Handlingsplan mot mobbing Lindås barneskule Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a Retningslinjer og rutineskildring August 2017 1
INNHALD Føreord av rektor... 3 Felles overordna mål... 4 Definisjon av mobbing... 5 Ulike former for mobbing... 5 AVDEKKING AV MOBBING OG ARBEID MOT MOBBING... 6 1. Kjenneteikn på at ein elev vert plaga/mobba kan vera:... 6 2. Førebyggjande tiltak:... 6 3. Avdekking... 7 4. Tiltak når mobbing vert oppdaga:... 8 5. Nokre moglege konsekvensar for ein elev/elevar som har brote regelen om ikkje å mobba andre... 9 Førebyggjande arbeid... 10 Jamlege tiltak... 10 Skjer det episodar, skal dette gjerast... 11 Rutineskildring... 11 2
FØREORD AV REKTOR Mobbing skal ikkje skje, verken i skuletida eller på fritida. Barn og unge har rett til å kjenne seg trygge, og bli verdsette av andre, både i og utanfor skulen. Å motverke mobbing er ein viktig del av det psykosoiale og sosialpedagogiske arbeidet vi driv med i skulen. Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle eit godt oppvekst- og læringsmiljø, og å skape trygge rammer der barn trivst. Likevel hender det at barn blir mobba iblant skjer det på ein fordekt måte som vanskeleggjer arbeidet med å setje inn tiltak. Ved å ha ein tydeleg og gjennomarbeidd handlingsplan mot mobbing, ønskjer vi å vere ein skule der mobbing ikkje skal få lov å skje. Planen er eit sterkt signal til elevane våre den seier klart frå om kva slags skule vi vil ha! Gjennom tydelege strategiar og handlingar, der ein viser at mobbing er uakseptabelt, trur vi planen kan setje ein norm og skape haldningar som vil motverke mobbing. I Lindås barneskule sin handlingsplan mot mobbing, er både rektor, inspektør, lærarar, pedagogiske medarbeidarar, andre tilsette, elevar og foreldre aktive og samarbeidande partar. Med ein slik samla innsats i antimobbe-arbeidet, er håpet vårt å kunne skape ein enda betre skulekvardag for små og store! Cato Risøy 3
FELLES OVERORDNA MÅL På Lindås barneskule skal vi ha trivsel og læring. Alle elevar skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø, fritt for mobbing. Lindås barneskule skal: ha nulltoleranse mot mobbing. arbeide målretta for å førebyggja krenkande åtferd ovanfor einskildelevar eller grupper. ansvarleggjere alle tilsette i forhold til lovverk og planar for eit trygt og godt skulemiljø. ha førebyggjande tiltak på alle nivå i skulen ha ein tydeleg struktur og ansvar for handtering av konfliktar og mobbing. Grunnlaget for skulen sin handlingsplan mot mobbing er blant anna: Opplæringsloven 9a med rettleiingar. Forskrift for miljørettet helsevern i barnehager og skoler med rettleiingar. Retningslinjer for skulemiljø kapittel 9a frå Lindås kommune Skulen sin verksemdsplan 4
DEFINISJON AV MOBBING Mobbing er negativ eller «vondsinna» åtferd gong på gong frå ein eller fleire, retta mot ein elev som har vanskeleg for å forsvare seg. Erting gong på gong på ein ubehageleg og sårande måte er også mobbing. Det vil seia at det er tre hovedkriterier: 1. Negativ eller vondsinna åtferd 2. Gjentaking over tid 3. Ubalanse i faktisk eller opplevd styrkeforhold Mobbing kan mellom anna arta seg som baksnakking, utestenging, slå, skubbe, sparke, lugge, gjere narr av, ignorere, kalling, seie dumme sårande ting, sende ut falske rykte, sende ubehagelege lappar eller digitale meldingar, få andre til å misslike nokon Avklaring: Det er ikkje mobbing når nokon ertar på ein venskapeleg måte, eller når to omtrent like sterke barn sloss eller kranglar. Åtferda må finna stad 2 eller 3 gonger i månaden eller oftare for å definerast som mobbing. Dette er i tråd med internasjonal forsking. ULIKE FORMER FOR MOBBING Verbal mobbing Mobbing ved bruk av kallenamn, seia stygge ting, å erta, baksnakka, fleipa eller å komma med ekle kommentarar. Fysisk mobbing Med ein gong den som vert mobba vert tatt på, pirka på eller vert slått eller sparka, vert det kalla fysisk mobbing. Psykisk mobbing Her skjer mobbinga ved at offeret vert truga eller tvunge til å gjera noko. 5
Utestenging Det å halda nokon utanfor eller frysa ut nokon er også mobbing, om det skjer over tid. Dette vert også kalla sosial mobbing. Digital mobbing Denne type mobbing kan inkludera dei andre formene, og handlar primært om at mobbinga skjer ved hjelp av nye verkty barna har tilgang til, som internett og mobiltelefon. Mobbarane kan bruka sms, mms, mobilkamera, e-post, bloggar, heimesider og sosiale medium som sine midlar. Ein ser ofte ikkje kven som mobbar. Det er viktig å understreka at opplevinga av mobbing er subjektiv. Definisjonsretten ligg hjå den som føler seg utsett for mobbing. Ved alvorlig mobbing, vil fleire av mobbeformene nemnt over, opptre samtidig. AVDEKKING AV MOBBING OG ARBEID MOT MOBBING 1. KJENNETEIKN PÅ AT EIN ELEV VERT PLAGA/MOBBA KAN VERA: Meldingar frå medelevar om at eleven blir plaga. Hovudverk før/etter skulen. Sjuk utan å vera sjuk. Vondt i magen. Vil helst ikkje ut i friminutta. Held seg for seg sjølv i friminutta, går ofte ut åleine. Konsentrasjonsvanskar. Skuleprestasjonane vert dårlegare. Kjem heim med øydelagde klede og bøker. Held seg nær dei vaksne. Er mykje saman med yngre elevar. Svakt sjølvbilete. 2. FØREBYGGJANDE TILTAK: På skulenivå: Trivselstiltak. Gode aktivitetstilbod i friminutta. God inspeksjonsordning i friminutta. Tydelege, konsekvente og samkøyrde vaksne: Vaktene brukar vest. Dei har ansvar for eit definert område. Dei vaksne møter presist til utevakt. 6
Vaktene skal gripa inn i situasjonar som kan utarta seg. Dei skal også «slå ned» på ufin munnbruk. Vaktene noterar episodar på eigen meldelapp/skjema som kontaktlærar skal få. Viktig at lærar/pedagogiske medarbeidarar møter presis til timen for å sikra gode overgangar. Årshjul verksemdsplanen. Handlingsplan mot mobbing vert drøfta av alle rådsorgan og i personalet kvart år. Ordensreglar. Skulemiljø og mobbing vert teke opp som tema på foreldremøte kvar haust. På klassenivå: Felles opplevingar og trivselstiltak for klassen. Føresette involvert. Innføring av klassereglar mot mobbing, jamleg repetering. Klassemøte med mobbing som tema kvar månad. Sosiale mål på vekeplanen. Samtale om der og då situasjonar. Tydelege og interesserte vaksne. Eit godt læringsmiljø er viktig for at elevar skal trivast på skulen. Det er viktig at ein arbeider med det psykososiale miljøet heile tida. Skulen vil arbeide aktivt for gode relasjonar mellom elevar og mellom elev og lærar/andre vaksne i klasserommet. Gode relasjonar opnar opp for læring og meistring. Skulen ser kor viktig det er å ha stort fokus på førebygging. Bruk av digitale verktøy er blitt ein del av kvardagen til elevane. På fritida nyttar mange av elevane nettet som ein sosial møteplass. Her kan det lett oppstå mobbe-situasjonar. På Lindås barneskule arbeider vi aktivt for at elevane skal verta gode og ansvarlege nettbrukarar. 3. AVDEKKING På skulenivå: Bruka elevundersøkinga og andre spørjeundersøkingar om mobbing kvart år. Mobbing som tema i fellestid, på storteam og trinnteam kvart halvår. Direkte tilbakemeldingar til kontaktlærar i samband med inspeksjon (vaktmelding). Drøfta mobbing med elevråd og FAU kvart halvår. På klassenivå: Klassemøte med hovudfokus på trivsel og mobbing kvar månad. 7
Kontaktlærar innarbeider rutinar for at det skal vera lett å seia i frå om plaging/mobbing av medelevar. Trivsel på skulen og mobbing er tema i elevsamtalen og i utviklingssamtalen kvart halvår. 4. TILTAK NÅR MOBBING VERT OPPDAGA: Få stoppa handlinga 1. Undersøkja situasjonen. 2. Oppklaringsrunde for å få greie på kva som har hendt. 3. Snakka med involverte partar. Informasjon til kontaktlærar og skuleleiinga. Ved første gongs melding om mobbing gjer ein dette: Alvorleg samtale med den som mobbar Ansvar: kontaktlærar og skuleleiinga. Det viktige i samtalen med den som mobbar: 1. Signalisera at vi veit (dokumentasjon). 2. Melda frå om at mobbinga skal ta slutt. 3. Signalisera at den vidare utviklinga vil bli følgd opp. 4. Det vert negative konsekvensar om ikkje mobbinga straks tek slutt. 5. Heimen vert informert. Samtale med den som er utsett for mobbing Ansvar: Kontaktlærar og skuleleiinga. Det viktige i samtalen med den som er utsett for mobbing: 1. Informasjon til lærar om dei faktiske tilhøva i saka. 2. Gje den mobba eleven støtte og forsikring om at mobbinga skal ta slutt. 3. Informera eleven om tiltak. 4. Gjera avtale med eleven om at han/ho må fortelja til kontaktlærar om det blir gjort nye forsøk på mobbing. 5. Heimen vert informert. Ved andre gongs eller seinare melding om mobbing gjer ein dette: Samtale med foreldra til den som mobbar Ansvar: kontaktlærar og skuleleiinga. Det viktige i samtalen med foreldra til den som mobbar: 1. Informasjon om dei faktiske tilhøva i saka. 8
2. Utarbeida avtalar/konsekvensar om ikkje mobbinga straks tek slutt. 3. Avtala oppfølgingsmøte. Samtale med foreldra til den som blir utsett for mobbing Støtte til mobbeofferet Ansvar: kontaktlærar og skuleleiinga. Det viktige i denne samtalen med foreldra til den som blir utsett for mobbing: 1. Informasjon til foreldra om dei faktiske tilhøva i saka. 2. Gje foreldra til eleven som vert mobba støtte og forsikring om at mobbinga skal ta slutt. 3. Informera om tiltak. 4. Avtala oppfølgingsmøte. Må få forsikring om at skulen skal syta for at mobbinga tek slutt. Må få støtte av/samtale med lærar som eleven har tillit til. Må få ekstra omsorg og positiv merksemd for å byggja opp positiv sjølvkjensle. Må få hjelp til å unngå mobbar den første tida. Det er viktig at skulen kan avdekka og finne tiltak mot mobbing på lågast mogleg nivå. Dette har med relasjon til elevane å gjere. 5. NOKRE MOGLEGE KONSEKVENSAR FOR EIN ELEV/ELEVAR SOM HAR BROTE REGELEN OM IKKJE Å MOBBA ANDRE. Å be den som er blitt mobba om orsaking. Av eiga lommebok erstatta klede og anna utstyr som er blitt øydelagt. Verbal irettesetjing med klar spesifisering av kva som ikkje er akseptabelt. At den vaksne har ein alvorleg samtale med eleven om det som har hendt og kva som blir forventa framover. Å la eleven ha time-out. Å la eleven halda seg i nærleiken av ein vaksen som har inspeksjon, i eit visst tal friminutt. Å ta kontakt med foreldra til eleven. Å senda eleven til alvorleg samtale med rektor eller inspektør. Å la eleven miste eit eller anna privilegium eller attraktiv aktivitet. Ha tett oppfølging av eleven over ein periode. Utvising frå skulen for resten av skuledagen. 9
Andre samarbeidspartnarar vert trekt inn ved behov. PPT er ein instans som skulen arbeider tett med heile tida. Andre samarbeidspartnarar kan vere skulehelsetenesta, tverrfaglege utval, politiet og barnevernet. FØREBYGGJANDE ARBEID - for eit systematisk arbeid med eit godt skulemiljø. 9a-3. Systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane Skolen skal arbeide kontinuerleg og systematisk for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av kapitlet blir oppfylte. har ansvaret for at dette blir gjort. JAMLEGE TILTAK o Klassemøte kvar månad der klassemiljø, skulemiljø og mobbing er tema o Elevrådsmøte kvar månad o Zippykurs på 1. trinn. o Fadderorning for elevar på 1. og 6. trinn. o Felles sosiale mål for skulen. Nytt mål kvar månad. o Fellesarrangement på trinn, stortrinn og for heile skulen. Eige årshjul kvart skuleår. Alle tilsette skal arbeide for eit godt skulemiljø heile året. Tema blir jamleg tatt i ulike møtefora: o Fellesmøte pedagogisk personale, kvar veke. Leiinga deltek o Trinnmøte kvar veke. o Storgrupper (1.-4. og 5.-7.trinn) I snitt annan kvar veke. o Personalmøte SFO kvar veke. SFO-leiar deltek fast. Leiinga kan delta. I tillegg arrangerer skulen fleire arrangement på trinn-, stortrinn- og skulenivå. Fellesarrangementa er ein viktig del av det førebyggjande arbeidet ved skulen. Årshjul for fellesarrangement, sjå verksemdsplanvedlegg 10
SKJER DET EPISODAR, SKAL DETTE GJERAST 1. Ved mindre episodar: Den som ser eller får greie på at noko har skjedd, prøver å få klarlagt situasjonen. Evt.samtale med dei som er innblanda. Meld straks frå til kontaktlærar(ar) dersom du vurderer situasjonen så pass alvorleg. Kontaktlærar informerer heimen, og følgjer opp elevane vidare. Kontaktlærar registrerer slike saker i eigen log. 2. Ved alvorlege episodar / munnleg eller skriftleg klage: Gjennomfør tiltaka under punkt 1. Heimen skal ha melding den dagen det skjer! Informer administrasjonen. Lag ein enkel skriftleg rapport om det som er skjedd/kva som er gjort for å ordna opp, og for å hindra at slike episodar skjer igjen (seinast neste dag) Rapporten skal leverast på forkontoret/rektor for registrering og arkivering (sekretær) og vidare behandling (rektor). RUTINESKILDRING Rutine Eventuell tidfesting Ansvar Kapittel 9a i opplæringslova Gjennomgang av Kapittel 9a i opplæringslova og forebyggjande tiltak for alle tilsette. August- ved skulestart Ordensreglar Gjennomgang av ordensreglar samt Fotnotar til konsekvensopptrappinga i ordensreglane. August- ved skulestart 11
Handlingsplan mot mobbing Gjennomgang av Handlingsplan mot mobbing. August- ved skulestart Inspeksjonsplan Gjennomgang av inspeksjonsplanen. - handlingsplikta - rutinar ved fråvær August- ved skulestart Inspektør Gjennomgang med føresette: - rett til å kontakta fylkesmannen - ordensreglement - rutinar for arbeid med elevane sitt psyksosiale miljø i klassen Foreldremøte i september (Alle føresette skal ha informasjon, også dei som ikkje deltar på foreldremøte) Kontaktlærar Oppfølging Kontinuerlig arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og antimobbearbeid A) I plenum: - Førebyggjande tiltak og oppfølging av tiltak som vedkjem heile skulen Kvar månad 12
B) På storgrupper: - Førebyggjande tiltak og oppfølging av saker som vedkjem storgruppa. Kvar månad Storgruppeleiar C) På trinnteam med lærarar og pedagogiske medhjelparar - Førebyggjande tiltak og oppfølging av saker som vedkjem trinnet. Kvar månad Kontaktlærarar (Trinnteam-leiar) 13
D) I kvar klasse Laga tivselsreglar Førebyggjande tiltak for og oppfølging av - Ordensreglar - Trivselsreglar - Klassemøte August- ved skulestart Følgje opp kvar månad gjennom heile året Kontaktlærar saman med elevane E) På individnivå - Samtalar med elevane - Elevsamtalar og utviklingssamtalar med føresette Gjennom heile året Haust og vår Alle tilsette Kontaktlærar Kontinuerlig arbeid i samsvar med handlingsplikta ved krenkjande åtferd: - Friminutt er tema på kvar storgruppe. Gjennom heile året Alle tilsette Storgruppeleiar Internkontroll/Eksternkontroll Internkontroll Digital undersøking blant tilsette. - Handlingsplikta/handlingsplakaten - Klassemøte og felles sosiale mål - Ordensreglar og klassereglar - Info. til føresette om klagerett på enkeltvedtak Oktober og mars Ekstern Leikeplasskontroll Oktober Skuleleiing 14
Skuleeigar Trivselsundersøking (1.-7.trinn) April Skuleleiing Internkontroll. Vernerunde. Forskrift om miljøretta helsevern November. og verneombod Internkontroll uteområdet Kvar månad Skuleleiing/VO Elevundersøkinga (6.-7.trinn) November Inspektør Organ FAU Fleire møte kvart semester Skuleleiinga Skulemiljøutvalg (SMU) Minst 1 møte kvart halvår. Første møte tidleg i oktober Samarbeidsutval (SU) - uttalerett i saker som gjeld skulemiljøet. - Godkjenne ordensreglar. Minst 1 møte kvart halvår. Første møte tidleg i oktober SMU-leiar Elevråd - antimobbearbeid - skulemiljøet - Møte kvar månad - Kvart halvår - Kvart møte Kontaktlærar for elevråd og elevrådsleiar 15