NAMN Side / av Vedlegg Reglement - rett til auke i stilling eller rett til fast tilsetjing etter 1-5 Deltid - HTA 2.3.1 Rett til fast tilsetting AML- 14-9 Rett til stilling for deltidstilsette faktisk arbeidtid AML 14-4 Utarbeida av Utgåve / dato Ellen Jensen #1. Tenesteområde: Personal 30.05.2017 1. Førerett til utvida stilling for fast tilsette i deltidsstilling Arbeidsmiljølova og Hovedtariffavtalen 2.3.1 stiller krav om at arbeidstakarar som er fast tilsett men som ikkje har 100 % stilling (deltidstilsette) har førerett til utvida stilling framfor at arbeidsgjevar føretek ny tilsetjing. Føreretten er betinga av at: o arbeidstakaren er kvalifisert for stillinga (både formelle kvalifikasjonar og personlege eigenskapar), o utøvinga av føreretten ikkje inneber vesentlege ulemper for verksemda. o stillinga har om lag dei same oppgåvene som den deltidstilsette allereie utfører. Det betyr at tilsetjingsmynden først skal vurdere om det er fast deltidstilsette i Jølster kommune som ønskjer å auke stillinga si før ein vurderer eksterne søkjarar 1.1 Definisjon av ufrivillig deltid Definisjon Ufrivillig deltid omfattar arbeidstakarar som er i fast arbeid og som ønskjer meir avtalt arbeid i kommunen, men som av ulike årsaker ikkje har det. Føreretten omfatter såleis ikkje faste tilsette som er tilsett i 100 % stilling eller mellombels tilsette. Arbeidstakarar som meiner dei har ufrivillig deltid må vere villig til å søke arbeid på einingar der det vert lyst ut stillingar og kompetansen deira vert etterspurt. Dei kan ikkje automatisk forvente å få større stilling på den eininga dei pr. i dag arbeider. 1.2 Handtering av førerett for tilsette i deltidsstilling Det er oppretta ei oversikt; Status ufrivillig deltid med registrering av tilsette med ufrivillig deltid. Her vil ein fortløpande leggje inn nye tilsette som ønskjer å auke opp stillinga si og andre endringar.
Oversikta baserer seg på at den tilsette registrerer seg ved hjelp av skjemaet: Registrering av ufrivillig deltid. Tenestesleiar må i samband med utlysing og tilsetjing bruke lista for å skaffe seg informasjon om evt potensielle søkjarar. Om ein ser at det er aktuelle ufrivillige deltidstilsette på lista som kan vere aktuelt å tilsette utan utlysing (m.a i små stillingsprosentar), kan ein fråvike utlysing i samråd med dei tillitsvalde og kommunalsjef. Om det er fleire deltidstilsette som krev å utvida stillinga si ved å hevde retten sin på same stilling, så skal ein leggje vanlege kvalifikasjonsprinsipp for val mellom desse. Føreretten for deltidstilsette gjeld berre stillingar som har om lag dei same arbeidsoppgåvene som den deltidstilsette allereie utfører. I samsvar med Høgsterettsdom (HR-2016-867-A) kan ikkje deltidstilsette krevje førerett i deler av ei ledig stilling. Føreretten gjeld heile stillinga. Det er imidlertid ikkje noko hinder i at stillinga kan delast om arbeidsgjevar ser at dette er mogleg. Men det er innafor arbeidsgjevar sin styringsrett å vedta. Som hovudreglen delast ikkej stillingar opp i Jølster kommune. Det som er avgjerande for om det er mogleg å auke stillinga til den deltidstilsette, er om dette fører til vesentleg ulempe for drifta av eininga. Relevante kriteria kan/vil vere: Auka kostnader i form av vakansar/fleire vakansar etter bemanningsplanen som det ikkje er mogleg å rekruttere i Behov for tal personar i turnus Vesentleg ulempe for andre tilsette Brot på reglane for arbeidstid Ikkje mogleg å organisere drifta innafor AML sine lovar. Her må det derfor skje ei konkret vurdering i samråd med dei tillitsvalde og kommunalsjef. Slike tilhøve må arbeidsgjevar dokumentere ved ei evt tvistesak 2. Krav om fast tilsetjing - 3 og 4 års regelen Dersom ein arbeidstakar har vore mellombels tilsett i kommunen samanhengande i meir enn 3 år (sjå merknad 1 under), har vedkomande i samsvar med AML 14-9 pkt 6 krav på fast tilsetjing. Fråver i form av sjukdom, permisjonar og militærteneste kor tilsetjingstilhøvet består, avbryt ikkje tilsetjingstilhøvet. Det same gjeld ved kortvarige avbrot utan at det er mogleg å seie noko kor langt eit slikt avbrot må vere før ein byrjar ny teljing. Det vil vere ei totalvurdering av tilsetjingstilhøvet og årsaka til avbrotet om kravet til samanhengande er oppfylt eller ikkje.
Merknad 1 Frå 1.7.2015 er det gjort endringar i AML (14-9) slik: Mellombels tilsette får fast tilsetjing etter meir enn 3 og 4 år slik: o Bokstav a: Arbeidets er av mellombels karakter: 4 år. o Bokstav b: Arbeide for ein annan (vikar): 3 år. o Bokstav f: Mellombels tilsetjing på generelt grunnlag i 12 md: 3 år o Ved kombinasjon av bokstav a, b og f: 3 år. Når det gjeld verknadstidspunkt/overgangsregelen til 3 år så har departementet presisert (sjå under) at mellombels tilsette (vikarar) som har vore tilsett i mellombelse stillingar samanhengane sidan 1.7.2012, og som får ei ny tilsetjing vidare etter 1.7.2015, har krav på fast tilsetjing etter den nye 3 års regelen. Departementet si presisering: «Etter ikrafttredelsen vil loven etter departementets syn gjelde fullt ut etter ordlyden ved inngåelse av nye kontrakter. Har arbeidstaker f.eks. tidligere vært ansatt sammenhengende midlertidig i mer enn tre år når vedkommende tilbys en ny avtale om vikariat etter at lovendringen har trådt i kraft, vil arbeidstaker umiddelbart ha krav på fast ansettelse etter den nye regelen. Dette innebærer at tidligere midlertidige arbeidsforhold som omfattes av regelen må regnes med da dette er lovens systematikk, selv om disse er gjennomført før ikrafttredelse. På tidspunktet for inngåelse av f.eks. en ny avtale om vikariat etter ikrafttredelse, vil arbeidsgiver vite om de nye reglene, og dermed konsekvensen av å ansette den aktuelle arbeidstakeren i vikariatet. Dette i motsetning til avtaler som er inngått før og løper videre på ikrafttredelsestidspunktet. Stillingsprosent Tilsette som har vore mellombels tilsett samanhengande i 3 eller 4 år får sin faste stillingsprosent fastsett på bakgrunn av den gjennomsnittlege stilingsprosenten vedkomande har hatt i denne 3 (4) -års perioden. Her gjeld det som arbeidstakaren totalt har arbeidd dvs kva han har i sin arbeidsavtale og kor mykje han i tillegg har utført som meirarbeid (timelister). Ved overtallige Det er vikaren som må omplasserast til andre ledige stillingar i kommunen om det skjer ein overtalligheit i eininga grunna 3 (4) -års regelen. 2.1 Handtering av førerett for tilsette etter 3 og 4 årsregelen Det er oppretta ei oversikt; Rett til fast tilsetting for registrering av tilsette med førerett til fast tilsetting etter 3 og 4 årsreglen. Her vil ein fortløpande leggje inn nye tilsette med førerett til fast tilsetting etter 3 og 4 års regelen. Oversikta baserer seg på at den tilsette registrerer seg ved hjelp av skjemaet: Registrering førerett til fast tilsetting etter 3 og 4 års regelen.
Tenestesleiar må i samband med utlysing og tilsetjing bruke lista for å skaffe seg informasjon om tilsette med førerett. Om ein ser at det er tilsette med førerett på lista som kan vere aktuelt å tilsette utan utlysing, i samråd med dei tillitsvalde og kommunalsjef. Om det er fleire tilsette som førerett på same stilling, så skal ein leggje vanlege kvalifikasjonsprinsipp for val mellom desse. 3. Rett til stilling for deltidstilsette tilsvarande faktisk arbeidstid siste 12 månader Ny AML 14-4 a frå 1.1.2014, og krav kan fremmast først frå 1.1.2015. Deltidstilsette som dei siste 12 månadane jamleg har arbeidet utover avtalt arbeidstid, har rett til stilling tilsvarande faktisk arbeidstid i denne perioden, med mindre arbeidsgjevar kan dokumentere at behovet for meirarbeidet ikkje lenger ligg føre. Tolvmånadersperioden skal bereknast med utgangspunkt i det tidspunkt arbeidstakar fremma sitt krav. Merk: Ordninga omfattar fast deltidstilsette som utover si faste deltidsstilling jamleg arbeider ekstra i form av meirarbeid og ekstravakter m.v. Om fast deltidtilsette får ei vikariatstilling, så er ikkje det omfatta av ordninga då ein då taler om at vedkomande har ein mellombels kontrakt med fast avtala arbeidstid. Med jamleg legg ein til grunn eit viss omfang og ha ein viss hyppigheit. Det skal såleis vere eit nokolunde stabilt bruk av meirarbeid og ikkje berre sporadisk. Eks: Ein deltidstilsatt har avtale om å arbeide 4 dagar i veka, men har i tillegg arbeidd fast ein ekstra dag i veka. På ei anna side er det ikkje avgjerande om meirarbeidet er spredt utover dei 12 månadane, men om det framstår som ein etablert praksis i perioden. Referanseperioden på 12 månader skal reknast attende i tid frå det tidspunktet den deltidstilsette fremma sitt krav. Avbrot pga svangerskapspermisjon, er å sjå som eit avbrot, men omfanget må vurderast (uttale/vurdering av KS). Retten til auka/full stilling gjeld i same omfang, dei same einingar og dei same vakter kor arbeidstakaren utførte meirarbeidet. Auka stillingsstorleik baserer seg på gjennomsnittet i 12 månadersperioden. Arbeidstakar må sjølve fremme skriftleg krav til sin leiar om auke i stillingsprosent tilsvarande faktisk arbeidstid. Ordninga ikkje skal gjelde om arbeidsgjevar kan dokumentere at behovet for meirarbeid ikkje lenger er tilstade. Eksempel på dette er kor ein må nytte meirarbeid pga av andre tilsette har redusert arbeidstid etter AML 10-2. Vert partane ikkje samde, så kan tvisten bringast fram for Tvisteløysingsnemnda.
3.1 Handtering av rett til stilling for deltidstilsette tilsvarande faktisk arbeidstid siste 12 månader Det er oppretta ei oversikt; Rett til stilling for registrering av tilsette med rett til stilling for deltidstilsette tilsvarande faktisk arbeidstid siste 12 månader Her vil ein fortløpande leggje inn nye tilsette med rett til stilling for deltidstilsette tilsvarande faktisk arbeidstid siste 12 månader Oversikta baserer seg på at den tilsette registrerer seg ved hjelp av skjemaet: Registrering rett til stilling for deltidstilsette tilsvarande faktisk arbeidstid siste 12 månader Tenestesleiar må i samband med utlysing og tilsetjing bruke lista for å skaffe seg informasjon om deltidstilsette med rett tilsvarande faktisk arbeidstid siste 12 månader. Om ein ser at det er tilsette med rett på lista som kan vere aktuelt å tilsette utan utlysing, i samråd med dei tillitsvalde og kommunalsjef. Om det er fleire tilsette som førerett på same stilling, så skal ein leggje vanlege kvalifikasjonsprinsipp for val mellom desse.