Sykkylven kommune Tekniske tenester



Like dokumenter
BYGDEUTVIKLINGSMIDLAR

ÅRSMELDING FOR VELLEDALEN I BALANSE AS

Til deg som bur i fosterheim år

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Etablering og drift av kraftselskap

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Fra Forskrift til Opplæringslova:

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

R Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Bygdemobilisering. om åløfte bygda etter håret. Synnøve Valle

Bustadområde i sentrum. Vurdering

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

10/60-14/N-211//AMS

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Brukarrettleiing E-post lesar

Finansiering av søknaden

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL KULTURARBEID I GOL KOMMUNE.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Internasjonal vidaregåande skule

Søknad om støtte frå kommunen sitt næringsfond

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Lønnsundersøkinga for 2014

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Kommunesamlingar 2015

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Rektorforum 15. april

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Søknad om erstatning for avlingssvikt vekstgruppe grovfôr (uten husdyr)

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Med god informasjon i bagasjen

Forslag frå fylkesrådmannen

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Resultat fra folkemøte 8. april 2015

Transkript:

Sykkylven kommune Tekniske tenester Møre og Romsdal fylke Fylkeshuset 6404 Molde fi 012 3/1-(3 5/2.( ese/zy Dykkar dato: Dykkar ref.: Vår dato: 14.05.2009 Saksbeh.: Henrik Schmidt Vår ref.: 2009/669-4157/2009 Telefon: 70 24 67 10 Klassering: V12 BU-midlar - Oversending av søknad frå Velledalen i Balanse Sender vedlagt søknaden med prosjektutgreiing og uttale frå kommunen. Med helsing /. '2 2 /Henrik Schmidt fagleiar jordbruk Vedlegg: 1 Søknad om bygdeutviklingsmidlar 2 prosjekt 3 forslag på kandidat 4 Uttale til søknad om BU-tilskot Postadresse: Rådhuset, 6230 Sykkylven Besøksadresse: Rådhuset, Kyrkjevegen E-postadresse: postmottak@sykkylven.kommune.no Telefon: 70 24 65 00 Bankgiro: 4045.07.01442 Telefaks: 70 24 65 01 Bankgiro skatt: 6345.06.15287 Org.nr.: NO 964980365 MVA

BYGDEUTVIKLINGSMIDLAR Søknadsskjema nynorsk (Fellesskjema for Fylkesmannen og Innovasjon Norge) 28[19 ø 4, IrMOVASJOn (IORGE Opplysningar om bruk av dette skjemaet Skal sendast kommunen der landbrukseigedommen ligg, eventuelt der prosjektet er lokalisert. Du fyller inn informasjon i dei kvite felta. Etternamn/Institusjon/ Firmanamn Grunnopplysningar Velledalen i Balanse AS Fornamn og mellomnamn v/petter Velle Fødselsnr. (11 siffer) Organisasjonsnr. (9 siffer) 867177922 Bankkontonr. 65590514907 Telefonnr. 92583564 (Styrelelar Postadresse Postnr. 6220 Poststad Straumgjerde Felt 1 Kommune nr. 1528 Kommune Sykkylven E- postadresse petteraielle@iogardenmo Gardsnr. Bruksnr. F. nr. L. nr. Søknadstype L1 Hovudsøknad Tilleggssøknad Kvinneretta tiltak, ev. kvinneleg praktikant Ja Nei Dersom prosjektet er lokalisert til ein annan kommune enn bustadkommunen, må kommunenr. og namn på kommunen førast opp: Kommunenr. Kommune

Felt 2 Søknadssummen (Overført frå Felt 7) Her fyller du ikkje inn noko. Desse tala blir automatisk sett inn frå Felt 7. Rentelån Innovasjon Norge utan 0 rentestøtte (Kr) Rentelån Innovasjon Norge med 0 rentestøtte (Kr) Lån i annan bank med rentestøtte (Kr) 0 BU-tilskot Innovasjon Norge/FMLA (Kr) 0 Felt 3 Søknaden gjeld (kryss av) Prosjektomtale A. Type næring liii Tradisjonelt jord- og hagebruk LI Industri/handverk/husflid Nye biologiske driftsformer Tenesteyting Skogbruk Anna Reiseliv/utmark B. Organisasjonsform Eineeigarføretak FMLA LIIAnsvarleg selskap ANS Grunneigarlag, bygdelag, faglag LI Aksjeselskap AS Allmenningar Delt ansvar DA _ Sameige II Institusjon, stifting II Anna Kommune, fylke C. Samarbeidstiltak Maskinsamarbeid Mellom institusjonar II Fellesbeite/seter III Mellom kommunar, fylke Bygningssamarbeid Anna Felles drift mellom bruk/samdrift Prosjektnamn: Prosjektstart, dato: Prosjekt - Veliedaen "Der folk triv51 er ait mogeleg" august 2009 Prosjektavslutning, dato: august 2012 Felt 4 For prosjektet Rekneskapsførar, eventuelt revisor Bank, eventuelt person i banken Rettleiar/konsulent for prosjektet Andre aktuelle personar Kontaktpersonar Etternam Fornamn Adresse r,=)t-ter- 6220 StraL;mgjer Telefon 92;388564 Side 2 av 8

Prosjektomtale Kort omtale av prosjektet med utgangspunkt i stikkorda nedanfor (gjeld reiseliv, industri, handverk m.m.) 1 Forretningsidé 6 Konkurrentar 2 Produkt 7 Sterke sider/svake sider 3 Marknad 8 Medhjelparar/konsulenthjelp 4 Opplæringsbehov 9 Ev. samarbeid Kundar 10 Framdriftsplan Når det gjeld tradisjonelt jord- og hagebruk, skal ein gjere greie for prosjektet uavhengig av stikkorda ovanfor. Når det gjeld praktikantordning skal ein gjere greie for utdanninga og arbeidserfaringa til praktikanten og formålet med søknaden beskrivast. Legg ved arbeidsavtale. Når det gjeld praksisverten skal ein gjere greie for relevant bakgrunn for vertsoppgåvene. For utgreiings- og tilretteleggingstiltak og andre tiltak skal det leggjast fram spesifisert kostnadsoverslag (meir detaljert enn i Felt 7). Legg ved eigne ark etter behov Felt 5 Søknad om bygdeutvikhngsmidlar, sia eige vedlegg Sysselsetjing som følgje av tiltaket Felt 6 Før gjennomføring Etter gjennomføring Side 3 av 8

Felt 7 Kostnadsoverslag/kapitalbehov Delbeløp Sum Utgrelings- og tilretteleggingstiltak (FMLA) BycidemoDi senng 700000 Sum 700000 700000 Etablerarstipend, utviklingsfasen (Innovasjon Norge) (Evt. bruk eige skjema på www.invanor.no) Opplæring, reiseutgifter 0 Marknadsundersøkingar 0 Prøveproduksjon 0 Levekostnader 0 Anna Sum Etablererstipend, etableringsfasen (Innovasjon Norge) (Evt. bruk eige skjema på www.invanor.no) Planlegging, marknadsundersøkingar Investeringar i maskiner, utstyr, bygningar m.m. (mindre omfang) Driftsunderskot dei første åra 0 Levekostnader 0 Anna Sum 0 0 Bedriftsutvikling (Innovasjon Norge) Planlegging, forprosjektering 0 Kompetanseoppbyggjing 0 Produktutvikling 0 Marknadsføring 0 Investeringar (mindre omfang) 0 Anna 0 0 0 Sum Investering: (Innovasjon Norge) LI Tradisjonelt jord-/hagebruk. LI Tilskot ved generasjonsskifte LI Tilleggsnæring Bygningar Utstyr Grøfting, 0 dekar 0 Anna Side 4 av 8

Sum Praktikantordning (FMLA) Andre tiltak (Innovasjon Norge/FMLA) 0 0 Sum 0 0 0 Kostnadsoverslag /ka pita lbehov Sum A 700000 Side 5 av 8

Felt 8 Driftsbudsjett Driftsbudsjett ved investeringar i reiseliv, industri, handverk, husflid o.i., kroner pr. år Salsinntekter Variable kostnader Faste kostnader utanom renter Driftsoverskot Rentekrav Arbeidsforteneste Arbeidsforteneste pr. årsverk Etableringsår 1. driftsår 2. driftsår 3. driftsår Felt 9 Arealoppgåve Fyll ut ved investeringar i driftsbygningar og grafting 3ordbruksareal Eige, dekar Leigd, dekar Bortleigd, dekar Skogs- og utmarksareal Skogs- og utmarksareal, dekar Produ ktivt skogsareal, dekar Årleg tilvekst, m3 Ved søknad om kjøp av areal Jordbruksareal, dekar Skogs- og utmarksareal, dekar Side 6 av 8

Investering i tradisjonelt jord- og hagebruk Driftsomfang. Før opp dyretal eller grunnflate/volum/mengd før og etter investering. (Skal berre fyllast ut ved investering i tradisjonelt jord - og hagebruk) Investeringa gjeld Før Etter 1 Mjølkeproduksjon, årskyr 0 0 2 Mjølkeproduksjon, årsgeiter 0 0 3 Storfekjøt, slakt/år 4 Sauehald, vinterfåra Felt 10 5 Smågrisproduksjon, årspurker 0 0 6 Slaktegrisproduksjon, stk./år 0 9 Kombinert, årspurker 0 7 Eggproduksjon, høner pr. innsett 0 0 8 Slaktekylling pr. år 0 19 Andre husdyr 0 0 20 Kornlager, tonn 0 0 21 Potetlager, tonn 0 0 22 Grønnsaks-, bær- og fruktlager 23 Veksthus, m2 0 0 29 Anna, før opp kva fl 0 0 Ved søknad om tilskot ved generasjonsskifte Dato for generasjonsskifte (dd.mm.åååå): 00.00.0000 Vedlegg ved investeringstiltak L. Sjølvmelding, ev. utskrift frå likningskontoret. Tilleggsskjema. Næringsoppgåver fl Panteattester ved søknad om rentelån Felt 11 n Økonomisk plan/driftsplan Skjema for takst og lånetekniske spørsmål ved søknad om rentelån Teknisk plan/teikningar og detaljert kostnadsoverslag Firmaattest og vedtekter (ANS, AS, DA) Side 7 av 8

Felt 12 Forpliktande underskrift Underskrivne er kjend med forskriftene for BU-midlane og stadfestar at opplysningane er rette. Det kan krevjast avkorting av støtta, eventuelt heil eller delvis tilbakebetaling av utbetalte midlar dersom det oppstår forhold som er i strid med føresetnadene for støtta. Krav om tilbakebetaling kan motreknast mot produksjonstilskot eller andre tilskot som mottakaren eller ektefellen/sambuaren har krav på, og som gjeld den same landbrukseigedommen. Underskrivne gjev Fylkesmannen/Innovasjon Norge løyve til å hente inn/kontrollere opplysningar hos rekneskapsførar, bank, likningskontor og personar/institusjonar som er nytta i samband med planlegginga av prosjektet. Underskrivne skal hjelpe Fylkesmannen/ Innovasjon Norge ved eventuell evaluering av prosjektet. Prosjektet må ikkje setjast i gang før det er gjeve svar på finansieringssøknaden frå Innovasjon Norge/FMLA. Tal på vedlegg Stad og dato Underskrift Uttale frå kommunen Uttale frå kommunen (vis til eigne vedlegg dersom slike finst) Felt 13 Stad og dato z tc, Underskrift 2 Side 8 av 8

Uttale frå kommunen (vis til eigne vedlegg dersom slike finst) Søknaden frå Velledalen i Balanse synest å vere godt underbygd, med utgreiing om situasjonen for bygda og med grundig omtale av dei tiltaka som søkjarane ønskjer å satse på i prosjektet. Sykkylven er ei kompakt kommune geografisk sett. Det er ikkje langt frå sentrum til dei yste krinsane med moderne køyrety. Likevel ser vi at trass i dette, og kanskje også på grunn av dette, har vi heile tida sterke mekanismar som verkar sentraliserande i kommunen. Dei sterkaste av desse har økonomisk karakter, jf det som er sagt i søknaden om følgjene av å investere i ein bustad i Velledalen i høve til det same nærare sentrum; bankane forventar at er det dei siste som reiser med framtidig prisaukegevinst. Likeeins er det økonomiske grunnar til at det skal satsast på færre og større skular. Desse må sjølvsagt leggjast i sentrum, for det er kortare frå utkant til sentrum enn andre vegen. Sykkylven har fleire bygder som kunne trenge stimulerande tiltak for å leve vidare. Velledalen har i alle fall eit solid landbruksmiljø å stole på. Er ikkje det godt nok til å berge denne bygda? Landbruket har opplevd ei særs sterk strukturrasjonalisering i lang tid no, sjølv om ressursgrunnlaget i Velledalen er godt, har dei også her fått merke verknaden av denne omlegginga med stadig færre aktive bønder. Dei som er att og kjempar vidare treng, og fortener også eit lokalsamfunn som fungerar. Det tyngste taket for å få dette til må nok innbyggjarane i Velledalen sjølve stå for. Vi meiner at dei allereie på fleire område har vist at det vil dei og det kan dei. Dette Felt 13 meiner vi at dei også viser i søknad og prosjektutgreiing. Vi tilrår difor søknaden og vonar at den kan få god og lang verknad for bygda. Kanskje kan då dei andre bygdelaga i kommunen, som treng stimulans, henge seg på seinare eller i det minste verte inspirerte av dette. Stad og dato Sykkylven 14.05,2009 Underskrift 7 Henrik Schmidt -jordbrukssjef-

PROSJEKT - VELLEDALEN DER FOLK TRIVST ER ALT MOGELEG 1. INNLEIING Velledalen i Balanse AS søkte i 2007 om bygdeutviklingsmidlar. Vi nådde den gongen ikkje opp. Etter den tid har vi innimellom drøfta søknaden og dei element som søknaden omhandler. Vi har gjennomført idemyldring og vi har arbeidd med mange enkeltsaker som fell inn under den opprinnelege søknaden. Den søknaden som no vert sendt er bygd på søknaden frå 2007, men er endra i forhold til det som har skjedd sidan den gong, og i forhold til dei strategier som vi no arbeider etter. VELLEDALEN Velledalen er ei av "utkant-grendene" i Sykkylven kommune. Kristoffer Randers skildra dalen slik: "Søkkelvsfjorden og Velledalen, der er al Søndmørsnaturskjøndhed samlet i et brændpunkt. Og det kan ikke nok som fremhæves, at dette er et af de partier, som ingen turist bør reise uset forbi." Kristoffer Randers, "Søndmøre",1898. 2. DAGENS SITUASJON FOLK OG BUSETJING: Det bur i dag om lag 550 personar i dalen. Folketalet er svakt dalande, og gjennomsnittsalderen stig. Det vert i snitt født omlag seks bom pr.år. Dette er lite, spesielt med tanke på skulen vår. Ungdomen reiser ut for vidareutdanning, mange kjem aldri tilbake. Velledalen IL, som i snitt har 200 medlemar, har aldri hatt meir enn fem personar i aldersgruppa 20-25 år etter tusenårsskiftet. Fleire år har talet vore null for denne gruppa. Dalen har mangla attraktive tomter i ei årrekkje. Siste tiårsbolken har dalen berre hatt fem til seks bolighus i tilvekst. Men her er ei svak lysning med eitt nybygg i 2006, to i siste halvår av 2007 og eitt i 2008. Desse er alle bygde på gardane. Bustadfeltet i dalen er godkjendt, men ikkje opparbeidt. Vidare har dalen mangel på ledige 1

bueiningar av god nok standard. Det fører til at folk bur her ein kort periode, for så flytte. Resultatet av dette vert lav varig tilflytting til dalen. Mange av desse gir uttrykk for at dei kunne tenkt å busetje seg i dalen, dersom her hadde vore atraktive tomter / bustadar. Dugnadsånda er framleis levande mellom folket i dalen. Dei aller fleste stiller opp når det trengs. Det er på mange felt godt samarbeid mellom Velledalen og nabogrenda Straumgjerde, og mellom Velledalen og kommunen. ARBEIDSLIV: Velledalen har få arbeidsplassar samanlikna med 1960-talet. Mest heile møbelindustrien, som den gong var dominerande, er no vekk. Hole Maskiner AS er eit maskinentreprenør-firma, og er den største verksemda i dalen. Dei er og det største anleggsfirmaet i kommunen. Ein styrke for dei har vore god tilgang på lokal arbeidskraft frå dalen. Dette er og deira største uffordring no, Dei slit med å skaffe arbeidskraft. Ved inntak av lærlingar frå andre stader viser det seg at dei flytter ut av dalen etter endt lærlingperiode. Firmaet sysselset i dag ca 25 årsverk. Jordbruk. Velledalen har framleis eit sterkt jordbruksmiljø. Alt dyrka areal i dalen har til no vore i drift. Siste åra har fleire både eldre og yngre bønder selt mjølkekvotane sine. Om dei som er att vil slå alt areal står att å sjå. Vi er kjerneområde for økologisk landbruk. Åtte bruk i dalen vert drivne økologisk. Omlegginga til økologisk landbruk starta tidleg på 1990-talet, og økobøndene her var med på å få økomjølka ut til forbrukar i 1997. Ein kan seie det slik at bøndene i Velledalen har vore banebrytande i satsinga på økologisk landbruk. I dag har dei starta Tindemat BA, der dei foredlar økologisk kjøt frå eigne buskaper. To buskaper brukar stølen om sommaren. Dette er økologiske buskaper av dyrerasen Vestlandsk Fjordfe. Berre eit fåtal av bøndene driv jordbruk som einaste næring. Holmbergs Gartneri ligg om lag midt i Velledalen. Gartneriet sysselset om lag fire årsverk. Dette er eit av dei største gartneria på indre Sunnmøre. Sykkylven Hageservice er eit nyleg starta firma i Velledalen. Dei tek på seg oppdrag over heile bygda. I sommarhalvåret sysselset dei fleire ungdomar. Velledalen i Balanse AS (ViB) vart skipa i 1993 for å avløyse velforeningar som ikkje fungerte. Selskapet sitt formål er "å legge til rette for, og i nødvendig grad engasjere seg i, utviklingstiltak som kan kome Velledalen til gode, eller aktiviteter som står i samband med dette." ViB er eit aktivt grendalag og samordner mykje av det som skjer i dalen. Dei står mellom anna bak Dalen i Sentrum, eit skriv som kjem ut med ujamne mellomrom. 2

Joker Velledalen er nærbutikken i dalen og vart skipa for 12 år sidan under ViB. Styret i ViB er også styret i butikken. Drifta av butikken har til tider vore vanskeleg. Det har vore ulike årsaker til dette, men det er klart at det hadde vore ynskjeleg med eit større kundegrunnlag. Lokalbefolkninga set, i fylgje ei fersk marknadsundersøking, framleis butikkdrift høgt på prioriteringslista. Butikkdrifta har hatt behov for meir kapital, og lokalbefolkninga har gjennom desse tolv åra skote inn over 500.000 kroner i ny kapital. Det er to tilsette ved butikken (om lag 1.8 årsverk). Siste to åra har butikken gått med overskot. Styret i ViB har siste to åra arbeidd målretta for å få tipping i butikken. Dette har ein no lukkast med, og frå mai 2009 vert det tipping i butikken. Butikken har samarbeid med Merkur. Fet Snekkarverkstad driv delproduksjon til møbelindustrien i bygda. Der er to tilsette. Tindemat BA er eit selskap der 9 bønder som driv økologisk jordbruk har gått saman for å foredle eigne kjøtvarer. Selskapet leiger i dag produksjonslokaler ved Stranda Vidaregåande skule og har utsal i lokalbutikken. Elles er det sjølvsagt fleire sjølvstendige næringsdrivande i Velledalen som driv innan ulike bransjer. SKULE/BARNEHAGE Velledalen har ein barneskule midt i dalen som er samlokalisert med Velledalen Grendahus med forsamlingsal/gymsal og symjebasseng. Elevtalet er i dag 39, fordelt på 1. 7. klasse. Område rundt er utbygd med grusbane, grasbane og naturstiar. Skulen har eit av Sykkylven sine beste uteområde for bom. Likevel er skulen gong på gong vore nedleggingstrua noko som har samla bygdefolket i Velledalen til kamp for skulen sin. Siste gong saka var oppe utarbeidde foreldra ein søknad om friskule. Denne søknaden står framleis ved lag. Barnehagen held i dag til i eit eldre skulehus om lag 1,5 km frå skulen Det er plass til 13 bom i barnehagen. For nokre år sidan vart det gjort politisk vedtak om utviding av barnehagen. Dette arbeidet vart ikkje starta. I 2007 vart det gjort vedtak om å etablere eit oppvekstsenter med framtidig samlokalisering av skule/barnehage. Dette vedtaket vart endra og planane vart skrinlagde i 2008. Generalforsamlinga i ViB bad styret om å førebu bygging av privat barnehage i dalen om kommunen gjekk vekk frå planane om oppvekstsenter. Dette har styret gjennomført, og byggesøknad er no inne til behandling. Barnehagen vert plassert like ved skule/grendahus. Den vil ha eit leike- og opphaldsareal på om lag 145 m2, og vil kunne takast i bruk i løpet av hausten 2009. Det vert og arbeidd med planer om eit leikeområde i tilknyting til barnehagen der vi vil bygge eit tun av grindløer, ha åker med økologisk dyrking av grønsaker, og bær- og frukttre. Vi har hatt kontakt med Økoløft-prosjektet i kommunen om desse planane, og vi ser her for oss eit framtidig samarbeid med kommunen. Sidan barnehagen og skulen no vert samlokalisert reknar vi med at også skulen vil nytte seg av dette tilbodet til "skulehage". 3

VELLEDALEN GRENDAHUS / SYMJEHALL Velledalen Grendahus vart opna i 1983, og er eigd av kommunen med 58% og laga og folket i dalen med 42%. Huset vert drifta gjennom eit eig driftsstyre, med eit kommunaltilskot i botnen. Symjehallen er eigd av kommunen, og vert også driven av eit lokalt styre. Også symjehallen får eit driftstilskot frå kommunen. Begge styra vert drivne på dugnadsbasis. For at dette skal fungere på den beste måten er både grenda og kommunen avhengig av eit godt samarbeid. Grendahus/skule/symjehall er samlingspunktet for folket i dalen, men også svært mykje folk frå kommunen elles deltek på arrangement på grendahuset. Ein stor del av den lokale startkapitalen kom frå Velledalsrevyen som starta i 1979 og var fast i ei årrekkje. LAGS- OG ORGANISASJONSLIV Velledalen har eit rikt lags- og organisasjonsliv. Vi nemner: Idrettslag, ungdomslag, fotballag i samarbeid med Straumgjerde, skulekorps i samarb. med Straumgjerde, sogelag, helselag, Velledalskoret (medlemar frå heile Sykkylven), Fjellhug og skyttarlag m.m. Tidlegare hadde Velledalen eige skulekorps, fotballlag og skyttarlag, men på desse felta har ei samanslåing tvinga seg fram. Med så mange lag i ei lita grend seier det seg sjølv at dei aller fleste er medlemar i mange lag. Dette har ført til samanslutninga Lag på Lag, der laga samarbeider om arrangement som i hovudsak går til drift av grendahuset. I kjellaren på grendahuset er det skytebane som har fast bruk fleire kveldar i veka. Velledalen Grendahus, med symjehall i kjellaren og skule og idrettsanlegg like ved er den naturlege basen for dei fleste av aktivitetane i dalen. Dalen har elles eige bedehus med eigen søndagsskule og ungdomsarbeid. Det er mor og barn-treff kvar 14. dag på bedehuset, og kvar onsdag formiddag på grendahuset. Takka vere ein kjempeinnsats frå mange er dei fleste lag i god drift, men det hadde ikkje skada med fleire hender å dele oppgåvene på. Brunstad Kristlege ungdomssenter er eigd av Pinsemenigheita. Dei har hytter med overnattingsplasser og kjøkken/matsal i eige bygg. Senteret er mykje brukt til kurs/samlingar. FJELLSETERINYSETEROMRADET Dette er sætremarka til fleire av gardane i Velledalen. Ei storstilt hyttebygging dei siste åra har gjort området til eit av dei største hytteområda i fylket. Det er berre fem minutts køyring frå dalen, og her er det og arena for både alpin og langrenn. Sist vinter vart det opna nytt administrasjons/restaurantbygg ved skitrekket. Skulekorpset i Velledalen har i dag drifta av kiosken ved skitrekket. 4

REKREASJON Alle som bur i Velledalen har kort veg til rekreasjon i fjellheimen sommar som vinter. Dessutan kan alle innan 15 minutt nå ikkje mindre enn to alpinanlegg med lysløyper for alpint og langrenn. Eit stort tal ruter for fjell- og sætreturar har utgangspunkt i dalen. Tidlegare var elvafiske mykje nytta som rekreasjon og matauk. No er det smått med fisk, også i Velledalselva. Hjortejakta vert driven av både lokale jegarar og tilreisande som leigar jaktrett. Kvart år på etterjulsvintaren så arr Lag på Lag hjortefest med stort middags- og dessertbord. 3. UTFORDRINGAR / SATSINGSOMRÅDE Bulyst Verdiskaping STRATEGI Vi ser på arbeidet med å lage ein strategi for Velledalen som eit av hovudmåla med prosjektet. Vi må finne ut kva vi er gode på, finne felles mål og lage oss ein visjon. Vi ser for at punkta i denne søknaden er med og danner grunnlaget for dette dokumentet. Vi må få planane våre ned på papiret. I dag må innsatsen gjerast der det til ei kvar tid er størst behov. Det gir naturlegvis resultat, men det kunne gitt betre resultat om ein fekk arbeide etter ein gjennomtenkt og vedteken strategiplan. Vi ser for oss eit strategidokument som skal reviderast for eksempel kvart fjerde år. Hindre fråflytting - auke tilflyttinglheimflytting Største utfordringa er å få unge Velledalingar til å busetje seg i dalen, og i tillegg kunne ta imot andre som kan tenkje seg å busetje seg her. For ti år sidan overlet kommunen det kommunale byggefeltet til ein entreprenør. Tanken var at det skulle føre til at dalen fekk klargjort tomter. Det har ikkje skjedd, og det har ikkje vore bygd hus i byggefeltet desse ti åra. I tillegg så veit vi og at bankane dei siste åra har fortalt kundane at dersom dei bygg hus i Velledalen så får dei ikkje vere med på den prisauken som andre husbyggarar får. Dette har ført til at personar som elles ville etablert seg her har etablert seg i sentrumsområdet. Styret i ViB ser dette som ei av dei største hindringane for folketalsauke. Vi vil difor sette igong eit arbeid med å få til fleire mindre bustadfelt i dalen. Godt samarbeid med Sykkylven kommune vil vere avgjerande for å lukkast. Det må setjast inn mykje arbeid på dette område. Vi ser for oss å kartlegge aktuelle plasser for "huskruller", kalle inn grunneigarane og samordne planleggings- og søknadsarbeid. 5

Mange eldre boligar står tomme i dag. Desse er av ein for dårleg standard til at dei kan nyttast til boligformål. Dette fører til at folk bur i dalen i korte periodar og så flyttar til andre delar av kommunen. Vi må anten få ruste opp ein del av desse boligane, eller bygge nye leiligheiter for utleige. Arrangere "Heimkomehelg" for Velldalingar, både fastbuande og utflytta. Skule / barnehage / grendahus Det vert eit stort lyft å bygge ny privat barnehage. På eit folkemøte 1. april i år ga grendafolket klar melding om at bygging måtte settast igong, og barnehagen vil verte teken i bruk før jul i år. Kommunen har tilrådd husbankfinansiering av barnehagen. Det er brukt store ressursar på å kjempe for skulen siste åra. Desse ressursane kunne vore brukt på ein mykje betre måte om skulen vart sikra. Grendahusområdet er i stadig utvikling. Når det er godt ver vert mange arrangement haldne utandørs. Ein draum er å klare å bygge ei permanent utescene med amfi. Dette ville gi Grendahuset og lagsaktivitetane, som er så viktige for bulysta i dalen, eit stort lyft. Marknadsføring av Velledalen Fjellsæter/Nysæterområdet er eit av fylkets største hytteområde. Hytteeigarane kjem frå heile Sunnmøre. Bruken av hyttene har endra seg i dei seinare åra. Folk oppheld seg der over lengre periodar. Ei viktig oppgåve vert å "inkludere" også desse i Velledalen. Dette er svært viktig med tanke på å bevare butikken og arbeidsplassane der. Det er og viktig for drifta av Grendahuset og for Symjehallen. Det krevst eit marknadsføringsarbeid for Velledalen. Skilting er her eit sentralt punkt. Like før nyttår i 2007 oppretta ViB nettstadenwww.veiiedaien.net. Nettstaden vert driven på dugnad. Det er meininga å utvikle nettstaden vidare, men det krev mykje tid og kapital. Nettstaden har om lag 4000 treff pr mnd. Næringsutvikling Jordbruket har vore ei sterk næring i Velledalen, men ein opplever no at fleire og fleire bønder legg ned eller reduserer drifta. Det er difor viktig å bygge vidare på det ein har og utvikle det vidare både innanfor nisjeproduksjon og turisme. Økologisk jordbruk er satsingsområde både nasjonalt, på fylkesplan og kommunalt. (Jfr. Økoløftet i kommunen) Velledalen har ein stor andel av økologisk jordbruk. Kanskje kunne Velledalen bli ein økologisk dal? Eit minikraftverk er bygd og eit småkraftverk er under bygging. Dette vil i tida framover gi nye inntekter til grunneigarane. Vi vil prøve å bevisstgjere grunneigarane på kor viktig det er at ein del av denne kapitalen vil bli reinvestert lokalt slik at den kjem lokalsamfunnet til gode. 6

Det same gjeld inntekter frå sal av hyttetomter i Fjellseterområdet. Vi vil ta initiativ til eit møte der vi får hit folk som kan orientere om korleis grunneigarar har brukt slike midlar andre stader til investering i anlegg som kan gi framtidige inntekter, og dermed lokale positive ringverknader. Vere med på å hjelpe eksisterande bedrifter med deira framtidige utfordringar. Velledalen er eit glimrande utgangspunkt for fjellturar både sommar og vinter. Vidare ligg vi strategisk til med kort veg til Verdsarvområdet rundt Geirangerfjorden og til Ålesund og øyane rundt. Med dette som utgangspunkt treng vi ei satsing på overnatting til turistar. 4. OPPSUMMERING Det vert sagt at alt heng saman med alt. Slik er det også i Velledalen. Ei utfordring er å gjere innbyggarane bevisste på nettopp dette. Det er viktig å gi plass til mangfaldet, og setje pris på alle som ein ressurs for dalen. Det skjer utruleg mykje positivt i Velledalen, og det vert lagt ned enormt med dugnadsarbeid for å "halde det gåande". Styret i Velledalen i Balanse AS som er initiativtakar til denne søknaden saman med Lag på Lag, Velledalen Grendahus og Velledalen Symjehall, er overtydd om at dersom vi fekk bygdeutviklingsmidlar og kunne kombinere dei med den dugnadsinnsats som elles vert gjort, så ville bygda få eit enormt løft. Vi har registrert at vi har vorte nominert som kandidat til Utviklingsbygda 2009. Det er svært gledeleg for alle oss som arbeider i lokalsamfunnet i Velledalen å sjå at andre legg merke til vårt arbeid. For å gi utfyllande opplysningar så tillet vi oss å legge ved forslaget frå Njell Hoftun i Sykkylven kommune. Samarbeidspartar Vi ser for oss eit samarbeid mellom alle lag og organisasjoner i Velledalen. I tillegg vil eit nært samarbeid med Sykkylven kommune vere nødvendig i alle saker som har med busetting, strategiarbeid, landbruk, barnehageutbygging 0.1. Vi må knyte samarbeid mot alt næringsliv i Velledalen, og også einskilde bedrifter og organisasjoner utanom dalen. Her kan ein nemne Sykkylven Næringsutvikling. Vi har alt knytt band til Sykkylven Friluftssenter (Sunnmørsalpane). Det samarbeidet må styrkast, og vi vonar på eit samarbeid med dei også i prosjektsamanheng. Søkjar Velledalen i Balanse AS står som formell søkjar. Styret i selskapet vil drive prosjektet fram. Søknaden vert fremja på vegne av alle laga i Velledalen, desse er organisert gjennom Lag på Lag. I tillegg Velledalen Grendahus og Velledalen Symjehall. 7

Styringsgruppe Styret i Velledalen i Balanse AS Referansegruppe Representant Velledalen i Balanse AS Representant for Velledalen Grendahus Representant for Lag på Lag Representant for Velledalen Symjehall Vi ynskjer oss også ein representant for Sykkylven kommune i referansegruppa. Kostnad Kostnadane i prosjektet vil i hovudsak fordele seg slik: Frikjøp/lønn til person i 20% stilling i tre år. Kostnader knytt til kontorutgifter, porto, kopiering m.m. Kompetanseheving ved å reise på studieturer/delta på kurs/konferanser Kompetanseheving ved innleige av foredragshaldarar Noko konsulenthjelp Budsjett Den lokale innsatsen vil vere dugnadsarbeid og litt tilskot frå lokale bedrifter Iledalen i Balanse AS Petter Velle Leiar Vedlegg: Forslag til Utviklingsbygda 2009. 8

Tiltaksliste fordelt over 3 år. Vi ser på denne lista som ei rettesnor som kan verte endra gjennom perioden. Kartlegging Moblisering Nettside Busetjing Skule/ Barnehage "Hyttefolket" Aktivitet Kartlegging av eksisterande aktiviteter / tilbod Bygdemøter med foredragshaldarar, ulike temaer, Oppgradering av felles nettside for alle aktivitetar og lag i dalen Aktuelle nye bustadfelt. Arbeid mot politisk, offentleg og mot lokale runnei arar i dalen Motivering for lokal busetjing / auke bul sta Nye utleigeboligar Arbeid med å få på plass barnehagen og sikre skulen i dalen. Inkluderingsarbeid Tidsrom 2009 2009-2012 2009-2010 2009-2011 2009-2011 2009-2012 2009-2010 2009-2012 Budsjett i 1000 kroner 15 pr år 30 pr år 10 pr år 12 pr år 8 pr år 2 pr år 3 pr år 15 pr år Strategiarbeid Turisme Landbruk Studietur Lokalt utviklingsselskap Koordinering av tiltak/aktivitet Utarbeide strategi og plan for utviklin sarbeid i dalen Samordning av overnattingstilbod og andre aktivitetar for turistar Vurdere landbruket som ressurs for turisme. Korleis bruke det økologiske miføet i b demobiliserin a? Besøke andre bygdemobiliseringsprosjekt/turar knytt til einskilde tiltak i ros'ektet Etablere lokale aktiviteter i bygningane ved Jokerbutikken Frikjøp av person til å drive koordinering av aktiviteter, førebuing av møter m.m. Kontor/utstyr/telefon/porto 2009-2010 2009-2012 2009-2012 2009-2012 2009-2012 2009-2012 25 pr år 15 pr år 15 pr år 60 totalt 4 pr år 70 pr år 2009-2012 15 prår 9

Forslag på kandidat til UTVIKLINGSBYGDA 2009 SkxliQ VELLEDALEN Velledalen er den innste delen av Sykkylven kommune, før Strandafjellet og pizzabakarane austanfor. Dalen er stor i utstrekning, om lag 9 km frå Fetvatnet i nedste enden til Fjellseterskiftet øvst oppe. Næraste senter er Straumgjerde i ytste enden av Fetvatnet, og til kommunesenteret på Aure er det ca 15 km. Fastsya Sp;s1k.a,..[k SykkvIvQn randa Velledalen er rekna som det beste landbruksområdet i kommunen, med eit framleis sterkt og levande landbruk. Her finn vi og kjernen av det økologiske miljøet som har prega landbruket i kommunen i mange år. Dyg Dalen er eigen skulekrins. Her er barnehage og butikk. Her er grendahus med symjebasseng, grusbane og grasbane. Det er om lag 550 velledalingar. Det utgjer 7,3% av folketalet i kommunen (ca 7500). VELLEDALINGEN Velledalingen har ord på seg for å vere noko spesiell, i beste forståing av ordet. Det tykkjest vere ei kreativ ånd og ei drivkraft i bygda langt utover det ein kan vente om ein berre ser på folketal. Her lever samhald og dugnadsånd på ein måte mange misunner dei. Aktivitetar og gode påkome vekkjer interesse langt utover krinsgrensene. Lagslivet er som i bygder flest, bortsett frå at her klarer ein å halde liv i fleire lag enn mange andre bygder. Vi finn idrettslag, kor, korps, ungdomslag, fotball, helselag, misjonslag, sogelag, skyttarlag og fleire til. UTFORDRINGAR Bygda manglar ikkje utfordringar, til liks med andre grender som ligg noko utanfor sentrum. Skulen treng elevar, barnehagen treng bom, butikken treng kundar. Ungdom flyttar for å gå på skule, og kjem ikkje alltid attende. Færre bom og fleire eldre lovar ikkje godt for framtida. Skulenedlegging er eit stadig tilbakevendande diskusjonstema, i takt med svingande kommuneøkonomi. Nedlegging av barnehage er heller ikkje eit ukjent spørsmål. STRATEGI Kva gjer så desse 550 velledalingane for å ta vare på bygda? Strategien er kan hende ikkje formulert på eit papir, men i handling ser ein ei bygd som satsar på trivsel og bulyst for alle, som satsar på bevaring av sentrale funksjonar og som ynskjer nye innbyggarar og nye arbeidsplassar velkomne. : -