1 Kortfatta samandrag I evalueringa av første revisjonsperiode med EmWeb som verktøy kom det fram eit ønske frå dekanane at det i større grad blei avklart ei rolle- og ansvarsfordeling for innhaldet i studie- og emneplanane. Dette er også ønskeleg frå studieadministrasjonen. I eit vedtak i strategisk studienemnd gjort 25.11.2015 vart det vedteken ei rollebeskriving. Dette dokumentet kan sjåst på som ei konkretisering og meir detaljert avklaring av denne rollebeskrivinga. Innhald Kortfatta samandrag... 1 Innhald... 1 1. Metode... 2 2. Teiknforklaring:... 3 3. Studieplan... 4 4. Emneplan... 7 5. Studiemodell... 11
2 1. Metode Alle felt i ein studieplan, ein studiemodell og ein emneplan er lista opp i det følgande. Det er tatt utgangspunkt i malen for studie- og emneplaner som ligg på nettsida til HVO, som er revidert. Ønsket er at ein vert einig om kva rolle og ansvar avdelinga og studieadministrasjonen skal ha for kvart felt. Formålet med dette dokumentet er fleire: 1. Tydeleggjere kva oppgåver som ligg til kvart enkelt ledd i arbeidsflyten. Kva må vere på plass før ein kan sende planen vidare og kva skal til for at ein sender ein plan tilbake i kjeda. 2. Gi mest mogleg rom for faglege vurderingar innanfor dei rammene som gjeld nasjonalt. (til dømes kvalifikasjonsrammeverket, UH-lova med meir.) 3. Effektivisere kvalitetssjekken av planane hos studieadministrasjonen slik at dei vert publisert i tide.
3 2. Teiknforklaring: ABCD = Standardtekst: Er ferdig utfylt i planen ABCD = Avdelinga: Siste sjekk før godkjenner vert gjort av avdelingane sjølv. Studieadministrasjonen les i utgangspunktet ikkje dette feltet i kvalitetssjekken. Om studieadministrasjonen heilt unntaksvis ser at det skulle vere behov for endringar på desse felta på grunn av bygging eller liknande omsyn, skal dette gjerast i samråd med avdelinga. ABCD = Studieadministrasjonen: Siste sjekk før godkjenner vert gjort av studieadministrasjonen. Studieadministrasjonen les desse felta. Som hovudregel tek ein person frå studieadministrasjonen kontakt med dei fagansvarlege før det blir gjort endringar, med unntak for ubetydelige endringar. ABCD = Godkjenner: Dette feltet skal fyllast ut av godkjenner Det er verdt å poengtere at det er avdelingane som eig planane og desse som har hovudansvaret for innhaldet i dei. Sjølv om eit felt er markert med blått, det vil sei at det vert sjekka av studieadministrasjonen, skal feltet også sjekkast av dei føregåande ledda i arbeidsflyten. Ein plan utan alle dei naudsynte felta utfylt skal ikkje sendast vidare frå avdelingsadministrasjonen, men sendast tilbake, eventuelt hjelpe tidligare ledd i å få planen ferdig. Studieadministrasjonen skal så langt det er mogleg halde seg til dei faglege vurderingane som er gjort. Unntaket frå dette er om det er regler, retningslinjer, rammeplanar, oppbygging av studiet i FS eller liknande som er avgjerande for innhaldet eller utforming av planen. Denne rolle- og ansvarsavklaringa går ikkje inn på korleis dei ulike rollene i arbeidsflyten på avdelingane (emneansvarleg, studieprogramansvarleg, avdelingsadministrasjon og godkjenner) er organisert. Dette er noko avdelingane sjølv organiserer slik det passer best. Ut frå evalueringane verkar det som det er ulike behov på avdelingane og difor ulike løysingar på korleis ein fordelar arbeidet mellom dei ulike rollane.
4 3. Studieplan 1. Tittel (obligatorisk) 2. Studieprogram Det er spelt inn til NorWeb om ein ved å velje studieprogram automatisk kan få opp tittel, namn og ein del andre felt, slik at dette ikkje trengs å fyllast ut. 3. Nynorsk, bokmål og engelsk namn 4. Studienivå Behov for å rydde litt i lista over val Studietype (obligatorisk) Behov for å rydde litt i lista over val Nedtrekksmeny med vala: Bachelorgradsstudium Mastergradsstudium Doktorgradsstudium Årsstudium Fordjupingsstudium (bachelornivå) Vidareutdanning (bachelornivå) Vidareutdanning (masternivå) Studieretning Valemner 5. Studiepoeng (ECTS) (obligatorisk) 6. Studielengde (obligatorisk) 7. Undervisningsorganisering (obligatorisk) Desentralisert Nettstudium Samlingsbasert Studiestad 8. Organisering Heiltid, deltid 9. Opptakskrav (obligatorisk) (opptaksansvarleg) 10. Om studiet (obligatorisk) Her skal de skrive ei generell skildring av det sentrale faginnhaldet i studiet: - fagleg innhald og profil (det særeigne) for studieprogrammet og om eventuelle studieretningar i programmet - kva kompetanse studiet gir i forhold til yrkesutøving og vidare studium.
5 11. Nasjonale føringar Berre for utdanningar som bygger på nasjonale rammeplanar/føresegner. Legg inn lenke til gjeldande nasjonal plan. 12. Læringsutbytte (obligatorisk) Standardtekst som er ferdig utfylt i planen: «I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:» Kunnskapar: Hjelpetekst: Forståing av teoriar, fakta, omgrep, prinsipp, prosedyrar innanfor fag, fagområde og/eller yrke. Ferdigheiter: Hjelpetekst: Evne til å bruke kunnskap til å løyse problem og oppgåver. Det er ulike typar ferdigheter kognitive, praktiske, kreative og kommunikative ferdigheiter. Generell kompetanse: Hjelpetekst: Å kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng. 13. Organisering og arbeidsmåtar (obligatorisk) 14. Studiemodell (obligatorisk) Sjå meir detaljert om studiemodell i slutten av dette dokumentet. 15. Krav til utstyr eller ferdigheiter 16. Krav om skikkavurdering og autorisasjon Skal fyllast ut der dette er eit krav, og det skal vere lenke til forskrift om skikkavurdering. 17. Praksis Skriv omfang på praksis og om den praktiske gjennomføringa 18. Internasjonalisering a) Dette er eit obligatorisk felt for alle gradsstudium. b) Gjeld omtale av studieturar, høve til utveksling eitt eller to semester, og/eller praksis i utlandet. c) Skriv om det inngår engelskspråklege emne i graden. d) Skriv om de har anbefalingar til partnaruniversitet. e) Internasjonalt kontor kan bidra til tekst. Det må i modellen gå fram moglege tidspunkt for utveksling. Dette er viktig for bygging av studiet i FS.
6 19. Kostnader Skriv om det er studieavgift (eigenbetaling), kostnader til ekskursjonar, feltopphald, materialpengar m.m. 20. Evaluering og kvalitetssikring (obligatorisk) Standardtekst som er ferdig utfylt i planen: Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid) 21. Studieplassar Budsjetterte studieplassar 22. Institutt 23. Fakultet 24. Studieprogramansvarleg (obligatorisk) 25. Avdeling 26. Dato for godkjenning (Godkjenner) Det er spilt inn til NorWeb om dagens dato og initialane automatisk kan dukke opp, slik at godkjenner slepp å fylle ut dette for kvar plan. 27. Ansvarleg (obligatorisk) Her skriv ein kven som er ansvarleg for studiet samt mailadresse og telefon til vedkommande.
7 4. Emneplan Skal ein opprette ein heilt ny emneplan må desse stega gjerast først: 1. Emnekode: Legg inn emnekoden og sjå at du får den opp i menyen. Dette forutsett at det er lagd en kode frå før. Ta kontakt med studie- og emneplanansvarleg om du ikkje finn koden din. 2. Undervisningssemester: 3. Rapporteringsprogram: Finn studieprogrammet i nedtrekksmenyen 4. Språk: VIKTIG! Om planen skal vere på Engelsk, må du huke av for dette her! Viss ikkje må ein lage ein heilt ny plan for at overskrifter skal bli på engelsk. 5. Bekreft emnekode Deretter kjem ein til det vanlege redigeringsvindauget for emnebeskrivelser: 1. Studienivå (obligatorisk) Nedtrekksmeny der ein vel: Grunnivå (bachelor), Fordjupingsnivå (bachelor), Masternivå, Doktorgradsnivå Hjelpetekst: Dette er kopla til Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) https://www.regjeringen.no/contentassets/e579f913fa1d45c2bf2219afc726670b/nkr.p df Vi nyttar Nivå 6 (1. syklus): Grunnivå krev normalt ingen forkunnskapar og Fordjupingsnivå krev min. 30 stp grunnemne, Nivå 7 (2. syklus): Mastergrad, Nivå 8 (3. syklus): Ph.D. 2. Forkunnskapskrav, emneliste: Her skriv du om det er konkrete emne som er forkunnskapskrav, til dømes TEST 101. 3. Krav til forkunnskapar Her skriv du om det er andre forkunnskapskrav som trengs, til dømes god engelskkunnskap. 4. Undervisningssemester (obligatorisk) 5. Eksamenssemester (obligatorisk) 6. Tal på semester Dette er spelt inn til NorWeb med ønske om eit felt der ein kryssar av for kor mange semester emnet skal gå over. 7. Undervisningsspråk 8. Om emnet (obligatorisk) Dette skal vere ei skildring av det sentrale faginnhaldet i emnet, gjerne med punktliste for faglege tyngdepunkt eller delar. Det gir god oversikt.
8 Læringsutbytte (obligatorisk) Standardtekst som er ferdig utfylt i planen: «I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:» Kunnskapar: Hjelpetekst: Forståing av teoriar, fakta, omgrep, prinsipp, prosedyrar innanfor fag, fagområde og/eller yrke. Ferdigheiter: Hjelpetekst: Evne til å bruke kunnskap til å løyse problem og oppgåver. Det er ulike typar ferdigheter kognitive, praktiske, kreative og kommunikative ferdigheiter. Generell kompetanse: Hjelpetekst: Å kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng. 9. Praktisk organisering og arbeidsmåtar (obligatorisk) Skriv om arbeids- og undervisningsformene, studietur m.m. 10. Vilkår for å framstille seg til eksamen (obligatorisk) Frammøtekrav: Hjelpetekst: Dersom det er krav til obligatorisk frammøte skal dette stå her. Skriv «Ingen» om det ikkje er lagt inn krav til obligatorikk. Les om frammøtekrav i forskrifta om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%c2%a74-6 Arbeidskrav: Hjelpetekst: Dersom det blir gitt arbeidskrav som vilkår for å kunne framstille seg til eksamen, skal dei/det krava/kravet stå her. Omfang på t.d. skriftlege oppgåve(r) skal vere oppgitt med talet på ord. Ver så tydeleg som mogleg. Skriv «Ingen» om det ikkje er lagt inn arbeidskrav. Les om arbeidskrav i forskrifta om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%c2%a74-7 11. Sensurordning Standardtekst som er ferdig utfylt i planen: «Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%c2%a75-11)»
9 12. Evaluering og kvalitetssikring (obligatorisk) Standardtekst som er ferdig utfylt i planen: «Fast tekst: Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)» 13. Minimumstal Legg inn kva som er minimum tal studentar for at emnet vert starta opp 14. Maksimumstal Legg inn kva som er maksimalt tal studentar det er kapasitet til på emnet 15. Pensum: Standardtekst som er ferdig utfylt i planen: Sjå pensumliste for emnet her. 16. Emneansvarleg (obligatorisk) 17. Studieavgift Gjeld eigenbetaling (studieavgift), dersom det er vedteke at dette skal gjelde for studieprogrammet, jf. forskrift 15. desember 2005 nr. 1506 om egenbetaling ved universiteter og høyskoler 3-2. Beløpet må gå fram her 18. Materialavgift Gjeld avgifter til læremiddel og andre materialkostnader knytte til undervisninga, jf. forskrift 15. desember 2005 nr. 1506 om egenbetaling ved universiteter og høyskoler 3-3. Beløpet må gå fram her 19. Rapporteringsstudieprogram (obligatorisk) Alle emne skal ha eit eigar-studieprogram. Utteljing for studiepoengproduksjon i eit emne er knytt til finansieringskategorien og -prosenten for dette studieprogrammet. 20. Emnet inngår i følgjande studieprogram (obligatorisk) Vel frå lista. Fleire val mogleg om ein hold shift-tasten nede og trykker med pila. 21. Institutt 22. Fakultet 23. Vurderingar Egen fane under sjølve planen. Vurderingsform Nedtrekksmeny med val: a) Gruppering Nedtrekksmeny med val: b) Varighet c) Varighetstype d) Karakterskala e) Andel: Om det er fleire eksamener angir ein her andelen mellom, eks 70 (%) f) Omfang:
10 Hjelpetekst: Omfang på skriftlege oppgåve (r) skal ein oppgi i tal på ord eller teikn med slingringsmon (anten om lag xx ord +/-xx% eller minimum xx ord maksimum xx ord). g) Hjelpetekst til vurderinger h) Tillate hjelpemiddel Hjelpetekst: Gjeld berre ved skriftleg skuleeksamen. Tillate hjelpemiddel skal også stå tydeleg på eksamensoppgåva.
11 Namn: 5. Studiemodell Studieprogram Institutt Fakultet Studiemodelltype Kull: Spilt inn til NorWeb om det kan stå kull + haust/vår, til dømes 2016 haust. Undervisningssemester Informasjon Forfattere Tabell for å legge til emna: Utveksling: Hugs å legge inn semester for mulig utveksling. Bruk standard kode: UTVEKSL30 og UTVEKSL60. Det oppmodast til å legge til rette for utveksling på alle studium. Dette er noko som NOKUT ser på i sine tilsyn med studietilbodet og truleg vil gi merknad på om det ikkje er omtalt i ein studieplan. Det viktigaste å sjekke i studiemodellen er at emna er lagt inn i det semesteret det skal gå, med dei studiepoenga dei skal ha. NorWeb har ein sjekk for dette, som for HVO sin del så langt ikkje har vært skrudd på. Det jobbast for å få på plass dette. Vidare må ein sjå at valemna er i kursiv (det får ein til ved å dra rada eit hakk mot høgre) og at det totale talet på studiepoeng vert rett for kvart semester.
12