Vår dato: 23.09.2013 Vår referanse: 2013/5222 Arkivnr.: 460 Dykkar referanse: Viel Ribberud Sakshandsamar: Hemsedal kommune Innvalstelefon: 32266826 3560 Hemsedal Rapport etter forvaltningstilsyn om forskrift om organisk gjødsel Samandrag Fylkesmannen gjennomførte 3. september 2013 tilsyn med Hemsedal kommune. Tema for tilsynet var kommunens forvaltning av forskrift om organisk gjødsel. Tilsynet vart gjennomført som ein revisjon. Denne rapporten omhandlar avvik og merknadar som vart avdekka under revisjonen. Rapporten omhandlar òg oppfølging etter revisjonen. Den er å anse som endelig viss vi ikkje får tilbakemelding om faktiske feil innan 9. oktober 2013. Fylkesmannen avdekka eit avvik og to merknadar under revisjonen. Avviket gjaldt følgjande: Kommunens praksis ved handsaming av søknader om nybygg og utbetring av gjødsellager og lager for silopressaft er mangelfull. Merknadane gjaldt følgjande: Vannforskriften bør bli inkludert i kommunen si forvaltning av forskrift om organisk gjødsel på en meir systematisk måte. Kommunens tilsyn etter forskrift om organisk gjødsel bør være noko meir omfattande. Avviket og merknadane er nærmare beskrive under eigne punkt. Vi ber om at kommunen innan 1. desember 2013 sender Fylkesmannen ei skriftlig melding om at avviket er retta. Oppfølginga etter revisjonen er nærare beskrive under eiget punkt. Øivind Holm avdelingsdirektør kontrollør Dette dokumentet er elektronisk godkjent og sendes utan underskrift Telefon sentralbord: 32 26 66 00 Postadresse: Postboks 1604, 3007 Drammen Internett: www.fmbu.no fax: 32 26 66 56 Besøksadresse: Statens Hus, Grønland 32, Drammen Organisasjonsnr.: 946 473 111 E-post: fmbupost@fylkesmannen.no
Side 2 av 5 Diverse informasjon Dato for revisjonen: 3. september 2013 Kontaktperson for kommunen: Viel Ribberud Til stede frå Fylkesmannen: Per Rønneberg Hauge (ved intervjua) Øivind Holm (ved sluttmøtet) Innleiing Rapporten er utarbeida etter tilsyn med Hemsedal kommune. Miljødirektoratet (tidligare Klima- og forurensningsdirektoratet og Direktoratet for naturforvaltning) har bestemt at det i 2013 skal føres eit landsomfattande tilsyn med kommunen som miljøvernmyndighet. Fylkesmannen skal utføre tilsynet i minst tre kommunar i kvart fylke, etter modell av systemrevisjon. Tilsynet gjeld kommunens myndighet om husdyrgjødsel, slik som beskrive i del III og del IV i forskrift om organisk gjødsel. Tilsynet fokuserer på korleis kommunen oppfyller krav innanfor oppgitte tema, og rapporten viser funn som tilsynet avdekka. Rapporten gir såleis ingen fullstendig tilstandsvurdering av kommunen som miljøvernmyndigheit. Formålet med tilsynet var å vurdere om Hemsedal kommune har tilfredsstillande forvaltning av forskrift om organisk gjødsel. Tilsynet omfatta blant anna: om aktiviteter vart utført slik som beskrive og uttalt korleis kommunen driv verksemda si innanfor eigne rammer, og de rammene som myndighetene har satt Tilsynet vart gjennomført ved gransking av dokumenter, ved intervju av sentralt plasserte personer i organisasjonen, og ved verifikasjon av at rutinar, prosedyrar og instrukser vert følgt opp i praksis. Rapporten beskriv avvik og merknadar som vart avdekka i tilsynet. Definisjonar Avvik: brot på krav fastsatt i eller i medhald av lov eller forskrift. Merknad: et forhold som Fylkesmannen meiner er naudsynt å påpeke for å ivareta det ytre miljøet, men som ikkje omfattast av definisjonen for avvik.
Side 3 av 5 Resultat frå revisjonen Avvik Vi fant følgjande avvik under revisjonen: Avvik 1 Kommunens praksis ved handsaming av søknader om nybygg og utbetring av gjødsellager og lager for silopressaft er mangelfull. Avvik frå Forskrift om organisk gjødsel 20 og 21. Kommentarar Søknader om nybygg, utviding eller utbetring av gjødsellager og lager for silopressaft i Hemsedal kommune blir handsama slik: byggesaksavdelinga behandlar søknadene etter planog bygningsloven, og gjev løyve. Før byggesaksavdelinga gjev desse løyva, får landbruksavdelinga sakene til uttale. Løyve om gjødsellager og lager for silopressaft vert av kommunen ikkje gjort med heimel i forskrift om organisk gjødsel. Kommunen bruker å inspisere gjødsellagra i samband med sluttgodkjenning av byggeprosjekter, men den har ikkje fast rutine for å inspisere lagera før dei blir tatt i bruk. Kommunen skal gjera vedtak om godkjenning av gjødsellager og lager for silopressaft etter forskrift om organisk gjødsel 20/ 21, i tillegg til anna lovgjeving. Kommunen skal òg kontrollere og godkjenne lagera før dei kan tas i bruk, og fatte vedtak om godkjenning. Før godkjenning vil det vere naudsynt med fysisk kontroll av lagera. Merknad 1 Vannforskriften bør bli inkludert i kommunen si forvaltning av forskrift om organisk gjødsel på en meir systematisk måte. Vannforskriften gjev føringar for norsk vannforvaltning. Hemsedal kommune har ikkje rutinar for å inkludere vannforskriften på ein systematisk måte når kommunen handsamar saker etter forskrift om organisk gjødsel. Dette kan være aktuelt for eksempel ved: nybygg/utbetring av gjødsellager søknad om utvida spreieperiode, eller ved søknad om godkjenning av spreieareal påviste punktutslepp som fører til eller kan føre til forureining Fylkesmannen meiner at kommunen på ein meir systematisk måte bør inkludere vannforskriften ved behandling av slike saker.
Side 4 av 5 Merknad 2 Kommunens tilsyn etter forskrift om organisk gjødsel bør være noko meir omfattande. Kommunens regelmessige tilsyn etter forskrift om organisk gjødsel består i kommunens 5 %- kontroll av produksjonstilskot. For krav i forskrift om organisk gjødsel, er dette fyrst og fremst ein papirkontroll av bøndenes eigenrapporterte opplysningar i «Sjekkliste for miljøhensyn ved jordbruksdrift». I tillegg gjer kommunen av og til fysiske kontrollar i samband med 5 %-kontrollen, mellom anna ved at den kontrollerer gjødsellager. Fylkesmannen meiner at tilsyn etter forskrift om organisk gjødsel òg bør inkludere ein fast/regelbunden utsjekk av bondens opplysningar, samstundes som tilsynet er risikobasert. Eksempel på områder for tilsyn er følgjande: lekkasjekontroll gjødsellager tilstrekkelig lagervolum sikring av gjødselkummer spreiing/nedmolding Gjennomføring Systemrevisjonen omfatta følgjande aktiviteter: Opningsmøte og intervjuer, 3. september 2013. Tre personer vart intervjua. Avsluttande møte, 10. september 2013 Fylkesmannens representantar la fram funna sine etter revisjonen, og kommunen kommenterte funna. Oppfølging etter revisjonen Hemsedal kommune plikter snarast å få retta avviket som er beskrive i denne rapporten. For at Fylkesmannen skal kunne avslutte saken, må kommunen innan 1. desember 2013 sende oss ei skriftleg melding med dokumentasjon som viser at avviket er retta. Vi ber om at de sender tilbakemeldingar per e-post til postmottak@fmbu.no, eller per e-post til kontrolløren (fmbuhda@fylkesmannen.no). Eventuelt kan de sende tilbakemeldingar per post til Fylkesmannen i Buskerud, postboks 1604, 3007 Drammen. Offentlegheit i forvaltninga Den endelige revisjonsrapporten vil være tilgjengelig for offentligheita på www.fmbu.no, jamfør offentleglova.
Side 5 av 5 Dokumentunderlag Dokumentunderlaget for revisjonen var: Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) Forskrift om organisk gjødsel Deltakare ved revisjonen Tabellen under viser en oversikt over funksjonane til dei personane frå kommunen som deltok ved revisjonen. Funksjon Opningsmøte Intervju Sluttmøte Rådmann x x x Leiar teknisk etat x - - Jordbrukssjef x x x Fagkonsulent landbruk x x x Fylkesmannens revisjonsgruppe bestod av følgjande personer:, revisjonsleiar Per Rønneberg Hauge, revisor (deltok ikkje ved sluttmøtet) I tillegg deltok avdelingsdirektør Øivind Holm ved sluttmøtet.