Nr april 2011 Årgang 38

Like dokumenter
Nr september 2012 Årgang 39

Nr desember 2013 Årgang 40

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Storkurs i Rogaland, februar 2016

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

MEDLEMSINFO. august 2009

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

FolkOrg Møte 2012/06 Styret

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Nr desember 2015 Årgang 42

HOVUDUTSKRIFT. År 2014, den 30. september, hadde Fusa sokneråd møte i Strandebarm kyrkjelydshus i Strandebarm.

Nr september 2009 Årgang 36. På pianokafé i Lahti: Anne Marie Nerby, Jan Dalene og Ragnhild Lothe

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

LOV OG FØRESEGNER. for. Bondeungdomslaget i Kristiansand. Vedteke på omframt årsmøte 18.oktober Oppdatert etter årsmøtet 8. februar 2012.

LOVER FOR LEIKARRINGEN I BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO

Skrivekurset på Voss Januar 2002:

Nr juni 2016 Årgang 43

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo

Nr mai 2015 Årgang 42

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Nr februar 2015 Årgang 42

No sprett knuppane og sevja stig

Elevundersøkinga 2016

Månadsbrev for Blå, april 2016

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

Framlegg til lovbrigde LST: Framlegg frå landsstyret SST: Framlegg frå sentralstyret VST: Framlegg frå Vebjørn Sture Innstilling på lov- og tuftbrigde

Velkommen til. Årsmøte Førde Brukshundklubb

Refleksjon og skriving

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Utvalg: Kontrollutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, Rådhuset i Austevoll Dato: Tidspunkt: 09:30-12:30

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - November. Slik så den ut i. og slik ser den ut i dag.

Årsmelding frå styret i BUL Molde

Nr mars 2013 Årgang 40

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2017/2018

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Månedsbrev for April

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Innkalling til årsmøte for året 2014 i Sogndal Sau og geit og Sogndal beite og sankelag

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Sakspapira blir etter dette sendt direkte til dei påmeldte utsendingane etter påmeldingsfristen er ute, 14. mars.

Inn på tunet. Utvikling av dagtilbod for heimebuande personar med demens i Gloppen v/prosjektleiar Merete Knoff

ÅRSMELDING FOR ROMSDAL UNGDOMSSAMLAG 2011

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 5 - April

REFERAT FRÅ STYREMØTE Bogstad gård

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER:

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Til deg som bur i fosterheim år

Foreldregruppe i barnehagen

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

FolkOrg Møte 2012/02 Styret

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Fra: Mie Dahl Pind [] Til: 'Marit Bendz' Kopi:

Nr juli 2014 Årgang 41

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Vintervèr i Eksingedalen

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2015/2016

Administrasjon av medlemslisterog tillitsvalde i 2011

og helg Dei er å fødselsdagssongen fødde er fire lærer og søndag Denne veka lærer elevane om tid og tal på norsk. Dei lærer om dei

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Utdeling av premiar til mestvinnande spaniels i fylket 2018 (sjå årsmeldinga for namn). Utdeling av premiar adventskonkurranse.

Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Fangststatistikk figur 1 figur 1 figur 1 FIGUR 1 NB! Skjelmateriale figur 2 FIGUR 2

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

KITING er ikkje. lenger ekstremsport VINTEREVENTYRET. 18 Fredag 25. januar 2019

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Årsmelding for år (Endringar / tillegg frå årsmøtet 14.mars 2013 er innarbeida)

Støtteordningar og søknader

Sak 1 Konstituering. Godkjenning av innkalling. Godkjenning av sakliste

Inn på tunet. Utvikling av dagtilbod for heimebuande personar med demens i Gloppen v/prosjektleiar Merete Knoff

Stort lagsengasjement

Transkript:

Nr. 1 12. april 2011 Årgang 38 Gunbjørg og Gaute har feira eit rundt år! 1

HOLMGANG 2011 Stoff-frist til nr. 2 / 2011: Sist i mai! Redaktør: Jan Finjord Redaksjonsmedlem: Audun Rosland Holmgang kjem ut med 4 nummer i året. Bladpengar for direkte tinging av papirkopi av bladet: Kr. 50.- pr. år. Lysingsprisar: 1/4 side: Kr. 275.- 1/2 side: Kr. 450.- 1/1 side: Kr. 800.- I dette nummeret: Framsidebilete v/ Gaute Leiarteigen 3 Nytt frå Leikarringen 4 Ord frå redaksjonen 4 Vi har høyrt at... 4 Gunbjørg og Gaute 70 år 5 BUL-styret 1900 6 På vitjing til Hafrsro 7 Annonse 8 Ved Hellvik No til dags ein fin turveg! (Foto: Anna Motland) Dette nummeret av Holmgang er sett med 12pt Helvetica i L A T E X for Ubuntu 10.10 Linux. 2

Leiarteigen Sjølv om det er slutten av mars, så er det framleis litt vinter. Dei som likar seg på kvitt underlag kan sikkert halde det gåande til over påske etter all den snøen som har kome i vinter i fjellområda. Det har vore bra aktivitet i Siddisstova i vinter med både nybyrjarkurs og god oppslutning om Leikarringsøvingane. No gjeld det å halde koken sjølv om det vårast ute (iallefall her i låglandet). Det er jo ein god gjeng frå både Vibå og Leikarringen som skal til Bornholm i pinsen, så det er berre å trimme dansefoten. Foto: Anne Marie Nerby Etter årsmøtet i februar makta vi ikkje å fylle alle plassane i styret. Difor vart det framhald under ein pause i Leikarringen i mars. Framleis blei det noko manko, men styret håpar å få hjelp frå nokre medlemmer til enkelte oppgaver som til dømes å laga til haustfest og 17. mai-fest. Det er me i styret svært glade for. Dei som er med i styret etter årsmøtet er: Anne Marie Nerby Leiar Roger Strand Nestleiar, leiar Lagsbruket Torill Stordalen Skrivar Lise Øzgen Leiar Leikarringen I tillegg har me Audun Aarflot med som organisasjonssekretær og reknskapsførar. Han syter for å senda ut informasjon til medlemmene samt ein del papirjobb mot offentlege instansar og Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag. Dette letter arbeidet som tillitsvalde i BUL særs mykje. Utanom faste saker og gjeremål, har styret drøfta kva BUL kan vera for medlemmene samt korleis få med nye medlemmer. Me har faktisk drøfta å starta opp att barnelag ved å kontakta naboskulane. Men då treng laget instruktørar og leiarar. Kor skal me ta desse frå? Kva med å samarbeide mot det pedagogiske miljøet ved Universitetet? Gjennom Norges Ungdomslag finn ein lett høvelege kurs til å læra opp folk i ungdomslags ånd om dei sjølv fattar interesse for arbeidet vi driv. Ein må vel og jobba med å koma inn i skulefritidsordninga for å få med ungane. Siste laurdag i mars var me to utsendingar frå BUL på årsmøte i Fylkeslaget. Der fekk me høyre om eit vellukka barnestemne sist sommar i Nordfylket med 80 deltakarar, så dei får det til nokre plassar. Der vart og drøfta korleis ein kan samarbeide om folkedansarbeid og utveksle erfaringer mellom danselaga i Rogaland Ungdomslag. Årsmøtet fekk og vitjing frå NUkontoret ved Alf Steinar Nekstad. Han tipsa om studiestøtte og prosjekstøtteordingar for ungdomslag. Audun Aarflot sytar for at BUL får med seg desse støtteordningane. Anne Marie NB: Vel møtt i Siddis-Stova 17. mai! 3

Nytt frå Leikarringen Den 25. januar etter første leikøvingstime hadde vi årsmøte i Leikarringen. To kaker var kjøpt inn så alt låg til rette for eit godt møte! Saklista gjekk unna i ein fei, og spesielt kjekt var det at heile styret tok attval. Styret i Leikarringen for 2011 består av: Lise K. Øzgen, leiar, Berit Fuglestad (kasserar), Magne Helle (skrivar), Gunnar Nitter, Marit Byberg (vara) og John Olaf Grimstvedt (vara). Leikarringen planlegger elles tur til Bornholm folkedansfestival saman med Vibå spelemannslag. Vi rekner med at vi blir ca. 25-30 som reiser. Allereie no er det påmeldt til festivalen meir enn 500 dansarar frå heile Norden! Vi har elles starta nytt kurs i folkedans; foreløpig over 6 gangar, men kan kanskje utvidast til meir. Arvid Haga er som vanleg instruktør. Anne Marie, og underteikna var på storkurs i Bø i Telemark i siste helga i januar. Kursa vi deltok på var rekkedans (som Anne Marie deltok på) og inspirasjonskurs for instruktørar (som Lise deltok på). Det vart svært inspirerande helgekurs for begge, med hyggeleg leikfest på laurdagskvelden. Underteikna var og på fagseminar i Bergen 25.-27. februar. Temaet der var improvisasjon i turdansar frå Trøndelag. Helsing Lise K. Øzgen Ord frå redaksjonen Stofftørken varer ved: Dette nummeret blei på berre 8 sider. Men Holmgang voner at resultatet er sjåandes på, og planlegg å kome sterkt attende. I neste nummer, litt meir frå BUL Stavangers tidlege historie. På omframt årsmøte i hovedlaget, med stort sett leikarringmedlemmer til stades, sa ingen seg viljug til å ta desse verva som ikkje vart fylt. Litt treigt? Om så styret seinare har høyrt frå medlemmer som kan hjelpe til med ymse oppgåver. Det kjem tips om at medlemmene ikkje les Holmgang: Berre få har ipad og liknande, og folk liker stort sett ikkje å lese på PC-skjermen eller bruke kostbar trykksverte sjølv. Kan redaksjonen enno ein gong oppmode styret om å vurdere fargetrykk på papir til alle? Songdans er ein kjekk ting. Ein kan likevel lure, når ein tenker på kor internasjonalt orienterte dei var: Tru kva for karibisk dans Hulda og Ådne hadde interessert seg for, hadde dei vore her i dag? J. Vi har høyrt at... Kubansk son og avleidd salsa har ein sats kalla montuno. Denne kan mellom anna inneholde tilrop og svar mellom eit kor og ein songar, ei form med afrikansk folkemusikalsk opphav. Eit BUL-medlem som ville lære meir om fransese, i vinden på tirsdagsøvingane den siste tida, anbefaler å google fransese. Ein får då opp nyttige og interessante lenker. (Søk på fransese video eller francese gjev overraskingar.) 4

Tida går, er Gunbjørg og Gaute blitt 70 år? Me i Vibå tenkjer med glede og takk på dei åra me har hatt i lag med dei. For folkemusikkmiljøet her i distriktet har dei hatt ei uvurdeleg betydning. Det heile starta då Gaute fekk i gang kurs i felespel med faste øvingar i 1972 Dette utvikla seg raskt til start av Vibå spelemannslag i 1973 med innmelding i landslaget. Utan Gaute si eldsjel (med god støtte frå Gunbjørg) kan eg ikkje sjå at folkemusikken i distriktet hadde stått der den står i dag. Det kan i den samanhengen nemnast Bjerkreimsmusikken. Den vart lagt merke til på landsplan. Alle dei øvingar, dansespel og kappleikspel Gaute har leia oss i er det mest ikkje tal på. Og det renn over med minne om store opplevingar. Det er utruleg for energi Gaute har vist. Det er som han aldri vart trøyt eller lei av å prøva å få oss betre. Han har vore som grunnfjell som alltid stilte opp, som kom fyst og rigga opp anlegg og var alltid med til alt var rydda på plass. I eit slikt høve gløymer me ikkje kva Gunbjørg har vore for miljøet. Med sin interesse for folkemusikk har ho støtta opp om arbeidet og vore med i dei fleste samanhengar. Me ser fram til fortsett mange gode år saman med Gunbjørg og Gaute. For Vibå Peder. Gaute jammer med ein afrikansk musiker i Tanzania i 2004 (foto: Anne Marie Nerby) 5

BUL-styret 1900 BUL Stavanger feira i fjor eit halvrundt tal år sidan starten. Holmgang har gått til Kristian Bærheims samling av lagsblad 1917-1925 for å finne ut meir om dei som sat i det første styret. Folketeljingane i 1900 og 1910 på internett var og til god hjelp. Nils Mehus, fødd i 1873 i Suldal, var vikarierande folkeskolelærar i Stavanger i 1900, og framleis folkeskolelærar her i 1910. Hans Øverland, fødd i 1864 i Nedstrand, var dagarbeidar i Montana 1887-1893, kontorist i ei landbruksforretning i Stavanger i 1900, og lensmann i Nedstrand i 1910. Han står framleis som medlem i BUL Stavanger i 1920; ei Marta Øverland som og står i lista for 1920 kan ha vore dotter hans, fødd 1900 i Stavanger. Magnus Vaage, fødd i 1879 i Jelsa/Erfjord, var kontormann i eit handelskontor i Stavanger i 1900, og folkeskolelærar i Strandebarm i 1910. Han var formann i BUL 1900-1901. For Per Ritland har vi ikkje funne ein sikker kandidat i folketeljingane. Det kan ha vore Peder Ritland, fødd i 1867 i Årdal, pakhusformand i Stavanger i 1900, og gårdbrukar i Fister i 1910. Sophus Thomsen, fødd i 1878 i Hjelmeland/Fister, var contorist på eit handelskontor i Stavanger i 1900, og manufacturkjøbmand her i 1910. Han var formann i BUL januar-september 1901, og formann i Lagsbruket 1904-1912. For Berta Vaage fann vi fleire usikre, og for Kristian Lunde ingen sikre nok. Lovise Evertsen: Det kan ha vore [Karen] Lovisa Evertsen, fødd i 1864 i Ogna, sypige i Stavanger i 1910; eller Maren Lovise Evertsen, fødd i 1873 i Stavanger, telefonistinde her i 1900 og 1910. Sit nokon med meir kunnskap? Holmgang tar gjerne i mot tips og rettingar. J. 6

amo har ridd mot solnedgangen med mobilkameraet, og var bokstavleg tala ein tur på gamle tomter: På vitjing til Hafrsro Holmgangs sjølvutnemnde medarbeidar går laus! Her er brønnen ved Hafrsro: Og her ser ein restar av den gamle grunnmuren i forgrunnen: 7 amo

8