1905 - Førde kommune



Like dokumenter
Hyllestad kommune

Leikanger kommune

Høyanger kommune

Solund kommune

Luster kommune - gamle Hafslo kommune

Gaular kommune

Askvoll kommune

Hornindal kommune

Luster kommune - gamle Jostedal kommune

Naustdal kommune

Sogndal kommune

Aurland kommune

Jølster kommune

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

«Ny Giv» med gjetarhund

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Flora kommune

Jon Fosse. For seint. Libretto

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Til deg som bur i fosterheim år

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Gloppen kommune

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Bremanger kommune

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Månadsbrev for Rosa september 2014

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Stryn kommune

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009


Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Gulen kommune

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Lærdal kommune

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Brukarrettleiing E-post lesar

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn


Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Setring ved Håbakkselet Hareid

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje.

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

/

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Årdal kommune

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Månedsbrev april 2015

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

RANDA Slekt- henta frå Gaularsoga bygdebok for Sande (side )

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Transkript:

Side 1 av 6 Det var dramatikk i Ervika måndag 6.mars 1905. Medan folk sat oppe i det store bustadhuset og åt kveldsmat, byrja det å brenne i sagbruksanlegget nede ved sjøen. Bustadhuset stod att, men resten av anlegget vart totalskadd, ein kostnad på 10-15 000 kroner. (10.000 i 1905 kan omreknast til 540.000 i 2005) Dampskipsstoppestaden Steinen i 1912, viktig trafikknutepunkt for Førde og Jølster. Anders Anthonsen Steen grunnla båtstoppestaden her ca 1850 og sonen Ole Andersen Steen (1850-1917) var ekspeditør i 1905. I 1929 skreiv bror hans, M.J.A. Steen eit stykke om stoppestaden i Jul i Sunnfjord. Han trur namnet kan koma av ein stor stein i utløpet av Jølstra der det ein gong stod ei pakkbu. Som avslutning takkar Steen for spalteplass til 'en del historiske opplysningar om dette sted, som uten tvil gaar en større og større utvikling i møte, efterhvert som Førde bør hævde sig som det naturlige knutepunkt for hele Sogn og Fjordane.' 1905 - Førde kommune I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om tida kring 1905 i Førde kommune. Når folk reiste på bytur, nytta dei gjerne høvet til å bli fotografert. Her ser vi søskenflokken Ullebust oppdressa i sin beste stas. Frå venstre; Birgitte, Anders og Anne. Anne Holsen var kjent pedagog og kvinnesakskvinne. Ho leia Kvindestemmrettsforeningen i 1905 og var ei av initiativtakarane til den store underskriftsaksjonen. Foreldra var frå Holsen, Førde kommune i 1905 I 1900 var folketalet i Førde kommune 2913. Kommunen var i 1905 lik dagens kommune, medan dåverande Førde prestegjeld omfatta kyrkjesokna Førde, Holsen (med Haukedal kapell), Naustdal og Vevring. Kommunen grensa til kommunane Naustdal, Jølster, Balestrand og Indre Holmedal (no Gaular ). Kommunen var eige lensmannsdistrikt, samt eige tinglag. På Mo låg Mo landbruksskule, som vart driven av fylket. Her var M. L. Storm styrar. Førde var ein jordbrukskommune i 1905, men folketeljinga i 1900 viser at halvparten hadde då eit tilleggsyrke til gardsdrifta. Det var åtte meieri i kommunen; Fauske, Indre Angedalen, Nedre Angedalen, Sundsdalen, Vie, Holsen, Gjerland og Hårklau. Handel, sørvis og ulike handverksnæringar vaks fram i denne perioden. Med berre elleve i heile kommunen som dreiv med handel, var det langt fram til dagens status som handelssenteret i fylket. Turismen var også så smått komen i gang. Laksefisket i Jølstra drog turistar hit. Fylkesbaatane hadde stoggestader i Ervik og på Steinen. Førde "tettstad" i 1905 Den tettaste busetnaden var i sjølve Førde med 648 personar i 1900, og nedste delen av Angedalen. Førde var senteret i kommunen den gong som no. Førde "tettstad" var spreiddbygd med Steinen som viktig trafikknutepunkt med kai og stoppestad for Fylkesbaatane. Med varetransporten til sjøs var dampskipsekspedisjonen viktig for Førde og omland, men også for jølstringane. All aktiviteten her ute førte til at Ytre Hafstad - Halbrend utvikla seg til å bli sentrum i bygda.

Side 2 av 6 Ole Rasmussen Holsen og Sunnøve f. Høiseth. Anne Holsen vaks opp i Bergen. Kommunen hadde ein bank (Førde sparebank). Frk. Thesen styrde den einaste telegrafstasjonen i kommunen, og var ein av dei få sjølvstendige kvinnelege lønnstakarane på denne tida. Det var to postopneri i kommunen, i Førde og Holsen. Postopnar i Førde var heradskasserar A. Hafstad. I Holsen var gardbrukar Gjert M. Holsen postopnar. I 1905, som i 2005, var her to hotell. Frk. Anna Hafstad dreiv Hafstad hotell, medan landhandlar Bernt Sivertsen dreiv Sivertsens hotell. Sistnemnde var også fast skysstasjonshaldar. Vegar og samferdsle på vatna I bygdene som låg langs dei store vatna, Movatnet, Åsavatnet, Holsavatnet og Haukedalsvatnet, var vatnet ei sjølvsagt ferdslesåre, sommar som vinter. Robåtar om sommaren og hest med slede eller kjerre om vinteren. Dei største båtane, øykjabåtar, vart nytta til frakt av dyr og varer, eller når det bles for sterkt for ein liten robåt. Dessutan var desse båtane nytta ved gravferder og bryllaup. Kvinneunderskriftskampanjen var, som vi ser, breitt samansett. Dette oppropet vart sendt til det norske Storting og regjering og vart spreidd landet over. Her er folket i Solheimsdalen kledd i sin finaste stas til 17.maifeiringa i 1905. Nasjonalkjensla blømde sterkt dette hendingsrike året. To store norske flagg og fleire små seier sitt om kor viktig flagget var som nasjonalt symbol. Årleg vart det arrangert stor husdyrutstilling på Toene i Førde. Her ser vi frå utstillinga i 1905. Utstillinga var ein lekk i utvikling av dyrehaldet, men og ein populær møteplass. Her trefte ein gamle kjende, fekk høyre nytt og gjorde både gode og dårlege kjøp og sal. Unionsspørsmåla var rimeleg sikkert eit heitt tema denne sommaren. Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange, likeeins utvandringa til Amerika. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging og i 1905 sprengde dei siste salva i Gravhalstunnelen. Ei anna viktig sak var helsestellet, og då særleg bygging av sjukehus i Lærdal. Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag. Fjordenes Tidende melde at "Fjordenes kreds af N. K. U. F" kunne feire 10-års jubileum og at i løpet av vinteren og våren hadde det kome mange nye lag til krinsen. Avisa Sogns Tidende melder om at det var ei større ombygging av Hafstad hotell ".., saa dette sjelden vakkert beliggende hotel vil presentere seg for kommende sommers turister i en baade betydligt forstørret og forskjønnet skikkelse". Ei anna sak som opptok folk var storbrannen i Ervik dette året. I fylgje avisa Fjordenes Tidende brann både Ervik saftkokeri, sagbruk, listeri og høvleri, dampskipsekspedisjon, posthus og ein landhandel opp. Den einaste drukningsulykka i Holsenvatnet skjedde også dette året. Nokre sauer for ned på isen og gjekk gjennom den tynne isen. I arbeidet med å redde sauene, kvelvde redningsbåten og ein mann drukna. Folk var også opptekne av den fæle skredulukka i Loen, som vart omtala i aviser landet over. Nokre nøkkelpersonar Det var kommuneval i 1904, og O. M. Erdal vart vald til ordførar. J. E. Landmark var sokneprest. Residerande kapellan i prestegjeldet, Ludvig O. Solheim heldt til i Naustdal. Albert Marius Steen var lensmann. Sorenskrivaren for Sunnfjord, E. G. W. Moss heldt også til i Førde. Distrikslegen for Indre Sunnfjord, Franz Willhelm Münster, budde også i Førde. Likeeins fylkesdyrlege Cato Leknes. Stortingsmann og lagtingspresident Gjert Martiniusen

Side 3 av 6 Markvardson Holsen var frå Holsen. (Sjå eigen artikkel om Holsen). Frå Haukedalen kom komponisten Johannes Haarklou. Nille Hafstad f. Fleten var jordmor i Førde. Lag og organisasjonar I Førde kommune var det eit gryande organisasjonsliv med skyttarlag, bondevennforeining, fleire religiøse lag/misjonsforeiningar og fire ungdomslag; Øvre Angedalen Ungdomslag, Nedre Angedalen Ungdomslag, Førde Ungdomslag og Holsen Kristelege Ungdomslag. Landbruksnæringa var også representert i lagsfloraen med Førde landboforening og Førde fjærkreforening. Frigjeringskamp med målsak og flaggsak var identisk med den frilynte ungdomsslagsrørsla og Nedre Angedalen ungdomslag og gutane frå Mo jordbruksskule gjekk i bresjen for det reine norske flagget då dei 17.mai 1895 toga inn i Førde med reint norsk flagg. 17. mai 1905 Rundt om i heile landet var det ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905. Dagen etter skulle innstillinga til lov om norsk konsulatstell handsamast i Stortinget. 17. mai vart difor feira med stort engasjement og alvor dette året. I Førde var dagen feira med både gudsteneste og barnetog. Avisa Fjordenes Blad melder at presten og ei lærarinne gjekk i spissen for barnetoget med "..17.mai frisk fedrelandssong under dei norske flagg, medan klokkaren sat heime og sytte over den nasjonale villskapen. I kyrkja var sungne Blixsalmar, liksom dei også so smaatt gjekk att i preiki.." Vi veit ikkje kven denne denne klokkaren er som får så hard medfart, men han var kanskje ein unionsmann? 7. juni 1905 7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Presten i Førde har ikkje ført noko inn i dagsregisteret om denne preika, men det må ha vore 1. pinsedagspreik ein eller anna stad i prestegjeldet, så den manglande innføringa skuldast nok ei forgløyming. Det var ikkje alle prestar som var like flittige med å føre inn gjeremåla sine i denne "dagboka". Det var berre nokre få dagar mellom unionssoppløysinga og 1. pinsedag og ikkje alle prestar hadde fått kunngjeringa i hende til pinsedagspreika. Mange prestar valde då å be ei bøn for fedrelandet og lese opp kunngjeringa den påfølgjande preikesøndagen. Folkerøystingane - røysterett og valstyre Det var to folkerøystingar i 1905: Den fyrste var søndag 13. august då folket skulle seie ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni.

Side 4 av 6 Den andre var søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk. Førde valsokn var stort og omfatta prestegjelda Førde og Naustdal, som igjen omfatta dei tre kommunane Førde, Naustdal og Vevring. Valstyret var slik samansett: lensmann i Førde, Albert Steen (formann), O. M. Erdal, L. Røyseth, O. Schei, O. Eikeland, R. Gjerland, Olai Horstad, G. B. Thune, S. E. Horstad, R. Grimeland, A. G. Hegrenes, G. M. Olsen, Andr. Vefring, L. Botnen, Anders Sæle, L. T. Farsund. Røystestader Det var valstyret som bestemte kvar det skulle haldast folkerøysting, og kven som skulle røyste kvar. Det vart halde røysting fire stader; i Førde kyrkje, Holsen kyrkje, Naustdal kyrkje (Naustdal kommunelokale den 13.november), Vevring skulehus i august, medan dei stemde i Vevring kyrkje 12. og 13. november. Oppteljinga føregjekk i Førde kommunelokale ved begge røystingane. Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga 13.august var ein fest- og høgtidsdag, og mange stader vart han feira som sjølvaste 17.mai med gudsteneste, talar, flagg, folketog og moro. Men det var likevel røystinga som stod i fokus. Til liks med Førde prestegjeld, var kyrkjene mykje nytta som røystelokale og prestane fekk klare instruksar om å innrette seg slik at dei ikkje hindra avrøystinga. I instruksen frå kyrkjedepartementet stod det vidare at der hovudkyrkja skulle nyttast som vallokale, burde også gudstenesta haldast. Det kan sjå ut til at prestane i Førde prestegjeld prioriterte å fylgje preikeruta med preik i Naustdal denne dagen. Det treng ikkje vere slik, sjølv om det berre er denne som er innskriven i dagsregisteret. Resultatet av folkerøystinga for Førde valsokn: 1308 menn hadde røysterett. Det vart avgjeve 1166 godkjende røyster. Alle røysta ja. Frammøteprosenten for Førde var på 89, 4. Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei. Resultatet for heile landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 godkjende røyster (368 208 ja, 184 nei. Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget. Innsamlinga av underskrifter vart ordna på ulike måtar. Det vart lagt ut lister i avisredaksjonar, på butikkar og dei vart sende husa i mellom. Dei hadde berre nokre veker på seg, så det måtte gå snøgt. Kvinnene nytta det dei hadde av nettverk og med ein breitt samansett aksjon var det mange

Side 5 av 6 mogelege mottakarar, kvinner som menn, venstrefolk, lærarar, målfolk, embetsfolk ol. Førde skulle difor ha potensielle motakarar. Vi har ikkje funne slike lister frå Førde, men det tyder ikkje at slike lister ikkje har vore i omløp. Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk Resultatet av folkerøystinga i november for Førde valsokn: 1301 hadde røysterett. 1078 menn røysta, sju røyster vart forkasta. Av godkjente røyster, sa 981 ja (for kongedømme), medan 90 røysta nei (for republikk). Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507 røysta for kongedømme, 2 808 røysta for republikk. Resultatet for landet: 331 833 hadde røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189 (79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for republikk. Den nye kongefamilien Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november, der tusenvis av feststemde menneske venta. Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet, men vi er ikkje kjende med at det vart sendt slike telegram frå Førde kommune. Det kan det likevel ha vore. Med stortingsmann frå kommunen og stort fleirtal for kongedøme, ville det vere underleg om ikkje kommunestyret, lag eller liknande sende ei slik helsing. Fest og glede ved utgangen av året Mange stader i landet skipa dei i desember til folkefestar for å markera det hendingsrike året 1905. Sjølv om ikkje alle var like nøgde med resultatet av Karlstadsforhandlingane eller at det vart kongehus og ikkje republikk, var det likevel ei lette at det heile gjekk bra og at dramatikken no var over. Torsdag 7. desember 1905 - halvårsdagen for 7. juni - vart det halde takkegudstenester rundt om i landet. Kyrkjedepartementet fastsette i rundskriv at dagens tekst skulle vere Salmane 118, 23-26 og rådde til å syngje Blix si fedrelandssalme " Gud signe vårt dyre ferdreland". Presten i Førde heldt takkegudsteneste i Førde kyrkje for ".. fædrelandets lykkelige udfrielse." som han skreiv i dagsregisteret. Fedrelandssalmen til Blix, " Gud signe vårt dyre ferdeland" vart sungen over heile landet denne dagen, også i Førdekyrkja, likeeins Kongesangen. Det var dårleg ver, men det hindra likevel ikkje førdianarane å møte opp. Om dei også feira dagen på andre måtar, kjenner vi ikkje til. Artikkelnummer: KAL/SFF-418.1432 Forfattar og datering:

Side 6 av 6 Kjerstin Risnes, 2005. Prenta kjelder: Fjordenes Blad 15.03, 04.10. 1905; Sogns Tidende 28.05.1905 Helland, Amund: Nordre Bergenhus Amt. Del II. Kristiania 1901. Førde sogenemd : Sogeblad frå Førde kommune. Hefte 18. 2000. Norges Handelskalender. Nordre Bergenhus Amt. 1904-1906. Lothe, Anders Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.1950.. Sunnfjord Ungdomslag Sogn Ungdomslag 50 år. 1896-1946 Gjerde, Anders. Kommunane i Sogn og Fjordane, grensendringar gjennom tidene Kjelda nr. 3. 2002. Førsund, Finn Borgen. Førde bygdebok. Gardssoga og soga om folket. Band II. 1990. Fylkesarkivet Sogn og Fjordane, lagsarkiv. NRK Sogn og Fjordane. Miljølæreprosjektet. Holsen skule. Nasjonalbiblioteket. Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no