Årsrapport for Folkehelseavdelinga 2014

Like dokumenter
Årsrapport for Folkehelseavdelinga 2013

Årsrapport for Folkehelseavdelinga 2016

Årsrapport for Folkehelseavdelinga 2015

Årsrapport for Folkehelseavdelinga 2017

Etablering av interkommunalt samarbeid om miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving.

Folkehelseavdelinga. Askvoll Bremanger Fjaler Flora Førde Gaular Høyanger Jølster Naustdal Selje Solund Stryn Vågsøy

Miljørettet helsevern, administrativ styringsgruppe.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Avtale mellom.kommune og Flora kommune

Stryn kommune 1

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

NAV- tenester over grenser PROSJEKTPLAN EIT ARBEIDSRETTA INTRODUKSJONSPROGRAM

Samfunnsmedisin og forebyggende helsearbeid i Nordre Land kommune

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Samhandlingsreforma i Sogn

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Miljørettet helsevern og folkehelse -Hvordan jobber vi i Gjøvikregionen?

Prosjektplan. Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune

Folkehelse inn i kommunal planlegging. Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

Saman for framtida (Ref # )

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Saman for framtida (Ref # )

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

til S. Land kommunestyre

Kontrollutvalet SEKOM-sekretariat

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

PROSJEKTDIREKTIV. Om prosjektet

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

Kvalitets-og internkontrollsystem for miljørettet helsevern. Kristiansand kommune Presentasjon 3. sept. 2012

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Tenesteavtale 10. Mellom Suldal kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Samarbeid om førebyggjing

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SEKOM-sekretariat Arbeidsplan Styret si handsaming: Dato: Saksnummer: 12/17 Referanse: 17/1228

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Resept for eit sunnare FørdeF

Miljøretta helsevern. Dokumentert behov for auka innsats og framlegg til løysing. Evalueringsseminar Lofthus

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Eldremedisinsk poliklinikk

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Kommunedelplan for oppvekst

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Vestlandsløftet : Film om meldingsutveksling Historia om dei elektroniske meldingane

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Eid kontrollutval SEKOM-sekretariat

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Rådhusvegen NORDFJORDEID. Postboks MÅLØY. Vår referanse (oppgje ved svar) 13/

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Selje kommune

Samarbeid om IKT-løysingar lokalt

Visjon og verkelighetframtidas

Arbeidsbok (mal for eigenprodusert HMS-dokumentasjon)

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF

VARSEL OM TILSYN VED OMVIKDALEN SKOLE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kontrollutvalet. Målet i dag

Reglement for Naustdal kontrollutval Vedteke av kommunestyret i sak 20/15 den

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Planutvalet sluttar seg til ny framdriftsplan for arbeidet med planprogrammet for regional plan for folkehelse.

SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Formannskap /13 Kommunestyre /13

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Interkommunalt samhandlingsprosjekt Sunnfjord og Ytre Sogn

Prosjektplan Forprosjekt kommunereforma 2015 Vedteke av formannskapet 24. mars 2015

Skjema for HMS-GJENNOMGANG I BALESTRAND KOMMUNE Godkjent av: Arbeidsmiljøutvalet i møte XXXXX, sak XXXX. UTKAST AV

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

DIS- Sogn og Fjordane

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 026/15 Bystyret PS

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Historikk. Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) Ca 45 SOFUL-lag 30 av desse eig bygg

Type verksemd: Org.nr.: Gateadresse:

Kommune: Det er kjent kven som er verksemdleiar i tråd med forskrifta

Fordeling av hovudansvar for utvala mellom tilsette i sekretariatet

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Transkript:

FLORA KOMMUNE Folkehelseavdelinga Interkommunalt samarbeid Askvoll Bremanger Fjaler Flora Førde Gaular Høyanger Jølster Naustdal Solund Årsrapport for Folkehelseavdelinga 2014

Innhald 1. Innleiing... 3 2. Organisasjonskart Flora kommune... 4 3. Økonomi... 5 4. Kompetanse... 6 5. Miljøretta helsevern... 6 5.1 Skular og barnehagar... 6 5.2 Hud og fotpleie, frisør, holtaking, piercing og solarier... 7 5.3 Badeanlegg, boblebad og badstu... 7 5.4 Radon... 7 5.5 Asylmottak... 8 5.6 Støysaker.... 8 5.7 Forureining... 8 5.8 Solarier... 9 5.9 Inneklima... 9 5.10 Kjøletårn etc, Legionella... 9 5.11 Generelt:... 9 6. Smittevern... 10 6.1 Tuberkulosekontrollprogram... 10 7. Folkehelse/samfunnsmedisin... 10 8. Plan for 2015... 11 2

1. Innleiing Lov om folkehelse set strengare krav til det førebyggande helsearbeidet i kommunane. Føremålet med lova er å bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse og utjamnar sosiale helseforskjellar. Folkehelsearbeidet skal fremje befolkninga si helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å førebygge psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding. Lova skal sikre at kommunar, fylkeskommunar og statlege helsemynde set i verk tiltak og samordnar si verksemd i folkehelsearbeidet på ein forsvarleg måte. Lova skal legge til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid. Flora kommune er frå 01.01.13 vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving/folkehelse. Arbeidet vert utført av Folkehelseavdelinga i rådmannen sin stab i Flora kommune og har kontorplass på Rådhuset i Florø. Samarbeidet skal bidra til å oppfylle kommunane sitt ansvar til innbyggjarane i høve miljøretta helsevern, smittevern og førebyggande samfunnsmedisinsk rådgjeving/folkehelse. Det er inngått skriftlege avtalar med dei samarbeidande kommunane. Samarbeidsavtalen vart revidert og signert på nytt november 2014. Lovheimlinga var ikkje korrekt beskrive i den forrige, samt at klagegangen i saker knytt til vedtak i Folkehelselova vart tydelegjort. Nordfjordkommunane Hornindal,Vågsøy, Selje, Stryn, Eid og Gloppen kontakta hausten 2014 Folkehelseavdelinga for eit mogleg samarbeid. Rådmannsgruppa i Sunnfjord og ytre Sogn var i møte den 14. november 2014 positive til eit slikt utvida samarbeid, men understreka likevel at kvaliteten på tenestene ikkje må bli dårlegare og at det ikkje må gå utover kapasiteten i avdelinga. Det er òg ei forventing om at tenesta ikkje blir dyrare. Dette er i tråd med avdelinga sine intensjonar og det vil bli gjort ei vurdering av økonomi knytt til stordriftsfordel ved ei aktuell utviding av samarbeidet. Stryn og Selje gjorde vedtak om samarbeid før jul, Vågsøy kommune har gjort vedtak om samarbeid i 2015. 3

2. Organisasjonskart Flora kommune Folkehelseavdelinga er organisert i Kvalitet og utvikling, i rådmannen sin stab. 4

3. Økonomi I tabellen under viser vi årsresultatet for avdelinga. Avdelinga har i 2014 eit underskot på kr 43.000. Underskotet vert dekka av eit bunde driftsfond på kr 261.000 for å balansere regnskapet. 131050 Interkommunal Folkehelseavd. Budsjett Regnskap 2014 2014 10101 FAST LØN TIL FAST TILSETTE 2235 2318 10901 PENSJONSINNSKOT KLP 220 278 10902 PENSJONSINNSKOT SYKEPLEIERE 0 23 10991 ARBEIDSGJEVARAVGIFT 346 369 11001 KONTORMATERIELL 10 1 11160 SERVERING VED MØTER OG UTVAL M.V. 0 5 11215 HOTELLOPPHALD(UTANOM KURS/OPPLÆRING) 0 5 11291 VELFERDSTILTAK 0 1 11304 TELEFONUTGIFTER MOBILTELEFONAR 30 7 11410 STILLINGSANNONSER 10 0 11505 KURSAVGIFTER/HOTELLOPPHALD 0 18 11520 Kompetanseutvikling-ikkje oppgavepl 0 1 11605 REISE, DIETT OG BILGODTGJ. TILSETTE 100 17 11770 REISEUTGIFTER(IKKJE OPPG.PL) 0 13 12003 EDB-UTSTYR 5 0 12009 ANNA UTSTYR/INVENTAR 0 5 13501 KJØP TENESTER FRÅ KOMMUNAR/KOMM. INST. 0 33 14291 Moms generell komp.ordning 5 5 15501 AVSETNINGER TIL BUNDNE FOND 0 257 17102 REFUSJON SJUKEPENGAR 0-52 17501 REF. FRÅ KOMMUNAR -2600-2494 17901 INTERNT SALG(INT. OVERFØRINGER)-mot 12901-500 -811 Sum tenester: 131050 Interkom. Folkehelseavd. -139 0 T O T A L T -139 0 5

4. Kompetanse Folkehelseavdelinga har til saman 3 årsverk fordelt på 5 personar. Avdelinga si kompetanse er breitt samansett. Dei tilsette har tidlegare erfaring med helsestasjonsverksemd, generelt smittevernarbeid og tuberkulosearbeid, patologi og mikrobiologi, undervisning, sjukepleie, akuttmedisin og samfunnsmedisin. Avdelinga har òg tilsette som har kompetanse innan allmennmedisin. Det berikar fagmiljøet at fleire er i kommunale stillingar, dette er viktig kompetanse i avdelinga. Vi ser at samansettinga i avdelinga dekker det mest nødvendige innanfor vårt ansvarsområde. 5. Miljøretta helsevern Miljøretta helsevern omfattar dei faktorar i miljøet som til ei kvar tid direkte eller indirekte kan ha innverknad på helsa. Desse omfattar med anna biologiske, kjemiske, fysiske og sosiale miljøfaktorar. Arbeidet til Folkehelseavdelinga omfattar tilsyn med faktorar i miljøet som kan ha innverknad på helse. Dette gjeld både private og offentlege verksemder og omfattar støy, inneklima, luftkvalitet, stråling, forureining, førebygging av ulukker og skader. Folkehelseavdelinga er eit forvaltningsorgan som har fått delegert mynde til å føre tilsyn og fatte vedtak om retting etter ei rekke føreskrifter. I tillegg til sakshandsaming av enkeltsaker arbeider vi med informasjon og rådgjeving knytt til alle felt innan miljøretta helsevern. 5.1 Skular og barnehagar Første driftsåret (2013) prioriterte avdelinga, i samråd med kommunane, tilsyn og godkjenning av skular og barnehagar, totalt 110 einingar. Oppfølging og avslutning av desse sakene har vore eit mål i 2014. Tre av einingane har ikkje hatt tilsyn, det skyldast ombygging, eller at einingane sjølve har bede om utsetting. Det er gjort avtale om tilsyn med alle. Dei andre einingane er alle godkjende, nokre under føresetnad av tilfredstillande svar på pålegg. Generelt har godkjenningprosessen i høve skular og barnehagar fungert bra. Avdelinga hadde ein klar strategi på at eitt av måla med godkjenningprosessen var ei grundig kartlegging av alle skular og barnehagar. Ved å gjere tilsyn på alle einingane ynskte vi legge til rette for god samarbeidsrelasjonar og såleis legge til rette for å hjelpe einingane med forbetring på området. Den viktigaste arbeidsmetoden vår er å drive informasjon og rettleiing på området, det synes å ha fungert godt. Styrarar og rektorar har gjeve positive tilbakemeldingar på denne arbeidsmetoden. Godkjenningsprosessen har ved nokre høve teke noko lang tid, og grunnen er at styrarar og rektorar ikkje har svart på vedtaka innan fristen. Dette har forseinka arbeidet og framdrifta vår, samt at avdelinga har brukt tid på å purre svara. 6

Det er òg utfordrande å finne felles møtepunkt, spesielt når vi har behov for å samle styrarar og rektorar med fleire. Dette har m.a. resultert i at dei planlagde fagdagane ikkje er gjennomført i alle kommunane. Fagdagar knytt til oppfølging av godkjenningsrundane var eit ynskje frå einingsleiarar/tenesteleiarar. Avdelinga ynskte å nytte denne metodikken som eit ledd i oppfølginga av den enkelte skule og barnehage. Det er avvikla fagdagar i fire kommunar i 2014. 5.2 Hud og fotpleie, frisør, holtaking, piercing og solarier Folkehelseavdelinga har gjort ei kartlegging av alle verksemder som driv med holtaking/piercing, tatovering, hud og fotpleie, frisørar, samt solarier. Verksemder som stikk hol i huda er søknadspliktige, dei andre har meldeplikt. Vi har registrert 151 verksemder, og alle har fått brev om melde- og/eller søknadsplikt. Det er usikkerheit i høve desse tala. Det er lagt til rette for å svare både i Word/PDF-format, men òg elektronisk via vår nettside. 49 verksemder har svart på henvending frå oss, og har fått svar og godkjenning. Det er ført tilsyn med og godkjent eitt tatoveringsstudio i 2014. Arbeidet med å spore og kartlegge desse verksemdene har vore tidkrevande og dels vanskeleg. Vi har nytta Brønnøysundregisteret, gule sider, samt ulike nettportalar som registrerer slik type bedriftsinformasjon. Det syner seg såleis at mange ikkje er klar over melde- og godkjenningsplikta og det må drivast eit aktivt informasjonarbeid i høve dette. Når det gjeld tatoveringsverksemd kjenner vi til at dette føregår, men vi er avhengig av meldingar frå andre for å få kjennskap til dei som driv tatoveringsstudio. 5.3 Badeanlegg, boblebad og badstu Kravet om tilfredsstillande helsemessige og hygieniske forhold er heimla i Folkehelselova / LOV 2011-06-24 nr.29 og i Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu m.v / FOR 1996-06-13nr.592. Dette gjeld verksemder eller anlegg som er opne for offentlegheit og/eller utleige. Føreskrifta gjeld òg badstu sjølv om den ikkje er knytt til badeanlegg eller bassengbad. 31 verksemder har fått brev om meldeplikt, 27 av desse har svart og fått tilbakemelding/rådgjeving frå oss. Det vart føreteke ei risikovurdering av verksemdene i høve tilsyn etter kriteria personbelastning og størrelse på anlegget. Det er såleis gjort tilsyn med badeanlegget på Hauglandssenteret, i Førdehuset og Høyangerbadet. 5.4 Radon Avdelinga har arbeidd med å få til ei felles avtale med eitt firma for levering av sporfilm for radonmåling til innbyggarane i dei samarbeidande kommune. Ei slik avtale var lyst ut på anbod før jul, men det kom ikkje inn tilbod. Flora kommuna har difor forlenga den eksisterande avtalen med Landauer Nordic ut sesongen, og alle kommunane har fått høve til å nytte denne. Avtalen inneber at kvar kommune får 7

tilsendt resultat av målingane i eit excelark innan 15. juni kvart år. Dette er knytt til gards- og bruksnummer og vil såleis gje ei oversikt over radonutfordringane i kommunen. Avtalen kan nyttast av alle, kommune og burettslag har fått noko betre prisar enn enkelthustandar. Det kan lysast ut nytt anbod til hausten. Avdelinga har delteke på orienteringsmøte og bidrege med informasjon og rettleiing i handtering av dei høge radonverdiane som vart målt på ein skule i Sunnfjord. 5.5 Asylmottak Asylmottak er meldepliktige verksemder etter forskrift om miljøretta helsevern. Staten sin politikk med konkurranseutsetjing av denne verksemda, med kortsiktige driftsavtalar, har gjort at det i vårt område har vore kommunar som i 2014 har fått betydelege nye utfordringar i samband med nedlegging og oppretting av asylmottak. Avdelinga har drive rettleiingsarbeid i høve kommunane på problemstillingar både i høve miljøretta helsevern og smittevern. Det er planlagt tilsyn med nyoppretta asylmottak i Høyanger på nyåret 2015, ut frå meldingar og ei ROS analyse. Dette tilsynet vil og kunne gjere det aktuelt å føre tilsyn med dei etablerte asylmottaka i kommunane våre. 5.6 Støysaker. Folkehelseavdelinga bidreg med råd, rettleiing og eventuelle vedtak om retting vedrørande bygge- og anleggsstøy, støy frå tekniske installasjonar, bedrifter/industri, flystøy, fritids- og underholdningsstøy mm. Klager på trafikkstøy må rettast direkte til Statens vegvesen. I 2014 har avdelinga behandla ei støysak i Flora kommune knytt til bygging/lasting/lossing frå båt og støy frå verftsområde. Avdelinga har arbeidd med ei støysak knytt til hotelldrift i Jølster kommune. 5.7 Forureining Folkehelseavdelinga er delegert mynde etter delar av lov om forureining og om avfall. Mellom anna har avdelinga ansvar for rettleiing og tilsyn med: Drikkevassanlegg, kvalitet på badevatn, samt forhold i samband med utslepp og forureining av vatn og vassdrag. Skadedyrkontroll Overvaking og målerapportering av helse- og miljøskadelege gassar og svevestøv. Informasjon, råd og rettleiing om grenseverdiar, problemområder, status, planar og utvikling for luftkvalitet. Hygieniske forhold ved dyrehald i tettbygd strøk Hygieniske forhold i samband med renovasjon og avfallshandtering, kontroll med forsøpling bl.a. bilvrak. Tillatelse til bruk av slam. 8

I tillegg kartlegging av forureining i jord og byggegrunn, behandling av tiltaksplanar ved terrenginngrep på forureina grunn i henhold til forureiningsførskrifta kapittel 2. Vi gjev råd og rettleiing knytt til helserisikovurdering. 5.8 Solarier Vi fører tilsyn med solarier for å kontrollere at verksemdene vert drivne i samsvar med hygienekrav og føreskrifter. I 2014 vart det gjort ei kartlegging av verksemder som tilbyr denne tenesta. 10 verksemder er registrert, fire av desse har sendt melding til oss. 5.9 Inneklima Avdeling gjev råd og rettleiing om innemiljøproblem knyttet til fukt, varme, ventilasjon, lysforhold, og materialbruk. Tilsyn med røykebestemmelsar i off. bygg og serveringsstader. Det er gjennomført CO2-målingar i alle skule- og barnehagar i Flora kommune. Målingane vart gjennomført som ein pilot, for å finne svar på korleis ein metodisk best mogleg kan gjere slike målingar på alle dei 110 einingane før sommaren 2015. Resultat skal beskrivast i tilstandsrapporten. Avdelinga har hatt fått henvendelse frå fleire kommunar om spørsmål knytt til inneklima. 5.10 Kjøletårn etc, Legionella Folkehelseavdelinga har ansvar for å halde oversikt og innhente opplysningar om alle meldepliktige verksemder i vårt område. Dette gjeld verksemder som direkte eller indirekte kan spreie legionellaforureina aerosol til omgjevnadane, utandørs eller innandørs etter "Forskrift om miljørettet helsevern" og "Forebygging av legionellasmitte- en veiledning, 2012. 5.11 Generelt: Folkehelseavdelinga orienterte i november rådmenn om arbeidet i avdelinga i 2014, Her vart det gjeve ei oppsummering av arbeidet. Det vart òg bede om ei tilbakemelding på kva behov kommunane hadde vidare, samt gjeve ein presentasjon av Folkehelseavdelinga sine prioriteringar for 2015. Oppsummering og prioriteringar vert beskrive i plan for 2015, kap. 8. Avdelinga har arbeidd med å utvikle heimesida. Her informerer vi om arbeidet i avdelinga, samt legg ut alle skriv og meldingar som sorterer under vårt ansvarsfelt. Alle søknads- og meldeskjema er revidert etter gjeldande lover og føreskrifter. www.folkehelseavdelinga.no/forsiden. 9

6. Smittevern Smittevern har vore ein vesentleg del av informasjons-/rettleiingsarbeidet i arbeidet med badeanlegga, og frisør, hud-og fotpleie, holtaking- og piercing, samt tatoveringsverksemder. Arbeidet med godkjenning av skular og barnehagar har og hatt vesentleg fokus på førebyggande smittevern. Det er utført ROS analyse av aktuelle scenarier for smittevernplanen og avdelinga har utarbeidd eit utkast til smittevernplan. Det er intensjonen å tilpasse dette utkastet til kommuanen sitt samla beredskapsplanverk. Kommuane har svært ulike malar for sine beredskapsplaner og er kommen ulikt langt med ferdigstilling. Det ser ikkje ut til at det vert noko endringar på dette med det første. Smittevernplanen er difor bygd opp med ein fagdel som i det alt vesentlege byggjer på linkar til sentrale fagprosedyrer og kunnskapsressursar og ein rerssursoversikt/ansvarsdel/handlingsark som må nært tilpassast den einskilde kommune sin beredskapsorganisasjon med personalressursar og kommandolinjer. Fleire av kommuane har hatt vakansar og skifte av nøkkelpersonell innan smittevernarbeidet i 2014 (mangel på og skifte av smittevernlegar og helsesøstre) Det har difor vore nødvendig i fleire kommuanar å utsetje implementeringsarbeidet og lokal opplæring til slikt personell er på plass. Dei fleste av desse vakansane ser ut til å ordne seg tidleg i 2015 og ein vil då intensivere og fullføre implementeringsarbeidet. 6.1 Tuberkulosekontrollprogram Tuberkulosekontrollprogrammet vart utarbeidd i 2013 og ein starta implementering i dei fleste samarbeidskommunane i 2014. Mal for programmet var tilgjengeleg på heimesida og vart presentert kommunevis for helsepersonell. I oktober 2014 kom nye nasjonale retningslinjer og programmet vart revidert i tråd med desse. Revisjonen innebar endring i undersøkelsemetodikk inkludert "flytskjema", vaksinasjon, smitteoppsporing, tilvisingar og arbeidsfordeling mellom kommunar og helseføretak. Nytt program skal implementerast i alle kommunane. 7. Folkehelse/samfunnsmedisin Avdelinga har ansvar for den overordna førebyggande delen av samfunnsmedisinfeltet. Dette inneber ansvar for overordna planar og prosedyrar, samt å arbeide med felles prioriteringar. Folkehelseavdelinga søkte Fylkesmannen om midlar til å utarbeide helseoversiktsdokument for dei samarbeidande kommunane våren 2014. Vi fekk tildelt kr 300000,- til arbeidet og det vart tilsett prosjektleiar i 20 % stilling frå 1.oktober 2014. Rådmannsgruppa er styringsgruppe for prosjektet. Folkehelseavdelinga og prosjektleiar er prosjektgruppe og arbeider tett rundt planlegging og framdrift av arbeidet. Det er utarbeidd prosjektplan og kommunane 10

har oppnevnt tre personar som vil bidra til og få ansvar i utarbeidinga av dokumentet. Det første møtet med kommunane starta opp 28. januar. På folkehelseområdet skal bidraget frå Folkehelseavdelinga knyttast opp imot arbeidet med kommuneplanar. Her vil både helseoversiktsdokumentet, men òg rapporten knytt til arbeidet med miljøretta helsevern i skular og barnehagar danne eit viktig faktagrunnlag. Rapporten vert ferdigstilt innan oktober 2015. Folkehelseavdelinga har delteke på Fylkesmannen sitt tilsyn på det løpande arbeidet med helseoversikt i Førde kommune. 8. Plan for 2015 Det var møte med rådmenn november 2014, kort oppsummering frå møtet: Kommunane ynskjer at Folkehelseavdelinga tek initiativ, tilbyr tenester og er aktive i høve informasjon om fagfeltet. Kommunane er avhengig av slik informasjon for å kunne nytte tenestene. Nokre kommunar ser at dei kan bruke kompetansen i avdelinga betre. Konkrete utfordringar som kom opp i møtet var kopling av fagfeltet opp mot beredskapsplanar og folkehelseplanar. Kommunar treng hjelp til konkret utforming av helseberedskapsplan. Helseoversiktsdokumentet vart òg framheva som eit viktig dokument og satsingsområde for kommunane. På folkehelseområdet skal bidraget frå Folkehelseavdelinga knyttast opp imot arbeidet med kommuneplanar. Her vil både helseoversiktsdokumentet, men òg rapporten knytt til resultat av arbeidet med miljøretta helsevern i skular og barnehagar danne eit viktig faktagrunnlag. Rapporten vert ferdigstilt innan oktober 2015. Utvikle fellessatsingar som t.d. Ungdata 11

Folkehelseavdeling si plan for 2015: Auke kunnskapen i kommunane om fagfeltet og Folkehelseavdelinga sitt arbeid Ajourføre alle avvik på skule og barnehagar Arrangere fagdagar Utarbeide tilstandsrapport for skular og barnehagar Utarbeide helseoversiktdokument i samarbeid med kommunane Implementere heimeside Fortløpande behandle saker som kjem til Utvikle og ferdigstille eige IK-system Gjennomføre målingar CO2 på alle einigar, lysmåling ved behov Tilsyn med solarieverksemder Starte opp samarbeid med Stryn, Selje og Vågsøy kommune Hjelpe med implementering av folkehelseutfordringar i kommunale planar Smittevern Implementering av revidert smittevernplan og tiltakskort tilpassa overordna beredskapsplanar i alle kommunane Oppstart av arbeid med pandemiplan så snart nasjonale planvegleiarar ligg føre Implementering av revidert tuberkuloseprogram i alle kommunane 12