Årsmelding frå Sogn og Fjordane SV for 2013-2014 Vert lagt fram for fylkesårsmøtet på Sandane, 08.- 09. februar 2014.



Like dokumenter
Årsmelding for Sogn og Fjordane SV 2017

DIS- Sogn og Fjordane

c) Landsstyre Kristine Kopperud Timberlid møtte på sitt siste landsstyremøte dagen før landsmøte. Hege Lothe hadde sitt fyrste landsstyremøte i mai.

Vedtekter for Vestland SV

Fylkesårsmøte februar 2009 Ole Bull Akademiet, Voss. Sakshefte 1

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

ARBEIDSPLAN

Dialogmøte med kommunane i Hafs

Dialogmøte Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Framlegg til vedtekter for Vestland SV

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte Sunnfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte Nordfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte Sogn. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte med kommunane i Nordfjord

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Kommune BARNEBØKER Tilvekst Avgang Totalbestand - barnebøker Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Kommune BARNEBØKER BØKER, VAKSNE Bestand Tilvekst Bestand Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Kommune BARNEBØKER BØKER, VAKSNE Bestand Tilvekst Bestand Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Dialogmøte Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Barnehage og grunnopplæring. sentrale mål og føringar

Dialogmøte med kommunane i Sogn

Dialogmøte i regionane

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

Kommune: Det er kjent kven som er verksemdleiar i tråd med forskrifta

VEDTEKTER FOR MØRE OG ROMSDAL SV

Saman for framtida (Ref # )

ÅRSMELDING FOR HORDALAND SENTERUNGDOM

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

Bodø 4. november 2015 Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

ÅRSMELDING HLF Sogn og Fjordane Hørselshemmedes Landsforbund Din hørsel - vår sak

SOGN OG FJORDANE FYLKESLAG ÅRSMELDING Fylkeslaget har i perioden mars 2009 til mars 2010 hatt desse tillitsvalde:

Innkalling til idrettskrinstinget 2016

Kontrollutvalet SEKOM-sekretariat

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Saman for framtida (Ref # )

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Sak 7 Framlegg til nye vedtekter for nye Hordaland og Sogn og Fjordane SV Innstilling til fylkesårsmøtet

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Sognekraft, Vik Møtedato: Tid: 09:30-13:45. A.

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Stadlandet 15. februar 2018 (Kontrollutvala i Eid og Selje hadde fellesmøte) Kommunesamanslåing. Dagleg leiar Arnar Helgheim, SEKOM-sekretariat

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Kommune BARNEBØKER BØKER, VAKSNE Bestand Tilvekst Bestand Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Regional transportplan for Sogn og Fjordane Høyring av framlegg til planprogram

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Kontrollutvalet. Målet i dag

SEKOM-sekretariat Arbeidsplan Styret si handsaming: Dato: Saksnummer: 12/17 Referanse: 17/1228

Hageselskapet Sogn og Fjordane ÅRSMELDING Årsmelding 2016 Side 1

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Kommune BARNEBØKER BØKER, VAKSNE Bestand Tilvekst Bestand Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Kommune BARNEBØKER BØKER, VAKSNE Bestand Tilvekst Bestand Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

ARBEIDSPLAN HORDALAND NEI TIL EU. Mars 2019 februar 2020

Frå flyktning til arbeidstakar meir arbeid og betre norsk i introduksjonsprogrammet

Framlegg til lovbrigde LST: Framlegg frå landsstyret SST: Framlegg frå sentralstyret VST: Framlegg frå Vebjørn Sture Innstilling på lov- og tuftbrigde

Fordeling av hovudansvar for utvala mellom tilsette i sekretariatet

SAK 1 OPNING. Framlegg til køyreplan: Fredag 21. mars. Laurdag 21. mars. Innsjekking og brødmat

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Rødts landsmøte. Hjelpedokument fra vedtektskomiteen. Fordi fellesskap fungerer

VESTLAND ARBEIDARPARTI BY OG LAND HAND I HAND HANDLINGSPLAN

Fylkesårsmøte 2014 Senterpartiet i Sogn og Fjordane

Eid kontrollutval SEKOM-sekretariat

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Reglement for Naustdal kontrollutval Vedteke av kommunestyret i sak 20/15 den

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

17/14 ÅRSREKNESKAPEN 2013 ASKVOLL KOMMUNE. Utval Dato Saksnr. Vedtaksorgan

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Befolkningsutvikling. Attraktivitet for bosetting. Arbeidsplassutvikling. Telemarksforsking

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Hordaland Venstre har som føremål å arbeide aktivt for Venstre si sak i fylket, i samsvar med hovudvedtektene og programmet til Venstre.

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane.

Nyheitsbrev ehandel August Forfatter: Frank Have Olesen

Vedtekter for Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

Protokoll frå styremøtet i Helse Bergen HF

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Innkalling til årsmøte for året 2014 i Sogndal Sau og geit og Sogndal beite og sankelag

SEKOM-sekretariat Arbeidsplan 2017 og 2018

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Nominasjonsmøte 8. februar 2009 Ole Bull Akademiet, Voss Sakspapir:

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Transkript:

Årsmelding frå Sogn og Fjordane SV for 2013-2014 Vert lagt fram for fylkesårsmøtet på Sandane, 08.- 09. februar 2014. 1. Tillitsvalde a) Fylkestyret Desse har vore medlemer av fylkesstyret: Hege Lothe, leiar / Gloppen Jakob Andre Sandal, nestleiar / Jølster (spesielt ansvar for landbrukssaker) Vibeke Johnsen, nestleiar / Sogndal Jorunn Elfrida Sandvik / Eid (kvinnepolitisk ansvarleg) Ole Erik Thingnes / Naustdal (Fagleg ansvarleg, spesielt ansvar for miljøsaker) Steinar Øydvin / Sogndal Representant frå SU 1. vara: Gaute Losnegård / Askvoll (EØS- kontakt for Sogn og Fjordane) 2. vara: Viviann Midtbø / Vågsøy 3. vara: Sigbjørn Løland Torpe / Førde Steinar Øydvin har vore kasserar, Jakob Andre Sandal har hatt ansvar for å oppdatere SV- debattlista, Sigbjørn Løland Torpe har jamt hjelpt til med oppdatering av nettsidene og Facebook. Det har vore sju møte i perioden (9.4, 22.5, 19.6, 23.9, 2.12, 6.1 og 7.2) og styret har handsame 60 saker. I tillegg har det vore eitt telefonmøte framfor eit landsstyremøte. Dei andre møta har vore kveldsmøte på Skei, Sogndal eller Sandane. Møta har gått med til å drøfte mykje organisatorisk arbeid knytt til partiorganisasjonen, valkamp, i tillegg til noko andre politiske drøftingar og saker retta inn om landstyremøta. Alle i styret har eigne ansvarslokallag og har vore aktivt med i arbeidet og drøftingane. b) Arbeidsutvalet Arbeidsutvalet har vore leiar og dei to nestleiarane. Leiartrioen hatt mykje kontakt på telefon og e- post gjennom året. Det har vore eitt møte 7. mai. c) Landsstyre Hege Lothe har møtt i landsstyret heile perioden. Ho har hatt eit forfall november 2013. I dette møtet møtte Jakob Andre Sandal. Landsstyrerepresentanten tek alltid ordet i debattane på landsstyremøta og legg vekt på å vidareformidlar kva syn SV- arar i Sogn og Fjordane har i aktuelle saker. d) Landsmøte i SV, 14.- 17. mars Delegasjonen var Hege Lothe, fylkesleiar (Gloppen), Ole Erik Thingnes (Naustdal), Vibeke Johnsen (Sogndal), Jakob Andre Sandal (Jølster), Jorunn Elfrida Sandvik (Eid) og Eivind Lystad, SU (Flora). I tillegg var Magne Aardal på landsmøtet som leiar av valkomiteen. Norvall Nøringset og Astrid Wittersø var med som observatørar frå Førde SV og Heidi Grande Røys deltok som gjest. Vi stilte med gul midtstripe- t- skjorter og fekk mykje positiv merksemd på det. Vi fekk fleire gode oppslag på eit gruppebilete med gulmidtstripe- t- skjorter saman med Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal, og fekk både mediemerksemd og merksemd frå talarstolen på dette støntet. e) Sentrale utval

Vibeke Johnsen er nestleiar i kvinnepolitisk utval. På landsmøtet vart ho varamedlem for Oddny Miljeteig som er direktevaldt medlem i landsstyret. Vibeke Johnsen har møtt ein gong i landsstyret denne perioden. Vibeke Johnsen leia også den sentrale gruppa som har gått igjennom og evaluert valresultatet for SV. Innstillinga vart lagt fram for sentralstyret og landsstyret. Ole Erik Thingnes sit i fagleg utval. Magne Aardal var leiar både for førebuande valnemnd og valnemnda på landsmøtet. Hege Lothe var med i redaksjonskomiteen for arbeidsprogrammet på landsmøtet. Hege Lothe sit i den sentrale EØS- gruppe. f) Valnemnd Kristine Kopperud Timberlid (Høyanger) Erling Hjelle (Fjaler) Herdis Holvik (Vågsøy) g) Revisorar Idar J Skogli (Stryn) Jonas Torsheim (Jølster) 2) Fylkessekretær Vi gjekk inn i denne arbeidsperioden med Dagny Berglie Vangsnes som fylkessekretær i 50% stilling. Ho hadde heimekontor på Vangsnes og kom raskt og godt inn i arbeidet, og har gjort ein veldig god arbeidsinnsats for fylkeslaget. Etter omorganisering i hennar andre jobb, såg ho seg nøydde til å seie opp stillinga som fylkessekretær frå 1. november 2013. Etter den tid har fylkeslaget ikkje hatt fylkessekretær. Frå 1. desember vert fylkesleiar frikjøpt 20% for å gjer det med nødvendige organisatoriske arbeidet. Fylkesstyret søkje å finne ei god og varig fylkessekretærordning. 3) Organisatorisk arbeid Organisasjonsbygging er eit viktig arbeidsfelt for fylkeslaget. Dette året har vore sterkt prega av valkamparbeidet. Heilt sidan nominasjonsmøtet har fylkesstyret arbeidd tett med fyrstekandidaten Vibeke Johnsen og andre og tredjekandidaten. I hovudsak vil gjennomgangen av valkamparbeidet bli gjennomgått i valkampevalueringa. a) Årsmøte 2013 Årsmøtet vart skipa på Rica Sunnfjord Hotel i Førde 9.- 10. februar 2013. Desse lokallaga møtte: Lærdal, Sogndal, Leikanger, Jølster, Fjaler, Solund, Førde, Flora, Vågsøy, Eid, Gloppen, Askvoll og Høyanger. Møtet vart fyrst sett som nominasjonsmøte der framlegget til liste for Stortingsvalet 2013 vart valdt med akklamasjon. Det vart også tid til politisk markering i sentrum. Stortingsrepresentant Hallgeir Langeland heldt innleiing om samferdslepolitikk. Og det vart debatt og vedtak om valkampstrategi og arbeids- og organisasjonsplan, i tillegg til vanlege årsmøtesaker. b) Samlingar i fylkeslaget Møte om vgs- struktur i Sogn og Fjordane: Måndag 11. mars inviterte fylkesstyret til ope medlemsmøte på Skei om vidaregåande skule- strukturen i Sogn og Fjordane. Det var innleiing frå fylkesrådmann Tore Eriksen og Tor- Einar Holvik Skinlo frå Opplæringsavdelinga. Etter innleiinga var det innlegg ifrå Norvall Nøringset og ope ordskifte. Det var godt frammøte. Om lag 25 møtte.

Møte om vgs- struktur i Sogn og Fjordane: Laurdag 25. mai inviterte fylkesstyret til ope heildagsmøte med saka om vidaregåande skule- struktursaka på Skei. Norvall Nøringset innleiia til møtet, deretter var det ope ordskifte. Møtet gjennomførde nokre vedtak for retninga på kva fylkestingsgruppa burde gå for. Det var godt frammøte. Om lag 25 møtte. Valkampsamling på Nordfjordeid: Laurdag 8. juni inviterte fylkesstyret til den tradisjonell valkampsamling. Olav Magnus Linge frå SV sentralt heldt innleiing. Det var både gruppearbeid og debatt. I tillegg til badestønt og standsmarkering med Vibeke Johnsen i sentrum. Det var mindre godt oppmøte. Vi var om lag 15 på samlinga. Regionssamlingar hausten 2013: Denne hausten prøvde fylkesstyret å få til tre regionssamlingar i stadanfor ei felles fylkessamling. Det vart laga eitt møte i Sogndal, medan vi ikkje fekk til samling i Nordfjord og Sunnfjord. c) Kontakt med Sogn og Fjordane SU Vi har hatt god kontakt med Sogn og Fjordane SU gjennom året. Albert Andersen Øydvin har leia fylkeslaget. Dei har vore invitert til alle fylkesstyremøta og alle felles samlingar gjennom året. Vi arbeidde saman i valkampen og hjelpte kvarandre med alle debattane og den praktiske gjennomføringa. Sogn og Fjordane SU har framleis få tillitsvalde og det er viktig at vi har god kontakt og får til å hjelpe kvarandre. Sogn og Fjordane SV støtta deltakinga deira på sommarleiren til SU. d) Besøk i fylket frå sentrale SV- politikarar Det er viktig med besøk frå sentrale SV- politikarar. Det er viktig for å fram lokal politikk, ny kveik til tillitsvalde og ofte vert det lettare å få til medieoppslag. Desse besøka som er oversikt over her, er dei der fylkestyret eller fylkessekretær på ein eller annan måte har vore involvert i arbeidet i framkant eller vore med på ta imot besøket. Reine lokallagsbesøk står ikkje i dette oversynet. Fullstendig liste over aktivetet i valkampen er lagt i valkampoppsummeringa. > Stortingsrepresentant Hallgeir Langeland deltok med innleiing på fylkesrådsmøtet 9.- 10. februar 2013 > Stortingsrepresentant og partileiar Audun Lysbakken vitja Leikanger, Sogndal og Nordfjordeid, 14. juni > Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Elisabet Dahle vitja Sandane fredag 31. mai (på dagtid) og heldt appell på 1. mai- frukosten på Gloppen Hotell > Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell opna Førde folkemusikkfestival, 4. juli > Barne- og likestillingsminister Inga Marte Torkildsen reise gjennom fylket med SV- bussen sundag 25. august og måndag 26. august. Ho stogga på Eid, Sandane, Skei, Førde, Sogndal, Leikanger og Vik. > Kunnskapsminister Kristin Halvorsen kom til Førde og Florø onsdag 4. september e) Lokallag Alle fylkesstyremedlemane har eigne ansvarslokallag. Fylkesstyret har ikkje arbeidd for å starte opp nye lag i dette arbeidsåret. I valkampen har det derimot vore aktivitet i alle

kommunane. Vibeke Johnsen har teke gode iniativt, og denne aktiviteten har vore med å gjeve oss fleire kontaktar fleire stadar i fylket. Ein kasserar i det nedlagde laget Stryn SV har lagt ned kontoen og overførd pengane til fylkeslaget. Det same ynskjer Aurland SV å gjera. Alle lokallaga fekk (romjuls- )julekort. f) Samarbeid med andre organisasjonar og parti Det er viktig for SV å ha eit breitt kontaktnettverk med organisasjonar og fagrørsle der vi deler felles synspunkt med, for å få meir kunnskap om og gje styrke til våre saker. Til fylkesårsmøtet i 2013 inviterte vi fleire frå fagrørsla til å kome til fylkesårsmøtet. > LO Sogn og Fjordane: Michelle Walmann, ungdomssekretær i LO Sogn og Fjordane heldt helsingsinnlegg til fylkesårsmøtet. Ho fekk også med seg innleiing og frå Hallgeir Langeland og ordskifte. > FO Sogn og Fjordane: Ann Kristin Nygård, leiar i FO Sogn og Fjordane, vart invitert til å halde helsing til fylkesårsmøtet. Ho fekk også med seg innleiing frå Hallgeir Langeland og ordskifte. > Fagforbundet Sogn og Fjordane: Vibeke Johnsen deltok i representantskapsmøte i Fagforbundet i mars i Førde. Ho heldt innlegg, saman med representantar frå Sp og Ap. > Sogn og Fjordane Bondelag: Styremedlem Nils Magne Gjengedal heldt helsing på fylkesårsmøtet vårt. > Sogn og Fjordane Nei til EU: Vår EØS- kontakt, Gaute Losnegård, held kontakt med organisasjonen. > Arbeiderpartiet og Senterpartiet: I denne perioden har vi samarbeidd både med Ap og Sp på utspel til Nasjonal transportplan. Vibeke Johnsen og Ingrid Heggø (Ap) hadde fellesutspel i Florø, og Viviann Midtbø var med då lekasjen om Stadt skipstunnell vart offentleg i Selje, medan Dagny Bergli Vangsnes var med då regjeringa slepte saka om Vikjafjellet. I saka om norskfaget var det tett kontakt med deler av Sp og Ap, det same har det vore med Sp i saka om trasevalet på E39 gjennom Nordfjord. Samarbeid knytt til fylkestingarbeidet er omtalt under eige punkt i denne årsmeldinga og i årsmeldinga frå fylkestingsgruppa. g) Ulike møter og tilskipingar (ikkje omtalt på andre punkt) 25.- 26. febr. Sentral kandidatsamling, Lillestrøm / Johnsen, Lothe og Vangsnes 7. mars, årsmøte i Sogn og Fjordane Bondelag, Sandane / Sandal 20.- 21. april, Valkampkonferanse i Bergen / Vangsnes, Johnsen, Fretland, Skudal, Midtbø, Heimdal Reksnes, Eide, Vigerust 14. mars, landsstyremøte, Lillestrøm / Lothe 24. mai, landsstyremøte, Oslo / Lothe 11. juni, valkampgjennomgang med SV sentralt, Oslo / Johnsen / Lothe / Vangsnes 8.- 11. august, Sommarleir for SV, Fevik, Johnsen 20.- 21. september, landsstyremøte i SV, Lothe 15.- 16. november, landsstyremøte i SV, Sandal 18.- 19. januar, kvinnekonferanse i Oslo, Johnsen, Sandvik, Heimdal Reksnes 24.- 25. januar, landsstyremøte, Lothe 25.- 26. januar, miljø- og internasjonal konferanse, Aardal / Fosse Fardal / Lothe

h) 8. mars- markeringar (mykje tverrpolitisk samarbeid) Gloppen: Hege Lothe heldt tale på kafemøte på Gloppen Hotell Sogndal: Røysterettsjubileeumsmarkering på Sogn Folkemuseum Vik: 8. mars- markering i) 1. mai- markeringar (mykje tverrpolitisk samarbeid) Sogndal: Jan Olav Fretland var hovudtalar. Arrangementet startar med tog frå Trudvang skule. Førde: Vibeke Johnsen held appell. Arrangementet var i Førdehuset. Vik: Dagny Berglie Vangsnes held appell. Arrangementen var på Vikjatunet. Eid: Jorunn E. Sandvik held appell. 1.mai- frukost på Nordfjord hotell Askvoll/Fjaler: Per Arne Tveit held appell. 1.mai- frukost på Dale vgs. Gloppen: Elisabet Dahle, statssekretær, Kunnskapsdepartementet, held hovudtale. 1.mai- frukost på Gloppen Hotell Høyanger: Andreas Halse (SU) held appell. Talar/appellar etter hovudtoget. Florø: Bente Klein (SU) held appell. Arrangementet i Florø starta med tog. 4) Medlemstal Samla tal på medlemer var 271 pr. 31.12.13. Dette er nøyaktig det same medlemstalet som eitt år før. Men vi ser at det er nokre endringar. Sogndal SV har igjen gått forbi Flora SV og er største lokallaget vårt. Både Vik SV, Førde SV, Flora SV og Eid SV har hatt ein fin vekst siste åra. Lokallag 2013 2012 2011 2010 2009 Sogn og 14 17 20 5 4 Fjordane SV (direktemedlem) Flora SV 37 36 36 35 32 Solund SV 2 2 2 2 2 Høyanger SV 12 14 13 12 9 Vik SV 11 10 6 6 5 Balestrand SV 4 4 5 3 4 Leikanger SV 12 12 12 10 13 Sogndal SV 39 36 38 37 34 Aurland SV 6 7 8 10 11 Lærdal SV 13 13 15 14 14 Årdal SV 0 0 0 13 15 Luster SV 8 11 11 11 7 Askvoll SV 10 8 9 10 11 Fjaler SV 12 12 11 11 12 Gaular SV 6 6 8 8 9 Jølster SV 13 16 15 12 12 Førde SV 16 15 15 14 12 Naustdal SV 10 13 13 11 11 Bremanger SV 9 9 11 12 13

Vågsøy SV 9 8 8 7 6 Eid SV 14 9 10 12 10 Gloppen SV 13 12 13 13 18 Stryn SV 1 1 1 2 5 5) Økonomi Rekneskapen er gjort opp med eit mykje betre resultatet enn planlagt. Vi ender opp med eit lite overskot, medan det i budsjettet var planlagt med eit underskot. Dette er sjølvsagt bra for drifta til fylkeslaget, men det er nokre kostnadar vi har helde tilbake i valkampen. Hadde styret vore klar over at vi styrte mot eit så pass godt resultat, ville vi brukt meir pengar. Det har vore nøktern bruk av pengar. Lokallagsøkonomien er svak i fleire lag, medan nokre lag har heilt greitt med pengar. Vi har sett av midlar til å dekke inn valkamputgifter der lokallag ikkje kan betale. I fjor hadde vi ein gjennomgang av kva lag som hadde uteståande til fylkeslaget, og kva lag som fekk dette ettergjeve. Vi har hatt ei ekstra rydderunde på dette i år. 6) Politisk oppsummering Dette arbeidsåret byrja med at vi framleis var i regjering. Etter valet vart det klart at den raud- grøne regjeringa ikkje hadde fleirtal for å halde fram i regjering. Difor har SV siste del av perioden vore eit opposisjonsparti. Dette er ein gjennomgang av dei viktigaste politiske sakene og arbeid med desse. I dette valkampåret har Vibeke Johnsen markert partiet på mange ulike politiske saker, og dette står det meir grundig gjennomgang av i valkampevalueringa. a) Engebøfjellet gruvedrift frå Nordic Minding I starten av mars fekk gruveselskapet Nordic Mining svar frå Miljøverndepartementet. Miljøpartementet gav melding om at dei ikkje kan godkjenne reguleringsplanen og gje utsleppsløyve til eit sjødeponi og gruvedrift ved Førdefjorden. Det vart lagt vekt på at det er betydeleg kunnskapsmangel. Og at det er for stor uvisse om mogleg spreiing av massar. Difor lyt Nordic Mining og Naustdal kommune skaffe fram meir informasjon. Saka vart kjent i same veke som det var landsmøte i SV. Denne avgjerda vart fekk tydleg og god markering på landsmøtet, og på laurdag same veke var det feiring i Førde sentrum. Sogn og Fjordane SV var god nøgd med avgjerda frå Mijøverndepartementet, og vil halde fram med å følgje opp saka utanfor regjering. b) Saka om sidemålsordninga i norskfaget Saka vart offentleg kjent i januar før fylkesårsmøtet i 2012. Utdanningsdirektoratet bad kunnskapsministeren om å få lov til å leggje fram framlegg som ville svekkje sidemålsordninga i ungdomskulen og vidaregåande skule i samband med at dei hadde fått i oppgåve å revidere norskfaget. I november same året vedtok landsstyret eit fråsegn som fyrst og fremst gjorde det klart at ein ynskjer karakter i både hovudmål og sidemål. Nytt framlegg vart sendt ut frå Utdanningsdirektoratet på nyåret og med høyringsfrist i april 2013. Deretter vart det ei sak for regjeringa. Saka var til handsaming i sentraltstyret i SV. Og både vi i Sogn og Fjordane SV og mange andre i partiet arbeidde godt med å drøfte og problematisere framlegget frå Utdanningsdirektoratet. Saka var til handsaming i regjeringa i mai, og då vart det etterkvart klart at det ikkje var fleirtal for framlegga til endringar frå Utdanningsdirektoratet. Etter

endå ei runde, vart det laga eit opplegg for nokre prøveordningar med ulik typar karakterfastsetting, men sjølve sidemålsordninga står ved lag. Sogn og Fjordane SV kunne sende ut ei pressemelding i juni der vi sa oss godt nøgde med resultatet. c) Traseval for E39 gjennom Nordfjord Sogn og Fjordane SV tok standpunkt til trasevalet då fylkestinget skulle gjere sitt vedtak. Primært gjekk SV inn for trase over Anda- Lote og Stigedalen, sekundært for Anda- Lote om Kvivsvegen. Dette synspunktet har SV følgt opp i regjering, og gjennom regjeringsforhandlingane kunne det sjå ut som at det var primærstandpunktet til SV som Sp og SV saman gjekk inn for. Saka var viktig i valkampen i Nordfjord, og fekk ikkje sin endelege konklusjon i den raud- grøne regjeringa. Saka er i skrivande stund heller ikkje avslutta i Høgre/Frp- regjeringa. d) Saka om skulestruktur for vidaregåande skular Fylkesstyret følgde årsmøtevedtaket og la opp til to møte om saka våren 2013 eitt mars og eit heildagsmøte i slutten av mai. Fyrste møtet var fylkesrådmann Tore Eriksen sjølv til stades og la fram utgreiinga som opplæringsavdelinga på fylkeskommunen hadde laga. I mai var framlegget frå fylkesrådmannen klart og det var også dette som vart drøfta. Nokre rettningsliner for kva fylkestingsgruppa skulle følgje opp vart også vedteke. Fylkestingsgruppa valde å gå inn i eit politisk fleirtal saman med Ap og Sp. Sjølve fleirtalsvedtaket la ikkje opp til så omfattande endringar av vgs- strukturen som som det var gjort framlegg om på førehand. Luster vgs vart lagt ned. Landsbruksdelen av tidlegare tidlegare Mo og Jølster vgs vart lagt under Øyrane vgs, medan Jølster- delen av skulen vart flytta til Førde, der nokre linjer vart lagt under Øyrane vgs og nokre under Hafstad vgs. Elles vart det gjort nokre endringar på dei ulike skulane, men sjølve skulestrukturen ligg fast. Mest truleg vil denne saka kome tilbake i ulike variantar utetter åra som kjem. e) Samarbeid med fylkestingsgruppa Sidan saka om vidaregåande skule- struktur vart handsama gjennom heile vårhalvåret, har fylkestingsgruppa og fylkesstyret møttest litt oftare enn fjoråret. Bortsett ifrå saka om vidaregåande skule vert nok sakene drøfta vel overfladisk, og det er viktig at vi arbeider meir med å fram kunnskap og standpunkt tidleg i vedtaksprosessane. 5) Pressearbeid og utspel Vibeke Johnsen har som 1. kandidat arbeidd svært mykje og svært godt med mediearbeid. Pressemeldingar og lesarbrev frå Sogn og Fjordane SV: 15.03: Saman om Stigedalen, felles pressemelding med Møre og Romsdal SV, Lothe 18.03: Feiring av Engebø- vedtak på SV- landsmøtet, pressemelding, Johnsen og Thingnes 19.03: Vi er klare for å kjempe for miljø og rettferd, pressemelding, Johnsen og Lothe 11.06: 100 år sidan kvinnene fekk røysterett, lesarinnlegg, Sandvik 21.06: Godt nøgd med ny læreplan i norsk, pressemelding, Johnsen og Lothe 06.09: Lærarar for SV! Lesarinnlegg signert av 30 lærar, førskulelærarar