Formelle vedtak i kommunestyra 21. juni 2017 i hht. 25 i inndelingslova for etablering av nye Ålesund kommune Felles innleiing i sak 1 til 5 Bakgrunn for saka: Stortinget fatta vedtak om samanslåing av nye Ålesund kommune den 8. juni 2017 ut i frå Prop. 96 S (2016 2017) Endringer i kommunestrukturen. Etter at Stortinget har fatta vedtak om samanslåing, skal fylkesmennene skal snarast mogleg kalle saman til eit felles møte med dei aktuelle kommunestyra. Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil kalle inn til felles kommunestyremøte 21. juni 2017 for kommunane Ørskog, Skodje, Ålesund, Haram og Sandøy. Dette skal vere eit felles kommunestyremøte for å drøfte 25 i inndelingslova (sjå punkt under). Det skal ikkje treffast vedtak i felles kommunestyremøte. Møtet er av prosessleiande karakter. Drøftingspunkta i fylkesmannen sitt fellesmøte 21. juni må følgjast opp med vedtak i kvart enkelt kommunestyre like i etterkant. Det vert derfor gjennomført fem separate kommunestyremøter i forlenging av fellesmøtet 21. juni (same dag). Her skal kvart kommunestyre formelt handsame dei ulike drøftingssakene. Det er avgjerande at vedtaka i dei fem kommunestyra vert likelydande. Opplistinga under, jf. 25 i inndelingslova, er eit minstekrav til tema kommunane skal drøfte i fylkesmannens felles møte, for så å handsame dei formelt i kvart kommunestyre: 1. Forslag til namn på den nye kommunen 2. Talet på medlemmer i det nye kommunestyret 3. Kriterium for samansetjing av og funksjonar til fellesnemnd etter 26 i inndelingslova 4. Val av revisor for verksemda i fellesnemnda 1 5. Oppretting av eventuelle andre fellesorgan for å sikre gjennomføringa av samanslåinga Arbeidsutvalet i prosjektet for etablering av nye Ålesund har utarbeidd dette saksgrunnlaget. Det er viktig med tidleg involvering. Ordførar og rådmann i kvar av kommunane er derfor bedt om å legge opp til ein dialogprosess om desse sakene i løpet av mai/juni 2017. Jamfør utheva tekst over skal det ikkje fattast formelt vedtak i desse sakene før 21. juni, men det er viktig at dei fem kommunestyra har hatt tilstrekkeleg tid til å ha dialog om/diskutere sakene, og er omforeinte om framlegg til vedtak innan 21. juni 2017. 1 Inndelingslova ( 26, 5. ledd) sitt krav om kontrollutvalet si innstilling ved val av revisor og kontrollutvalsekretariat, gjeld for den nye kommunen. Tilsvarande krav gjeld ikkje for verksemda i fellesnemnda, men kontrollutvala vil likevel handsame denne saka. Saka er sendt til kontrollutvalsekretariatet.
Sak 1: Namn på den nye kommunen Denne saka er knytt til pkt. 1 i opplistinga: Namn på den nye kommunen Saksopplysningar: Det går fram av kommunelova 3 at det er Kongen i statsråd som vedtek namn på den nye kommunen. Det vert lagt stor vekt på kommunane sine ønsker. Namnet på den nye kommunen må vere unikt, dvs. eit namn som ikkje er i bruk av andre kommunar. KMD kan be Språkrådet om uttale til det nye kommunenamnet. I Intensjonsavtale om nye Ålesund kommune inngått mellom forhandlingsnemndene i kommunane Haram, Sandøy, Skodje og Ålesund 15.06.2016 framgår det av pkt 2: Namnet på den nye kommunen blir Ålesund. Det vert som nemnt gjennomført separate kommunestyremøte for kvar enkelt kommune i forlenginga av fylkesmannen sitt fellesmøte. Desse kommunestyremøta må fatte likelydande vedtak om namnet på den nye kommunen. Det skal opplysast om namnet i søknaden om Kongeleg Resolusjon. Intensjonsavtalen har slått fast at namnet på den nye kommunen skal vere Ålesund. kommunestyre vedtek at namnet på den nye kommunen er: Ålesund kommune
Sak 2: Tal på medlemmar i det nye kommunestyret Denne saka er knytt til pkt. 2 i opplistinga: Talet på medlemmar i den nye kommunen Saksopplysning: Det følgjer av kommunelova 7 nr. 2 korleis talet på medlemmar i det nye kommunestyret skal fastsettast. Tal på medlemmar i kommunestyret skal være eit ulike tal, med eit minimumstal ut frå innbyggartal: INNBYGGJARTAL I KOMMUNEN MINIMUM MEDLEMMAR I KOMMUNESTYRET INNTIL 5000 11 medlemmar FRÅ 5000 TIL 10 000 19 medlemmar FRÅ 10 000 TIL 50 000 27 medlemmar FRÅ 50 000 TIL 100 000 35 medlemmar FRÅ 100 000 43 medlemmar I Intensjonsavtale om nye Ålesund kommune inngått mellom forhandlingsnemndene i kommunane Haram, Sandøy, Skodje og Ålesund 15.06. 2016 framgår det av pkt 6.3.2: Kommunestyret er det overordna politiske organet i kommunen og skal kan ha inntil 77 medlemer. Fellesnemnda skal gi innstilling om talet på representantar i det nye kommunestyret. Dersom vi går ut frå ein folkevald representant per tusen innbyggjar i kommunen, vert det 65 representantar i kommunestyret for nye Ålesund. Dette med utgangspunkt i at kommunane som inngår i nye Ålesund pr. 1.1.2017 har eit innbyggjartal på om lag 65.000. Det vert som nemnt gjennomført separate kommunestyremøter for kvar enkelt kommune i forlenginga av fylkesmannen sitt fellesmøte. Desse kommunestyremøta må fatte likelydande vedtak om talet på kommunestyremedlemmar i det nye kommunen. Det skal opplysast om talet i søknaden om Kongeleg Resolusjon. For noverande Ålesund kommune i dag er det 49 medlemmar i ein by med om lag 47.000 innbyggjarar, dette er i overkant av ein folkevald per tusen innbyggjar. Tabellen under viser at kommunar av likande størrelse med nye Ålesund, mellom 54.678 og 73.480, har over tusen innbyggjarar per folkevald. Kommunar av liknande størrelse som nye Ålesund Innbyggjartal 2016 Innbyggjartal delt på tal på folkevalde i kommunestyret Tal på innbyggjarar per folkevald Tromsø (noverande) 73.480 73.480/43 1799 Drammen 67.875 67.875/49 1385 Nye Sandefjord 61.600 61.600/57 1081 Asker (noverande) 60.106 60.106/47 1279 Sarpsborg 54.678 54.678/43 1272 Gjennomsnittleg tal på innbyggjarar per folkevald 1363
Kommunestyret for nye Ålesund må ha mellom 35 og 77 medlemmar. Med utgangspunkt i ein folkevald per tusen innbyggjar, vert det 65 medlemmar i det nye kommunestyret. kommune vedtek at kommunestyret i nye Ålesund skal kan ha 65 medlemmar.
Sak 3: Reglement og mandat for fellesnemnda Denne saka er knytt til pkt 3 i opplistinga: Kriterium for samansetjing av og funksjonar til fellesnemnd etter 26 i inndelingslova Saksopplysningar: Av inndelingslova 26, 1. ledd følgjer det: Ved samanslåing av kommunar eller fylkeskommunar og ved deling som nemnt i 3 andre ledd bokstav b skal det opprettast ei fellesnemnd til å samordne og ta seg av førebuinga av samanslåinga eller delinga. Øvrige fullmakter for fellesnemnda må vedtakast i dei respektive kommunestyra, jfr. inndelingslova 26, 4. ledd: Andre arbeidsoppgåver og fullmakter for nemnda blir fastsette i reglement som må vedtakast i alle kommunestyra eller fylkestinga. Intensjonsavtalen mellom kommunane som dannar nye Ålesund kommune kap. 9 set også rammer for kva fellesnemnda skal vere. I tillegg til reglement og mandat for fellesnemnda, skal det også fattast vedtak om eit godtgjerslereglement for arbeid i fellesnemnda sine med vidare. Dette vert førelagt kommunestyra i eit seinare høve. Inndelingslova inneheld reglar om fullmakter og mandat for fellesnemnda. Erfaring frå andre kommunesamanslåingsprosessar tilseier at fellesnemnda bør få vidare fullmakter enn det som følgjer som eit minimum av inndelingslova. Dette for å sikre ein effektiv prosess. Dersom fellesnemnda ikkje har fullmakt til å fatte vedtak i ei sak, er det dei fem noverande kommunestyra som må fatte likelydande vedtak. Dette er kan bli krevjande saksbehandlingsog vedtaksprosessar i perioden fram mot nytt kommunestyre i 2020. Vedlegg: 1. Framlegg til reglement og mandat for fellesnemnda. xxx kommunestyre godkjenner reglement og mandat for fellesnemnda slik det ligg føre i saka.
Sak 5: Oppretting av andre fellesorgan i tillegg til fellesnemnda Denne saka er knytt til pkt 5 i opplistinga: oppretting av eventuelle andre fellesorgan for å sikre gjennomføringa av samanslåinga Saksopplysningar: I framlegg til «Mandat og reglement til fellesnemnda» (vedlegg i sak 3), er det i kapittel 2, pkt. 5 og 6 gjort framlegg om å opprette både arbeidsutval og partssamansett utval. Desse fellesorgana er også omtala i Inndelingslova 26. Inndelingslova 26, 6. ledd skriv følgjande om arbeidsutval: Fellesnemnda kan gi et arbeidsutvalg myndighet til å gjere vedtak i enkeltsaker eller i saker som ikke er av prinsipiell art. Det vert gjort framlegg om at å opprette eit arbeidsutval for fellesnemnda i «Mandat og reglement for fellesnemnda» kapittel 2, pkt. 5: Ordførarane utgjer fellesnemnda sitt arbeidsutval, jfr. inndelingslova 26, 6. ledd. Varaordførar er vara for ordførar. Rådmennene deltek i møta i arbeidsutvalet. Arbeidsutvalet skal fastsetje agenda for møta og førebu sakene til fellesnemnda. Arbeidsutvalet innstiller til fellesnemnda.» Inndelingslova 26, 2. ledd skriv følgjande om partssamansett utval: Kommunane ( ) kan også opprette eit felles partssamansett utval etter kommunelova 25 for behandling av saker som gjeld forholdet mellom den nye eininga som arbeidsgivar og dei tilsette. Det vert gjort framlegg om at å opprette eit arbeidsutval for fellesnemnda i «Mandat og reglement for fellesnemnda» kapittel 2, pkt. 6: «Det skal opprettast eit partssamansett utval, jfr. inndelingslova 26, 2. ledd, som skal handsame saker som gjeld forholdet mellom arbeidsgjevar og dei tilsette. Hovudverneombod og tillitsvalde skal delta her saman med representantar for arbeidsgjevar. Utvalet skal gi uttale i saker som vedkjem overordna personalpolitiske spørsmål, retningsliner og planar i samband med kommunesamanslåinga.» Intensjonsavtala mellom kommunane i nye Ålesund slår fast at det skal opprettast eit partssamansett utval og rammene for dette, jamfør intensjonsavtalen kap. 6.5. og 10. For å få ein effektiv og forsvarleg prosess i etablering av ny kommune, er det også viktig å fortsetje med eit arbeidsutval og opprette eit partsamansett utval. Dersom kommunestyra vedtek framlegg til «Mandat og reglement for fellesnemnda», har ein gjennom dette også vedteke at det skal opprettast arbeidsutval og partssamansett utval. xxx kommunestyre vedtek at det vert oppretta eit arbeidsutval for fellesnemnda jfr. Inndelingslova 26, 6. ledd eit partssamansett utval, jfr. Inndelingslova 26, 2. ledd