Hordaland fylkeskommune Kartlegging av tilbod om skulehelseteneste ved vidaregåande skular i Hordaland Audit & Advisory Januar 2011
Innhald 1. Innleiing... 4 1.1 Bakgrunn... 4 1.2 Relevant regelverk... 4 1.3 Metode... 5 2. Skildring av tilbodet om skulehelseteneste ved vidaregåande skular i Hordaland... 6 2.1 Innleiing... 6 2.2 Overordna funn... 6 2.3 Skular med mellom 700 og 1200 elevar... 7 2.4 Skular med mellom 500 og 700 elevar... 7 2.5 Skular med mellom 300 og 500 elevar... 8 2.6 Skular med mindre enn 300 elevar... 8 Vedlegg 1: Kartlegging av skulehelsetenesta svar frå skulane Vedlegg 2 Uttale frå fylkesrådmannen
1. Innleiing 1.1 Bakgrunn Deloitte har i samsvar med vedtak i kontrollutvalet 26.10.2010, saksnr 69/10, gjort ei kartlegging av tilbodet om skulehelseteneste ved vidaregåande skular i Hordaland. 1.2 Relevant regelverk Av 2-1 i forskrift om helsestasjon og skulehelseteneste går det fram at det er kommunen sitt ansvar å tilby helsestasjons- og skulehelseteneste til barn og ungdom mellom 0-20 år, og dekke alle utgifter knytt til desse tilboda. Kommunen skal sørgje for å ha tilgang på naudsynt personell for oppgåvene som dei skal utføre jf. kommunehelsetenestelova 1-3 første ledd nr.1, bokstav b og c. I rettleiar til forskrift om helsestasjon og skulehelseteneste er følgjande sagt om skulehelsetenesta (s. 32): Skolehelsetjeneste er en lovpålagt oppgave hjemlet i kommunehelsetjenesteloven. Styrking av helsefremmende og forebyggende helsetjenester til barn og ungdom er et prioritert nasjonalt satsningsområde. Tjenesten er et viktig lavterskeltilbud som skal være lett tilgjengelig for alle elever i Norge som går på offentlige skoler og skoler som kommer inn under privatskoleloven.( ) Vertskommunane har ansvar for den lovpålagte skulehelsetenesta i vidaregåande skular. Samtidig presiserer rettleiaren at det er eit felles ansvar å sørgje for elevane sitt fysiske og psykososiale skulemiljø. Følgjande går fram av rettleiaren (s.11): For skoleelever er det viktig at ansatte i skolehelsetjenesten er tilgjengelige på skolen. Elevene må vite når, hvor og hvordan de kan komme i kontakt med helsetjenesten, slik at det blir så enkelt som mulig når de har behov for helsehjelp. Skolehelsetjenesten kan komme tidlig inn og hjelpe elevene med problemer de syns det er vanskelig å ta opp med foreldre eller lærere. Ansatte i skolehelsetjenesten må være inkludert i skolemiljøet for å kunne samarbeide med elever, lærere, foreldre og andre om å identifisere og ivareta elever som har helseproblemer som har sammenheng med skolesituasjonen. Det går fram av rettleiaren at helsestasjon for ungdom skal vere eit supplement til, og ikkje ei erstatning for, skulehelsetenesta. Kommunane har eit sjølvstendig ansvar for å organisere si verksemd på ein føremålstenleg måte tilpassa lokale behov, så lenge krava om forsvarlegheit i lov og forskrifter blir oppfylte. Forskrifta pålegg helsestasjons- og skulehelsetenesta å ha rutinar for samarbeid med fastlegane, med andre kommunale tenester, med tannhelsetenesta, med fylkeskommunen og med spesialisthelsetenesta. I rettleiaren blir mellom anna følgjande sagt om samarbeidet med fastlegane: Mange fastleger mener at de ut fra sitt kontor kan foreta de helseundersøkelser som helsestasjonsog skolelege skal gjøre like godt som om de er tilstede på helsestasjonen eller skolen. En slik ordning vil imidlertid ikke oppfylle forskriftens intensjon om at tjenesten skal være helhetlig, tverrfaglig og lett tilgjengelig. Legen er en nødvendig deltager i det tverrfaglige teamet i helsestasjons- og skolehelsetjenesten (s.13). Helsedirektoratet publiserte i april 2010 rapporten IS-1798 Utviklingsstrategi for helsestasjons- og skolehelsetjenesten. Bakgrunn for utarbeiding av rapporten var at Helse- og omsorgsdepartementet 4
ønska ei utgreiing av alternative tiltak for å styrke kapasiteten i skulehelsetenesta. I rapporten framgår forslag til nasjonal minstenorm for bemanning innan ulike deltenester som inngår i helsestasjons- og skulehelsetenesta, som ein del av drøftinga i rapporten. Normeringane er utarbeidde med bakgrunn i anbefalt program i rettleiar til forskrift om helsestasjon og skulehelseteneste, men talet på helsepersonell er ikkje lov- eller forskriftsfesta som minstenorm. Det går fram av rapporten frå Helsedirektoratet at psykologar i helsestasjons- og skulehelsetenesta ikkje er normert, då behovet for slik kompetanse må vurderast ut frå dei konkrete behova i kommunen, samt ut frå kva kompetanse som allereie finst i kommunen. Det blir vidare vist til ulike faktorar som kan bidra til at lokale normtal i kommunane i bør leggjast høgre enn minstenormen som går fram av Helsedirektoratet sin rapport. Følgjande normering går fram for skulehelsetenesta i vidaregåande skule (s 49): o Ei helsesøster i 13 % stilling kan følgje opp 100 skulebarn. Det vil seie at ei helsesøster i 100 % stilling kan følgje opp ein skule med 800 elevar. o Ein lege i 20 % stilling kan følgje opp 800 elevar. o Ein fysioterapeut i 7 % stilling kan følgje opp 100 skulebarn. Det vil seie at 800 elevar krev 56 % fysioterapeut. o For yrkesretta utdanning er det behov for ergonomiundervisning. Denne er lagt inn i det befolkningsretta arbeidet. 1.3 Metode Det er sendt ut ein e-postførespurnad til rektor ved alle dei vidaregåande skulane i Hordaland. I førespurnaden blei rektorane bedt om å gje følgjande informasjon: Tal på elevar ved skulen Tilgjengeleg areal for skulehelsetenesta ved skulen Timar helsesøster på skulen per veke Timar lege på skulen per veke Eventuell tilgang på anna helsepersonell ved skulen Alle dei 46 vidaregåande skulane i fylket har svart på førespurnaden. I neste kapittel blir informasjon som er motteke frå skulane presentert. Rapportutkast er sendt til fylkesrådmannen for uttale. Fylkesrådmannen sine kommentarar ligg som vedlegg 2 til rapporten. 5
2. Skildring av tilbodet om skulehelseteneste ved vidaregåande skular i Hordaland 2.1 Innleiing Opplysningar om tilbodet om skulehelseteneste ved dei vidaregåande skulane i Hordaland går fram av vedlegg 1 til rapporten. Funn i kartlegginga er også oppsummert i avsnitta under. I vedlegg 1 til rapporten går også prosentvis oppfylling av minstenorm for bemanning, jf rapport frå Helsedirektoratet, fram. Slikt tall er berre berekna for helsesøster, då kartlegginga viser at få skular i Hordaland har tilgang på lege og/eller fysioterapeut på skulen. Det er mogleg at nokre tal som blir oppgitt i rapporten med vedlegg ikkje er heilt korrekte, då det i ein del tilfelle har vore naudsynt å gjere eigne berekningar og/eller anslag på grunnlag av dei opplysningane som er motteke frå skulane. Dette for å kunne samanlikne opplysningane frå dei ulike skulane. 2.2 Overordna funn På bakgrunn av opplysningar som er gitt frå dei vidaregåande skulane, vil vi trekkje fram følgjande overordna funn: fem av skulane i Hordaland har ikkje eit tilbod om skulehelseteneste på skulen. 41 av skulane har tilbod om helsesøster på skulen. ti av skulane har tilbod om lege på skulen. elleve av skulane har tilbod om anna helsepersonell på skulen. Desse tilboda inkluderer psykolog, fysioterapeut, psykisk helsearbeidar, psykiatrisk sjukepleiar og utekontakt. Det er stor variasjon i talet på timar der helsesøster og/eller anna helsepersonell er tilgjengeleg ved skulen. Det er også stor variasjon når det gjeld kor stort areal helsesøster eller anna helsepersonell har tilgjengeleg ved skulen. Ved dei fleste skulane der det er tilbod om helsesøster, har helsesøster eit eige kontor tilgjengeleg. Ved nokre skular blir det vist til at helsesøster låner kontor av rådgjevar eller inspektør. I eitt tilfelle blir det vist til at helsesøster har fått tilbod om kontor ved skulen, men føretrekk å vere på helsestasjonen.
Nokre av skulane utan eige tilbod om skulehelseteneste opplyser at elevane kan vende seg til kommunen sin helsestasjonen om dei ønskjer det. Ved nokre skular blir det også vist til at det er tilsett helsepersonell som lærarar ved skulen, og at elevar kan vende seg til desse ved behov. Når det gjeld tilgang på anna helsepersonell, viser nokre skular til at elevar som er tilmeldt PPT har tilgang på psykolog gjennom PPT. 2.3 Skular med mellom 700 og 1200 elevar Fem av dei vidaregåande skulane har mellom 700 og 1200 elevar. Alle desse skulane har tilbod om skulehelseteneste på skulen. Av desse har: alle skulane tilbod om helsesøster ved skulen. to av skulane tilbod om lege ved skulen. fire av skulane tilbod om anna helsepersonell ved skulen. Desse tilboda inkluderer psykolog, fysioterapeut og psykisk helsearbeidar. I tillegg opplyser ein skule at dei har hatt tilbod om lege ved skulen fram til august, medan ein annan skule opplyser at dei har ein lege som gjev rådgjeving til skulen sitt ressursteam, men som ikkje er tilgjengeleg for elevane. Samla tal på timar der helsesøster og/eller anna helsepersonell er tilgjengeleg ved den einskilde skulen, varierer frå 21 timar til 78,75 timar per veke. Arealet som helsesøster eller anna helsepersonell har tilgjengeleg ved skulen varierer frå 10 kvadratmeter til 71 kvadratmeter mellom dei fem skulane. 2.4 Skular med mellom 500 og 700 elevar Sju av dei vidaregåande skulane i Hordaland har mellom 500 og 700 elevar. Av desse har seks av skulane tilbod om skulehelseteneste på skulen, medan ein av skulane ikkje har slikt tilbod. Av dei seks skulane som har tilbod om skulehelseteneste på skulen, har: alle skulane tilbod om helsesøster ved skulen. ein av skulane tilbod om lege ved skulen. tre av skulane tilbod om anna helsepersonell ved skulen. Desse tilboda inkluderer psykolog, psykiatrisk sjukepleiar og ungdomskontakt. Samla tal på timar der helsesøster og/eller anna helsepersonell er tilgjengeleg ved den einskilde skulen, varierer frå 8,5 timar til 24 timar per veke. Arealet som helsesøster eller anna helsepersonell har tilgjengeleg ved skulen varierer frå 5 kvadratmeter til 70 kvadratmeter. 7
2.5 Skular med mellom 300 og 500 elevar 14 av dei vidaregåande skulane i Hordaland har mellom 300 og 500 elevar. Alle desse skulane har tilbod om skulehelseteneste på skulen. Av desse har: alle skulane tilbod om helsesøster ved skulen. tre av skulane tilbod om lege ved skulen. tre av skulane tilbod om anna helsepersonell ved skulen. Dette dreier seg om tilbod om psykolog, psykisk helsearbeidar eller psykiatrisk sjukepleiar. I tillegg opplyser ein skule at elevane har tilgang til skulelege på legekontoret, som har ei 20% stilling fordelt på fem vidaregåande skular. Ein skule opplyser at det truleg vil bli eit tilbod om skulelege på skulen. Talet på timar der helsesøster og/eller anna helsepersonell er tilgjengeleg på skulen, varierer frå 3,5 timar til 38 timar mellom dei 14 skulane. Arealet som helsesøster eller anna helsepersonell har tilgjengeleg ved skulen varierer frå 6 kvadratmeter til 60 kvadratmeter. 2.6 Skular med mindre enn 300 elevar 20 av dei vidaregåande skulane i Hordaland har mindre enn 300 elevar. Av desse har 16 av skulane tilbod om skulehelseteneste på skulen, medan fire skular ikkje har slikt tilbod. Av dei 16 skulane som har eit tilbod om skulehelseteneste på skulen, har: alle skulane tilbod om helsesøster ved skulen. fire av skulane tilbod om lege ved skulen. ein av skulane tilbod om anna helsepersonell, i dette tilfellet er tilbodet utekontakt. I tillegg opplyser to av skulane at dei i utgangspunktet skal ha helsesøster ved skulen, men at dei har vore utan denne hausten. Ein av skulane opplyser at helsesøster har fått tilbod om kontor ved skulen, men sjølv ønskjer å vere på helsestasjonen og har oppsett møtetid der. To skular opplyser at elevane har tilgang til skulelege på legekontoret, som har ei 20 % stilling fordelt på fem vidaregåande skular. Talet på timar der helsesøster og/eller anna helsepersonell er tilgjengeleg ved skulen, varierer frå 2 timar til 8 timar per veke. Arealet som helsesøster eller anna helsepersonell har tilgjengeleg ved skulen varierer frå 7 kvadratmeter til 36 kvadratmeter. 8
Vedlegg 1: Kartlegging av skulehelsetenesta svar frå skulane
Kartlegging skulehelsetenesta - svar frå skulane Informasjonen om skulane kan i nokre høve vere noko unøyaktig, då dei ulike skulane har gitt opplysningar på ulikt vis. Til dømes er spørsmål om timar helsesøster på skulen per veke besvart gjennom å oppgje timetal, stillingsprosent eller tal på dagar. For å gjere opplysningane mest mogleg samanliknbare, samt for å berekne prosentvis oppfylling av minstenorm, har revisjonen i nokre høve gjort om opplysningane som er motteke til tal på timar per veke. Dette kan innebere nokre mindre unøyaktigheiter. Skule Elevtal Lærlingar Evt vaksne elevar Areal tilgjengeleg Timar helsesøster på skulen Timar lege på skulen Årstad videregående skole 1200 11,4 kvm 30t 3,75t Knarvik vidaregåande skule 1000 10 kvm 45 t (1,2 stilling) 0t Sotra vidaregåande skule 960 48,8kvm 24.5t 6t Stord vidaregåande skule 930 Anna helsepersonell på skulen Psykolog 11,5 t/veke, fysioterapeut 7,5 t/veke 33,75 t (0,9 stilling) skolepsykolog 2 mindre kontor på 2 avdelingar 7t 0t 14 t psykisk helsearbeidar Laksevåg videregående skole 729 146 71 kvm 28t 0t (5t/veke til august mnd) 10t/veke Bergen tekniske fagskole 697 0t 0t 0t Psykiatrisk sjukepleiar ein Fyllingsdalen videregående skole 610 18 kvm 12t (2 dagar a 6 timar) 0t dag a 3 timar Bjørgvin videregående skole 600 ca. 5 kvm 12t 0t 0t Langhaugen videregående skole 575 45 kvm 6t/veke eller 12t/veke (annakvar) 2,5t annakvar veke 0t Sandsli videregående skole 550 ca. 70 kvm 12t 0t Skolepsykolog 12t/veke 5t/veke ungdomskontakt Askøy videregående skole 520 ca.12 kvm 11t 0t (vernepleier) Fana gymnas 512 20 kvm 15t 0t 0t Slåtthaug videregående skole 480 15-20 kvm 16t 0t 0t Os videregående skole 480 Eget kontor 6t 0t 0t Bergens Handelsgymnasium 470 6 kvm 8,5t 0t 0t Olsvikåsen videregående skole 450 20 kvm 16t 0t Psykolog 16t/veke Bergen Katedralskole 440 400 10 kvm 8t 0t 0t Tertnes videregående skole 440 32 kvm. 8t En gang annakvar veke Åsane videregående skole 396 9 kvm 8t/veke eller 12t/veke (annakvar) 4t annankvar veke Kvinnherad vidaregåande skule 385 ca. 9 kvm 2,5t 0t Psykisk helsearbeider 1t/veke Voss gymnas 350 6t 0t 0t Voss vidaregåande skule 340 10-15 m2 på kvar av dei 3 avdelingane 7 timar per veke 0 Andre merknader 10 kvm ekstra blir delvis brukt. Skolepsykolog: prosjektstilling Sund + Blindøy = 960 elever Lege gjev 2t rådgjeving til ressursteam per veke, er ikkje disp. for elevar. Har tilgj. kontor 15-20 kvm. Anna helsepersonell måtte i tilfelle vere tilsette sjukepleiarar (lærarar) "Sidan vi har HS fag ved skulen har vi og lærarar som kan nyttast ved akutte skadar." Helsesøster kan kontaktast heile veka. Skulelege 20 % stilling fordelt på 5 vgs., men ikkje til stades på skulen. Timar helsesøster er total for dei tre avdelingane ved skulen, vil truleg bli tilbod om lege ved skulen Forhold til berekna normtal for HELSESØSTER (37,5 t per 800 elevar = 100%) normtal: 53,4 % normtal: 96,2 % normtal: 54,5 % normtal: 16 % normtal: 82,1 % normtal: 0 % normtal: 42 % normtal: 42,7 % normtal: 33,5 % normtal: 46,6 % normtal: 45,3 % normtal: 62,6 % normtal: 71,2 % normtal: 26,7 % normtal: 38,8 % normtal: 76 % normtal: 38,8 % normtal: 38,8 % normtal: 54 % normtal: 13,9 % normtal: 36,5 % normtal: 44 %
Skule Elevtal Lærlingar Evt vaksne elevar Areal tilgjengeleg Timar helsesøster på skulen Timar lege på skulen Anna helsepersonell på skulen Odda vidaregåande skule 325 ca 40-50 m2 10 t 0 Psykiatrisk sjukepleiar 5 t/v U.pihl videregående skole 320 19,3 kvm 6,5t 4t annakvar veke 0t Tanks videregående skole 319 ca. 10 kvm 5t 0t 0t Nordahl Grieg videregående skole * 311 ca. 60 kvm ca.10t 0t 0t Garnes vidaregåande skule 293 ca 7 m2 ca 4 timar per veke Tilgjengeleg på naboskulen om lag 3 timar per veke 0 Stend vidaregåande skule 290 36 kvm 6t 0t 0t Bergen maritime videregående skole 285 17 kvm 7,5t 0t 0t Austrheim vidaregåande skule 259 ca. 12 kvm 3t 0t 0t Os gymnas 253 ca 10 kvm 7,5t 0t 0t Fusa vidaregåande skule 250 45 Helsesyster nyttar rådgjevar sitt kontor 8t 0t 0t Fitjar vidaregående skule 235 30 0t 0t 0t Bømlo vidaregåande skule 230 0t 0t 0t Øystese gymnas 220 ca. 15 kvm 2,5t 1t Utekontakt 2t/veke Rubbestanes vidaregåande skule/maritime fagskule 182 0t 0t 0t Norheimsund videregåande skule 160 35 kvm 3t 2t 0t Voss jordbruksskule 159 ca. 14 kvm 5t 0t 0t Arna vidaregåande skule 150 8 kvm 3t 3t 0t Lønborg videregående skole 145 20 kvm 7,5t 0t 0t 50 Austevoll vidaregåande skule 130 studentar 10 kvm + møterom 4t 0t 0t Osterøy vidaregåande skule 128 8 kvm 6t 0t 0t 5.75t/veke eller 3.5t/veke Voss husflidskule 111 ca. 7 kvm (annakvar) 0t 0t Rogne vidaregåande skule 102 7 kvm 6t 0t 0t Etne vidaregåande skule 86 0t 0t 0t Andre merknader Lege kjem også til skulen dersom elevane har tinga time, i tillegg moglegheit til å kontakte hms i fylket Rådgjevar og elevinspektør er begge sjukepleiarar, noko som ofte kjem vel med. Avdelingsleiar helse- og sosial er psykiatrisk sjukepleiar. I utg.punktet helsesøster 6t/veke, men vore utan denne hausten. Forhold til berekna normtal for HELSESØSTER (37,5 t per 800 elevar = 100%) normtal: 65,8 % normtal: 43,4 % normtal: 33,5 % normtal: 68,8 % normtal: 29,3 % normtal: 44,2 % normtal: 56,2 % normtal: 24,8 % normtal: 63,2 % normtal: 68,4 % normtal: 0 % I utgpkt. helsesøster 3 ½ t, + møte i ressursgruppa annankvar normtal: 0 % onsdag frå kl1220-1330. Vore utan helsesøster sidan oktober. Det er ikkje kvar veke det vert slik, for dei har andre oppdrag. normtal: 24,4 % normtal: 0 % normtal: 40,2 % Helsesyster deltek i skulen sitt ressurteam. normtal: 67,1 % normtal: 42,7 % normtal: 100 % Sjukepleiar i full stilling som faglærar normtal: 65,8 % normtal: 100 % Skolelege 20 % stilling fordelt på 5 vg.skoler. normtal: 89,1 % Helsesøsters 6 timar inkluderer deltakelse i ressursteam annenhver veke. Skolelege 20 % stilling fordelt på 5 vg.skoler.. Helsesyster fått tilbod om kontor, men ynskjer å vere på helsestasjonen. Ho har oppsett møtetid der og er med i ressursteam når ho har tid. normtal: 100 % normtal: 0 %
Skule Elevtal Lærlingar Hjeltnes vidaregåande skule 37 24 Evt vaksne elevar Areal tilgjengeleg Timar helsesøster på skulen Timar lege på skulen ca. 8 kvm (ikkje eiga) 2t 0t 0t Anna helsepersonell på skulen Andre merknader Helsesøster låner kontor av elevinspektør Forhold til berekna normtal for HELSESØSTER (37,5 t per 800 elevar = 100%) normtal: 100 % * Det blir opplyst at elevtalet ved Nordahl Grieg vidaregående skole skal utvidast med ca 300 elevar pr år i tre år. Skulen er dimensjonert for ca 900 elevar. Det blir vidare opplyst at skulehelsetenesta vil bli utvida i samsvar med elevtal.
Vedlegg 2 Uttale frå fylkesrådmannen
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga DELOITTE v/line Margrete Johansen Damsgårdsveien 35 Postboks 6013 Postterminalen 5892 BERGEN Vår ref.: (nyttast ved korrespondanse) Dykkar ref.: Bergen, 12. januar 2011 201012085-2/015/OYDRYD Kartlegging av skulehelsetenesta rapportutkast for uttale. Fylkesrådmannen viser til mail frå Deloitte datert 03.01.11 saman med utkast til rapport i samband med kartlegging av tilbod om skulehelsetenesta ved vidaregåande skular i Hordaland. Fylkesrådmannen er kjend med at dei fire skulane som mangla ved innsending av nemnde rapport no har sendt svar på førespurnaden frå Deloitte. Fylkesrådmannen har ingen kommentarar til rapporten så langt og avventar endeleg rapport frå dykk. Paul M. Nilsen Inger Øvsthus Tønder Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5 - Postadresse: Postboks 7900. 5020 Bergen - Telefon 55 23 92 30 - Telefaks 55 23 92 39 Direkte telefon: E-postadresse: opplering@post.hfk.no Bankgironr. 5201 06 74239 - Foretaksnr. NO 938 626 367 mva.
Deloitte refers to one or more of Deloitte Touche Tohmatsu Limited, a UK private company limited by guarantee, and its network of member firms, each of which is a legally separate and independent entity. Please see www.deloitte.com/no/omoss for a detailed description of the legal structure of Deloitte Touche Tohmatsu Limited and its member firms. Deloitte provides audit, tax, consulting, and financial advisory services to public and private clients spanning multiple industries. With a globally connected network of member firms in more than 150 countries, Deloitte brings world-class capabilities and deep local expertise to help clients succeed wherever they operate. Deloitte s approximately 170,000 professionals are committed to becoming the standard of excellence. 2011 Deloitte AS