Handlingsprogram 2015 2018

Like dokumenter
Handlingsprogram

VERDIDEBATT OMSORGSTENESTENE I GOL. OMSORGSPLAN

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

INVESTERINGER med standardheving. Framlegg frå formannskapet

Helsehjelp i heimen (Utval for Kultur og Levekår)

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

ÅRSMELDING 2012 OMSORGSAVDELINGA HEIMETENESTENE

Mestring og deltaking heile livet

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Resultat brukarundersøkingar

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

Team Hareid Trygg Heime

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

HANDLINGSPROGRAM

Tenester til funksjonshemma i Gol

Kvardagsrehabilitering i Vindafjord kommune «Aktiv i eige liv»

Årsmelding OMSORG HEIMETENESTER (Kultur og levekår) Kommuneplanen sin tekstdel om OMSORGSAVDELINGA :

Heimetenester til funksjonshemma (Utval for Kultur og Levekår)

TENESTESTANDARD KORTTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM

«Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune»

Kva rører seg Velferdsteknologiprosjektet vert vidareført

Øyriket i vest Samhandlingsreforma i praksis Presentasjon for Eldrerådskonferansen i Hordaland

Faktaopplysningar Helse og omsorg per

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Informasjon til pasientar og pårørande

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Sjef i eigen heim korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Saksprotokoll. Kommunestyret Sak: 28 / 16. Ge ir Paulsen gjekk frå som ugild, då har er gift med leiar i sjukeheimstenesta kommunen.

Sogn lokalmedisinske senter

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Årsmelding 2012 løn og personalavdelinga

Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune.

Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune

Fastsatt av kommunalsjef helse og omsorg Retningslinje for tildeling av dagplass

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

Frå visjon til realitet November 2012

Ikkje offentleg Jf.off.lova 13, fvl 13 SØKNADSSKJEMA OM PLEIE OG OMSORGSTENESTER 1. Søknad om. Personleg assistent

Janne Mo Sjef i eige liv korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida?

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

Team Sunnmørsgruppa Trygt liv i eigen heim

Demensavdelinga i heimebaserte tenester

Lindåsprosjektet. Våre erfaringar med innføring av omsorgsteknologi. Konferansen Bergen Eldre og bolig 2013

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Forslag til forskrift om rett til opphald i sjukeheim - kriterie og venteliste

SØKNAD OM HELSE- OG OMSORGSTENESTER

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Kvalitetsreforma for eldre. «Leve hele livet»

Vedlegg 1. Prosjektplan for lindrande behandling i Førde kommune

Molde og omegn lokallag av LOP Referat fra medlemsmøte onsdag 16.mars 2016

Fleire eldre- langsiktig planlegging

Helse- og omsorgssektoren

Saksnr. Utval Møtedato 010/14 Kommuneplannemnda

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

«Lindåsprosjektet» Et forskningsprosjekt om velferdsteknologi i hjemmetjenesten.

La dei sjuke få komme heim hindra dei ikkje. Jan Helge Dale Kommuneoverlege Flora kommune

Samarbeid om IKT-løysingar lokalt

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 11/2019 Levekårsutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

Å sende pasienten ut til heimen (frå sjukehus) Kan det verkeleg gå bra?? Jan Helge Dale Kommuneoverlege Flora kommune

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

Samarbeid om etisk kompetanseheving. Erfaring frå Vågå, Lom og Skjåk. Edel Kveen, november2010

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

«SAMHANDLINGSREFORMA» STATUS OG PLANAR. LUSTER; Lokale forhold og føresetnader for reforma; - Geografi og avstandar. - Struktur og økonomi.

Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

Sluttrapport Forsøk med fleksible arbeidstidsordningar i Vestnes kommune.

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

INFORMASJON OM HEIMETENESTER I FUSA KOMMUNE

St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

GODE PASIENTFORLØP. Presentasjon av internkontrollrutiner og heimemapper

Forslag til forskrift

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Handlingsprogram og økonomiplan

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Lovendring om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad

Team Surnadal- Velferdsteknologi i helhetlige pasientforløp Teamet

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Transkript:

Handlingsprogram 2015 2018 AVDELING 36B Helsehjelp i heimen ANSVAR: 3430

HANDLINGSPROGRAM OG ØKONOMIPLAN 2015 2018 Helsehjelp i heimen: Mål 2015-2018 Helse og omsorgsplan for Gol kommune blir sluttført i 2014 og er gjeldande for perioden 2014 2025. Planen beskriv Gol kommune sine utfordringar i åra som kjem, og skal vere ein langtidsplan for helse og omsorg, og som vidare skal fungere som eit grunnlag for organisering og utvikling av tenesteområdet i forhold til endra rammevilkår, offentlige føringar og lokale behov dei neste åra. Kommunenen sin visjon er : «Samarbeid former framtida» Overordna mål for omsorgsavdelinga i kommuneplanen sin tekstdel: - Alle skal oppleva å bli møtt med respekt og tillit - Ulike behov skal møtast med individuell tilrettelegging Omsorgsavdelinga har brukt følgjande visjon dei siste åra: «Omsorgstenester for mestring av eigen livssituasjon.» Målet er ivaretaking og styrking av brukars eigne ressursar og ferdigheter. Heimetenestene: Overordna mål: - Gol skal vere ein trygg og god plass å bu for alle menneske med behov for pleie og omsorg. - Brukarane av tenesten skal ha mulighet til å leve trygt og aktivt i eigen heim. - Tenester blir ytt etter prinsippet om beste effektive omsorgsnivå. - Den einskilde brukar skal vere trygg på å få akutt hjelp. - Pårørande skal vere trygg på å få hjelp og avlastning. - Gol har eitt tenestetilbod med fagleg riktig kvalitet tilpassa behov, individuelt tilpassa. Strategiar for å nå måla: - Heimetenestene er tilgjengeleg for brukarane heile døgnet. - God kommunikasjon og forventningsavklaring med brukar og pårørande. - Brukarmedverknad så langt som råd og på brukaren sin premissar. - Aktivt arbeid med arbeidsmiljø og redusert sjukefråvær - Kompetansehevande tiltak

Vi arbeider for å oppnå dette bl.a gjennom: Brukardialog og kommunikasjon med brukarar vi er ferd med å utvikle system for dialog med pårørande- og vil gjennomføre brukarundersøkjing hausten 2014. Pårørande til bebuarar i omsorgsboligane får invitasjon til pårørandemøte to gonger i året. Myndiggjorde medarbeidarar mange ufaglærte i avdelingane har starta på utdanning for å bli helsefagarbeidar. Me jobber med etisk kompetanseheving, og annan intern kompetanseheving for å trygge medarbeidaren i arbeidsstuasjonen. Tilretteleggjande leiing Innføring av nye datasystem som ressursstyring, gjennomføre intern opplæring i tiltaksplaner og riktig bruk av Gerica. Heilskapeleg og tverrfagleg tenking- ny helse og omsorgsplan vil forhåpentlegvis hjelpe oss vidare i dette arbeidet. Utvida samarbeid med fastlegane. Gjerne faste møter. Stimulere ansatte til å ta videreutdanning. Kartlegge kva for områder det er behov å auke kompetansen i, og kva for område den ansatte har interesse av å spesialisere seg i. Kartlegge og bruke den kompetansen ansatte sitter inne med per i dag aktivt. Pasientsikkerheitskampanjen fortset med legemiddelgjennomgang. ***************** Helsehjelp i heimen har 27,96 årsverk. Å drive kvalitativt bra, men også kostnadseffektivt har klar samanheng med kompetanse. Og eitt av våre rekutteringstiltak bør vere å tilby kompetanseheving i konkurransen om arbeidskraft. Helsehjelp i heimen gir lovpålagte tenester ut frå Lov om pasient og brukarettigheter, og Lov om helse og omsorgstenester i kommunen kap. 3. - Helsetenester i heimen - Praktisk bistand, heimehjelp til dei som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv Har desse tenestene som ikkje er lovpålagt, men som er eit tilbod som demper presset på tyngre omsorgstenester: - Tryggleiksalarm - Velferdsteknologi slik som: Døralarm, GPS o.a - Matombringing Drift 2015: Heimesjukepleien opplever for tida at kapasiteten er nærast sprengt. Dei klarer stort sett å ta imot utskrivingsklare pasientar i samband med samhandlingsreformen, samt å snu seg på hælen i forhold til nye situasjonar som oppstår. Det er full fagdekning, relativt lite korttids sjukefråvær.

I høve samhandlingsreformen og nye krav til kommunene er det ønskjeleg å styrke heimetenestene med anna kompetanse som ergoterapi og-/eller fysioterapi. Fleire vil trenge hjelp til rehabilitering i eigen heim pga stuttare liggetid i institusjon. Forskning viser at trening i kvardagens aktivitetar i kjende omgivnadar er god rehabiltering - og gir resultat i reduserte kosnader. Sidan fysioterpitenestene er organisert i helseavdelinga er det naturleg at denne auken kjem der fagmiljøet er. Me støtter ei auke i den avdelinga, på dette området, men vil også trenge ein 25% stilling til å følge opp dei brukarane dette høver for intensivt slik at vi får ønska effekt. Å satse her vil mest truleg kunne forebygge sjukehusinnleggingar og press på kommunale helse og omsorgstenester, dvs. også gi brukarane bedre livskvalitet. Etter samhandlingsreformen har presset på kommunale pleie og omsorgstenester auka. Me har hittil dette året kjøpt over nesten 90 døgn sjukeheim i andre kommuner- medan vi har kun 7 døgn så langt med overliggarar på sjukehus. Dette er eit uttrykk for at enkelte personar som vert skrivi ut frå sjukehus treng eit korttidsopphald i sjukeheim i etterkant for at funksjonsnivået skal bli godt nok til å fortsette å bu heime. Hjå andre treng vi tid til tilrettelegge heimen i tillegg. Så langt i 2013 har vi kjøpt plasser frå stat og kommuner for vel vel 150`. Heimetenestene treng å bli styrka med ein person til på dag også helg såleis er det egentleg snakk om 1,4 årsverk. Me søkjer likevel ikkje om meir enn 1 årsverk med grunngjeving i at styrka bemanning vil redusere slitasje-/sjukefråvær og auke muligheten til å ta imot flerie direkte frå sjukehus- altså med større pleietyngde enn i dag. Pr i dag bruker me om lag eit halvt årsverk meir enn vi har heimel til i samband med ein tung ressurskrevande brukar. Dette er een del av overforbruket i heimesjukepleien- men der vi får 80% refusjon frå staten i høve ressurskrevande brukar. Kreftkontaktfunksjonen bør aukast med 10 prosent, slik at det blir 20 prosent. Kreftkontakten har mange oppgåver med å planlegging, samtaler med pasient, pårørande og andre samarbeidspartnarar. Veilede og lære opp kollegaer i serskilde aktuelle prosedyrer, slik som smertepumpe, intravenøs behandling via VAP, CVK og PICC line osv. Omsorgsbustader for demente: Omsorgsbustadene i Torstadvegen og Furuvegen er utforma og serskild tilrettelagt for å høve for demente. Ideologien bak bygginga av desse bustadene var at så lenge ein hadde integrerte tenester var det mulig å bemanne opp eller ned ut frå behovet til dei som bur der. Utfordringa vår no er at presset er urimelig stort på heimesjukepleien, og det ikkje er muleg å flytte meir personale inn. Pleietyngden er svært stor i Torstadvegen i tillegg til demens er mange pleietrengande. Ein bolig i Drammen som er bygd for demente og har tilgjengeleg all kjend teknokogi har til samanlikning 1/3 meir bemanning enn Torstadvegen har i dag. Det betyr at vi burde hatt 1,5 årsverk meir i dette tenesteområdet i tillegg til nattvakt. Kvardagsrehabilitering Kvardagsrehabilitering er rehabilitering som foregår i brukars heim. Rehabiliteringen gjennomførast i hovudsak av «skolerte» heimetrenarar under veildning frå ergo-/fysioterapeutar. Dette er ein tverrfagleg innsats som kan foegå heile døgnet, heile veka gjennom. For å sikre kontinuitet blir det etablert eit team rundt kvar brukar. Noko som innebær ein langt meir omfattande innsats enn den mange kommuner har i dag. I

kvardagsrehabilitering er målet at pasienten etter ein intensiv opptreningsperiode skal klare seg heilt sjølv, eller ha eit minimalt behov for hjelp vidare. Det er viktig at dei «riktige brukarane» blir vald ut til eit slikt program. Dei må ha potensial til å klare seg sjølv etter at opptrening er avslutta og ikkje minst så må dei ønske og ville det sjølv. Møblar: Møblar i fellesareale i omsorgsbustadene er omsorgsavdelinga sitt ansvar. Gol byggdrift har ansvar for faste installasjonar, medan møblar må avdelinga ta ansvar for. Me må starte i det små for å kunne foreta ein gradvis utskifting av nedslitte sofaer og stolar i fellsareale i omsorgsboligane. Heilt nødvendig å få gjort noko i 2014 også. Det er i dag eit nært samarbeid med frivillige organisasjonar som gir møblar og blomar som gåver. (handicaplaget, LHL, Lions og Frøya). For at dette skal haldast i gang treng vi eggasjerte tilsette som ivaretek kontakten. Forebyggjande-/ demens team: Det er ønskjeleg å opprette forebyggjande team på 2 til 3 personar med ulik fagleg bakgrunn f.eks ergo-/fysioterapeut-/sjukepleie. Teamet skal drive oppsøkjande verksemd hjå heimbuande eldre med tanke på tilretteleggjing for å hindre fall, isolasjon, underernæring m.m. Eit slikt team vil truleg kunne gi eit pluss til kommunen i færre sjukehusdøgn. Eit forebyggjande team vil også kunne ha som formål å kartleggje kor vidt ein person kan nyttigjere seg tekniske hjelpemidlar av alle slag og såleis utsette tidspunktet for når kommunen må inn med individuelle tenester. Karlegging og utredning av demente i samarbeid med fastlegen. Vi tenker at demensteam og forebyggende team kan kombineres. Vi har behov for stillingsressurs tilsvarande 50% med aktuell videreutdanning, (demens/psykiatri/ergoterapuet) Framskivi tal for befolkningsauke i Gol viser ein auke i antal eldre frå om lag 2020. Me bør derfor allereie no starte med å planleggje ei utviding av tilbodet. Pr i dag har Gol tilsaman 43 omsorgsbustader, dersom ein ser talet på sjukeheimsplassar og omsorgsbustader i lag er talet 75. Dekningen bør ligge på 25% av antal eldre over 80 år. I 2030 bør vi ha 90 sjukeheimsplassar-/omsorgsbustader. Det er ønskjeleg at ein starter dette arbeidet med at Ada-/Oda avdeling blir renovert til ein god demensavdeling, og at kjellaren vert sett i stand til 4 omsorgsboligar. Vi har fått 200 000,- til investering i ny tekonologi, PDA eller nettbrett til heimesjukepleien i 2015. Dette vil føre til ei effektivisering av tenesta, og redusere presset på medarbeidarane. Hallingdal held for tida på med ei vurdering av kva slag program dalen skal nytte seg av i framtida i høve dokumentasjon. I tillegg er det ikkje muleg å søke tilskot til toppfinansiering dette året. Såleis må desse pengane bli overført til 2015 med håp om endeleg avklaring av programvare + nye tilskotsmuligheter.

Mål Målsetting Tiltak Redusere presset på helsehjelp i heimen - Starte med kvardagsrehabilitering Endra haldningar i forhold til korleis vi yter helsehjelp i heimen i forhold til dei brukarar som kan nyttigjere seg metoden Kursing av alle tilsette i kvardagsrehabilitering. Få prosjektmidlar eller andre friske midlar til oppstartsperioden. Helseavdelinga og heimetenestene treng tilsamen 1,25 årsverk- for å spare 400`. Beholde kontinuitet og gode leiarar i helsehjelp i heimen Tidlig innsats for demente Etablere gode fysiske rammer i høve yngre demente Gi unge og gamle kreftpasientar i Gol trygge rammer i eigen heim. Rett teneste til rett tid - Fleire omsorgsbustader sentralt i Gol for å redusere tid til køyring. Redusere mengde arbeidstid brukt til rapportering og utskrifter av arbeidslister - Sikre at vi har arbeidsmengde som er mulig å gjennomføre for områdeleiar dynamikken i helsehjelp i heimen er enorm etter samhandlingsreformen. Tidlig diagnostisering gir mulighet til tilrettelegging av bustad s, amt avlastning for familien- og kan utsette behovet for meir kostnadsdrivende tiltak. Som eit ledd i helse og omsorgsplanen utgreie behovet og mulighetene i Gol for å etablere slike rammer for å gi gode og forsvarlege tenester også økonomisk. Sikre kvalitet og tryggleik gjennom opplæring av tilsette, dialog med pasient, pårørande og samarbeidspartnarar Sikre brukars rettsikkerheit- men også kommunen sin økonomi gjennom god sasbehandling av tenester Ombygging parallelt med Oda-/Ada. Innføre PDA (håndholdte nettbrett med tilgang til all brukarinfo til ei kvar tid) Dele helsehjelp i heimen i 2 med 2 områdeleiarar. 50% ressurs til Igangsetting av demensteam og forebyggjande team. Bygge om -/ renovere Ada og Oda avdeling inkl. uteområdet. 10% stillingsressurs som kreftkoordinator 50% saksbehandler ressurs