Bu-og habilitering for vidare ekspedering Saksnr Løpenr. Arkiv Saksansvarleg Dato 2017/417 3120/2017 033 VIK 02.03.2017 Melding om vedtak i levekårsutvalet 1.3.2017, sak 9/17 HØRYRINGSUTTALE NOU 2016:17 PÅ LIK LINJE Saksprotokoll i levekårsutvalet - 01.03.2017 VEDTAK: Levekårsutvalet vedtek å sende høyringsuttale til NOU 2016 : 17 slik den ligg føre i saksutgreiinga. Handsaminga (8 r.f.) Tilråding frå råd for likestilling av funksjonshemma vart lagt fram i møtet Røysta først over rådmannen si tilråding: Rådmannen si tilråding vart vedteken med 8 mot 0 røyster Tilrådinga frå råd for likestilling av funksjonshemma vart vedteken med 8 mot 0 røyster Rett utskrift Inger Johanne Løeng konsulent Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. politisk sekretariat www.orsta.kommune.no Postadresse: Dalevegen 6, 6153 Ørsta E-post: postmottak@orsta.kommune.no Telefon: 700 49 700 Org. nr: 939 461 450 Bankgiro: 3992.07.30144
Saksprotokoll i råd for likestilling av funksjonshemma - 28.02.2017 TILRÅDING TIL LEVEKÅRSUTVALET: Generelt skal «Konvensjon om rettighetene til mennesker med nedsatt funksjonsevne» følgjast. Løft nr.2, inkluderande og likeverdig opplæring: RFF ønskjer vere tydeleg på at den utviklingshemma skal sikrast eit individuelt tilpassa skuletilbod på sin nærskule og normalklasse. Kontaktlærar for klassen skal også vere kontaktlærar for den utviklingshemma. RFF ser positivt på at ein rekrutterer alternativ kompetanse inn i skulen. Likevel slik at ein sikrar «rett» kompetanse. I dag er det alt for mange tilfelle der den som har dei største lærevanskar skal hjelpast av den med lavast kompetanse. Løft nr.4, god helse og omsorg: Vi ser at ein i innstillinga ikkje har kommentert utvalet sitt forslag til tilføying regelverket. Kommunen skal tilrettelegge tjenestene slik at: b) den enkelte pasient eller bruker gis et individuelt tilrettelagt tjenestetilbud, Mange kommune (inkludert Ørsta) søkjer stordriftsfordeler ved å samle mange brukarar, og ein erfarer i mange tilfelle at tenester ikkje er tilpassa den einskulde brukar. RFF meiner difor at dette er ei viktig presisering i regelverket. Løft nr.5, eigen bustad Vi ser at ein i innstilling ikkje er samd i at dei utviklingshemma skal kunne velje kvar dei vil bu. Denne retten er heilt sentral for oss alle, og sjølvsagt også for den med ei utviklingshemming. RFF vil presisere at funksjonshemma har rett til å velje bustad. Det er også viktig at Ørsta kommune arbeider meir langsiktig i høve bustadsosialt arbeid, og koplar dette til sitt generelle planarbeid for arealbruk. Denne gruppa treng sentrumsnære tomter, slik at ein ikkje skaper unødig og kostbar assistansebehov knytt til transport og også skaper isolert tilvære. Løft nr.7, koordinerte tenester: RFF rår til at skulen også er koordinator. Handsaminga (6 r.f.) NFU sitt høyringsnotat vart lagt fram i møtet. RFF gikk igjennom NFU sitt høyringsforslag og fremja slikt framlegg: Generelt skal «Konvensjon om rettighetene til mennesker med nedsatt funksjonsevne» følgjast. Løft nr.2, inkluderande og likeverdig opplæring: RFF ønskjer vere tydeleg på at den utviklingshemma skal sikrast eit individuelt tilpassa skuletilbod på sin nærskule og normalklasse. Kontaktlærar for klassen skal også vere kontaktlærar for den utviklingshemma. RFF ser positivt på at ein rekrutterer alternativ kompetanse inn i skulen. Likevel slik at ein sikrar «rett» kompetanse. I dag er det alt for mange tilfelle der den som har dei største lærevanskar skal hjelpast av den med lavast kompetanse.
Løft nr.4, god helse og omsorg: Vi ser at ein i innstillinga ikkje har kommentert utvalet sitt forslag til tilføying regelverket. Kommunen skal tilrettelegge tjenestene slik at: b) den enkelte pasient eller bruker gis et individuelt tilrettelagt tjenestetilbud, Mange kommune (inkludert Ørsta) søkjer stordriftsfordeler ved å samle mange brukarar, og ein erfarer i mange tilfelle at tenester ikkje er tilpassa den einskulde brukar. RFF meiner difor at dette er ei viktig presisering i regelverket. Løft nr.5, eigen bustad Vi ser at ein i innstilling ikkje er samd i at dei utviklingshemma skal kunne velje kvar dei vil bu. Denne retten er heilt sentral for oss alle, og sjølvsagt også for den med ei utviklingshemming. RFF vil presisere at funksjonshemma har rett til å velje bustad. Det er også viktig at Ørsta kommune arbeider meir langsiktig i høve bustadsosialt arbeid, og koplar dette til sitt generelle planarbeid for arealbruk. Denne gruppa treng sentrumsnære tomter, slik at ein ikkje skaper unødig og kostbar assistansebehov knytt til transport og også skaper isolert tilvære. Løft nr.7, koordinerte tenester: RFF rår til at skulen også er koordinator. Råd for likestilling av funksjonshemma vedtok med 6 mot 0 røyster NFU sitt høyringsuttale m/endring. Tilråding til vedtak vart ikkje røysta over.
ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Kristin Vik Arkivsak: 2017/417 Løpenr.: 2492/2017 Utvalsaksnr. Utval Møtedato 11/17 råd for likestilling av funksjonshemma 28.02.2017 16/17 levekårsutvalet 01.03.2017 Saka gjeld: HØYRINGSUTTALE NOU 2016:17 PÅ LIK LINJE TILRÅDING TIL VEDTAK: Levekårsutvalet vedtek å sende høyringsuttale til NOU 2016 : 17 slik den ligg føre i saksutgreiinga. Ørsta kommune sluttar i all hovudsak opp under skildringa som dannar grunnlag for forslaga i NOU 2016:17 På lik linje. Det er trong for bevisstgjering om rettstilhøva for menneske med utviklingshemming, og på mange område kan mykje betrast for å auke aktiv medverknad i tenesteutforminga og styrke høvet til sjølvbestemmelse. Vi har likevel nokre merknadar til forslaga. Løft nr.1, sjølvbestemmelse og rettstryggleik: «Besluttningsstøttere». Vi er samde i at det ligg stort potensiale i å la menneske med utviklingshemming delta i avgjerder og valg i eige liv. Dette skjer også i dag i mange situasjonar i kvardagen. Utvikling av velferdsteknologi gjer det mogleg for stadig fleire å uttrykkje ønskje og val. Ei utfordring er tidsaspektet i fht utviklinga på området t.d. kommunikasjonshjelpemiddel, og ventetida på hjelpemiddelsentralane. Det er mykje å vinne på å modernisere/effektivisere hjelpemiddelformidlinga for å styrke fleire sitt høve til medverknad og sjølvbestemmelse. Forslaget om «besluttningssstøtte» er interessant, men ein må vere varsam i høve parts interesser, og ein må sikre den utviklingshemma nærvær av støttepersonar som kjenner dei godt og ser heilskapen i liv og kvardag. Forslaget bør utgreiast vidare. Løft nr.2, inkluderande og likeverdig opplæring: Ørsta kommune tek ikkje stilling til spesialskular eller spesialklasser, men vel å fokusere på retten til individuelt tilpassa opplæring. Vi ser ikkje at ei godkjenningsordning er aktuelt. Vi meiner at dagens klagerett sikrar retten til individuelt tilpassa opplæring, og ser det som naturleg med tilknyting til nærskule og normalklasse slik det er for alle elevar. Vi støttar heller ikkje kravet om at alle som underviser menneske med utviklinghemming skal ha pedagogisk utdanning. Vi meiner arbeidet skal utførast av kvalifisert personale, og ser fleire fagretningar som relevante i tillegg til pedagog. Vernepleiarar og andre med sosialfagleg utdanning vil vere ein god
ressurs for skulen i individuelt tilpassa opplæring. Forslaget har også si avgrensing i at det knapt vil finnast nok kvalifiserte pedagogar i det omfang som ei slik reform krev Løft nr.3, arbeid for alle: Ørsta kommune støttar ikkje forslaget om at kommunane skal ta over ansvaret for at alle utviklinghemma får ein arbeidsplass der det foregår verdiskapning gjennom produksjon av varer og tenester. Ut frå likestillingsperspektivet meiner vi at ansvaret for å sikre arbeid til alle skal ligge til NAV. Vi meiner VTA-ordninga framleis skal ligge i NAV, og at den bør styrkast slik at fleire får tilbod. I VTA skjer viktig avklaring for vurdering av anna arbeid eller aktivitetstilbud. Slik avklaring bør starte allereide i vidaregåande, og det er ønskjeleg med betre samhandling mellom fylkeskommune, NAV og kommune om dette. Målretta kvalifisering og avklaring må skje i større grad enn i dag. Ålesund kommune foreslår i sin høyringsuttale å utvide ordninga med «funksjonsassistent», slik at også menneske med utviklingshemming får tilgang til denne ordninga. Det meiner vi er eit godt forslag som det bør arbeidast meir med. NAV må styrke sin kunnskap om utviklingshemming, slik at dei i større grad kan medverke til å få fleire i arbeid. Kommunane treng opplagt meir ressursar for å etablere tilrettelagde aktivisering- og arbeidstilbod i det omfang som trengs. Løft nr.4, god helse og omsorg: Utvalet peikar på at ikkje alle med utviklingshemming får tilgang på gode nok helsetenester. Lokalt er ikkje det vår oppleving. Ørsta kommune meiner at dagens lovgiving er tydeleg på at alle har rett til individuelt tilpassa og godt koordinerte helsetenester, og at det ikkje er trong for ytterlegare presisering av dette. Det er likevel ønskjeleg med styrking av kommunehelsetenesta, ma. kunnskap om utviklingshemming og psykisk helse. Vi sluttar oss heller ikkje til forslaget om godkjenningsordning for barne og avlastningsbustadar. Dagens ordning med fastsette krav til slike bustadar og fylkesmannens tilsynsrolle bør være tilstrekkeleg. Løft nr.5, eigen bustad: Utvalet foreslår at alle som ikkje sjølv kan ivareta sine interesser på bustadmarknaden skal få lovfesta rett til «egnet og passende» bustad. Utvalet understrekar også den utviklingshemma sin rett til å velgje kvar ho/han vil bu og med kven ein vil bu saman med. Ørsta kommune støttar ikkje dette forslaget, då det er ein krevende rett å gi, og ei vanskeleg plikt å oppfylle. Mange kommunar har i dag planar som skal sikre tilgang på bustadar for menneske med særskilde behov. Buform bør avklarast gjennom god samhandling og god planlegging, og det bør være fleksibilitet for mange ulike løysingar og buformer. Løft nr.6, kompetanse og kunnskap: Ørsta kommune har ikkje merknadar til at det vert utforma kurs og videreutdanningstilbod for tilsette som arbeider i tenestene for menneske med utviklingshemming. Det gjeld tilsette i helse- og omsorg, barnehage og skule. Det er stort behov for fleire tilsette med høgskuleutdanning, særleg vernepleiarar, barnevernpedagogar, sosionomar, sjukepleiarar, fysio- og ergoterapeutar. Høgskulen i Volda har nyleg starta vidareutdanning i helsefag for sosialarbeidarar, og det vert interessant å sjå om det vil kome disse tenestene til gode. Innhaldet i ulike utdanningar bør også moderniserast og oppdaterast slik at dette tenesteområdet tverrfagleg får sin rettmessige status som eit spennande og utfordrande fagfelt. Løft nr.7, koordinerte tjenester: Ørsta kommune meiner at plikta til å sørgje for godt koordinerte tjenester er nedfelt i lovverket allereide, og ser ikkje behovet for yttarlegare presisering.
Løft nr. 8, målretta styring: Ørsta kommune støttar ikkje forslaget om å opprette nytt statleg organ for å overvake politikk og tenester for menneske med utviklinghemmaing. Oppdrag om utviklingsarbeid må kunne leggast til Helsedirektoratet på same måte som anna arbeid med kvalitetskriterie og indikatorar. Det same gjeld initiering av ny forskning; her må både aktuelle departement, direktorat, spesialisthelsetenesta og kommunesektoren spele ei aktiv rolle. Auka statleg byråkrati er ikkje ønskjeleg.
Saksvedlegg: S 22.02.2017 22.02.2017 Høyringsuttale NOU 2016:17 På lik linje Saksopplysningar: Barne- og likestillingsdepartementet har sendt på høyring NOU 2016:17 «På lik linje», med høyringsfrist 2.mars 2017. I samband med stortingsmeldinga «Frihet og likeverd om mennesker med utviklingshemming», avgjorde Stortinget at det skulle utnemnast eit utval som fekk til mandat å sjå på korleis ein kan styrke grunnleggande rettar til menneske med utviklingshemming. Utvalet fekk i oppgåve å særleg vurdere tiltak på områda sjølvbestemmelse, rettsstryggleik, kvalitet i opplæring, deltakelse i arbeid, og helse og omsorg. I tillegg skulle utvalet vurdere om menneske med utviklingshemming får oppfylt retten til privat-og familieliv. Utvalet leverte sitt arbeid 3.oktober 2016, og foreslår i si utredning åtte «løft» for å betre rettane og tenestene til menneske med utviklingshemming. Vurdert opp i mot internasjonale menneskerettar og FN konvensjonen CRPD, har utvalet kome til at det i Norge trengs eit løft for å styrke rettane og betre levekåra for menneske med utviklingshemming. Dette løftet er skissert i 8 område/punkt. 1. Sjølvbestemmelse og rettsstryggleik 2. Inkluderande og likeverdig opplæring 3. Arbeid for alle 4. God helse og omsorg 5. Eigen heim 6. Kompetanse og kunnskap 7. Koordinerte tenester 8. Målretta styring Vurdering og konklusjon: Ørsta kommune sluttar i all hovudsak opp under skildringa som dannar grunnlag for forslaga i NOU 2016:17 På lik linje. Det er trong for bevisstgjering om rettstilhøva for menneske med utviklingshemming, og på mange område kan mykje betrast for å auke aktiv medverknad i tenesteutforminga og styrke høvet til sjølvbestemmelse. Vi har likevel nokre merknadar til forslaga. Løft nr.1, sjølvbestemmelse og rettstryggleik: «Besluttningsstøttere». Vi er samde i at det ligg stort potensiale i å la menneske med utviklingshemming delta i avgjerder og valg i eige liv. Dette skjer også i dag i mange situasjonar i kvardagen. Utvikling av velferdsteknologi gjer det mogleg for stadig fleire å uttrykkje ønskje og val. Ei utfordring er tidsaspektet i fht utviklinga på området t.d. kommunikasjonshjelpemiddel, og ventetida på hjelpemiddelsentralane. Det er mykje å vinne på å modernisere/effektivisere hjelpemiddelformidlinga for å styrke fleire sitt høve til medverknad og sjølvbestemmelse. Forslaget om «besluttningssstøtte» er interessant, men ein må vere varsam i høve parts interesser, og ein må sikre den utviklingshemma nærvær av støttepersonar som kjenner dei godt og ser heilskapen i liv og kvardag. Forslaget bør utgreiast vidare.
Løft nr.2, inkluderande og likeverdig opplæring: Ørsta kommune tek ikkje stilling til spesialskular eller spesialklasser, men vel å fokusere på retten til individuelt tilpassa opplæring. Vi ser ikkje at ei godkjenningsordning er aktuelt. Vi meiner at dagens klagerett sikrar retten til individuelt tilpassa opplæring, og ser det som naturleg med tilknyting til nærskule og normalklasse slik det er for alle elevar. Vi støttar heller ikkje kravet om at alle som underviser menneske med utviklinghemming skal ha pedagogisk utdanning. Vi meiner arbeidet skal utførast av kvalifisert personale, og ser fleire fagretningar som relevante i tillegg til pedagog. Vernepleiarar og andre med sosialfagleg utdanning vil vere ein god ressurs for skulen i individuelt tilpassa opplæring. Forslaget har også si avgrensing i at det knapt vil finnast nok kvalifiserte pedagogar i det omfang som ei slik reform krev Løft nr.3, arbeid for alle: Ørsta kommune støttar ikkje forslaget om at kommunane skal ta over ansvaret for at alle utviklinghemma får ein arbeidsplass der det foregår verdiskapning gjennom produksjon av varer og tenester. Ut frå likestillingsperspektivet meiner vi at ansvaret for å sikre arbeid til alle skal ligge til NAV. Vi meiner VTA-ordninga framleis skal ligge i NAV, og at den bør styrkast slik at fleire får tilbod. I VTA skjer viktig avklaring for vurdering av anna arbeid eller aktivitetstilbud. Slik avklaring bør starte allereide i vidaregåande, og det er ønskjeleg med betre samhandling mellom fylkeskommune, NAV og kommune om dette. Målretta kvalifisering og avklaring må skje i større grad enn i dag. Ålesund kommune foreslår i sin høyringsuttale å utvide ordninga med «funksjonsassistent», slik at også menneske med utviklingshemming får tilgang til denne ordninga. Det meiner vi er eit godt forslag som det bør arbeidast meir med. NAV må styrke sin kunnskap om utviklingshemming, slik at dei i større grad kan medverke til å få fleire i arbeid. Kommunane treng opplagt meir ressursar for å etablere tilrettelagde aktivisering- og arbeidstilbod i det omfang som trengs. Løft nr.4, god helse og omsorg: Utvalet peikar på at ikkje alle med utviklingshemming får tilgang på gode nok helsetenester. Lokalt er ikkje det vår oppleving. Ørsta kommune meiner at dagens lovgiving er tydeleg på at alle har rett til individuelt tilpassa og godt koordinerte helsetenester, og at det ikkje er trong for ytterlegare presisering av dette. Det er likevel ønskjeleg med styrking av kommunehelsetenesta, ma. kunnskap om utviklingshemming og psykisk helse. Vi sluttar oss heller ikkje til forslaget om godkjenningsordning for barne og avlastningsbustadar. Dagens ordning med fastsette krav til slike bustadar og fylkesmannens tilsynsrolle bør være tilstrekkeleg. Løft nr.5, eigen bustad: Utvalet foreslår at alle som ikkje sjølv kan ivareta sine interesser på bustadmarknaden skal få lovfesta rett til «egnet og passende» bustad. Utvalet understrekar også den utviklingshemma sin rett til å velgje kvar ho/han vil bu og med kven ein vil bu saman med. Ørsta kommune støttar ikkje dette forslaget, då det er ein krevende rett å gi, og ei vanskeleg plikt å oppfylle. Mange kommunar har i dag planar som skal sikre tilgang på bustadar for menneske med særskilde behov. Buform bør avklarast gjennom god samhandling og god planlegging, og det bør være fleksibilitet for mange ulike løysingar og buformer. Løft nr.6, kompetanse og kunnskap: Ørsta kommune har ikkje merknadar til at det vert utforma kurs og videreutdanningstilbod for tilsette som arbeider i tenestene for menneske med utviklingshemming. Det gjeld tilsette i helse- og omsorg, barnehage og skule. Det er stort behov for fleire tilsette med høgskuleutdanning, særleg vernepleiarar, barnevernpedagogar, sosionomar, sjukepleiarar, fysio- og ergoterapeutar. Høgskulen i Volda
har nyleg starta vidareutdanning i helsefag for sosialarbeidarar, og det vert interessant å sjå om det vil kome disse tenestene til gode. Innhaldet i ulike utdanningar bør også moderniserast og oppdaterast slik at dette tenesteområdet tverrfagleg får sin rettmessige status som eit spennande og utfordrande fagfelt. Løft nr.7, koordinerte tjenester: Ørsta kommune meiner at plikta til å sørgje for godt koordinerte tjenester er nedfelt i lovverket allereide, og ser ikkje behovet for yttarlegare presisering. Løft nr. 8, målretta styring: Ørsta kommune støttar ikkje forslaget om å opprette nytt statleg organ for å overvake politikk og tenester for menneske med utviklinghemmaing. Oppdrag om utviklingsarbeid må kunne leggast til Helsedirektoratet på same måte som anna arbeid med kvalitetskriterie og indikatorar. Det same gjeld initiering av ny forskning; her må både aktuelle departement, direktorat, spesialisthelsetenesta og kommunesektoren spele ei aktiv rolle. Auka statleg byråkrati er ikkje ønskjeleg. Ørsta, 22.02.2017 Wenche Solheim rådmann Kristin Vik seksjonsleiar