ULSTEIN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Ingunn Hestnes Arkivsak: 2017/1414 Løpenr.: 8482/2017 Utvalsaksnr. Utval Møtedato 17/65 Ulstein formannskap 27.06.2017 NY REVISJON AV REGLEMENT FOR HANDEL UTANOM FAST UTSALSSTAD FRÅ KOMMUNAL EIGEDOM I ULSTEINVIK Saka gjeld: Under festivalar og ved andre arrangement i sentrum har ein sett ein auke i talet på boder/ telt som sel mat utanom fast serveringsstad. Denne verksemda har utvikla seg frå å vere av meir tilfeldig karakter til ei regelmessig verksemd, noko som gjer at krava i serveringslova om mellom anna serveringsløyve og krav til etablerarprøve gjeld. Rådmannen tilrår difor at det vert gjort mindre endringar og presiseringar i reglementet for handel utanom fast utsalsstad frå kommunal eigedom i Ulstein kommune for å løfte fram krava i lovverket. Vedtak i Ulstein formannskap 27.06.2017: handel utanom fast utsalsstad frå kommunal eigedom i Ulsteinvik, med følgande endring: Punkt 6.5, siste setning vert stroke. Handsaming: Tilråding frå rådmannen: handel utanom fast utsalsstad frå kommunal eigedom i Ulsteinvik.
Framlegg A frå ordføraren: [Tillegg til punkt 1] i Ulsteinvik, med følgande endring: Punkt 6.4 vert stroke. Framlegg B frå ordføraren: i Ulsteinvik, med følgande endring: Punkt 6.5, siste setning vert stroke. Røysting: Tilrådinga frå rådmannen vart vedteken med 7 mot 0 røyster. Framlegg A frå ordføraren fekk 2 røyster og fall. Framlegg B frå ordføraren vart vedteke med 4 mot 3 røyster. Tilråding frå rådmannen: handel utanom fast utsalsstad frå kommunal eigedom i Ulsteinvik.
Saksfakta: Ulstein formannskap vedtok den 15.5.17 i sak PS 17/36 at utkast til endringar i reglementet for handel utanom fast utsalsstad frå kommunal eigedom knytt til forbod mot våpenkopiar og legaliseringssymbol m.m. vart lagt ut på høyring før handsaming I etterkant av Smak av Ulstein vurderer administrasjonen at det er naudsynt med ytterlegare endringar og presiseringar i regelverket for handel på kommunal grunn. Under festivalar og ved andre arrangement i sentrum har ein sett ein auke i talet på boder/ telt som sel mat utanom fast serveringsstad. Denne verksemda har utvikla seg frå å vere av meir tilfeldig karakter til ei regelmessig verksemd. Dette inneber at krava i serveringslova om mellom anna serveringsløyve og etablerarprøve gjeld. Det følgjer av 2 i lov om «Lov om serveringsvirksomhet (serveringsloven)» at denne gjeld: «etablering og drift av alle serveringssteder der det foregår servering av mat og/eller drikke og hvor forholdene ligger til rette for fortæring på stedet.» Lova sine føresegner gjeld berre for servering som skjer i næring, jf. 2 første ledd bokstav a), og gjeld ikkje for serveringsstader som vert drive av lag, foreiningar o l, der formålet med serveringa utelukkande er å skaffe inntekter til drift av laget, foreininga o l. jf. 2 første ledd, bokstav g. Det går fram av forarbeida til lova (Ot.prp. nr. 55 (1996-97) s 76) at lovgjevar med omgrepet "næring" meiner at drifta av ein serveringsstad må vere forretningsmessig organisert, ha eit visst preg av offentlegheit og regelmessigheit for å kome inn under virkeområdet. Når det gjeld unntaket for lag, foreiningar m.m. uttalar forarbeida (Ot.prp. nr. 55 (1996-97) s 77) at: «Det som kjennetegner denne type virksomhet er at serveringen ofte drives av ulønnet arbeidskraft (foreningens medlemmer) og at serveringen først og fremst er beregnet på foreningens egne medlemmer samt tilskuere ved ulike arrangementer. Foreningens primære formål er et helt annet enn å drive serveringsvirksomhet, og på bakgrunn av virksomhetens karakter vil det virke urimelig om den skal omfattes av serveringsloven. Det absolutte kravet om at inntekten utelukkende må gå til selve driften av laget, foreningen o l setter en grense for de tilfeller der serveringsvirksomheten får et større omfang og inntektene brukes til å finansiere tiltak i regi av foreningen, laget e l. I slike tilfeller faller virksomheten innenfor lovens virkeområde.» Det følgjer av serveringslova at den som 3 og 5 at verksemder som er omfatta av lova må søke serveringsbevilling og at dagleg leiar må ha gjennomført etablerarprøve. Saman med søknaden om serveringsløyve skal det mellom anna leggast ved skatteattest. Formålet med dette er å få dokumentert søkar sin vandel, derunder om det er betalt skatt og avgifter. Før kommunen gir løyve skal vidare det innhentast uttale frå politiet, og kommunen kan innhente uttale frå andre offentlege instansar som til dømes skattemyndigheitene. I Ulstein kommune sitt reglement av 23.04.2015 for handel utanom fast utsalsstad frå kommunal eigedom i Ulsteinvik, går det fram av punkt 6.1 at:
«Omsetjing frå kommunale areal skal skje etter dei til ei kvar tid gjeldande lover og forskrifter som gjeld for vedkomande handel. For eksempel skal sal av næringsmiddel meldast til Mattilsynet, sal av brukte og kasserte ting krev løyve frå Politiet, og etablering av serveringsstad krev serveringsløyve frå kommunen.» Etter gjeldande reglement har kommunen/ festivalarrangør heimel til å krevje at dei som leiger torgplass legg fram dokumentasjon på naudsynte løyver, derunder serveringsløyve. Det er ikkje presisert i regelverket at dei som leiger kommunal grunn pliktar å ha naudsynt forsikring, og legge fram dokumentasjon på dette. Det er viktig å sikre at til dømes tivoli og andre verksemder som inneber risiko for skade har naudsynte forsikringar, i tillegg til andre offentlege løyve. Ting tyder på at korkje kommunen, eller festivalarrangørar har praksis for å krevje dokumentasjon på at alle løyve/ forsikringar er på plass, før ein leiger/ framleiger kommunal grunn. Dette kan mellom anna skuldast at det ikkje går uttrykkelge fram av reglementet at krav til serveringsløyve også gjeld for midlertidige boder/ telt/ vogner, som driv matservering i næring. Når det gjeld handhevinga av serveringslova, so er det er politiet som har mynde til å stenge serveringsstader som manglar serveringsløyve, eller som fortset å drive ein serveringsstad etter at eit slikt løyve er suspendert eller tilbakekalla av kommunen, jf. serveringslova 20. Vurderingar og konklusjon: Administrasjonen vurderer at det er naudsynt med ein betre kontroll av dei aktørane som ynskjer å leige kommunal grunn, for å hindre at useriøse aktørar etablerer midlertidige serveringsstader, samstundes som ein ivaretek andre serveringsstader sine interesser. Reglementet for handel utanom fast utsalsstad frå kommunal eigedom i Ulsteinvik gjeld for heile sentrum, men omfattar ikkje privat grunn. Ansvaret for å handheve gjeldande lover og forskrifter ovanfor leigetakarar på privat grunn ligg soleis på privat grunneigar. Ved å presisere og ta inn krav om serveringsløyve, forsikring og krav om særskilt løyve for sal av nattmat i det kommunale reglementet, vert det kjent på ein føreseieleg måte kva som krevst for å få leige kommunal grunn. Eit klårare regelverk sikrar og at søknadar om leige vert handsama likt, og at festivalarrangører som framleiger areal stiller dei sama krava til leigetakar som kommunen. Rådmannen tilrår difor at ein i tillegg til endringane knytt til forbod mot våpenkopiar og legaliseringssymbol, gjer ovannemnde endringar i Ulstein kommune sitt reglement for handel utanom fast utsalsstad. Dersom ein sender endringsforslaget ut på offentleg høyring i juni/ juli, kan kommunestyret handsame alle dei føreslegne endringane i reglementet samla i september. Folkehelse- og miljøkonsekvensar: ingen kjende Økonomiske konsekvensar: ein vil få betre kontroll med verksemdene ein leiger ut til og på den måte førebyggje at useriøse aktørar konkurrerer på ulike vilkår med seriøse verksemder. Ved at ein skjerpar praksis vil enkelte aktørar som tidlegare har fått leigd grunn risikere å få avslag på søknad om leige, og tape omsetning.
Beredskapsmessige konsekvensar: ingen kjende Lenke til meir informasjon: Serveringslova Verner Larsen rådmann Ingunn Hestnes jurist Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.