Digitale mapper i norskfaget i lærarutdanninga



Like dokumenter
Nynorsk i lærarutdanninga 1. og 2. studieår, vurdering av eit opplegg knytt til skrivemappe på nynorsk

Gira på å skrive nynorsk i år. Mappeskriving og nynorsklæring. Modell med rom for skriving på nynorsk over lang tid

«Jeg har lært mye å skrive og» Skrivemapper i norskfaget i lærarutdanninga

Tilsynelatande nynorskundervisning eller reell opplæring?

Vurdering undervegs ein av dei største fordelane med mappeskriving

Kjenneteikn på måloppnåing i norsk

Å byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014

skriftlig eksamen i norsk

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?


Mappevurdering tilfeldig, tileigna eller tilpassa læring? Ein punktstudie

Valdres vidaregåande skule

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Frå novelle til teikneserie

mmm...med SMAK på timeplanen

2NK171-3 Norsk 2 i GLU 1-7

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

ÅRSPLAN I NORSK FOR 7. TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord. Veke MÅL (K06) TEMA INNHALD ARBEIDSFORM ANNA (Vurdering, læringsstrategi.

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

IKT-kompetanse for øvingsskular

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Til deg som bur i fosterheim år

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Halvårsplan, hausten 2011

Psykologisk førstehjelp i skulen

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord. Reflektera over eiga læring. Tekstsamling Språkboka s. 8-25

Årsplan i norsk for 5. og 6. klasse

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Profesjonsskriving på nynorsk

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Vekeplan 10. klasse. Namn:.. Veke Norsk: Eksamen / På nett. Matte Tal og algebra/eksamen. Samf: Geografi: Australia/Oseania. Eng.

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR


Samansette tekster og Sjanger og stil

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime

Informasjon til elevane

Studieplan 2016/2017

Årsplan i norsk for 6.kl

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

Emnerapport for FRAN 101 Fransk grammatikk Vår 2015

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Årsplan i norsk, 4. klasse,

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Skuleåret 2017/2018.

Retten til spesialundervisning

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Er endring mogleg? Personlege og yrkesprofesjonelle haldningar til nynorsk hos lærarstudentar i 2005 og i 2016

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Metodiske verktøy ved kursleiing

- kan lytta aktivt med ulike føremål: oppleving læring. - har delteke i dramatiseringar / skodespel

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Brukarrettleiing. epolitiker

Vurderingsrettleiing 2011

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

Studieplan 2015/2016

Årsplan i norsk, skuleåret

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Nynorsk er eit bokmål Stemmer om nynorsk frå lærarutdanninga ved Høgskolen i Oslo

Ny Giv. Namn: Elin Vestre Røkke. e-post: telefon: skule: Stordal barn- og ungdomsskule

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Psykologisk førstehjelp i skulen

«Jæ kke intrissert, ass» drammensdialekt som utgangspunkt for opplæring i nynorsk

Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng

DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Eit lærande utdanningssystem?

Refleksjon og skriving

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Emne: Norsk 1 (1-7) Kode: Studiepoeng: 30 stp Vedtatt: Vedtatt av avdelingsstyret i møte 25. mai 2010 (asak 20/10)

2NK27 Norsk. Emnekode: 2NK27. Studiepoeng: 30. Språk. Forkunnskaper. Læringsutbytte. Innhold. Norsk. Ingen

FYR oktober Britt Iren Nordeide, Sogn og Fjordane. Tomas Bjørnstad, Østfold. Ingrid Metliaas

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Transkript:

Digitale mapper i norskfaget i lærarutdanninga Sluttevaluering og læringsreiskap

Digital skrivemappe på nynorsk frå studieåret 05/06 Nynorsk og bokmål som jamstilte målformer i norskfaget i lærarutdanninga fiksjon eller realitet? Forsøk på realisering av jamstillinga ved: utvikling av skriftleg kompetanse i nynorsk - utvikling av didaktisk kompetanse/sidemålsdidaktikk eksamensevaluering/sluttevaluering av eigenkompetanse i skriftleg nynorsk som likeverdig med eigenkompetanse i skriftleg bokmål som del av karakteren i Norsk 1.

Lærarstudenten i materialet Studentar hausten 2005, 8 klassar. 96,1% bokmål som hovudmål 3, 9% nynorsk som hovudmål. I 3 av dei 8 klassane var det berre studentar med bokmål som hovudmål. Det vil seie at ca. 269 av ca. 280 studentar berre hadde hatt nynorsk som sidemål i skolen.

Eksamensevaluering for Norsk 1 (A05 - dd) 3 deleksamenar 1.Mappeeksamen, 1. studieår (7 stp) Digital arbeidsmappe med 5 tekstar i ulike sjangrar, ein av desse er responstekst til medstudent. Lærarrespons på 3 av tekstane. Digital vurderingsmappe med 4 tekstar, tre frå arbeidsmappa og ein refleksjonstekst Alle tekstane i mappa er på nynorsk. (Mål utvikling av eigenkompetanse i nynorsk) 2. Skriftleg eksamen (6t) på bokmål (7 stp) 3. Munnleg eksamen (7 stp)

Medstudentrespons tekst i arbeidsmappa Digitale merknader Responstekst Kriterium for responsteksten: Sakprosatekst basert på responsen til ein tekst om barne- og ungdomslitteratur. Vurdering på makronivå og mikronivå. Omfang: Om lag 2 sider

Refleksjonsnotat tekst i vurderingsmappa Teksten skal skrivast i etterkant av arbeidet med tekstane som skal i vurderingsmappa. Her forklarer du kvifor du valde dei tre tekstane, og du peikar på utfordringar i tekstane og på kva du har lukkast med i arbeidsprosessen. Omfang: Om lag 2 sider (ingen respons før sensur av vurderingsmappa).

Kompetanse i skriftleg nynorsk (etter første studieår) Sluttkompetanse i skriftleg nynorsk (ekstern sensur) Eksamensresultat 2006 og samanlikna med resultatet frå 2005 og 2004. Kvalitative vurderingar av kompetanse: Refleksjonar om læringsutbytte - basert på det studentane sjølve seier (elektronisk evaluering m/fritekstsvar haust og vår), refleksjonsnotat, intervju med utvalde studentar. Analyse av tekstforandringar (mikro - og makronivå) i arbeidsprosessen

Sluttkompetanse alle tekstane på nynorsk: karakterfordeling for A05 (vår 2006) (78 % bestått og 22 % stryk)

Sluttkompetanse 2 tekstar på nynorsk, 2 på bokmål: karakterfordeling A04 (vår 2005) (87 % bestått og 13 % stryk)

Sluttkompetanse 2 tekstar på nynorsk, 2 på bokmål: karakterfordeling for A03 (vår 2004) 87 bestått og 13 % stryk

Samanlikning mellom resultata 2004, 2005, 2006 og 2007 140 120 100 80 60 40 2004 2005 2006 2007 20 0 A B C D E

Tydeleg forskjell mellom resultata 2004/2005 og 2006 Sterkare polarisering i 2006: Fleire studentar får A enn i dei to andre åra. Fleire studentar stryk enn i dei to andre åra. Tendensen til opphoping rundt karakteren C er svekka.

Kva meiner studentane sjølv om læringsutbyttet? Har dei lært å skrive nynorsk gjennom arbeidet med skrivemappa? Samla svarer studentane eintydig ja på dette spørsmålet. Den elektroniske evalueringa vår 2006: 85% av studentane var heilt einige eller ganske einige i denne påstanden: Arbeidet med skrivemappa hjelper meg til å skrive bedre nynorsk. Refleksjonsteksten i skrivemappa Studentintervju

Mappeskriving ein god læringsmetode, men Studentane har kritiske innvendingar på to felt: Respons og tidsbruk. 1.Felles oppfatning hos studentane: Responsen er avgjerande for utviklinga av tekstane: Nokre studentar ønskjer meir, hurtigare og betre respons frå faglærar. Nokre er kritisk til studentrespons, dei likar ikkje å gje slik respons og meiner at dei ikkje lærer noko av å gje respons sjølv. Respons til medelev synes jeg ikke om..

For mykje arbeid over for lang tid.. 2. Mappeskriving er for arbeidskrevjande. Arbeidet tar for mykje tid, også frå andre fag. Det har vært altfor mye å gjøre i forhold til mappa. Dette har gått ut over andre fag, og gjort at jeg har hatt en negativ holdning til mappa gjennom hele året. 3. Arbeidet med tekstane i mappa går over for lang tidsperiode (eitt år). For min del ville nok det heile fungert betre om tidsaspektet hadde vore korta ned, slik at det hadde vore lettare å få sjå ein heilskap frå starten av.

Arbeidstid brukt på pedagogikk, norsk og matematikk våren 2006 Pedagogikk 15 stp: 37,3% - 30% (av studiet) Norsk 15 stp: 33,1% - 30% (av studiet) Matematikk 15 stp: 21,6% - 30% (av studiet) KRL 10 stp:14,8% - 10% (av studiet)

Analyse av endringar på mikronivået Kan læring dokumenterast? Systemisk-funksjonell grammatikk som utgangspunkt for analysen av tekstane (på tekstnivået). Mikronivået strukturelle val bestemt av regelverket i nynorsk. Vala er bestemt av grad av meistring av nynorsk formverk og frasestruktur/stiltrekk. - 6 mapper med karakteren A - 1 mappe med karakteren F

Utvikling på mikronivået for 6 studentar sensurert til A Meistring av nynorsk rettskriving, ordval, bøyingsformer og uttrykksmåte Alle studentane som fekk A, har færre feil i innlevert tekst enn i den første versjonen av teksten. (Tre av studentane har ingen ortografiske feil i innlevert tekst.) Refleksjonsteksten i vurderingsmappa er feilfri for tre av studentane. Dei andre har få feil (max 4). Felles for desse studentane er at dei ikkje gjentek feil som tidlegare er retta, i refleksjonsnotatet. (Alle desse studentane endrar også på tekstnivå. Ein endrar teksten globalt, innhald og struktur. Dei andre har mindre lokale endringar.) Desse studentane skriv eit meir feilfritt nynorsk.

Eg fann språket mitt på nynorsk.. A 3 (m): Når eg vurderer tekstene formativt, altså vurderer arbeidsprosessen med tekstene, ser eg at språket har forandra seg frå første til siste tekst. Det var ei stor utfordring å skrive nynorsk igjen, og eg var i begynninga heilt avhengig av ordbøker og språkrådet sine nettsider.( ) I denne teksta (om fagartikkelen) trur eg at eg fann språket mitt på nynorsk. Eg har bokmål som skriftlig hovudmål, og eg bestemte meg her for å legge nynorskspråket så nære mitt naturlige skriftspråk som mulig.( ) Når eg vurderer tekstene summativt, ser på tekstene som sluttresultat, så er det ikkje uventa både likskap og ulikskap mellom dei. Språklig er det ulikskap tekstene i mellom. Fagnotatet er skrive på bakgrunn av hovudforma, mens dei andre tekstene er meir prega av klammeforma. Bruk av klammeforma gjorde skriveprosessen enklare, da eg føler at ho ligger meir naturlig for meg. Eg kunne i større grad bruke kreftene på det faglige. Slik fikk eg betre flyt, både på makro- og mikronivå.( ) Eg synes språket mitt er formelt, kanskje for formelt. Samtidig meiner eg at oppgåvene til tekstene eg har valt fordrar til eit formelt språkbruk. Å skrive eit fagnotat, ein artikkel og ein elevtekstanalyse er, i mine auge, avhengig av eit formelt språk for å underbygge teoriar og fagstoff. Eit refleksjonsnotat er litt annleis, her skal det i større grad komme fram subjektive refleksjonar over eige arbeid. Grunnen til at eg har valt dei tekstene eg har gjort, er nettopp fordi dei skal være formelle og med faglig tyngd.

Utvikling på mikronivået hos ein student med F ved ekstern sensur. Arbeidsmappa: 1707 ord, 141linjer i 9 avsnitt. Av desse viser 101 ordformer/fraser brot på nynorsk formverk og syntaks. Vurderingsmappe 1 (F): 1706 ord og 138 linjer i 9 avsnitt. 59 ordformer/fraser viser framleis brot på nynorsk formverk og syntaks. Vurderingsmappe 2 (bestått): 1701 ord og 138 linjer i 9 avsnitt. 13 ordformer/fraser viser framleis brot på nynorsk formverk og syntaks. Hovudendringa av teksten er gjort på mikronivået. Over halvparten av feila er blitt ståande ved innlevering av vurderingsmappa. Refleksjonsteksten har 42 feil. 10 av desse er feil som tidlegare er retta. Denne studenten har også færre feil, men har ikkje lært nok til å meistre nynorsk rettskriving og bøyingssystem. (Ekstern vurdering ikkje- bestått) Gjeld dette spesielt for denne studenten? Gjeld dette for studentar som stryk?

Kvifor? Studenten svarar sjølv. Frå refleksjonsnotatet (F1): For min del ville nok det heile fungert betre om tidsaspektet hadde vore korta ned, slik at det hadde vore lettare å sjå ein heilskap frå starten av. ( ) Når det gjelder mappevurdering generelt, synes jeg dette er et bra prosjekt. Men pga at vi har hatt liten tid til tilbakemelding og fått respons et halvt år etter innlevering så har ikke dette gitt uttelling for min del.

Kvifor? Alternativ 1: Manglande motivasjon Studenten er ikkje motivert nok for å bruke den tida det tar eller det arbeidet som må til for å setje alle enkeltkommentarane inn i eit system, d v s han tar seg ikkje bryet med å kategorisere merknadene og samle dei som delar av eit system.

Alternativ 2: Manglande kunnskap Studenten er motivert for å skrive rett og vil gjerne arbeide med dette, men manglar tekstkunnskap og grammatisk kunnskap til å kunne kategorisere og systematisere responsen. Han får heller ikkje nok støtte og hjelp til slik kategorisering frå kommentarane, korkje frå medstudent eller lærar.

Alternativ 3: Ein kombinasjon av dei to første alternativa? Dreier det seg i siste instans om eit metaspråkleg medvett som denne studenten ikkje har utvikla enno? Eit medvett om språk (generelt) og eige utgangspunkt (spesifikt) og ein vilje til systematisk arbeid med skriving?.. nødt til å foreta noen avgjørelser som de før kunne unnvike. Da utløser de noen logiske ressurser i sin egen språkfølelse: Å skrive grammatisk konsekvent er å tvinge tanken til konsekvens. Anders Johansen: Samtalens tynne tråd. Skriveerfaringer 2003: 38 Studentane må i større grad bevisstgjerast i det å tenkje språksystem og kategori. (Stauri Språknytt 2001 1-2

Sentrale element i læringsprosessen Respons frå lærar, digitale merknader og oppsummerande vurdering på tre av tekstane i arbeidsmappa Respons frå medstudent, digitale merknader og oppsummerande vurdering som responstekst Eige arbeid med tekstane Respons til medstudent, digitale merknader og oppsummerande vurdering på ein tekst i arbeidsmappa Refleksjonsteksten Denne forma for refleksjon har som mål å generalisere skriveerfaringar slik at skrivaren har ein slags prototypiske modellar for skriving som kan utnyttast i nye skrivesituasjonar. (Reflection in presentation (Yancey)

Ulike typar (lærar)respons til mikronivået (digitale merknader) Respons med grammatisk forklaring på feilen Respons i kontrastivt perspektiv (til bokmål) Respons ved hjelp av ulik fargemarkering av feilen. (Fargebruken viser til ulike feilkategoriar, som feil substantivbøying, verbbøying, bokmålsord, ol ) Respons med beskjed om å bruke ordliste (oppslagsord oppgitt) Respons ved hjelp av rett form/rette former i merknaden (ord, bokstav eller bøyingsform) Respons som sletting av feil form, innskriving av rett form Stort samsvar mellom den responstypen studentane sjølv har fått og den dei brukar i eigen respons til medstudent.

Respons til medstudent som digitale merknader Alle studentane som fekk grammatiske kommentarar eller forklaringar, gir også slike som medstudentrespons Men dei grammatiske kommentarane er få i forhold til andre: 12 av 116, 3 av 61, 4 av 113 Rett form og sletting dominerer i responsen gitt som digitale merknader til medstudent. (A - gruppa) Dette gir ikkje nok støtte til systematisk læring.

Responsteksten stimulering til utvikling av systematisk kunnskap eller generell vurdering? A 5 (k): Du skriv lett forståeleg med enkle setningar. Du har ei tung setning i delen om synsvinkel og språk, som kan delast opp. (Sjå merknad) Nynorsken din er bra. Du har få feil. Dei fleste substantiv og verb er bøyde riktig. Nokre få skrivefeil. (Sjå merknader). Frå responstekst A 1 (k) A 3 (m): Du har nokre gjennomgangsfeil, mellom anna bruk av artikkel. I mange samanhengar der du nyttar artikkel, har du berre nytta hokjønn, sjølv om artikkelen peikar til eit han- eller inkjekjønnsubstantiv. Til dømes: ei alderdom skal vere ein alderdom. Grunnen til dette er den at alderdom er hankjønn. Det same gjeld ein måte og ein samtale. (Frå responstekst A 3 (m)

Didaktisk kompetanse i responsteksten Korleis skal medstudenten få vekk rettskrivingsfeila? Råd om tekststutvikling på mikronivået. Les over, rett slurvefeila, ver meir nøye med korrekturlesing Eg finn nokre få teiknsetjingsfeil samt nokre skrivefeil, men dette trur eg berre er slurv frå studenten si side. Det er nok lurt å lese over teksten nokre gonger med auge for slike feil før ein leverer teksten sin til vurdering. Lær deg..(bøyingsparadigme, syntaktiske reglar) Verbet å vere må du lære deg å bøye. Det er mykje brukt, men du har skrive det på bokmål. Også verba å synast, å finnast og å leve. Desse verba er ein gjennomgangsfeil i teksten din

Refleksjonsteksten Rituell oppsummering eller dokumentering av didaktisk kompetanse utvikla gjennom mappeskriving A1 (k): Det har vore ei bra oppleving, og eg trur det vil fungere også i grunnskulen. A 2 (k) : Responsarbeidet set i gong tankar i eit metaperspektiv, og ein vert i stand til å vurdere seg sjølv og andre. Det er viktig at elevane får lov til å vere med å utvikle tekstane sine samstundes som dei får sjansen til å evaluere seg sjølve. Vi som lærarstudentar må sjølvsagt ta del i og utføre denne arbeidsforma på lik linje med elevane i skulen.

Utviklingspotensiale for vår type Studentresponsen mappeskriving korleis gjere studentane i stand til å gje respons som stimulerer læring? (fagleg kunnskap og didaktisk kompetanse) Refleksjonstekstane og læringsperspektivet Frå rituell refleksjon til refleksjon som støttar læring Tidsforbruk for læraren Lærarane bruker framleis meir tid på respons og tilbakemelding enn det som er avsett.

Revisjonsforslag for responsteksten for 07/08 frå responstekst til refleksjon over mottatt respons Respons til sakprosatekst: Digitale merknader og ei halv side oppsummering Medstudent gir respons i elektronisk form ved hjelp av merknadsfunksjonen i word og verktøyet spor endringar. Responsgivaren skal kommentere det faglege innhaldet, framstilling og språk. Når det gjeld framstilling, sjå etter samanhengen i teksten. Når det gjeld språk, sjå etter ordval, setningskonstruksjonar, bøying, teiknsetjing, osv. I tillegg til desse kommentarane undervegs i teksten, skriv responsgivaren til sist ei kort oppsummering som er meint å fungere som ei rettleiing for medstudentens vidare arbeid med teksten (om lag ½ side). Responsgivaren skal skrive noko spesifikt positivt om teksten, stille spørsmål dersom noe er uklart og peike på trekk som kan utviklast. Mappetekst 4 Ein refleksjon over responsen frå ein medstudent. Sakprosatekst basert på kommentarane til teksten om barne- og ungdomslitteratur Denne teksten gir deg høve til å vise korleis du oppfattar den responsen medstudenten din har gitt deg, både når det gjeld kommentarar til innhaldet, til språkleg framstilling, til samanheng i teksten på makronivå og til formelle sider ved teksten på mikronivå. Her er det med andre ord opna for at du kan reflektere over kva du synest er konstruktive kommentarar til teksten din, og kva du eventuelt er usamd med responsgivaren i. Omfang: 2 sider

Forslag til revisjon av refleksjonsnotatet Refleksjonsnotat Omfang: 2 sider for 07/08 I refleksjonsnotatet presenterer du tekstane i vurderingsmappa, og du grunngjev valet. Du fortel om skriveprosessen og arbeidet med emna som tekstane speglar. Kva har vore utfordrande i skriveprosessen? Kva for erfaringar var nye for deg? Korleis har du utvikla den generelle skrivekompetansen og nynorskkompetansen din gjennom arbeidet med dei fem tekstane[1]? Kva for kvalitetar meiner du at kvar enkelt av dei ferdige tekstane har? Reflekter rundt desse spørsmåla. Skriv deretter kort om ditt syn på mappevurdering i norsk i lærarutdanninga og i grunnskolen. Kva vil du ta med deg til arbeidet som lærar i grunnskolen? Grunngjev synspunkta dine med faglege argument. [1] Studentar som har fritak frå nynorsk, skriv om korleis dei har utvikla skrivekompetansen generelt.