Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg
Kva? Opne idrettsanlegg er aktivitetsflater som er opne og gratis for deltakarar som ønskjer å drive eigenorganisert aktivitet. Det er ein sosial og aktiv møteplass for mange barnefamiliar og ungdom. Kvifor? Fysisk aktivitet på eigne premissar er hovudmålet. Gjennom opne idrettsanlegg får også barn og unge som ikkje er medlem av den organiserte idretten eit tilbod om fysisk aktivitet. Korleis! Terskelen for deltaking skal vere låg og ein skal kunne drive på med allsidig eigenorganisert fysisk aktivitet. Tilbodet skal vere rimeleg, nå alle og vere ein møteplass på tvers av alder og kjønn. Suksessfaktorar 1. Forankring For å sikre at opne idrettsanlegg vert eit varig tilbod er det viktig med ei breitt samansett styringsgruppe. Til dømes kan representantar frå kommune, ungdomsråd, idrettsråd, idrettslag, friluftslivsorganisasjonar, frivilligheitsentral, politi, utekontakt vere representert. 2. Lokal tilrettelegging Tilbodet skal vere supplerande og ikkje konkurrerande tilbod til barn og unge lokalt og må såleis ikkje konkurrere med andre tiltak for same målgruppe. Kort reiseavstand til dei opne idrettsanlegga er viktig for at tilbodet blir brukt av barnefamiliar og ungdom. 3. Økonomi Kommunen kan søkje om oppstartstøtte frå Hordaland fylkeskommune på inntil kr 40 000. Dette krev ein tilsvarande eigenfinansiering.
Med omsyn til drift, har mange kommunar gjeve tilskot til idrettslag som driftar opne idrettsanlegg på dugnad. Tilskotet varierer frå kr 2 000 for open hall for barnefamiliar på dagtid i helgene, til kr 3 000 for arrangement for ungdommar på kveldstid (krev auka tilsyn). I andre hallar blir open hall tilrettelagt av tilsette i kommunen, med løn etter kommunale satsar. Det er mogleg å søkje om lokale aktivitetsmidlar (LAM) frå idrettsrådet i kommunen. 4. Personell Arbeidsoppgåvene inneber til dømes å klargjere og rydde på plass aktivitetsutstyret, ha oppsyn med deltakarane, koordinere ulike aktivitetsbehov, rettleie i bruk av utstyr og yte førstehjelp ved behov. I tillegg kan dei føre brukarstatistikk som kommunen brukar som dokumentasjon. Ved oppstart av opne idrettsanlegg er det tilrådeleg å trekke med seg røynde aktivitetsleiarar med god kunnskap om gjennomføring av fysisk aktivitet og tryggleik. Kjende personar i nærmiljøet kan gjere det lettare å få folk til å vere med. I Bergen, der det kan vere om lag 500 barn og unge innom hallen ein føremiddag, er idrettslaga pliktig til å ha minimum tre personar tilstades - ein vaksen over 25 år og to ungdommar over 17 år. Kommunen kan gje arbeidsklede til aktivitetsleiarane for å gjere dei meir tilgjengelege for publikum. 5. Kompetanse Det er viktig at dei som skal tilretteleggje for aktivitet i dei opne idrettsanlegga har ein formell kompetanse. T.d. dekker Bergen kommune eit obligatorisk aktivitetsleiarkurs for alle involverte. I tillegg vert det stilt krav om at aktivitetsleiarane skal gjennomgå brannvern- og førstehjelpskurs.
6. Utstyr i anlegga I utgangspunktet kan ein nytte utstyr som allereie er tilgjengeleg i idrettsanlegget. Utstyr som skapar stor aktivitet i ein hall er m.a. hoppemadrass, ulike ballar, hoppetau, rokkeringar, rulleskeiser, trehjulssyklar, sparkehjul. I Bergen kommune brukar dei om lag kr 150.000 200.000 til innkjøp av aktivitetsutstyr ved oppstart av nye opne halltilbod. Utstyret bør fordelast i ulike sonar av idrettshallen: turn, klatring, sykkel, ballspel, rulleskeiser o.l. Dette kan gjerast ved å trekke ned skiljeveggene i idrettshallen eller dele aktivitetsflata med vant. Soneinndelinga har førebyggjande effekt med omsyn til skadar. Ved oppstart av open hall bør ein syte for god plass til lagring av aktivitetsutstyret. Utlån av utstyret til idrettslag og skular er mindre fordelaktig ettersom leikar, ballar og anna utstyr kan forsvinne. Førstehjelpsutstyr skal vere tilgjengeleg. 7. Kontinuitet Eit regelbunde aktivitetstilbod er avgjerande for å lukkast med opne idrettsanlegg. I Bergen kommune veit publikum at det arrangerast open hall for barnefamiliar frå kl. 10.00 13.00 laurdag/ søndag frå september til mai i 15 idrettshallar. Annakvar fredag er det open hall for ungdom. Erfaring viser også at det er viktig med kontinuitet i høve til personell. Det medfører fagleg flinke aktivitetsleiarar som likar å samhandle med barn og unge. Det er viktig at tida som er avsett til open hall vert nytta til open hall og ikkje omfordelt til andre aktivitetar sjølv om det er få deltakarar i byrjinga. 8. Marknadsføring For å få synleggjort tilbodet om opne idrettsanlegg er det viktig å nytte kanalar som målgruppene brukar; m.a nettsidene til kommunen, plakatar, infoskriv til barnehagebarn og elevar i barne- og ungdomsskulen, jungeltelegrafen, sms, annonse i lokalavisa.
9. Andre samarbeidspartnarar Det er viktig å inkludere ungdommar i planlegginga og gjennomføringa av opne idrettsanlegg både når det gjeld form og innhald på tilbodet. Idrettskretsen og Olympatoppen vest kan tilby aktivitetskurs, Røde kors tilbyr kurs i førstehjelp og brannvesenet kan bidra i høve til brannvern. I høve til tryggleik kan politi, utekontakt og natteravnar vere naturlege samarbeidspartnarar. 10. Ulike modellar Opne idrettshallar for barn og vaksne. Dette er eit aktivitetstilbod der barn er i fysisk aktivitet saman med føresette. Opne idrettsanlegg for ungdom. Dette er ein aktiv møteplass tilrettelagt spesielt for ungdom som ønskjer å vere i fysisk og/eller sosial aktivitet saman med vener og andre på same alder. Det fysiske aktivitets-tilbodet bør kombinerast med til dømes internettkafé eller andre liknande sosiale aktivitetar slik at det blir ein treffstad for ungdom. Open hall i midttime/etter skuletid. Denne modellen går ut på å opne idrettsanlegget for barn og unge i skuletida eller like etter at skulen er ferdig. Opne idrettsanlegg i feriar. Nokre kommunar i Hordaland har valt å opne nokre idrettsanlegg i skulen sine feriar. Målgruppa for dette har vore både barn og ungdom. Kveldskøyring i Eikedalen. Askøy kommune har gjeve tilbod til ungdom om fellesbuss til Eikedalen alpintsenter. Tilbodet har ikkje vore gratis, men subsidiert av kommunen slik at flest mogleg har kunne fått ski-opplevingar i løpet av vinteren. Basistrening for ungdom. Dette kan vere eit ope tilbod for alle ungdommar m.o.t alder, kjønn, meistring og idrett. Fokus er på allsidig og moro trening av basisferdigheiter. Olympiatoppen Vest kan skulere instruktørar i konseptet.
Nattcup. Dette er ein cup der ungdom sjølv arrangerer ei mixturnering i ulike aktivitetar på kveldstid/natt. Inntekt på kiosk-sal går til arrangør. Open symjehall/ Funivann. Symjehallen opnast for barn og ungdom, der aktivitetar som undervatn-hockey, dykking, klatring, vatn-diskoket og ulike ballspel vert introdusert. FYSAK Allaktivitetshus. I Bergen finst det ein eigen hall for ungdom som ikkje høyrer til i den organiserte idretten og som ønskjer å drive eigen organisert aktivitet. Hallen opna for publikum 1. oktober 2007 og har utvikla seg til å bli eit populært tilbod for mange ungdommar. Hallen er open frå måndag til fredag frå kl. 08.00 23.00 og i helgene frå kl. 12.00-20.00. Web-sider/adresser der ein finn meir informasjon www.hordaland.no/idrett www.bergen.kommune.no/idrett
FYSAK Allaktivitetshus i Bergen.
Kultur- og idrettsavdelinga Agnes Mowinchelsgate 5 Postboks 7900 5020 Bergen www.hordaland.no/idrett