MØTEIN N KALLIN G SAKLISTE. Organ: HOVUDSAMARBEIDSUTVAL ET Møtestad: Møtedato: Tid: 10:00

Like dokumenter
Når LAMU drøftar fråværstala på individnivå i sine kvartalsvise møter vil utvikling, nivå og skilnader mellom kjønna vere tema.

Saksframlegg. Sjukefråvær 2. kvartal 2015 SAKSFRAMSTILLING. Saksbehandlar: Arvid Stenehjem, Fylkesrådmannen Sak nr.: 15/8921-1

Andre dokument som ikkje ligg ved: Statistikkgrunnlag og andre hjelpetabellar og rekneark.

Andre dokument som ikkje ligg ved: Statistikkgrunnlag og andre hjelpetabellar og rekneark.

4. kvartal 2014 Det legemeldte sjukefråværet fordelt på lengdekategoriar SUM tot

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

MØTEBOK. Hovudsamarbeidsutvalet. Møtedato Kl

Regionreforma på Vestlandet - status

Rapport frå arbeidet i ekspertutvalet

MØTEBOK. Hovudsamarbeidsutvalet. Fylkeshuset, Åskora (reservemøte) Møtedato Kl. 10:00 til 12.15

Samansetjing av «Fellesnemnd» for overgangsperioden fram mot

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

Nye kommunar i Møre og Romsdal

MØTEINNKALLING SAKLISTE. HOVUDSAMARBEIDSUTVALET Åskora. Møtestad: Møtedato: Tid:

Saksbehandlar: Vigdis Rotlid Vestad. Ref.: 2017/2464/FMMRVIVE Til: Felles kommunestyremøte

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Regionreforma i Hordaland og Sogn og Fjordane. Nytt Vestland. Nye muligheiter

Regionreforma i Hordaland og Sogn og Fjordane. Nytt Vestland Nye muligheiter

ORGANISASJONSAVDELINGA Personalseksjonen - Org avd

Formelle vedtak i kommunestyra 21. juni 2017 i hht. 25 i inndelingslova for etablering av nye Ålesund kommune

REGIONREFORMA OG SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Rolla til kontrollutvala i Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune ved samanslåing - Arbeidsmøte 3

MØTEINNKALLING. FYLKESRÅDET FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Fylkeshuset - Leikanger Møtedato: Tid: 10:30

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Vår ref: Dykkar ref. Dato: 16/ / FE-026 ÅKR

Lovgrunnlag Lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova), 26 Fellesnemnd:

Fellesnemnd ny kommune i indre Sunnfjord

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 061/17 Bystyret PS

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE VEDTAK I AMU 2/13 13/240 ÅRSRAPPORT FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA

Det nye vestlandsfylket samanslåingsprosessen Ekspertutvalet

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

REGLEMENT FOR SEKTORUTVAL FOR SKULE- OG KULTUR

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteinnkalling

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Mål og tiltak for eit meir inkluderande arbeidsliv i sentraladministrasjonen, Møre og Romsdal fylkeskommune

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

2 of 12 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 008/ /1175 Faste saker 009/ /1152 Statistikk over sjuke

Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland - høyring

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld.

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

Samarbeid, medråderett og medansvar skal sikre målretta styring av ressursane og eit godt arbeidsmiljø.

Grenseendringar etter inndelingslova. Volda, 25. august 2016

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

AVTALE OM SAMARBEIDSUTVALS- STRUKTUR

MØTEBOK. Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Møtedato Kl. 10:

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

Dykkar ref Vår ref Dato


2014/

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Reglement for Kvam kontrollutval

Reglement for Naustdal kontrollutval Vedteke av kommunestyret i sak 20/15 den

«Nye Vestland fylkeskommune» i endring og utvikling

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Samnanger kommune Møteprotokoll

Tilbakemelding på FT-sak 7/14 Tryggleik og beredskap - Rapport

Departementet stiller totalt 85,5 mill. kroner til disposisjon for Siva i 2016.

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Plan for forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Statsbudsjettet oppdragsbrev til Siva

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Regionreforma på Vestlandet

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Oppfølgingsliste 2/2016

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

Mål og tiltak for eit meir inkluderande arbeidsliv i Sentraladministrasjonen, Møre og Romsdal fylkeskommune

Norddal kommune Personalpolitiske retningsliner

Brukarutvalet i Sogn og Fjordane

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

TYSFJORD KOMMUNE. MØTEINNKALLING Ekstraordinær

Tilhøvet mellom dei to noverande fylkeskommunane og Vestland fylkeskommune. - før konstituering og etter konstituering fram til 1.1.

HANDLINGSPROGRAM FOR FYLKESRÅDET FOR ELDRE I SOGN OG FJORDANE

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall.

Regionreform status. Trond Nerdal fylkesrådmann. Fellesmøte 28. september

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Austevoll kommune TILEGGSINNKALLING SAKLISTE

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Storehagen Atrium, Førde. Møtedato Kl. 10:00 15:00

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Fylkeshuset, møterom Skåla. Møtedato Kl

FELLES REGLEMENT FOR DEI POLITISKE ORGANA (K-sak 28/16)

MØTE P ROTOKOLL. Rådmann Jarle Skartun, Olaug Marie Bjelde. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. SAKLISTE

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Transkript:

Side 1 av 1 MØTEIN N KALLIN G Organ: HOVUDSAMARBEIDSUTVAL ET Møtestad: Møtedato: 13.09.2017 Tid: 10:00 Medlemene blir med dette kalla inn til møte t. Ev entuelt forfall må meldast til utvalssekretæren straks. Varamedlem e r møter berre etter særskild innkalling. Saksnr. Arkivsaksnr. / Tittel SAKLISTE 11 / 17 17 / 1191 Skriv og meldingar 13. september 2017 12 / 17 17 / 2053 Fråværsstatistikk 2. kvartal 2017 til handsaming i hovudsamarbeidsutvalet

M øteprotokoll Hovudsamarbeidsutvalet 13.09.2017 MØTE P ROTOKOLL Organ Hovudsamarbeidsutvalet Møtestad Fylkeshuset, Åskora Møtedato 13.09.2017 Kl. 10:00 10:30 Faste medlemer til stades: Tore Eriksen, Ingebjørg Erikstad (video), Jan Tore Rosenlund, Svein Torbjørn Sandvold (video), Jasmin Eminovic, Olav Vestrheim. Forfall til møtet: Bekka Skaasheim, Clara Øberg, Hilde Kvamsås Aa, Elin Schei Stuhaug. Varamedlemer til stades: Ingen Til stades med møte - og talerett: I ngen Sekretariat for møtet: Arvid Stenehjem Ingen merknader til innkalling og sakliste. Utvalet handsama alle sakene i opa møte. Møteprotokoll frå 24.5.2017 vart godkjend utan merknader. Val av setteleiar Både utvalleiar Hilde Kvamsås Aa og nestleiar Elin Schei Stuhaug hadde lovleg fråvær. Utvalet oppnemnte setteleiar for dette møtet. Då arbeidstakarsida har leiaren i denne perioden vart det naturleg å finne eit medlem på denne sida - Olav Vestrheim vart valt. Følgjande skriv og meldingar vart lagt fram til orientering Meldesak 1) Varslingsinstituttet er revidert Meldesak 2) Arbeidsreglementet er revidert Meldesak 3) Tilsetjingsreglementet er revidert Meldesak 4) IA - dagen 2017 - På lag i arbeidslivet Meldesak 5) Verksemds - abonnement på kredittkort vert ikkje fornya Meldesak 6) Nytt grunnkurs i arbeidsmiljøkunnskap Meldesak 7) Regionreforma status og vidare prosess Meldesak 8) Personverneombod Kommentar Det kom ein merknad frå utvalet ved FH VO Olav Vestrheim om revisjon av dokume nta i meldesakene 1 til og med 3 har vore drøfta med dei tillitsvalde. Då sakshandsam ar ikkje var tilgjengeleg for møtet vart konklusjonen at dei tillitsvalde kunne ta kontakt med Frm - personal for ei avklaring. Side 1 av 2

M øteprotokoll Hovudsamarbeidsutvalet 13.09.2017 SAK 11 / 17 Skriv og meldingar 13. september 2017 VEDTAK : Hovudsamarbeidsutvalet tek skriv og meldingar til vitande. -------------------------------------------------------- SAK 12 / 17 Fråværsstatistikk 2. kvartal 2017 til handsaming i hovudsamarbeidsutvalet VEDTAK : Hovudsamarbeidsutvalet tek statistikken over sjukefråværet til orientering og ber einingane følgje opp dei sjukmelde og arbeide for å identifisere årsaker og finne mottiltak til fråvær som kan vere arbeidsmiljørelaterte. -------------------------------------------------------- Side 2 av 2

Side 1 av 3 Saksframlegg Saksbehandlar: Arvid Stenehjem, Fylkesrådmannen Sak nr.: 17 / 1191-5 Skriv og meldingar 13. september 2017 Hovudsamarbeidsutvalet tek skriv og meldingar til vitande. Meldesak 1) Varslingsinstituttet er revidert Retningslinjer for varsling om kritikkverdige forhold er revidert i samsvar med endringane i arbeidsmiljølova som tok til å gjelde 1. juli 2017. Hovudføremålet bak varslingsreglane er å gjere det tydeleg at varsling er lovleg og ønska samt å beskytte arbeidstakarar som gjer bruk av retten til å varsla. Eit nytt kapittel 2A i lova er lagt til. Etter lova har arbeidstakar altså rett til å v arsla om kritikkverdige forhold i verksemda. Arbeidstakar har i tillegg eit korresponderande vern mot gjengjelding. Arbeidsgivar plikter å utarbeide rutinar for intern varsling. Dokumenta ligg på Portalen. Meldesak 2 ) Arbeidsreglementet er revidert Etter aml 14-16 skal det liggja føre eit arbeidsreglement for arbeidstakarane. Reglementet skal innehalda ordensreglar, reglar for arbeidsordninga, vilkår for tilsetjing, oppseiing og avskil og føresegner om utbetaling av løn. Arbeidstakarane pliktar å setja seg inn i arbeidsreglementet. Fylkestinget vedtok 25. september 1980 personalreglementet for Sogn og Fjordane fylkeskommune. Reglementet har i hovudsak dek t dei krava som er stilte til arbeidsreglement etter aml. Endringar i lov - og regelverk og utviklinga i arbeidslivet har medført behov for nytt reglement. I arbeidet med å utarbeida nytt reglement har vi nytta nemninga arbeidsreglement. Administrasjonsu tvala for kommunal og statleg sektor vedtok i møte 15. november 2000 arbeidsreglement for Sogn og Fjordane fylkeskommune. Reglementet gjeld frå 1. desember 2000. Sist oppdatert juli 2017, i tråd med samfunnsutviklinga. Sjå Portalen. Meldesak 3) Tilsetjingsreglementet er revidert Reglementet gjeld for tilsetjing i alle faste og mellombelse fylkeskommunale stillingar, så lenge noko anna ikkje er bestem t. Reglementet gjeld ikkje når det kjem i strid med lover, tariffavtalar eller reglement som er bindande for fylkeskommunen. Reglementet gjeld ikkje når fylkeskommunen set i gang ekstraordinære mellombelse sysselsetjingstiltak. Sist oppdatert juli 2017, i tråd med samfunnsutviklinga. Sjå Portalen. Meldesak 4) IA - dagen 2017 - På lag i arbeidslivet

Side 2 av 3 Den årlege IA - dagen vert arrangert på Scandic Sunnfjord Hotell i Førde den 21. september. Spennande innleiarar NAV leiar Sigrun Vågeng og Viktor Normann samt erfaringsinnlegg frå tre ulike verksender i fylket står på dagsorden. Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA - avt alen) vart sist prolongert frå 4. mars 2014 til 31. desember 2018. IA - avtalen sitt overordna mål er: Å be t re arbeidsmiljøet, styrke jobbnærværet, førebygge og redusere s ju kefr å vær og hindre utstø y ting og fr å fall frå arbeidslivet. IA - avtalen sine tre delmål på nasjonalt nivå er: 1. Reduksjon i sjukefråværet med 20 prosent i forhold til nivået i andre kvartal 2001. Dette fordrar at sjukefråværet på nasjonalt nivå ikkje skal overstige 5,6 prosent. 2. Hindra fråfall og auke sysselsetjing av personar med nedsett funksjonsevne. 3. Yrkesaktivitet etter fylte 50 år skal søkjast lenga med tolv månader. Med dette ei auke samanlikna med 2009 i gjennomsnittlig periode med yrkesaktivitet (for personer over 50 år). Meldesak 5) Verksemds - abonnement på kredittkort vert ikkje fornya I ei årrekkje (sidan 2003) har fylkeskommunen nytta sin bedriftsavtale med DINERS CLUB AS for å kunne tilby betalingskort for tilsette. Argumenter for dette har vore at vi har, sitat: «har eit betydeleg administrativt arbeid med utbetaling av forsk ot og handsaming av faktura knytt til tenestereiser». Kortet vart løysinga for å redusere desse transaksjonskostnadene. Avtalen med DINERS gav kortinnehavaren reduserte årlege abonnementkostnader (kr. 75, - ). Den tilsette fekk refundert dette gjennom innlev ering av sine reiserekningar. DINERS sa opp sin avtale med verknad frå 27. april i år og vi står no ovafor valet om å re etablere ein slik ordning med andre kortleverandørar eller at ein overlèt dette til utelukkande å vere den tilsette sitt ansvar. Leiar gruppa har vurdert alle sider ved denne praksisen og funnet tida inne for å legge slikt ansvar over på den tilsette. Så lenge fleste kortleverand ø rar tilbyr kort utan årsavgift, så er det hensiktslaust å inngå ein avtale for fylkeskommunen. Den som søkjar om kort vil uansett måtte igjennom kredittsjekk. Denne vil ikkje vere forskjellig om vi har avtale eller ikkje så lenge den enkelte heftar for bruk av kortet. Leiargruppa meiner at arbeidsgjevaravtale om kredittkort er ei ordning som har gått ut på dato av seg sjølv. Meldesak 6) Nytt grunnkurs i arbeidsmiljøkunnskap Hovudmålgruppa for kurset er verneomboda/vara verneomboda og medlemmar/vara medlemmar i dei lokale arbeidsmiljøutval (LAMU) samt medlemmar/vara medlemmar i hovudsamarbeidsutvalet (HSU). Tilbodet omfattar også dei som tidlegare har gjennomført kurset og som ønskjer å "friske opp att" kunnskapane sine. I målgruppa er også deg med leiaransvar, jf. kravet i arbeidsmiljølova sin 3-5 som peikar på den plikta arbeidsgjevar har til å gjennomg å opplæring i helse -, miljø - og tryggleiksarbeid. Som tidelgare har vi opna opp for at lærlingar på kontrakt i våre einingar får tilbod om å fullføre kurset. Eg ber difor om at lærlingane særleg vert informerte og at opplæringsansvarleg legg til rette sl ik at dei kan delta på dette tilbodet. Kurstilbodet følgjer 2+2 modellen som inkluderer noko heimearbeid mellom samlingane. Den første kursdagen har eit rammeinnhald som vil tene som grunnlag for heile kurset. Her vil vi presentera dei aktuelle 8 HMT - lov ene med tilhøyrande føresegner samt vår praksis for vår arbeidsmiljøtenking. Arbeidsmiljølova og forskrifta om systematisk helse, miljø og tryggleiksarbeid ( internkontroll ) vil få stø rst merksemd. Den andre dagen har fokus på organisatorisk - og psykososialt arbeidsmiljø. I mellomperioden vil du få heimelekse som i hovudsak knyter seg til bruken av Portalen som kunnskapsbase for arbeidsmiljøspørsmål. Den tredje dagen har fokus på det fysiske arbeidsmiljøet. Her under ergonomi, inneklima, kjemisk arbeidsmiljø og brannvern. Siste kursdag har mykje fokus på praksis, der oppfølging av sjukefråvær og tilrettelegging på arbeidsplassen har foku s. Kurset er som tidlegare delt i to modular à t o dagar og vil bli tilbydd dag ane 4. og 5. oktober med vidare oppfølging 2 5. og 2 6. oktober 2017. Kurstaden er Thon Jølster Hotell, Skei.

Side 3 av 3 Meldesak 7 ) Regionreforma status og vidare prosess Status for regionreforma pr. 5. september 2017 sjå vedlegg. Meldesak 8 ) Personverneombod EU s in forordning for personvern blir norsk lov med verknad frå 25. mai 2018. Dette regelsettet bestemmer kort sagt korleis det offentlege og bedrifter kan og skal handsame opplysningar om einskildpersoner. Det gir også einskildpersonar rettighe iter direkte overfor det offentle ge og bedrifter, når det gjeld opplysning a r som er saml a inn om de i. Fylkesrådmann tek dette til etterretning m.a. ved å førebu justeringar og tilpassingar i vår organisasjon. Prosedyrar for saksh andsaming og å sikre kvalitet i datalagring vil vere sentralt. Ei samordning med Hordaland fylkeskommune vil vere aktuelt jf. regionreforma. Sjå forordningsteksten og andre opplysingar på datatilsynet sin portal.

Side 1 av 4 05.09.2017 Regionreforma status og vidare prosess Stortingsvedtak om ny fylkesinndeling Stortinget vedtok 08.06.17 ei regionreform der dagens 19 fylkeskommunar vert erstatta med 11 nye folkevalde regionar/fylkeskommunar. Den nye fylkesinndelinga skal gjelde frå 01.01.20. I vedtaket slo Stortinget saman følgjande fylke: Vest-Agder og Aust-Agder (302 000 innbyggjarar) Sogn og Fjordane og Hordaland (632 000 innbyggjarar) Buskerud, Akershus og Østfold (1 178 000 innbyggjarar) Telemark og Vestfold (420 000 innbyggjarar) Hedmark og Oppland (386 000 innbyggjarar) Troms og Finnmark (241 000 innbyggjarar) Vedtaket inneber at Oslo (672 000), Rogaland (475 000), Møre og Romsdal (267 000) og Nordland (243 000) held fram som eigne fylke. Sør- og Nord-Trøndelag (454 000) er alt vedtekne slegne saman med verknad frå 1. januar 2018. Det regionale folkevalde nivået sine oppgåver Eit element i regionreformvedtaket var at Stortinget overførte nye oppgåver til regionalt folkevalt nivå med verknad frå 01.01.20. Stortinget bad m.a. regjeringa syte for at regional vegadministrasjon, som har ansvaret for planlegging og drift av fylkesvegane, vert overført frå Statens vegvesen til fylkeskommunane. Det vart også vedteke at det regionale folkevalde nivået skal få overført oppgåver knytt til regional næringsutvikling frå Innovasjon Noreg (IN). I tillegg skal eit utvida avgjerdsmynde rundt prosjektstøtte til FoU-prosjekt overførast frå Noregs forskingsråd (NFR) til fylkeskommunane. Regjeringa fekk også pålegg om å sjå nærare på kva oppgåver som kan overførast frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Stortinget bad elles regjeringa fremje forslag om å fornye regelverket for løyve og behovsprøving for persontransport, slik at reglane knytt til fagområdet kan fastsetjast av dei nye fylkeskommunane straks regionreforma er implementert. Vidareføring av sentrale ansvarsområde I tillegg til overføring av nye oppgåver, som vi kjem attende til i neste delkapittel, har Stortinget vedteke vidareføring av sentrale fagområde for dei framtidige fylkeskommunane. Ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta har dei siste åra vore eit sentralt tema i den forvaltningspolitiske debatten. Helse- og omsorgskomiteen la 1. juni fram si innstilling overfor Stortinget, der komiteen konkluderte med at tannhelsetenesta bør førast vidare på regionalt folkevalt nivå også etter regionreforma. Eit fleirtal på Stortinget opna i handsaminga av innstillinga for ei prøveordning der inntil 15 kommunar som ønskjer det, kan søkje om å få overta ansvaret for tannhelsetenesta frå 2020 23. Tannlegeforeininga og fagmiljøa har vore pådrivarar for at ansvaret for tannhelsetenesta skal liggje til fylkeskommunane. Besøksadresse: Postadresse: E-post: post@sfj.no Fylkeshuset Askedalen 2 Heimeside: 6863 LEIKANGER www.sfj.no Telefon: 57638000 Bankgiro: 4212 02 02000 Org.nr : NO 941 388 841 MVA

Side 2 av 4 Stortinget vedtok i juni 2016 at dei offentlege fagskulane også for framtida skal vere fylkeskommunale. Gjennom handsaminga av Meld. St. 9 (2016-17), Innst. 254 S (2016-17) «Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning» slo Stortinget i tillegg fast kvalitetskriterium og retningsliner for framtidas fagskular, og bad fylkeskommunane følgje opp kriteria. Stortinget har tidlegare slege fast at Innovasjon Noreg framleis skal vere eigd av fylkeskommunane og staten. Staten skal framleis eige 51% og fylkeskommunane 49%. Innovasjon Noreg er eit avgjerande verktøy for utvikling av næringslivet og for å skape nye arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. Stortinget sitt lovfesta krav til at Innovasjon Noreg skal ha regionale styre med representantar frå regionalt arbeids- og næringsliv vart i mai i fjor oppheva med verknad frå 01.07.2016. Sogn og Fjordane fylkeskommune sine innspel til nye regionale folkevalde ansvarsområde Ved Stortinget si handsaming av Meld. St. 22 (2015 16) «Nye folkevalde regionar rolle, struktur og oppgåver» vart det gjort følgjande vedtak i tråd med Innst. S 377 (2015 16) frå Kommunal- og forvaltningskomiteen: Stortinget ber regjeringa setje ned eit ekspertutval som skal føreslå ytterlegare nye oppgåver til regionane når den nye regionstrukturen er fastlagd, og seinast våren 2017. I Prop. 4 S «Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå» varsla regjeringa at det i løpet av våren skulle setjast ned eit slikt utval. Ekspertutvalet vart oppnemnt 13.06.17, og skal levere si innstilling seinast 01.02.18. Alt den 29.06.17 sende Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), på oppdrag frå utvalet, ei oppmoding til kvar einskild fylkeskommune om å sende inn kortfatta oversyn over aktuelle oppgåve- og ansvarsområde som kan overførast til dei «nye» fylkeskommunane frå 2020. Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane vedtok 23.08.17 (sak 76/17) følgjande innspel til ytterlegare nye fylkeskommunale oppgåver: Sett i lys av Stortinget sitt vedtak av 08.06.17 i høve regionreforma, det oppnemnde ekspertutvalet sitt mandat av 13.06.17, samt brev frå utvalet til fylkeskommunane av 29.06.17, ber Sogn og Fjordane fylkeskommune om at følgjande oppgåver vert vurdert overførte til dei nye regionane: 1. Regionale miljøvernoppgåver vert samla og lagt til fylkeskommunane. Det er gjennom nærleik og lokalt og regionalt engasjement vi best løyser regionale miljøutfordringar. Fylkeskommunane sitt ansvar innanfor kulturminnevernet er tett knytt til miljøvernområdet. Oppgåver som i dag ligg til ulike forvaltningsnivå bør samlast slik at småe regionale miljøvernfaglege miljø vert sett i samanheng. Ei regional politisk forankring av miljøvernoppgåvene vil også medverke til integrering og tilpassing av miljøvernet i høve regional utvikling, planlegging og arealforvaltning. 2. Regionale landbruks - og bygdeutviklingsoppgåver gjer krav på eit innbyggjargrunnlag og eit areal som gjer det mogleg å ivareta store nok fagmiljø. Framtidige fylkeskommunar bør overta desse oppgåvene samla, slik at ein kan samordne tilhøyrande oppgåveløysing med annan næringsretta innsats. Større regionar vil styrke kompetanse, kapasitet og funksjonalitet for den samla regionale landbruksforvaltninga. 3. Forvaltningsansvaret for naturressursar av regional karakter og med regionale konsekvensar, inkludert kraftkonsesjonar til småkraftverk og utnytting av mineralar, bør leggjast til regionalt folkevalt nivå. 4. Regionale barneverns -, ungdoms - og familievernsoppgåver (Bufetat), som i dag ligg til etaten sine fem regionar, krev eit monaleg folketalsgrunnlag for å sikre gode fagmiljø og ei rasjonell

Side 3 av 4 funksjonsfordeling. Ansvaret for denne andrelinetenesta bør samlast og leggjast til det regionale folkevalde nivået. Den nye kommunestrukturen legg ikkje opp til at kommunane kan overta det som i dag er andrelinetenesta innanfor Bufetat. 5. Regionale tilskots - og forvaltningsoppgåver innan kulturområdet, som Norsk Kulturråd og Kulturdepartementet i dag forvaltar, og som går til regionale arrangement og institusjonar, bør samlast og leggjast til regionalt folkevalt nivå. 6. Ekspertutvalet bør vurdere korleis samfunnet bør innrette eigarskap og styring av sjukehusa spesielt og spesialisthelsetenestene generelt. Utvalet bør særleg vurdere i kva grad tida er moden for å avvikle dei regionale helseføretaka, for å i større grad ansvarleggjere politisk side og skape ei lokal forankring gjennom å flytte makt og avgjerder attende til innbyggjarane. Ein bør òg vurdere i kva grad dagens organisering ivaretek desentralisering og maktforskyving til dei pasientnære nivåa. 7. Ekspertutvalet bør vurdere korleis vi innrettar eigarskap og styring av høgskulesektoren. Utvalet bør vurdere i kva grad større fylkeskommunar kan få overført totalansvaret for institusjonar som tilbyr utdanning på bachelornivå, t.d. utdanning av sjukepleiarar og andre profesjonar som det regionalt er særs stor interesse for i arbeidsmarknaden. Høgskulesektoren er ein viktig faktor i eit regionalt utviklingsperspektiv. Rolla som kontaktpunkt og lagspelar med regional høgskulesektor vil vere viktig for dei nye fylkeskommunane. Det bør difor vurderast ei tettare kopling og ev. overføring av styringsansvar for høgskulesektoren til dei framtidige fylkeskommunane. 8. Ekspertutvalet bør konkretisere aktuelle modellar for alt vedteken overføring av sams vegadministrasjon, og gjere økonomiske og administrative konsekvensar av endringa kjende før Stortinget si vidare handsaming av oppgåvefordelinga til dei «nye» fylkeskommunane. 9. Ekspertutvalet bør også konkretisere/avklare kva ei meir forpliktande strategisk regional samfunnsplanlegging faktisk inneber for samarbeidet mellom fylkeskommunane og regional stat. 10. Fylkesutvalet viser til oversending frå organisasjonen Samarbeidande kraftfylke, datert 10.08.17, og oppmodar Ekspertutvalet om å vurdere dette innspelet nærare. 11. Fylkesutvalet understrekar at behovet for ei betre samordning av statleg regional struktur med fylkeskommunane sine grenser ikkje er knytt direkte til gjennomføringa av fylkessamanslåingar. Fylkesutvalet meiner Ekspertutvalet må vurdere behovet for eit arbeid som gjev ei tydelegare samordning av grensene for staten sine regionale etatar og dei nye fylkeskommunane. Fellesaktivitetar etter Stortinget sitt samanslåingsvedtak Kommunal- og moderniseringsdepartementet har signalisert at dei vil kalle fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane inn til felles fylkestingsmøte fredag 27. oktober. Felles fylkestingsmøte skal gjennomførast i tråd med lovkrava i «Inndelingslova» sin 25: Ved samanslåing eller deling av fylke, som nemnt i 3 andre ledd bokstav b, kallar departementet saman fylkestinga. På slike fellesmøte skal følgjande saker handsamast: a) Namn på den nye kommunen eller det nye fylket. b) Talet på medlemer i det nye kommunestyret eller fylkestinget. c) Kriterium for samansetjing av, og funksjonar til, fellesnemnda etter 26 i denne lova d) Val av revisor for verksemda i fellesnemnda. e) Oppretting av eventuelle andre fellesorgan for å sikre gjennomføringa av samanslåinga.

Side 4 av 4 Ved samanslåing av fylkeskommunar skal det opprettast ei fellesnemnd til å samordne og ta seg av førebuinga av samanslåinga. Fellesnemnda blir vald av og blant medlemane i fylkestinga, og den vedtekne intensjonsplanen av 17.01.17 stadfestar at dei to fylkesutvala skal utgjere fellesnemnda for samanslåingsprosessen mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. Fylkeskommunane kan også opprette eit felles partssamansett utval etter kommunelova 25 for behandling av saker som gjeld forholdet mellom den nye eininga som arbeidsgjevar og dei tilsette. Fellesnemnda skal ta hand om det førebuande arbeidet med økonomiplanen og med budsjettet for det første driftsåret etter at samanslåinga er sett i verk. Etter felles fylkestingsmøte 27. oktober vert neste steg å samle fellesnemnda til eit konstituerande møte for å planleggje det vidare praktiske organisasjonsarbeidet fram mot 2020.

Side 1 av 5 Saksframlegg Saksbehandlar: Arvid Stenehjem, Fylkesrådmannen Sak nr.: 17 / 2053-3 Fråværsstatistikk 2. kvartal 2017 til handsaming i hovudsamarbeidsutvalet Fylkesrådmannen rår hovudsam a rbeidsutvalet til å gjere slikt vedtak: Hovudsamarbeidsutvalet tek statistikken over sjukefråværet til orientering og ber einingane følgje opp dei sjukmelde og arbeide for å identifisere årsaker og finne mottiltak til fråvær som kan vere arbeidsmiljørelaterte. Vedlegg: Hovudtabell 2. kvartal 201 7 Andre dokument som ikkje ligg ved: Statistikkgrunnlag og andre hjelpetabellar og rekneark. SAKSFRAM STILLIN G 1. Samandrag Fråværsstatistikken skal tene som grunnlag for å avdekkje mogelege problem i arbeidsmiljøet. Den kan også bidra til å identifisera arbeidstakarar som treng spesiell oppfølging frå eininga eventuelt med bistand frå andre støttespelarar som til dømes vår lev erandør av bedriftshelsetenester Stamina Helse AS eller frå Frm - personal. Framlegging av sjukefråværstal og statstikk har heimel i arbeidsmiljølova 5-1 og i folk e trygdlova 25-2. Dei samla registrerte fråværstala syner noko lågare fråværstal samanlikna med første kvartal i 2016. For eitt år sidan registrerte vi ved første kvartal eit samla fråvær på høvesvi s 5,4 %. Til samanlikning ligg vi noko under (5,0 %) og med det er stabiliseringsmålet på gjennomsnittleg 5 % er oppfylt ved dette kvartalet. To einingar/lamu - områder rapporterte fråvær på gjennomsnittleg seks prosent og over no ved første kvartal. Dess e einingane vert som tidlegare beden om å utarbeida ei særskild analyse og å tilbakemelde dette til rådmann jf. sak 09/63-1. Hensikta er at eininga skal kommentere fråværet sitt og leite etter mogleg samanheng med forhold i arbeidsmiljøet og kva eventuel le tiltak eininga ser for seg kan setjast inn for å motverke slike fråvær. Når LAMU drøftar fråværstala i sine møter vil utvikling av fråværet, storleik på fråværet og skilnader mellom kjønna vere tema. Kvifor er det skilnad i fråværet mellom kvinner og menn i einingar med tilnærma lik samansetjing mellom kjønna? Kan det vere i rett tid å undersøke samanhengane mellom arbeidsmiljøet og sjukefråværet? «Normalavvik» syner forskjellar på 1 til 2 prosentpoeng. LAMU tek desse forholda opp i sine kvartalsvise m øter der fråværet på individnivå vert handsama. 1. Kommentar til samla registrering andre kvartal 2017

Side 2 av 5 Statistikken frå Sogn og Fjordane fylkeskommune omfattar ansvarsområda opplæring, tannhelsetenesta og sentraladministrasjonen kvar for seg. Sentraladministrasjonen inkluderer tilsette på fylkeshusert i Leikanger og sentraladministrasjonen sin del av næring - og kulturavdelinga inkludert andre avdelingar sine satellittkontor lokalisert til Storehagen Amfi i Førde. Frå og med registreringane i 1. kvartal 2017 blir den tidlegare gruppa «Andre» inkludert i sentraladministrasjonen. Desse nye er fylkesbiblioteket, fylkesarkivet inkludert kommunearkivordninga samt sekretariatet for kontrollutvalet. Tabell 1. Samla fråværsstatistikk frå 2. kvartal 201 7 Tabell 1 over viser det samla sjukefråværet for heile Sogn og Fjordane fy lkeskommune (alle einingane) i 2. kvartal 2017. Vi registrerte eit samla fråvær på 4,3 % ved dette kvartalet. Til samanlikning registrerte vi no noko lågare tal enn ved andre kvartal i 2016 som hadde 4,5 %. Sjå kommentarar knytt til sektorane under. 2. Kommentar til tenesteområda Tannhelsetenesta Den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane er organisert som ein institusjon med direktør for tannhelsetenesta som øvste leiar, deretter assisterande direktør, rådgjevar og førstekonsulentar i sentral stab. Tannklinikkane rapporterer til den sentrale staben. Klinikksjefen er lokal leiar med ansvar for dagleg drift og med avgrensa personalansvar ved tannklinikkane. Tabell 2 ) Andre kvartal 2017 frå tannhelsetenesta I andre kvartal i 2016 for eitt år sidan - registrerte tenesta eit samla snitt på 6, 2 %. Tala viser no 6,0 %. Når vi ser på klinikknivå viser dette at fire klinikkar/kontor som har null fråvær i perioden. Ni kl inikkar/kontor har fråvær 6 % eller høgare. Samla registrerar tenesta 6,0 % og det utløyser kravet til eigenanalyse/eigenrapport. Tannhelsetenesta er kjenneteikna av mange små eininga og vil med det få store prosentvise utslag om ein tilsett er ute i langt idsfråvær. Sentraladministrasjonen i i Tilsette som høyrer til ytre kultursektor har vore plassert under gruppa Andre. Ny organisering to k til å gjelde frå 1. januar 2017. Det vil bety at «Andre» vil inngå i sentraladm.

Side 3 av 5 Sentraladministrasjonen har hovudsete på Leikanger fylkeshuset samt i Storehagen Amfi i Førde der kulturdelen av næring - og kulturavdelinga har hushald. I tillegg husar ein i Førde fleire kontorplassar for medarbeidarar frå fleire avdelingar i sentraladm inistrasjonen. Eininga er rimeleg sektordelt men dei fleste har til felles at kontorarbeid kjenneteikna arbeidsmiljøet. Tekniske tenester, reinhald og deler av arbeidsoppgåvene til kultur (geologar) og arkivtenester har andre arbeidsmiljø enn typiske kon torarbeidsplassen. Det er variasjonar mellom sektorane/avdelingane både i storleik og sjukefråværstal. Små einingar med få tilsette vil få høge fråværstal rekna i prosent om ein eller få vert lenge borte frå arbeidet. Samla sett registrerar sentraladmini strasjonen låge fråværstal. Gjennomsnittet er 4,0 % der kvinner står for 5,7 % og menn 2,8 %. Men også innanfor denne eininga sprik det noko mellom avdelingane. I dette kvartalet er det bibliotekføremål med sine 9 tilsette som «toppar» statistikken med 12 %. I denne avdelinga er det 9 tilsette og eitt lengre sjukefråvær dreg opp gjennomsnittstala her. Samla gjennomsnittleg fråværstal for sentraladministrasjonen ligg framleis 1,0 prosentpoeng under resultatsmålet for verksemda samla. Tabell 3 ) Andre kvarta l 2017 frå sentraladministrasjonen Tenesteområde vidaregåande opplæring Som vanleg registrerar nokre einingar særs låge fråværstal medan andre viser høgare tal. Gjennomgåande viser dei vidaregåande skulane moderate fråværstal dette kvartalet også. Der er likevel registrert tre einingar med fråvær over stabiliseringsmålet på 5 %. Gjennomsnittleg registrering for tenesteområdet er 4,4 % der kvinner er ute med 5, 1 % av sin tilgjengelege arbeidsressurs og menn tilsvarande med 3,5 %. Tabell 4) Statistikk frå opplæringssektoren andre kvartal 201 7 Kommentar Vi registrerar stabile, høvesvis moderate fråværstal ved tenesteeiningane. To einingar registrerar fråvær på eller over rapporteringsgrensa ii på 6 % dette kvartalet. Desse er Flora og Måløy som registrerar høvesvis 6,9 % og 10,8 %. Måløy registrerer 12 personar med gjennomsnittlege fråvær i perioden på over 20 % derimellom tre medarbeidarar med 100% fråvær. Dette bidreg sterkt til det høge talet for skulene samla. LAMU handsamar statistikken og vil rapportere særskild om forholda. Flora har ein noko anna profil. 12 tilsette er ute i perioden med over 20 % fråvær. Vi venter eigen rapport også frå denne eininga. ii Dei einingane med fråvær lik og større enn 6 % rapportere særskild til fylkesrådmann med analyse av fråværet.

Side 4 av 5 G rafikk 1. Gjennomsnittleg fråvær begge kjønn ved tenesteområdet dei vidaregåande skulane (inkludert Fagskulen i Sogn og Fjordane og landslineskulen i Aurland) Tabellen under viser kvar eining sine registreringar fordelt mellom høvesvis kvinner, menn og gjennomsnittet for begge kjønna. Tabell 5 ) Andre kvartal 2017 frå tenesteområdet dei vidaregåande skulane

Side 5 av 5 3. Utvikling over tid Dei grafiske framstillingane under viser det registrerte fråværet frå første kvartal 2013 til og med 2. kvartal i 2017. Fråværet ligg framleis på eit høvesvis lågt gjennomsnitt og viser stabilitet andsynes dei kjende årstidsvariasjonane. Grafikk 2) Fråværsutvikling kvinner og menn - alle einingane frå 1. kvartal 2013 til og med 2. kvartal 2017 Fylkeskomm unen sitt overordna mål er å stabilisere sjukefråværet på 5 %. Men dette betyr ikkje at einingane skal ha same målet. Einingane kan ut i frå eigne føresetnader gjere vedtak om eit endå meir ambisiøst mål. Alle LAMU/einingar er ferdig med å opperasjonaliser e mål og tiltak under kvart av dei tre delmåla i IA - avtalen. Ein styrke er at verksenda sine hmt - mål i samband med systematiske hmt - arbeide (internkontroll) no er samordna med IA - måla. Ein har med dette oppnå dd å integrere IA i eininga sitt systematiske he lse -, miljø - og tryggleiksarbeid. 4. Konklusjon/tilråding Registreringane frå andre kvartalet vis er at vi er godt under stabiliserings - og IA - målet på fem prosent. Trenden over tid viser stabilitet på eit høvesvis lågt nivå. Fylkesrådman opprettheld kravet til at einingar med registret kvartalsfråvær på eller over seks prosent rapporter etter den gjevne malen iii. Fylkesrådman rår til at hovudsamarbeidsutvalet tek statistikken over sjukefråværet til orientering og ber einingane følgje opp dei sjukmelde o g arbeide for å identifisere årsaker og finne mottiltak til fråvær som kan vere arbeidsmiljørelaterte. iii For at vi får ei eins rapporteri ng og for at ein berre kommenterer mogeleg arbeidsmiljørelatert fråvær, ber om at tilbakerapporteringa følgjer denne malen: Vår analyser viser at X vidaregåande skule (sentraladministrasjonen/tannhelsetenesta) registrera X % gjennomsnitt, der kvinne r har X % og menn X %. Ved skulen arbeider det X personar. X personar hadde ikkje fråvær i perioden, det vil seie at X % av dei tilsette har 100 % nærvær. Mellom dei med særleg langt sjukefråvær (over 20 %) finn vi X personar. Dette utgjer X av arbeidsstokken. Skriv kommentar til mogeleg arbeidsmiljørelatert fråvær. Her skriv du ein kort kommentar til det fråværet du meiner har eller kan ha samanheng med forhold i arbeidsmiljøet og kva tiltak ein ser for seg kan setjast inn for å motverke slike fråvær. Gjerne o gså kva som er utført i høve det aktuelle tilfelle. Vi vil også ha ein vurdering om fråværet ikkje kan relaterast til arbeidsmiljøet. Vi ønskjer tilbakemeldinganonymt ingen skildring av diagnosar og namn på tilsette.

Kvinner Menn Kvinner Menn Kvinner Menn Hovudtabell 2. kvartal 2017 2. kvartal 2017 Det legemeldte sjukefråværet fordelt på lengdekategoriar Mogelege Eigenmeldte Sjukmeldte Fråvær Fråvær Fråvær Fråvær Totalt dagsverk fråvær 1-3 dagar 1-3 4-16 17-56 >56 fråvær Fråværs Br. Org. netto dagsverk tal tilfelle dagsverk dagsverk dagsverk dagsverk dagsverk prosent Fråvær 1 til 3 dagar Fråvær 4 til 16 dagar Fråvær 17 til 56 dagar Fråvær > 56 dagar SUM tot legemeldt fråvær Kvinner Sentraladm. 5877,8 48,8 185,5 44,8 47,7 118,3 23,5 234,3 4,0 0,8 0,8 2,0 0,4 4,0 Menn Sentraladm. 7457,5 50,8 159,1 33,8 72,8 51 52,3 209,9 2,8 0,5 1,0 0,7 0,7 2,8 Sum Totalt Sentraladm. 13335,3 99,6 344,6 78,6 120,5 169,3 75,8 444,2 3,3 0,6 0,9 1,3 0,6 3,3 Kvinner Opplæring 25042,3 127,5 1138,5 134,2 224,1 765,3 142,3 1266 5,1 0,5 0,9 3,1 0,6 5,1 Menn Opplæring 20328,1 77,8 642,2 64,8 159,7 424,4 71,1 719,9 3,5 0,3 0,8 2,1 0,3 3,5 Sum Totalt Opplæring 45370,4 205,3 1780,7 199 383,8 1189,7 213,4 1985,9 4,4 0,4 0,8 2,6 0,5 4,4 Kvinner Tannhelse 4714,8 54,7 249,1 46,5 135,3 122 0 303,8 6,4 1,0 2,9 2,6 0,0 6,4 Menn Tannhelse 591,4 7 5 7 5 0 0 12 2,0 1,2 0,8 0,0 0,0 2,0 Sum Totalt Tannhelse 5306,2 61,7 254,1 53,5 140,3 122 0 315,8 6,0 1,0 2,6 2,3 0,0 6,0 Sum totalt kvinner 35634,9 231 1573,1 228,4 477,7 910,8 165,8 1804,1 5,1 0,6 1,3 2,6 0,5 5,0 Sum totalt menn 28377 135,6 806,3 144,6 215,7 476,7 94,6 941,8 3,3 0,5 0,8 1,7 0,3 3,3 SUM 64011,9 366,6 2379,4 331,1 644,6 1481 289,2 2745,9 4,3 0,5 1,0 2,3 0,5 4,3 Tannhelse 2,029083531 Legemeldt sjukefråvær delt i lengdekategoriar Blå line = kvinner Raud line = menn) 3,0 Tannhelse 6,443539493 2,5 Opplæring 3,541403279 2,0 Opplæring 5,055446185 1,5 1,0 Sentraladm. 2,814616158 0,5 Sentraladm. 3,986185307 0,0 Fråvær 1 til 3 dagar Fråvær 4 til 16 dagar Fråvær 17 til 56 dagar Fråvær > 56 dagar 0 1 2 3 4 5 6 7 Frm-personal A. Stenehjem