Planprogram for trafikksikkerhetsplan Tysvær kommune - Kommuneplanutvalet 28.03.2017 1. Innledning Tysvær kommune sin trafikksikringsplan blei vedtatt i kommunestyret den 26.10.2010, og er gjeldande i perioden 2010-2017. Denne planen var ei revidering av trafikksikringsplanen frå 2001. I sak nr 16/16 av 14.06.2016 i kommuneplanutvalet blei det vedtatt at ein skulle starte opp arbeidet med ny trafikksikkerheitsplan og at denne skulle utarbeidast som ein kommunedelplan. Planen skal vere eit verktøy for å drive trafikksikkerheitarbeidet og trengs for å kunne søkje om midlar til trafikksikringstiltak. Planen skal synleggjere kommunen sitt ansvar og satsing på trafikksikkerheit. Ein legg opp til eit godt eigarskap tverrsektorielt i kommunen. Då planen blir utarbeida som ein kommunedelplan er det krav om planprogram. Planprogrammet skal gjere greie for formålet med planarbeidet, planprosessen og opplegg for medverknad. Forslag til planprogram skal sendast ut på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn i minst 6 veker, jf. plan- og bygningslova 4-1. 2. Føringar for arbeidet 2.1 Nasjonale føringar: - Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg 2014-2017 - Nasjonal transportplan 2014-2023 - Nasjonal sykkelstrategi 2014-2023 - Nasjonal gåstrategi - Stortingsmelding 40 om trafikksikkerhetsarbeidet samordning og organisering 2.2 Regionale føringar: - Handlingsplan for trafikksikkerhet for Rogaland 2014-2017. - Regionalplan for folkehelse i Rogaland 2013-2017. - Regionalplan for areal og transport på Haugalandet. 2.3 Lokale føringar: - Kommuneplanen - Gjeldande TS-plan - Handlingsplan folkehelse 1
3. Planprosess 3.1 Organisering Det vil bli etablert ei tverrfagleg arbeidsgruppe beståande av - Saksbehandlar forvaltning teknisk - Arealplanleggar - Avdelingsleiar drift/fagansvarleg veg - Teknisk sjef - Folkehelsekoordinator - Representant frå skule/barnehage Andre aktuelle personar frå administrasjonen i kommunen vil bli involvert i arbeidet ved behov. Aktuelle referansegrupper er Statens vegvesen, Politi, Skiltgruppe, Trygg i Tysvær, Trygg Trafikk, etc. Politisk vil kommuneplanutvalet vere styringsgruppe, men også dei andre politiske utvala vil bli involvert og få moglegheit til å kome med innspel. Ein legg opp til at planen skal bli godt forankra i kommunen, både administrativt og politisk. 3.2 Medverknad og informasjon Ein vil forsøke å oppnå ei brei medverknad. I tillegg til dei tradisjonelle kanalane vil ein prøve ut om ein kan nytte «ny» kommunikasjon, så som digitale kartløysningar. Ein vil forsøke å nytte barnetråkk for å kartlegge barns oppleving av skuleveg og vegar dei nyttar på fritida. Skular, barnehagar og lag og foreiningar vil særskilt bli invitert til å kome med innspel. Ein vil allereie ved oppstartsvarsel be om konkrete innspel til handlingsplanen. Dette vil også fungere som ei form for kartlegging over korleis innbyggjerane opplev sitt nærområde. Ein vil då sjå på moglegheita for bruk av eit «prosjektskjema» for innmelding av fysiske tiltak. 3.3 Framdrift Forslag til framdrift er vist i tabellen under. Aktivitet Tidspunkt Arbeid med planprogram Sept/okt 2016 Varsling av oppstart og høyring av planprogram Haust/vinter 2016 Godkjenning planprogram Vår 2017 Utarbeiding av plan Vår 2017 Førstegongsbehandling av plan Sommar 2017 Høyring av plan Sommar/haust 2017 Endeleg godkjenning av plan Haust 2017 2
4. Ulykkessituasjonen i kommunen Planen vil omtale den historiske utviklinga i trafikkulykker i kommunen basert på eksisterande informasjon. Aktuelle tema som skal utgreiast er til dømes kva slags ulykker som skjer og kor i kommunen desse skjer. Planen vil omtale vegstrukturen i kommunen og ta for seg situasjonen for alle typar trafikkantar, samt kome inn på transportbehovet og busettingsmønsteret i kommunen. Registrerte trafikkulykker i Tysvær sidan 2006. Kjelde: Statens vegvesen sitt vegkart. 5. Visjon, mål og strategi Det blir føreslått ein vidareføring av gjeldande visjon som bygger på den nasjonale null-visjonen; I Tysvær skal ingen misse livet eller bli alvorleg skadd i trafikken. Målet med planen er å førebygge trafikkulykker og sikre at kommunen tar omsyn til trafikksikkerheit i sitt virke. Det skal vere trygt å bevege seg i lokalmiljøet både som syklist, fotgjengar og i bil eller buss. Ein vil i samsvar med overordna føringar forsøke å legge til rette for auka sykkkelbruk og gange på ein trygg måte som er positivt både i forhold til fysisk aktivitet, miljø og trafikksikkerheit i nærmiljøet. Særleg ser ein dette rundt skular, barnehagar, idrettsanlegg og bustadfelt. Det må vere tilrettelagt for at ein på ein trygg måte kan ta seg fram via sykkel eller til fots. Kollektivtrafikktrafikk og tilkomst til kollektivtrafikk vil også ha fokus i planen. 3
Som i den førre planen vil skuleveg vere eit eige tema. For å få meir informasjon om kva som blir opplevd som farleg av elevane sjølv ynskjer ein å få gjennomført barnetråkk i samarbeid med skulane. Tysvær kommune har inngått avtale med Trygg Trafikk om å arbeide fram mot å bli godkjent som trafikksikker kommune. Kommunen er ein viktig aktør i arbeidet med trafikksikring og har ansvar som planmyndigheit, vegeigar, eigar og driftar av skular og barnehagar, stor arbeidsgjevar og som kjøpar av transporttenester. Trygg Trafikk har utarbeida kriterier innafor alle desse tema og kriteria skal sikre at kommunen arbeider tverrsektorielt og systematisk med trafikksikring. Dette vil bli nærare omtalt i planen. Tysvær kommune har også inngått ein intensjonsavtale med Skadeforebyggende forum om å arbeide for å bli godkjent som eit trygt lokalsamfunn. Ved kartlegging av dagens situasjon under planarbeidet kan det kome andre tema som vil bli omtalt særskilt i planen. I planen vil ein også ta ei vurdering på oppnådde mål/gjennomførte tiltak frå gjeldande TS-plan. 6. Tiltak/handlingsplan Handlingsplanen er tenkt å vere delt i to delar; ein del som tar for seg fysiske tiltak på/langs veg og ein del som omhandlar haldningsskapande arbeid og organisatoriske tiltak. 6.1 Fysiske tiltak Dei fysiske tiltakslistene vil ta utgangspunkt i gjeldande plan, kommunen sin kommuneplan, lokal kjennskap, faglege vurderingar og politiske prioriteringar. Tiltak kan vere bygging av gang- og sykkelvegar, utbetring av kryss, oppsetting av gatelys, bygging av haldeplass for buss, sikre krysningspunkt for fotgjengerar, fartsreduserande tiltak, etc. Når planprogrammet er på høyring vil det vere mogleg for innbyggjarar og andre å kome med innspel til tiltak, slik at desse kan vurderast i arbeidet med planen. 6.2 Haldningsskapande arbeid, informasjon og organisatoriske tiltak Både gjennom nasjonal handlingsplan for trafikksikkerhet på veg og gjennom handlingssplan for trafikksikkerheit i Rogaland er det lagt opp til at ein skal ha fokus på haldingsskapande arbeid, informasjon og organisatoriske tiltak. Gjeldande TS-plan har rullerande tiltak innafor haldningsskapande arbeid og informasjon. Planen vil også legge opp til at kommunen skal innfri krava for å kunne bli godkjent som «Trafikksikker kommune». Dette inneber at også alle skular og barnehagar skal vere godkjente som «Trafikksikker skule» og «Trafikksikker barnehage». 4
7. Økonomiske konsekvensar Tiltak på kommunal veg må i hovudssak dekkast gjennom kommunale midlar. Dette må avklarast i økonomiplan og budsjetta til kommunen. Det er klart at det i næraste framtid ikkje vil vere midlar til å få gjennomført alle fysiske tiltak i handlingsplanen, men planen vil fungere som ei prioriteringsliste. Kommunen har moglegheit til å kome med innspel til tiltak på fylkesvegnettet og europavegane i kommunen. Planen vil omtale dei ulike finansieringsordningane som kan nyttast for å søkje om midlar. For dei haldingsskapande/organisatoriske tiltaka er det hovudsakeleg kostnad knytta til tidsbruk av eigne ressursar, samt eventuelle utgifter til prosjekter/kampanjar. Planen vil gå nærare inn på dette. 5