1905 - Aurland kommune



Like dokumenter
Høyanger kommune

Leikanger kommune

Hyllestad kommune

Askvoll kommune

Flora kommune

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

Solund kommune

Luster kommune - gamle Hafslo kommune

Gaular kommune

Sogndal kommune

Førde kommune

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

«Ny Giv» med gjetarhund

Hornindal kommune

Luster kommune - gamle Jostedal kommune

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Jon Fosse. For seint. Libretto

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Til deg som bur i fosterheim år

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

M/S NYBAKK SI HISTORIE

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

/

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Jølster kommune

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Naustdal kommune

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Møteprotokoll for møte i

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Sommartur til Sverige,

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

No sprett knuppane og sevja stig

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Månadsbrev for Rosa september 2014

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Frå novelle til teikneserie

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

Brødsbrytelsen - Nattverden

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Kom skal vi klippe sauen

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Transkript:

Side 1 av 7 Frå Gudvangen kring 1907. Her var fleire hotell, dampskipsstoppestad, telefonstasjon og postopneri. Postopnar og lensmann Rognald Dræge i Nærøy lensmannsombod, budde på Gudvangen. Sokneprest Eilert Patrik Juul, sokneprest i Aurland frå 1884 til 1924. Juul var ihuga fråhaldsmann, politisk interessert og sterkt engasjert i unionsoppløysinga i 1905. Han sende 2. august ut eit opprop i høve folkerøystinga 13. august der han understreka at det var om å gjera å gje eit kraftig ja for å syna Sverige og utlandet at eit samla folk stod bak regjeringa og Stortinget i Stortingsvedtaket 7. juni. 'To ting maa derfor gjøres. Først møde frem og afgive sin stemme. Dernæst, og her skal ogsaa kvinderne være med, ved personlig paavirkning at arbeide for et talrigt fremmøde.' Så oppmoda han kvar og ein "med indflydelse i vore prestegjeld" heile Sognefjorden utover, - prestar, lærarar og kommunemenn om "kraftigt" og snarast gå i gang med å organisera valkamparbeid. 1905 - Aurland kommune I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Aurland kommune. Aurland kommune i 1905 Aurland kommune omfatta i 1905, som i 2005, Vangen kyrkjesokn (hovudsokn) og annekssokna Flåm, Undredal og Nærøy. Kommunen omfatta to lensmannsdistrikt, Aurland og Nærøy. Nærøy var eige lensmannsdistrikt til 1912. I tiåret 1891-1900 voks folketalet frå 2169 til 2746, medan det i 1910 var gått ned til 2367. Det store utslaget i folketalet i perioden 1891-1910 avspeglar anleggstida for Bergensbana med veg opp Flåmsdalen til Myrdal. Om jordbruket i 1905 i eit Amerikabrev Jordbruket var den viktigaste næringsvegen, og vi har ei god skildring av året 1905 i eit brev Knudt Indrelid skreiv til Decoraposten i Amerika i slutten av september. Det hadde vore regn og ruskever på det jamne heile sommaren, og ei skikkeleg uversri i september som øydela mykje for folk. Likevel var avlingane over det ein kunne venta, - høy over middels, særs gode potetavlingar og bra haust for dei som dreiv med korndyrking. Vi får også vita at somme dyrka sukkerroer og tobakk. Tobakksproduksjonen var mindre enn før grunna høgare avgifter, men dei fekk god avling, tobakksdyrkarane i Aurland, i 1905. Sersjant Knut Indrelid skreiv i 1905 innhaldsrike brev om tilhøve i bygda til Decoraposten i Amerika. Frukthausten var skral,- lite kirsebær og eple, så og seia ikkje plomer, - bra pærehaust, men pærene smaka ikkje godt fordi dei hadde fått for lite sol, - mykje stikkelsbær og rips. Erik Aaberge på Terum selde knapt for 50-60 kroner frå hagen sin mot det tidoble i normalår. Indrelid fortel om gode prisar på landbruksvarene. Dei er jamvel høgare enn i Bergen. Han reknar opp prisane på

Side 2 av 7 smør, kjøt, gamalost, geitemysost, geitemjølkost, kumysost, flesk, korn og poteter. Ei middels god haustboren ku kan ikkje kjøpast for under 130 kroner. Grunnen til dei gode prisane er stor etterspørsel som fylgje av jernbaneanlegget, noko fleire kommunar i distriktet nyt godt av. (Så langt Indrelid). Turistferdsla var i vokster. Mange turistar reiste med karjolskyss på strekninga Voss - Gudvangen, gjerne med overnatting på hotellet på Stalheim. Bergensingeniøren Hopstock arbeidde med seriøse planar for ein elektrisk driven jernbane Voss-Gudvangen i 1895! Vegar, dampskipsstoppestader og post Hovudvegen Bergen - Kristiania gjekk frå Voss og Vossestranda ned Nerøydalen til Gudvangen. Vidare gjekk det rideveg utover til Bakka der ein måtte over på andre sida av fjorden og så fylgja veg utover til Styvi. Frå Styvi måtte ein fara sjøvegen til Lærdal. Frå garden Flåm vart det i åra 1898-1899 bygd veg på austsida av elva til Kårdal og frå Kårdal anleggsveg - med 23 svingar - opp til Gravhalstunnellen ved Myrdal stasjon. Vegnettet elles i 1905 bestod av kortare køyrbare småstrekningar, ridevegar og stiar. Det må og nemnast at Aurland hadde eit omfattande "vegnett" i utmarka og fjellet, vegar og stiar til stølane og ut i verda, - til Hol, Voss og Lærdal. Kong Sverre si ferd i snøstorm er ei av dei betre kjende fjellferdene, men det var lenge før 1905. Nordre Bergenhus Amtstidende, Florø, melde om vedtaket i Stortinget 7. juni 1905, same dagen! Turist i karjol med skyssgut ved århundreskiftet. Utsyn mot Jorbergnuten og Nærøydalen. Frå påskrifta: 'Thuesday June 18th 1903 (..) These are the Norwegian carriages. We are highly enjoying everything..' Sjøvegen batt dei fire kyrkjesokna saman og Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (Fylkesbaatane) sytte for sambandet Sogn - Bergen. Det var stoppestader på Aurlandsvangen, Flåm (Fretheim), Undredal, Styvi, Bakka og Gudvangen. Ved århundreskiftet var det postopneri i Gudvangen, Undredal, Aurland og Flåm. Aurland Ungdomslag Aurland Ungdomslag kom for alvor i gang seinhaustes 1894. Eit viktig arbeidsmål var å arbeida for meir bruk av landsmålet (nynorsk). I oktober 1899 sende laget oppmoding til sokneprest Juul om å ta i bruk Elias Blix sine salmar på nynorsk. Då presten ikkje kunne gjeva løyve, gjekk dei vidare, og enda til slutt hjå kyrkjestatsråden, som nett då var salmeforfattaren sjølv. Svaret kom snøgt. Laget fekk ynskjet sitt oppfylt. Då den nye kongefamilien kom til landet i november 1905, kom det helsingar frå alle kantar av landet. Aurland Ungdomslag si helsing fekk ekstra merksemd. Ho var den fyrste helsinga skriven på nynorsk. "Jubelen mellom dei norskelskande studentane i Oslo var umåteleg," står det i eit jubileumsskrift for Sogn Ungdomslag. " Laget hausta ære av helsinga si." Nokre nøkkelpersonar Det var kommuneval i 1904, og Peder Skjerdal vart vald til ordførar. Eilert Patrik Juul var sokneprest. Rognald B. Dræge

Side 3 av 7 var lensmann i Nærøy og budde i Gudvangen. Ole M. Ohnstad var lensmann i Aurland. "i sterk Spaning" I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser). Vangen Hotell med eit kring 30 oppkledde personar utanfor, - kvinner, menn og born. Flagget er oppe. Biletet står i bygdebok 1835-1985 og forfattaren undrast på om det kan ha noko med 1905 og unionsoppløysinga å gjera, 17. mai, eller i samband med 7. juni? Eller i samband med opninga av Gravhalstunnellen? Kleve bru på Bergensbana under bygging. Sogns Tidende hadde 28.09.1904 fylgjande melding: 'Paa fjellet 8 km austanfor Vatnahalsen hev dei net reist treverket av Klevebrui yver Kleveelvi som renn ned i Flaam. Dette treverket er eit stort og stolt arbeid, som alle skodar paa med age og undring. Brui mæler sine 30 meter i lengde og høgd og vert nummer 2 av kvelvingsbruer i Skandinavien. Brui yver Strandelvi paa Voss er større.' Vidare står at byggmeisteren heitte (Anders) Løne, at dei i to, tre år hadde hogge og køyrt fram stein og at dei no var komne i gang med muringa. Ei interessant melding stod i Decoraposten 1. september 1905: Bergensbana vart brukt fyrste gong 13. august 1905. Styret for Norges Statsbaner hadde gjeve overingeniør Skavlan løyve til å frakta veljarar frå Langosen til Voss og tilbake i grusvogner! Gjennom heile året 1905 venta folk spent på siste nytt om unionen mellom Norge og Sverige, - om utviklinga i konsulatsaka utover våren, - om unionsoppløysinga 7. juni, - om folkerøystinga 13. august, - forhandlingane i Karlstad, - spørsmålet om kongedømme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember. Ein mann i Fresvik skreiv i eit brev til Amerika at folk meir enn ein gong stod "i spændt Forvænting nede ved Dampskibssanløbsstedet, hver Gang Dampskibet var ventende med Post til Bygden." Ein undredøl fortalde i eit lesarbrev ut på hausten frå Undredal. Der óg hadde folk heile tida vore sterkt opptekne av "Situationen" og venta på siste nytt: "Um den aalmene Meining i vaart Fridomsarbeid er det nokolunde det same aa melda her som paa ymse andre Stader i Landet. Folket her hev mest samstødt stade i sterk Spaning etter aa faa vita Meldingar um "Situationen". Dei hev fylgt noko godt med det som hev hendt, og Avisor hev det helder ikkje skorta paa, korkje store elder smaa, Høgreblad elder Vinstreblad." Norskamerikanar levande interessert Sersjant Knut Indrelid fortel i brevet sitt (sjå ovanfor) at dei har hatt besøk av to norsk-amerikanarar, Elling Ohnstad og Peter Bjelde. Om Elling Ohnstad får me vita at han var glad i fedrelandet, og at han fylgde levande interessert med i "den store Nationale Sag" som var oppe medan han var på besøk. Det må ha vore den store dagen, 13. august, då det norske folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. 17. mai 1905 Rundt om i heile landet var det ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905, ein onsdag, og dagen før innstillinga til lov om norsk konsulatstell skulle handsamast i Stortinget. Stort program i Undredal I Undredal byrja dagen med flaggheising klokka sju, og litt seinare dundra saluttskot frå land og frå dampskipet som fór framom. Klokka 11 heldt sokneprest Juul gudsteneste for kring 100 tilhøyarar. Han var mykje tilfreds med "den truskap og samkjensla, heile det norske folk hadde gjenge fram med, " fortalde ein innsendar til Sogns Tidende. Om kvelden var det fest i skulehuset der Ola Fosund og Jens O. Underdal heldt tale. Underdal fortalde frå soga frå 1814 og nemnde striden om det reine norske flagget. Seinare hadde dei korgafest til inntekt for heidningsmisjonen ved

Side 4 av 7 "Underdals kvindeforening", og så var det "fager song og anna moro" til langt utover. Mektig prestetale på Lunde Etter gudstenesta i Underdal reiste presten til hovudsoknet og heldt 17. maitale i "fulle presteklæde" på garden Lunde. Fleire hundre menneske høyrde på. Han var djupt gripen av korleis det "hadde snørt seg i hop" mellom Norge og Sverige, men meinte at noko som helst avslag frå Norge si side ikkje måtte koma på tale. No måtte alle sjå at det stod om rett og ære, om fedrelandet! Over 90% røysta for kongedøme i Aurland, og aurlendingane heldt fest og sende helsingstelegram til det nye kongeparet i samband med kongeinntoget i hovudstaden, laurdag 25. november 1905. Anders Ohnstad fortel i bygdeboka frå ein fest 'på hotellet'. 'Gamlelensmannen' sa fram eit rim der det m. a. heitte: 'Han heiter Olav og da e bra. Da va nettopp ein Ola me vilde ha.' 7. juni 1905 7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var óg ein onsdag og vanleg kvardag. Etter kvart som nyhendet vart kjent rundt om i landet, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga, og Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. I Aurland las presten opp kunngjeringa i Undredalskyrkja 2. pinsedag. "Oplæstes stortingets proclamation til det norske folk," noterte han i dagsregisteret sitt etter på. Folkerøystingar Det var to folkerøystingar i 1905: 1) Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni. 2) Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk. Aurland valsokn tilsvara Aurland kommune. Valstyret var samansett av: lensmann Ola Ohnstad (formann) og formannskapsmedlemmene Øistein Underdal, R. Dræge, Lars Nedberge, Isak K. Dyrdal, Erik Aaberge, Peder J. Skjerdal og Erling O.Flåm. Ved røystinga i august var det to røystestader, - i Vangen kyrkje og på lensmannskontoret i Gudvangen. Ved røystinga i november var det fire røystestader: Vangen kyrkje, Underdal, Flåm og Gudvangen. Oppteljinga føregjekk samla på Vangen. Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga Resultatet for Aurland valsokn: 601 hadde røysterett. Det vart avgjeve 526 godkjende røyster (87,5 %) Alle røysta ja. Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei. Resultatet for heile landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 godkjende røyster (368 208 ja, 184 nei. Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905, men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande

Side 5 av 7 underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget. Vi kjenner ikkje til om det vart samla inn underskrifter i Aurland. Festdag i Gudvangen "Søndag 13de August var en sand Festdag her i Bygden", fortalde ein innsendar frå Gudvangen til Sogns Tidende. Alle flagg var oppe og på hamna låg turistskipa "Ragnvald Jarl" og "Sigurd Jarl" flagsmykka frå dekk til topp. Røystelokalet hjå lensmann Dræge vart opna klokka 12 med tre skot som turistskipa kvitterte for. Lensmannen opna røystinga med å minna om kva røystinga hadde å seia for land og folk. Etterpå song forsamlinga ståande "Gud signe vårt dyre fedreland. Utanlandske turistar, - engelske, tyske og svenske, samlast utanfor røystelokalet og fylgde interessert med. Fleire engelskmenn uttalte at folk "overalt i England" hadde sympati for fridomsarbeidet i Norge. Klokka 13.00 markerte tre nye skot at røystelokalet var stengt. Under leiing av sersjant Hatlelid gjekk folket i tog under flag og med røystestyret i spissen ned til dampskipsbryggja. Der vart kommandert "holdt!" og så lydde "et kraftig, nifoldigt Hurra (..) for et frit og sælvstændigt Norge! Dagen slutta med festleg samkome ved "M. Hansens Hotell", der det var song, talar og servering av "Kaffe og Thebrød." 13. august i "Vangen hovedkirke" Folk frå Undredal og Flåm røysta i kyrkja på Vangen. Dagen var godt førebudd, skreiv L.S. Undredal, til Sogns Tidende, ikkje minst takka vere god innsats frå ungdommen saman med "andre av Aurlandsbygdi sine fremste". Før røystinga tok til, heldt sokneprest Juul tale for kring 700 tilhøyarar. Kyrkja var vakkert pynta med blomar og flagg, og på ein streng tvers over korkvelvingen stod fletta med furubar: "Frit Norge." På kvar side av kyrkjegardsporten var sett opp to graner. Røystinga byrja med salmen "Vor Gud han er saa fast en borg" og nasjonalsongane "Ja, vi elsker" og "Jeg vil værge mit land, og sist Blix si fedrelandssalme "Gud signe vaart dyre fedraland." Etter songen lydde 12 skot etter kvarandre. "Det vart heilt stilt i kyrkja", skreiv Underdal, "so ein mest kunde høyra kvarandres andadrag [og] taarorne rann nedyver kinni paa mange." Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk Resultatet av folkerøystinga i november for Aurland valsokn: 604 hadde røysterett. 446 (73,8 %) røysta. 408 røysta ja (91,5)%, (for kongedømme), 38 røysta nei (8,5%) (for republikk). Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507 (80,4%) røysta for kongedømme, 2 808 (19,6%) røysta for republikk. Resultatet for landet: 331 833 hadde røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189 (79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for republikk.

Side 6 av 7 Fleire festar for det nye kongehuset Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta. Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet. I Aurland ser det ut til at dei skipa dei til ikkje mindre enn to festar i høve kongeinntoget i hovudstaden, den eine laurdag 25. november, og den andre dagen etter. Vangens Hotell var vakkert pynta med flagg og grønt og det var hengt opp bilete av kongen og dronning, regjeringa og Karlstad-delegasjonen. "Hotellet var i festskrud som aldrig før", skreiv signaturen "X" til Sogns Tidende. Dokter Mathisen heldt festtalen som hausta "stormende Bifald". Lensmann Ohnstad heldt ein "stø og kraftig tale for Kongehuset og gamle Norge", Thorstein Vangen talte for regjeringa og Johannes B. Vangen avslutta talarrekkja med tale for Grunnlova og Eidsvollmennene. Festen vart avslutta med eit "storartet Fyrværkeri fra Hotellets Park". På festen dagen etter, som ungdomslaget skipa til, var "Tilslutningen og Begeistringen (..) usædvanlig stor", vart det meldt til Sogns Tidende. Sokneprest Juul heldt festtalen og ungdomslaget sende telegram til kongeparet, jamvel på landsmål. Det hadde denne ordlyden: "Til dykkars Majastæter Kongen og Dronninga, Kristiania. Ungdomslaget i Aurland samla til stor folkefest sender Norges Konge og Dronning sine varmaste velkomsthelsingar. Styret". Folket i Gudvangen sende også helsingstelegram. Dei gjorde meir ut av innhaldet enn i nabobygda. Dei tok med dei mektige fjella i Nærøydalen i helsinga si. Kongeparet må ha lagt merke til dette. "Vi glæder os", stod det i takkehelsinga, "ved Haabet som selv engang at faa se Nærødalens vidtkjendte, storslagne Natur." Takkegudsteneste 7. desember Torsdag 7. desember 1905 - halvårsdagen for 7. juni - vart det halde takkegudsteneste rundt om i landet. Kyrkjedepartementet fastsette i rundskriv at dagens tekst skulle vera Salmane 118, vers 23-26, og det vart rådd til å bruka Blix si fedrelandssalme "Gud signe vårt dyre fedreland". Salmane 118, 23-24: Det er Herrens eige verk, underfullt er det i våre augo. Dette er dagen som Herren har gjort; lat oss jubla og gleda oss no! I Aurland var det gudsteneste i kyrkja på Vangen, og soknepresten noterte i dagsregisteret etterpå: "Takkefest i anledning halvaarsdagen for unionens opløsning

Side 7 av 7 og for afslutningen av aarets viktige begivenheder med valg af vor egen konge. Thema: Denne er Dagen som Herren har gjordt." Kongebesøk i Gudvangen sommaren 1906 Det kongelege håpet om sjølv å få sjå "Nærødalens vidtkjendte, [og] storslagne Natur" skulle gå i oppfylling på mindre enn eitt år. Torsdag 19. juli 1906 stod D/S "Mira" inn Nærøyfjorden med kongen og fylgjet hans om bord. Båten var komen til Balestrand dagen før og hadde lege i Vetlefjorden om natta. I Gudvangen vart kongeskipet helsa med dundrande salutt og på land venta ei mengd bygdefolk og ein heil del turistar. Kongen og fylgjet hans gjekk i land klokka tre, helsa folkemengda, og reiste deretter opp dalen til Stalheim. Dei kom ned att til Gudvangen om kvelden og reiste straks vidare mot neste reisemål: Hardanger. Besøket i Gudvangen var ein del av kroningsreisa frå Trondheim. Artikkelnummer: KAL/SFF-412.1421 Forfattar og datering: Hermund Kleppa, 2005. Prenta kjelder: Ohnstad, Anders: Aurland bygdebok. Fra 1835(til)1985. 1990. Indrelid, Svein: Aurland bygdebok. Soga om Flåm. Band 1. 2003. Sogn Ungdomslag 50 år. 1947. Sogns Tidende. 10.04, 23.05, 26.05, 18.08, 28.09, 29.09, 08.12.1905, 20.07.1906. Decoraposten.USA. 01.09, 31.10.1905. Uprenta kjelder: Statsarkivet i Bergen: Avskrifter av møteboka for valstyret i Aurland valsokn. Litteratur: Aurland har gode bygdebøker som skildrar tida kring 1905, fyrst og fremst Anders Ohnstad: Aurland Bygdebok 1935-1985, side 89-193, og Svein Indrelid: Soga om Flåm. 2003. Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no