Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl. 20.00 Til kl. 22.30 Aurland fjellstyret Fjordsenteret 10.3.16 TIL STADES PÅ MØTET Medlemar Erling Nesbø, John Håland, May Britt Martinsen, Ingeborg Indrelid. Varamedlemar Kjetil Lien Nilsen Andre Knut Fredrik Øi, Harald Skjerdal. HANDSAMA SAKER Sak nr./år 11/16, 12/16, 13/16, 14/16, 15/16, 16/16, 17/16, 18/16, 19/16, 20/16 UNDERSKRIFTER Vi stadfestar med våre underskrifter at blada i møteboka som vi har signert for er førde i samsvar med det som blei fastsett på møtet. UTSKRIFTER Hovudutskrift er sendt til Fjellstyremedlemane og Aurland folkebibliotek.
Sak 11/16. Referat og meldingar Følgjande meldingar vart refererte: 1) Møtebok fjellstyremøte 9. februar 2) Oppgjer frå Aurland fiskeadministrasjon fiskesesongen 2015 3) Hardangervidda villreinutval m.fl. invitasjon til vårmøte for Hardangervidda 1.-2.4. 4) Invitasjon til generalforsamling og styremøte FH (fjellstyra på Hardangervidda) 1.4. 5) Hardangervidda villreinutval høyring på fellingskvote for jakta 2016 Merknad: Fjellstyret fylte ut høyringsskjema, der ein seier seg samd i sektræren sitt framlegg til kvote og fordeling. 6) Gabler AS førespurnad om fullmakt til å representera fjellstyret i forsikringsspørsmål Merknad: Fjellstyret vil handsama dette som eiga sak i aprilmøtet. 7) Korrespondanse mellom villreinnemnda og E-co om rutinar knytt til villrein ved anleggsarbeid 8) Skuterreparasjon Arctic Cat 9) Ny firmabil kjøpt og omregistrert 10) Uttak av «klavedyr» med gamle sendarar 11) Møteplan april mai juni Merknad: Neste møte i fjellstyret vert tysdag den 12. april. Aurland folkebibliotek
Sak 12/16. Oppstart av felles fiskeprosjekt for Årdal, Lærdal og Aurland Saksutgreiing låg føre. Fjellstyret ynskjer å vera med og setja i gang eit felles prosjekt for marknadsføring og utvikling av fritidsfisket i Aurland, Lærdal og Årdal slik det er skissert i prosjektskissa «Fiskeriket indre Sogn.» Fjellstyret sluttar seg til ein samarbeidsavtale om eit forprosjekt mellom fjellstyra i Aurland, Lærdal og Årdal slik denne ligg føre, eventuelt med eit tillegg som inkluderer elveeigarlaga i kommunane, dersom nokon av desse ynskjer å vera med. Fjellstyret er innstilt på å stå som arbeidsgjevar for ein eventull prosjektmedarbeidar, og ha ansvaret for ein prosjektkonto på vegne av styringsgruppa. Som fjellstyret sin medlem i ei styringsgruppe vert Knut Fredrik Øi vald. Han får fullmakt av fjellstyret til å avtala mindre vesentlege endringar i avtaleteksten med dei andre avtalepartane. Sak 13/16. Retningsliner for elg- og hjortejakta i Aurland kommune Saksutgreiing med utkast til reviderte retningsliner låg føre. Eit skriv frå Bjørn Ebne vart lagt fram i samband med denne saka. Aurland fjellstyre vedtek vedlagde framlegg til retningslinjer forelg- og hjortejakt i Aurland statsallmenning. Aurland folkebibliotek
Sak 14/16. Aurland jakt- og fiskelag - søknad om fornying av leigeavtale for elg- og hjortejakt Saksutgreiing, og søknad frå Aurland jakt- og fiskelag låg føre. Aurland jakt- og fiskelag får fornya leigeavtalen for elg- og hjortejakta i Nordheimsdalen, Aurland nordre statsallmenning for perioden 2016-19. Avtaleteksten vert som før, med følgjande endringar: 1. Avtalen gjeld leige av hjortejakt på Aurland nordre statsalmenning, gnr. 57/2 i Aurland kommune. Jaktfelt 2 over høgdekurva 600 m.o.h. frå 1.september til 31. oktober, etter det kan ein jakta på Jaktfelt 1 under høgdekurve 600 m.o.h. ut jaktperioden. 2. Gjennomsnittsvektene som er grunnlaget for utrekning av sluttoppgjeret vert justert ned på på vaksen bukk, spissbukk og 1,5 årig kolle. Nye gjennomsnittsvekter vert då: Vaksen bukk Bukk 1,5 år Vaksen kolle Kolle 1,5 år Kalv 77 kg. 48 kg. 55 kg 42 kg 22 kg 3. Alle jaktlaga i Nordheimsdalen skal registrera aktiviteten sin på www.settogskutt.no. Der skal ein registrera kva ein ser og feller med slaktevekter. Sak 15/16. Utlysing av hjortejakta i jaktfelt 1 i Nordheimsdalen Saksutgreiing låg føre. Fjellstyret vil lysa ut hjortejakta i det nedre jaktfeltet i Nordheimsdalen (jaktfelt 1) for 2016-2017 i lokalaviser og på fjellstyret si heimeside på internett. Utlysinga skjer kring månadsskiftet mars/april, med søknadsfrist 30. april. Fylgjande forandringar vert tekne inn i leigeavtalen: - Det er nye måtar å registrere «sett og skutt med vekter» i www.settogskutt.no, det betyr at alle jaktlaga i Nordheimsdalen må registrera kva dei ser og skyt sjølve på nettet. - Gjennomsnittsvektene som er grunnlaget for utrekning av sluttoppgjeret vert justert ned på på vaksen bukk, spissbukk og 1,5 årig kolle. Nye gjennomsnittsvekter vert då: Aurland folkebibliotek Aurland jakt- og fiskelag.
Vaksen bukk Bukk 1,5 år Vaksen kolle Kolle 1,5 år Kalv 77 kg. 48 kg. 55 kg 42 kg 22 kg. Sak 16/16. Rehabilitering av Aurlandsanlegga overordna landskaps- og miljøplan Landskaps- og miljøplan låg føre, saman med saksutgreiing. Samrøystes vedteken uttale: Aurland fjellstyre har det lovfesta anvaret for å vareta brukarinteressene i statsallmenningane i Aurland. Dette gjeld m.a.jakt, fiske og beiteinteressene. Den overordna landskaps- og miljøplanen skildrar tiltak på desse reguleringsdammane i Aurland (år for planlagt utføring av arbeid i parentes): - Store Vargevatn (2017-18) - Nyhellerdammen (2021-23) - Vetlebotnvatnet (2020) - Viddalsdammen (2019-20) - Reppavatnet (2019) Tiltak som ikkje er medtekne i planen, er arbeida ved Katladammen og dammen på Store Kreklevatn, som er planlagde komande sommar. Ved Langavassdammen og Vestredalsdammen vart liknande arbeid gjort i 2015. Arbeida ved store Kreklevatnet er likevel omtalte i fagrapporten om villrein som er utarbeidd av Norconsult og ligg som eit vedlegg til planen. Tre av tiltaka som er med i den overordna planen vedkjem heilt eller delvis Aurland statsallmenning (Store Vargevatn, Nyhellerdammen og Vetlebotnvatnet). I tillegg kjem arbeidet ved store Kreklevatnet planlagt utført i 2016, som og ligg i statsallmenning. Landskaps- og miljøplanen er svært omfattande, og har mange vedlegg. Fjellstyret uttalar seg difor berre om dei delene av planen som gjeld tiltak i statsallmenningen, og som vedkjem interesser som fjellstyret er sett til å ta vare på. Slike interesser er først og fremst følgjande: - Beitedyr - Jakt og vilt (i denne samanhengen særleg villrein) - Fiske Aurland folkebibliotek, NVE.
Når det gjeld beiteinteressene, kan det tenkjast at beitedyr pga. sprenging og anna anleggsverksemd held seg unna beiteområde som elles naturleg ville ha vorte nytta. Det er ikkje planlagt å bandleggja store nye areal ved neddemming eller liknande, når ein ser vekk frå det som er planlagt nytta som steinbrot; omlag 26 daa ved Nyhelleren og 8 daa ved store Vargevatnet. For villrein er det laga ein rapport (vedlegg 11) som særskilt tek føre seg ulemper og konfliktar som tiltaka kan føra med seg for reinsdyra. Det er ikkje drøfta kva ulemper tiltaka kan føra til for jakta. Det står fleire stader i rapporten at anleggsarbeidet skal stoppast dersom det er reinsflokkar som nærmar seg anleggsstadene. Det vert ikkje sagt noko om korleis ein i praksis skal overvaka om det er villrein i nærområda, anna enn at det er mogleg å følgja med på NINA sine dyreposisjonar kvar dei GPS-merkte simlene i Nordfjella held seg, så lenge dei går i område med god mobildekning. Vidare ved å sjå etter rein når ein driv helikopterflyging i området. Å lita på at villreinnemnda kan gje oppdatert informasjon om kvar reinen held seg er heilt urealistisk; villreinnemnda har korkje mannskap eller ansvar for å driva med det praktiske forvaltingsarbeidet med villrein. Villreinnemnda har difor sett fram krav om at tiltakshavar, i tillegg til å vera med å finansiera vidareføring av GPS-prosjektet for villrein i Nordfjella, også følgjer opp i felt med å kosta eit oppsyn i området. Det vert synt til at Aurland fjellstyre har fjelloppsyn i desse områda gjennom sommarsesongen, og at det bør etablerast ei ordning som nyttar seg av dette, og som tiltakshavar dekkjer kostnaden med. 1-2 oppsynsturar i veka, d.v.s. 6-8 timar i felt kring dei aktuelle anleggsstadene, vil truleg langt på veg vil vera tilstrekkeleg til å avdekka om det er rein i området. Fjellstyret stiller seg positivt til å leggja dette inn i fjelloppsynet sine arbeidsrutinar, dersom ein får gjennomslag for ei slik ordning. Føresetnaden er at tiltakshavar (E-co) stiller økonomiske ressursar til rådvelde for å få gjennomført eit slikt opplegg. Når det gjeld fiske, er det i rapporten lagt mest vekt på om dei småvatna som er tenkt nytta til såkalla «brottjern» har fiskebestand i dag, om korleis tilhøva kan gjerast levelege for fisk etter anleggsperioden, og korleis arronderinga av strandsona kan gjerast så bra som råd etter avslutta arbeid. Det er ikkje sagt noko om korleis reguleringa av vasstanden i sjølve reguleringsmagasina vil vera i anleggsperioden når arbeidet på dammane skal gjerast. Vil ein måtta senka vasstanden under det som er lægste regulerte vasstand (LRV), og vil dette i så fall få konsekvensar for fiskebestandane? Slike forhold vil fort kunna få konsekvensar for dei interessene som fjellstyret skal vareta. Ei viktig sak for fjellstyret vil vera å få klårlagt om 9 pkt. 5 i konsesjonsvilkåra for Aurlandsutbygginga vil slå inn ved denne omfattande damrehabiliteringa: «konsesjonæren er forpliktet til å dekke forsterket jakt- og fiskeoppsyn i anleggsperioden.» Etter fjellstyret si meining må det krevjast at tiltakshavar (E-co) går inn og dekkjer kostnaden med eit forsterka oppsyn i anleggsperioden, d.v.s. frå og med 2016 til 2023, i samsvar med dette punktet i konsesjonsvilkåra. Dette må kunna samordnast med trongen for overvaking av villreinaktiviteten i nærleiken av anleggsstadene, jfr. innspelet frå villreinnemnda. Aurland folkebibliotek, NVE.
Nedanfor vert dei einsklde tiltaka innan statsallmenningen drøfta. Store Vargevatnet Her er det i alt 5 dammar som alle skal plastrast på utsida. Den største dammen skal i tillegg hevast. 14.000 m3 stein skal nyttast, og dette er primært tenkt teke ut frå eit steinbrot ved anleggsvegen, 1,5 km frå dammen. Alternativet er å ta ut stein under H.R.V. i Vestredalsmagasinet, og køyra dette opp til Vargedammen. Både utbyggjar og villreinutval og -nemnd har vurdert dette som eit meir uheldig alternativ, grunna lengre transportavstand, og fleire reinstrekk som står i fare for å bli uroa. Fjellstyret er samd i denne vurderinga. Ein må gå ut frå at den store anleggsaktiviteten gjennom to sommarsesongar vil gjera at beitedyr trekkjer unna. Det same vil nok i endå større grad gjelda villrein, som har trekk- og beiteområde sommar og haust i nærleiken av inngrepsområda. Dette vil sjølvsagt vera ei ulempe for reinen, og likeeins for jakta, som ofte har gjeve god utteljing i områda nær aktuelt anleggsområde. Rapporten fortel at det hausten 2015 er føreteke eit garnfiske i tjørna som er planlagt tappa og nytta som steinbrot, og at det ikkje vart fanga fisk. Konklusjonen var at tjørna var fisketom, noko som godt kan stemma, sjølv om det vart utsett fisk der for ein del år sidan. Planen til E-co inneber å fylla opp att tjørna med vatn når steinuttaket er over. Arealet vert då om lag 8 daa større enn det er i dag, Når ein går mot Svartavatnet, går vegen i dag langs vasskanten til denne tjørna. Etter avslutta arbeid vil det kunna bli ein lengre veg å gå rundt vatnet, dersom plasseringa av steinbrotet vert slik det er skissert i vedlegget «Mulighetsstudie for steinbrudd.» Fjellstyret meiner at E-co Energi AS, når dei går så drastisk til verks som å tappa tomt eit vatn i allmenningen for deretter å driva eit omfattande sprengingsarbeid og steinuttak i dette, gjennomfører ei skikkeleg kartlegging av insektliv, botndyrfauna og planteliv i dette, både før og etter at tiltaket vert utført. Vedlegg 9 «Sluttrapport fra bruddtjern Stolsvatn» - syner korleis dette kan gjerast på ein god måte. Det må sjekkast om vasstanden i store Vargevatnet må tappast ned under l.r.v. i den perioden arbeidet går føre seg, og kva ulemper det i så fall fører med seg for fiskebestanden og utøvinga av fisket. Miljørapporten seier ikkje noko om dette. Nyhellerdammen Hovuddammen skal få nytt kronevern og skal plastrast på utsida, i tillegg til at han skal hevast. Det vil gå med 430.000 m3 stein til dette, i tillegg til 14.000 m3 til sekundærdammen. Mykje skal takast frå eit steinbrot på nedsida av dammen, der det skal fyllast opp att som eit såkalla «brottjern.» Byggjetida vert 3 år. Det arbeidet som vedkjem statsallmenningen her, er eit planlagt steinbrot på neset mellom hovuddammen og sekundærdammen. Dette skal stort sett liggja under h.r.v., og såleis ikkje vera synleg ved fullt magasin. Fjellstyret ser ikkje store ulemper for brukarinteressene i allmenningen med eit steinbrot her, dersom det vert gjort slik som førespegla i planen. Det er kort veg til der steinen skal nyttast, og ligg ikkje i trekkområde for rein eller i sentralt Aurland folkebibliotek, NVE.
jaktområde. Eit tilhøve som kan få innverknad for fiskebestanden og fiskeinteressene, er kor mykje magasinet vert nedtappa under anleggsperioden, og kor langvarig nedtappinga vert. For reinen kan nedtappinga vera eit pluss; det kan føra til at dyra finn att gamle trekkvegar over t.d. Oljatangane Vampen, noko me såg skjedde under jakta i 1996, då vasstanden var ekstremt låg heile sommaren og hausten. Vetlebotnvatnet I området der dammen ligg, på grensa mellom statsallmenning og privat område, vart det i 1999 frådelt eit areal på 100 daa til dåverande Oslo Energi AS. Dette inneber at tiltak på dammen som no skal gjerast ligg på E-co sin eigedom. Det gjeld og riggområde og mellombels steindeponi. Dammen skal plastrast på nedsida, det skal leggjast ny damtå og kronevern. 19.000 m3 stein vil gå med, og byggjetida vert 1 år. Steinen er planlagt tilkøyrd frå steinbrot på nedsida av Nyhellerdammen. Ulempene for allmenningsbrukarane vert i hovudsak at Vetlebotnvatnet truleg vil bli sterkt nedtappa i lang tid, med moglege negative konsekvensar for fiskebestand og utøvinga av fisket. Store Kreklevatnet Berre omtalt i notatet som gjeld konsekvensar for villrein, ikkje i den overordna landskaps- og miljøplanen. Kanskje er grunnen til dette at arbeidet skal skje alt komande sommarsesong, og at tidsaspektet har spelt inn. Her der det betongdam som skal oppgraderast. Området vert mykje nytta av rein, særleg frå kalvingstida og utover sommaren og hausten. Villreinnemnda og utvalet har spelt inn at all transport med fordel kan skje med helikopter nedanfrå (Reppavegen eller Rausmesdalen/Fossane), for å minimalisera uro innan leveområdet til reinen. Av opplysningar som har kome i media i det siste går det fram at mykje transport er planlagt gjort med skuter og beltekøyrety frå fv. 50 via Hednedalen og vidare til anleggsområdet. Dette vil i så fall ha potensial i seg til å føra med seg mykje meir uro for reinsflokkane, særleg i den sårbare tida rett før og under kalving (april mai). Så her meiner fjellstyret at det som står i villreinnotatet frå Norconsult bør følgjast; mest mogleg av transporten bør skje nedanfrå, og helst frå vegen like nedanfor Reppavatnet. Ein føresetnad er sjølvsagt at det er klarert at det ikkje er reinsflokkar i nærområda. jfr. det som er sagt ovanfor om å etablera oppsyn for å overvaka villreinaktiviteten, i tillegg til å følgja flokkane på NINA sine dyreposisjonar, så langt det finst radiomerkte dyr i området. Aurland folkebibliotek, NVE.
Sak 17/16. Opplegg for småviltjakta i Aurland statsallmenning sesongen 2016 Saksutgreiing låg føre, vedlagt diagram som syner utvikling i jaktstatistikk og ryper sett av oppsyn siste åra. Fjellstyret vil venta til august med å gjera vedtak om kva som skjer med småviltjakta til hausten; om det skal opnast for vanleg jakt utan avgrensing i kortsal eller anna, om det skal opnast for eit avgrensa tal jaktkort, eller om det ikkje skal opnast for jakt i det heile. Til grunn for handsaming i august skal vera fjelloppsynet sine registreringar av ryper, kull m.m. fram til møtet der vedtak vert gjort, og andre opplysningar som er relevante for saka. Sak 18/16. Opplegg for reinsjakta i Aurland statsallmenning sone 2 Saksutgreiig låg føre. Grunneigarlaget for villreinvald, v/leiar og nestleiar, var til stades under drøftinga av saka. Fjellstyret ynskjer i år å ha ei innkorta jakttid i Aurland statsallmenning sone 2 (NF 451) i år, med jakt frå 20. til 31. august. Berre kort utskrivne til NF 451 og dei private jaktfelta i sone 2 som er tilslutta samjaktavtalen for Aurland kan nyttast i dette området. Føremålet med innkortinga av jakta er å prøva å stoppa nedgangen i dyretalet mellom Bergensbana og fv. 50, og helst få ein auke i stamma her. I samsvar med 23 i Fjellova vert saka oversend Aurland kommune til uttale før endeleg vedtak vert gjort. Sak 19/16. Søknad om fellingsløyve til jaktkarusellen Saksutgreiing vedlagt søknad frå jaktkarusellen v/morten Nesbø låg føre. Fjellstyret tildeler eit fellingsløyve for fritt dyr til jaktkarusellen for 2016, til trekning mellom dei som oppfyller krava til deltaking, slik dei er fastsette av arrangørane. Sak 20/16. Aurland skyttarlag søknad om gåvepremie til samlagsstemna i feltskyting Søknad frå Aurland skyttarlag låg føre. Fjellstyret gjev kr. 500 i tilskot til Aurland skyttarlag til kjøp av gåvepremie til samlagsstemna i feltskyting. Aurland folkebibliotek.