Søknad om auke i fellingsløyver på hjort jakta 2017 Lærdal bestandsplanområde for hjort Lærdal bestandsplanområde for hjort sitt årsmøte gjorde 10. mai samrøystes vedtak om å auka tal fellingsløyver på hjort med 50 prosent under jakta 2017, vidare at alle løyver skal vera frie, altså ikkje avgrensa til kjønn og alder. Bakgrunnen for auken er sterk oppmoding frå sentrale myndigheiter og kommunen om å auka fellinga av hjort i kommunen grunna utbrotet av skrantesjuke i Nordfjella. Det er sett eit svært ambisiøst mål om å skyta 700 hjort i kommunen, og for å ha sjanse til å nå dette målet bør ikkje jegerar koma i situasjonar der dei ikkje har nok eller rette typar løyver. Såleis søkjer me kommunen om at vedtaket frå årsmøtet (vedlagt) blir godkjent noko anna ville vera nesten urimeleg ettersom det først og fremst er frå offentleg hald det blir pressa på for auka uttak av hjort i vårt område. For styret i Lærdal bestandsplanområde, sekretær Ole Ramshus Sælthun
Styret sitt framlegg til vedtak og utgreiingar rundt sak 6 6. Fellingskvotar og jakttid 2017 Styret sitt framlegg til vedtak: Hjortejakta 2017 blir regulert etter følgjande punkt: a. Kvotane blir auka med 50% for heile bestandsplanområdet i høve kva som er fastsett i bestandsplan for 2015-2017. b. Oppsparde løyver frå 2015 og 2016 kan nyttast i tillegg c. Målsetnad om minst 700 felte hjort i jaktsesongen d. Jakttid: 1. September - 23. Desember. Førebels fellingsresultat blir evaluert av styret i første halvdel av desember; er ein då langt unna målsetnad kan styret via kommunen søkja om utvida jakt utover jakttidsramma til 31. Januar. Korvidt det blir utvida jakt må vera avgjort innan 15. Desember. Ved utviding vil styret gjera ny vurdering i siste halvdel av januar om det er naudsynt å søkja om ytterlegare utviding av jakt til 28. Februar. Korvidt det blir ytterlegare utvida jakt må vera avgjort innan 15. Januar. e. Dersom det ikkje blir utvida jakt, vil styresekretær straks dette er bestemt senda ut førespurnad til valdansvarlege om det er vald som har lite eller ingen løyver att - og om det er vald som sit på stort monn av løyver og som friviljug vil avhenda desse i ein pott som styret kan omdisponera.same tiltak vil bli gjort i januar eller februar, dersom det blir utviding eller ytterlegare utviding. f. Styret og kommunal viltforvaltar vil jobba med å skapa ein infrastruktur rundt jakta som klarar å handtera eit monaleg større uttak. Dvs dialog med ettersøksring, sjekka moglegheitene for uttransportering med helikopter ved stor felling og om ein kan få til eit vilthandsamingsanlegg der jegerar kan levera og få betalt for slakt. Utgreiing: Bakgrunnen for ein svært offensiv fellingsstrategi er sjølvsagt utbrotet av skrantesjuke.miljødirektoratet har i brev av 7. April oppmoda kommunane i Nordfjellaregionen til å redusera hjortebestandane sine. Isolert sett kan ein meina mykje om det, men i tillegg vil høg avskyting føra til rikt monn av prøvemateriale og ein vil ha eit betre grunnlag for å seia noko om kor vidt sjukdommen har spreidd seg. Det vil igjen gjera ein betre rusta til å leggja adekvate strategiar for komande bestandsplanperiode. I
tillegg kjem det faktum at ein i 2015 og 2016 felte tilhøvesvis om lag 150 og 100 færre hjort enn kva som er nedfelt målsetnad i inneverande bestandsplan, å ha ein målsetnad på 700 felte hjort i 2017 er såleis eit forsøk på å ta att dette. Eit anna moment er dei store trafikale og jordbruksrelaterte problema mykje hjort i dalbotnen har ført til i vinter. På den andre sida meiner styret ein må ha ein målsetnad som har noko lunde rot i det realistiske. Skal ein nå målsetnad om 75 % meir felt hjort i 2017 enn 2016 må ein enorm jegerinnsats til - mange ustyrlege faktorar som ver- og sesongutvikling spelar dessutan inn. Å setja ein så høg målsetnad at det uansett er tilnærma er umogleg å oppnå trass svært stor jegerinnsats meiner styret ikkje vil føra noko godt med seg. I tillegg kjem det faktum at etikken er like viktig som før; å laga eit opplegg som signaliserer at det berre er om og gjera å få ned mest mogleg uansett vil vera svært betenkjeleg dyrevelferdsmessig sett. Dessutan skal infrastrukturen rundt jakta henga med; større jegeraktivitet krev truleg meir av ettersøksringen; kjøtet skal trass alt transporterast ut av terrenget og nyttast til mat i etterkant. Viltforvaltar vil finrekna på og dela ut endeleg mengd løyver til dei repsektive valda, men det kan nemnast at framlegget til vedtak inneber at det vil bli tildelt om lag 1000 løyver i Lærdal komande jaktsesong. Har valdet til dømes hatt ei årleg tildeling på om lag 50 løyver i 2015 og 2016, vil det for 2017 bli tildelt om lag 75 løyver. I tillegg kjem altså det som er att av løyver frå føregåande sesongar i vald som er medlemmar av bestandsplanområdet Det skisserte oppleget rundt omdisponering av løyver mot slutten av jakta er for å imøtekoma lokale skilnader i bestandane, samstundes som ei slik ordning ikkje bør vera for byråkratisk. Styret minner om at vald innan bestandsplanområdet kan omdisponera løyver direkte seg imellom, då skal styret berre ha ei enkel melding om at dette er gjort. Dette er å føretrekkja, men i tillegg legg altså styret opp til at alle vald blir inviterte til å ta ein slik runde via styret mot slutten av jakta. Det skal også nemnast at det kan koma vedtak frå Miljødirektoratet for hjortejakta i Lærdal som trumfar bestandsplanområdet sitt lokale vedtak. Kor vidt dette blir aktuelt har vilforvaltar prøvd å finna ut av, men meldinga frå direktoratet er at dette er usikkert førebels.