å delta i arbeidet, og Kvam seier direkte at dei ønskjer å vere med i arbeidet. Fitjar kommune er samde i at det for mange problemstillingar er ynskjeleg å dra med deler av Vindafjord og Fusa. Dei er derimot meir usikre på om det er rett å utvida området til og å omfatta deler av Kvam og Jondal. Dette fordi det lett kan bli for stort omfang og mange aktørar i planen. Fitjar og Kvinnherad meiner det og burde vore ein administrativ representant frå kommunane i programkomiteen. Politisk kontaktutval Fylkesrådmannen foreslår at det vert nedsett eit politisk kontaktutval for å sikre god kontakt med politisk nivå i fylkeskommunen og kommunane. Utvalet skal følgje arbeidet. Kontaktutvalet vil bestå av ein politisk representant frå Hordaland fylkeskommune og to politiske representantar frå kommunane. Det er naturleg at Samarbeidsrådet for Sunnhordland vel ut kommunerepresentantane. Programkomité Det vert også etablert ein programkomité som får mandat til å utarbeide eit forslag til planprogram. Planstrategien skisserar nokre av aktørane som vil vere sentrale i arbeidet og kva for aktørar som naturleg bør medvirke i prosessen. Det er naturleg at dei mest sentrale regionale aktørane innanfor temaet sjø og kystsone blir invitert inn i programkomitéen, mens i sjølve planprosessen vil det leggast opp til ei breiare medverknad. Kommunane bør også vere representert i programkomitéen. Det må understrekast at programkomitéen sitt mandat berre er å arbeide fram eit planprogram. Organiseringa i sjølve planarbeidet vil verte beskriven i planprogrammet. Fylkesrådmannen foreslår at følgjande representantar vert invitert inn i programkomitéen: Fylkesmannen i Hordaland Fiskeridirektoratet Statens vegvesen Mattilsynet Kystverket Kommunane med to representantar Fylkeskommunen er sekretariat for komiteen og leiar arbeidet. Planområdet Gjennom arbeidet med planprogrammet må planområdet avgrensast. I tillegg til kommunane i Sunnhordland kan det vere naturleg å inkludere Vindafjord kommune i Rogaland. Som ein følgje av høringsforslaget til Hardangerfjordforskrifta og soneinndelinga som er brukt der, kan det og vere naturleg å inkludere Kvam og Jondal i planområdet. Dette må endeleg avklarast gjennom planprogrammet. 4
Vidare framdrift I regional planstrategi for Hordaland heiter det at førebuing av planarbeidet skal starte opp våren 2011 med sikte på vedtak av planen våren 2013. Programkomiteen vil starte opp arbeidet hausten 2011, og dei vil leggje fram forslag til planprogram i løpet av våren 2012. Forslag til planprogram vil leggjast fram for relevante utval før fylkesutvalet vil legge planprogrammet ut til høyring i mai/juni 2012. Programforslaget vil og leggast fram for Samarbeidsrådet for Sunnhordland innan det vert vedteken sendt på høyring. Når planprogrammet vert endeleg vedteken av Fylkesutvalet, vil dette leggje rammene for den vidare planprosessen. Oppsummering I regional planstrategi for Hordaland 2010-2012 er det vedtatt å starte opp arbeidet med Regional plan for Sunnhordland. Fylkesrådmannen har føreslått ei organisering av arbeidet med planprogram med to grupper; eit politisk kontaktutval og ein programkomité med deltaking frå statlege etatar og kommunane. Fylkesutvalet oppnemnar no ein politisk representant til kontaktutvalet og Samarbeidsrådet for Sunnhordland oppnemnar to representantar. Det blir også etablert ein programkomité som får mandat til å utarbeide eit forslag til planprogram. Komitéen vil bestå av representantar frå Fylkesmannen, Statens vegvesen, Fiskeridirektoratet, Mattilsynet, Kystverket, kommunane og fylkeskommunen. Komitéen har berre mandat til å utarbeidde planprogram, sjølve planprosessen vil få ein eige organisering. Fylkesrådmannen vil fremje ei sak for Fylkesutvalet med behandling av programforslaget. Fylkesutvalet vil sende forslaget på høyring i tråd med plan- og bygningslova. 5