MØTEINNKALLING Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Formannskapssalen Herøy rådhus Dato: 21.03.2013 Tid: 15:30 Melding om forfall til tlf. 70081300. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1. Varamedlemer som får tilsendt sakliste, skal ikkje møte utan nærare innkalling. Fosnavåg, 13.03.2013 Arnulf Goksøyr ordførar
SAKLISTE: Saksnr PS 1/13 PS 2/13 Innhold Godkjenning av innkalling og sakliste Seniorpolitiske tiltak i Herøy kommune, evaluering og vidareføring.
PS1/13Godkjenningavinnkallingogsakliste
HERØY KOMMUNE Personal- og organisasjonsavdelinga SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: BSP Arkivsaknr: 2012/1778 Arkiv: 423 - Utvalsaksnr Utval Møtedato 3/13 Arbeidsmiljøutvalet 25.02.2013 55/13 Formannskapet 12.03.2013 2/13 Administrasjonsutvalet 21.03.2013 40/13 Kommunestyret 21.03.2013 SENIORPOLITISKE TILTAK I HERØY KOMMUNE, EVALUERING OG VIDAREFØRING. Tilråding: Herøy kommunestyre vedtek at kommunen sine seniorpolitiske tiltak skal være: 1. Seniorsamtalar skal på avdelingsnivå gjennomførast kvar år frå fylte 60 år. I samtalane skal det vere fokus på den einskilde si moglegheit for å fortsette i arbeid lengst mogeleg. Samtalene skal m.a. bidra til at avdekkje eventuelle behov for tilrettelegging av arbeidet for den tilsette i verksemda. 2. Ein skal legge vekt på å gjennomføre årlege informasjonsmøter med informasjon frå NAV/SPK/KLP. 3. Senioravtale: Skrifteleg senioravtale kan inngåast med følgjande valmoglegheiter: Alt. A. Arbeidstakarar som held fram etter fylte 62 år kan få eit tillegg på kr. 15.000.- per år med verknad frå 62 års dagen. Alt. B.10 ekstra fridagar med full lønn per år. Alt. C. 5 ekstra fridagar med full lønn samt eit halvt seniortillegg (jfr. Alt. 1) 4. Vilkår: Ein må ha vore tilsett i kommunen samanhengande dei siste 5 åra for å ha rett til senioravtale.
Avtalen gjeld for 12 månader i gongen frå avtaledato, og skal fornyast gjensidig av både arbeidstakar og arbeidsgjevar. Seniortiltaka vert rekna ut i høve den tilsette sin stillingsprosent Tiltaka gjeld ikkje Rådmann og leiarar i kap. 3.4.0. Ved val av alternativ 1,2 eller 3 forpliktar den tilsette seg til ikkje å ta ut heil eller delvis AFP i avtaleperioden. Avtalen vert underteikna av begge partar. Med sin signatur godkjenner arbeidstakaren at arbeidsgjevar kan trekkje tilbake utbetalt seniortillegg eventuelt kostnadar med fridagar om vilkåra i avtalen vert broten. Ved langtidssjukdom i inneverande avtaleperiode kan ikkje trekk gjerast. Seniortiltaka skal ikkje avtalast om vedkomande ikkje er i aktivt arbeid, t.d. grunna sjukdom eller permisjon 5. Overgangsordning Dei som alt har fått kompensasjon eller fritid gjennom tidlegare avtalar får behalde desse ved fornying av avtalen. Om ein ynskjer endring, kan dette berre gjerast ved å gå over til ordning som gjeld innanfor sist godkjente avtale for Herøy kommune. Eldre avtalar fungerer som overgangsordning når ny avtale trer i kraft. 6. Kostnadane vert dekt innanfor den einskilde avdeling sitt budsjett. 7. Nytt seniorpolitisk tiltak erstattar tiltak og verkemiddel vedteke i K- sak 92/2006 og presiseringar i Adm-sak 2/07 8. Ordninga gjeld frå 01.01.2014 og ut 2016. Rådmannen kan i denne perioden fremje sak om endring eller avslutning av ordninga dersom særlige forhold tilseier det. 9. Rådmannen utarbeider naudsynte utfyllande administrative regler og avtaler til den nye ordninga. Særutskrift: Rådmannen si leiargruppe Personal- og organisasjonsavdelinga Arbeidstakarorganisasjonane Side 2 av 11
Vedlegg: 1. Seniorpolitiske tiltak i Herøy kommune, rapport frå arbeidsgruppa med Vedlegg. 2. Seniorpolitikk i kommunesektoren ECON Pøyry 3. K-sak 92/2006 vedtak 4. Uttale frå Delta 5. Alders- og kjønnssammensetning 55 år + 01.01.2013 Herøy kommune Fellesordningen. 6. Alders- og kjønnssammensetning 01.01.2013 Herøy kommune Sykepleierordningen. Saksopplysningar: Bakgrunn Herøy kommunestyre vedtok i K-sak 92/2006 at kommunen skulle ha eit nytt kapittel til lønspolitisk plan sjå vedlegg 3. I Adm - sak 2/07, vart målsetjinga for seniorpolitikken vedteken og det vart vedteke ei konkretisering og differensiering av verkemiddela. Det vart vidare vedteke at dei seniorpolitiske verkemidla skulle evaluerast innan juni 2008. Konkretisering og differensieringa vart som fyljer: «Seniorpolitisk målsetting for Herøy kommune: 90 % av dei som fyller 62 år skal stå i arbeid fram til fylte 65 år. Minimum 50 % av desse skal stå i arbeid fram til fylte 67 år. Differensiering og konkretisering av virkemidla i Herøy kommune sin seniorpolitikk For å tydeleggjere både forventingar og bruken av seniorpolitikken vil eg rå til følgjande fokusering og tiltak innanfor seniorpolitikken: A Haldningsskaping og motivasjon Seniorar vert sett og verdsett av leiarane Eldre arbeidstakarar vert invitert til å delta i omstillingsprosessar som vedkjem ein Førebuing mot avsluttande fase i yrkeskarrieren sentral del i PLUS-samtalen Ha fokus på breiare kjønns- og aldersmessig spreiing i arbeidsgrupper B Vedlikehald og utvikling av kompetanse - Individuell vurdering/kompetanseplan C Tilrettelegging - fleksibel/tilpassing av arbeidstid - tilpasse og/el avlaste i høve oppgåver/belastning m.v. D Lønsvurdering Arbeidstakarar som held fram etter fylte 62 år får kr 10 000 med verknad frå 62- årsdagen, og arbeidstakarar som held fram etter fylte 65 år får kr 5 000 m.v.f. 65- årsdagen. Utbetaling skal gjerast på grunnlag av PLUS-samtale med næraste overordna og lønsauken skal varslast ved brev til vedkomande. Side 3 av 11
Kronesummen skal avreknast forholdsmessig med stillingsprosent. Evt. lønskompensasjon utover dette må vurderast individuelt og som eit unntaksvis tiltak for å behalde særskilt behov for kompetanse, og vert å vurdere etter føresegnene i Hovudtariffavtalen. Det vert ikkje gjeve både høgare løn og evt redusert arbeidstid med løn. E Fleire feriedagar 10 fleire feriedagar. Ordninga skal som hovudregel ikkje kombinerast med dei andre virkemidlane. F Redusert arbeidstid kombinert med uttak av avtalefesta førtidspensjon (AFP) G Redusert arbeidstid med løn Tiltaket er ekstraordinært, og er eit virkemiddel som vert sett på som nødvendig for å behalde særskilt behov for kompetanse. H Generelt Utgangspunktet er at eldre arbeidstakarar held fram til normal pensjonsalder dersom det ikkje er individuelle behov for særskilte seniortiltak. Avtale om seniorpolitiske tiltak skal gjerast på grunnlag av planlagt førebuing mellom arbeidstakar og næraste overordna med formell forankring i PLUSsamtalen. Tiltaka må vurderast i høve tilpassing av drifta på arbeidsplassen. Tiltak som krev særskilt økonomisk dekning, må utgreiast og innarbeidast i budsjettsamanheng. Tiltaka gjeld tilsette både på kommunal og statleg pensjonsavtale.» I saksutgreiinga til administrasjonsutvalet i 2007 vart det vurdert at leiarar i HTA kap. 3.4.1 var ute lukka i høve redusert arbeidstid med løn og det vart presisert at det heller ikkje skal være nokon automatikk i at leiarane skal ha seniortillegg, då dei skal lønast etter kompleksitet, leiarfunksjonar og oppnådde resultat. Seniorpolitiske verkemiddel har utifrå dette ikkje vore nytta for rådmannen si leiargruppe. Herøy kommune har såleis hatt seniorpolitiske tiltak sidan 2006, med dei presiseringar som kom fram i Adm-sak 2/07. Arbeidsmiljølova Arbeidsmiljølova har heimlar som omhandlar tilrettelegging for eldre arbeidstakarar. «4-2 Krav til tilrettelegging, medvirkning og utvikling (2) b) arbeidet organiseres og tilrettelegges under hensyn til den enkelte arbeidstakers arbeidsevne, kyndighet, alder og øvrige forutsetninger 10-2 Arbeidstidsordninger (4) Arbeidstaker som har fylt 62 år eller,.har rett til å få redusert sin arbeidstid dersom arbeidstidsreduksjonen kan gjennomføres uten vesentlig ulempe for virksomheten.» Side 4 av 11
Undervisningspersonale har særavtale - SFS 2213. «Lærere har rett til å få redusert årsrammen for undervisning med inntil 5,8 % og 12,5 % fra skoleårets begynnelse det kalenderåret de fyller hhv 55 og 60 år. Årsrammereduksjonen innebærer en omfordeling av arbeidsoppgaver innenfor det ordinære årsverket. Den omfordelte tiden nyttes til pedagogisk arbeid og forutsettes å lette den enkelte lærers arbeidssituasjon.» Denne skal følgjast uavhengig av lokale seniortiltak. Ferielova «5. Feriefritidens lengde (2) Ekstraferie for arbeidstakarar over 60 år Arbeidstaker som fyller 60 år i løpet av ferieåret, skal gis ekstraferie på 6 virkedager. Deles ekstraferien, kan arbeidstaker bare kreve å få fri så mange arbeidsdager som vedkommende normalt har i løpet av en uke.» IA avtalen Herøy kommune har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA - avtalen). Målet i den forrige IA-avtalen var å auke den forventa pensjoneringsalderen for personar over 50 år med minimum 6 månadar for perioden 2001 2009, fra 63,5 år til 64 år. Dette målet blei på landsbasis nådd. I den nye IA avtalen (2010-2013) er målet at yrkesaktivitet etter fylte 50 år skal forlengjast med seks månader samanlikna med 2009. Mål og tiltak Målet med seniorpolitikken er å auke den gjennomsnittlige avgangsalderen. Å jobbe for økt avgangsalder er i samsvar med IA avtale og kommunens arbeidsgjevarpolitikk. Det er gunstig i forhold til å bevare opparbeidd kompetanse lengst mogleg. Det er også økonomisk gunstig å halde tilsette i arbeid lengst mogeleg ved at ein då sparer utgifter til avtalefesta pensjon (AFP). Generelt kan ein og seie at å oppretthalde ein arbeidsgjevarpolitikk som kan bidra med motivasjon til å fortsatt stå i arbeid, kan bety mykje for den enkelte tilsette. Ideelt sett bør det ikkje være nødvendig med spesielle incentiv, i tillegg til det som ligg i lov og avtaleverk, for at den einskilde skal stå i stilling. Likevel er det slik at økonomiske incentiv kan være eit bidrag. Når våre medarbeidarar er 62 år har dei eit reelt alternativ til å fortsette å arbeide, dei kan velje å gå av med AFP eller alderspensjon. De generelle holdninger i befolkningen om ønsket avgangsalder. Norsk seniorpolitisk barometer kartlegg haldningar på det seniorpolitiske området i arbeidslivet og korleis desse endrar seg over tid. Seniorpolitisk barometer er ei årleg undersøking utført av Ipsos på oppdrag frå Senter for Seniorpolitikk. I 2012 svarte meir enn halvparten (51 prosent) av arbeidstakarane at dei kan tenkje seg å arbeide etter at dei har rett til å gå av med pensjon. Kun 23 prosent er heilt sikre på at dei ikkje kan tenke seg å arbeide vidare. Det har aldri vore fleire som kan tenke seg å fortsette i arbeid. Det er ikkje gjennomført ein tilsvarande undersøking med berre utgangspunkt i kommunale arbeidstakarar. Det er likevel grunn til å tru at dette er haldningar som også gjeld for tilsette i kommunal sektor. Situasjonen i Herøy Side 5 av 11
Alder Alderssamansetninga 55 år + er per januar 2013 som vist i vedlegg 5 og 6. Den viser at talet på tilsette som kjem i AFP-aktuell alder dei næraste sju åra årene er 95 arbeidstakarar. Dette kan bli utfordrande når vi samtidig veit at på områda pleie- og omsorg og bu og habilitering får redusert tilgang av mulige arbeidstakarar til ledige stillingar. Økonomi Herøy kommune har på grunn av lavt uttak av AFP valt sjølve å bære alle kostnader for AFP. Dette har til no vore gunstigare enn å betale relativ dyrt for at KLP skal dekke 50 % eller 100 % av AFP kostnadene. Det betyr vi for tilsette under 65 år dekkjer kommunen alle utgifter til AFP: dette gjeld dei dei som har avtalepensjon i KLP. Det betyr igjen at verknaden av kor vidt den enkelte vel AFP er stor. For arbeidstakar med medlemskap i KLP og som er over 65 år er det ikkje mogeleg å velje eigenrisiko for dekning av AFP kostnader. Kommunens utgifter til AFP for denne gruppa dekkes gjennom risikofellesskapet. Vi har såleis ikkje ekstra utgifter ved uttak av AFP etter 65 år. Det er ifølge KLP sannsynlig at det ikkje blir endringar i muligheitene for eigenrisiko og fellesrisiko i komande 2-års periode. Vidare vert det opplyst at Herøy kommune har tent på å ha eigenrisiko desse åra 4-5 åra ein har hatt det. Herøy kommune har også personar som har pensjonsforsikring gjennom Statens Pensjonskasse (SPK). Dette pedagogisk personell. Det er ikkje mulig å velje eigenrisiko for dekning av AFP-kostnader i SPK. Så kostnadane for avtalepensjon til denne gruppa av tilsette er konstante. Av dei 101 tilsette over 62 år i Herøy kommune har 32 valt utbetaling av «seniortillegg». Dette utgjer utbetalingar på kr. 206.400.- per år (tal febr. -13). Det er meir krevjande å rekne den direkte kostanden av fridager. Slike kostnader er også avhengig av om vikar vert satt inn eller ikkje. Høyring Tilrådinga til arbeidsgruppa har vore sendt på høyring til arbeidstakarorganisasjonane. Det er kome eit innspel frå Delta, sjå vedlegg 4. Delta sitt innspel går på at også arbeidstakarar som etter fylte 65 år tek ut AFP, skal få eit økonomisk tillegg per år, justert utifrå den stillingsprosenten ein beheld. Ein arbeidstakar skal såleis ikkje forplikte seg til å stå i sin opprinnelege stillingsprosent etter fylte 65 år. Vidare ønskjer dei vidareført ordninga med at tilsette, i ekstraordinære tilfelle, kan få redusert arbeidstid med full lønn. Vurdering og konklusjon: Hovedgrunnen for innføring av seniorpolitiske tiltak var å utsette avgangsalderen. Det er rådmannens vurdering at målet i seniorpolitikken som låg til grunn for vedtaka i K-sak 81/2006 og Adm-sak 2/07 er nådd. Om det er seniortiltaka åleine som har ført til måloppnåing har ein ikkje grunnlag for å konkludere med. Rådmannen har i denne saka vurdert om det i det fortsatt skal være mogeleg å inngå avtale om økonomiske tiltak. Utifrå ei heilskapleg heilskapleg vurdering, der Side 6 av 11
ein har teke omsyn til tilsette, kompetansebehov i organisasjonen og økonomi synes det mest hensiktsmessig å fortsatt gi moglegheit for en slik avtale. Alt medan vi i dag har eigenrisiko vedkomande utgifter til AFP til den enkelte som er forsikra i KLP vil i stor grad vere i arbeidsgjevar si interesse å halde desse kostnadane nede. Et viktig mål og ein føresetnad er at summen av seniortillegg og kostnader til AFP ikkje skal overstige kostnaden ved å gå inn igjen i risikofellesskapet vedkomande AFP. Dersom kostandene blir høgare enn det, vil det reint økonomisk være meir lønsamt for kommunen å vere med i risikofellesskapet. Det er vidare vurdert om det er behov for endringar i forhold til eksisterande tiltak jf. arbeidsgruppa si tilråding. Rådmannen meiner at det nokre aspekt ein skal sjå spesielt på ved vidareføring av dei seniorpolitiske tiltaka. I den noverande tiltaka gjeld tiltak så lenge ein står i arbeid. Rådmannen vurderer det som rett at ein sikrar seg gjennom årlege avtalar, og at der er visse vilkår for ein slik avtale, jf. tilrådinga frå arbeidsgruppa. Den økonomiske situasjonen kan endre seg, og det er derfor ikkje usannsynlig at moglegheita for eigen senioravtale vil måtte falle vekk om nokre år. Rådmannen vurderer det difor som viktig at dei økonomiske tiltaka vert knytt til ein avtale gjeldande for eit år. I den noverande tiltaket, er det ein auke i det økonomiske incitament ved fylte 65 år. Det er viktig at ein som tilsett føler seg verdsatt. Det å auke det økonomiske tilskotet etter fylte 65 år, vil for den einskilde arbeidstakar bety at ein går ut i pensjon med eit høgare innslag på inntekta, samstundes som ein kan slik dagen ordning er velje fleire fridagar, noko dei fleste gjer. For Herøy kommune er det viktig å behalde arbeidstakarar og kompetanse, men ein vurderer at andre tiltak kan være vel så effektive som nokre kroner meir. Rådmannen finn ikkje å vidareføre ei auke i det økonomiske incitamentet etter fylte 65 år. Rådmannen vurderer at det er vel så viktig å vidareføre og styrke hovudlinene i Herøy kommune sin seniorpolitikk som er basert på individretta tiltak i form av oppfølging og tilbakemelding frå næraste leiar gjennom målretta samtaler, i tillegg til individretta tilrettelegging og tilpassing av oppgåver. Informasjonsmøter om tenestepensjon er og ein del av dette. Ein har vurdert om undervisningspersonale, som er omfatta av eigne sentral fram forhandla avtale om redusert undervisningstid, berre skulle få ta ut seniortillegg og ikkje fritid. Bakgrunnen for vurderinga var at ein ikkje ønska økt fråvær frå det pedagogiske arbeidet knytt til elevane. Rådmannen synes det er viktig at kommunen sine tilsette vert gjeve like moglegheiter og går utifrå dette inn for at alle skal ha same til avtalen. Rådmannen råd til vidareføring av seniortiltak som avtalar med moglegheit for seniortillegg eller meir fritid. Ein ønskjer å ha kontroll på kostnadene med seniortillegg eller økt fritid og difor rår ein til fyljande ramme for dei framtidige senioravtalane: Side 7 av 11
Frå 62 år kan ein etter behov gå inn for senioravtaler med eit års lengd, der den enkelte bind seg til ikkje å ta ut AFP i avtaleperioden. Slike avtaler kan gjentakast fleire gonger. Tillegg/fritid avtalast i høve den einskilde sin stillingsprosent når avtalen vert inngått. Det kan avtales å gi kr. 15.000.- i seniortillegg, eller 10 dagar økt fritid, eventuelt ein kombinasjon med 7.500.- kroner og 5 dagar fri. Seniortillegget/fritida gjeld berre for den tida avtalen gjeld. Rådmannen vurderer det slik at i ei overgangsordning så vil dei som alt har fått kompensasjon eller fritid gjennom tidlegare avtalar behalde desse. Om ein ønskjer endring, kan dette berre endrast ved å inngå nye eittårs avtalar. Ordninga vert avgrensa ut 2015, men med moglegheit for tidligare revisjon eller avslutning av ordninga dersom det blir naudsynt. Rådmannen vil i så fall fremje ny sak til politisk handsaming. Konsekvenser for folkehelse: God personalpolitikk gjev gevinst for folkehelse både på individ og samfunnsnivå. Konsekvenser for beredskap: Ingen Konsekvenser for drift: Økonomiske konsekvensar. Tiltaket bør ikkje setjast iverk før nytt budsjettår 2014. Fosnavåg, 16.02.2013 Erlend Krumsvik Birgitte Sævik Pedersen Sakshandsamar: Birgitte Sævik Pedersen Møtebehandling: Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Tilråding i Formannskapet - 12.03.2013 Herøy kommunestyre vedtek at kommunen sine seniorpolitiske tiltak skal være: 1. Seniorsamtalar skal på avdelingsnivå gjennomførast kvar år frå fylte 60 år. I samtalane skal det vere fokus på den einskilde si moglegheit for å fortsette i arbeid lengst mogeleg. Samtalene skal m.a. bidra til at avdekkje eventuelle behov for tilrettelegging av arbeidet for den tilsette i verksemda. 2. Ein skal legge vekt på å gjennomføre årlege informasjonsmøter med informasjon frå NAV/SPK/KLP. Side 8 av 11
3. Senioravtale: Skrifteleg senioravtale kan inngåast med følgjande valmoglegheiter: Alt. A. Arbeidstakarar som held fram etter fylte 62 år kan få eit tillegg på kr. 15.000.- per år med verknad frå 62 års dagen. Alt. B.10 ekstra fridagar med full lønn per år. Alt. C. 5 ekstra fridagar med full lønn samt eit halvt seniortillegg (jfr. Alt. 1) 4. Vilkår: Ein må ha vore tilsett i kommunen samanhengande dei siste 5 åra for å ha rett til senioravtale. Avtalen gjeld for 12 månader i gongen frå avtaledato, og skal fornyast gjensidig av både arbeidstakar og arbeidsgjevar. Seniortiltaka vert rekna ut i høve den tilsette sin stillingsprosent Tiltaka gjeld ikkje Rådmann og leiarar i kap. 3.4.0. Ved val av alternativ 1,2 eller 3 forpliktar den tilsette seg til ikkje å ta ut heil eller delvis AFP i avtaleperioden. Avtalen vert underteikna av begge partar. Med sin signatur godkjenner arbeidstakaren at arbeidsgjevar kan trekkje tilbake utbetalt seniortillegg eventuelt kostnadar med fridagar om vilkåra i avtalen vert broten. Ved langtidssjukdom i inneverande avtaleperiode kan ikkje trekk gjerast. Seniortiltaka skal ikkje avtalast om vedkomande ikkje er i aktivt arbeid, t.d. grunna sjukdom eller permisjon 5. Overgangsordning Dei som alt har fått kompensasjon eller fritid gjennom tidlegare avtalar får behalde desse ved fornying av avtalen. Om ein ynskjer endring, kan dette berre gjerast ved å gå over til ordning som gjeld innanfor sist godkjente avtale for Herøy kommune. Eldre avtalar fungerer som overgangsordning når ny avtale trer i kraft. 6. Kostnadane vert dekt innanfor den einskilde avdeling sitt budsjett. 7. Nytt seniorpolitisk tiltak erstattar tiltak og verkemiddel vedteke i K- sak 92/2006 og presiseringar i Adm-sak 2/07 8. Ordninga gjeld frå 01.01.2014 og ut 2016. Rådmannen kan i denne perioden fremje sak om endring eller avslutning av ordninga dersom særlige forhold tilseier det. 9. Rådmannen utarbeider naudsynte utfyllande administrative regler og avtaler til den nye ordninga. Møtebehandling: Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Tilråding i Arbeidsmiljøutvalet - 25.02.2013 Herøy kommunestyre vedtek at kommunen sine seniorpolitiske tiltak skal være: Side 9 av 11
1. Seniorsamtalar skal på avdelingsnivå gjennomførast kvar år frå fylte 60 år. I samtalane skal det vere fokus på den einskilde si moglegheit for å fortsette i arbeid lengst mogeleg. Samtalene skal m.a. bidra til at avdekkje eventuelle behov for tilrettelegging av arbeidet for den tilsette i verksemda. 2. Ein skal legge vekt på å gjennomføre årlege informasjonsmøter med informasjon frå NAV/SPK/KLP. 3. Senioravtale: Skrifteleg senioravtale kan inngåast med følgjande valmoglegheiter: Alt. A. Arbeidstakarar som held fram etter fylte 62 år kan få eit tillegg på kr. 15.000.- per år med verknad frå 62 års dagen. Alt. B.10 ekstra fridagar med full lønn per år. Alt. C. 5 ekstra fridagar med full lønn samt eit halvt seniortillegg (jfr. Alt. 1) 4. Vilkår: Ein må ha vore tilsett i kommunen samanhengande dei siste 5 åra for å ha rett til senioravtale. Avtalen gjeld for 12 månader i gongen frå avtaledato, og skal fornyast gjensidig av både arbeidstakar og arbeidsgjevar. Seniortiltaka vert rekna ut i høve den tilsette sin stillingsprosent Tiltaka gjeld ikkje Rådmann og leiarar i kap. 3.4.0. Ved val av alternativ 1,2 eller 3 forpliktar den tilsette seg til ikkje å ta ut heil eller delvis AFP i avtaleperioden. Avtalen vert underteikna av begge partar. Med sin signatur godkjenner arbeidstakaren at arbeidsgjevar kan trekkje tilbake utbetalt seniortillegg eventuelt kostnadar med fridagar om vilkåra i avtalen vert broten. Ved langtidssjukdom i inneverande avtaleperiode kan ikkje trekk gjerast. Seniortiltaka skal ikkje avtalast om vedkomande ikkje er i aktivt arbeid, t.d. grunna sjukdom eller permisjon 5. Overgangsordning Dei som alt har fått kompensasjon eller fritid gjennom tidlegare avtalar får behalde desse ved fornying av avtalen. Om ein ynskjer endring, kan dette berre gjerast ved å gå over til ordning som gjeld innanfor sist godkjente avtale for Herøy kommune. Eldre avtalar fungerer som overgangsordning når ny avtale trer i kraft. 6. Kostnadane vert dekt innanfor den einskilde avdeling sitt budsjett. 7. Nytt seniorpolitisk tiltak erstattar tiltak og verkemiddel vedteke i K- sak 92/2006 og presiseringar i Adm-sak 2/07 8. Ordninga gjeld frå 01.01.2014 og ut 2016. Rådmannen kan i denne perioden fremje sak om endring eller avslutning av ordninga dersom særlige forhold tilseier det. 9. Rådmannen utarbeider naudsynte utfyllande administrative regler og avtaler til den nye ordninga. Side 10 av 11
Side 11 av 11