NTP 2014 2023 NÆRINGSLIVET SITT SAMFERDSLEFORUM I SOGN OG FJORDANE v/ VIDAR GRØNNEVIK, LEIAR
NÆRINGSLIVET SITT SAMFERDSLEFORUM Næringslivet sitt samferdsleforum i Sogn og Fjordane er eit fritt og uavhengig forum som arbeider for gode transportalternativ for gods- og arbeidsreiser i Sogn og Fjordane. Arbeidet vert i hovudsak retta mot overordna strategiske og politiske prosessar, men omfatter også regionale prosjekt når desse har betydning for større bedrifter eller heile fylket. Forumet består av - NHO Sogn og Fjordane - LO Sogn og Fjordane - NAF Region Vest - NLF og transportbrukarane
VEGANE I SOGN OG FJORDANE - STATUS Store deler av vegnettet i Sogn og Fjordane har ein standard som ligg betydelig under NTP sine krav Vegnettet i fylket har eit betydeleg etterslep når det gjeld vedlikehald Planstatus for utbetring av eksisterande trasèer er svak m.o.t. framdrift Fergene i fylket ligg som hovudregel bak NTP sine krav m.o.t. frekvens og døgnproduksjon Store deler av fylket manglar effektive vegsystem både nord/syd og aust/vest Stad er eit hinder for tryggleik på sjøen og regional utvikling i Ytre Nordfjord og på Søre Sunnmøre Stamnettshamnane er for dårleg utbygde og dei manglar gode intermodale løysingar Prisane på ordinære flyreiser til og frå fylket ligg på eit uakseptabelt høgt nivå Dette hindrar økonomisk vekst i næringslivet både lokalt og regionalt i fylket Større løyvingar til samferdsle er både nødvendig og lønsamt
E39 Det viktigaste kravet knytt til E39 er forsering av den planlagte framdrifta av nyanlegg og opprusting av eksisterande trasè I Sogn og Fjordane er det opprustning av store delar av strekninga Lavik Skei som har høgst prioritet kostnadsanslaget er 3, 5 mrd NOK - ÅDT mellom 1.400 og 13.000 på strekninga (2.200 15.000 om sommaren) Forsering av konsekvensutgreiing for strekninga Skei Møre grense er nødvendig for å unngå at denne strekninga vert ytterlegare akterutseilt kostnadsoverslag kjem som ein del av KVU Forsering av planarbeid og grunneigar-problematikk er vidare sentralt for å kunne oppretthalde framdrift om det lykkast å skaffe ekstramidlar Fergefrekvensen må utvikle seg i retning av 20 min. avgangar på dagtid og forbetrast på sein kveld / natt Fergetakstane bør settast til normal kostnad ved å køyre fergedistansen med eige køyretøy Fergefri fjordkryssing har fokus når konsekvensutgreiing er gjennomført og opprusting av eksisterande trasè er budsjettmessig under kontroll
Rv 15 Eksisterande veg over Strynefjellet er utdatert og må rustast opp for å møte dagens krav til breidde, gjennomkøyringshøgde og stigning Denne trasseèn er sentral som stamveg for trafikk aust-vest til og frå Nordfjord og Søre Sunnmøre. Etter åpninga av Kvivsvegen i 2012 vert trasseèn endå meir sentral - ÅDT 825 (2.000 om sommaren) Vidare er Rv 15 ein sentral stamveg for å knyte hamnane i Nordfjord og på Søre Sunnmøre saman med vegnettet. Samla investeringsbehov mellom 1,0 og 1,5 mrd NOK
Rv 52 Aust-vest trasseèn over Hemsedal vert for næringslivet brukt som hovudveg for trafikken over Sogn ÅDT 1.050 (2.000 om sommaren) Trasseèn krev opprustning m.o.t. vegbreidde og kurvatur, for å ta den aukande trafikken Plan- og utredningsarbeid bør starte så raskt som mulig Gjennomføring i planperioden
FYLKESVEGLØYVINGAR Den nye organiseringa av vegnettet krev at løyvingane til fylkeskommunen vert auka for å ivareta dei nye oppgåvene Kystvegen mellom Ålesund og Bergen er den største uløyste fylkesveg-oppgåva i Sogn og Fjordane første fase 1,2-1.5 mrd. NOK ÅDT-informasjon er ikkje tilgjengelig Like viktig er utbetring av vegen mellom Olden og Innvik (Rv 60)- ÅDT 950 (2000 om sommaren) 0,4 mrd NOK Begge desse vegprosjekta er sentrale for å møte næringslivet sine samferdslebehov i desse delane av fylket og realisering vil være avhengig av auka løyvingar til fylkeskommunen
KYSTVEGEN FOLKETALSAUKE I PERIODEN 1980 2010 ROGALAND 41,5 % HORDALAND 22,2 % SOGN OG FJORDANE 1,7 %
KYSTVEGEN FOLKETALSAUKE I KYSTKOMMUNANE ROGALAND 44,4 % HORDALAND 30,7 % SOGN OG FJORDANE - 5,0 % (ex Flora 15,8 %)
KYSTVEG I SOGN OG FJORDANE Fylket har ikkje nord/syd-vegsamband på kysten Kysten kan ikkje tilby bu- og arbeidsområde som er store nok til at dei er attraktive Kystkommunane forvitrar med unntak av Flora og delvis Vågsøy Potensiale knytt til kystnæringar (inkl olje- og gass) blir ikkje utløyst bl.a. p.g.a. manglande infrastruktur Det er godt mulig å løyse utfordringa men det krev politisk vilje og mot til å ta dei naudsynte vedtak
LANGE LINJER I forlengelsen av den planlagde indre stamvegtrassè gjennom Rogaland og Hordaland, bør det i planperioden startast utredning av ny trassè over Vikafjellet (Rv13), med forlenging under Sognefjellet, slik at denne trasseèn kan koplast med Rv 15 i Lom-området Dette er eit stort prosjekt som bør kunne realiserast i løpet av dei neste ti-åra
HAMN / SJØTRANSPORT Effektive logistikknutepunkt for personar og gods Ytterlegare satsing på intermodalitet i godstransporten Fjerning av hindringar i fareleiene inn til Florø og Svelgen Vidareutvikling av fiskerihamna i Kalvåg Stad er et hinder for effektiv sjøtransport som må fjernast gjennom bygging av Stad Skipstunnel dette vil også skape ein internasjonal reiselivsmagnet og i tillegg bety eit betydelig utvida bu- og arbeidsområde i regionen
LUFTTRANSPORT Frekvens og regularitet er såpass bra at avstandsulempa målt i tid er liten for S & Fj Direkteruter til Oslo og Bergen er sentralt for å vidareutvikle helikoptertrafikken til og frå Nordsjøen Prisnivået på billetter med fleksibilitet gjer at avstandsulempa målt i kostnader er stor Flyruter nordover til er ei naturlig vidareføring for å styrke grunnlaget for regional utvikling også mot M & R