Sakshandsamar, innvalstelefon Sissel Storebø, 5557 2317 Vår dato 06.05.2015 Dykkar dato Vår referanse 2015/6019 Dykkar referanse Sekkingstad AS Skaganeset 5382 SKOGSVÅG Rapport frå inspeksjon ved Sekkingstad AS 28. april 2015 Rapportnummer: 2015.119.I.FMHO Kontaktpersonar ved inspeksjonen: Frå verksemda: Bård Sekkingstad Anne Karethe Yddal Frå Fylkesmannen i Hordaland Eric Backer-Røed Sissel Storebø Resultat frå inspeksjonen Fylkesmannen fann ingen avvik innan dei tema som vart kontrollerte. Vi har gitt ein merknad. Merknaden er nærare omtalt på side 3. Vi ser på oppfølginga etter inspeksjonen som avslutta. Britt Solheim senioringeniør Sissel Storebø senioringeniør Rapporten er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Sund kommune Postboks 23 5371 Skogsvåg Fjell kommune Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Miljøvern- og klimaavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
1. Informasjon om verksemda Namn: Sekkingstad AS Risikoklasse: 3 Besøksadresse: Skaganeset Postadresse: 5382 Skogsvåg E-post: baard@sekkingstad.no Telefon: 56 33 75 06 Kommune: Sund Organisasjonsnr.: 972 292 222 Bransjenr. (NACE-kode): 46.381 Engrohandel med fisk, skalldyr og bløtdyr Eigar (org.nr.): 963 950 837 Løyve sist oppdatert: 11. mars 2011 Siste tilsyn: 2. september 2010 2. Bakgrunnen for inspeksjonen Inspeksjonen vart gjennomført for å kontrollere om gjeldande krav fastsett i eller i medhald av forureiningslova med forskrifter blir haldne. Klage oversendt frå Fjell kommune på forurensning i Tellnespollen var også tema for inspeksjonen. Følgjande hovudtema vart kontrollerte: internkontroll med vekt på miljørisikovurderingar, avvvikshandtering og skriftlege rutinar utsleppskontroll avfall og farleg avfall substitusjon av kjemikal løyvet 11. mars 2011 melding frå Fjell kommune om forureining i Tellnespollen 3. Oppfølging etter kontrollen Fylkesmannen fann ingen avvik innan dei områda som vart kontrollert. Inga tilbakemelding er nødvendig. Tilsynet er avslutta. 4. Kontrollgebyr Sekkingstad AS skal betale gebyr for kontrollen, jf. forureiningsforskrifta 39-6. Verksemda er i løyvet plassert i risikoklasse 3. Dette betyr at de skal betale 12 200 kroner for den gjennomførte inspeksjonen. Faktura blir ettersendt frå Miljødirektoratet. 5. Offentleggjering Denne rapporten vil vere tilgjengeleg for ålmenta via Fylkesmannen i Hordaland sin postjournal på www.fylkesmannen.no/hordaland, jf. offentleglova. 2
6. Dokumentunderlag forureiningslova produktkontrollova forureiningsforskrifta avfallsforskrifta kapittel 11 om farleg avfall internkontrollforskrifta løyvet av 11. mars 2011 Informasjon om regelverket finn de på www.miljodirektoratet.no og www.regelhjelp.no. Definisjonar Avvik: brot på krav fastsett i eller i medhald av helse-, miljø- og sikkerheitslovgjevnaden (til dømes brot på krav i forureiningslova, produktkontrollova og forskrifter heimla i desse lovene eller krav og vilkår fastsett i løyve eller dispensasjonar). Merknad: eit forhold som miljøvernstyresmaktene meiner det er nødvendig å påpeike for å ivareta helse og miljø og som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik. 7. Avvik Vi fann ikkje avvik under inspeksjonen. 8. Merknader Vi har gitt følgjande merknad under inspeksjonen: Merknad 1: Verksemda har eigen konteinar for lagring av kjemikalie, men ved tilsynet var tre plastdunkar med kjemikalie (olje) lagra i rommet for farleg avfall. I rommet var det sluk i golvet, slik at eventuell søl frå dunkane ikkje vert samla opp. Sjå bilde 1. Emballasjen for det farlege avfallet, (spillolje og sprayflasker) var ikkje merka med innhald eller avfallskode. Kommentarar: Farleg avfall skal handterast forsvarleg, jf. avfallsforskrifta kapittel 11-5. Alle som oppbevarer, transporterer eller handterer farleg avfall, skal treffe nødvendige tiltak for å unngå fare for forureining eller skade på menneskje eller dyr. 9. Andre forhold Tilsynet vart og gjennomført på bakgrunn av klage oversendt frå Fjell kommune på forureining i Tellnespollen. I klagen blir det vist til mykje feitt og gråkvit grums i heile Tellespollen. Det har blitt meir utslepp med åra og dette kunne skyldast utslepp frå Sekkingstad AS. 3
Ved tilsynet vart det observert kvitt skum og fiskeskjell på sjøen nær kaia ved Sekkingstad, sjå bilde 2 og 3. Verksemda meinte at dette var uvanleg mykje, men ved levering av aure til ventemerdane vart det alltid litt avrisp frå fisken til sjøen. Det vart med ein gong teke ein vassprøve. Dersom det vert observert forureining fleire gonger i Tellnespollen må ein snarast mogeleg kontakte Sekkingstad AS. Dette for at verksemda kan få ta ein prøve, for å konstatere om utsleppet kjem frå verksemda. Vi ber om å få resultata frå vassprøven sendt over til Fylkesmannen. Dersom forureininga kjem frå Sekkingstad AS ber vi om at det vert sett inn tiltak for å avgrense eventuelt stogge utsleppa. 10. Bilde Bilde teke av Fylkesmannen 28. april 2015 Bilde 1: Plastdunker med olje lagra på rommet for farleg avfall 4
Bilde 2 og 3: Skum og avrisp på sjøen ved Sekkingstad 5