Møtedato: 27.04.2017 Møtestad: Energihotellet på Nesflaten Møtetid: 09:00 Innkalling for Partssamansett utval Dersom du av tvingande grunnar ikkje kan møte, eller er ugild i noko sak, gi beskjed snarast til politisk sekretariat tlf: 52792200, eller postmottak@suldal.kommune.no. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling. Sakliste Saksnummer Sakstittel 005/17 Godkjenning av innkalling og sakliste 006/17 Godkjenning av møteprotokoll 007/17 Seniorpolitiske retningsliner Sand, 20.04.2017 Gerd Helen Bø ordførar
Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Anne Brit Mikkelsen K1-033 17/495 Saksnr Utval Type Dato 005/17 Partssamansett utval PS 27.04.2017 Godkjenning av innkalling og sakliste Innkalling og sakliste blir godkjent slik ho ligg føre. Sand, 20.04.2017 Gerd Helen Bø ordførar
Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Anne Brit Mikkelsen K1-033 17/495 Saksnr Utval Type Dato 006/17 Partssamansett utval PS 27.04.2017 Godkjenning av møteprotokoll Protokollen frå førre møte blir godkjent slik han ligg føre. Sand, 20.04.2017 Gerd Helen Bø ordførar
Dokumentliste: Vedlegg: Protokoll - Partssamansett utval - 19.01.2017 Saksopplysningar:
Møteprotokoll for Partssamansett utval Møtedato: 19.01.2017 Møtestad: kommunehuset Møtetid: 09:00-09:10 Møtedeltakarar Siv Svennes Kari Vaage Gjuvsland Rainer Speth Svanhild Løge Skålheim Berit J. Haugsland Endre Kvæstad Gerd Helen Bø Nils Bjarne Vold Forfall meldt frå følgjande Åge Lie Følgjande varamedlemmar møtte MARTE KARINE BEREKVAM Parti Fagforbundet AP H KRF SP SP SP V Parit Utdanningsforbundet Parti Norsk sykepleiarforbund Andre: rådmann Øyvind Valen, kommunalsjef Torbjørn Guggedal Møtesekretær: Anne Brit Mikkelsen Sakliste Saksnummer Sakstittel 001/17 Godkjenning av innkalling og sakliste 002/17 Godkjenning av møteprotokoll 003/17 Meldingar 004/17 Interkommunalt brannvesen - vedtak av selskapsavtaler
001/17: GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Innkalling og sakliste blir godkjent slik ho ligg føre. 19.01.2017 PARTSSAMANSETT UTVAL Samrøystes vedtak i samsvar med innstillinga. PART - 001/17: Innkalling og sakliste blir godkjent slik ho ligg føre. 002/17: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL Protokollen frå førre møte blir godkjent slik han ligg føre. 19.01.2017 PARTSSAMANSETT UTVAL Samrøystes vedtak i samsvar med innstillinga. PART - 002/17: Protokollen frå førre møte blir godkjent slik han ligg føre. 003/17: MELDINGAR jfr kvart punkt 19.01.2017 PARTSSAMANSETT UTVAL Rådmannen orienterte / informerte Interkommunalt (Sauda og Suldal) PPT startar opp 1. mars 2017 med Suldal som vertskommune. Interkommunalt (Sauda og Suldal) Barnevern - Knut Atle Seim er tilsett som leiar frå 1. sept.
2017, Sauda er vertskommune. NAV - interkommunalt samarbeid - skal opp som sak i neste kommunestyre PART - 003/17: jfr kvart punkt 004/17: INTERKOMMUNALT BRANNVESEN - VEDTAK AV SELSKAPSAVTALER Rådmannen si innstilling 1. Suldal kommune godkjenner selskapsavtalen for Haugaland brann og redning IKS slik den ligg føre. 2. Det vert inngått ein eigen avtale med vertskommunen for hovudbrannstasjonen, der også dekning av tomtekostnadane for sjølve hovudbrannstasjonen inngår, når lokaliseringa av denne er bestemt 19.01.2017 PARTSSAMANSETT UTVAL Samrøystes vedtak i samsvar med innstillinga. PART - 004/17: 1. Suldal kommune godkjenner selskapsavtalen for Haugaland brann og redning IKS slik den ligg føre. 2. Det vert inngått ein eigen avtale med vertskommunen for hovudbrannstasjonen, der også dekning av tomtekostnadane for sjølve hovudbrannstasjonen inngår, når lokaliseringa av denne er bestemt
Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Tordis-Kristin Tobiassen K1-400 17/464 Saksnr Utval Type Dato 011/17 Arbeidsmiljøutvalet PS 24.04.2017 013/17 Arbeidsmiljøutvalet PS 24.04.2017 007/17 Partssamansett utval PS 27.04.2017 Seniorpolitiske retningsliner Rådmannen si innstilling 1. Seniorpolitiske retningsliner for Suldal kommune vert godkjent slik dei ligg føre. 2. Retningslinene tek til å gjelda frå 01.06.17. 3. Tilsette som har ein underteikna avtale om seniorpolitiske retningsliner frå før 01.06.17 har denne avtalen ut det året den gjeld. Sand, 20.04.2017 Øyvind Valen rådmann
Dokumentliste: Vedlegg: Seniorpolitiske retningsliner Saksopplysningar: Samandrag Rådmannen legg fram forslag om nye seniorpolitiske retningsliner for Suldal kommune. Dei er utarbeidd etter fleire drøftingar med arbeidstakarorganisasjonane både i kontaktmøte med rådmannen og i HTV- forum med løn- og personalsjefen. Tilretteleggingstilskotet vert auka frå kr 20 000,- til kr 30 000,- for full stilling. Sluttvederlaget vert teke bort. Det vert gjort endringar i tilretteleggingstilskotet ved at talet på dagar vert redusert frå ti til fem, og at kostnadene vert gjort avhengig av den einskilde si løn. Ev. uttak av tilretteleggingstilskotet i løn vert gjort kvar månad mot tidlegare eit sluttvederlag ved tidspunktet for pensjonering. Det vert sett eit minstetak på 70 % stilling for å få teke ut tilretteleggingstilskotet i fritid, men elles får alle lik rett til tilskott ut i frå si stillingsstorleik. Endringane som er gjort er med på å gje tilbodet om fritid til minst mogleg ulempe for arbeidsgjevar og brukarane våre, samstundes som me meinar det framleis er å sjå på som eit godt gode for våre tilsette. Fakta Den nye seniorpolitikken er endra i innhald, men lite på den økonomiske sida frå det me har hatt frå tidlegare. Me går bort i frå høve til å ta ut inntil to veker ekstra fri, eller 10 einskilde fridagar. I den nye seniorpolitikken vil fritid først og fremst verta gitt ved redusert stillings- storleik. Det vil vera høve til å ta ut maks 5 seniordagar, men kun der det let seg gjennomføra for arbeidsgjevar. Totalt sett aukar me utgiftene til seniorpolitiske tiltak med kr 5 000,- per tilsett i løpet av 5 år for dei som har full stilling. Seniorpolitikken legg opp til individuelle tiltak. Det er ein føresetnad at arbeidstakar og arbeidsgjevar underteiknar ein individuell avtale om seniorpolitiske tiltak kvart år. Tidlegare seniorpolitikk for Suldal kommune vart vedteke i 2010, med verknad frå 01.01.11. Før den tid hadde me ein seniorpolitikk frå 01.01.08, som vart avslutta i 2009. Lover, føresegner, rundskriv Hovudtariffavtalen, kap. 3, 3.2.3 Seniorpolitiske tiltak: «Kommunen skal utvikle virkemidler for å motivere arbeidstakere til å stå lenger i arbeid.» Intensjonsavtalen om eit meir Inkluderande Arbeidsliv, delmål 3: «Yrkesaktivitet etter fylte 50 år forlenges med tolv måneder. Med dette menes en økning sammenlignet med 2009 i gjennomsnittlig periode med yrkesaktivitet (for personer over 50 år). Arbeidsgjevarpolitikk for Suldal kommune, ein lærande organisasjon, punkt 5,9 Livsfasepolitikk. Økonomiske konsekvensar Tidlegare seniorpolitikk gav kr 20 000,- i tilretteleggingstilskott i full stilling kvart år i 5 år, og sluttvederlag på kr 15 000,- kvart år i 3 år. Totalt kr 145 000,- per tilsett. Ny seniorpolitikk gir tilretteleggingstilskott på kr 30 000,- i full stilling kvart år i 5 år. Totalt kr 150 000,- per tilsett.
Det er vanskeleg å seie noko eintydig om økonomiske konsekvensar ettersom me ikkje veit kven som uansett elles ville gått av med AFP. Det er store kostnader å spare for kvar senior som utsett pensjoneringa for dei som høyrer inn under KLP. Dette fordi Suldal kommune har valt å vera sjølvassurandør. Det betyr at me dekkjer alle kostnadene sjølv knytt til AFP for tilsette i KLP mellom 62-65 år. Gjeldande planar, retningsliner og vedtak Noverande seniorpolitikk vedteke i 2010, gjeldande frå 01.01.11. Innkomne uttalar Løns- og personalsjefen har vore i HTV forum tre gongar for å snakke om arbeidet med den nye seniorpolitikken. I tillegg har det vore tema på to av kontaktmøta med rådmannen og tillitsvalde dette året. Ny seniorpolitikk har vore tema på leiarforum, og einingsleiarane har hatt høve til å kome med innspel undervegs i prosessen. Vurdering og konklusjon Dei eldste arbeidstakarane har vore lengst i arbeidslivet, og har mykje verdifull real- kompetanse som det kan vera vanskeleg å erstatte. I Suldal kommune har me ein relativt høg alderssamansetjing, med 88 tilsette over 60 år av totalt 594 tilsette. Dette utgjer 15 % av dei tilsette. Tek me med dei som er passert 50 år utgjer det totalt 242 personar og 41 % av dei tilsette. Det er viktig å leggja til rette for kompetanseoverføring for å sikre at me tek vare på viktig kompetanse, og framleis kan yte gode tenester til brukarane våre. Senior arbeidstakarane er ingen einsarta gruppe. Difor har me lagt vekt på å gje høve til ulike måtar å ta ut tilretteleggingstilskotet på. Nokon har behov for meir fritid for å stå lenger i arbeid, andre for ulike typar tilrettelegging på arbeidsplassen medan nokon legg mest vekt på dei økonomiske incitamenta i seniorpolitikken. Ulike arbeidstakarar og ulike arbeids- plassar gjer til at behovet for fleksibilitet er viktig ved utarbeiding av slike reglement. Tiltaka må vera individuelt tilpassa den einskilde arbeidstakar sine behov, og vera av eit slikt omfang at dei vel å vera framleis yrkesaktiv framfor å gå av med AFP. Arbeidsgjevar forventer at når arbeidstakar underteiknar avtale første gong så er det for at dei skal stå i arbeid i eitt år til. Det er viktig å understreka at uttak av AFP er ein rett den einskilde har, og at det for einskilde kan vera det rette tiltaket. Måla for seniorpolitikken i Suldal kommune er: å leggja tilhøva til rette slik at dei som ønskjer å halda fram i arbeid skal få høve til det. nytte, vidareutvikle og overføre den kompetansen som seniorane har i dag. motivera tilsette til å stå lenger i yrkeslivet før pensjonering. leggja til rette for ei god avslutning på arbeidslivet.
I KS sin rettleiar «attraktiv seniorpolitikk» har dei kome med følgjande seks grep i prioritert rekkjefølgje som råd til kommunane sitt arbeid med seniorpolitikk: 1. Utvikle attraktive jobbeigenskapar (myndiggjera ved å utfordre, stille krav og støtte). 2. Utvikle seniorane si kompetanse (meistring og motivasjon). 3. Utvikle attraktive arbeidsplassar (fleksibilitet, arbeidsmiljø og trivsel). 4. Oppfordre og motivera kvar einskild senior til å stå lenger (truverdig ønskje frå næraste overordna om å behalda senio 5. ren). 6. Utvikle og marknadsføre attraktive ordningar som i stor grad kan tilpassast både kvar einskild senior og arbeidsgjevar sitt behov (generell arbeidsgjevarpolitikk og spesielle seniorpolitiske verkemidlar). 7. Gjera det meir lønsamt å stå lenger i jobb (auka løn eller bonus). Ut i frå desse råda kjem løn lengst ned på lista. Det er grunngjevinga for at me ønskjer å leggja til rette for meir tilrettelegging på arbeidsplassane. Det er dessutan enklare for arbeidsgjevar om ønskje om fritid vert planlagt inn i arbeidstida ved arbeidstidsreduksjon framfor uttak av fridagar. Difor ønskjer me å framheva dette tiltaket spesielt i skulane. Dei første fem punkta krev eit aktivt leiarskap. Opplæring og dyktiggjering av leiarar i si rolle er viktig for å lukkast med all arbeidsgjevarpolitikk. Tidlegare seniorpolitikk hadde ein fast sum som kvar seniordag kosta uavhengig av løna til den einskilde arbeidstakar. I den nye seniorpolitikken legg me opp til at kvar fridag vert rekna ut frå årsløna inklusiv tillegg for den einskilde senior. Det kan uansett takast ut maks fem dagar fri. Forskjellen vert først på den summen som er igjen av tilskotet. Dei lågtløna vil få meir igjen av tilskotet som kan nyttast til andre tiltak eller ev. takast ut i løn. Det har vore lite diskusjonar om dette momentet i møta mellom arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida. Diskusjonen har gått meir på om tilleggsløn skal reknast inn ved kostnad for seniordagane. Rådmannen legg her fram forslag om at all løn skal reknast med i uttak av fridagar. Det er dette som er kostnaden til arbeidsgjevar, og som vikaren i turnus vil kosta. Dersom ein tilsett i turnus ønskjer å nytta tilskotet til å kjøpe seg fri frå ubekvem arbeidstid så bør heile kostnaden for den dagen reknast med. Alternativt kan dei fleste tilsette kjøpe seg fri frå ein dagvakt i staden for. Det er lettare å få vikar til ein dagvakt enn til kveld, natt og helg. Det kan i seg sjølv vera eit argument for å trekkja tilsette for den reelle summen den aktuelle seniordagen kostar arbeidsgjevar. Uttak av seniordagar skal fordelast jamt over året. Det er ikkje lenger høve til å ta ut heile veker fri. Avtalte seniordagar vert ikkje kompensert ved fråvær. Dersom arbeidstakar har underteikna avtale om uttak av fridagar må desse dagane vera teke ut ved tidspunktet for pensjonering, elles så fell dei bort. Den nye seniorpolitikken opnar for utbetaling av lønstilskot jamt fordelt på kvar månad, og ikkje som
eit sluttvederlag ved pensjoneringstidspunktet. Den opnar også for at tilsette som ikkje ser behovet for meir fritid likevel kan få ein kompensasjon for å stå vidare i jobb. Tidlegare har desse valt fridagar fordi det var få andre alternativ å velja blant. Det er sett ei grense på 70 % stilling for å kunne nytta tilskotet til reduksjon av stilling eller uttak av fridagar. Alle vil uansett får eit tilskot som kan nyttast til ulike tiltak. Det er ikkje ønskjeleg å leggja til rette for mindre tilknytning til arbeidsplassen og brukarane våre for dei som er i mindre deltidsstillingar. Tilsette med mindre enn 70 % stilling må difor nytta tilskotet til andre alternativ enn fritid. Det kan då vera ulike formar for tiltak på arbeidsplassen eller som lønstilskot. Det er ein liten auke i kostnadene til seniorpolitikk, men innretninga er gjort litt annleis enn tidlegare. Det bør sjåast positivt på det at meir av utgiftene kan nyttast kvart år medan arbeidstakaren framleis er i jobb, i staden for å samlast opp til eit sluttvederlag. Den tilsette vil få meir timar i fritid ved denne nye ordninga viss dei reduserar stillingsstorleiken, men mindre timar i fri om dei tek ut heile dagar som no er fem dagar mot tidlegare ti. Det er også positivt at lønstilskotet vert utbetalt jamt kvar månad mot tidlegare eit sluttvederlag når dei gjekk av med pensjon. Dei nye retningslinene for Suldal kommune er slik (sjå elles vedlegget): 1. Tilbod om seniorpolitiske tiltak gjeld for arbeidstakarar som har fylt 62 år, og har pensjonsgjevande inntekt. Det må vera underteikna ein individuell avtale mellom arbeidstakar og einingsleiar for å få rett til seniorpolitiske tiltak. 2. Avtalen gjeld for 1 år om gongen. Det må underteiknast ny avtale for kvart år. 3. Sluttidspunkt for individuell avtale om seniorpolitiske tiltak er 67 år. 4. Det er ikkje mogleg å kombinera Suldal kommune sine seniorpolitiske tiltak med AFP verken for dei som går på KLP eller SPK. Det er mogleg å kombinera med uførepensjon. 5. Individuell avtale om seniorpolitiske tiltak vert gjort avhengig av stillingsstorleik. Den stillingsstorleiken ein har ved tidspunkt for inngåing av avtalen er den som gjeld. Ein eventuell endring av stillingsstorleik i løpet av året tek ikkje til å gjelda før ny individuell avtale vert underteikna mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar.
6. Tiltak 1. Arbeidsplassen får kr 30 000,- i tilskott kvart år for kvar senior arbeidstakar som skriv individuell avtale med einingsleiar. Arbeidstakar og arbeidsgjevar skal i samarbeid finne ut korleis tilskotet skal nyttast. Ved usemje har arbeidsgjevar styringsretten. 2. Tilskotet kan nyttast til å redusera stillingsstorleiken jamt over året. Det vil for eksempel i skulen vera dette tiltaket som er å føretrekkja. Ved utrekning av redusert stillingsstorleik vert både årsløn og tillegg rekna med. 3. Minst kr 5 000,- skal takast ut i ein form for tilrettelegging. Redusert arbeidstid er eit eksempel på tilrettelegging. 4. Det vert maksimalt høve til å ta ut fem enkle fridagar. Beløpet som vert trekt frå tilskotet vert rekna ut i frå kvar einskild si årsløn. For leiarar som har kompensasjonsdagar vil det berre unntaksvis vera høve til å få ta ut delar av tilskotet som fridagar. Avtalte seniordagar vert ikkje kompensert ved sjukefråvær. 5. For å få teke ut tilskotet i fritid, anten i form av redusert stillingsstorleik eller enkle fridagar, må den tilsette ha minimum 70 % stilling. 6. Det er mogleg å ta ut inntil kr 25 000,- av tilskotet i løn som vert fordelt til utbetaling kvar månad. Tilskotet vert skattepliktig, men ikkje pensjonsgjevande. 7. Tilskotet kan elles nyttast til andre tiltak som partane vert samde om. Det kan for eksempel vera hjelpemidlar, fysisk tilrettelegging, støydempande tiltak, kursaktivitet, kortare arbeidsdagar, mindre areal å reingjere, friskvernaktivitet i arbeidstida, betaling for medlemskap på treningssenter og liknande. I dei tilfella arbeidstakar skal nytta tiltaket til betaling av medlemskap må vedkomande sjølv betale rekninga, og søkje refusjon frå arbeidsgjevar via reiserekning. Arbeidsgjevar kan ikkje betale rekningane direkte. 2. Tilskotet kan nyttast til å redusera stillingsstorleiken jamt over året. Det vil for eksempel i skulen vera dette tiltaket som er å føretrekkja. Ved utrekning av redusert stillingsstorleik vert både årsløn og tillegg rekna med. 3. Minst kr 5 000,- skal takast ut i ein form for tilrettelegging. Redusert arbeidstid er eit eksempel på tilrettelegging. 4. Det vert maksimalt høve til å ta ut fem enkle fridagar. Beløpet som vert trekt frå tilskotet vert rekna ut i frå kvar einskild si årsløn. For leiarar som har kompensasjons- dagar vil det berre unntaksvis vera høve til å få ta ut delar av tilskotet som fridagar. Avtalte seniordagar vert ikkje kompensert ved sjukefråvær. 5. For å få teke ut tilskotet i fritid, anten i form av redusert stillingsstorleik eller enkle fridagar, må den tilsette ha minimum 70 % stilling. 6. Det er mogleg å ta ut inntil kr 25 000,- av tilskotet i løn som vert fordelt til utbetaling kvar månad. Tilskotet vert skattepliktig, men ikkje pensjonsgjevande.
7. Tilskotet kan elles nyttast til andre tiltak som partane vert samde om. Det kan for eksempel vera hjelpemidlar, fysisk tilrettelegging, støydempande tiltak, kursaktivitet, kortare arbeidsdagar, mindre areal å reingjere, friskvernaktivitet i arbeidstida, betaling for medlemskap på treningssenter og liknande. I dei tilfella arbeidstakar skal nytta tiltaket til betaling av medlemskap må vedkomande sjølv betale rekninga, og søkje refusjon frå arbeidsgjevar via reiserekning. Arbeidsgjevar kan ikkje betale rekningane direkte. 7. Arbeidstakarar over 60 år vil få tilbod om lokalt seniorkurs som vert arrangert 2. kvart år. 8. Seniorpolitikk vert innarbeidd som tema i medarbeidarsamtale frå fylte 58 år. 9. Avtale om seniorpolitiske tiltak tek til å gjelda frå 01.06.17. Rådmannen rår til at dei nye seniorpolitiske retningslinene vert vedteke slik dei ligg føre.
Seniorpolitiske retningsliner for Suldal kommune ein lærande organisasjon 2017 Skattkammeret Suldal Eksotisk, aktiv og trygg Til handsaming i AMU 25.04.17 og i partsamansett utval 27.04.17
Viktige moment for seniorpolitikken i Suldal kommune a. Seniorpolitikken er ein del av livsfasepolitikken i Suldal kommune. Sjå vår arbeidsgjevarpolitikk punkt 5.9. Suldal kommune ønskjer å vera ein attraktiv arbeidsgjevar som legg til rette for tilsette i ulike livsfasar. b. Senior arbeidstakarar har ein verdifull realkompetanse, og er ein viktig brikke i å gjera Suldal kommune til ein lærande organisasjon. Sjå strategisk kompetanseplan. c. Eldre arbeidstakarar er ein viktig ressurs på arbeidsplassen. Dei skal få same høve til fagleg utvikling, kurs og opplæring som andre tilsette. Gjennom seniorpolitiske retningsliner ønskjer Suldal kommune å leggja til rette for at me har eit godt arbeidsmiljø der tilsette er kvalifiserte, motiverte, fleksible og tilfredse. Eit eige fokus på seniorpolitikk vonar me gjer til at både leiarar, senior og kollegaer har gode haldningar som igjen inspirerar seniorane til vidare innsats i arbeidslivet. d. Hovudtariffavtalen kap. 3, 3.2.3 pålegg kommunane å utvikle verkemidlar som motiverar arbeidstakarar til å stå lenger i arbeid. e. Gjennom underteikning av intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv har Suldal kommune forplikta seg til å arbeida for å auke pensjoneringsalderen. f. Måla for seniorpolitikken i Suldal kommune er: 1) å leggja tilhøva til rette slik at dei som ønskjer å halda fram i arbeid skal få høve til det. 2) nytte, vidareutvikle og overføre den kompetansen som seniorane har i dag. 3) motivera tilsette til å stå lenger i yrkeslivet før pensjonering. 4) leggja til rette for ei god avslutning på arbeidslivet. g. For undervisningspersonalet er det frå sentralt hald lagt til rette for redusert undervisningsplikt med 6 % frå 57 år, og inntil 13 % frå 60 år. Tida skal nyttast til for eksempel for- og etterarbeid og fagleg ajourføring på skulen, og er ikkje å sjå på som redusert arbeidstid. Undervisningspersonalet har same rettar i Suldal kommune sin seniorpolitikk som andre tilsette. h. I Suldal kommune sin nye seniorpolitikk har me heva alderen på seniorane frå 55 til 58 år. Frå 58 år skal seniorpolitikk vera ein del av medarbeidarsamtalane. i. Suldal kommune ser organisatoriske tiltak som heilt sentrale for om me vil lukkast med vår seniorpolitikk, og halda på seniorane i arbeid lengst mogleg. Slike tiltak kan vera seniorpolitikk som eige moment i medarbeidarsamtalane frå 58 år. å ha fokus på senior arbeidstakar som ein viktig ressurs. Vurdere ulike tiltak for tilrettelegging. å arrangera seniordag 2. kvart år for tilsette over 60 år der me også gir tilbod om individuelle samtalar med KLP eller SPK. det haldningsskapande arbeidet som er viktig ute på kvar einskild arbeidsplass med fokus på korleis ein møter tilsette i ulike livsfasar. 2
Seniorpolitiske retningsliner 1. Tilbod om seniorpolitiske tiltak gjeld for fast tilsette arbeidstakarar som har fylt 62 år, og har pensjonsgjevande inntekt. Det må vera underteikna ein individuell avtale mellom arbeidstakar og einingsleiar for å få rett til seniorpolitiske tiltak. 2. Avtalen gjeld for 1 år om gongen. Det må underteiknast ny avtale for kvart år. 3. Sluttidspunkt for individuell avtale om seniorpolitiske tiltak er 67 år. 4. Det er ikkje mogleg å kombinera Suldal kommune sine seniorpolitiske tiltak med AFP verken for dei som går på KLP eller SPK. Det er mogleg å kombinera med uførepensjon. 5. Individuell avtale om seniorpolitiske tiltak vert gjort avhengig av stillingsstorleik. Den stillingsstorleiken ein har ved tidspunkt for inngåing av avtalen er den som gjeld. Ein eventuell endring av stillingsstorleik i løpet av året tek ikkje til å gjelda før ny individuell avtale vert underteikna mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar. 6. Tiltak 6.1. Arbeidsplassen får kr 30 000,- i tilskott kvart år for kvar senior arbeidstakar som skriv individuell avtale med einingsleiar. Arbeidstakar og arbeidsgjevar skal i samarbeid finne ut korleis tilskotet skal nyttast. Ved usemje har arbeidsgjevar styringsretten. 6.2. Tilskotet kan nyttast til å redusera stillingsstorleiken jamt over året. Det vil for eksempel i skulen vera dette tiltaket som er å føretrekkja. Ved utrekning av redusert stillingsstorleik, eller fridagar, vert både årsløn og tillegg rekna med. 6.3. Minst kr 5 000,- skal takast ut i ein form for tilrettelegging. Redusert arbeidstid er eit eksempel på tilrettelegging. 6.4. Det vert maksimalt høve til å ta ut fem enkle fridagar. Beløpet som vert trekt frå tilskotet vert rekna ut i frå kvar einskild si årsløn. For leiarar som har kompensasjons- dagar vil det berre unntaksvis vera høve til å få ta ut delar av tilskotet som fridagar. Avtalte seniordagar vert ikkje kompensert ved sjukefråvær. Avtalte seniordagar som ikkje er teke ut ved tidspunktet for pensjonering fell bort. 6.5. For å få teke ut tilskotet i fritid, anten i form av redusert stillingsstorleik eller enkle fridagar, må den tilsette ha minimum 70 % stilling. 6.6. Det er mogleg å ta ut inntil kr 25 000,- av tilskotet i løn som vert betalt ut med lik sum kvar månad. Tilskotet vert skattepliktig, men ikkje pensjonsgjevande. 6.7. Tilskotet kan elles nyttast til andre tiltak som partane vert samde om. Det kan for eksempel vera hjelpemidlar, fysisk tilrettelegging, støydempande tiltak, kursaktivitet, kortare arbeidsdagar, mindre areal å reingjere, friskvernaktivitet i arbeidstida, betaling for medlemskap på treningssenter og liknande. I dei tilfella arbeidstakar skal nytta tiltaket til betaling av medlemskap må vedkomande sjølv betale rekninga, og søkje refusjon frå arbeidsgjevar via reiserekning. 7. Arbeidstakarar over 60 år vil få tilbod om lokalt seniorkurs som vert arrangert 2. kvart år. 8. Seniorpolitikk vert innarbeidd som tema i medarbeidarsamtale frå fylte 58 år. 9. Avtale om seniorpolitiske tiltak tek til å gjelda frå 01.06.17. 3
INDIVIDUELL AVTALE om seniorpolitiske tiltak Avtalen må vera underteikna av båe partar før ein får nytta tiltaka i seniorpolitikken. 1. Personalia Fornamn Etternamn Fødselsdato Stilling Stillingsprosent Ans.nr. Eining 2. Tilskott til arbeidsplassen kr 30 000,- per år i 100 % stilling For denne stillinga utgjer tilskotet kr Minimum kr 5 000,- i 100 % stilling må nyttast til tilrettelegging for denne stillinga utgjer det kr Det er avtalt at tilskotet skal nyttast slik: Redusert arbeidstid (for dei med minimum 70 % stilling) kor mange % reduksjon: Uttak av inntil 5 fridagar (for dei med minimum 70 % stilling) tal dagar og utrekna beløp: Minimum kr 5 000,- av tilretteleggingstilskotet skal nyttast slik: Utbetaling av lønstilskott seniortillegg utrekna beløp: 3. Seniorkurs Har du vore på seniorkurs lokalt som kommunen arrangerer, eller ønskjer du å vera med på det? 4. Stad/dato/underskrift Stad/dato Underskrift til arbeidstakar Stad/dato Underskrift til arbeidsgjevar 4