Alf Mostue æresmedlem i Hjartdal historielag



Like dokumenter
LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Vil du lage logo for Hjartdal historielag? Sjå side 3. KONTAKTBLAD FOR Nr.20 Okt årg.

Til deg som bur i fosterheim år

KONTAKTBLAD FOR Nr.39 Mai årg.

Kontaktbladet er i gang igjen

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

KONTAKTBLAD FOR Nr.38 Mai årg.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

INNKJØPT AV HISTORIELAGET

Minnebok. Minnebok NYNORSK

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

KONTAKTBLAD FOR Nr. 26 Des årg.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Månadsbrev for ROSA mars 2015

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

«Ny Giv» med gjetarhund

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Brukarrettleiing E-post lesar

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

5. Soknerådsmøte mai Referat

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

6. trinn. Veke 24 Navn:

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

mmm...med SMAK på timeplanen

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08


Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Jon Fosse. For seint. Libretto

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12. MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H)

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Brødsbrytelsen - Nattverden

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Samansette tekster og Sjanger og stil

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Transkript:

KONTAKTBLAD FOR Nr. 24 Des.1997 8.årg. Les: HHL er på Internett Folketeljingar frå 1865 er lettare tilgjengeleg Referat frå årsmøtet i 1997 Kven var Ole Andrewson? Alf Mostue æresmedlem i Hjartdal historielag Jubileumsbok er under arbeid. Det blir arrangert USAtur i jubileumsåret

Alf Mostue første æresmedlem i historielaget Historieinteresserte kjenner godt til Alf Mostue. Denne halvt Tuddølen (han bruker mykje av tida si på hytta i Tuddal) har prestert mykje innanfor historiefaget både lokalt og nasjonalt. Ein artikkel om han står i kon-taktblad nr.12, så vi skal ikkje gjenta dette her. Vi kan heller nemne at han også var med sjølv på å oppleve e i n d r a m a t i s k d e l a v norgeshistorien, da han var med i motstandsarbeidet under krigen. Det var arbeid med illegale aviser som var hovudinnsatsen hans. Dette kan ein lese om i Birger Thorsens bok I kamp med det frie ord. Æresmedlemskapet får han for interessa han har vist laget, ved å skaffe og ordne mengder av kjeldemateriale. Den siste store innsatsen hans har vore avskriving av den kjempestore og nes ten ul es el e ge fø rste formannskapsprotokollen frå Hjartdal kommunes arkiv. Det synlege beviset på æresmedlemskapet er eit diplom. Dette er utforma av Tone Stuvrud og det blei overlevert nå i haust. Side 2 Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 24 Desember 1997

REFERAT FRÅ ÅRSMØTET 15.5.1997 PÅ SAULAND MENIGHETSHUS Møteleiar var formannen Torkel Hytta. Det blei servert kaffe og kaker. Innkalling var sendt alle medlemmene i form av kontaktblad nr. 23. Saker: 1/1997 ÅRSMELDING Godkjent etter gjennomgang ved formann og sekretær 2/1997 REGNSKAP Regnskapet blei godkjent av årsmøtet. Det er revidert av Finn Birger Andersen 3/1997 VALG R e s u l t a t e t v a r i t r å d me d valgkommiteens innstilling: Formann: Torkel Hytta (Ikkje på valg) Elles i styret: Ivar T. Dahl (Gjenvalg), Leif Skoje (Gjenvalg), Helga Asland, (Ikkje på valg), Astrid N. Våle (Ikkje på valg), Ragnhild Særsland (Ny) Vara: Anne Haugen Wagn Vara: Anne Tone Larsen Vara: Astrid Espelid Valgkomite: Ola H. Særsland Finn Birger Andersen Revisor: Finn Birger Andersen 4/1996 EVENTUELT a: Hallgrim Høydal kåserte om Notoddens første tid som by. b: Årskontingenten blei sett til 50 kroner som før. c: Alf Mostue blei utnemnd til æresmedlem i Hjartdal historielag. Elles var årsmøtet som vanleg prega av mykje interessant uformell prat om historie. Torkel Hytta (Formann) Leif Skoje (Sekretær) Ver med på å halde bladet i gang! Kontaktbladet ser vi gjerne at kjem ut oftare. Men det er avhengig av bidrag frå medlemmene. Det har siste året vore sparsamt med blad. Grunnen er at vi har vore mykje opptatt med dei sakene som er omtala i dette bladet. I tillegg er vi to frå styret som også er engasjerte i arbeidet med Hjartdalssoga, som nå er i innspurten. Ein annan grunn er at trykkeutgiftene blei betydelege etter at kommunen såg seg nøydd til å ta full betaling for kopiering. Dette nummeret gjekk det forresten greitt med. På grunn av temaet som dominerer bladet, var det ikkje vanskeleg å få papir og lån av kopimaskin hos Hjartdal og Gransherad sparebank, da vi spurde om hjelp til produksjonen. Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 24 Desember 1997 Side 3

EDB-nytt Som elles i samfunnet vil vi tru at historielagsmedlemer meir og meir blir med på utviklinga innan EDB. Fleire og fleire får utstyret i hus, og litt etter litt ser ein nytteverdien på mange felt. Innanfor historiefaget har teknikken heilt frå første stund vist seg nyttig. Her er det ofte behov for nettopp behandling av store mengder data. Og da er det sjølvsagt midt i blinken å få gjort dette automatisk. Folketeljingar frå 1865 I staden for å gje oss det vanlege kulturtilskotet, så har Hjartdal og Gransherad sparebank i år kosta utgiftene med å skrive inn 1865- folketeljinga frå hjartdalsbygdene på EDB. Dette var aktuelt i samband med skrivinga av bankens historie. Anne Marie Haugan frå Hjartdal hadde dette som ein sommarjobb, og fekk gjort det raskt og effektivt. Dermed har vi nå dei nesten 3000 hjartdølane frå den tida på ei ordna liste (database) til bruk på alle vanlege datamaskinar. Vi kan lett leite oss fram til namn på lista. Vi kan på nokre få sekund sortere lista på mange slags måtar. F.eks. om vi sorterer lista etter kva slag stilling innbyggarane hadde, får vi raskt oversikt over kor mange som var bønder, kor mange som var husmenn, tenestejenter, føderådsfolk e.l. Med litt interesse vil ein på ei kveldsstund finne svar på grunnleggande spørsmål om befolk-ningsstrukturen i bygdene våre. Dette ville tatt dagevis på manuell måte. HHL har med dette mulighet til å gje kopi på diskett til dei av medlemmene som er interessert i å ha lista på eigen maskin. Dette gjeld sjølvsagt bare så lenge det ikkje er til kommersielt bruk. Sjølvsagt har dette arbeidet gjort at vi også kan gje medlemmene lister på papir, sortert på ulike måtar. Hjartdal historielag på Internett Sidan historielagssekretæren også er EDB-ansvarleg på Sauland skule, har det vore mulig å hekte ein presentasjon av historielaget på internettabbonementet til skulen. Dette går bra så lenge skulen ikkje treng all plassen som er til disposisjon, sjølv. Vi er sjølvsagt nybegynnarar, men vi har laga ein presentasjon Side 4 Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 24 Desember 1997

(heimeside el. web-side) som kan nåast frå kor som helst i verda. Den som har utstyret kan finne sida på følgande adresse: http://w1.2350.telia.com/% 7Eu235000009/hhl.htm Om nokon er interessert i å vere med å vidareutvikle dette, så ta kontakt. Førebels er det lagt ut nokre tilfeldige aktuelle småtekster med bilde. Om du ikkje har utstyret sjølv, kan du gå på Hjartdal folkebibliotek på Saulandtunet i åpningstida, for å sjå det i bruk og kanskje prøve sjølv. Der kan bibliotekar og historielagsmedlem Åsta Næssen koble seg til både HHL-sidene og alle andre internettsider i verda, dersom trafik-ken ikkje er for stor. (Når du likevel er der, kan du jo ta ein kikk i skåpet til historielaget og kanskje låne litt lese-stoff der også. Det er framleis mulig å lese på papir). Ole Andrewson ein kyrkjepionèr i det norske USA. For nokre år sidan laga HHL eit opplegg for ein historisk rusletur langs den gamle Tuddalsvegen. Vi syntest at vi greidde å grave fram ein god del av fortida til denne vegen. Litt må vi derfor beklage at vi først nå har blitt skikkeleg merksame på den mest kjende personen som nokongong har vakse opp langs denne vegen. Dette trass i at han er nemnt både i Hjartdalssoga, Det løfterike landet (utvandringshistorie av Odd S. Lovoll) og artikkelen om gjestebodet i Muskego i...for at finde en blidere Skjebne. Det tok altså litt tid før vi skjøna at det var snakk om ein og same person, nemleg Ola Andresson, fødd i 1818 og oppvaksen på plassen Åsen under Myljombø i Sauland. Denne husmannsguten utvandra til Wisconsin i 1841 saman med syster si og svogeren. Han kom til å gjere ein banebrytande innsats innanfor misjon og kyrkjeliv i det norske USA, som var prega av svært mange kyrkjesamfunn med mykje strid seg imellom. Vi håpar på å kunne komme tilbake med ein fyldigare omtale av denne mannen. I mellomtida ser vi gjerne at dei som veit noko meir om han enn det som er skrive i dei nemnde kjeldene, tar kontakt. Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 24 Desember 1997 Side 5

Banken 100 år i 1998 O.Lias hus i Sauland var det første På mindre stader blir kvar enkelt institusjon enda viktigare for innbyggarane enn i ein større by. Vi er få her i bygdene som ikkje har eit forhold til banken. Og vi ser han som eit sjølvsagt innslag i bygda, som posthus, kommunehus, skular og butikkar. Lett er det å tenke seg ulempene om ein for kvar tur i Hjartdal og Gransherad sparebank skulle måtte køyra dei to mila ekstra til Notodden. Eller kva med det å alltid treffe kjentfolk både framfor og bak skranken? 100 år har altså gått sidan Kjetil Dahlen frå Hjartdal kunne opne dørene for dei første kundane til Hjartdal sparebank. Dette var i ei stor brytningstid på mange måtar i bygdenorge. Og ein del framsynte og energiske folk her i bygdene såg krava som blei stillt og mulighetane som låg opne for utvikling. Ikkje minst var opprettinga av bank ein ting som pressa seg fram i tida. Overgangen frå naturhushald til pengehushald hadde gjeve bygdefolk pengar mellom hendene. Mange trong meir pengar enn dei hadde til investeringar. Andre trong hjelp til å ta vare på kontantane sine til seinare bruk. Mellom bygdefolket var det dei som knapt visste kva ein bank var, medan andre var drevne forretningsmenn som hadde hatt sin gang ut og inn av bankar i byane i nærleiken. Men behovet for bank viste seg å vere tilstades etterkvart for det heilt store fleirtalet av innbyggarane. Og etterkvart kom banken til å hevde seg i eit s t ø r r e o m l a n d e n n hjartdalsbygdene. Side 6 Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 24 Desember 1997

Anne Haugen Wagn skriv bankens historie Anne Haugen Wagn har hatt oppgåva å samle trådane i dei hundre åra med bankhistorie. Faktisk var det nødvendig å gå ein god del lenger attende for å finne dei første tankane om bank i bygdene. Da banken opna i 1898, hadde tankane om bank i Hjartdal vore tilstades i fleire ti-år utan at det hadde blitt alvor. Og dei fleste nabobygdene hadde hatt sine sparebankar i drift i mange år. AHW: Det var i januar 1857 at formanns og representantskapet i Sauland vedtok å selje kornmagasinet i bygda for å deretter å bruke pengane til å opprette ein kommunebank. Saulendingane kom langt med planane. Regjeringa godtok bankplanen, kommunestyret v a l d e f o r s t a n d a r a r, og o r d f ø r a r e n k j ø p t e i n n protokollar. Men banken blei ikkje realisert. Svaret på kvifor det ikkje blei nokon bank i Kjetil O. Dahlen Sauland før 40 år seinare, er ikkje enkelt å gje. Mulege svar er at 1860-åra var vanskelege. Det var ein sein og kald vår, det var lite av såkorn og poteter, folk svalt, og mange måtte ta opp lån for å greie seg. Kanskje Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 24 Desember 1997 Side 7

pessimismen spreidde seg. Det kan og ha vore problem å få folk til å påta seg bankarbeid, og det kan ha vore lokal motstand mot å etablere bank. Først i 1897 fremjast forslaget om å grunnleggje bank i Hjartdal på nytt. Denne gongen er det bonden og læraren, O.S. Haugan, som legg fram saka i kommunestyret, og ein komite blei sett ned for å arbeide vidare med saka. 1. oktober 1898 er første opningsdagen til Hjartdal Sparebank, og det er i Ola Lias hus i Sauland banken held hus, før det blir innflytting i Sauland ysteri og varelag i februar 1900. I 1952 kom banken i kommunehuset, før Hjartdal Sparebank flyttar inn i eige hus i 1975. I løpet av desse hundre åra har banken berre hatt fire banksjefar. Den første var Kjetil Dahlen, i 1927 overtok sonen, Halvor Bøe. Mathis Håtveit overtok stillinga i 1963 og var banksjef fram til han gjekk av for aldersgrensa i 1981. Frå dette året overtok Helge Granlund. Forfattaren av jublieumsboka, som truleg får namnet Vekst og varsemd i 100 år, har prøvd ikkje berre å lage ei banksoge, men ei hjartdalssoge. Boka inneheld difor politisk bakgrunnstoff, dessutan lokalt kultur og samfunnsliv i Hjartdal gjennom 100 år. Boka er klar for sal i juni 1998. Hjartdal historielag er med på jubileumsmarkeringa til banken ved at HHL-styret er representert både i jubileumskomite, bok-komite og reisekomite. Elles er HHL eit av dei mange friviljuge lokale tiltak som banken har støtta økonomisk gjennom åra. Side 8 Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 24 Desember 1997

Til USA med bank og historielag For nokre år sidan, i 1989, var det ein del folk i bygda som ville markere starten på utvandringa frå Hjartdal til USA. Dette var eit vellukka tiltak med stor oppslutning. Det blei også dette som i stor grad gav eit initiativ til å opprette Hjartdal historielag. Ein ide som alt den gongen var framme, var at det skulle arrangerast ein tur til USA. Dette blei det ikkje noko av da, men nå har vi sett bankjubileet som ein anledning til å gjere alvor av turen. Det har vist seg å vere svært stor interesse for ideen, og det ser ut til at det vil bli mellom 50 og hundre deltakarar som kjem til å oppleve USA i juli/ august 1998. Banken arrangerer turen med hjelp av reisebyrået Sabra Tours. Medan HHL skal vere med å ta seg av noko av innhaldet i turen. Sjølvsagt skal vi gjennom strok med norsk innvandring, og vi skal oppleve minne om utvandring frå vårt distrikt. Men USA er mykje meir enn dette, så vi har lagt første del av turen til Storbyen Denver, litt av Rocky Mountains og dei store præriane i vest, der annan historie og geografi også kan opplevast. Indianarar, cowboys, nybyggarar og gullgravarar har gjeve desse områda ei rik og dramatisk historie.! " # $%! % & % ' % $( ' ( " ( ( % På Sauland menighetshus torsdag 15.januar kl.19.00 Turen vil bli nærmare presentert, og reisekomiteen og turoperatøren (Sabra Tours) vil vere tilstades og svare på spørsmål. Påmelde og alle andre interesserte er velkomne! Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 24 Desember 1997 Side 9

Muskego-kyrkja det rikaste minnet frå den tidlegaste utvandringa (Og Hjartdals store bidrag til norsk kulturhistorie i USA) Eit sjølvsagt reisemål på USA-turen er denne kyrkja. Det er på sin plass å minne om bakgrunnen for dette bygget som sidan 1963 står i det nasjonale registeret over historiske stadar i USA. Da Cleng Peerson grunnla den norske amerikautvandringa kom dei fleste til å slå seg ned ved Fox River sørvest for Chicago i staten Illinois. Men da det kom ei mengd numedølar tinndølar og hjartdølar i 1839, seier soga at desse nærmast blei lurt til å slå seg ned like utanfor byen Milwaukee i Wisconsin, ein stad som heitte Muskego. Denne staden fekk ein tragisk historie, men likevel verkar det som om Cleng Peerson s æra i uvandringshistoria sluttar ved Fox River, og at det blir Muskegosamfunnet som trass i mykje motgang, blir sjølve grunnlaget for vidare settling i vestleg og nordleg retning mot Minnesota og Dakota-statane, der dei store bølgene med nordmenn seinare slo seg ned. At det var Halvor Nilssen Lonar som sto for tømringa av Muskegokyrkja, er nok velkjent for historielags-medlemene, om ikkje så kjent for andre. Kyrkja blei påbegynt i 1843 som den første norske kyrkja i USA (det skulle ble omlag 1300 av dei). Kyrkja kom til å gjere tenesten gjennom svært harde tider, særleg på grunn av malaria og koleraepidemiar dei første åra. Det var nok gravferdene dei fleste forbandt med kyrkja i den tida. Side 10 Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 24 Desember 1997

Det er på tide at hjartdølar får sjå dette utvandrarhistoriske klenodiet i St. Paul, Minnesota. Likevel utvikla staden seg, og folk fann seg etter nokre år råd til å byggje ei meir moderne kyrkje. Da forfall den gamle kyrkja og blei ei stund bruka som stall og grisehus inntil ein historikar oppdaga dette, og sette igang ein redningsaksjon. Dette førde til at kyrkja blei restaurert, men flytt til ein park ved det norske presteseminar - Luther Seminary, i St.Paul i Minnesota. Der står ho i dag og blei i haust besøkt av dei som planlegg bankjubileumsturen. Det er nok ikkje mange hjartdølar som har sett kyrkja, men Arne Hardang har vore der, og han skreiv ei fin skildring av opplevinga i Arven i 1980. Denne artikkelen og meir om Muskego, kan lesast i...for at finde en blidere Skjebne. Kyrkja har dessutan si eiga side på internett. Adressa er: http://www.luthersem.edu/ information/life/ resources/archives/ muskego.htm Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 24 Desember 1997 Side 11

I samband med bankhistoria har Alf Mostue hjelpt til med å lese denne formannskapsmøteinnkallinga frå 1850. Eit par av punkta på saklista tyder på at behovet for ein bank begynner å vise seg: Budstikke Fredagen d.1 Marsti førstkommende bliver et Formandskab og Represent a n t s k a b s M ø d e a f h o l d t p a a Communens forrige Gaard Mosebøe i Souland hvortil indkaldes Formænd og Representanter at afgive Møde Klokken 9 Formiddag, samt om fornødiges den følgende Dag efter. Sagerne bliver at behandle. 1) De 29 stykker Regninger fra Lensmand Rynning. 2) Decition i Communens Indtægter og Udgifter for det forrige Aar. 3) Revition og Decition over Præstegjeldets Bygdemagasin hvortil Magasinbestyreren haver at afgive Møde samme Dag for at aflægge Regnskab. 4) Sognepræstens forlangende, om at e n o b l i g a s j o n u d s a d t p a a Skolecassen motte overtages paa Communecassen til Udbetaling. 5) Formandskabets Udligning paa Præstegjeldets Matrikulskyld til Communens Udgifters Bestridelse til næste Aar. Hjerdahls Formandskab d.23 Feb. 1850 O.K.Brekke Ordfører HJARTDAL HISTORIELAG Grunnlagt 1989 Formann: Torkel Hytta, 3692 SAULAND Tlf.: 350 23 150 Sekretær: Leif Skoje, 3692 SAULAND Tlf.: 350 23 011 Bank: Hjartdal og Gransherad sparebank: Kontonr.: 2699 07 04332 Kontaktbladet blir laga av Sekretæren i HHL. Bladet blir sendt alle medlemmer - deriblant ein del institusjonar. Det er lov å bruke og kopiere frå bladet, men oppgje kjelde. Vi vil gjerne at medlemmene skriv i bladet. Side 12 Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 24 Desember 1997