Mestring og deltaking heile livet

Like dokumenter
Å utvikle og drifte spennende og fremtidsrettede helsetjenester er en kontinuerlig prosess

Lindåsprosjektet. Våre erfaringar med innføring av omsorgsteknologi. Konferansen Bergen Eldre og bolig 2013

Team Ørsta aktiv alderdom med velferdsteknologi

Kvardagsrehabilitering og Velferdsteknologi

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Team Hareid Trygg Heime

«Lev Vel i Vaksdal» - framtidsretta helse- og omsorgsteneste Bodø Solrun Hauglum, kommunalsjef helse og omsorg. Side 1

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune

SAKSPAPIR. Vaksdal kommune RÅDMANNS FRAMLEGG TIL ØKONOMIPLAN

Team Surnadal- Velferdsteknologi i helhetlige pasientforløp Teamet

Kommunedelplan helse og omsorg

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

STYRINGSDOKUMENT FOR «LEV VEL I VAKSDAL»

Kva rører seg Velferdsteknologiprosjektet vert vidareført

Torsdag 23. Januar, Flora Samfunnshus

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

Kvardagsrehabilitering. Turnusseminar Kristine Mardal Fysioterapeut Sogndal kommune

Lovendring om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad

DEN GRØNE TRÅDEN TIDLEG INNSATS

Velferdsteknologi Næringsreisa 2016 Stryn 28. sept.

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

Sigrid Lindåsprosjektet Omsorgsteknologi i Lindås kommune. Lindåsprosjektet. Lindåsprosjektet. Lindåsprosjektet.

Innovasjonsmetoden vår

«Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune»

Prosess: Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: Org.nr.

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2012/5 Arkiv: 143

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Saksprotokoll. Kommunestyret Sak: 28 / 16. Ge ir Paulsen gjekk frå som ugild, då har er gift med leiar i sjukeheimstenesta kommunen.

«Vossamodellen» kvardagsrehabilitering på Voss.

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE OG OMSORG PLANPROGRAM SIST REVIDERT VARSEL OM OPPSTART

OPPLÆRINGS - OG KOMPETANSEPLAN

EnergiKompe- tansesenteret

Saksnr. Utval Møtedato 010/14 Kommuneplannemnda

Oppsummering kvalitetsdialog 11 april

Janne Mo Sjef i eige liv korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida?

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

ARBEIDSGRUPPE BRUKARINVOLVERING

«Vossamodellen» kvardagsrehabilitering på Voss.

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Fastsatt av kommunalsjef helse og omsorg Retningslinje for tildeling av dagplass

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Velferdsteknologi erfaringar frå Sogn og Fjordane

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Prosjekteigar: Flora kommune.

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

GLADE ELDRE PÅ SYKKEL EIT PROSJEKT I REGI AV NASJONALFORENINGEN JØLSTER HELSELAG

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

ULSTEIN KOMMUNE Ulstein eigedomsselskap KF

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Forslag til forskrift om rett til opphald i sjukeheim - kriterie og venteliste

Samhandling om nye arbeidsmåtar - velferdsteknologi Samhandlingskonferansen 2015

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

Prosjektplan - Samarbeid om etisk kompetanseheving

«Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune»

Sjef i eigen heim korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Oppgradering av eksisterende boligmasse. Husbankens økonomiske verkemidlar v/ Sigbjørn Spurkeland, Husbanken vest

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

Muligheter for samarbeidsforskning i vårt helseområde

Notat/ status til prosjekteigar frå administrativ arbeidsgruppe

«Lindåsprosjektet» Et forskningsprosjekt om velferdsteknologi i hjemmetjenesten.

Transkript:

Mestring og deltaking heile livet Korleis fremma mestring og deltaking? Framtidsretta og gode omsorgstenester med bruk av teknologi. Prosjektskisse Mars 2015

Bakgrunn Helse- og omsorgstenestene i Vaksdal kommune går inn i økonomiplanperioden 2015 2018 med ei klar målsetning om å vri tenestene over mot meir helsefremjande, førebyggjande og rehabiliterande tiltak. Grunnane for dette er både faglege og økonomiske. Kommunen står framfor store utfordringar i åra framover, og ein må ta grep for å få betre samsvar mellom rammer og drift. Meir satsing på tenester lenger nede i omsorgstrappa vil vera økonomisk gunstig samstundes som det er i tråd med tilrådingar frå fagfeltet, kommunale planar og nasjonale føringar. Samhandlingsreforma har klare intensjonar om meir satsing på førebygging og rehabilitering, og aktuelle NOU-ar og stortingsmeldingar ber bod om at helseog omsorgstenestene må tenkja nytt og vurdera nye metodar. «Tjenestene må i større grad legge vekt på aktiv omsorg, forebygging og rehabilitering, og utfordre til å ta i bruk ny teknologi og nye arbeidsmetoder.» (Meld. St. 29). I morgondagen sine omsorgstenester vil målretta bruk av teknologi kunne opna for nye mogelegheiter og metodar. Og betre tilrettelagde bustadar og omgjevnader vil saman med teknologi og nye faglege metodar gi folk mogelegheit til å delta i kvardagen og meistra dei daglege gjeremål meir sjølvstendig enn tidlegare. Vaksdal kommune har i gjeldande økonomiplan tatt strategiske val for framtidas helse- og omsorgstenester. Kommunen ønskjer å utvikle eit bærekraftig og moderne tenestetilbod tufta på førebygging og rehabilitering, mestring og deltaking for den enkelte. Det er igangsatt arbeid med ny kommunedelplan helse og omsorg som erstattar tidlegare omsorgsplanar. Endringane krev kompetanseheving og holdningsendring, ikkje berre hjå leiarar og andre tilsette, men også hjå brukarar, pårørande, innbyggjarar og politikarar. Me har gjort følgjande: Jobba målretta med kompetanseheving gjennom å følgja kompetanseplanen og nytta dei mogelegheiter som byr seg. Aktuelle dagskurs, deltaking i nettverk (t.d. innan folkehelse og etikk), ei stor tverrfagleg gruppe har og er i gang med kursrekkja i helsepedagogikk i regi av Haukeland / Haraldsplass. To tilsette i heimetenesta tok hausten 2014 vidareutdanning i omsorgsteknologi ved Høgskolen i Bergen. Hatt temaet oppe på mange politiske møte og i Eldrerådet og Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Etter at me fekk Levekårsutval i 2014, har det vore tema på fleire møte der. Me jobbar no med kommunedelplan helse og omsorg. Førebygging, tilrettelegging, rehabilitering og bruk av teknologi er tema der.

Heimetenesta har tatt i bruk mobile løysingar for å effektivisere arbeidsprosessar og sikre oppdatert informasjon om brukar Nytt alarm og varslingssystem og nye moderne telefoni er tatt i bruk på sjukeheimane I februar 2015 starta me opp med kvardagsrehabilitering i kommunen. Kommunen har tatt store løft på IKT dei siste åra og har no fleire tilsette med mykje kompetanse innan IKT. Me er med i IKT Nordhordland som består av 9 kommunar. Kommunane samarbeider om drift gjennom Iktnh og har felles IKT strategi og tilsett leiar. Vaksdal kommune Vaksdal kommune har om lag 4 100 innbyggjarar, og er ein stor kommune i areal med lange avstandar mellom fleire av bygdene i kommunen. Samanlikna med fylket og resten av landet har kommunen mange eldre og mange av dei eldste eldre. I 2012 var 8,23 % av innbyggjarane over 80 år. No går dette talet noko nedover. I 2015 er 7,8 % over 80 år, og etter prognosane har kommunen færrast av dei eldste eldre i 2025 med 6,6 % over 80 år. Deretter går tal eldste eldre oppover att, og i 2040 skal det etter prognosane vera 8,6 % av dei over 80 år. Det er også verdt å merka seg at dei i aldersgruppa 67 79 år vert fleire i åra framover, frå 495 innbyggjarar i år til 624 i 2040. Kommunen har derfor eit stort potensiale i å satsa meir på førebygging, tilrettelegging og rehabilitering. Og me har mange aktuelle brukarar av velferdsteknologi. 150 Yngre og eldre eldre, behov for PLO 2013 = 100 1251 Vaksdal 140 130 120 110 100 67-79 år Over 80 år Behov Pleie og Omsorg 90 80 70 60 1987 1992 1997 2002 2007 2012 2017 2022 2027 2032 2037

Forventa effekt Me forventar at bruk av teknologi kan gi effekt både for tenestene og kommunen, for tilsette og for brukarar av tenestene våre. Med å tilrettelegge og ta i bruk veldferdsteknologi vil brukarane kunne oppnå større grad av mestring og deltaking. Det skal i følgje forsking virka positivt inn på sjølvkjensle og livskvalitet. Dei fleste av oss ønskjer å vera mest mogeleg sjølvhjelpne. Meld. St. 29 uttrykkjer det slik: «Det er forskjell på å få tjenester for å overleve og assistanse til å leve et liv». For dei tilsette kan det vera spanande og inspirerande å jobba målretta og ta i bruk framtidsretta metodar. Mange melder også frå om at det er givande å vera med å bidra til at brukarar vert meir sjølvhjelpne. Kommunar som har starta med kvardagsrehabilitering, melder t.d. frå om at denne metoden gir auka tilfredsheit med jobben, og at tilsette som jobbar med denne metoden ikkje vil attende til «gamlemåten» å jobba på. Me trur også at målretta bruk av teknologi kan bidra positivt til rekruttering. I tillegg til personlege fordeler for den enkelte brukar, og for involvert personell, kan det vera store samfunnsøkonomiske gevinstar å hente ved at brukarane vert meir sjølvhjelpne. Brukarane kan bu lenger i eigen heim eller tilrettelagt bustad, ein får betre ressursutnytting og mindre trong for ordinære pleie- og omsorgstenester. Slik kan ein frigjera midlar og ressursar til andre typar oppgåver. Overføringsverdi til andre Erfaringar og resultat kan overførast til andre kommunar. Løysingane kan supplera andre prosjekt og utvikle nye løysingar. I første omgang til dei 9 kommunane som deltek i IKT Nordhordland, men også til andre kommunar. Problemstillinga er svært aktuell, og teknologien opnar for mange mogelegheiter, men det er viktig å utgreia desse mogelegheitene og gjera erfaringar med kva som fungerer og korleis ein kan få ut best mogeleg effekt.

Kva går prosjektet ut på? Mål Mestring og deltaking heile livet Mobilisere og engasjere samfunnets omsorgsressursar Framtidsretta og bærekraftige tenester Systematisk og kontinuerlig utvikling og innovasjonsarbeid Satsingsområde 1. Ressurssenter for demens på Vaksdal - demenssenter med eige «minibygd» med bustader, aktiviteter/trening, underhaldning, dagsenter, hage med dyr, rolig tun m.v i samarbeid mellom kommune, frivillige, lag og organisasjonar, pårørande m. fl. Her vil me utvikla/ta i bruk moderne teknologi som støtter opp om eit slikt ressurssenter og minibygd, mellom anna avanserte trygghets- og varslingssystem, aktiviseringsløysingar for bebuarar og dagbrukarar, underhaldningstilbod med vidare. Gjennom innovative anskaffingar ønskjer me å bidra til å utvikle/vidareutvikle og bruke teknologiske løysingar til slike formål. Bakgrunn: Vaksdal sjukeheim og Jamnetunet er eit fint utgangspunkt for å utvikle eit ressurssenter for demens. Her er eit fint uteområde med god utsikt, og det er hønsehus i hagen og katt på avdelinga. Det ligg til rette for å laga eit tun eller ei lita «minibygd» rundt Jamnetunet og Vaksdal sjukeheim der me kan få tilrettelagt butilbud. Kommunen har i 2014 investert i nye alarmsystem og telefonisystem som tilrettelegging for tilknyting til moderne velferdsteknologiske løysingar. Spørsmål vi har stilt oss: Korleis kan moderne velferdsteknologi støtta opp om eit slikt ressurssenter eller «minibygd»? Kva finst av varslingssystem inne og ute som kan trygga ferdsel? Kva type teknologi bør vurderast ved ombygging av aldersbustadane for at bebuarane skal kunne bu lengst mogeleg der og unngå unødig opphald på sjukeheim? Korleis kan teknologi nyttast til aktivisering og underhaldning?

2. Helsehus på Dale - helsehus med fokus på korttidsplassar, rehabilitering og førebygging. Omsorgsbustadar i deler av bygget og tilrettelagt for dagsenter og opplæring. Bruk av moderne teknologi vil vera ein føresetnad for å lukkast fullt ut med behandlingsløpet og styrka tilbakeføring til egen heim. Her vil me etablere ein Brukarlab der brukarar skal få teste ut og lære å bruke teknologi til bruk i heimen. Teknologi skal bidra til aktivisering/opptrening, tilsyn, tryggleik, kontakt med omsorgspersonar/familie i eigen heim. Me vil samarbeide med og tilrettelegge for at omsorgsressursane rundt brukarane skal få nødvendig opplæring og støtte til å bistå i bruken. Helsehuset skal samhandle tett med heimebaserte tenester om kvardagsrehabilitering, moderne trygghetssystemer og teknologiske hjelpemidlar. Gjennom innovative anskaffingar ønskjer me å bidra til å utvikle/vidareutvikle og bruke teknologiske løysingar til slike formål. Bakgrunn Daletunet er ei stor bygning med mange ulike bygningsdelar, og her er både sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar. I tillegg er det dagsenter for heimebuande. Det er mange heimebuande med hjelpebehov som kjem innom Daletunet. I tillegg til dei som bur i omsorgsbustadane, er mange innom både på dagsenter og på korttidsavdelinga, og her er også kommunalt lager for tekniske hjelpemiddel. Kommunen har i 2014 investert i nye alarmsystem og telefonisystem som tilrettelegging for tilknyting til moderne velferdsteknologiske løysingar. Spørsmål vi har stilt oss: Korleis kan me få moderne teknologiske hjelpemiddel i bruk i heimane i kommunen? Kva type hjelpemiddel kan vera aktuelt? Lavterskel bruk? Kan me ha ein brukarlab på helsehuset der aktuelle innbyggjarar / brukarar kan prøva ut hjelpemiddel eller utstyr? Heimebaserte tenester har god erfaring med mobile løysingar. Kva anna type teknologi kan bidra til at tenestene vert meir framtidsretta? Korleis kan folk leva eit meir sjølvstendig liv i eigen heim sjølv om dei ikkje meistrar alle gjeremål? T.d. moderne tovegs kommunikasjonssystem, varslingshjelpemiddel, hjelpemiddel for trening som kan supplera trening med fysioterapeut.

Framdriftsplan Fase 1: Forprosjekt juni 2015- juni 2016 Med ny omsorgstrapp som utgangspunkt utgreie og planlegge framtidas helse og omsorgsteneste - Utgreie faglege, økonomiske, teknologiske og bygningsmessige forhold knytt til nye helse- og omsorgstenester i kommunen - Setje i gang innovative anskaffingsprosessar med leverandører av teknologiløysingar - Etablere dialog og medverknad frå enkeltpersonar, pårørande, frivillige, lag og organisasjonar i ein tidleg planleggingsfase - Planlegge framdrift og implementering av nye løysingar og utfasing av eksisterande Fase 2. Implementeringsfase 2016-2018 - Etter forprosjektet vert planane realisert i samsvar med prioriteringane. Prosjektet er forankra både i politisk og administrativ leiing. Kommunestyret har vedteke budsjett for 2015 og økonomiplan 2015 2018. I økonomiplanperioden er det avsett 1,5 millionar til prosjekt innovasjon i omsorg. Rådmanns leiargruppe er styringsgruppe for forprosjektet. Budsjett forprosjekt: Utgifter: Ressursar til administrasjon og prosjektleiing tilsvarande ei stilling 700.000 Interne/eksterne ressursar 500 000 Ressursbruk IKT 200 000 Studieturar og møteverksemd mv 300 000 Kompetanseheving og kurs 200 000 Innovative anskaffelsar oppstartsfase 300 000 Til saman Kr 2 200 000 Inntekter: Eigenfinansiering 50% 1 100 000 Søknad om støtte frå Fylkesmannen 1 100 000 Til saman Kr 2 200 000

Overføringsverdi til andre Erfaringar og resultat kan overførast til andre kommunar. Løysingane kan supplera andre prosjekt og utvikle nye løysingar. I første omgang til dei 9 kommunane som deltek i IKT Nordhordland, men også til andre kommunar i landet. Problemstillinga er svært aktuell, og teknologien opnar for mange mogelegheiter, men det er viktig å utgreia desse mogelegheitene og gjera erfaringar med kva som fungerer og korleis ein kan få ut best mogeleg effekt. Litteratur og kjelder: Helse- og omsorgsdepartementet (2011). Meld. St. 16 (2010-2011). Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011-2015). Helse- og omsorgsdepartementet (2009). Meld. St. 47 (2008-09). Samhandlingsreformen. Rett behandling på rett sted- til rett tid. NOU 2011:11. Innovasjon i omsorg. Vaksdal kommune. Budsjett 2015 og økonomiplan 2015 2018. Vaksdal kommune. Planprogram kommunedelplan helse og omsorg.