Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Like dokumenter
S AK S F R AM L E G G

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Til Kopi: Tenesteleiar Einar Nedrelo Frå Arkivkode Arkivsaknr. Løpenr. Dato

SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL)

Spesielle miljøtiltak i jordbruket Tiltaksstrategi

Tilskott til jord- og skogbruk, Bykle kommune.

LOKALE RETNINGSLINJER FOR BRUK AV MIDLAR TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL)

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET I VANYLVEN KOMMUNE

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

Møteinnkalling for Utval for næring og teknikk

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Retningsliner 2014 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

MØTE PROTOKOLL. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. SAKLISTE

SAKSF RAM L E G G. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 243 V08 Arkivsaksnr.: 16 / 547

Tiltaka skal vere utover det ein kan vente av vanleg jordbruksdrift.

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 89/08 Tilskot til nærings- og miljøtiltak i Luster kommune 2008 Fordeling av resttilskot

Notat. SOGNDAL KOMMUNE Plan og næring. Tenesteleiar Einar Nedrelo. Eva Nilsen Huke. Oversyn over SMIL/ NMSK - søknader 1.

Særutskrift - 112/17 - deling av eigedom - Dimmelsvik - Per Harald Lunde

Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden

Retningsliner 2015 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Innhold. -Omtale av søknader hausten Prosjektomtalar SMIL hausten 2012

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

SAKSF RAM L E G G. Sakshandsamar: Haakon Stauri Begby Arkiv: MTR 141/49 Arkivsaksnr.: 18 / 3073

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL) OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) I VANYLVEN KOMMUNE

Retningsliner for SMIL og NMSK i 2016 Hjartdal kommune

REGLAR FOR INVESTERINGSTILSKOT I LANDBRUKET Godkjent av kommunestyret

Side 2 av 16 TILLEGGS-SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 039/13 13/259 Konsesjon GBNR 41/3 og 9 - landbrukseig

Møteinnkalling for Utval for næring og teknikk

UTSIKTSRYDDING I LUSTER

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

LOKALE RETNINGSLINJER FOR BRUK AV MIDLAR TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL)

VOLLASETRA UTTAK AV TORV

Rettleiing for utfylling av søknadsskjema for Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Geirangerfjorden 2018

Verdal kommune Landbruk, miljø og arealforvaltning

Effekten av tiltak i landbruket Fakta om ekstra tiltak og utviklinga av landbruket i verdsarvområdet og randsonene

MØTEPROTOKOLL. Arne Hauge, Hanne Teigen, Finn Roald Skare, Olaug Høyheim, Geir Paulsen, Britt Dagrunn Brugrand Nelly Torunn Øygard SAKLISTE

Naturvernforbundet sin representant har sett på areala det er søkt om dyrking av, og elles dei dyrka areala som ligg mellom.

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

SMIL strategi og bruk av midlar. - Erfaringar frå Hjelmeland kommune

DEL 1: Rettleiing til søknad om tilskot til særskilde kulturlandskapstiltak og

Virkemiddel knytt til forvaltning av biologisk og. Øystein Jorde Rådgjevar, Statens landbruksforvaltning

Verdal kommune Landbruk, miljø og arealforvaltning

Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Rapport for Hoddevik Liset. Grinde Engjasete

Kulturhistoriske registreringar

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan - Trafikkplan Vik, Jondal

Saksframlegg. Sakshandsamar: Cornelis Erstad Arkiv: MTR 81/53 Arkivsaksnr.: 16/320-10

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Linda Nyvoll Antonsen

Offentlege tilskotsordningar med vekt på gjerding

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re Møtesta d: Otta Dato: Tidspunkt : 18:00

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Omtale av SMIL-søknader våren 2012

Notat om historie og kulturlandskap

RMP i fjellbygdene. Bjørg Torsteinsrud, Ål kommune. Utviklingsavdelinga

Møteinnkalling. Utval : Nærøyfjorden verneområdestyre Møtesta d: E - post, Aurland Dato: Tid spunkt : 14:00

Løyve til tillatelse til tiltak uten ansvarsrett gnr. 84 Bnr 1

Tiltaksstrategi for bruk av SMIL-midlar for perioden

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

Særutskrift - 194/6 - ny grunneigedom - Sæbøvik - Fredrik Johan Øvrevik

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - enkel tilrettelegging av sti mellom Vatnane og Åsedalen

SMIL - STRATEGI FOR SANDE KOMMUNE

Kommunplan Vik Kommune Arealdelen

Samanlikning av arealtal frå Analycen og gardskart

LANDBRUKET I SOGN OG FJORDANE - UTFORDRINGAR OG REGELVERK

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - gjennoppføring av tilbygg på stølshuset på Åsen

Saksframlegg. Sakshandsamar: Diana Husum Ekren Arkivsaksnr.: 11/ Dispensasjon gbnr.23/125 Lunnamyri 12 / Fosshaugane - Kvåle

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling - Søknad om deling - 99/1 - Dimmelsvik - Eivind Tvedt

Nærøyfjorden landskapsvernområde - uttak av torv til torvtak på Skogastova

STRATEGIPLAN FOR ØKONOMISKE VERKEMIDDEL I JORDBRUKET FOR KOMMUNANE FOR HERØY, ULSTEIN OG HAREID.

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - bygging av badestamp på Øvste Stigen

KOMMUNEPLAN

Produksjonstilskot i jordbruket - vanleg jordbruksproduksjon. Silje Anette Lyhammer Rådgjevar Landbruksavdelinga Regionale samlingar 2017

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Skjervheim 279 1/6. Moderne gardsdri i pakt med kulturlandskapet. Myrkdalen Voss kommune

Tilskotsordningar i landbruket og litt til - ein guida tur gjennom den offentlege papirmølla

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 13/297-2 Løpenummer: 13/7157 Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Kvernåe naturområde i tekst og bilete

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Vår ref. 2009/ Særutskrift - BS - 139/68 - garasje - Herøysundet - Odd Åge Helvik

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2.gongs behandling - deling - 278/5 og 272/1 Åkra - Evy Brekke

Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet

2 av 14 Kva saka gjeld: Saka gjeld søknad om frådeling av ein parsell (på 4500m2) på gbnr. 34/3. Planstatus: Tiltaket ligg i eit område som er avsett

Sansehage Kleppheimen

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Gode mål for UKL-områda naturmangfald kulturminne - jordbruk

Rapport frå synfaring av Botn

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

TOKKE KOMMUNE Definisjonar. BRA, bruksareal er i høve til NS 3940 og teknisk forskrift.

Forvaltnings- og føretakskontroll av tilskotsordningar i landbruket

Lesja kommune Forvaltning og utvikling

Transkript:

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket - Omtale av søknader vår 2017 Innha ld 1 Prosjekt på kulturmark......... 2 1.1 Rydde innmarksbeite på Holmestad i Fortun, gbnr. 5/3... 2 1.2 Rydding av beite i Fortun, gbnr. 13/1...... 3 1.3 Rydding langs slåttemark og beite på Råum,gbnr. 73/3... 4 1.4 Rydding av gamal kulturmark på Brunestegane, gbnr. 83/5... 5 1.5 Rydding av beite på gbnr. 91/5 i Leirdalen...... 6 1.6 Rydding av beite på Ugulen, gbnr. 115/2...... 7 1.7 Rydding av innmarksbeite på Li nedre, gbnr. 123/3.... 8 1.8 Rydding av skog tilhøyrande Heggesta d gbnr. 132/11 på Veitastrond.... 9 1.9 Rydding av skog på Hilleren - Vårstølen gbnr. 133/3... 10 1.10 Tilleggssøknad - oppsetjing av gjerde til innmarksbeite på Rupheim gbnr. 148/1... 11 1.11 Rydding rundt gammal slåttemark tilhøyrande Hillestad, gbnr. 155/2... 12 1.12 Rydding av innmarksbeite på Ormbergstøl, gbnr. 187/2... 13 1.13 Rydding av beite og restaurering av jordkjellar tilhøyrande Jostedal prestegard, gbnr. 193/2 2 Tiltak på bygningar som ikkje knyter seg til utmark...... 16 2.1 Restaurering av vegg på driftbygning på Fladhammer, gbnr. 54/1... 16 2.2 Oppattbygging av banebru på Øina, gbnr. 155/67...... 17 3 Stølshus og løer............ 18 3.1 Restaurering av gammal uteløe tilhøyrande gbnr. 15/1 på Fuglesteg... 18 3.2 Vøling av stølshus på Vigdalsfjellstølen, tilhøyrande gbnr. 36/1... 19 4 Ferdselsveger \ landbruksrelaterte veger...... 20 4.1 Rydding av gamal ferdselsveg mellom Espe og Kroken... 20

1 Prosjekt på kulturmark 1.1 Rydde innmarksbeite på Holmestad i Fortun, gbnr. 5 / 3 Omsøkt tilskot Godkjent tilskotsgrunnlag løyving 17/684 Thomas Urnes Ikkje påført 60 000 42 000 Det vert søkt om SMIL - midlar til å rydde skog på Holmestad, gbnr. 5/3, tilhøyrande Steig gbnr. 6/2. Området består i hovudsak av oreskog med innslag av bjørk. Området er i dag jf. arealbasen til NIBIO klassifisert som produktiv skog av høg bonitet. Omsøkte område er tilgjengeleg med maskin, søkjar vil truleg nytte gravemaskin på mesteparten av området. Søkjar har behov for meir beite, og vil nytte området til beite for sau. Han vil stubbebehandle og punktsprøyte nye skot. Omsøkte o mråde er tilgjengeleg med traktor. Omr ådet utgjer om lag 15 daa jf. målingar på gardskart. Føremålet med ryddinga er i tråd med SMIL - forskrifta. Søkjar oppfyller krava for å få innvilga SMIL - midlar. Rydding av slått - og beitemark er kulturlandskapstiltak av fyrste prioritet jf. kommunal ti ltaksstrategi. Administrasjon har vurdert tiltaket for mi ddels arbeidskrevjande. Samanlikna med andre tilsvarande ryddeprosjekt vert kostnadane rekna ut i frå kommunen sine standardsatsar. Dette utgjer eit tilskotsgrunnlag på kr 60 000. Tilrå ding på 70 % av godkjent tilskotsgrunnlag, kr 42 000. Representativ del av område som skal ryddast. Ortofoto av omsøkte areal (markert med raudt). 2

1.2 Rydding av beite i Fortun, gbnr. 13/1 17/1887 Liv Judith Bolstad Ikkje påført 100000 70 000 Liv Judith Bolstad søkjer om SMIL - midlar for å rydde skog til beite på Fortun i Fortun. Knut Stokkenes er eigar av omsøkte område. Føremålet med ryddinga er å rydde skog til beite f or sau. Området består i hovudsak av oreskog. Søkjar vil stubbebehandle og vil nytte saks på gravemaskin på mesteparten av arbeidet. Samla areal utgjer 26,5 daa. Søkjar vil setje igjen nokre rognebærtre innimellom. Det er gjort eit skjønnsm essig frådrag for op ne flater (tidlegare dyrka mark) på om lag 1,5 daa. Tiltaket er vurdert til å vere middels arbeidskrevjande. Etter synfaring har administrasjonen vurdert søknaden etter kommunen sine standardsatsar, tilskotsgru nnlaget er sett til kr 100000. Rådmannen rår til eit tilskot på kr 70 000. Bilete frå synfaring 12.12.2016 Ortofoto av omsøkte område 3

1.3 Rydding langs slåttemark og beite på Råum, gbnr. 73 /3 17/1869 Anders Olav Ekrene Ikkje påført 14 000 10 000 Anders Olav Ekrene søkj er om tilskot til rydding av skog langs kantane av eit slåttegjerde han disponerer på gbnr. 73/3 i Engjadalen. Stykket ligg på nedsida av vegen rett sør for avkøyrsla til Vassvollane, sjå kart. Området vert nytta til slått og beite. Føremålet med prosjektet er å få rydda bort skogen slik at det let seg gjera å slå lenger ut mot kantane. Stykket er i dag klassifisert som fulldyrka jord med ei rand av skog rundt kanten. Midt på stykket er det e it par knausar som også må ryddast, på oppsida mot vegen er det nyleg rydda. Noko av arealet er fuktig og ujamt med ein del stein, her vil Ekrene vurdera å planera, men det er ikkje del av SMIL - prosjektet. Areal som skal ryddast er estimert til 3,5 dekar. Ekrene avslutta sitt førre SMIL - prosjekt hausten 2016. Han har ikkje ført opp nokon søknadssum, men viser i staden til synfaringa 21.12.2016 og kommunen sine satsar. Skogen består av mest or, men også noko bjørk og andre lauvslag av dimensj onar som eignar seg godt til ved. Det er ikkje veldig mykje småbusker. Heile området har god tilkomst for traktor og kort avstand til veg for opplasting. Diverre er det for dårleg lønsemd i vedproduksjon, særleg på oreved, til at det i seg sjølv er rekning ssvarande i høve tidsbruken. Prosjektet er fyrst og fremst eit godt tiltak for gardsdrifta til Ekrene, men det føyer seg også inn i rekka av ryddeprosjekt som er heilt avgjerande for å ta vare på det verdifulle kulturlandskapet i Engjadalen. Nærleiken ti l utfartsområdet Vassvollane styrkar søknaden, og det kan også nemnast at gamlevegen til Råum, som går i merket langs nedkanten vil komma fram i dagen att når skogen er borte. Tilskotssatsen vert plassert i kategori 2 (middels krevjande), som medfører eit til skotsgrunnlag på kr 14 000. Rådmannen tilrår at søkjar får dekt 70 %, kr 10 000. Kart frå søknaden. Området som skal ryddast er berekna til 3,5 dekar. Området sett frå vegen. Granene i nedkant står på a ndre sida av merket og vert ikkje hogne. 4

1.4 Rydding av gamal kulturmark på Brunestegane, gbnr. 83/5 17/887 Ole Arne Hauge n 35 000 84 000 59 000 Ole Arne Haugen søkjer om SMIL - midlar til å rydde innmarksbeite tilhøyrande gbnr. 83/5 p å Brunestegane i Engjadalen. Om rådet er gamal kulturmark, og store deler vart slegen med ljå tidlegare. Teigen er bratt, det er ikkje tilkomst med traktor. På øvste delen kjem søkjar til med vinsj frå vegen. Mesteparten må samlast og brennast. Stubbane vert behandla med roundup. På øvste delen er det mykje eine. På nederste delen er det bratt terreng med blandingsskog, mest g råor med innslag av hegg, bjørk og eine. Teigen er på om lag 30 daa totalt. Det er nokre opne flater på øvste delen, desse går tydeleg fram av flyfoto. Søkjar er open for å dele området i 2 og søkje på del 1 i denne søknadsrunden. Området vert nyt ta som beite til sau. Administrasjon har lagt til side søkjar sitt kostnadsoverslag og vurdert tiltaket etter kommunen sine standardsatsar. Teigen er godt synleg frå bom vegen som går opp til parkeringsplass på Brunestegen. Det går godt merk a tursti gjennom beiteområdet frå Brunen - Kvigedalen - Skår. Området er såleis godt synleg for ålmenta. Del 1 av område utgjer om lag 17 daa. Det er gjort skjønnsmessig fråtrekk for om lag 3 daa opne flater. Området er vurdert etter høgste sats. Godkjent tilskotsgrunnlag utgjer kr 84 000. For å avgrens e område i forhold til SMIL - potten som s kal fordelast vert det i denne søknadsrunden gjeve SMIL - mildar til del 1 av omsøkte område. Rådmannen rår til eit tilskot på kr 59 000. Ortofoto frå 2012. Området vert avgrensa til øvste delen, på om lag 17 daa. Bilete teke på synfaring 25.05.2017 5

1.5 Rydding av beite på gbnr. 91/5 i Leirdalen 17/1841 Inger Marie og Jon Evjestad Ikkje påført 55 000 38 500 Søkjar ynskjer å rydde eit beiteområde som er i f erd med å vekse att med gran. Beitet ligg i nedre del av Leirdalen, nærmare bestemt Gruvla og er eit viktig areal for å få dyra ut om våren. Området vart nytta som beite av eigarar fram til 2012. Etter den tid er området nytta som beite av eigar av gbnr. 91/2 i Leirdalen. Søkjarne oppfyller vilkår få å få tildelt SMIL - midlar. I 2017 vert landbrukseigedomen til søkjarane slegen og graset seld. Omsøkte areal er bratt og ulendt. Eigar kan komme til den opne flata på del 1 med traktor. Resten av arealet er ikkje tilgjengeleg med traktor. Del 1 og del 3 (markert med raudt) består i hovudsak av gran som har frøa seg. Arealet er forholdsvis ope,og arealet som tilsaman utgjer om lag 5 daa vert vu r dert etter den lågast e satsen. Del 2 (markert med lilla ) som ligg mellom dei andre areala består at tett smågran, med noko bjørk innimellom. Dette vert vurdert etter høgste sats etter administrasjon si vurdering. Området er godt synleg frå bil vegen til Leirdalen. Når området vert rydda ve rt også gamle vegen til Leirdalen som går gjennom eigedomen godt synleg. løyving på kr 38 500. Del 1 Del 2 Del 3 Oversikt over området som ska l ryddast. Bilete syner del av del 2 som skal ryddast. 6

1.6 Rydding av beite på Ugulen, gbnr. 115/2 Omsøkt tilskot Godkjent tilskotsgrunnlag løyving 17/1837 Knut Ha uge Ikkje påført 63 400 44 500 Knut Hauge søkjer SMIL - midlar til ryddi ng av skog for å betre beite. Området skal nyttast til beite for småfe. Området ligg på begge sider av rv. 55, der ein svingar av til Lambhaug. Vurd ering: Då deler av omsøkt e område er plantefelt for gran, noko det ikkje vert gjeve SMIL - midlar til å rydde, var t det gjort korrigeringar i søknaden på synfaring 23.05.2017. Sjå bilete under. Heile omsøkte område er i dag jf. arealbasen til NIBIO klassifisert som skog av høg og særs h øg bonitet. Nytt område (del 1) går fra m av bilete under, og utgjer om lag 4,5 daa. Området er nytta til beite for sau i dag, og vert vurdert til å vere middels arbeidskrevjande. I tillegg vart det lagt til eit areal (del 2) på oppsida av rv 55. Del 2 utgjer eit o mråde på 6 daa, Det er gjort skjønnsmessig fråtrekk for om lag 2 daa planta gran. Området er lett tilgjengeleg med traktor og vert vurdert til å vere middels arbeidskrevjande. Område er ikkje nytta til beite i da g. Det vart ved synfaring lagt til kost na der til oppsetjin g av gjerde på del 2, om lag 350 meter. Det kan jf. kommunal strategi løyvast midlar til gjerde når dette er ein del av eit tiltak for å rydde eit beiteområde. Kostnader for oppsetjing av gjerde er kostnadsrekna på tilsvarande måte som dei andre søknadane som gjeld gjerde i denne søk na dsrunden. Dette utgjer eit tilskotsgrunnlag på kr 63 400. Tilråding på 70 % av go dkjent til skotsgrunnlag, kr 44 500. Del 2 Del 1 Området viser omsøkte areal etter korrigering ved synfaring 23.05.2017 Her vil søkjar rydde arealet som ligg mellom traktorvegen,riksvegen og eksisterande granfelt.. 7

1.7 Rydding av innmark sbeite på Li nedre, gbnr. 123/3. 16/4376 Steinar Schanke Ikkje påført 116000 81 000 Steinar Schanke har søkt SMIL - midlar til rydding av beite. Søkjar driv med storfe og har behov for auka beite i tilknyting til garden. Føremålet med tiltaket er å utvide beite til både ammekyr og mjølkekyr med sommarproduksjon. Dette vil lette trykket på fulldyrka areal som i dag vert nytta til både slått og beite. Omsøkte område er omfatta av 17 daa på eigedomen til søkjar på gbnr. 123/ 7, teig 1 og og 38 daa på eigedomen gbnr. 123/3 til Rolf Lie. Det vert nytta krattknusar til å rydde skogen der det let seg gjere. O mrådet består av blandingsskog med innslag av bjørk. Omsøkte areal er jf. arealbasen til NIBIO klassifis ert som skog med særs høg bonitet. Det vart lagt til noko areal på synfaring 23.11.2016. Det er gjort eit skjønnsmessig frådrag frå opne flater. Etter fråtrekk vert arealet rekna som fylgjande: Del 1 (raudt) utgjer 10 daa. Del 2 (blått) utgjer 27,5 da a. Del 3 (lilla) utgjer 17 daa, derav 6 daa vanskeleg tilgjengeleg med traktor. A dministrasjon vurderer 49 daa som middels arbeidskrevjande, og 6 daa arbeidskrevjande. For å avgrens e område i forho ld til årets SMIL - pott vert det i denne søknadsr unden gjeve SMIL - mildar til rydding av 29 daa på gbnr. 123/3. Rådmannen rår til eit tilskot tilsvarande 70 % av godkjent tilskotsgrunnlag, kr 81 000. O mråd e vert avgrensa ti l dei to områda markert med rau de piler, dvs. del 1 og 20 daa av del 2. Bile te teke frå vegen og syner del av område på del 1. 8

1.8 R ydding av skog tilhøyrande Heggestad gbnr. 132/11 på Veitastrond. 17/1174 Nils Asbjørn Nes Fram legg til Ikkje påført 60 000 42 000 Nils Asbjørn Nes søkjer om SMIL - midlar til å rydde skog på gbnr.132/11, teig 1. Området er i dag jf. arealbasen til NIBIO klassifisert som 3 daa fulldyrka jo rd, 8,4 daa skog av høg bonitet og 6,8 daa uproduktiv skog. Føremålet med ryddinga er å dyrke opp igjen heile teigen, evt. beiting på det som ikkje kan dyrkast. Søkjar ynskjer å nytte gravemaskin og gravemaskin med krattknusar i ryddinga. Det er ein del gammal og nedfallen skog på område klassifisert som uproduktiv skog. Det er i vurderinga teke omsyn til verdien av bjørkeskog på eigedomen. Administrasjon har vurdert tiltaket, dvs. omlag 15 daa, i gjennomsnittil å vere middels arbeidsk revjande Etter kommunen sine standardsatsar utgjer tilskotsgrunnlaget kr 60 000. Tilråding på 70 % av godkjent tilsk otsgrunnlag, kr 42 000. Ortofoto av området som skal ryddast. Bilete av deler av området som er klassifisert som skog av høg bonitet. 9

1.9 Rydding av skog på Hilleren - Vårstølen gbnr. 133/3 17/1945 Anja Irene Hille ren Ikkje påført 38 000 26 500 Anja Irene Hilleren søkjar om SMIL - midlar til rydding av skog til nydyrking på gbnr. 133/3, teignummer 5. samt tilskot til rydding av kantsoner på teignummer 6. Ho fekk innvilga konsesjon på eigedomen 20.03. 2017. Prosjektet er todelt: Del 1: Søkjar vil rydda om lag 8 daa skog på teignummer 5. Arealet er i dag registrert som skog av middels bonitet jf. arealbasen til NIBIO. Planen etter rydding er drenering og nydyrking for å kunne ta arealet i bruk som sl åttemark. Området består i hovudsak av bjørkeskog. Del 2: Søkjar vil rydde kantsonerundt dyrka mark på teignummer 6, like ovanfor badeplassen på Veitastrond. Føremålet med prosjektet er å få rydda bort skogen slik at det let seg gjera å slå lenger ut mot kantane. Dette utgjer om lag 1,5 daa. Både del 1 og del 2 er vurdert etter sats i midten jf. kommunen sine standardsatsar. Om lag 9, 5 daa utgjer eit tilskotsgrunnlag på kr 38 000. Det er i vurderinga teke omsyn til verdien av bjørkeskog på del 1. løyving på 70 % av godkjent tilskotsgrunnlag, kr 26 500. Del 1: Ortofoto av området som skal ryddast. SMIL - søknad gjeld skravert areal. Del 2: Rydding av kantsoner rundt dyrka mark (markert med raudt). 10

1.10 Tilleggssøknad - oppsetjing av gjerde til innmarksbeite på Rupheim gbnr. 148/1 17/1846 Claus Rumohr Moe Ikkje påført 21 000 14 500 Søkjar søkjer om tilskot til oppsetjing av gjerde til innmarksbeite. Søknaden er ein tilleg gssøknad til søknad om rydding av innmarksbeite på Rupheim frå 2016 (sak 16/1088). Lengda på gjerde er om lag 250 m. Det inngår 2 grindar i kostnadsoverslaget. Gjerde skal leggjast ned om vinteren for at det skal vare lenger. Søkjar har lagt ved eit kostnadsoverslag på kr 21 000. I kostnadsoverslaget inngår ein arbeidskostnad på kr 25 timar, dvs. 10 m gjerde pr. time. Det utgjer ein samla meterpris på kr 84. Jf. kommunal strategi kan det løyvast tilskot til gjerde når dette er ein del av eit tiltak for å rydde eit beiteområd eller styre beitinga mot eit biologisk verdifullt område. Om lag 4 daa av av arealet søkjar har fått tilskot til å rydde er registrert som svært viktig naturbeitemark, jf. naturb asen. Søknaden oppfyller vilkår for løyving til tilskot til gjerde jf. kommunal strategi. Rådmannen rår til eit tilskot på 70 % av godk j ent tilskotsgrunnlag, kr 14 500. Oversikt over strekninga som skal gjerdast inn, det gjeld svart strek med grind i begge endar. 11

1.11 R ydding rundt gammal slåttemark tilhøyrande Hillestad, gbnr. 155/2 17/1847 Per Fridolf Hillestad Ikkje påført 8 000 5 500 B eskriving av prosjektet : Per Fridolf Hillestad søkjer om SMIL - midlar til å rydde rundt dyrka slåttemark på gbnr. 155/2, teignummer 1 ved Hillestadstølen. Området har ikkje vorte nytta på mange år, og søkjar ynskjer å ta det i bruk igjen som beite. Områd et er avgrensa etter bekkane på begge sider. Heile området er tilgjengeleg med traktor, og utgjer om lag 2 daa. Administrasjon har vurdert tiltaket for å vere middels arbeidskrevjande. Godkjent tilskotsgrunnlag utgjer kr 8 000. løy ving på 70 % av god kjent tilskotsgrunnlag, kr 5 500. Tiltaket på om lag 2 daa er markert med raudt og er avgrensa i bekkane på begge sider. Bilete a v del av området som skal ryddast. 12

1.12 Rydding av innmarksbeite på O r m bergstøl, gbnr. 187/2 17/1596 Bjørn Ove Nytun Leirdal Ikkje påført 80 000 56 000 Bjørn Ove Nytun Leirdal søkjer tilskot til å r ydde eit område til beiteføremål på gbnr. 187/2. Området er i dag klassifisert som innmarksbeite, overflatedyrka og skog. Alt arealet er leigd bort inntil vidare. Omsøkte område er i dag leigd vekk som beite til Svein Olav Skjæret. E igar ser føre seg å starte opp med husdyr sjølv på sikt. Området som skal ryddast er eit flatt området beståande av lauvskog. Det er greitt tilgjengeleg med traktor. Arealet er totalt på 29 d aa. Deler av arealet er opent, det er difor gjort eit skjønnsmessig frådrag frå 5 daa. Arealet har noko vedverdi. 1/3 av arealet er vurdert som lite arbeidskrevjande å rydde, resten er vurdert som middels arbeidskrevjande. Det utgjer ei tilskotsgrunnlag på kr 80 000. Det er i dette tilfelle lagt vekt på at midlane kjem det aktive landbruket til gode, og inngår som ein del av tilskotsberettiga drift på eigedomen. Rådmannen tilrår ei løyving på 70 % av godkjent tilskotsgrunnlag, kr 56 000. Omsøkte område er markert med lilla. Ortofoto over området som skal ryddast. 13

1.13 Rydding av beite og restaurering av jordkjellar tilhøyrande Jostedal prestegard, gbnr. 193/2 17/1819 Ove Haugen Ikkje påført 49 600 30 500 Ove Haugen søkjer om tilskot til å rydde 2 mindre områder på garden, samt om tilskot til å setje inn dørar på dei to jordkjellarane på eigedomen hans. Del 1: Rydde om lag 2, 4 daa ved Linaholet. Del 2: Rydde om lag 5,1 daa. Søkjar ynskjer ut frå sine erf aringar ikkje å stubbebehandle stammane, men vil utføre det dersom det vert naudsynt. I tilknyting til ryddinga søkjar han om tilskot til å setje opp nytt gjerde for å ta i bruk nytt beiteareal. Dette utgjer 75 meter netti nggjerde med stolp. Del 3: Jordkjellarane ligg like ved den gamle kyrkjesangarbustaden (Klokkarstova) i Jostedalen. Dei tilhøyrde opphaveleg kvar sitt bruk, i dag er dei eigd av søkjar. Dei er bygd inn i skråingen med opningane mot Sagerøyelvi. Søkjar vil lage nye dørar og grimer/dørkarmar, rydde skog som har vakse på kjellarane og legge stein i stien utanfor kjellarane. Han ynskjer å leggje til rette for besøk og rydding av tilkomst på dugnad. Han har hatt besøk av barnehage, skuleklassar og andre og synt fram jordkjellarane og Klokkarstova. Søkjar har lagt til grunn 55 arbeidstimar etter kommunen sine standardsatsar, samt materialkostnad på kr 4 000. Del 1: er vurdert til å vere lite arbeidskrevjande. Del 2: her er 3,9 daa rekna for å vere middels arbeidskrevjande og 1,2 daa for å vere lite arbeidskrevjande. Tilsaman utgjer dette eit tilskotsgrunnlag på kr 23 000. Til liks med anna søknad om tilskot til oppsetjing av gjerde har administrasjon også her nytta ein meterpris på kr 84, det utgjer eit tilskotsgrunnlag totalt ( for rydding og oppsetjing av gjerde ) på kr 29 100. Del 3: Jordkjellarane er eit av dei aller eldste bygningstypane i Norge. Den har i hovudsak tent som lager for mat og drikke til folk. Kjellarane er delvis gravd inn i bakken, med vegger av stein, jord og torv. Jordkjellarane vart nytta fram til rundt 1900 - talet, fram til det vart vanleg å byggje kjellar under hus. Begge jordkjellarane har kraftige murar, men begge manglar dørar. Den eine døra finn ein i jordkjellaren. Jf. kommunal strategi er andre kulturhistorisk verdifulle bygningar av 2. prioritet. Det tel positivt for søknaden at jordkjellarane vert besøkt av barnehagar, skular og andre. Tilskotsgrunnlaget for jordkjellarane utgjer 20 500. 14

løyving på 70 % av godkjent tilskotsgrunnlag for ryddinga og 50 % for jordkjella rane. Det vil se i eit samla tilskot på kr 30 500 ; 20 500 for rydding og kr 10 000 for restaurering i tilknyting til jordkjellarane. Bilete frå jordkjellarane. Begge framstår som solide og inntakte, og er eit viktig kulturminne i jordbruket sitt kulturlandskap. Syner del av del 2 som skal ryddast mellom veg og dyrka mark. Bilete teke på synfaring 14.02.2017 15

2 Tiltak på bygningar som ikkje knyter seg til utmark 2.1 Restau rering av vegg på driftbygning på Fladhammer, gbnr. 54/1 17/1818 Inger Lise Fladhammer Cirkic Omsø kt tilskot Godkjent tilskotsgrunnlag løyving Ikkje påført 68 244 34 000 Inger Lise Fladhammer Cirkic søkjer om SMIL - midlar til utskifting av kledning og kledningslekt på drift sbygningen på Fladhammer. Det gjelv gavlvegg mot sør, samt utskifting av enkelte bord på vegg mot aust. Driftsbygningen er frå om lag 1900 - talet. Den er mura av gråstein med leirfyll og overbygd med treverk, noko som var vanleg på den tid. Noko av trever ket er sidan rive, men fjøsen er i bruk i dag til sau og hest. Kost na dsoverslag er u tarbeida av Luster Byggservice a s og utgjer eit kostnadsoverslag på kr 68 244. Kost na dsoverslage t omfattar kun kost na der til sni kkararbeid. Andre kulturh istoriske verdifulle bygingar knytte til gardsdrift er av andre prioritet i kommunal strategi. Driftsbygningen ligg like ved rikvveg 55 på Flahammer i Luster. Embetshuset på garden er freda. D riftsbygningen med sine solide murar er svært iaugefallane frå vegen, og såleis godt synleg for ålmenta. Rådmannen ser positivt på at søkjar vil ta vare på driftsbygningen. løyving på kr 34 000. Det vert sett vilkår om at restaureringa skal utførast etter antikvariske prinsipp. Kledningen skal erstattas t med same type kledning som er på bygget i dag. Kart som syner plassering av driftsbygningen på Fladhammer 16

2.2 Oppattbygging av banebru på Øina, gbnr. 155/67 17/1389 Margit Flåten Løland Ikkje påført Ikkje relevant 0 Bes kriving av prosjektet : Margit Løland Flåten søkjer om SMIL - midlar til å skifte ut råtten banebru på driftsbygningen på garden. Ho vil rive den gamle og byggje opp igjen ei tett bane bru, og vegger til boden under. Vindskeiene skal og skiftast. Vurderin g: Jf. gjeldande forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket kan tilskot innvilgast til føretak der det føregår ein tilskotsberettiga produksjon på landbrukseigedomen og som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og i forskrif t om gjødselplanlegging. I dette tilfelle er det ikkje noko produksjon av næringsmessig preg som utløyser produksjonstilskot, og søkjar fell såleis utanfor forskrifta. løyving på kr 0. 17

3 Stølshus og løer 3.1 Restaurering av gammal uteløe tilhøyrande gbnr. 15/1 på Fuglesteg 17/1856 Ronny Thunes 70 000 123000 50 000 Ronny Thunes søkjer om SMIL - midlar til å restaurere uteløe i Fugl esteg. Løa tilhøyrer Wilfred Pedersen, gbnr. 15/1, og er den einaste som står att etter brannen i 1985. Løa treng full gjennomgang på fundament, berekonstruksjon, vegger og tak. Luste r turlag tek på seg vedlikehald. Kost na dsoverslaget omfattar oppretting av fundament, berekonstruksjonar, vegger, bylgjeblekktak og helikoptertransport. Løer er blant dei høgst prioriterte kulturlandskapselementa på kommunen si prioriteringsliste då dei er i ferd med å forsvinne frå kulturlandskapet. Fuglesteg er eit populært turmål og uteløa er godt synleg for ålmenta. Kostnadsoverslaget på 123000 kr inkl. mva. Då søkjar er mva - registrert har administrasjon gjort fråtrekk frå mva i tilskotsgrunnlaget. I gjeldande tilfelle kjem ikkje tiltaket det aktive lan dbruket til gode, men rådmannen tilrår å løyve SMIL - midlar til tiltaket då det er av fyrste prioritet i kommunal tiltaksstrategi. løyving på kr 50 000. Tilskotet er redusert til liks med tilsvarande prosjekt. Det vert sett vilkår om at restau reringa skal utføra st etter antikvariske prinsipp med mest mogeleg gjenbruk av material. Bilete av lø a i kulturlandskapet. 18

3.2 Vøling av stølshus på Vigdalsfjellstølen, tilhøyrande gbnr. 36/1 17/1723 Oddvar Vidgal Ikkje påfør t 222000 60 000 Oddvar Vigdal søkjer om SMIL - midlar til vøling av stølshus på Vigdalsfjellstølen. Stølshuset ligg i Vigdalen landskapsvernområde, og skal nyttast i samband med drifta til søkjar. Alder på stølsh uset er ukjent. Som botnsvill er det nytta stokkar frå eit eldre lafta bygg. Stølshuset ber preg av manglande vedlikehald. Manglande vannstokk og listverk rundt vindauge og ytterdør har medført råteskade. Vegger og tak må totalrenoverast. Det er lekkasje rundt pipa. Mykje snø har resultert i at veggene er forskyvd og vridd, og taket er bøygd ned. Dette må rettast opp. Stølshuset har i dag bylgjeblekktak, og søkjar ynskjer å leggje torvtak. Han vil måle bygget i ein mørkare farge, slik det truleg har vore o pphavleg. Kostnadsoverslag utarbeid i samarbeid med tømrar. Restaurering av eldre stølshus er av høgste prioritet jf. kommunal strategi. Det er likevel ikkje noko særpreg ved stølshuset som kan tilleggjast særleg vekt. Kostnadsoverslaget ber noko preg av oppgradering til ei moderne hytte. Dersom eit SMIL - prosjekt vert stetta med SMIL - midlar lyt det gjennomførast med antikvariske prinsipp. Ei tilbakeføring frå bylgjeblekk til tor vtak tel positivt. D et faktum at stølshu set skal nyttast i samband til tilsyn av hus dyr er også tillagt positiv vekt. Administrasjon har korrigert kost nadsoverslaget etter standard satsar på same måte som for andre tilsvarande prosjekt. Det er trekt i frå mva på innleigd snekkar. Det kan etter gjeldande tiltaksstrate gi gjevast SMIL - midlar til berande konstruksjonar og utvendige synlege konstruksjonar. Det er difor også gjort fråtrekk i kostnadsoverslaget for postar som gjeld isolering, fuktsperre, membran, og kost n a der med vedovn og brannmur. Dette utgjer eit godkje nt tilskotsgrunnlag på kr 222000. Løyvinga er justert ned til liks med samanliknbare tiltak. løyving på kr 60 000. Bilete av omsøkte stølshus på Vigdalsfjellstølen 19

4 Ferdselsveger \ landbruksrelaterte veger 4.1 Rydding av gamal ferdselsveg mellom Espe og Kroken Arkivsaknr. Sø kjar Omsøkt tilskot Godkjent tilskotsgrunnlag løyving 17/1289 Lars Erik Espe 12 200 13 200 9 000 Lars Erik Espe, eigar av gbnr. 200/2, søkjer om tilskot til å rydde gamal ferdselsveg mellom Espe og Kroken. Vegen e r tidlegar e merka av skulen, som også har sett opp informasjonsplakatar. Søkjar vil utføre stubbebehandling. Føremålet med ryddinga er å kunne nytte veg for å kunne hente ut skog og tømmer. Ryddinga utgjer tota lt ei strekning på om lag 700 m. Gamle ferdselsvegar knytt til jordbruk er av 1. prioritet jf. kommunal strategi. Jf. kommunal strategi skal det berre gjevast tilskot til ferdselsvegar der tiltaket er relatert til jordbruksdrift eller tiltak som knyter saman kulturlandskap. Rydding av fe rdselsvegen mellom Espe og Kroken ver t vurdert til å innfri dette kravet. Søkjar har lagt ved eit nøkternt kostandsoverslag. Kommunen har lagt til grunn søkjar sitt kostnadso verslag for utmåling av tilskot, men har høga opp satsane i tråd med kommunen si ne standardsatsar. Tilskotsgrunnlaget utgjer kr 13 200. Administrasjon har ikkje vore på synfaring. Rådmannen rår eit tilskot på kr 9 000. Søkjar har ansvar for at det føreligg løyve frå eller evt. avtale med andre grunneigarar eller andre som har rettigheitar i om rådet. Blå markering syner vegen som skal ryddast. 20