Ullensvang herad Råd for funksjonshemma Møteprotokoll Møtedato: 07.04.2011 Møtetid: Kl. 17:30 18:45 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 011/11 016/11 Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Håkon Widding Torgils L. Jåstad Reidun Sneeggen Varamedlem stilte ikkje Ugilde Sak Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Nestleiar Astrid Børve Frå adm. møtte: Sakshandsamar Linn Merete Østerbø Utlevert i møtet: Orientering: Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Rådet bed om samarbeid undervegs i utabeidinga av planane med Hauso skule Rådet vedtok at leiar og to medlemer/varamedlemer signerer møtebøkene Underskrifter: Astrid Børve Torgils L. Jåstad Guro K. Lian
Sakliste Sak nr. Saktittel 011/11 Godkjenning av møtebok 17.02.2011 012/11 Meldingar 013/11 Bruksavtale/driftsstyre for Hordatun klubbhus/fotballbane 014/11 Retningsliner for tilskot til bygging på private bustadtomter 015/11 Søknader til næringsfondet 2011 016/11 Tilskot til Folgefonna ungdomsfestival og Hardanger ungdomsråd
011/11: Godkjenning av møtebok 17.02.2011 Møteboka vert godkjent slik ho ligg føre. 07.04.2011 RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. RFU-011/11 VEDTAK: Møteboka vart godkjent slik ho låg føre. 012/11: Meldingar Meldingane vert tekne til orientering slik dei ligg føre. 07.04.2011 RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. RFU-012/11 VEDTAK: Meldingane vart tekne til orientering slik dei låg føre. 013/11: Bruksavtale/driftsstyre for Hordatun klubbhus/fotballbane Utkast til bruksavtale for Klubbhus/fotballbane på Hordatun vert godkjent, slik han ligg føre. Det skal vera eitt driftsstyre for klubbhus/fotballbanen, slik det er skissert ovanfor.
Rådmannen får fullmakt til å utarbeida endra bruksavtale for klubbhus/fotballbane på Skotamyra, Aga Kostnader for reinhaldsutstyr/garderobeutstyr, om lag kr 90.000, skal vurderast i samband med tertialrapport 2/2011 og budsjettet for 2011 må også justerast i samsvar med mvakompensasjonslova. 07.04.2011 RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA Merknad: Råd for funksjonshemma syns det er flott at Klubbhus/fotballbana er klar til bruk. Rådet ser at det vil gi god helsegevinst for folk i området. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. RFU-013/11 TILRÅDING: Utkast til bruksavtale for Klubbhus/fotballbane på Hordatun vert godkjent, slik han ligg føre. Det skal vera eitt driftsstyre for klubbhus/fotballbanen, slik det er skissert ovanfor. Rådmannen får fullmakt til å utarbeida endra bruksavtale for klubbhus/fotballbane på Skotamyra, Aga Kostnader for reinhaldsutstyr/garderobeutstyr, om lag kr 90.000, skal vurderast i samband med tertialrapport 2/2011 og budsjettet for 2011 må også justerast i samsvar med mvakompensasjonslova. 014/11: Retningsliner for tilskot til bygging på private bustadtomter Ullensvang herad gir eit tilskot på kr. 200.000 til alle som fullfører bygging av bustadhus i Ullensvang. Det vert gitt eit tilskot pr. bustadtomt. Bygging på allereie etablerte kommunale tomter gir ikkje kjøpar rett til tilskot. Dersom heradet i framtida også legg ut subsidierte tomter, vil bygging på slik tomt ikkje gi grunnlag for tilskot. Dei som søkjer tilskotet må leggja fram : Avtale om kjøp av bustadtomt Teikningar og kostnadsoverslag Byggjeløyve Tidsplan Tilsegn om tilskot har ein varigheit på 3 år frå tilsegn er gitt. Løyvd tilskot vert utbetalt når bustaden har fått ferdigattest.
07.04.2011 RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. RFU-014/11 TILRÅDING: Ullensvang herad gir eit tilskot på kr. 200.000 til alle som fullfører bygging av bustadhus i Ullensvang. Det vert gitt eit tilskot pr. bustadtomt. Bygging på allereie etablerte kommunale tomter gir ikkje kjøpar rett til tilskot. Dersom heradet i framtida også legg ut subsidierte tomter, vil bygging på slik tomt ikkje gi grunnlag for tilskot. Dei som søkjer tilskotet må leggja fram : Avtale om kjøp av bustadtomt Teikningar og kostnadsoverslag Byggjeløyve Tidsplan Tilsegn om tilskot har ein varigheit på 3 år frå tilsegn er gitt. Løyvd tilskot vert utbetalt når bustaden har fått ferdigattest. 015/11: Søknader til næringsfondet 2011 Ullensvang herad vedtek å trekkja resterande tilskot som tidlegare er gitt til fylgjande verksemder : Treningssenter på Aga, Hardanger Velværeklinikk Ullensvang herad vedtek å gi fylgjande tilskot frå næringsfondet for 2010: Hardanger Gjesteheim AS Kr 50 000 Hardanger Juletre AS Kr 30 000 Oddgeir Kvestad Kr 30 000 Mathuset Grimo AS Kr 30 000 Elisabet Emmerhoff Kr 35 000 Matkjedlaren Hardanger Kr 40 000 Kinsarvik Blomar AS Kr 25 000 Birøkt Svartveit Kr 38 000 Hardanger Hesteterapi Kr 2 840 Utbetaling av tilskota skjer i samsvar med vedtekter for Ullensvang herad sitt næringsfond 6.
07.04.2011 RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA Endringsframlegg frå Guro K. Lian (Krf): Hardanger Hesteterapi Kr 9 840 Hardanger Juletre AS Kr 23 000 Framlegg frå rådmannen med endringsframlegg frå Guro K. Lian vart samrøystes tilrådd. RFU-015/11 TILRÅDING: Ullensvang herad vedtek å gi fylgjande tilskot frå næringsfondet for 2010: Hardanger Gjesteheim AS Kr 50 000 Hardanger Juletre AS Kr 23 000 Oddgeir Kvestad Kr 30 000 Mathuset Grimo AS Kr 30 000 Elisabet Emmerhoff Kr 35 000 Matkjedlaren Hardanger Kr 40 000 Kinsarvik Blomar AS Kr 25 000 Birøkt Svartveit Kr 38 000 Hardanger Hesteterapi Kr 9 840 Utbetaling av tilskota skjer i samsvar med vedtekter for Ullensvang herad sitt næringsfond 6. 016/11: Tilskot til Folgefonna ungdomsfestival og Hardanger ungdomsråd 1. Ullensvang herad støttar Folgefonna Ungdomsfestival 2011 med kr 10 000. Summen skal førast over budsjettpost 1470 2220 2310 (Kulturmidlar, aktivitetstilbod til born og unge) 2. Ullensvang herad støttar Hardanger ungdomsråd si aktivitetshelg med kr 15 000. Summen skal førast over budsjettpost 1470 3110 2310 (Ungdomsrådet sin budsjettpost). 07.04.2011 RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd.
RFU-016/11 TILRÅDING: 1. Ullensvang herad støttar Folgefonna Ungdomsfestival 2011 med kr 10 000. Summen skal førast over budsjettpost 1470 2220 2310 (Kulturmidlar, aktivitetstilbod til born og unge) 2. Ullensvang herad støttar Hardanger ungdomsråd si aktivitetshelg med kr 15 000. Summen skal førast over budsjettpost 1470 3110 2310 (Ungdomsrådet sin budsjettpost).