IL Jotun Handball Senior Årsmelding 2013
ÅRSMELDING FOR 2013 HANDBALL SENIOR Kommentert [SV1]: Kommentert [SV2]: 1 STYRET SI SAMANSETNING 2 Leiar: Gunn Lerøy Sportsleg leiar/nestleiar: Torstein Kvam Styremedlem: Inge Lindborg Styremedlem: Kjell Ove Forthun 2 GRUPPER UTVAL KOMITEAR Sportsleg utval:olafur Sveinsson og Torstein Kvam. Basarnemnda: Kirsten Larsen med fleire. Ansvar for kiosk/lager/og kamparrangement på seniornivå: Kirsten Larsen. Reidun Myrland har bistått leiar med diverse økonomioppgåver. 3 MØTE, ARRANGEMENT OG ANDRE AKTIVITETAR Styremøte: Styret har hatt 7 møter i perioden frå februar 2013 februar 2014 Tal inntektsgjevande arrangement: Kamplotteri: Aldersbestemt organiserer kamplotteri i tilknytning til dei fleste 2. divisjonskampane, og inntektene frå dette lotteriet går til aldersbestemt handball. Basar: Den årlege basaren vart gjennomført i byrjinga av desember. Andelotteriet: Seniorspelarane saman med styret selde andelodd og trekning blei gjennomført i pausen under ein 2. divisjonskamp. Dette lotteriet gir gode inntekter. Privatsponsor: Det har vore seld ca. 60 medlemskap i scoringsklubben. Dei får gratis inngang til alle Jotun sine senior heimekampar. 2. juledagsturnering: Arrangert av J16/G16 i samarbeid med senior. Side 1
Aktivitetar: Handballskule: vart arrangert i skulane sin vintgerferie. Spelarar frå seniorlaga vart nytta som instruktørar. Hovudtrenar for 1. divisjon hadde laga det faglege opplegget. Om lag 30 ungar deltok. 4 SAKER OG SPONSORAR Økonomi: Ei satsing både på toppidrett og breidde for barn, unge og vaksne er krevjande økonomisk. Det er ei stor økonomisk utfordring å drive både toppidrett (1. -2 divisjons handball) og breidde-idrett. Styret har lagt ned store ressursar i arbeidet med økonomistyring og har jamleg utarbeida likviditetsoversyn for i størst mogleg grad å tidfeste innbetalingar og utbetalingar. Å»vippe» mellom 1. og divisjon er kostnadskrevjande, og til kvalikhelga i Tromsø gjekk det med ca kr. 60.000,- i kostnader til overnatting, reise etc. Fokuset er heile tida å ha ei nøktern linje. Alle kostnader gjennom året blir nøye vurdert, og ein har rimelege løysingar for reise og overnatting. Dette då vi har vore så heldige å hatt ressurspersonar som har bidrege til å få ned transportkostnadane i eiga gruppe. Nye draktsett: Blei kjøpt inn til 2. divisjonslaget før sesongstart senior. Sponsorar: Følgjande verksemder er IL Jotun Handball sine hovudsponsorar: Indre Sogn Sparebank (felles med hovudlaget) Årdal Energi KF (felles med hovudlaget) Årdalsnett (felles med hovudlaget) Klingenberg Hotel Sogn Avis Lerum Fabrikker Kleiven Sogn og Indre Sogn Bil er våre støttespelar. 5 TRENARAR/STØTTEAPPARAT/ORGANISASJON Jotun Handball er inne i sin andre sesong med Olafur A. Sveinsson som ansatt hovudtrenar. Torstein Egil Kvam er sportsleg leiar. 6 SPORTSLEGE RESULTAT Jotun kan syna til gode sportslege resultat i 2013 sjå eige vedlegg. Side 2
8 UTDANNING Hovudtrenar og sportsleg leiar har delteke på møte/samling i regi av Norges Handballforbund. 9 REPRESENTASJON Følgjande har møtt som utsendingar frå styret: Gunn Lerøy har vore representert i styret til NHF, Region Vest og har delteke på styremøter gjennom året. 10 ANLEGG Hovudarenaen for trening og kampar er Årdalshallen. Lydanlegget i Årdalshallen treng utskifting. Her har to eldskjeler; terje Solheim og Børre Øvstetun teke initiativ til innsamling Jotun er den 2. divisjonsklubben i landet som trekker mest tilskodarar til heimekampane. På 2. divisjonskampane har talet på publikum variert mellom 300 og 450 frammøte. Kioskfasilitetane i Årdalshallen bør utbetrast. 13 OPPGÅVER I ÅRET SOM KJEM Det er viktig å arbeide vidare med å utvikla handballgruppa som organisasjon. Det viser sg å vere utfordrande å få rekruttert inn nye medlemar til styret og til oppgåver rundt 2. divisjonslaget. I tillegg må det jobbast vidare med følgjande punkt: - Fornying av trenarkontrakt - Inntektsbringane tiltak - Ny Jotunbuss/transportløysingar - Haldningar og kommunikasjon (hjå trenarar, foreldre og spelarar) IL Jotun Handball ynskjer å takke sponsorar, gode støttespelarar, trufaste hjelparar og andre som har stilt opp i året som gjekk. Ein særskild stor takk til Kirsten Larsen for sin flotte innsats i Jotun handball. Skal me lukkast med vidare satsing på topp og breidde innan handballsporten i Årdal, er me heilt avhengige av dykk. I 2013 fekk handballgruppa til Jotun tildelt Årets arrangørpris på handballtinget. Det syner att mange set pris på den dugnadsinnsatsen som blir lagt ned her! TAKK! Vedlegg 1. Damer senior: Sportslege resultat Side 3
Årsmeldingen 2013 Sportslege resultat 2.divisjon damer senior Tal spelarar : 12-14 Etter ein sterk innsats i sesongen 2012/2013 vann 2. divisjonslaget si avdeling i vest, og kunne ta imot seriegullet. I april blei det spelt om opprykk til 1. divisjon i Tromsø. Det viste seg å bli for tøff motstand for Jotun, og dei tre laga som kvalifiserte seg var Rælingen, Volda og Gjerpen. KS-A (2. divisjon Trenar Olafur A. Sveinsson Støtteapprat Torstein Egil Kvam Reidun Myrland Rebecca Brun Steinheim og Marianne Stedje Øren kom på «All Star Team» som beste midtspelar og venstre bakspelar. Jotun fekk tildelt pris som beste arrangørklubb. Desse utnemningane skjedde i samband med ein bankett for alle klubbane etter at sesongen vart avslutta i fjor. I skrivande stund ligg Jotun som nr 2 på tabellen etter Førde som førebels leier serien i vår avdeling. Nr Lag Kamper V U T Målforskjell Poeng 1. Førde 19 15 1 3 550-414 31 2. Jotun 19 14 1 4 531-448 29 3. Fyllingen 19 13 1 5 567-479 27 4. Årstad 19 11 2 6 540-525 24 5. Stord 18 11 0 7 450-401 22 6. Os 19 8 3 8 487-475 19 7. Kjøkkelvik 19 8 1 10 491-508 17 8. Sotra 20 7 2 11 457-503 16 9. Bjørnar 18 7 1 10 447-489 15 10. Voss 19 7 0 12 520-559 14 11. Åsane 18 2 3 13 436-542 7 12. Gneist 19 2 1 16 446-579 5 Dobbel serie. Nr.1 går til kvalifisering for 1.divisjon, mens nr.11 og nr.12 rykker ned Side 4
J16 Trenar: Olafur Sveinsson, Reidun Myrland 16-årslaget er felles med Årdalstangen. Laget deltok i kvalifisering til den landsomfattande Bring serien. Dei lukkast ikkje å kvalifisere seg, men deltakinga var likevel verdifull med tanke på kamptrening. Treningsgruppa består av spelarar fra -97 og -98 kullet. Laget hevdar seg godt sportsleg i fylkessamanheng og ligg p.t. som nr 2 på tabellen. Fleire av -97 spelarane trenar og spelar kamp med senior. - Nr Lag Kamper V U T Målforskjell Poeng 1. Førde 10 10 0 0 250-152 20 2. Jotun/Årdalstangen 14 9 1 4 241-220 19 3. Sogndal 10 8 0 2 235-127 16 4. Florø 13 8 0 5 285-232 16 5. Eid 13 7 0 6 263-233 14 6. Florø 2 13 3 1 9 225-326 7 7. Gloppen 12 3 0 9 166-235 6 8. Sogndal 2 10 2 1 7 143-192 5 9. Førde 2 11 1 1 9 188-279 3 Skavøypoll Trukket Stryn Trukket Dobbel serie. De to beste etter endt sesong møter nr.1 og 2 fra 1.divisjon J16 i Hordaland i sluttspillkamper hvor det spilles om Regionsmesterskapstittelen Side 5