Vassregion Sogn og Fjordane Sakshandsamar Kari Morvik : Sogn og Fjordane Fylkeskommune Telefon: 90734161 Askedalen 2 Seksjon: Region Vest forvaltningsseksjon 6863 LEIKANGER Vår referanse: 10/17429 Dykkar referanse: Vår dato: 18.12.2012 Dykkar dato: Att: VASSREGION SOGN OG FJORDANE - VESENTLEGE VASSFORVALTNINGSSPØRSMÅL - HØYRINGSUTTALE Vi har i denne uttala kommentert dokumentet Vesentlege vassforvaltningsspørsmål Høyringsutgåve 1.juli 2012 med vedlegg, frå vassregion Sogn og Fjordane. Vi har gjeve separate uttaler til dokumenta Innspel til Vesentlege spørsmål om vassforvaltning frå Vassområda Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn. Desse uttalene ligg ved dette dokumentet og er å rekne som ein del av vår uttale i høyringa. Fiskeridirektoratet som sektorstyresmakt Fiskeridirektoratet er rådgjevande og utøvande organ innan fiskeri- og havbruksforvaltninga i Noreg. Fiskeridirektoratet skal bidra til å oppfylle Fiskeri- og kystdepartementet sitt overordna mål, som er å sikre rammevilkår for ein lønsam og berekraftig fiskeri- og havbruksnæring samt anna marint basert næringsliv. Fiskeridirektoratet sin visjon er Livet i havet vårt felles ansvar Vårt overordna mål er å fremje lønsam og verdiskapande næringsaktivitet gjennom bærekraftig og brukarretta forvaltning av marine ressursar og marint miljø. Våre forvaltningsområde innan vassforvaltning er primært knytt til oppgåver innanfor rammene av Akvakulturlova si driftsforskrift, samt den del av Havressurslova som er knytt opp mot marin arealforvaltning og tiltak som påverkar marine ressursar. I Følgje Kongeleg resolusjon Forvaltningsplan for vassregion Vestlandet skal det ved handsaming av aktivitetar i fiskerisektoren skiljast mellom den påverknaden som Postadresse: Postboks 185 Sentrum 5804 BERGEN Besøksadresse: Gate 1 nr 60 Telefon: 03495 Telefaks: 57850494 Organisasjonsnr 971 203 420 E-postadresse: postmottak@fiskeridir.no Internett: www.fiskeridir.no :
haustinga har på målartane og den påverknaden haustinga har på økosystemet på andre måtar. Anna form for påverknad på økosystemet enn påverknad av bestanden som følgje av hausting, kan handsamast etter vassforskrifta. Dersom påverknaden frå bruk av reiskap som rørar ved botn vurderast å sette vassførekomstar i fare, slik at miljømåla ikkje nåast, kan dette inngå i karakteriseringa og i eventuelle forvaltningsplanar og tiltaksprogram. Det følgjast av vassforskrifta at fiskeristyresmaktene har ansvaret for utgreiing av forslag til tiltak, samt premissane for fastsetting av miljømål. Uttak av fisk i kommersielt fiske blir regulert etter Havressurslova og vil ikkje bli handsama etter Vassforskrifta. I følgje Kongeleg resolusjon Forvaltningsplan for vassregion Vestlandet er det berre påverknadar som vert sett på som å vere vesentlige som skal takast med i karakteriseringa. Etter våre vurderingar vil fiskereiskapane som i dag nyttast i Vassregion Sogn og Fjordane i kommersielt fiskeri, ikkje gje vesentleg påverknad på botnfaunaen og botn. Kongelig resolusjon Forvaltningsplan for Vestlandet, seier vidare at når det gjeld tiltak mot påverknad frå akvakultur vert regjeringa sin Strategi for en miljømessig bærekraftig havbruksnæring lagt til grunn. Strategien skal i denne samanheng vere ei nasjonal retningslinje for den regionale planlegginga. I strategien er særlig rømming, utslipp av næringssaltar og fiskesjukdommar, under dette lakselus, vektlagt som dei viktigaste miljøutfordringane i dag og i den næraste framtid. Mål og tiltak på disse områda er derfor særleg relevant for utarbeiding av dei neste forvaltningsplanane. Det følgjer av vassforskrifta at fiskeristyresmaktene har ansvaret for utgreiing av forslag til tiltak samt premissa for fastsetting av miljømål. Fiskeridirektoratet har ansvar i høve til bærekraftstrategien når det gjeld rømming frå akvakulturanlegg og genetisk påverknad av villfisk. Mål: Akvakultur skal ikkje bidra til varige endringar i dei genetiske eigenskapane til villfiskbestandane. Fiskeridirektoratet har tilsynsansvar for ureining og utslipp frå akvakulturanlegg i høve til bærekraftstrategien. Jfr. Forskrift om drift av akvakulturanlegg 35 og 36. Mål: Alle akvakulturlokalitetar som er i bruk skal halde seg innanfor ein akseptabel miljøtilstand, og skal ikkje ha større utslipp av næringssalt og organisk materiale enn det resipienten tåler. Innleiing Vi tar i våre kommentarar først utgangspunkt i regelverk og rollefordeling. I Vassregion Sogn og Fjordane har vi møtt som medlem av VRU, er representert i AU til VRU. I samband med karakterisering av vassforekomstar har vi vært representert i arbeidsgruppe Kyst. Vi har ei oppleving av at klima for samarbeid er godt i regionen på mellommenneskeleg plan, men ikkje tilfredsstillande på det faglige plan innanfor dei områda som ligg til vårt sektoransvar. 2
Vi har deltatt i utarbeiding av dokumentet vesentlege vassforvaltningsspørsmål med innspel til tekst og deltaking i arbeidsutvalet til VRU. Vi har møtt som deltakarar i Scenariokonferanse. Vi har ikkje medverka til trendanalysen i vedlegg til høringsrapport. Forskrift om rammer for vassforvaltninga Formål med forskrifta er gitt av 1, første ledd. Formålet med denne forskriften er å gi rammer for fastsettelse av miljømål som skal sikre en mest mulig helhetlig beskyttelse og bærekraftig bruk av vannforekomstene Landet er delt inn i 16 vassregionar der 16 fylkeskommunar har fått som ansvar å koordinere arbeidet som følgjer av forskrifta i nært samarbeid med vassregionutvalet. Jfr. 21. Vassregionutvalet skal være sett saman av representantar for vassregionmynde, fylkesmann, samt andre relevante sektormynde og kommunar. Sektormynde, fylkeskommunar og kommunar har innanfor sine ansvarsområde ansvar for å utrede forslag til tiltak, samt å utrede premissene for å fastsette miljømål. Jfr. 22. Alle vassførekomstar skal karakteriserast og analyserast i samsvar med vedlegg II i forskrifta og effekten av påverknad frå aktivitet skapt av menneske skal vurderast. Jfr 15 I følgje Karakteriseringsveileder består karakterisering, analyse og risikovurdering etter 15 av følgjande trinn: Inndeling i vassførekomstar, identifisere og gradere påverknadar og effektar, foreta miljøtilstandsvurdering, vurdere utviklingstrendar og miljøverknadar, vurdere om vassførekomsten er i risiko for ikkje å nå miljømåla innan 2021. Påverknad skal være basert på faktisk kunnskap og analyse av trendar og tiltak som er sett i gang skal tas med i vurdering av risiko. Kgl.res. Forvaltningsplan for Vestlandet omtaler karakterisering slik: Det er kun påvirkninger som anses å være vesentlige som skal tas med i karakteriseringen. Sektormyndighetene er ansvarlig for at relevante og vesentlige påvirkninger inkluderes i karakteriseringen, er premissleverandør for fastsettelse av miljømål (jf. vannforskriftens 22) innenfor egne ansvarsområder, samt for fastsettelse og gjennomføring av tiltak ( 22) etter eget lovverk i oppfølging av planen. Vidare heiter det at: Når det gjelder tiltak mot påvirkninger fra akvakultur legges regjeringens Strategi for en miljømessig bærekraftig havbruksnæring til grunn. Strategien skal i denne sammenheng være en nasjonal retningslinje for den regionale planleggingen. I strategien er særlig rømming, utslipp av næringssalter og fiskesykdommer, herunder lakselus, vektlagt som de 3
viktigste miljøutfordringer i dag og i den nærmeste framtid. Mål og tiltak på disse områdene er derfor særlig relevant for utarbeiding av de neste forvaltningsplanene. Det følger av vannforskriften at fiskerimyndighetene har ansvaret for utredning av forslag til tiltak samt premissene for fastsettelse av miljømål. Tiltak og verkemiddel Rømming I tildelingsbrevet til Fiskeridirektoratet for 2012 heiter det at den høgst prioriterte oppgåva for akvakulturforvaltninga i 2012 er å følgje opp bærekraftstrategien. Innafor denne skal arbeidet mot rømming være prioritert. Akvakultur regelverket skal fremje akvakulturnæringa sin lønsemd og konkurransekraft innafor ramen av ei berekraftig utvikling. Fiskeridirektoratet har eit spesielt fokus på førebyggjande tiltak mot rømming. Dette er det gjort greie for i Fiskeridirektoratet sin tiltaksplan mot rømming av oppdrettsfisk. Reglar og retningsliner for å førebygge rømming og reaksjon dersom ei hending likevel skjer, finn ein i akvakulturlova, i forskrift om drift av akvakulturanlegg og i forskrift om teknisk standard på flytande akvakulturinstallasjonar. NS 9415 gjev krav til teknisk standard av flytande akvakulturanlegg. Det er dei siste åra innført skjerpa vilkår i regelverket for alle oppdrettsanlegg i Noreg, og det er vedtatt særskilte krav til akvakulturrelatert verksemd i eller ved nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar. Oppgradering av regelverket for å sikre anlegga mot rømming går kontinuerleg. Det er oppnemnd ein rømmingskommisjon som mellom anna skal påvise årsaksforhold knytt til rømming og gi råd om sikrare oppdrettsteknologi. Formidling av kunnskap/erfaring frå tilfeller med rømming er tilgjengeleg for alle på www.fdir.no. Fiskeridirektoratet er styrkt med auke i tal stillingar knytt til tilsyn med akvakulturanlegg. Det er sett i verk kompetansehevande tiltak for tilsynspersonellet. Vidare er det sett av midlar til utvikling av ny inspeksjonsdatabase både for ressurs- og akvakulturtilsyn. På bakgrunn av undersøkingar av rømt oppdrettsfisk som HI har gjennomført og der det kom fram at ein stor del av den rømte fisken har rømt frå setjefiskanlegg, har fiskeridirektoratet dei siste åra hatt særleg fokus på sikring av setjefiskanlegg mot rømming. Dette har ført til krav om dobbeltsikring og intensivert tilsyn. Eit meir samorda tilsyn mellom tilsynsstyresmaktene vil kunne gje gode resultat ut frå ein kost nytte vurdering. I tillegg til førebyggjande tiltak, vurderar fiskeristyresmaktene nye verkemidlar for å fange oppdrettsfisk, før den når gyteplassar i elv. Fiskeridirektoratet er til dømes 4
aktivt engasjert i eit pilotprosjekt i Hardanger, fiskefelle i Etneelva, som mellom anna har til hensikt å hindre rømt fisk å gyte i laksevassdrag. Miljøverndepartementet arbeider med utvikling av ein kvalitetsnorm for villaks med heimel i naturmangfoldlova 13. Fiskeridepartementet arbeidar med utvikling av målemetoder og grenseverdiar for kva som skal aksepterast av påverknad på miljø frå havbruk, med særlig fokus på genetisk integritet og rømming. Indikatorar som skal brukast i arbeidet etter vassforskrifta må være i samsvar med desse. Framlegg til indikatorar for bærekraft i høve villaks er levert til regjeringa. Havforskningsinstituttet og Veterinærinstituttet la 04.05.2012 fram rapporten Forslag til førstegenerasjons målemetode for miljøeffekt (effektindikatorer) med hensyn på genetisk påvirkning fra oppdrettslaks til villaks, og påvirkning av lakselus fra oppdrett på viltlevende laksefiskbestander. Regjeringa vil ta vurdering av framlegga inn i stortingsmelding om Norge som sjømatnasjon som er venta lagt fram for Stortinget dette året og drøfta i Stortinget i vårsesjonen 2013. Ureining Løyve til utslipp frå akvakulturanlegg vert gjeve med heimel i Ureiningslova. Verknad på det marine miljø frå flytande matfiskanlegg i sjø, blir følgt opp av fiskeridirektoratet i medhald av Forskrift om drift av akvakulturanlegg 35 og 36. (MOM) MOM overvakinga skal skje i samsvar med NS 9410. Standarden er under revisjon og det er forventa at den vil bli harmonisert med krav til overvaking etter vassforskrifta. Etter NS 9410 blir det gjennomført to ulike miljøgranskingar MOM B og MOM C B undersøking er ein trendovervaking av botntilhøva under eit oppdrettsanlegg som klassifiserar botnpåverknad frå mykje god til mykje dårleg på ein skala frå 1 4. Ved uakseptabel tilstand skal det setjast i verk tiltak etter akvakulturregelverket C-undersøking er ein undersøking av botntilstanden frå anlegget og utover i resipienten. Dette er ein omfattande undersøking som skal gjerast av personell som er akkreditert for oppgåva. Fiskeridirektoratet har innskjerpa rutinane i høve til eigen oppfølging og i høve til krav om innrapportering av resultat frå MOM undersøkingar. Så langt har ålmenta tilgong på tilstandsvurderinga frå MOM B rapportar (tilstand under anlegga) gjennom Fiskeridirektoratet sitt kartverktøy. Det vert også gjennomført MOM C granskingar fleire stadar, tilstandsvurderinga frå desse er inntil vidare ikkje tilgjengelege gjennom kartverktøyet. Det er levert MOM B gransking for 67% av alle 5
matfisklokalitetar (både torsk og laks) i sjø. Mangel av rapport skuldast stort sett at lokaliteten ikkje er i bruk og dei fleste gjeld lokalitetar for andre føremål enn produksjon av matfisk av laks og aure. I Sogn og Fjordane viser 78% av dei leverte rapportane tilstand 1, 19% visar tilstand 2 og 3% visar tilstand 3. Ingen viser tilstand 4. Ved tilstand 3 må det takast ein ny gransking etter 6 månader. Det er i første rekke fisken i anlegget som blir påverka av at tilstanden på lokaliteten ikkje er god. MOM C undersøkingane som er gjennomførte viser at områda rundt anlegga i dei fleste tilfelle er lite påverka av drift på lokaliteten. Dette er i godt samsvar med konklusjonen frå ekspertgruppa som i 2011 har vurdert eutrofieringssituasjonen i kystområda. ( Eutrofieringsrapporten ) Overvaking Stortinget har gitt fiskeristyresmaktene ansvar for å følgje utviklinga når det gjeld effekt av rømt oppdrettsfisk. Frå 2005 har Fiskeridirektoratet overtatt ansvaret for dei årlege undersøkingane av gytefisk som viser del rømt oppdrettslaks i eit utval av ville laksebestandar. NINA har det faglege ansvaret for gjennomføring av undersøkingane. Undersøkingane er baserte på vitskapeleg metode og resultat frå desse undersøkingane er akseptert av fiskeristyresmaktene som grunnlag for karakterisering og risikovurdering. Vi har data frå skjelprøvar som er samla inn hausten 2006 2010 frå Årøyelva, Fortunselva, Vikja, Flekkevassdraget, Gaula, Daleelva, Osenvassdraget, Nausta og Eidselva. I tillegg er det analysert nokre prøvar frå 2010 frå Jølstra, Fortunelva og Lærdalselva. For dei vassdraga som har vore overvaka over ein periode varierer innblanding av rømt oppdrettsfisk. På bakgrunn av den kunnskap vi har i dag, kan vi ikkje seie om rømt oppdrettsfisk i vassdrag er eit vesentleg vassforvaltningsspørsmål. Innblanding av rømt oppdrettsfisk kan likevel være ein utfordring i ein del vassdrag. MOM regelverket vil kunne gje ei trendovervaking av påverknad frå akvakulturanlegg på sikt. Med dei endringar som vil bli gjort i NS9410 og harmonisering med vassforskrifta, vil dette gi eit bidrag i høve til forvaltning og overvaking i dei einskilde vassførekomstar med akvakulturanlegg. Karakterisering Med effekt på fiskepopulasjonane er meint ein negativ endring i bestandane. For å kunne peike på rømt oppdrettsfisk som faktor for vesentleg påverking, må den kunne knytast til ein vitskapeleg dokumentert nedgang i bestanden. Dette tyder at det for det første må ha funne stad ein genetisk endring i den enkelte bestand av villaks som følgje av påverknad frå oppdrettsfisk, og vidare må endringa ha ført til ein dokumentert nedgang i populasjonsstørrelsen. 6
Fylkesmannen har karakterisert vassdrag i fylket og vurdert påverking frå rømt oppdrettsfisk i elvestrekningar med anadrom fisk som kvalitetselement basert på opplysningar henta frå Villaksportalen til DN. Fiskeridirektoratet er sektormynde for dette området, men er ikkje blitt inkludert i arbeidet med karakterisering av vassdrag i fylket. Dette er ikkje i samsvar med Vassforskrifta 21. Jfr. også Karakteriseringsveileder kap.6.1 der det heiter at Sektormyndighetene er ansvarlig for at relevante og vesentlige påvirkninger inkluderes i karakteriseringen, og at påvirkninger innen eget ansvarsområde reflekteres på korrekt måte i tilstandsvurderingen. Opplysningane i Villaksportalen er ikkje basert på etterprøvbare vitskapelege undersøkingar. Fiskeridirektoratet kan derfor ikkje akseptere einsidig bruk av opplysningar frå Villaksportalen som grunnlag for tilstandsvurdering av vassdraga med omsyn til påverknad frå rømt oppdrettsfisk. Vi viser i denne samanheng til brev av 06.07.2012 frå MD til Vassregionane om karakterisering og vesentlege vassforvaltningsspørsmål som søker å klargjere sektorstyresmaktene sitt ansvar i høve til mellom anna påverknad frå rømt oppdrettsfisk. Bergverk Verdssamfunnet sin sterkt aukande etterspurnad etter mineralar er ein drivkraft med stort potensial for risiko for vassmiljø i Noreg. Dette gjeld verknad for vassdrag i gruveområdet og verknad av ev. dumping av avgangsmasse i sjø. I Sogn og Fjordane ligg det føre planar om utvinning av rutil ved Engebø i Førdefjorden. HI har vurdert den negative verknaden på det marine miljø og viltlevande marine organismar i Førdefjorden som høg. Ev sjødeponi vil være eit vesentleg vassforvaltningsspørsmål. Framande arter Vatn vert ofte nytta for å stabilisere fartøy som ikkje har ordinær last om bord mellom to hamner. Før fartøyet blir lasta med ny nyttelast sleppest vatnet ut i eit anna vassmiljø enn det ble henta frå. Dette er ein praksis som medfører risiko for introduksjon av arter, bakteriar mv som ikkje er naturleg heimehøyrande i vassmiljøet. Dette er eit område ein må ha særleg merksemd på framover. Kommentar til Vedlegg 2 Trendanalyse Føremålet med trendanalysen er å vurdere samfunnsutvikling og påverknadstrendar i åra fram mot 2021. Analysen skal gi eit grunnlag for å vurdere risiko for ikkje å nå miljømåla innan 2021. S 35 Under avsnitt Næringsutvikling, andre avsnitt er det nemnt at næringar som 7
jordbruk, skogbruk, akvakultur, marine næringar og industri kan påverke vassmiljøet og at tal på sysselsette går fram av tabell 2.9 og 2.10. Det er uklart kva som er meint med marine næringar og industri. Vi finner ikkje dette igjen i figur 2.9 og 2.10. Siste to avsnitt på s 35 under næringsutvikling og tilhøyrande figur 2.9 og 2.10 bør takast ut av dokumentet. Første avsnitt i kapitlet er tilstekkeleg. Tal på sysselsette i primærnæringane og tilknytt verksemd har ingen korrelasjon i høve til påverknad på vassmiljø. Det er tatt inn figurar 2.9 og 2.10 som visar sysselsette etter bustad innan primærnæringane med tilknytt verksemd fordelt på dei ulike vassområda. Dersom figurane er meint å gi eit bilete av ein trend i busetnad eller næringsutvikling, saknar vi tilsvarande figurar for andre næringar. Isolert sett er det mulig at figur 2.9 kan gje eit trendbilete av landbruksnæringa, men figur 2.10 gjev ikkje eit bileta av utvikling innan fiskeri og akvakulturnæring. Figuren kunne gitt eit bilete av utvikling av sysselsette i akvakulturnæringa då dei stort sett bur i nærleiken av anlegga, men då må ein ikkje ta med sysselsette innan fiskeri då den næringa hentar sysselsette frå heile landet i tillegg til utanlandsk arbeidskraft. Ynskjer ein å bruke figurane som eit bilete på næringsutvikling vil det være nødvendig å splitte figuren. For det første er det feil å slå saman sysselsetting innan fiskeri og akvakultur då dette er to ulike næringar som er uavhengige av kvarandre i høve til samhandling og infrastruktur bortsett frå at dei til ein viss grad brukar same verkstader og notleverandørar, og eit par traderar som sel både kvitfisk og laks. På eigarsida kan det og være litt samhandling. Det er likevel ikkje naturleg å sjå næringane i samanheng og særleg ikkje i vassforvaltningssamanheng der effekt av fiske ikkje skal være med i vurderinga. Fiskeri og fangst er som næringar regulert av Havressurslova og har ikkje ein påverknad på vassmiljø som skal vurderast etter vassforskrifta jfr. Kg.res. Kvar ein sysselsett innan fiskeri er busett har liten samanheng med næringsstrukturen i kommunen eller påverknad på vassførekomsten. Når det gjeld sysselsette innan akvakultur kan dette gje eit bilete på omfang av denne type næringsverksemd lokalt. Det går ikkje fram av figur 2.10 om også sysselsette i tilknytte næringar er tatt med slik det er gjort i tabell over sysselsette i jordbruket. Vår anbefaling er at figur 2.9 og 2.10 blir tatt ut av dokumentet. Dei bidrar ikkje til opplysning av saka og kan ikkje brukast i høve til vurdering av vesentlege vassforvaltningsspørsmål. Alternativt må ein sette inn tabellar over sysselsette innan alle næringar med utslipp til sjø og vassdrag. I det minste må figur 2.10 bli avgrensa til å gjelde akvakultur. 8
S 36. Vi saknar ei oversikt og analyse av verknad på vassmiljø frå prosessindustri, skipsverft og verkstader, hamner og ulike verksemder knytt til petroleumsindustrien og ei vurdering av trendar innanfor desse områda inkludert alternative framtidsbilete tilsvarande vurderinga som er gjort i høve akvakultur. Slik vi les trendanalysen har ein fokusert på verknad av vasskraft, landbruk og akvakultur. Det er sett bort frå at industri, verkstad og bergverk påverkar vassmiljø med sine utslepp og at uhell og utilsikta hendingar innanfor desse sektorane kan få store konsekvensar for vassførekomstane. Vi har ikkje merknader til at det blir gjort ei analyse av påverknad frå akvakultur på vassførekomstane, men vi meiner at omfanget av denne analysen er for omfattande og gjev eit skeivt bilete av situasjonen sett i forhold til den manglande analyse av påverknad på vassførekomstane frå anna verksemd. Merknader til høyringsdokument S 4 Miljøgifter Vi er klar over at opphoping av miljøgifter i stor grad skyldes gamle synder, men her bør det fokuserast meir på dagens og framtidas påverknad frå industri, verkstad, opphugging, avfallsdeponering mm. Vi saknar omtale av petroleumstilknytta næring som opphugging av installasjonar på Lutelandet, nærhet til raffineriet på Mongstad med til høyrande båttrafikk og basen i Florø for å nemne nokre døme. Akvakultur avsnittet er overdimensjoner i høve til trusselbiletet. Kunnskapsgrunnlaget er omtalt over. Sjødeponi Overskriften bør erstattast av Bergverk Med dei resultat ein har frå granskinga frå våre fremste ekspertar på marint miljø, bør det ikkje være tvil om at det planlagde sjødeponiet i Førdefjorden vil ha ein stor og øydeleggande påverknad på det marine miljøet i fjorden. PÅ bakgrunn av dagens kunnskap må teksten vil eller kan være ei utfordring for livet i fjorden erstattast med vil føre til vesentleg påverknad på vassførekomsten. Noreg og Sogn og Fjordane er rikt på etterspurde mineralar og stein. Alt tyder på aukande interesse for utvinning. Dette skjer ikkje utan konsekvensar for vassmiljø i form av bruk av vann, avrenning og dumping. Vi saknar ei større merksemd på dette området. 9
S21 kap. 3.3.3 Biologisk påverknad Vi viser til brev av 06. juli 2012 frå Miljøverndepartementet og ber om at kapitlet blir omskrive i høve til dette. Kapitlet har brei omtale av Lakseregisteret. Vi saknar like brei omtale av Fiskeridirektoratet sin rolle som ansvarleg sektormynde for overvaking av verknad av rømt oppdrettsfisk samt arbeidet med utarbeiding av indikatorar for påverknad. Jfr. Vår generelle merknad. S23 Rømt oppdrettsfisk Slik kapitlet er utforma gir det eit unyansert bilete av systemet rundt overvaking av rømt oppdrettsfisk. Det er gitt ei brei omtale av lakseregisteret og Miljøverndepartetmentet sitt arbeid med kvalitetsnorm. Ein har latt være å nemne Forslag til førstegenerasjons målemetode for miljøeffekt (effektindikatorer) med hensyn til genetisk påvirkning frå oppdrettslaks til villaks, og påvirkning av lakselus frå oppdrett av viltlevende laksefiskbestander. levert til Fiskeri og Kystdepartementet frå Veterinærinstituttet og Havforskningsinstituttet. Arbeidet skal danne grunnlag for utarbeiding av målemetodar og grenseverdiar for kva som skal være akseptabel miljøpåverknad frå havbruk, med særleg verknad på genetisk integritet/rømming og lakselus på villfisk. Jfr. Brev av 06.07.12 frå MD. S29 kap. 6. Risikovurdering i høve miljømåla og kap. 6.1 Vurdering av risiko Vi har ikkje merknader til teksten som står i kapitla. Etter vårt syn manglar kapitla ein vesentlig informasjon i høve risikovurdering som ein finn i Karakteriseringsveileder kap. 9.6 tabell 9-2. Av tabellen går det fram at ein i samband med risikovurdering i høve til om ein forventar å nå miljømåla innan 2021, skal ta med i vurderinga effekt av tiltak som er sett i gong. S32 kap. 6.2 Usemje om risikovurdering Her må ein ta inn usemje om bruk av Lakseregisteret i karakterisering og risikovurdering av vassdrag. S34 kap. 7.1 Uavklarte problemstillingar, Rømt oppdrettsfisk Metodikk og berekraftindikatorar for å identifisere innblanding av rømt oppdrettsfisk i ville laksebestandar bør utviklast vidare. Jfr brev av 9.7.12 frå MD kan ein erstatte bør utviklast vidare med er under utvikling. 10
Vi vonar våre merknadar til vesentlege vassforvaltningsspørsmål er oppklarande i høve til kva som er vesentlege utfordringar i ein vassførekomst. Vi er tilgjengelege for utfyllande opplysningar om det skulle vere ynskje om dette. Dokumentet er elektronisk godkjent og blir sendt utan signatur. Med helsing Vidar Ulriksen regiondirektør Paul Jacob Helgesen Seksjonssjef 11
Vedlegg: Innspel til Vesentlege vassforvaltningsspørsmål Nordfjord - høyringsuttale Innspel til Vesentlege vassforvaltningsspørsmål Sunnfjord - høyringsuttale Innspel til Vesentlege vassforvaltningsspørsmål Indre Sogn - høyringsuttale Innspel til Vesentlege vassforvaltningsspørsmål Ytre Sogn - høyringsuttale Kopi til: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Miljøvernavdelingen 6863 LEIKANGER Kyst- og havbruksavdelingen Postboks 185 Sentrum 5804 BERGEN Mattilsynet Felles postmottak 2381 BRUMUNDDAL 12