Referat frå styremøte på Sødorp Gjestgivergård 7. juni 2017 kl

Like dokumenter
Referat frå styremøte fredag 18. august 2017 kl Møtet vart halde på Quality Hotel Strand på Gjøvik.

Møte m/ob 24/ Generellt Rovvilt Jordbruksavtala

Innkalling til styremøte på FK-Lillehammer, 8. mars kl

Oppland Sau og Geit. Saker på årsmøte i Oppland Sau og Geit: Årsmøte i Oppland Sau og Geit lørdag 4. mars 2017.

Utmarksbeite miljøvennleg og fornybart, men krev meir og meir ressursar til tilsyn. Oppland Sau og Geit

Referat frå styremøte på Sødorp Gjestgivergård, 17. januar kl

Referat frå styremøte fredag 21. november 2014 kl Møtet vart halde på Rica Hotel Dombås.

Referat fra styremøte torsdag 23. januar 2014 kl Møtet ble holdt på Statens Hus på Lillehammer.

REGIONMØTE I OSG Sødorp Gjestgivergård, Vinstra 10/1 Valdres Folkemuseum, Fagernes 11/1 Aas kommunelokale, Bøverbru 12/1

Referat frå styremøte på Grand Hotel, Gjøvik, 20. mars kl

Referat frå styremøte torsdag 22. januar 2015 kl Møtet vart halde på Statens Hus på Lillehammer.

Informasjon fra styret i Oppland Sau og Geit - januar 2014

Referat frå styremøte på Sødorp Gjestgivergård, Vinstra, 24. januar kl

Årsmøte Radøy sau og geit Hordaland Sau og Geit «Slik gjer me det» Kjetil Rødland

Gjeterhundrådet. Referat til telefonmøte torsdag 29. september kl.20.00

Regionutvalget gjekk gjennom svara frå høyringa frå veraringane. Svara frå kvart fylke kan bli samanfatta slik:

Påmelding til landsmøte, ok med Anne Kari, Arnfinn, Bjørn Even, Tore og Ellen. Pål sender/hjelper til med påmelding.

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

Styremøte i Sogn og Fjordane Sau og geit april på Quality Hotell Sogndal

Sakliste: Sak 43/2014: Referatsaker Referat frå styremøte 12/ , referatet vart godkjent og lagt ut på heimesida.

ÅRSMELDING 2017 INTERESSELAGET FOR FARGA SPÆLSAU

ÅRSMØTE I RING 41/AVLSUTVALGET 18/ PÅ QUALITY HOTELL, ØYER.

Årsmøtet vart halde den Kl på Smiths møte og selskapslokaler.20 medlemmer møtte.

Referat frå styremøte på Sødorp Gjestgivergård, 26. september kl

Seminar om rovvilt og beitenæring i Oppland Bruk av radiobjøller på lam -Prosjekt Fron Vest

VEST-AGDER SAU OG GEIT

ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad

Referat fra årsmøtet i Ring 41 / avlsutvalget i Oppland på Comfort Runway, fredag 2/ Følgende møtte og hadde stemmerett:

Sakspapirer for. Årsmøte. Gudbrandsdal Folkemusikklag Laurdag 6. april 2019 Utgard fleirbrukshall, Lom

Sauebonde sidan 1984 Har hatt og har mange tillitsverv i Sau og Geit. Lokallag/fylkeslag Værring/avlsutvalg

Oppland Sau og Geit - Regionmøter jan 2011

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

Referat styremøte 2017

Kjell Horten, Åge Øibakken, Linn Waaler Rønning, Olav Stormorken Trude

Referat frå styremøte onsdag 15. november 2017 kl Møtet vart halde på Sødorp Gjestgivergård på Vinstra.

Interesselaget for farga spælsau

Referat frå styremøte på FK-Lillehammer, 8. mars kl

BEITEBRUK I OMRÅDER MED JERVANGREP. Pål Kjorstad Oppland NSG

Referat fra styremøte tysdag 25. mars 2014 kl Møtet ble holdt på Statens Hus på Lillehammer.

Framtid for småfehaldet i Oppland?

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Styremøte 5-6. desember Thon Hotel Opera - Oslo

Innkalling til årsmøte for året 2014 i Sogndal Sau og geit og Sogndal beite og sankelag

Referat fra styremøte tirsdag 21. juni 2011 på Quality Hotel Strand, Gjøvik.

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Ny teknologi i beitenæringa - Honne Prosjekt Fron Vest 2018 og 2019

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Ellen Persvold, Olav Luksengård Mjelva, Jan Heier, Hilde Reitan

Oppland Sau og Geit. Referat fra styremøte onsdag 16. januar 2013.

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

ÅRSMELDING FOR OPPLAND JOURNALISTLAG ARBEIDSÅRET 2006

Sogn og Fjordane Sau og Geit

Referat fra styremøte onssdag 14. januar 2009 kl

Beitesesongen 2011 og resultat frå spørjeundersøking

Møtet var i samband med eit ope rovvilt- og beiterelatert møte i samarbeid mellom Oppland og Møre og Romsdal Sau og Geit, sjå programmet under:

Drift av hjemmesiden krever litt arbeid, opplæring på hvordan man legger inn/redigerer info.

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

ÅRSMELDING 2013 INTERESSELAGET FOR FARGA SPÆLSAU

Innkalling til årsmøte i Osterøy Sau og Geit 2012

S. og Fj. Skiskyttarkrins har gode resultat både nasjonalt og internasjonalt der utøverane viser gode resultat.

Avslutningsinnlegg for seminaret "Stordrift med sau".

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Referat til telefonmøte torsdag 6. april kl.20.00

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Hordaland Sau og Geit

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

ROVVILTNEMNDA I REGION 1 Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane

Sak 1 Konstituering. Godkjenning av innkalling. Godkjenning av sakliste

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

Surnadal Idrettslag. Referat frå styremøte i Surnadal IL. Henvending om oppretting av ny gruppe i Surnadal IL - Frisbeegolf

ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT Styret har vore samansett av : Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit. Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad *

ROVVILTNEMNDA I REGION 1 Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

ÅRSMØTE RING 41/AVLSUTVALGET I OPPLAND QUALITY STRAND HOTEL, GJØVIK 17/2-12

Krav om tiltak til jervforvaltninga i Oppland 2015 fram til ny beitesesong

Sakspapira blir etter dette sendt direkte til dei påmeldte utsendingane etter påmeldingsfristen er ute, 14. mars.

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Referat frå styremøte på Spitsbergseter 4. og 5. august 2019, 6 timar

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

«Ny Giv» med gjetarhund

-- Harald Lie, Jorulf Refsnes, Bodil Mannsverk, Finn Egil Adolfsen, Aud Fossøy, Ivar Aae, Marianne Hagen Lie og Ola Mjølhus.

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

Skuleåret 2017/2018.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Årsmøte Møre og Romsdal Sau og Geit på Hotell Union i Geiranger febr 2010

Styremøte 8-9. februar i Bergen

Oslo, 7. april møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl på lagskontoret i Parkveien 71.

Korleis ta vare på landbruket og utviklinga av næringa gjennom fylkesplanarbeidet?

Innkalling og sakspapir er dermed sendt ut innanfor dei fastsette fristane.

Transkript:

Oppland Sau og Geit Referat frå styremøte på Sødorp Gjestgivergård 7. juni 2017 kl. 10.00 Deltakarar: Arnfinn Beito, Anne Kari Veikleenget, Ellen M. Syse, Pål Eiesar, Berit Kaltoft, Sara Nilsen og Pål Kjorstad. Bjørn Even Stenberg hadde meldt forfall. Sak 13/2017: Referatsaker - Referat frå styremøte 18. januar 2017, godkjent og lagt ut på heimesida. - Ulvemarkeringa i Oslo 4. januar vart følgt opp med tur til Stortinget 17. januar og ny stor demonstrasjon 30. januar, sjå elles sak 15/2017. - Årsmelding ferdig og sendt ut til medlemmene 14. februar 2017. - Årsmøte og seminar saman med Hedmark Sau og Geit 3. 5. mars 2017. - Representantskapsmøte i NSG 14. mars, Arnfinn deltok. - Landsmøte i NSG 15. 16. mars, utsendingar frå Oppland: Arnfinn Beito, Ellen M. Syse, Anne Kari Veikleenget, Bjørn Even Stenberg og Sara Nilsen. Pål Kjorstad deltok som styremedlem. - Faktura angåande opphald/medlemsbutikk sendt 4. april 2017. - Aksjon lammegrilling i Oppland 8. april 2017. 11 plassar i regi av OSG og OBS sponsa med mat frå Nortura der lokallaga i båe organisasjonane stod for arbeidet, medan 2 plassar vart organisert gjennom lokallaga Fåvang og Snertingdal. Det vart servert 4-500 smaksprøver pr. stand og andre lokallag/fylkeslag i Norge vil nå gjera det same. Styret meinte at dette også burde vorte gjort før i grillsesongen i sommar og helst rundt større tettsteder for å få opp farten på salet av lamme og fårekjøtt. - Innspel til verneplan for Hjerkinn skytefeltet. Her hadde OSG støtta uttala frå Lesja Sau og Geit. Ellen M.Syse refererte om saka, og det er skremmande at mange forslag går på nedlegging av ferdselsvegar i viktige og gode beiteområder. Ei setning i formålsparagrafen syner vel heile saka i eit nøtteskal: Dei skal ta vare på SPOR av beitebruk... - Jordbruksforhandlingane 2017. Ein del bråk rundt tilskot til innmarksbeite der faglag til slutt ga NSG tilslutning til kravet. Styret i OSG meinte at NSG var litt klønete med at dei gjekk ut i media i staden for å avklara saka med faglaga fyrst. - Innspel til forvaltningsplan for moskus på Dovre. Her vart også lokale innspel støtta av OSG. - Styremøte NSG 30. - 31. mai 2017. Pål refererte korleis han hadde oppfatta det nye regimet og styret og nemnte nokre saker spesielt. Sak 14/2017: Evaluering av årsmøtet og planer for årsmøte 2018 - Påmelding gjekk vel som forventa, alltid mange som er seine og må purras opp. Sjølve påmeldinga med direkte innbetaling gjekk fint, men da ikkje alle gjer det vert det vanskeleg. I tillegg vart etterslepet som vi skulle ta i resepsjonen på hotellet hindra av dårleg mobildekking i forhold til betalingsterminal. - Tilbakemeldingane var dårlege når det gjaldt romfordelinga. Vi hadde møte med hotellet straks etter arrangementet og påpeikte dette med antall enkelrom og at dei hadde lova oss plass til 200 stk. Alle som hadde betalt for enkeltrom og fekk dobbeltrom fekk tilbud om attendebetaling. I forhold til maten og sjølve arrangementet, både fagleg og organisasjonsmessig, har det vore berre lovord å høyra. Postadresse: Telefon: Bankkonto: Oppland Sau og Geit 99034406 2095.19.84249 v/pål Kjorstad, Moarusta 13 E-post: Heimeside: 2647 Sør-Fron pkjorstad@outlook.com http://www.nsg.no/oppland/

- Under årsmøtehelga hadde både Nortura, Grobakken, OSID, Telespor, Findmy, Fjøssystemer, Animalia og NSG stands. Vi skal ha ein ny runde med kven som får ha stands og kven som skal ha dekka delar av eller heile opphaldet sitt på slike arrangement av innleiarar, sponsorar etc. Dette vert teke under planlegginga av neste års arrangement. - Arrangementet er eit samarbeid mellom heile familien OSG, med Fylkeslaget, Ring 41 og Oppland Gjeterhundlag. Dette er nytt for sistnemnte og vi må informera betre og meire for å få inn dette som ein rutine for styret og lokallaga i OGL. I tillegg hadde ikkje OGL fått høyrt at datoen på arrangementet vart flytta og mista litt fokus grunna dette. Sara meinte òg at vi laut spela inn at dette ikkje berre var eit årsmøte, men eit årsmøte med seminar og matservering og tilbod om helgeopphald. Representant frå Ring 41 og OGL må da etter styrets meining vera meire med på planlegginga neste år. - Styret fekk framlagt eit enkelt rekneskap over arrangementet, som viser at vi i alle fall redda arrangementet god inn økonomisk sett. Årsmøte 2017 - førebels rekneskap Dato/tekst Inntekter Utgifter Førehandsbetaling kr 347 445,00 Betaling på arrangement kr 28 287,00 Krav kr 72 289,33 Tilgode frå Ring 41 kr 8 670,00 Avgift deltager.no kr 10 108,02 Arrangementskostnad kr 416 795,00 Utbetalte/tilgodehavande kr 45 980,00 Fellesutgifter kr 17 838,00 Medlemsbutikk, stipulert kr 10 000,00 Summer kr 456 691,33 kr 500 721,02 Resultat kr - 44 029,69 Samanlikning utgifter 2017 2016 Fylkeslaget kr 22 015,00 kr 29 125,00 Neste år har Akershus Sau og Geit bedd inn både Oppland og Hedmark Sau og Geit til felles årsmøtehelg med årsmøte laurdag 3. mars.. Etter det vi veit skal arrangementet finna stad ved Gardermoen. I årsmøtevedtaket til OSG er det vedteke ein klausul om å diskutera staden for møtet. Det må snarast ta ei avgjerd om dette og Arnfinn fekk i oppgåve og kontakta leiar i Akerhus Sau og Geit, Håvard Semd, og få i stand eit planleggingsmøte i sommar, der Hedmark Sau og Geit også sjølvsagt vert innbede Sak 15/2017: Rekneskap for demonstrasjonsturane 2017 OBS, OB og OSG hadde etter det vi veit eit nokonlunde likt styrevedtak på å dela utgifter opp mot kr. 10.000 pr. organisasjon. OBS har betalt inn kr. 10.000,-, OB har ikkje betalt inn noko, medan OSG har dekka utgiftene. Styret i OSG vedtok at rekneskapsføraren i OSG går i gjennom rekneskapet og fordelar utgiftene likt mellom dei 3 organisasjonane etter fyrst å ha godtgjort OSG med kr. 5.000,- i utgifter for administrasjon og rekneskap. Enkelt rekneskap hittil:

Rekneskap ulveaksjonene 2017: Dato/tekst Tekst Inntekter Utgifter 05.jan Bussinntekter terminal kr 10 800,00 05.jan Bussinntekter kontant kr 4 600,00 18.jan Bussinntekter kontant kr 400,00 19.jan Bussinntekter terminal kr 3 600,00 25.jan Tilskudd Fjøssystemer kr 10 000,00 30.jan T- skjorter med trykk kr 1 300,00 31.jan Bussinntekter kontant kr 18 100,00 31.jan Tilskot OBS kr 10 000,00 01.feb Bussinntekter kontant kr 10 125,00 01.feb Bussinntekter kontant kr 10 000,00 02.feb Bussinntekter kontant kr 4 200,00 09.feb Musikk i Oslo kr 5 000,00 09.feb Musikk i Oslo kr 5 000,00 09.feb Annonse Fjuken kr 843,75 14.feb Annonse Valdres kr 956,50 14.feb Busser Valdres kr 22 350,00 14.feb Buss Haverstad kr 86 078,00 14.feb Annonse GD kr 1 540,00 14.feb Tilskot frå Valdreskom. kr 9 000,00 15.feb Buss Gausdal kr 3 583,80 16.feb Annonse OA kr 1 977,94 23.feb Bussinntekter terminal kr 14 600,00 09.mar Tilskudd Mjøsen Skog kr 5 000,00 10.mar Tilskudd Viken Skog kr 10 000,00 14.mar Tilskudd N- Fron kommune kr 3 000,00 22.mar Tilskudd Regionrådet MG kr 5 000,00 02.apr Annonse Dølen 260117 915 Tilskot OB kr - Tilskot OSG kr - Summer kr 128 425,00 kr 129 544,99 Resultat kr - 1 119,99 Sak 16/2017: Rovdyrsaker: Oppland har pr. nå 6 dokumenterte ynglingar av jerv og av dei er 2 teke ut, ei i Ringebu og ei i Sikkilsdalen i Nord-Fron der berre 1 kvalp av ynglinga vart teke ut. I tillegg har Rovviltnemnda i Oppland vedteke lisenskvote for jerv i 2017/18 til 12 dyr med hodyrkvote på maksimalt 5 dyr. Det har kome spørsmål om at organisasjonane skal klaga. Styret i OSG vil ikkje klaga på kvota, og håper inderleg at kvota denne gongen vert teke ut i staden. Styret i OSG vil heller at vi skal klaga generelt til Klima og Miljødepartementet på den manglande og svært dårlege forvaltninga vi har hatt på jerv i Oppland gjennom mange år i forhold til

bestandsmålet. Kopi skal gå til: Næringskomitèen, Fylkestinget, Rovviltnemnda og Landbruk og Matdepartementet. Situasjonen i Oppland nå: Ulv i området rundt Gran og Ringebu, båe med skadefellingsløyve og utvida 1-2 gonger. Bjørn vestsida Sør-Fron, ikkje søkt fellingsløyve. Beitebrukarar i Hurdal og Gran har opplevd og opplever i desse dagane den største tragedia i moderne tid i forhold til skadane som ein eller to ulvar har gjort og framleis gjer. Opp mot 100 dyr er drepe eller skadd/avvliva. Det har vore satsa alt opp mot å ta ut ulven med opptil 53 jegerar på ei gong. Det har vorte halda møter ned beitebrukarar, og dei som ikkje alt har sleppt sauen har vegra seg og etterkvart vorte råda til å halda sauen heime. Fylkesmannen i Oppland har kome med forslag om å betala erstatning på kr. 6,- pr. dyr pr. dag for forseinka slepp etter ein bestemt dato. Det er talt om at kring 2000 dyr er sleppt og rundt 4000 dyr går heime på vent. Oppland Sau og Geit vil oppmoda Oppland Bondelag om å laga ei felles pressemelding i saka. Styret vil òg vera tilgjengelg for både hjelp og anna organisering for dei som er ramma. Saka følges tett opp. Sak 17/2017: Profilering valgkamp 2017 Vi går inn i ei viktig tid for distrikts-norge og næringa med stortingsvalget i haust. Her må vi vera aktive med å syna fram norsk landbruk. Er det arrangement/stands må vi møta opp og stilla spørsmål til alle partia. Arnfinn talar med faglaga i Oppland om dette med å ha eller få tilgang til profileringsutstyr. Her gjeld det at båe faglaga og OSG står fram med felles argumentasjon. I forhold til OSG vil styret fremja at desse appellane/ønska vert trekt fram til framtidige stortingsrepresentantar: - Grunnlag: Norsk mat basert på norske ressursar - Rett til utnytting av utmarksbeite og innmarksbeite dette krev praktiske tiltak i rovviltpolitikken og i tilskotsrammene - For å gjera dette krev vi levelege inntekter! Sak 18/2017: Lokallaga ansvar og oppgåver Fleire lokallag lurar på dette og ønskjer nokre skriftlege kulepunkt om dette. Styret i OSG fremmer med bakgrunn i erfaringar at ei særs viktig og prioritert oppgåve for lokallaga er å stilla med utsendingar på årsmøte og med deltakarar på regionmøter arrangert av fylkeslaget. Vidare er den generelle rolla til lokallaget å sørge for at alle småfehaldarane lokalt vert tilbydd og betaler medlemskap i organisasjonen, at saker frå medlemmar vert teke opp lokalt og eventuelt vert sendt til fylkeslaget og at saker og info fylkeslaget sender til lokallaget vert følgt opp. Elles er oppgåvene til lokallaga lista opp i lagslovene til NSG i Kap. III Lokallag i NSG 12. Lokallag. Sak 19/2017: Saker frå Ring 41/avlsutvalget Ny representant i avlsrådet frå region øst må velgjast da Sven Reiersen vart ny leiar i avlsrådet. Elles har det på ny kome ein del innspel på NKS i forhold til ekstraarbeid i lammingsperioda. Fram mot møte i region øst og avlsrådsmøte vart det halde eit styremøte i Ring 41 der Pål som rep. frå styret i tillegg til Anne Kari møte. Her vart saklista til avlsrådsmøte gjennomgått slik at Hans Petter hadde god bakgrunnsdekning til sakene han skulle stå for i regionmøte. Det vart diskutert og vedteke at Oppland skulle gå for registrering av speneplassering i tillegg til spenestorleik, at lammetalet på NKS og spæl burde anten vera som før eller litt mindre på NKS og litt meire på spæl og at feilstillingar for kvart lam var noko ein måtte gå bort i frå. Det vart også diskutert den nye regionmodellen med utviding til 6 regionar, men det var svært vanskeleg å få til eit godt motforslag på dette møtet. Vi gjekk for

at sauetalet og antall kåringslam måtte vega tyngst i eit slikt regionoppdeling. Vi var einige i at region øst var ein alt for stor og uoversikteleg region. I møtet vart det til slutt kasta fram ein tanke om at alle 19 fylker i eit fellesmøte valde 6 representantar der og da. Vidare vart kåringsopplegget for 2017 diskutert og at nokre hadde datoen spikra og andre måtte koma med innspel. Det vart også vedteke at fyrste kåring som vert på Toten kunne fungere som ei dommersamling, da dette spara eit møte og at det her var samla alle raser. Sak 20/2017: Geitesaker 2 positive hendingar for geitehaldet i Oppland: Geitemjølkkvote på 50.000 kg er overført til Oppland frå Telemark. Samlinga og innspelet til landbruksmeldinga førte til at henteplikta på geitemjølk ikkje vart fjerna. Sak 21/2017: Gjetarhundsaker Prosessen i valg av representant til Gjeterhundrådet frå region øst, som bl.a. førte til tlf-møte 19. Mai, vart både vond og konfliktskapande. Styret i Oppland Sau og Geit var sterkt i mot at andre fylker gjekk for ein anna kandidat frå Buskerud enn Buskerud sjølve gjekk for, og lurte på kvar moralen og folkeskikken hadde vorte av. I tillegg vart nominasjonsprosedyren ikkje følgt. Dette førte til at representanten frå region øst Arne Christoffer Sand, som ikkje hadde sagt frå seg, vart kasta til fordel for Karen Bilstad frå same fylke. Ny leiar i Gjeterhundrådet vart Audun Seilen, som også vart vald inn i representantskapet i NSG i vinter. Her gjekk Oppland for Stig-Runar Størdal. Styret i OSG meiner at det i båe desse prosessane føregjekk uvanleg mykje uryddige prosessar, og at det kan ha laga djupe sår i organisasjonen. Nok ein gong etterlyser OSG grunnlaget for valg av avlsrepresentant for Working Kelpie i NSG, der svaret delvis kom i løpet av styremøte utan at styret vart klokare av det. Prosessane i desse valgrundane splitta også noko av miljøet i Oppland og Arnfinn og Sara vil halda eit møte med Nord-Gudbrandsdal Gjeterhundlag for å få rydda opp i forholdet. Styret gav Sara full tillit og skryt for at Oppland Gjeterhundlag no hadde vorte styrt demokratisk, og at dette måtte alle arbeida etter. Sak 22/2017: Oppland Radiobjøllelag Søkt om midlar til innkjøp av radiobjøller og FMS til brukarar i Oppland og til lammeprosjektet i Bagn. Fått lovnad om kr. 320.000 i FKT-midlar og kr. 180.000 i midlar til tilskot til tiltak i beiteområder. Dette er stort sett det same som tidlegare dersom ein trekkjer frå kr. 100.000,- som går til 110 radiobjøller som skal vera med i lamme-prosjektet. Det er i løpet av sesongen kjøpt inn: 590 radiobjøller, av dei er opptil 90 berrekna til reklamasjon for fjoråret, medan det er innkjøpt 150 FMS, og levert inn/fått att nokre titals einingar i tillegg til dei både oss og leigetakarar av oss bytta i fjor. Gamle og nye brukarar fekk faktura pr. e-post i tidsrommet 25. 28. april 2017, og sporadiske endringar/nye fakturaer etter dette. Mange av brukarane har fått tekstmeldingar om levering av utstyr m/påminning om fakturaen. Saman med rekneskapsførar er det bestemt at vi tek ei tekstmelding-påminning før 1. purring kjem med påminning om innkasso. Det er pr. dags dato 360 brukarar av elektronisk overvaking i Oppland mot 320 i fjor, det er delt ut omlag 3400 radiobjøller og 1000 FMS. Utstyret er stort sett delt ut pr, bil til tillitsvalde/medlemmar i ulike kommunar/grender. Elles har arbeidet vore prega av pakking, lading av FMS, utprøving av radiobjøller frå 2016, registreringer og hjelp. Arbeidet består nå av intensivt arbeid 10 dagar i april, heile mai og 10 dagar i juni. Sak 23/2017: Sak til NSG Vi har tidlegare fleire gonger spelt inn sak om tilgang til sakliste og referat frå landsmøter,

rep. møter og styremøter i NSG og kva tidspunkt desse skal vera tilgjengelege. Pål refererte frå styremøte i NSG nå sist der det vart lova frå administrasjonen at dette nå skulle koma på plass. Det er da å håpa at saklista til framtidige styremøter kjem slik at fylkeslaga kan sjå den og påverka styremedlemmar og at referat frå styremøter, rep. møter og årmøter også skal føreligga i rimeleg tid etter møta. Arnfinn ville òg diskutera det som gjekk føre seg på landsmøte i kjølvatnet av innspel frå Oppland. Arnfinn tok på ny opp denne saka på landsmøtet og ville ha svar. Han vart møtt på ein arrogant måte og hørte i kullisane etter møtet at Oppland Sau og Geit kverulerte. Styret i Oppland Sau og Geit meiner at fylkeslaget vårt vert drive på ein god måte, at vi kan brukast som eit godt døme for andre og at vi har rett til å stilla kritiske spørsmål for å få organisasjonen vår betre. Sak 24/2017: Eventuelt. Gjekk i gjennom årsmøtesaker og årsplanen, dette er gjort: - Leiar har teke kontakt og skal ha møte med OB og OBS om før ferien om ein meire effektiv og ressurssparande plan for samarbeidet i rovviltrelaterte saker. OB har vald Marthe Dypdalen, Ole Kristin Oldre og Kristina Hegge som rovviltkontaktar i fylket. OBS har vald Astrid Olstad og Bjørn Rustestuen - Innspel til jordbruksforhandlingane: Auka tilskot til sau, lam, geit og kje på utmarksbeite med kr. 25,- pr. dyr til kr. 177,- pr. dyr. Oppretthalda kvalitetstilskotet på lamme- og kje-slakt på dagens nivå Styrka avløysartilskotet og behalda avtalefesta tidleg-pensjon i jordbruket Oppretthalda eller helst auka forholdstalet på geitemjølk-kvotene Arbeida for at dei nye kriteriene for produksjonstillegget på sau og ammegeit over 1 år vert fordelt mellom besetningsstorleikar som i dag ved å endra grensa for tilskotssatsar frå 1-100/101+ til 1-125/125+. Samstundes vil vi at NSG spelar inn negative sider med telledato 1/3 og endrar denne til 15/4. Behalda jordbruksfrådraget på dagen nivå. - Delteke på møter der vi har vorte inviterte - Halde kontakt og samarbeida med relaterte lag og organisasjonar - Medlemsverving, her har leigetakarar i Oppland Radiobjøllelag, som ikkje har betalt medlemskap fått påminning - Heimesida har vorte oppdatert med rovviltartikkelen, men lite på andre saker - Vi har søkt og fått lovnad på midlar gjennom FKT og Tilskot til tiltak i beiteområder. - Vi har vedteke faktureringsordning i Oppland Radiobjøllelag - Vi har engasjert oss i rovviltarbeidet. - Leiar har vore i kontakt med og støtta medlemmar/lag i Etnedal og Leirskogen som har utfordringar med gjerdehald, gjerdeplikt og andre beiterelaterte spørsmål. - I forhold til rekruttering i næringa har det vore kontakt med og sett opp tilbud på Valdres vidaregåande skule på Leira med tema: sausanking, slaktedag oppdeling og saueklipping. På Vinstra har det vorte synt fram sau i barnehage og det har vorte sett i gang gjetarhundkurs for ungdom. Elles er Anne Kari ei av fleire i Oppland som er fadder for nystarta bønder. Her vart det etterlyst at vi burde også satsa på traktorkjøring og at arrangementa/tiltaka våre kom ut på sosiale media som Facebook. - Vi har ein årsplan med store ambisjonar, så vi må berre å stå på! Vinstra, 07/06 2017, Pål Kjorstad, sekretær