Evaluering av museumsreforma for Møre og Romsdal. Rapport frå PricewaterhouseCoopers og kommentarar frå regionmusea.

Like dokumenter
Utval: Kultur- og folkehelseutvalet Møtestad: Møre og Romsdal Idrettskrets sine lokalar i Molde Idrettspark Dato:

Konsolidering av musea - kva er oppnådd?

Forvaltningsrevisjonsrapport FR 1/ Oppfølging av musea

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013

Forslag frå fylkesrådmannen

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi - vedtak.

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

Vågsøy kommune Rådmann

Revisjonsordninga i Møre og Romsdal fylkeskommune, invitasjon til samarbeid med Kommunerevisjonsdistrikt 2 om revisjon

Sikringskjøp av Kirkegata 1A i Ålesund til museumsformål

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

Deres ref Vår ref Dato 2008/04574 KU/KU2 SHA:amb

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Evaluering av museumsreforma

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

FUNKSJONSEVNE 18/004 ELDRERÅDET

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

8. Museum og samlingar

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Musea i Sogn og Fjordane Styremøte

Dykkar ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2013/917-9 Berit Lundeberg,

Kartlegging av rammevilkår

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet

Tilbakemelding til NOKUT sin tilsynsrapport - Tilsyn ved Fagskolen i Ålesund

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

7. Sterk auke i enkeltbesøka ved musea

Stordal kommune Servicekontoret

Tilbakemelding til forvaltningsrevisjonsrapporten "Norsk digital læringsarena (NDLA)"

Oppfølging av Regional plan for museum 2015

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Museumsreformens betydning for museene i Møre og Romsdal

SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Trygg og framtidsretta

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Resultat fra folkemøte 8. april 2015

UNIVERSITETET I BERGEN Universitetsmuseet i Bergen. Arkivkode: Styresak: 27/2012. Rekneskap Universitetsmuseet i Bergen per 31.

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

EVALUERING AV FESTSPILLENE I BERGEN SOM KNUTEPUNKT

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

Ekstern revisor - opsjon og ny konkurranse

-fl- P4AR HAIVIAR

Kommunale eldreråd i Møre og Romsdal

Regionrådsmøte ORKidé Nordmøre regionråd

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

A. Forskrift til opplæringsloven Høring på endringar (frå Utdanningsdirektoratet)

KOMMUNEREFORM 2016 INFORMASJON TIL INNBYGGARANE. Kvar står Hareid kommune om 20 år?

UngData Orientering om arbeidet med UngData, ved avdelingsleiar Rita Valkvæ, Kompetansesenter Rus Midt-Norge

7. Festivalar. Statistiske analysar 127 Kulturstatistikk ,5 millionar til musikkfestivalar

Innovasjonsmetoden vår

BRUKARUTVALET I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Eigarskap til museumssamlingar

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Ferjedrift Åfarnes-Sølsnes i perioda

Ad Hoc utval - Skuleutvalet

Engasjements- og eigarskapskontroll i Møre og Romsdal fylke

Sunnhordland museum og Stord maritime museum

Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Styret meiner at Møre og Romsdal med sine 450 fagskolestudentar er ei naturleg eining med tilstrekkeleg omfang til å stå på eigne bein.

BuskerudMuseene. Konsolideringsprosess

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Foreldreråd utan tilsette - Helland Barnehage 25. september 2012 kl

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

Kulturavdelinga og kulturfylket Møre og Romsdal

Saksframlegg. Konsolidering av museene i Sør-Trøndelag - Trondheim kommunes rolle i den videre prosessen Arkivsaksnr.: 03/10900

Forvaltningsrevisjonsrapport FR 4/2017: Ressursstyring av lærarar og bruken av overtid i Fagskolen

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden i Avslag i perioden i Laks og aure i sjø 22

MØTEPROTOKOLL STYREMØTE 5/2014 VED HØGSKULEN I VOLDA

«Nytt punkt: Fagskulen skal framleis ligge til fylkeskommunen/regionale nivå.»

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Stabbursberging på Åsen Bygdemuseum

Oppsummering etter fagdagar i bruk av pleie- og omsorgsmeldingar mellom helseføretak og kommunar i Møre og Romsdal

Museum Vest og Bergens Sjøfartsmuseum. Intensjonsavtale om konsolidering

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 22.05.2012 31426/2012 Jens Peter Ringstad Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet 06.06.2012 Evaluering av museumsreforma for Møre og Romsdal. Rapport frå PricewaterhouseCoopers og kommentarar frå regionmusea. Bakgrunn Den omfattande museumsreforma som Kultur- og kirkedepartementet lanserte gjennom St.melding 22 (1999-2000) er no gjennomført i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok i sak Ku-22/02 at fylkeskulturavdelinga skulle gjennomføre ein evalueringsrunde av reforma. Etter ein offentleg konkurranse blei det i november 2011 inngått avtale med PricewaterhouseCoopers AS (PwC) om gjennomføring av ei evaluering av museumsreforma i Møre og Romsdal. Fredag, 23.mars leverte PwC sin rapport etter avtale. Rapporten blei sendt ut til musea i fylket til orientering og eventuelle kommentarar. Kommunane i fylket fekk også kopi av rapporten tilsendt. Det har kome inn kommentarar frå dei tre regionmusea Stiftelsen Nordmøre Museum, Romsdalsmuseet og Stiftinga Sunnmøre Museum. Om St.meld.22 St.melding 22 (1999-2000) Kjelder til kunnskap og oppleving hadde mål om ei organisatorisk samordning av musea i Norge. Færre einingar organisert i lokale og nasjonale nettverk skulle føre til sterkare faglege og økonomiske einingar for handtering av museumsoppgåvene. Eit viktig mål var å behalde det frivillige engasjementet og lokalmusea som viktige arenaer for formidling innanfor den nye strukturen. Fylkeskulturutvalet har hatt ansvaret for konsolideringsprosessen i Møre og Romsdal. Allereie i 2001 starta arbeidet med å etablere tre regionale kulturhistoriske museum med utgangspunkt i 22 museumseiningar som til då hadde fått driftstilskot frå fylkeskommunen (og staten). Kva har PwC kome fram til. Den overordna konklusjonen frå PricewatwehouseCoopers si evaluering er at måla for museumsreforma i Møre og Romsdal er oppnådd. Det manglar framleis lokalitetar ved regionmusea på Nordmøre og i Romsdal som kan gi akseptable forhold for magasinering og formidling. Dette er dei to største brikkene som bør kome på plass. PwC peikar på at ein har klart å behalde det frivillige engasjementet kombinert med at ein har fått på plass ein ny organisatorisk struktur, ein større aktivitet og utvikling av musea sitt innhald. Musea har blitt styrka økonomisk, blitt meir profesjonelle aktørar og samarbeidspartar både fagleg og administrativt.

Side 2 I tillegg til nemnde manglande lokalitetar blir det peika på at det framleis er utfordringar når det gjeld etterslep på registrering, sikring og bevaring av gjenstandar. Formidlingsarbeidet derimot har hatt den mest positive utviklinga. PwC har utført evalueringa ved hjelp av innsamling av statistikkdata og dokumentgjennomgang, intervju og elektronisk spørjeundersøking. Meir enn 80% av dei som har svara på spørjeundersøkinga meiner at reforma har hatt ein positiv påverknad på museumsarbeidet i fylket. Statistikkdata og uttalar i intervjua støtter dette resultatet. Spørjeundersøkinga syner også at om lag 60 % opplever at museumsreforma har vore gjennomført på ein positiv måte i fylket. Ein har lukkast med å nå målet med å behalde desentraliserte formidlingsarenaer gjennom organisering av dei tre regionmusea med 30 avdelingar lokalisert til 23 av kommunane i fylket. PwC påpeikar at dei tre regionane hadde ulike utgangspunkt for reforma, noko som også har påvirka prosessen. Romsdalsmuseet var på mange måtar allereie konsolidert med ein sterk sentralfunksjon plassert i Molde. Sunnmøre Museum var også i utgangspunktet ein livskraftig institusjon med i hovudsak gode relasjonar til dei andre musea på Sunnmøre. Nordmøre hadde ikkje eit tilsvarande livskraftig museum å bygge regionansvaret kring og Nordmøre Museum hadde heller ikkje så sterke relasjonar til musea på resten av Nordmøre. På Nordmøre har ein derfor hatt ein lengre veg å gå for å kome fram til ein godtfungerande museumsregion. Når det gjeld struktur og organisering påpeikar PwC at ved Stiftelsen Nordmøre Museum har Geitbåtmuseet ei organisering som er ulik mønsteret. Geitbåtmuseet er ei eiga stifting med eige årsrekneskap, årsmelding, rekneskapsførar og revisor. Geitbåtmuseet har også arbeidsgivaransvar for tilsette ved avdeling Husasnotra. PwC peikar også på at sterke eigarstyre som ved enkelte høve overstyrer tilsette ved avdelinga er eit problem. Ei av avdelingane med sterkt eigarstyre vurderar å trekke seg frå konsolideringa. Det teke lang tid å få dei fylkesomfattande fellestenestene operasjonelle. Etter PwC si vurdering står det framleis att utvikling og tilpassing før tenestene er på plass. Ressursane er lite tilgjengelege, lokala er ikkje tilfredsstillande og oppgåvene er ikkje godt nok definerte. PwC har sett på utviklinga av økonomien ved musea i perioden 2001-2010. I denne perioden har dei offentlege løyvingane auka med 120 % og eigeninntektene auka med 44 %. Dette har ført til større handlingsrom og fagleg utvikling. Men musea gir uttrykk for at økonomien likevel ikkje strekk til å ivareta alle oppgåvene på musea. Dette fører mellom anna til at vedlikehaldet ikkje er ajour. Betre formidling har som nemnt vore eit viktig mål for reforma. PwC har funne at området har vore høgt prioritert i musea i Møre og Romsdal og musea er styrka som formidlingsarenaer. Talet på utstillingar og besøkstalet er fordobla. 227.000 personar besøkte dei kulturhistoriske musea i fylket i 2010. Berre 88.000 av desse var betalande. Auken av betalande er berre på 48% over dei siste 10 åra. Delen av besøkande som betalar varierer sterkt mellom regionane. Nordmøre har 19% betalande og Sunnmøre 54%. Dette påpeikar PwC som eit forhold som musea bør vurdere årsaka til og gjere tiltak til forbetringar av.

Side 3 Kommentarar frå regionmusea. Som nemnt blei evalueringsrapporten frå PwC sendt til regionmusea til orientering og eventuelle kommentarar. Det har kome inn kommentarar frå alle dei tre regionmusea. Stiftelsen Nordmøre Museum seier seg nøgd med at fylkeskommune har teke initiativ til å evaluere museumsreforma. Direktør Ståle Tangen peiker på at konsolideringa for Nordmøre inneheld ulike mål som ikkje er like lette å sameine. Han viser til at sjølvstendig, lokal museumsaktivitet med tilsette fysisk plassert på avdelingane kan vere vanskeleg å sameine med eit robust fagmiljø når ein har avgrensa med ressursar. Signala frå lokalmiljøa går i retning av ønskje om å oppretthalde desentralisert preg. Tangen tek opp spørsmålet om ikkje konseptet med fellestenestene også treng ei særskild evaluering. For avdeling Husasnotra under Geitbåtmuseet blir det understreka at drifta er verdifull, men at det er grunn til å evaluere den organisatoriske løysinga som er valt. Når det gjeld tilbod til publikum, har evalueringsrapporten mest fokus på besøkande til utstillingar og arrangement. Nordmøre Museum nemner at dei tilsette brukar mykje tid og ressursar på sørvis overfor kommunar og privatpersonar som huseigarar, slektsgranskarar, skoleelevar, studentar, turistar, produsentar av bøker, film/tv o.s.v. Slik aktivitet er ikkje alltid lett å måle. Stiftinga Sunnmøre Museum meinar fram for alt at det har blitt ein god å dekkjande rapport. Dei påpeikar ein del skrivefeil på museumsnamn under pkt.5.5 på side 18 i rapporten. Under pkt.5.7, nasjonale nettverk på side 20 meiner Sunnmøre Museum at nettverka er oppfatta feil. Det er sitatet: deltakelsen oppfattes i hovudsak å være hyggeleig kollegialt, men faglig sett møter det ikke forventningene som dei meiner er misvisande. Stiftinga Sunnmøre Museum har hatt stor nytte av dei faglege nettverka, men det er likevel viktig med styrking av økonomien for vidare utvikling. Romsdalsmuseet har lagt saka fram for sitt styre som sak 22/12 i møte 17.april. dei gjorde slikt samrøystes vedtak: Romsdalsmuseets styre mener rapporten gir et rimelig godt bilde av status og utfordringer, for både Romsdalsmuseet og de andre museene, etter museumsreformen. Fellestjenestene er nevnt som en ganske tydelig utfordring etter reformen, som ikkje fungerer godt nok. Romsdalsmuseet er enig i det, men etterlyser i tillegg meir utførlig omtale og analyse på følgende punkt: Kommentarer til bruk av de skriftlige spørsmålene Mer om reformen og museumsøkonomien Reformen og forsking/kunnskapsproduksjon (de 4 F-ene) En tydelig konklusjon for evalueringens sentrale tema Fylkeskultursjefen sin kommentar. Generelt. Etter mi vurdering har PwC skaffa seg god innsikt i museumslandskapet i Møre og Romsdal både når det gjeld situasjonen før konsolideringa, innhaldet i museumsreforma, prosessen under vegs og resultatet/ noverande status. Rapporten som ligg føre gir ei god oversikt og ei fagleg god vurdering. Hovudinntrykket frå evalueringsrapporten og kommentarane frå musea er tilfredsheit og semje om at vi har teke museumsvesenet i fylket inn i eit godt spor og at måla i museumsreforma er oppnådd.

Side 4 Her er framleis ein del som står att før reformoperasjonen er heilt gjennomført. Men det er i hovudsak semje om korleis dette skal løysast. Behov for lokalitetar. Fylkeskultursjefen er heilt innforstått med at Romsdalmuseet og Nordmøre Museum treng nybygg for formidling, magasin og administrasjon. Romsdalsmuseet har kome svært langt i si planlegging. Nødvendige vedtak om lokale og regionale midlar er no på plass og ein vonar at staten vil gjere vedtak om sin del av investeringa. I Kristiansund arbeider ein no med utvikling av planar om ei løysingar for magasin, utstillingar og administrasjon for museet i eit nytt Opera- og kulturhus. Husasnotra. Avdelinga Husasnotra under Geitbåtmuseet har fått spesiell fokus på grunn av si spesielle organisering. Dette er Stiftelsen Nordmøre Museum, Geitbåtmuseet og fylkeskommunen samde om treng ein gjennomgang. Det er allereie starta opp eit arbeid for å finne gode løysingar. Fylkesomfattande fellestenester. Fylkesomfattande fellestenester var eit viktig grep i reforma. Dette grepet ble valt på bakgrunn av at ein i staden for eit felles kulturhistorisk museum for heile fylket, laga ei tredeling samtidig som ein ikkje fann det føremålstenleg å bygge opp spesialkompetanse på alle felt i kvar av dei tre einingane, men såg at fellestenester kunne dekke nokre av spesialtenestene samtidig som dei vil kunne styrke samarbeidet i fylket som eining. Alle er samde om at tenestene har utvikla seg sakte og at det er behov for ein gjennomgang. Når det gjeld gjenstandskonservering, er det ei stor utfordring at Romsdalsmuseet ikkje har kome lenger med sitt nybygg som skal innehalde ein viktig konserveringsverkstad. Men konservator er tilsett, har kome godt i gang med arbeidet og det er laga til ein førebels verkstad på museet. For å ta betre hand om fartyvernet, var det viktig å ruste opp Mellemværftet i Vågen i Kristiansund. Dette arbeidet har no kome langt, men endå står det att restaurering av mellom anna ein slipp. Skal Mellemværftet bli det fartyvernsenteret reformen hadde ønskje om, vil ein trenge meir ressursar. Handlingsboren kunnskap er teke hand om på ein fagleg god måte gjennom Geitbåtmuseet og Husasnotra når det gjeld arbeid med tre som materiale. For andre handverk står det eit arbeid att. Det er mogleg vi treng ein gjennomgang for å klargjere tydlegare kva innhaldet skal vere. Formidlinga er godt teken hand om av Stiftinga Sunnmøre Museum. Men også her er det eit utviklings- og samarbeidspotensiale. Konklusjon. Evalueringa syner at målet i den planen som Møre og Romsdal fylkeskommune laga på grunnlag av St.meld.22 (1999-2000) er oppnådd. Museumsvesenet i Møre og Romsdal er omorganisert på ein tilfredsstillande måte, tilført nye ressursar og nettverk og løfta opp på eit høgare nivå. Den kursen som er utpeika og sporet som er lagt gir ei god retning for vidare utvikling. Forslag til vedtak: 1. Kultur- og folkehelseutvalet har tillit til at PricewaterhouseCoopers framstiller eit rett bilete av museumsvesenet i Møre og Romsdal i sin evalueringsrapport datert 15.mars 2012.

Side 5 2. Evalueringsrapporten syner at måla i St.meld.22(1999-2000) er oppnådd i Møre og Romsdal. Kultur- og folkehelseutvalet seier seg nøgd med eit slikt resultat. 3. Kultur- og folkehelseutvalet er kjent med at musea i fylket står overfor fleire utfordringar i åra framover i utvikling av god gjenstandshandtering, forsking, formidling og gode arbeidstilhøve for tilsette. Arvid Blindheim Fylkeskultursjef