OSTERØY KOMMUNE Møteprotokoll for Formannskapet Møtedato: 03.09.2014 Møtestad: Osterøy rådhus - heradsstyresalen Møtetid: kl. 13:00 kl. 14:30 Møtedeltakarar Parti Rolle Kari Foseid Aakre AP Ordførar Jarle Skeidsvoll KRF Varaordførar Eli Hole AP Medlem Jørgen Martin Sandal SP Medlem Ingemar Tepstad H Medlem Atle Solberg H Varamedlem Knut Riple FRP Varamedlem Forfall meldt frå følgjande medl. Berit Moslett Borge Ragnar Tyssebotn Parti H FRP Følgende fra administrasjonen møtte: Rådmannen, ass. rådmann og utvalssekretær. Saknr Tittel 059/14 Godkjenning av innkalling og sakliste 060/14 Godkjenning av møtebok 061/14 Referatsaker og meldingar Sakliste
062/14 Revidert budsjett 2014 063/14 Kommuneplanen - samfunnsdelen - val av politisk arbeidsgruppe 064/14 Oppmoding om kommunal politisk behandling av KS sin medverknad i lokale og regionale prosesser i ei kommunereform. 065/14 Forslag om oppheving av lokal forskrift om skjenke- og opningstider for serveringsstadene 066/14 Regional plan for attraktive senter høyring Tilleggssaksliste Rådmannen viste til at utsende tilleggssaker måtte trekkjast tilbake då ein må ha meir tid til saksutgreiingane før politisk behandling. Ein legg no opp til behandling av sakene i eit ekstra møte 01. oktober.
059/14: Godkjenning av innkalling og sakliste Knut Riple, FRP, viste til sein utsending av saker til møtet noko som er uheldig då sakene ikkje ligg føre til gruppemøta. Ingemar Tepstad, H, viste til sein utsending av saker og at tilleggssakene ikkje er lagt ut på heimesida. Rådmannen viste til melding til formannskapsmedlemmene om tilbaketrekking av utsende tilleggssaker til dette møtet, og at sakene difor ikkje blei lagt ut på heimesida. ---------------------------------- Det vart ikkje gjort vedtak i tilknyting til merknadene. Innkalling og sakliste vert godkjent. 060/14: Godkjenning av møtebok Ingemar Tepstad, H, viste til F-sak 057/14 og tidlegare heradsstyrevedtak om sal av bygget og stilte spørsmål om ny behandling i heradsstyret. Rådmannen viste til heradsstyret sitt vedtak i H-sak 065/10 der det vart vedteke å selja bygget. Formannskapet sitt vedtak er ei oppfølgjing av heradsstyrevedtaket og seinare behandlingar i formannskapet. ----------------------------------- Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. "Møtebok frå 18.06.14 vert godkjend."
061/14: Referatsaker og meldingar Vedk. meldingnr. 4: Etter framlegg frå ordføraren slutta formannskapet seg samrøystes til å gi kr 10.000 til TVaksjonen 2014. Rådmannen sitt framlegg med slikt tillegg som foreslått i møtet - samrøystes ---------------------------------- Det vart ikkje gjort andre vedtak i tilknyting til referatsakene. Referatsakene vert tekne til vitande. 062/14: Revidert budsjett 2014 Rådmannen si saksutgreiing vart delt ut til møtet. Rådmannen orienterte kort om framlegget til revidert budsjett og kva endringar som er lagde inn. ----------------------------- Ingemar Tepstad, H, gjorde slikt framlegg om tillegg i vedtaket: "Formannskapet skal haldast orientert om kva endringar som vert sett i verk." Rådmannen sitt framlegg med slikt tillegg som foreslått i møtet - samrøystes
Formannskapet si innstilling til vedtak i Heradsstyret: Osterøy heradstyre vedtek revidert driftsbudsjett for 2014 i samsvar med skjema 1A og skjema 1B slik det går fram av saksutgreiinga. Budsjett vedteke 11.12.2013 ( sak 050/13 ) vert gjeldande med endringane i denne sak. Rådmannen har fullmakt til å gjere naudsynte endringar i drift/teneste for å tilpasse drifta til dei nye rammene. Formannskapet skal haldast orientert om kva endringar som vert sett i verk. 063/14: Kommuneplanen - samfunnsdelen - val av politisk arbeidsgruppe Ordføraren gjorde slikt framlegg: "Arbeidsgruppa får 6 medlemmer, ein frå kvart parti i heradsstyret. Framlegget vart samrøystes vedteke. Framlegg til medlemmer: Johannes Bysheim, AP, Janne Sylta, SP, Ingemar Tepstad, H, Jarle Skeidsvoll, varaordførar, KRF, Hildegunn Mo, FRP, Geir Iversen, V. - val av medlemmer Framlegget vart samrøystes vedteke. «I samband med utarbeiding av samfunnsdelen til kommuneplanen vert det vald ei politisk arbeidsgruppe. Arbeidsgruppa får seks medlemmer og desse vert valde: Johannes Bysheim, AP, Janne Sylta, SP, Jarle Skeidsvoll, varaordførar, KRF, Ingemar Tepstad, H, Hildegunn Mo, FRP og Geir Iversen, V.» 064/14: Oppmoding om kommunal politisk behandling av KS sin medverknad i lokale og regionale prosesser i ei kommunereform.
Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. «Osterøy kommune gir sin tilslutning til at KS deltar som fagleg tilretteleggjar og koordinator for lokale og regionale prosessar i det kommunereformarbeidet regjeringa etter stortingsvedtak har invitert kommunane til.» 065/14: Forslag om oppheving av lokal forskrift om skjenke- og opningstider for serveringsstadene Rådmannen sitt framlegg vart tilrådd med 5 røyster (2AP,2H,1FRP) mot 2 røyster (1KRF,1SP) Formannskapet si tilråding til vedtak i heradsstyret: «Forskrift fastsett med heimel i alkohollova 4-4 og serveringslova, 15, om skjenkeog opningstider i Osterøy kommune, vedteken i heradsstyret 21.06.06, vert oppheva med verknad frå kunngjeringsdato.» 066/14: Regional plan for attraktive senter - høyring Rådmannen si saksutgreiing vart ettersend til møtet. ----------------------------------- Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke.
"Formannskapet stør framlegg til høyringsuttale som ligg ved." Orienteringssaker Ordføraren refererte kort frå deltaking på ulike møte og arrangement, herunder - Møte i Osterfjordrådet på Høgskulen i Bergen på Kronstad. - Besøk frå fylkesadministrasjonen med synfaringar og møte i rådhuset der m.a. Bruvikvegen var tema. - Opning av ny bibliotekbuss 25. august - Møte i Samferdselsdepartementet i Oslo 26. august om bompengeselskap og bompengefinansiering - framtidig organisering - Møte med KS og Regionrådet om kommunereforma og kommunestruktur. Ein prøver å få til eit møte der Fylkesmannen og KS deltek om aktuelle alternativ for Osterøy, jfr. utdelt brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet om det same. - Jubileumsarrangementet i Osterøyhallen 31. august ---------------------------------------------- Det vart ikkje gjort vedtak i tilknyting til orienteringane. ---------------------------------------------- Til å skriva under møteboka saman med møteleiar vart desse valde: Jørgen Martin Sandal og Ingemar Tepstad. Lonevåg, 04.09.14 Bente Skjerping Utvalssekretær ------------------------------------ ---------------------------------------- ----------------------------------- Kari Foseid Aakre Jørgen Martin Sandal Ingemar Tepstad ordførar