Handlingsplan mot vald i nære relasjonar i Stord kommune



Like dokumenter
Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Godkjent av kommunstyret

Av Linda Jakobsen Daglig leder Drammensregionenens interkommunale krisesenter BETZY

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

HANDLINGSRUTINAR. Rutinar for kommunalt tilsette

2 Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. 5 Barns rettar og foreldrerolla. 8 Demokrati og verdiar

Du må tru det for å sjå det

Kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar Venke Johansen og Inge Nordhaug

Vold mot kvinner og barn er eit stort folkehelseproblem

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Melding til barneverntenesta Bremanger kommune.

Til deg som bur i fosterheim år

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Reflekterande team. Oktoberseminaret Ove Heradstveit, kommunepsykolog, Familiens Hus i Øygarden

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

Bjarte Gangeskar Barnevernsleiar i Eid og Selje Frå 2020: Stad kommune. Tema Korleis avdekke og følgje opp vald i nære relasjonar?

Arbeid med vold og overgrep i kommuner og regioner -sett fra et helsefaglig ståsted

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.


Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Sjumilssteget. Til det beste for barn og unge

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Med god informasjon i bagasjen

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Plan for overgangar. for barn og unge

Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

RAMMEPLAN FOR. FORDJUPINGSEINING I ORGANISASJON OG LEIING (10 vekttal) FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Forord

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Resept for eit sunnare FørdeF

HANDLINGSPLAN MOT VALD OG TRUGSMÅL I NÆRE RELASJONAR I STRYN KOMMUNE

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Korleis handtere vanskelige /trugande pasientar?

HANDLINGSPLAN MOT VALD I NÆRE RELASJONAR

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Rettane til den fornærma og dei etterlatne

Tilgangskontroll i arbeidslivet

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

på vegne av barn og unge

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Referat fra folkehelseforum i Stord kommune

Tenesteavtale 3. Mellom Ullensvang herad og Helse Fonna HF

Vold og seksuelle overgrep mot menneskjer med utviklingshemming. Inge Nordhaug RVTS Vest

Saksbehandler: Aslaug Irene Skjold Arkiv: F74 Arkivsaksnr.: 16/1691

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet AVTALAR MED TILTAK SOM GJELD OVERGREP, VALD OG LIKNANDE

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Hva er vold? Om ulike typer vold, avdekking og hjelp til barn og unge. Inge Nordhaug RVTS Vest

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

POLITIRÅD FOR KOMMUNANE VOSS, VAKSDAL, ULVIK OG GRANVIN FØREBYGGING AV RADIKALISERING

Informasjonshefte Tuv barnehage

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Kvifor og korleis lage årsplan som ressurssjukepleiar i lag med leiar? Av Marit Eikemo Halsnes

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Erfaringar frå kommunalt arbeid med LAR. Flora kommune, tiltakstenesta Anne Merete Ødven

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

Avtale mellom.kommune og Flora kommune

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Transkript:

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar i Stord kommune 2015-2018 «Den som opplever vold i hjemmet kan ikke lukke døra til verden utenfor og føle seg trygg. Hjemmet blir et farlig sted, og den som skulle gi støtte og nærhet blir en trussel. Følgene er alvorlige både for den som utsettes direkte og for eventuelle barn som lever i en tilværelse preget av vold» (NOU nr 15, 2012-2013) Vedteken i komité for RHO 11.desember 2014 1

2

Innhald 1. HANDLINGSPLAN... 4 2. INNLEIING... 6 2.1 Definisjonar... 6 2.2 Vald i særlege grupper... 7 2.3 Verknader av vald... 8 3. PLANPROSESS... 9 3.1 Føringar for arbeidet... 9 3.2 Lovverk... 9 3.3 Lokal prosess... 10 4. EKSISTERANDE TILBOD I STORD KOMMUNE... 10 4.1 Krisesenteret... 11 4.2 Politiet... 11 4.3 Familievernkontor... 11 4.4 Spesialisthelsetenesta... 11 4.5 Kommunale tenester... 11 4.6 Barnevernstenesta... 11 4.7 Senter mot incest og overgrep (SMISO)... 11 4.8 Andre kompetanse- og rettleiingsressursar... 11 5. DRØFTINGAR OG UTFORDRINGAR - BEHOV FOR NYE TILTAK... 12 5.1 Informasjonsarbeid og førebyggjande tiltak... 13 5.1.1 Generell informasjon... 13 5.1.2 Informasjon til dei som er utsett for vald... 13 5.2. Utvikle samarbeid og rutinar for avdekking og oppfølging av problemstillingar knytt til vald i nære relasjonar... 14 5.3 Oppfølging og rehabilitering av valdsutsette... 14 5.4 Oppfølging og rehabilitering av valdsutøvar... 15 5.5 Samarbeid med friviljuge lag og organisasjonar... 15 3

Stord kommune sine mål i høve vald i nære relasjonar: I Stord kommune er det nulltoleranse i høve vald i nære relasjonar Kommunale tenester i Stord har kunnskap som gjer at ein fangar opp varselsignal, og formidlar dei som treng hjelp til gode kunnskapsbaserte og individuelt tilrettelagte hjelpetiltak Gjennom kompetansebygging, rettleiing og støtte er det lagt til rette for gode tenestetilbod som er med på å førebyggje vald i nære relasjonar 1. HANDLINGSPLAN Tiltak 2015 2016 2017 2018 Ansvar Informasjonsarbeid og førebyggjande tiltak Leggje informasjon på heimesida, samt nettsida til skulane og barnehagane Årleg tema i einingsleiarsamlingar og fagmøte Årleg tema i einingsleiarsamlingar og fagmøte Årleg tema i einingsleiarsamlingar og fagmøte Einingsleiarar i samarbeid med nettredaktør Informere i råd og utval som har brukarrepresentasjon Tema i folkehelseforum Leiarar i råd, utval, lag og organisasjonar Folkehelsekoordinator Utarbeida informasjonsfoldar Utvida dagtilbod for personar med demenssjukdom Årleg tema i klassane og foreldremøta på skulen, i barnehage Årleg tema i klassane og foreldremøta på skulen, i barnehage Årleg tema i klassane og foreldremøta på skulen, i barnehage Kundetorget, tverrfagleg samarbeid Rektorane, styrarane Heimebaserte tenester Opplæring av Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsføre -bygging (rvts) Region vest Laga ei samtykkebasert samhandlingskjede Sosial og førebyggjande tenester 4

Utvikle samarbeid og rutinar for avdekking og oppfølging av slike problemstillingar Utarbeide og implementere gode rutinar Betre tverrfagleg innsats (BTI) Utarbeide og implementere gode rutinar, revidering Betre tverrfagleg innsats (BTI) Utarbeide og implementere gode rutinar, revidering Betre tverrfagleg innsats (BTI) Utarbeide og implementere gode rutinar, revidering Betre tverrfagleg innsats (BTI) Revisjon av handlingsplanen Einingsleiarar samarbeida med tannhelsetenesta og fastlegane Sosial og førebyggjande tenester Strategisk leiing, Utviklingsgruppa Oppfølging og rehabilitering av valdsutsette Bruke krisesenter, familievernkontor, barnevern og andre aktuelle kommunale tenester for å gje den einskilde individuell oppfølging Bruke krisesenter, familievernkontor, barnevern og andre aktuelle kommunale tenester for å gje den einskilde individuell oppfølging Bruke krisesenter, familievernkontor, barnevern og andre aktuelle kommunale tenester for å gje den einskilde individuell oppfølging Bruke krisesenter, familievernkontor, barnevern og andre aktuelle kommunale tenester for å gje den einskilde individuell oppfølging Heile tenesteapparatet gruppetiltak (SMISO) gruppetiltak (SMISO) gruppetiltak (SMISO) gruppetiltak (SMISO) Oppfølging og rehabilitering av valds-utøvar sinnemestring s-kurs Tilvise til behandlingsapparat sinnemestringskurs Tilvise til behandlingsapparat sinnemestringskurs Tilvise til behandlingsapparat sinnemestrings -kurs Tilvise til behandlingsapparat Den i behandlingskjeda som møter valdsutøvar Tema i Folkehelseforum Demensforeininga Stord Fitjar Samarbeid med friviljuge lag og organisasjonar Samtalegrupper for pårørande til demente i samarbeid Stord-Fitjar demensforeining Folkehelsekoordinator 5

2. INNLEIING Regjeringa la i mars 2013 fram ein nasjonal strategi mot vald i nære relasjonar (NOU nr 15, 2012-2013). I innleiinga vert det trekt fram korleis denne valden vert opplevd: «Den som opplever vold i hjemmet kan ikke lukke døra til verden utenfor og føle seg trygg. Hjemmet blir et farlig sted, og den som skulle gi støtte og nærhet blir en trussel. Følgene er alvorlige både for den som utsettes direkte og for eventuelle barn som lever i en tilværelse preget av vold» Vald i nære relasjonar er eit omfattande samfunnsproblem. Basert på landsdekkjande spørjeundersøkingar dei siste 10-åra legg regjeringa til grunn at mellom 75.000-150.000 menneske årleg vert utsett for vald i ein nær relasjon (NOU 15, 2012-2013). Omrekna i høve folketalet i Stord kommune, kan dermed opp mot 600 personar vera utsette. Slik vald representerer særlege utfordingar. Det er vanskeleg å melde ein nærståande til politiet, og dermed vert valden skjult. 2.1 Definisjonar VALD Vald er alle handlingar retta mot ein annan person, som gjennom at denne handlinga skadar, skremmer eller krenker, får den andre personen til å gjere noko mot sin vilje eller sluttar å gjere noko den vil (Per Isdal, 2000). Eit skilje på ulike former for vald går mellom: A. Grov, gjentakande og/eller kontrollerande vald B. Episodisk vald som ikkje representerer skeiv maktbalanse Gjentakande partnarvald er i følgje denne NOU en viktigast å førebyggje, på grunn av dei djuptgripande konsekvensane. Det finns derimot mindre forsking på skadeverknadane av episodisk vald. I tillegg til dei helsemessige konsekvensane, kan vald i nære relasjonar og ha store sosiale konsekvensar. Individet sitt høve til å delta aktivt i samfunnet vert redusert og kan føre til isolasjon, økonomiske problem og arbeidsløyse. Både menn og kvinner kan vera valdsutøvar og offer. Når det gjeld dei alvorlegaste og mest brutale overgrepa, rammer desse i størst grad kvinner, og det er i hovudsak menn som er overgriparar (NOU 15, 2012-13, side 13). Temaet er ut frå vår kultur svært tabubelagt, og det er forbunde med forteiing, skyld og skam. Ein må difor rekna at det er store mørketal i høve vald i nære relasjonar. Valden kan ha mange former: Fysisk vald er alle former for fysisk handling som skadar eller kontrollerer eit anna menneske. Dette er ein kvar form for fysisk makt som gjennom at den 6

smertar, skader, skremmer og krenkjer, påverkar eit anna menneske til å slutta å gjera noko det vil eller gjera noko mot sin vilje. Psykisk vald er all bruk av ord, stemme, handling eller mangel på handling som kontrollerer, skadar eller krenkjer og som ikkje er direkte fysiske i sin natur, eller måtar å styra eller dominera andre på ved hjelp av ein bakanforliggjande makt eller trussel. Seksuell vald omfattar berøring frå andre mot eigen vilje, tvungen seksuell aktivitet eller tilsvarande Materiell vald er alle handlingar retta inn mot ting eller gjenstandar. Det kan til dømes vera å slå i dørar eller vegger, øydeleggja gjenstandar, riva i stykke kler eller kasta og rasera inventar. Barn som er vitne til slike handlingar blir gjennom dette og utsett for vald. Kontrollerande åtferd her er den viktigaste drivkrafta for den som utøver vald å oppretthalde makt og kontroll over nære relasjonspersonar. Her blir det og nytta maktmiddel som krenkjer og skaper frykt. Dette gjer det endå vanskelegare for partnaren å handle slik at dei sjølve og eventuelle barn i familien, blir sikra verdige livsforhold. Døme på kontrollerande åtferd: o Økonomisk kontroll; Nekte partnaren å arbeide, prøve å få partnaren oppsagt, ta kontroll over pengane til partnaren. Nekte pengar og nekte å nytte felles eigedom som t.d. bilen. o True med å kontakte barnevernet dersom ho/han vil reisa, beskriva partnaren overfor barna på ein krenkjande måte. o Utsetje partnaren for truslar om å skade slektningar, vener eller dei partnaren arbeider saman med. True med å setje ut rykte om partnaren. Truslar om sjølvmord førekjem og. Latent vald er vald som verkar i kraft av sin moglegheit. I nære relasjonar kan dette bli den dominerande valdsforma. Risiko for ny vald kan styra alt den valdsutsette gjer utan at det ligg føre nokon aktiv trussel. Det å ha opplevd vald gjer at ein veit at det kan skje igjen. NÆRE RELASJONAR Politiet har definert vald i nære relasjonar slik: Vald eller truslar om vald ovanfor personar som er eller har vore gift, eller som lever i eit ekteskapsliknande forhold, Det gjeld og søsken, barn, foreldre, besteforeldre og andre i rett opp-eller nedstigande line, samt adoptiv-, foster- og steforhold. Valdsutøvinga er uavhengig av stad. (politi.no) 2.2 Vald i særlege grupper Overgrep mot eldre har i den seinare tida fått status som eige kriminalitetsområde. Nasjonale undersøkingar/tal viser at mellom 4 og 8 % av eldre blir utsatt for vald og overgrep (Juklestad 2007 / St.meld.25 / 2005-2006). Det handlar om fysiske og psykiske overgrep, økonomiske og seksuelle overgrep og omsorgssvikt. Ei 7

undersøking frå ein bydel i Oslo viser at halvparten av overgrepa vart utført av ektefellene. Overgrep hadde ofte gått føre seg over lang tid. Resten vart utsett for overgrep av barn, barnebarn og andre nære personar. Mennesker med funksjonsnedsetting og psykisk utviklingshemming er særleg sårbare og har større mogleik for å bli utsette for vald og overgrep på grunn av at dei er avhengige av andre mennesker, kan ha vanskelig for å forsvare seg og for å fortelja om overgrep. Ei anna utsett gruppe er personar som misbruker ulike rusmiddel. Det er godt dokumenterte samanhengar mellom rusmiddelbruk og vald, der ein m a ser familiemedlemmar med rusmiddelmisbruk som utøver vald mot andre i familien. Flyktningar og asylsøkjarar er ei samansett gruppe. Nokre kjem frå kulturar der oppsedingsmetodar og sanksjonssystem kan handle om fysisk straff og vald. Dei er ei sårbar gruppe i forhold til sin historie og ein traumatisert bakgrunn ( jfr. Familievoldskoordinator i politiet). Innvandring frå andre kulturar har brakt med seg nye former for vald, som ein og må vere merksam på, t.d. tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Tvangsekteskap er eit overgrep mot det einskilde menneske sin rett til å velja ektefelle. Kjønnslemlesting er ei fellesnemning på alle typar inngrep der ytre kvinnelege kjønnsorgan varig blir skada, og der inngrepet blir gjort av andre årsaker enn medisinsk behandling. Æresdrap er og vald i nære relasjonar. Dette er kjenneteikna ved at valden vert utøvd for å oppretthalda det som gjerningspersonane oppfattar som familien si ære. Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebyggje og oppdage vald, kan me gje barna auka tryggleik. Studiar viser at 40 prosent av alle barn som vert utsett for, eller som er vitne til vald, utviklar fysiske og psykiske symptom som dei treng hjelp til. Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar barn, sjå vedlegg. I ein rapport frå 2009 om vald mot menn i nære relasjonar viser mange saker der menn ikkje har vore utsett for vald av partnaren, men av andre personar dei har eit tillitsforhold til. Dette kan vera kameratar, anna familie, naboar eller kollegaer. Mennene vert utsett for mykje psykisk vald. Den kjem til uttrykk ved ulike former for trakassering og truslar, nedverdigande og audmjukande åtferd. Det kan verka som at menn sin kjønnsidentitet kan representera eit hinder for å avsløra valden og erkjenna behov for hjelp. 2.3 Verknader av vald I tillegg til dei synlege og umiddelbare skadane, kjem seinverknader i form av fare for at offeret/offera får både fysiske og psykiske seinskadar. Offer for partnarvald opplever ofte: Frykt for nye valdsepisodar Frykt for liv og helse Frykt for reaksjonar frå sosiale relasjonar, familie og nettverk elles Frykt for tap av samvær med barn Frykt for at barnet må ha samvær med utøvar 8

Frykt for å bli isolert Frykt for at økonomien vil bryte saman dersom ein bryt ut av parforholdet Nedbroten sjølvtillit og manglande tru på at ein kan klare eit sjølvstendig liv Barn som erfarer vald mot seg sjølv eller omsorgsperson, og som lever i konstant redsle for ny vald, kan få skadeverknader som: Psykososiale vanskar Angst for tap av mor/far Angst for at dei sjølv skal bli råka Krav til seg sjølv om å ta på seg verjerolla Krav til seg sjølv om å avleie situasjonen Valdsåtferd mot andre Lågare sosial kompetanse Sinne og avmakt Åtferdsvanskar Konsentrasjonsvanskar 3. PLANPROSESS 3.1 Føringar for arbeidet Justis og politidepartementet la i 2007 fram ein handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Planen vart kalla Vendepunktet. Sidan dette har departementet jobba med iverksetjing av tiltak,- dette er oppsummert i ein rapport som kom i 2010. Rapporten syner at det er sett i gang mange tiltak både på statleg og regionalt nivå. I NOU 2011:18, Struktur for likestilling, vart dei organisatoriske rammene og eit landsdekkjande apparat for å arbeide med vald i nære relasjonar lagt på plass. Andre overordna føringar er Strategi mot seksuelle og fysiske overgrep mot barn (2005-2009), Handlingsplan mot kjønnslemlestelse (2008-2011) og Handlingsplan mot tvangsekteskap (2008 2011), som gir føringar og forslag til tiltak innan desse områda. I mars 2013 kom NOU 15, 2012-13: Forebygging og bekjempelse av vold i nære relasjoner. Meldinga har fokus på kompetanseheving, førebygging og at særlege sårbare grupper vert møtt av eit tilgjengeleg og individuelt tilpassa hjelpeapparat. Skulane si rolle i førebygginga vert spesielt nemnt. 3.2 Lovverk I helsepersonellova kapittel seks omtalast helsepersonell si plikt til å gi opplysningar om vald i nære relasjonar både til politi, barnevernstenesta og til den kommunale helse- og omsorgstenesta. I følgje barnevernslova 6-4 har offentleg myndigheit plikt til å melda i frå til barnevernet når det er grunn til å tru at barn vert mishandla i heimen, når barn er utsett for andre formar for alvorleg omsorgssvikt eller når eit barn har vedvarande alvorlege åtferdsproblem. Også yrkesutøvarar i medhald av helsepersonellova, psykisk helsevernlova, helse- og omsorgstenestelova, lov om familievernkontor, meklingsmenn i ekteskapssaker (jfr lov om ekteskap), samt 9

friskulelova pliktar å gi opplysningar etter reglane i nemnde paragraf 2. ledd. Det same gjeld opplæringslova 15-3. I 2003 vart det innført forbod mot tvangsekteskap. I 2010 trådde krisesenterlova i kraft, der kommunane vert pålagt å ha eit godt og heilskapleg krisesentertilbod for kvinner, menn og barn som vert utsett for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. Same år vart barnelova endra, slik at bruk av vald og skremmande eller plagsam framferd, eller anna omsynslaus åtferd overfor barn vart forbode. 3.3 Lokal prosess Planarbeidet har vore prosjektorganisert, og skulle vore sluttført i 2012. I sluttfasen gjekk sentrale personar i prosjektet over i ny jobb og sluttføring av arbeidet vert dermed gjort i tidsrommet 2013-2014 Prosjekteigar: Strategisk leiing Styringsgruppe: Einingsleiar Else Berit Helle, sosial og førebyggjande tenester Einingsleiar NAV kommune Siren Eldøy Hinderaker Kommunelege Lars Helge Sørheim Einingsleiar SIB Trine Hjertholm Prosjektansvarleg: Kommunalsjef Knut J. Gram Prosjektgruppe: Kjetil Eldøy Solveig Nome Liv Slettemark Elin Kristin Herfindal Miriam Kirkeli Aasmund Storebø Kenneth Stenbråten 4. EKSISTERANDE TILBOD I STORD KOMMUNE Det er ofte glidande overgangar mellom oppdagarrolla og behandlarrolla. Arbeidet med valdsproblematikk i nære relasjonar krev ofte tverretatleg og tverrfagleg innsats. Involverte tenester kan vera krisesenter, familievernkontor, spesialisthelseteneste, skule, barnehage, vaksenopplæring, NAV med sine ulike tenester, pleie og omsorg, barnevern, fastlege, førebyggjande helse, politi m.fl. Tildeling av valdsalarm, besøksforbod og straffeforfølging er døme på nokre tiltak som politiet kan setje inn. 10

Valdsutsette skal kunne få hjelp til å kontakte politi og advokat. 4.1 Krisesenteret Krisesenteret er eit kommunalt lågterskeltilbod som tek imot kvinner, menn og barn som er utsett for vald i nære relasjonar. Det trengs ingen tilvising og det er ingen ventetid. Dei kan gje tilbod om eit midlertidig opphald eller eit dagtilbod. Innhaldet i tilbodet er blant anna samtale, vegleiing, informasjon og praktisk hjelp. Tilsette er fagpersonar som har kompetanse innan psykiatri, barn og unge, pedagogikk og fleirkulturell forståing. 4.2 Politiet Politiet sitt arbeid mot familievald er høgt prioritert. Det er eigne koordinatorar for familievald og seksuelle overgrep i alle politidistrikt. 4.3 Familievernkontor r hjelp til foreldre og barn når vald førekjem i familien. Familievernkontoret på Stord tilbyr behandling til familiar som opplever vald. Kontoret kan tilby behandling for valdsutøvar og valdsutsette. Tilbodet er gratis. Det er ikkje nødvendig med tilvising. 4.4 Spesialisthelsetenesta Helse Fonna tilbyr kurs i sinnemestring. Fastlege kan tilvise. 4.5 Kommunale tenester Fleire kommunale tenester har kompetanse og kan gi tilbod om individuell oppfølging. Dette gjeld m a helsestasjon, MARIS og psykisk helsearbeidar. I tillegg kjem kompetanse i skule og barnehagar i høve barn. 4.6 Barnevernstenesta Barn som opplever vald i heimen, er i ein uhaldbar omsorgssituasjon, med risiko for at dei vert utrygge og får redusert livskvalitet både som barn og seinare i vaksen alder. Skadeverknader med å leve i ein familie der det førekjem vald mellom vaksne, er dei same som om barnet vert utsett for direkte vald. Barnevernstenesta får dermed ein spesiell rolle i mange av desse sakene. Her finst det kompetanse på familebehandling og samarbeid med barn. Sunnhordland Interkommunale barnevernsteneste har teke i bruk arbeidsmodellar, som t.d Klementsrudsmodellen. 4.7 Senter mot incest og overgrep (SMISO) SMISO Hordaland er eit senter for kvinner og menn som har vore utsatt for seksuelle overgrep, samt for pårørande til utsatte. Senteret er eit lågterskeltilbod, og ein treng ikkje tilvising for å nytta tilbodet. Tilbodet er gratis. 4.8 Andre kompetanse- og rettleiingsressursar BUF-etat og RVTS (Ressurssenter mot vald og traumatisk stress, region vest) har kompetanse og kan gje bistand og rettleiing. 11

5. DRØFTINGAR OG UTFORDRINGAR - BEHOV FOR NYE TILTAK Samfunnet må initiere og styrke tiltaka overfor både utsette og utøvarar parallelt, og ikkje på kostnad av kvarandre. ( NOU 2003:31 s.71) I Stord kommune skal det være nulltoleranse mot vald. Det betyr at tilsette så langt det står i deira makt, skal gjere sitt til å hindre at nokon vert utsett for vald. Vald er ei kriminell handling og skal handsamast etter dette. Vald skal ikkje orsakast eller bortforklarast som eit kulturfenomen eller anna som kan føre til noko form for legalisering. Dei tilsette har i sitt daglege arbeid plikt til å prioritere arbeid med saker knytt til mistanke om vald, særskilt vald mot barn. All offentleg verksemd har eit spesielt ansvar for å sjå til at dei som bur i kommunen vert ivareteke og kan leve i et samfunn utan vald, overgrep eller frykt for dette. Mistanke om vald og overgrep mot barn og unge kan oppstå i offentlege tenester som møter barn, unge og familiar. Døme på dette er helsestasjonar, barnehagar og skular. Andre tenester og verksemder som sosialtenesta, deler av pleie og omsorg, andre deler av helsetenesta og deler av kulturtenesta har og fagområde som gjennom møteplassar med sine brukarar kan få ei rolle som oppdagar. Barnevernet og politiet har ei spesiell rolle i forhold til slike saker. Det kan oppstå mistanke om at et barn er utsett for eller er vitne til vald, overgrep eller alvorlig omsorgssvikt. Då skal barnevernstenesta bli kopla inn og styre den vidare handteringa. Barnevernet fører eventuelt saka vidare til politiet for etterforsking. I denne planen er det sett fokus på 5 områder; med tilhøyrande tiltak. Informasjonsarbeid og førebyggjande tiltak Utvikle samarbeid og rutinar for avdekking og oppfølging av problemstillingar knytt til vald i nære relasjonar Oppfølging og rehabilitering av valdsutsette Oppfølging og rehabilitering av valdsutøvar Samarbeid med friviljuge lag og organisasjonar I handlingsplanen vert det kopla på tilhøyrande tiltak som vert tidfesta og ansvar plassert. 12

5.1 Informasjonsarbeid og førebyggjande tiltak 5.1.1 Generell informasjon Generell informasjon om vald i nære relasjonar kan bidra til å bryte ned tabu som hindrar at valdstilhøve blir avdekka. Dei som er utsett for vald kan føle både skam og skuldkjensle som hindrar dei i å søkja hjelp. Ved å informera og synleggjera problemet, kan terskelen for å søkja hjelp bli lågare, både for den som er utsett for vald og valdsutøvaren. I tillegg til dei arenaer som er nemnt nedanfor, vil også artiklar i aviser kunne vera ein brukbar informasjonskanal. Vald i familien er inga privat sak. Alle offentlege instansar har meldeplikt til barnevernet dersom ein er bekymra for barn sin omsorgssituasjon i høve til valdsproblem i nære relasjonar. Naboar og andre private må også kunne oppmodast til å melde frå til det offentlege hjelpeapparatet dersom dei har mistanke om valdsbruk i ein familie. Dette er ikkje det same som å blanda seg opp i private saker, men derimot eit uttrykk for at ein bryr seg. I forlenginga av dette bør alle gode krefter utfordrast til å bidra for å få bukt med dette samfunnsproblemet. Friviljuge organisasjonar som til dømes Røde Kors, Amnesty, Redd Barna, idrettslag og religiøse organisasjonar, kan drive haldningsskapande arbeid på dette området. Skulen har ei viktig oppgåve i det haldningsskapande arbeidet. Foreldremøte, opne møter eller liknande er arena for kunnskapsspreiing og haldningsskapande arbeid. Vald retta mot barn, bruk av truslar, isolering av barn på rommet og andre krenkande handlingar er ikkje akseptable måtar for oppseding, og dette må formidlast. Det kjem familiar til Stord som asylsøkjarar frå andre verdsdelar. Ein har grunn til å tru at menneske som kjem frå område der tvangsekteskap og kjønnslemlesting blir praktisert, kan ta denne praksisen med til Noreg. Vi veit at fleire av jentene/kvinnene har vore utsett for eller står i fare for å bli utsett for denne type vald. I Norge er dette straffbart både å gjennomføra og medverke til. I Noreg har vi hatt handlingsplanar mot tvangsekteskap sidan 1998. Fleire tiltak er gjennomført, men framleis står mykje arbeid att. Utfordringane framover vil vera det førebyggjande arbeidet, både når det gjeld kjønnslemlesting og tvangsekteskap. Det er særleg viktig å få foreldregenerasjonen i tale. Det kommunale hjelpeapparatet må og ha kunnskap og kompetanse på området. 5.1.2 Informasjon til dei som er utsett for vald Det er viktig å informere om kva hjelpetilbod som finst for dei som er utsett for vald, både i og utanfor Stord. Kjennskap til eksisterande hjelpetilbod er for dårleg, og mange veit ikkje kven dei skal venda seg til for å få hjelp. Utarbeiding av informasjonsbrosjyre med kontaktinformasjon til hjelpeapparatet kan vera eit første steg på dette området. Brosjyren bør omsetjast til aktuelle språk i forhold til Stordsamfunnet. I prinsippet er det mange som kan hjelpe t d fastlege, barnevern og andre helse- og omsorgstenester. Problemet kan vera at den valdsutsette kan risikere å bli sendt hit og dit mellom mange ulike instansar. Dette kan føra til at valdsofferet kvir seg for i det heile å ta kontakt med det offentlege hjelpeapparatet. 13

TILTAK: Informasjon på kommunen si nettside Informasjon og kunnskapsformidling til råd og utval med brukarrepresentasjon Haldningsskapande arbeid i skulane og barnehagane Årleg tema i leiarsamlingar og fagmøte Ulike samlingar der vald i nære relasjonar er tema Utvida dagtilbod for personar med demenssjukdom Kompetanseheving 5.2. Utvikle samarbeid og rutinar for avdekking og oppfølging av problemstillingar knytt til vald i nære relasjonar Utarbeiding og implementering av gode rutinar er sentrale arbeidsoppgåver for å setja organisasjonen i stand til å arbeide kunnskapsbasert. Alle instansar som i sitt virke kjem i kontakt med problemstillinga, må vera informert om kva behandlingstilbod som finst og kva prosedyrar som bør følgjast for å sikre rettane til dei involverte partane. Det er utarbeidd ein rettleiar for arbeid med saker der barn er involvert, sjå vedlegg. Ein må så arbeide vidare med rutinar for resten av hjelpeapparatet, slik at dei som treng det, får den hjelp dei har behov for, uansett kvar i hjelpeapparatet den første kontakten blir etablert. Kontaktinformasjon og brosjyre på kommunen si heimeside er viktige hjelpemiddel både for den det gjeld, og dei som skal sørgje for hjelpa. TILTAK: Utarbeide og implementere felles rutine til bruk i alle aktuelle einingar Utarbeide einingsspesifikke rutinar i einingar som skal tilby hjelpetiltak Revisjon av handlingsplanen i 2018 5.3 Oppfølging og rehabilitering av valdsutsette Det må sytast for at familiar som er prega av vald får tilbod om familieterapi. Dei som er utsett for akutt vald treng ein sikker stad å bu. Mellombels kan krisesenteret vera ei god løysing. Andre treng hjelp til å skaffe ny bustad. Når ein bryt opp frå eit hushald prega av vald, er det mange andre praktiske utfordringar som må løysast. Kven av partane som bør flytte ut, vurderast i kvart einskild tilfelle. I svært alvorlege 14

tilfelle må eit valdsoffer få hjelp til ny identitet og hemmeleg adresse (politi og rettsapparat). TILTAK: Bruke krisesenter, barnevern, familievernkontor og andre aktuelle kommunale tenester for å gje den einskilde individuell oppfølging gruppetiltak, gjerne i samarbeid med SMISO, barnevernstenesta, familievernkontor og/eller spesialisthelsetenesta. 5.4 Oppfølging og rehabilitering av valdsutøvar Valdsutøvaren treng og hjelp. Han eller ho opplever eit sosialt fall om løyndomen og valdsbruken blir allment kjent. Behandling av dei som utøver vald, kan ofte vise til gode resultat. Det er difor viktig å informere dei som utøver vald om kva behandlingstilbod som finst både i og utanfor Stord. TILTAK: sinnemestringskurs Tilvise til behandlingsapparatet 5.5 Samarbeid med friviljuge lag og organisasjonar Demensforeininga Stord Fitjar har i fleire år drive pårørandeskule og samtalegrupper for pårørande til personar som lever med demenssjukdom. Demenssjukdom kan føra til endring i personlegdom, og aggresjonssymptom kan førekoma. Kommunen bør vera med å leggja til rette for at dette tiltaket kan fortsetje. Frivillighetssentralen kan vera ein samarbeidspartnar for å nå ut med informasjon til lag og organisasjonar med informasjon om dette temaet. TILTAK: Temadag i Folkehelseforum om vald i nære relasjonar - open for representantar for friviljuge lag og organisasjonar Samtalegrupper for pårørande til personar som lever med demenssjukdom, i samarbeid med Stord-Fitjar demensforeining VEDLEGG: Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn 15