SELJE KOMMUNE Administrasjonsutvalet Møtebok Møtedato: 17.09.2012 Møtetid: Kl. 12:00 13.00 Møtested: Kommunehuset, 3 etg. Saksnr.: 008/12-011/12 Følgjande medlemmer møtte Ottar Nygård, Gunn Sande, Toril Sande, Anne Lise Drage, Raymond Myren, Kenneth Brandal, Ossrun Hjelle, Jon Drage og Sissel Solheim Følgjande medlemmer møtte ikkje Svein Hansen Følgjande varamedlemmer møtte Ove Swensen Følgjande frå administrasjonen møtte Merknad til innkallinga Ingen Merknad til saklista Ingen
Følgjande saker vart handsama Sak nr. Sakstittel 008/12 Godkjenning av møtebok 009/12 Delegasjonssaker 010/12 Referatsaker 011/12 Seniortiltak Tilleggsaker: Utskrift protokoll: Medlemmar, møtande varamedlemmar, biblioteka, abonnentar Utskrift møtebok: Abonnentar, kontrollutvalet, kommunekassa, revisor Signatur:
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 17.09.2012 008/12 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Godkjenning av møtebok Arkiv: FE- Arkivsaknr 12/1029 TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN: Møteboka frå møte 09.05.12 vert godkjent slik den ligg føre. Handsaming i Administrasjonsutvalet - 17.09.2012 ADM-008/12 VEDTAK Som tilrådinga frå admin. Samrøystes. 009/12: Delegasjonssaker TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Delegerte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 17.09.2012 009/12 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Delegasjonssaker Arkiv: FE- Arkivsaknr 12/1027 DAD. 043/12: Tilsetjing av heimehjelp - 36,5% vikariat - ID 490.73 DAD. 044/12: Tilsetjing av 50% vikariat fagarbeidar i heimetenesta - f.t. ved Tryggleiksavdelinga - ID 440.31 DAD. 045/12: Tilsetjing av fagarbeidar f.t. ved Tryggleiksavdelinga - 65% vikariat - ID 440.55 DAD. 046/12: Tilsetjing av fagarbeidar - 75% vikariat i vernepleietenesta - omsorgsbustad på Stadlandet- ID 473.10 DAD. 047/12: Tilsetjing i vernepleietenesta -75% vikariat som fagarbeider- ID 473.11 DAD. 048/12: Tilsetjing av fagarbeider - 90% vikariat på Stadlandet Oppvekstsenter - ID 220.82 DAD. 049/12: Tilsetjing av sjukepleier ved Seljetunet - 93% stilling ID 420.36 DAD. 050/12: Tilsetjing av fagarbeidar - Ytre Stad skule og barnehage - ID 240.73 DAD. 051/12: Tilsetjing av reinhaldsleiar/reinhalder - 100% fast stilling - ID 230.70 DAD. 052/12: Tilsetjing av lærar i 100% vikariat f.t. ved Flatraket skule ID 230.31 DAD. 053/12: Tilsetjing av pedagogisk leiar i Flatraket Barnehage - 100% vikariat - ID 270.22 DAD. 054/12: Tilsetjing av fagarbeider - 100% vikariat i perioden 06.08.12-31.07.13 i Flatraket barnehage
DAD. 055/12: Tilsetjing av fagarbeider 60% vikariat ved omsorgsbustader i Selje (Vernepleietenesta )-ID 470.59 DAD. 056/12: Tilsetjing av fagarbeider - 50% fast stilling i vernepleietenesta f.t. omsorgsbustadar i Selje - ID 47.82 DAD. 057/12: Tilsetjing av assistent - 20% vikariat i vernepleietenesta knytt til avlastning for barn på Stadlandet - ID472.04 DAD. 058/12: Tilsetjing av fagarbeidar - Ytre Stad skule og barnehage - vikariat -ID 240.71 og 240.72 DAD. 059/12: Tilsetjing av reinhaldar - 25% vikariat - ID210.74 DAD. 060/12: Tilsetjing av reinhaldar - 100% fast stilling - ID420.20/420.21 DAD. 061/12: Tilsetjing av sakshandsamar - plan og utvikling - 100 % vikariat - ID 511.39 DAD. 062/12: Tilsetjing av prosjektleiar - dagtilbod relatert til dementplan 2015 DAD. 063/12: Tilsetjing av helsesøster - 40% fast stilling - ID 416.22 TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Delegerte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. Handsaming i Administrasjonsutvalet - 17.09.2012 ADM-009/12 VEDTAK Som tilrådinga frå sdmin. Samrøystes.
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 17.09.2012 010/12 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Referatsaker Arkiv: FE- Arkivsaknr 12/1028 Refererte skriv og meldingar: Tilleggsreferat: Det ligg ikkje føre referat til møtet. TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Referatsaker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. Handsaming i Administrasjonsutvalet - 17.09.2012 FRAMLEGG FRÅ ADMINISTRASJONSUTVALET Sjukefråvær i Selje kommune vert teke opp som sak i Arbeidsmiljøutvalet ADM-010/12 VEDTAK Som framlegget frå Administrasjonsutvalet Samrøystes.
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 17.09.2012 011/12 Sakshandsamar Bård Fløde Seniortiltak Arkiv FE-456 Arkivsak 12/1026 Saka gjeld Statistikken syner at Selje kommune har meir enn 50 tilsette som er fylt 58 år. Kommunen vil difor i tida som kjem måtte forholde seg til at ein del av desse ønskjer tilrettelagde ordningar med t.d. delpensjon/afp-avtalar. Selje kommune bør difor ha gjort prinsipielle vedtak som kan ligge som grunnlag for administrativ handsaming av slike søknadar. Opplysningar til saka I nokre høve vil ikkje ønskjet om reduksjon i stillinga i høve t.d. AFP- avtale, vere muleg å innfri frå arbeidsgjevar si side. Ein del stillingar må i utgangspunktet fyllast av ein person i 100% (eller tilnærma 100%). I slike høve kan det vere aktuelt for arbeidstakaren å søkje om å få endra tenestetilhøve for å kunne ta ut delpensjon. Lover/regelverk HTA, Arbeidsmiljølov Sakshandsamar si vurdering Administrasjonen har behov for nokre godkjende retningsliner som regulerer mulegheitane for tilrettelegging for eldre arbeidstakarar, og gjev signal om korleis framtidige søknadar skal handsamast. Framlegg til grunnlag: 1. Arbeidsgjevar må gjere ei vurdering om delpensjon kan innvilast i noverande stilling. I dei høve dette kan innvilgast, skal regelverket i hovudtariffavtalen følgjast, og det vert gjort lokal individuell avtale om innhald i resterande stilling. Her skal det takast omsyn til arbeidstakar sin kompetanse og arbeidsgjevar sine behov. Det vert forhandlingar mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar om ny arbeidsavtale.
2. Viss ikkje delpensjon kan innvilgast i noverande stilling, kan det forhandlast om overgang til anna stilling i organisasjonen. I slike høve må det takast omsyn til kompetansen den tilsette innehar, og arbeidsgjevar sine behov. Det skal forhandlast om, og gjerast individuell avtale om innhaldet i den nye stillinga. I dei fleste tilhøve vil det her vere stillingar som på gjeve tidspunkt er ledige i organisasjonen. 3. Kva gjeld lønstilhøve i høve overgang til evt. lågare lønna stilling, skal arbeidstakar kunne innvilgast å behalde noverande løn, men utan mulegheit til lønsavansement før vedkommande evt. tek seg sjølv att i den nye lønsstigen. 4. Administrasjonen på rådmann-/kommunalsjefsnivå får delegert fullmakt til, på grunnlag av overnemnde retningsliner, å føre forhandlingar og inngå avtalar om senioravtalar. Saksgang Administrasjonsutvalet gjer vedtak. TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Rådmann får delegert fullmakt til å føre forhandlingar og inngå senioravtalar på følgjande grunnlag: 1. Arbeidsgjevar må gjere ei vurdering om delpensjon kan innvilgast i noverande stilling. I dei høve dette kan innvilgast, skal regelverket i hovudtariffavtalen følgjast, og det vert gjort lokal individuell avtale om innhald i resterande stilling. Her skal det takast omsyn til arbeidstakar sin kompetanse og arbeidsgjevar sine behov. Det vert forhandlingar mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar om ny arbeidsavtale. 2. Viss ikkje delpensjon kan innvilgast i noverande stilling, kan det forhandlast om overgang til anna stilling i organisasjonen. I slike høve må det takast omsyn til kompetansen den tilsette innehar, og arbeidsgjevar sine behov. Det skal forhandlast om, og gjerast individuell avtale om innhaldet i den nye stillinga. I dei fleste tilhøve vil det her vere stillingar som på gjeve tidspunkt er ledige i organisasjonen. 3. Kva gjeld lønstilhøve i høve overgang til evt. lågare lønna stilling, skal arbeidstakar kunne innvilgast å behalde noverande løn, men utan mulegheit til lønsavansement før vedkommande evt. tek seg sjølv att i den nye lønsstigen. Handsaming i Administrasjonsutvalet - 17.09.2012 ADM-011/12 VEDTAK Som tilrådinga frå admin. 10 røysteføre Samrøystes.