INFO SLIPPEN No. 1/ 2017 I følgjetongen 4-sylindra raritetar; Brough Superior Straight Four verdt meir enn eit heilt statsbudsjett Innhald: -Referat frå årsmøtet 2016 -Årsmelding 2016 -Reknskap for 2016 -Aktivitetar 2017
Referat frå årsmøtet 18. november 2016. Tid og stad: Fredag 18.11. klokka 19:00, Sunde Fjord Hotel, Sula. Tilstades var: Bjørn Nybø, Arild Gravdedehaug(s), Torgeir Båtnes(s), Atle Morsund(s), Jon Cristian Nygård, Steinar Sjøholt, Leif Arne Skorpen, Jørn Harald Høydal, Lars Røsok m/følge, Torgeir Vatnehol, Nina Jones (s), Roar Indergaard, Rolf Johansen, Øystein Helgesen, Jan Aksel Rasmussen, Asbjørn Eide, Jan Olav Røysland, Arnfinn Hammerø, Tor Arild Malin (s)=styremedlem 1) Godkjenning av innkalling: Dei frammøtte hadde høve til å komme med innvendingar til møteinnkallinga, men slike kom ikkje og møtet vart sett 19:09. 2) Val av ordstyrar: Torgeir Vatnehol 3) Val av referatskrivar: Torgeir Båtnes 4) Årsmelding: Årsmelding vart opplest av formannen. Ingen kommentarar frå årsmøtet. Årsmeldinga ligg ved referatet. 5) Reknskap: Reknskapet vart lagt fram slik som det ligg ved dette referatet. Økonomien er god. Inntekter på 22.587,- er frå Vårskjelven (netto), kontingent og momskompensasjon. Utgifter er 15353,- : 10% av verdier (telt, vogn etc..) er avskreve; 7.727,-, leige datasystemer (nettside), årsmøte, reg.henger, porto,annet; 7.626,- Totalt eit driftsoverskot medrekna avskrivingar på 7.234,- Kontantar i kassa er 9.534,- og på bok er der 62.039,- Reknskapet vart godkjent av årsmøtet. Kontingenten aukast? Nei, ikkje no heller. Vert som tidlegare 100,- året. 6) Val av nytt styre: Desse verva var på val: Formann, Skrivar og Treffansvarleg. Valnemnda har spurt sitjande skrivar om å ta ei periode til, og det sa han seg viljug til. Valnemnda har spurt sitjande treffansvarleg om å ta ei periode til, og det sa ho seg viljug til. Valnemnda har spurt sitjande formann om å ta ei periode til, og det sa han seg viljug til. Årsmøtet si innstilling til dei verva i styret som er på val er: * Formann : Arild Gravdehaug valperiode 1 år * Skrivar : Torgeir Båtnes valperiode 2 år * Treffansvarleg : Nina Jones valperiode 1 år Årsmøtet si innstilling for formann, skrivar og treffansvarleg vart einstemmig innklappa. Atle Morsund held fram som heimesideansvarleg/pressetalsmann. Ny valkomité for 2017 vert Jørn Høydal og Bjørn Nybø. 7) Aktivitetar/Fredagsmøta 2017, sjå vedlagt liste. 8) Profileringsmateriell: Årsmøtet 2015 sette ei ramme på 15.000,- for innkjøp av profilering. Styret har berre kjøpt eit flagg og eit banner til no, og vil ha forslag på kva meir utstyr vi kan kjøpe inn. Diverse T-skjorter, buffar, broderte merker har vi. Forslag kom om capsar/t-skjorter med «Vårskjelv» profilering (sterkt varemerke?) for sal på Vårskjelven. Kan verte populært. Styret ber medlemmane om å kome med fleire kreative tips på artiklar, produsentar o.a. 9) Forsikringstilbod: Forsikring på klubbtilhengaren, tilbod er innhenta frå to selskap. Tilboda vart framlagt på årsmøtet, rimeligste tilbod er på 2.250,-, og dekker kasko, brann, tjuveri. Formannen ønska innspel på dette, årsmøtet aksepterte rimeligste tilbod. 10) Skogsløpet: Atle Morsund: Det har vore ein kamp å finne arrangør til Skogsløpet for NVMC-sentralt, og ein fryktar at det vert vanskeleg å finne arrangøravdelingar i åra som kjem òg. Er dette noko avdelinga kan ta på seg? Årsmøtet meiner om at det skal skje, so må det erstatte Vårskjelven som treff det året, avdelinga har ikkje kapasitet og ressursar for å ta to store arrangement på eit år. Evt. økonomisk overskot må også komme lokalavdelinga til gode, for om vi arrangerar Skogsløpet istadenfor Vårskjelven, so mister vi ei stor inntektskilde det året. Vi tek opp att stafettpinnen på neste årsmøte. 11) Eventuelt:
Staffordtur 22-23 April. Formannen informerte om eit «skotsikkert» opplegg, der han kan vere behjelpeleg med praktiske ting for dei som vil av garde. Kontakt formannen for informasjon, det vil også vere tilgjengeleg info på heimeside/fjøsbok etter kvart. Fosenløpet siste helga i August, Torgeir Vatnehol oppmodar medlemmane til å vitje dette kjekke og sosiale treffet. Kontakt Torgeir Vatnehol for informasjon. Utfordring til kvar enkelt medlem om å dra med folk som har «sunne interesser» på fredagsmøter og aktivitetar i avdelinga. Årsmøtet vart so heva klokka 20:37, og vi gjorde oss klar til å innta årets julebord. Styret for 2017: Formann: Arild Perry Gravdehaug Selneset 6393Tomrefjord tel. 952 50 534 a.p.gravdehaug@xi.no Skrivar: Torgeir Båtnes Aurhølå 18A 6036 Mauseidvåg tel. 957 80 975 tbaat@hotmail.com Kasserar: Geir Eide Valle 6260 Skodje tel. 702 76 005 mob. 941 48 609 geira2@mimer.no Treffansvarleg: Nina Jones Tuenesvegen 15 6006 Ålesund tel. 920 80 973 nina.lynn@live.no Pressetalsmann: Atle Morsund Ola Fladmarksveg 6 6412 Molde tel. 712 76 043 mob. 408 43 772 atle@morsund.no Oui, oui! Je veux une moto M.G.C! Immédiatement! Web: www.nvmc-sunnmore.no Facebook: www.facebook.com/groups/169188467590 Til slutt gjer vi medlemmane merksame på: -Medlemskontingent 2017 Denne er på kroner 100, og må betalast inn v.hj. av giroblankett lagt ved denne forsendinga.de som ikkje har betalt for 2016 vert oppmoda om å betale vedlagt purring omgåande. Frist for innbetaling er sett til: 31. Mars 2017. Vi i styret ynskjer dykk alle ei God Jul og eit velsigna, innhaldsrikt Godt Nytt År!
Årsmelding 2016 for NVMC avd. Sunnmøre Året 2016 er tilbakelagt, uten de store omveltningene. Alt har gått sin vante gang med fredagsmøter, og Vårskjelv. I tillegg deltok vi i april, på Ålesund MC klubb sin messe, i Korsa tunellen. Her fikk vi frem litt forskjellige typer sykler, totalt ca. 8 stk. Samtidig vi fikk løfta klubben litt frem i lyset. Her var det spisstelt og primus, samt sporingsutstyr for radioaktivt nedfall, med mer. Takk til alle som bidrog på en eller annen måte. Tror dette var en kjekk helg både for oss som deltok, og de besøkende. Tar i rask rekkefølge opp fredagsmøta. - Januar, ute hos Bernhard Øyangen. - Februar, Tor Arild Malin gaida oss igjennom Borgund Videregående Skole. - I Mars, var turen lagt til formannen i Tomrefjord. - April, da gjekk turen til Harøy, med omvisning hos Nils S. Hansen, før vi inntok garasjeanlegget til Lars Røsok, med div bevertning. Det skulle også være en fellestur søndag 24/4, til Brødrene Sylte sin Historiske bensinstasjon. Hvem og hvor mange som møtte der, har vi ikke oversikt på. - I Mai var tiden kommet, for en omvisning i Runar Sætre sin butikk og verksted, Road Side Custom på Fiskarstranda. Mye fine sykler å kvile øynene på her. - Juni er som vanlig måneden for Vårskjelv. - I september, skulle vi ha en litt ekstra høsttur, med 2 innlagte overnattinger for den som ønsket det. Dessverre var påmeldingen så liten at Torgeir Vatnehol, ikke så annen utvei enn å avlyse. Høst og vår kan ofte være litt travle tider, men håper dette ikke har skremt han vekk fra å prøve igjen. Fjorårets tur til Trandal var kjekk. - I oktober ble sesongen avsluttet på Fiskarstrand Verft, med sosial omgang rundt kantinebordet, oppmuntra av forskjellig løye på storskjermen. Styret ønsker også å minne medlemmene om å støtte opp om fredagsmøta. De er stort sett godt besøkt, men vi vil gjerne vær flere. På mange måter er dette livsnerven i klubben vår. Ta gjerne med et potensielt medlem, for det er ikke alltid like enkelt, å møte opp første gangen helt alene. Og hvem vet, plutselig har vi flere ressurser å trekke på. Vårskjelven gjekk av stabelen, med rimelig godt vær, og mange kjekke gjester. Med andre ord ett treff av den vanlige sorten. Etter at alt var betalt, satt vi også igjen med ett fint overskudd. En stor takk til alle, som var med og drog lasset, sammen med vår eminente treffgeneral Nina. Styret har ikke hatt ordinære styremøter, men pleiet den kontakten de trenger, via e post, og på fredagsmøta. Om økonomien, kan det vel bare sies at den er god. Styret vil med dette ønske alle en riktig god jul, og ett godt nytt år. Så får vi håpe på en fin motorsykkel sesong i 2017 Styret i NVMC avd. Sunnmøre besto i 2016 av følgende: Formann Arild Gravdehaug Kasserer Geir Eide Sekretær Torgeir Båtnes Treffansvarlig Nina Lynn Jones Heimesideansvarlig Atle Morsund. Reknskap 2016
for NVMC avd. Sunnmøre
Aktivitetar Vinter / Vår 2017: Fredag 06. Januar Vi skal ut til «das BMW-Werk», hjå Bernhard Øyangen på Lingehaugane 1, Slinningen, Heissa pr. Ålesund. Ring Benna på 900 66 094 for info. Fredag 03. Februar Arild P. Gravdehaug arrangerar sveisekveld på verkstaden til Straumen Bil på Skorgenæset, der Fred. A. Hardy kjem og presenterar diverse løysingar for sveising og lodding frå Magna. Ring Arild P. på 952 50 534 for informasjon. Fredag 03. Mars Runar Sæthre tek i mot oss på RoadSide Custom, som ligg i dei gamle Nordstrikk-lokala på Fiskarstrand, rett over vegen for skulen. Der vert det høve til å sjå fjonge syklar frå Moto Guzzi, Honda, Aprilia, Indian, Victory og Vespa, på verkstaden vert det servert godsaker. Hjå Bjørn og John Christian, som romstrerar i kjellaren til Runar, vert høve til å få seg ein kopp kaffi, og sjå på prosjekta deira. Ring Runar på 906 66 157 om du treng rettleiing. Fredag 07. April Lars Røsok inviterer oss til Harøya/Finnøya, der det vert opplegg med mykje moro. Overnatting kan m.a. ordnast på Finnøy Sjøhus. Meir info kjem etter kvart på heimesida www.nvmc-sunnmore.no og på fjøsboksida vår. Ring Lars på 926 02 664 for info. Helga 29./30. April Fellestur anten laurdag eller sundag om vêret tillet, skrivaren arrangerar følg med på heimesida/facebook. Kontakt skrivaren på tel. 957 80 975 for info. Fredag 12. Mai Vi vonar på godt vêr, og sadlar opp for ein tur til Rekdal, der Jan Olav Røysland tek vel imot oss på den raude Sjøbua. Ring Jan Olav på 977 38 751 for info. 02. 04. Juni VÅRSKJELVEN 2017 Sjå eiga annonse i Sidevogna og på www.nvmc-sunnmore.no Fire sylindrar i rekke, veiva på toppen, toppen i bunn snedig patent signert M.G.C.
Aktivitetar Hausten 2017: Fredag 08.-09. September NB-NY DATO!:Torgeir Vatnehol arrangerer «naustafest» med overnatting og åtgaum på Lorgja, Ellingsøya. Meir info kjem etter kvart på heimesida www.nvmc-sunnmore.no og på fjøsboksida vår. Ring Torgeir Vatnehol på 928 13 390 for info og påmelding. Fredag 06. Oktober Tor-Arild Malin tek imot oss på Borgund Vidaregåande Skule, billinja. Det vert som sist omvisning, og høve til å gjere seg kjent med tilboda som skulen har for dei med mekaniske interesser. Kaffi og knask vert det og tid til. Ring Tor-Arild på 913 81 247 for informasjon. Fredag 17. November Årsmøte/julebord 2017. Eiga innkalling vert sendt ut.