Indre Hordaland jordskifterett Rettsbok Sak: 1230-2013-0012 GJERSTAD Gnr. 24 i Voss kommune Oppstarta: 11.10.2013 Avslutta: 09.12.2013
RETTSBOK Domstol: Indre Hordaland jordskifterett. Møtedag: 11.10.2013. Stad: Jordskifterettens lokaler i Voss. Sak nr.: 1230-2013-0012 GJERSTAD gnr 24. Saka gjeld: Krav om sak etter jordskiftelova 2 b. Jordskiftedommar: Thorbjørn Svane, som einedommar etter jordskiftelova 9 andre ledd. Protokollførar: Saka er kravd av: Til handsaming: Partar: Jordskiftedommaren. Arnfinn Gjerstad og Sigrun Berit Dolve. Gjennomgang av kravet Vurdera fremming av saka Eventuell drøfting av skifteplan Vidare framdrift i saka. Eigar av gnr. 24 bnr. 1 og 7, Arnfinn Gjerstad Eigar av gnr. 24 bnr. 3, Sigrun Berit Dolve Eigedomane ligg i Voss kommune. Til stades: Arnfinn Gjerstad og Torgeir Dolve. Frå jordskifteretten møtte også overing. Sigbjørn Hauge. På spørsmål frå jordskiftedommaren hadde ingen merknader til innkallinga til møtet eller til måten retten var samansett på. Ingen kjende til noko som kunne tilseie at jordskiftedommaren er inhabil. Retten vart erklært for lovleg sett. Partslista vart gjennomgått. Følgjande dokument vart framlagde: 1 Krav om sak for jordskifteretten, datert 14.12.2012, mottatt 11.06.2013. 2 Brev til partane vedk. saksopplysningar, datert 14.08.2013. 3 Innkalling til rettsmøte, datert 23.08.2013. 4 Fullmakt frå Sigrun Berit Dolve til Torgeir Dolve, datert 11.10.2013. Jordskiftedommaren gjekk igjennom korleis saka framstår for retten. Rekvirentane ved Arnfinn Gjerstad og Torgeir Dolve fekk ordet og orienterte om bakgrunnen for kravet om jordskiftesak. 1230-2013-0012 GJERSTAD gnr 24 Indre Hordaland jordskifterett 1
Jordskiftedommaren foretok ei oppsummering om korleis saka no framstår for retten. Fremming av saka. Vedtak: Retten ser slik på om saka skal fremmast: Etter jordskiftelova 1 er det "Eigedomar som det er vanskeleg å nytte ut på tenleg måte etter tid og tilhøve", som kan leggjast under jordskifte. Etter 3 i lova kan jordskifte ikkje fremmast "a) dersom kostnadene og ulempene blir større enn nytten for kvar einskild eigedom". Først må retten vurdere om eigedomane er vanskeleg å nytte på tenleg måte etter tid å tilhøve. I denne vurderinga må retten dra inn dei verkemiddla jordskiftelova gjev høve til å nytta samt dei kostnadane og ulempene dette medfører sett i høve til det ein kan oppnå. Av jskl. 2 bokstav b går det fram at jordskifte kan gå ut på å "forme ut eigedomar på nytt ved ombyting av grunn og rettar". Ved gnr. 24 bnr. 1 sitt tun har gnr. 24 bnr. 3 ein teig som grensar til bnr. 1. Likeeins har gnr. 24 bnr. 1 ein teig på Nyestølen som der grensar til bnr. 3. På grunn av arronderingsmessige ulemper og vanskar med å nytta eigedomsteigane på ein tenleg måte, ynskjer eigarane av gnr. 24 bnr. 1 og gnr. 24 bnr. 3 ombyting av grunn for å få betre utforma eigedommar. Jordskifteretten vurderer det slik at eigedomane, gnr. 24 bnr. 1 og gnr. 24 bnr. 3, i dag ikkje har ei tenleg utforming og at desse må få ny og tenleg utforming ved ombyting av grunn. Ved ombyting av grunn vil begge eigedomane kunna få nytte av endra eigedomsutforming. Driftsmessig vil bnr. 3 sin teig kunna få ein rasjonell utnytting ved å leggast til gnr. 24 bnr. 1 sitt tunområde. Bnr. 1 sin teig på Nyaset vil driftsmessing kunna få ein rasjonell utnytting ved å leggjast til bnr. 3. Begge eigedomane vil ved ombyting av grunn kunna få nytte av større teigar og begge vil få redusert antal teigar med 1 teig. Av ovannemnde slår jordskifteretten fast at eigedomane er vanskeleg å nytte ut på tenleg måte etter tid og tilhøve og at jordskiftelova kjem til anvendelse. Etter retten sitt skjønn er den samla nytteverdien ved å gjennomføra saka større enn kostnadane og ulempene for eigedomane. Vilkåra for å halda jordskifte er dermed tilstades. Ingen har sagt i mot at saka vert fremma. Retten er derfor komen til slik slutning: I medhald av jskl. 14 vert jordskiftesak 1230-2013-0012 fremma. Saka vil omfatta ombyting av grunn og rettar mellom gnr. 24 bnr. 1 og gnr. 24 bnr. 3 etter jskl. 2 bokstav b. Retten tok pause frå omlag kl.10.40 kl. 11.30. Synfaring med drøfting av utkast til skifteplan. Etter pause vart det synfaring på staden. 1230-2013-0012 GJERSTAD gnr 24 Indre Hordaland jordskifterett 2
Utkast til skifteplan vart lagt fram og drøfta, jf. dok. 5 Forslag til skifteplan. Partane er samde om at ovannemnde forslag vert å legga til grunn for vedtak av skifteplan. Gnr. 24 bnr. 1 sin teig på Nyaset som grensar til bnr. 3, vert av dette å leggja til bnr. 3. Gnr. 24 bnr. 3 sin teig som grensar til bnr. 1 sitt tunområde vert å leggja til bnr. 1. Det vert ingen endringar i grenseliner mot naboeigedomar. Vidare framdrift i saka. Jordskiftedommaren orienterte om den vidare behandlinga av saka. Framlegg til vedtak vert å sende partane til uttale. Saka vil verta avslutta i eige rettsmøte. Partane vert ikkje innkalla til dette møtet. På spørsmål hadde ingen merknader til forhandlingane. Utskrift av rettsboka blir send til partane i vanleg brev. Saka blir utsett inntil vidare. Retten heva. Voss, 11.10.2013 Thorbjørn Svane jordskiftedommar (sign.) 1230-2013-0012 GJERSTAD gnr 24 Indre Hordaland jordskifterett 3
RETTSBOK Domstol: Indre Hordaland jordskifterett. Møtedag: 09.12.2013. Stad: Jordskifterettens lokaler i Voss. Sak nr.: 1230-2013-0012 GJERSTAD gnr 24 - utsett frå 11.10.2013. Saka gjeld: Krav om sak etter jordskiftelova 2 b. Jordskiftedommar: Thorbjørn Svane, som einedommar etter jordskiftelova 9 andre ledd. Protokollførar: Saka er kravd av: Til handsaming: Partar: Jordskiftedommaren. Arnfinn Gjerstad og Sigrun Berit Dolve. Avslutting av saka Fordeling av kostnader. Eigar av gnr. 24 bnr. 1 og 7, Arnfinn Gjerstad Eigar av gnr. 24 bnr. 3, Sigrun Berit Dolve Eigedomane ligg i Voss kommune. Til stades: Jordskiftedommaren. Ingen av partane var innkalla til dette møtet. Jordskiftedommaren gjekk gjennom hovedreglane i domstollova 106 108 og fann ikkje tilhøve som kunne gjera han ugild. Retten vart erklært for lovleg sett. Partslista vart gjennomgått. Følgjande dokument vart framlagde: 6 Kopi av jordskiftekart over Nyaset, kartarkivnr. 129703. 7 Oversending av rettsbokutskrift datert 14.10.2013. 8 Førebels jordskiftekart i målestokk 1:750, datert 20.11.2013. 9 Brev frå retten til partane vedlagt framlegg til vedtak/rettsbok, datert 20.11.2013. 10 Skifteplan i målestokk 1:750 datert 09.12.2013. 11 Jordskiftekart i målestokk 1:750, kartarkivnr. 129751. Dokumenta vart gjennomgått i nødvendig grad. 1230-2013-0012 GJERSTAD gnr 24 Indre Hordaland jordskifterett 4
1. Skifteplan Jordskifteretten gjorde i medhald av jordskiftelova 17a andre ledd, slikt regulerande vedtak: Saka er kravd som jordskiftesak etter jordskiftelova 2 bokstav b. I rettsmøte den 11.10.2013 vart saka fremma med fylgjande "slutning: I medhald av jskl. 14 vert jordskiftesak 1230-2013-0012 fremma. Saka vil omfatta ombyting av grunn og rettar mellom gnr. 24 bnr. 1 og gnr. 24 bnr. 3 etter jskl. 2 bokstav b". Framlegg til skifteplan, jf. dok. 5, vart drøfta i rettsmøtet den 11.10.2013. Partane er samde om at framlegget vert å leggja til grunn for vedtak av skifteplan. Ved ombyting av grunn vil begge eigedomane kunna få nytte av endra eigedomsutforming. Driftsmessig vil gnr. 24 bnr. 3 sin teig kunna få ein rasjonell utnytting ved å leggast til gnr. 24 bnr. 1 sitt tunområde. Bnr. 1 sin teig på Nyaset vil driftsmessing kunna få ein rasjonell utnytting ved å leggjast til bnr. 3. Begge eigedomane vil ved ombyting av grunn kunna få nytte av større teigar og begge vil få redusert antal teigar med 1 teig. Etter jordskifteretten sitt skjønn medfører skifteplanen eit makeskifte av like arealverdier mellom bnr. 1 og bnr. 3. Framlegg til vedtak, datert 20.11.2013, vart sendt partane til uttale den 20.11.2013 med uttalefrist den 05.12.2013. Det har ikkje kome skriftlege merknader innan fristen. Torgeir Dolve har munnleg tatt opp spørsmålet om gjerdepliktene knytta til dei overførte parsellane. Jordskifteretten finn det nødvendig å presisera at dei gjerdepliktene som ligg til parsellane fylgjer parsellane som før og vert overteke av ny eigar. Dette er no innarbeidd under punkt 2.2. Slutning Skifteplanen vert, i samsvar med ovannemnde, vedteken slik det går fram av kart i målestokk 1:750 datert 09.12.2013, jf. dok. 10. 2 Ombyting av grunn og rettar Jordskifteretten gjorde i medhald av jordskiftelova 17a andre ledd, slikt regulerande vedtak: Av vedteken skifteplan vert gnr. 24 bnr. 1 sin teig på Nyaset som grensar til bnr. 3, å leggja til bnr. 3. Gnr. 24 bnr. 3 sin teig som grensar til bnr. 1 sitt tunområde vert å leggja til bnr. 1. Det vert ingen endringar i grenseliner mot naboeigedomar. Retten kom til slik slutning: Ombyting av grunn og rettar vert gjennomført i samsvar med pkt 2.1 og 2.2 nedanfor slik som vist på jordskiftekartet i målestokk 1: 750, kartarkivnr. 129751, jf. dok. 11. 1230-2013-0012 GJERSTAD gnr 24 Indre Hordaland jordskifterett 5
2.1 Ombyting av grunn og rettar Parsell Frå gnr./bnr. Til gnr./bnr. A 24/3 24/1 B 24/1 24/3 2.2 Fastsetting av rettar/plikter Rettar/plikter som tidlegare er etablert står ved lag. Gnr. 24 bnr. 1 og gnr. 24 bnr. 3 og deira rettar som ikkje er nemnde i denne saka, er urørde av jordskiftet. Gjerdeplikt fylgjer parsellane som før og vert overteke av ny eigar. Bruksrettar på grunn som etter jordskiftet skiftar eigar, står ved lag, med det nye bruket som tenande eigedom. Standskog Skog som her skiftar eigar overtek den nye eigaren saman med grunnen og utan vederlag. 3 Diverse føresegn 3.1 Jordskiftekostnader Jordskiftekostnader og gebyr skal dekkast av partane i samsvar med jordskiftelova 74. På denne bakgrunnen blir kostnadene slik: Registreringsgebyr kr 4300,00 Partsgebyr 2 x kr. 1548.- kr 3096,00 Sum kr 7396,00 Partane har fått høve til å uttale seg om fordelinga av kostnadene. Det heiter vidare i jordskiftelova 74, 8. ledd, at jordskifteretten kan endre dei samla gebyrkostnadene dersom arbeidsmengda i saka avvik nemnande frå det vanlege. I denne saka var partane samde om skifteløysinga. Dette medførte at jordskifteretten har hatt noko mindre arbeid i saka enn det som er vanleg. Det skal koma partane til gode i form av reduserte gebyr. Etter ei skjønnsmessig vurdering, finn jordskifteretten at dei samla gebyra i denne saka skal settast til kr. 6 000,00. Kostnadene er etter retten sitt skjønn fordelt mellom partane etter den nytten dei har hatt av jordskiftet, jf. jordskiftelova 76. Jordskifteretten sitt syn er at gnr. 24 bnr. 1 og gnr. 24 bnr. 3 har lik nytte av saka. Av dette skal desse partane ta kvar sin halvdel av kostnadane i saka. Jordskiftekostnadene vert etter dette fordelt slik: 1230-2013-0012 GJERSTAD gnr 24 Indre Hordaland jordskifterett 6
Gnr./bnr. Eigar skal betale kr har betalt kr skuldar kr har til gode kr 24/1 Arnfinn Gjerstad 3000,- 3000,- 24/3 Sigrun Berit Dolve 3000,- 4300,- 1300,- SUM 6000,- 4300,- 3000,- 1300,- Faktura for skuldige beløp vert i eige brev sendt ut frå Domstoladministrasjonen. Betalingsfristen er påført fakturaen. Skuldig beløp som ikkje vert betalt innan denne fristen, kan tvangsinndrivast utan nærmare varsel. Pengar til gode blir tilbakebetalt. 3.2 Avslutting av saka Saka blir avslutta i dette møtet. 3.3 Forkynning og mogelegheit for anke Forkynning skjer etter reglane for postforkynning. Fristen for anke er ein månad frå forkynning. Reglane om anke er lagt ved forkynninga. 3.4 Ikraftsetjing Dersom ikkje anna er særskilt bestemt, vert avgjerdene i denne saka sett i kraft frå rettskraftdato. 3.5 Matrikkelføring Jordskifteretten vil setje fram krav om matrikkelføring av saka når saka er rettskraftig. 3.6 Tinglysing Jordskifteretten vil sende saka til Tinglysingen. Når saka er rettskraftig, vil den bli tinglyst på: Gnr. 24 bnr. 1 og gnr. 24 bnr. 3 i Voss kommune Saka slutt. Retten heva. Voss, 09.12.2013 Thorbjørn Svane jordskiftedommar (sign.) 1230-2013-0012 GJERSTAD gnr 24 Indre Hordaland jordskifterett 7