Vi byggjer... FOSSHAUGANE CAMPUS. Idrett Helse Media Nettverk

Like dokumenter
HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

SOGN driftig raus ekte

Kaupus. - Forprosjekt - etablering av Vitensenter - Potensialet i og rundt eit Vitensenter

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

Rådgjevarkonferansen 2009

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

INTERNASJONAL STRATEGI

Kva kan gjerast for at kommunane og fylkeskommunen arbeider stadig betre med næringsutvikling: Temaet no: Nytt næringshageprogram

Presentasjonstittel settes her. (Arial Bold: Samme punktstørrelse og leading)

Kommunedelplan for oppvekst

STRATEGISK PLAN

Til veljarane i Tysnes

Sogn frisklivssentral Innovasjonskonferanse Helse&omsorg Tysdag 20.mai 2014

Universitetet Møre kan det bli ein realitet? NORDMØRSKONFERANSEN 2008 Fylkesdirektør Ottar Brage Guttelvik

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Program for. Årdal Venstre

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Ny regional satsing frå Norges Forskingsråd, i Sogn og Fjordane VRI 4

STRATEGIPLAN IL HØDD FOTBALL

VI L D U VI TE MEI R OM......naturvitskap?...energi?

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Velkommen til. årsmøte!

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

Skule- og barnehageutvikling i Sogn regionråd Satsing på betra psykisk helse

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Presentasjonstittel settes her. (Arial Bold: Samme punktstørrelse og leading)

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

Delrapport 2 Modell 2

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Ål Venstre. Ål Venstre

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Plantema nyskaping i verdiskapingsplanen

VITENSENTERET I SOGN OG FJORDANE EI SATSING PÅ FRAMTIDA!

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Søknad fra Lions Club Fjaler

Invitasjon til Fylkesmesse for ungdoms- og studentbedrifter Fosshaugane Campus, Sogndal torsdag 6. mars 2014

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

SOGN driftig raus ekte

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

S T R A T E G I D O K U M E N T

Referat frå møte i Internasjonalt forum

SAKSFRAMLEGG. Framlegg til vedtak: ::: &&& Sett inn innstillingen under &&& Vedlegg: Oppsummering frå møtet

Strategi Ny kunnskap ny praksis

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

UTVIKLINGSPLAN FOR NESSE OPPVEKSTSENTER

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Offentleg helsearbeid i kommunehelsetenesta Leikanger, Synne Aafedt Liljedahl, helserådgjevar.

Vitensenteret i Sogn og Fjordane

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Oppsummering kvalitetsdialog 11 april

Vestlandsk Vidsyn. 25. Sept 2013 Gro Rukan

Kaupus Innleiing - Forprosjektet Kaupus - Konkrete mulegheiter og idéar Kaupus 2.0

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Regional plan for attraktive senter i Hordaland. Kap. 3 Tenester, arbeidsplassar og kulturtilbod Marit Rødseth, plansjef,

Styremøte og opplegg for styret i Regionalt Forskingsfond Vestlandet

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Frå konferanse til styrerom vegen vidare

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE POLITIKARDAG 4.NOVEMBER 2014

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Næringspolitikk for auka nyskaping og betre konkurranseevne

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Framtidas kunnskapsklynge i Nye Øygarden kommune

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

REGIONALE IDRETTSANLEGG

Frå visjon til realitet November 2012

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

VOLDA KOMMUNE Lauvstad barnehage

Strategifrukost/lunsj

Frivilligpolitisk plattform

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Samarbeid mellom fylkeskommunen og kunnar om fortetting og knutepunktsutvikling

Sogn regionråd vedtok i møtet partnarskapsavtale for styrka psykisk helse i barnehagar og skular i Sogn.

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Transkript:

Vi byggjer... FOSSHAUGANE CAMPUS Idrett Helse Media Nettverk

VI BYGGJER... lokale Første etappe av målet gjennomfører vi no ved å etablere tenlege lokale som fremjar samspel gjennom høg kvalitet på teknisk infrastruktur. Vi sparer ressursar gjennom samdrift og satsar på ein arkitektur som fremjar konkurranseevna i høve til andre i kampen om studentar og andre brukargrupper. smeltedigelen Samlokalisering av idrett, undervisning og forsking har gitt inspirasjon til nye aktivitetar og nye bedrifter. Kombinasjonen av idrett, mosjon, fysisk fostring, helse og IKT har eit stort potensiale for næringsutvikling. Sognahallen har utvikla seg til eit skapande og dynamisk miljø der idear ynglar og initiativa raskt blir sette ut i livet. No utvidar vi smeltedigelen til å inkludere: draumen Draumen om å skape det beste utviklingsmiljøet i Noreg handlar om: å gje ungdom og vaksne lyst til å lære av kvarandre å gje regionen lyst til utvikling å gjere entreprenørskap til kjerneverdi framtida til fylket næringsvit målet Målet er å byggje vidare på samspelet mellom intellektuell og sosial utvikling, mellom entreprenørskap og ungdommeleg pågangsmot, mellom det profesjonelle og det frivillige. 450 elevar i grunnskulen 770 elevar ved Sogndal vidaregåande skule 1500 studentar i Høgskulen i Sogn og Fjordane 500 aktive born under 12 år 1500 konkurranseutøvarar og mosjonistar 30 profesjonelle fotballspelarar 500 tilsette innafor fag, drift og administrasjon og eit stort tal frivillige fordelte på tre offentlege institusjonar og førebels sju private verksemder

Saman har Sogndal vidaregåande skule, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Idrettssenteret, Sogndal Fotball og idrettskrinsen nærare 80 årsverk som arbeidar med kompetanse og utdanning knytta til idrett. Idrettssenteret vart skapt gjennom etableringa av Sognahallen og samlokalisering av Sogndal Fotball og idrettsutdanninga til høgskulen. I dag tel det miljøet åleine nærare 18 årsverk. Vi byggjer no fagsenteret Idrett, der fagmiljøa til Sogndal vidaregåande skule, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Idrettssenteret og noko av det faglege idrettskrinsmiljøet vert samla. Saman med den frivillige aktiviteten i idrettslaga vert dette det største idrettsfaglege miljøet utanfor hovudstaden, og vi byggjer vidare.. Aktørar i fagsenteret Idrett vil frå starten vere: Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Sogndal videregåande skule Høgskulen i Sogn og Fjordane CAMPUS IDRETT Idrettssenteret AS Sogndal Fotball Fotballkrinsen Idrettskrinsen

Ved etableringa av Idrettssenteret AS i 1998 voks det fram eit helsemiljø knytt til fysisk aktivitet og idrettsmedisin. Samarbeid mellom private, idrettsorganisasjonar og høgskulen vart meir vanleg. Seinare har Idrettssenteret etablert tilbod til personar med livsstilsjukdommar, kroniske lidingar, arbeidsmedisin, førebyggjande og helsefremjande arbeid for born og unge. Ved å skilje ut helsedelen ved Idrettssenteret AS til eit kompetansesenter for fysisk aktivitet og helse, kan dette miljøet vekse og bli attraktivt for fl eire fagfolk innanfor førebyggjande helsearbeid og rehabilitering. Fleire kan få eit tilbod som aukar livskvaliteten. Gjennom nettverksbygging og samarbeid mellom institusjonane på Fosshaugane Campus, sjukehusmiljøa i fylket, arbeidslivssenter, bedriftshelsetenesta, Aetat og fl eire kan fylket bli eit sterkt fyrtårn i folkehelsearbeidet. Lege Fysioterapeut Kiropraktor Massør Fotterapeut Psykolog Forskar Utvikling: Klinikk, privat sjukehus CAMPUS HELSE

Fosshaugane Stadion med fotball på nasjonalt toppnivå vert besøkt mange gonger gjennom året av dei store nasjonale avisene og TV-stasjonane. Dei siste åra er også fl eire kampar vist direkte på NRK, TV 2 og Canal+. Fotballen gjev heile fylket ein unik sjanse til å marknadsføre seg nasjonalt. Sogndal vidaregåande skule har hatt suksess med ei ny medialine dei siste åra. Ved etableringa av Fosshaugane Campus, nærare samarbeid mot lokale mediainstitusjonar i fylket, og mediamagneten Sogndal Fotball ligg alt til rette for ei topp læringsbane for mediainteresserte. Fosshaugane Campus kan etablere seg som eit breitt samlingspunkt for media i fylket, der utdanningstilbod innanfor fagfeltet på fl eire nivå kan bli ein realitet. CAMPUS MEDIA Aktuelle aktørar kan vere: NRK Lokalmedia, avis Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Sogndal videregående skule Høgskulen i Sogn og Fjordane Sogndal Trivsel Frilansarar Kommunikasjonsrådgjeving Omsetjing, tolk, språktenester

Alt i dag er Fosshaugane eit nettverkspunkt i fylket. Sentraladministrasjonen til høgskulen og den største vidaregåande skulen i fylket er etablert her. I tillegg har fl eire og fl eire verksemder, både store og små, byrja å nytte toppfotball på Fosshaugane som ein møtestad, både mellom tilsette og kundar. Gjennom etableringa av Fosshaugane Campus kan Sogndal Fotball leggje betre til rette for slike møte og konferansar. Med etableringa av Kunnskapsparken og med høgskulen og vidaregåande skule i same bygg, kan Fosshaugane Campus bli ein sentral nettverks- og kunnskaps-leverandør i fylket. Gjennom diverse arrangement kan ulike aktørar frå det private og det offentlege treffast til felles nytte. Mogelege samlingsmøte: Kundesamlingar Motivasjons- og personalsamlingar Nettverksmøte Informasjonsmøte Fast møtepunkt for ulike samarbeidsverksemder Tilfeldig møteplass mellom ressurspersonar Sogndal Fotball vil i saman med andre aktørar på Fosshaugane leggje til rette med ulike lokale frå store auditorium til mindre møterom, topp servering og koordinering av eksterne føredragshaldarar. CAMPUS NETTVERK

---- AKTØRANE Høgskulen i Sogn og Fjordane er gong på gong kåra til eit av dei beste studiemiljøa i landet, og har eit mangfald av studietilbod. Høgskulen ynskjer nye lokale for å fremje samarbeid med næringslivet og for å stå sterkare i den nasjonale kampen om studentar. Idrettssenteret AS opna i 1998. Senteret har i dag 40 tilsette fordelte på 15 årsverk og yter tenester både til eliteutøvarar og til eit breitt publikum. Senteret ynskjer nye lokale og tettare fagleg samarbeid for å gje tilbod til fleire grupper og større grupper. Campus Helse vil bli etablert når første byggjesteg på Fosshaugane Campus står klart. Det er ei samling av ulike private helsefaglege kompetansepersonar. Campus Helse er ei knoppskyting på Idrettssenteret. Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane vil bli etablert på Fosshaugane Campus slik at nye bedrifter kan dra betre nytte av fag- og forskingsmiljøet. Fjordinfo er spesialist på drift og vedlikehald av avanserte internettenester. Sogndal IL Fotball har vore mellom dei 16 beste laga i fotball i over 20 år. Sogndal fotball er kjend for å vere desidert best på spelarutvikling. Laget ynskjer nye lokale for å tilby folk og næringsliv eit topp underhaldningsprodukt og den viktigaste nettverksplassen i fylket. Fosshaugane Campus er ein føresetnad for å nå dette målet. Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Sogndal vidaregåande skule er den største vidaregåande skulen i fylket med åtte studieretningar som spenner fra allmenne fag via idretts- og mediefag til teknologiske og industrielle fag. Skulen ynskjer nye lokale for å fremje samarbeidet på tvers av skuleslaga og med næringslivet, og for å gje betre lokale og utviklingstilbod til elevar og tilsette. Campus Media vil bli etablert når første byggjesteg på Fosshaugane Campus står klart. Det er ei samling frå ulike mediamiljø: privat, skule og Sogndal Fotball. Campus Media vert eit resultat av nye bygg, samarbeid på tvers av organisasjonane på Fosshaugane enkelt sagt ei knoppskyting på Fosshaugane Campus. Sogndal Kommune, Kvåle skule omfattar snart mellom- og ungdomssteget, over tre parallellar. Skulen er kjend for si pedagogiske nytenking. Vestlandsforsking har utmerka seg som leiar av store europeiske forskingsprosjekt og med høg gjennomføring av doktorgradar. Forskarane arbeider nært saman med både privat og offentleg verksemd. SIL Tribuna AS er byggherre for første byggjesteg på Fosshaugane Campus. Selskapet leiger ut lokale til dei ulike aktørane. Totalt er første byggjesteg på 14.000 kvadratmeter. SIL Tribuna er 100% eigd av Sogndal Fotball, som igjen er eigd av medlemane. Byggherre: SIL Tribuna AS 6851 Sogndal Tlf. 57 62 90 50 E-post: sil@angrip.no www.gasta.no Foto: Tor Ytri