SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Formannskapet 12.03.2008 015/08 Kommunestyret 28.04.2008 030/08 Sakshandsamar Bård Fløde Arkiv FE-C34, TI-&18 Arkivsak 08/91 Konsesjon video/ DVD Dokumentliste Nr T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 1 S 19.02.2008 Konsesjon video/ DVD 3 I 06.04.2008 Stadt Kino Søknad om konsesjon for kinodrift Saka gjeld Konsesjon for utleige og sal av video/dvd ikkje har vore handsama i Selje kommune på mange år. Tidlegare gjevne konsesjonar er dermed ikkje fornya i tråd med lovverket. Sakshansamar har no, med utgangspunkt i gjeldande lov, forskrifter og rundskriv, og med bakgrunn i aldre kommunar sine rutinar, utarbeidd framlegg til retningsliner /konsesjonsvilkår og søknadskjema for konsesjon for slik utleige/sal. I Lov om film og videogram av 1987 nr. 21 2 står det: Framsyning og omsetning av film eller videogram i næring må ikkje skje utan løyve frå kommunestyret eller den kommunestyret har gitt fullmakt. Dette gjeld ikkje omsetning av film eller videogram for vidareomsetning. Løyvet kan givast for ein periode på opptil fem år. Løyvet kan nektast eller trekkjast attende dersom løyvehavaren bryt reglar i denne lova eller i forskrifter til denne lova, straffelova 204 eller 382 eller bryt vilkåra som er sette ved tildeling av løyvet. Kommunen og Medietilsynet har rett til å gjennomføre naudsynt kontroll med at den løyvepliktige verksemda blir driven i samsvar med dei reglane som gjeld. Kommunen kan fastsetje vilkår for løyve til framsyning av film og videogram. Det kan ikkje fastsetjast vilkår som inneber totalforbod mot framsyning av film eller videogram i ein kommune. Ved omsetning av videogram skal den som omset videogram til kunden i løyvepliktig verksemd, ha fylt 18 år. Det kan ikkje omsetjast videogram til den som ikkje har nådd den aldersgrensa som er sett for videogrammet.
I dei kommunar sakshandsamar har sett på i førebuinga av saka, er tildeling av konsesjon delegert til rådmann. I gjeldande lov kan løyve gjevast i inntil fem år. Mange kommunar nyttar fire år. Regelverket blir praktisert slik at alle løyve må fornyast samstundes. Nye løyve tildelt i løyveperioden blir gjeve løyve ut perioden. Delegering i denne saka bør innarbeidast i delegasjonsreglementet som er under revidering. Framlegg til retningsliner og kriteriar: RETNINGSLINER OG KONSESJONSVILKÅR FOR OMSETNING AV VIDEOGRAM/ DVD I NÆRING I SELJE KOMMUNE 1. VIRKEOMRÅDE Konsesjonsvilkåra gjeld for all omsetning av videogram/dvd som er konsesjonspliktig i næring i henhald til lov om film og videogram av 15. mai 1987 nr. 21 2, Forskrift nr. 1515 av 1999: Forskrift om film og videogram og Rundskriv av 31.12.2004 frå Kultur- og kirkedepartementet. 2. ANNA REGELVERK Alle konsesjonsinnehavarar pliktar å sette seg inn i og overhalde lovføresegn gjevne i overnemnde lov, forskrift og rundskriv. Konsesjonsinnehavaren skal påsjå at det i næring kun vert omsett videogram/dvd som forskriftsmessig er merka og registrert i Statens filmtilsyn/ Medietilsynet. 3. KONSESJONSVILKÅR a. Konsesjonen vert gjeven til føretak som driv omsetning av videogram/dvd. Konsesjonen kan ikkje overdragast. Dagleg leiar skal registrerast.ved skifte av dagleg leiar, skal dette meldast til kommunen. b. Konsesjonen gjeld kun i dei forretningslokala som er oppgjevne i konsesjonsvilkåra. c. Det kan ikkje omsettast videogram til den som ikkje har nådd den aldersgrense som er sett for videogrammet/dvd. Fullmakt frå foreldre/ føresette gjev ikkje høve til å leige/ kjøpe videogram/dvd på tvers av aldersføresegnene. d. Ved omsetting av videogram/dvd skal den som omset til kunden, ha fylt 18 år. e. Ny verksemd kan først settast i gong når det er gjeve konsesjon. 4. SAKSHANSAMING KONTROLL a. Med heimel i lov av 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram 2 er konsesjonsmyndet tillagt kommunestyret eller den kommunestyret delegerer til. b. Kommunen har rett til å føreta kontroll av verksemda og følge opp at konsesjonsvilkåra ved omsetning av videogram/dvd vert haldne. 5. KLAGE Vedtak om konsesjon i henhald til lov om film og videogramlova 2 er einskildvedtak som kan påklagast etter forvaltningslova. 6. TILBAKETREKKING AV KONSESJON
Etter lov om film og videogram 2, kan konsesjonen trekkast attende viss konsesjonsinnehavarane bryt reglane i lova eller forskriftene til denne; eller bryt vilkåra som vart sett ved tildeling av konsesjon. 7. KONSESJONSPERIODEN Konsesjon vert gjeve for inntil fire år. Alle konsesjonar har same utløpsdato. Verksemder som vert gjevne konsesjon i ei konsesjonsperiode, vert gjevne konsesjon fram til felles utløpsdato. Melding om opphøyr av verksemda skal sendast skriftleg til kommunen. 8. SØKNADSKJEMA Søknadskjema for sal og utleige av video og DVD kan ein få ved å vende seg til Selje kommune eller finne på kommunen si heimeside. Erklæring etter vilkåra 5 må leggast fram på forlangande. Søknad vert å sende til Selje kommune, 6740 Selje 9. IKRAFTSETTING Desse konsesjonsvilkåra trer i kraft 01.05.2008. Framlegg til søknadskjema: SELJE KOMMUNE Oppvekst og Kultur SØKNAD OM KONSESJON SOM VIDEO-/DVD-FORHANDLAR I SELJE KOMMUNE Føretaksnummer Firmanamn Postadresse Besøksadresse Telefon Epost Dagleg leiar Dagleg leiar si adresse Dagleg leiar sin telefon
Dagleg leiar si epostadresse Evt. filialnamn Postadresse filial Besøksadresse filial Telefon filial Kontaktperson filial Søkjar er kjend med innhaldet i Lov om film og videogram av 15. mai 1987 nr. 21 2, Forskrift nr. 1515 om film og videogram av 1999, Rundskriv frå Det Kongelige Kultur- og kirkedepartementet av 31.12.2004 og seinare endringar. Søkjar har motteke og gjort seg kjend med Selje kommune sine retningsliner og konsesjonsvilkår. Underskrift Stad Dato Dagleg leiar Søknad vert å sende til Selje kommune, 6740 Selje Saksgang Kommunestyret gjer vedtak TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN 1. Framlegg til retningsliner /vilkår og søknadskjema blir vedtekne for Selje kommune slik dei ligg føre i saksutgreiinga. 2. Vedtak om tildeling av konsesjon for sal og utleige av video/dvd blir delegert til rådmannen 3. Ny søknadsrunde for tildeling av konsesjonar vert annonsert i lokalpressa og på kommunen si heimeside for tildeling i kommande fireårsbolk. Då må alle eksisterande og nye utleigarar/ selgarar av video/dvd søke om konsesjon.
Handsaming i Formannskapet - 12.03.2008 FS-015/08 FRAMLEGG Som tilrådinga frå administrasjonen. Samrøystes. Handsaming i Kommunestyret - 28.04.2008 KS-030/08 VEDTAK Som framlegget frå formannskapet. Samrøystes. Utskrift til: Sakshandsamar for effektuering